|
Arena:
Uggedal stadion, 21.08.03
Tilskodarar: 75
1-0 Kim Idar Krogsethagen (15)
1-1 Geir Koppang (67)
2-1 Tarjei Gjerset Urkedal (81)
Eirik York, Kristian Søviknes + ein strandaspelar
Dommar:
Lars Johan Hammer, Vartdal - 5
Norborg
sine tre beste:
Morten Kalvø -7
Geir Roar Gamlem -7
Stein Erik Reitan -7
Bileter
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Asgeir Kalvø
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Roger
Grytten
Kristian
Søviknes
-
(Eirik York, 85)
Eirik
York
-
(Christopher Urkedal, 61)
Stein
Erik Reitan
Tarjei Urkedal
Kim
Idar Krogsethagen
-
(Bjørn Urkedal, 81)
Geir Ove Grønli
|
|
I
ein lite velspelt, men spennande kamp greidde Norborg å slite seg til
siger over Stranda takka vere to mål etter dødball. Kampen var
prega av lavt tempo, dårlege pasningar og få klare målsjansar.
Norborg opna kampen lovande og fekk til eit fint angrep før minuttet
var gått, men avslutninga til Geir Ove Grønli var heller svak. Men trass
i det lovande opningsminuttet skulle dette bli ein svak kamp på ei fin,
men tung grusbane.
Stranda frampå
Etter 12 minutt skapar Stranda sin første og einaste sjanse i 1. omgang
då dei får til eit hardt skot ifrå 18 meter, men Geir Roar Gamlem er
våken og reddar med beinet. Returen går ut i feltet til eit nytt skotforsøk
til Stranda, men det går i ein forsvarar og ut til ein ny strandar som
skyt langt til side for mål.
Lurt frispark av Kim
Då kvarteret var gått fekk heimelaget frispark like utafor 16 meteren
til Stranda. Kim Idar Krogsethagen er eksekutør, og han sette den lurt
rundt muren og inne ved stolpen til 1-0. Og Norborg er spelemessig hakket
betre, eller minst dårleg, i denne omganen og produsera det lille som
er. Ved halvspelt omgang blir Krogsethagen spelt igjennom, men han vel
å skyte ifrå over 20 meter. Eit skot som er for svakt. Etter 38 minutt
har Norborg fått frispark inne på Stranda sin halvdel. Kristian Søviknes
slår det mot Grønli, som nesten greier å sette den i mål. Men keeper
får ballen. Like før pause får Norborg ein gratissjanse ved Grønli.
Stranda sleiver med eit oppspel. Grønli får ballen, men han kjem for
nær keeper når han skal avslutte og ballen går ut til ein resultatlaus
corner.
Tafatt 1. omgang
Norborg hadde ballen mest og skapte det lille som var i 1. omgang, men
imponerte ikkje slik som dei har gjort mot Ellingsøy og Valder. Overgangen
frå gras til ei tung grusbane får ta sin del av skylda, men innsatsen
var også langt under pari. Noko som den ikkje bør vere i ein så viktig
kamp.
Stranda fører kampen
I 2. omgang startar Stranda best. Dei starta å vinne duellane og tørr
å ofre meir framover enn i 1. omgang. Norborg derimot greier knapt tre
trekk med ballen innad i laget før ein mister den. Difor blir ein pressa
tilbake, men dei heilt store sjansane kjem ikkje Stranda seg til. Til
det blir oppspela for upresise. Den farlegaste sjansen i løpet av dei
første 20 minutta av 2. omgang kom etter 7 minutt då ein strandar får
stå på 8 meter å heade, men heldigvis for heimelaget gjekk den svakt
midt på keeper.
Fortent utlikning
Men etter 67 minutt kom det som til slutt måtte skje. Stranda utliknar
til 1-1. Ein umarkert Geir Koppang får ballen omtrent ti meter frå mål
og sette den nede ved stolpen. Eit enkelt mål for rutinerte Koppang.
Etter målet kjem Norborg meir med. Grønli har blitt flytta ned på midtbana
og ein starta då å vinne duellane på midtbana. Grønli
viste også fin teknikk og skapte meir ro. To minutt etter utlikninga
får Norborg ein sjanse til å ta leiinga. Krogsethagen blir spelt
igjennom, men han prøver å lobbe over keeper frå 30 meter. Noko som
var mislykka.
Velkjend Tarjei-flaks ga tre poeng
Kampen er no inne i sin beste periode. Og etter 73 minutt er Stranda
farleg frampå med ein stuss mot mål. Men Gamlem står riktig plassert
å redda enkelt. Minuttet etter header Christopher Urkedal til Tarjei
Urkedal som frå 10 meter avsluttar over mål. Men Tarjei skulle ikke
vente lenge på å få målet sitt. Knappe ti minutt før slutt
har Norborg fått frispark nokre meter inne på Stranda sin halvdel. Kenneth
Vegsund slår ballen inn i feltet der det blir litt klabb og babb før
Tarjei putta ballen over streken. Ikkje eit vakkert mål, men utruleg
viktig.
Stranda nær utlikning
Like før full tid får vi action i Uggedalen. Vegsund går litt hardt
inn i ryggen på ein stranda-spelar, og dommar Hammer bles. Dei fleste
trur det er straffe, men dommaren trekke ballen ut til 17 meter. Frå
vår posisjon såg det ut som om situasjonen skjedde innafor straffefeltet.
Det påfølgjande frisparket blir skote hardt og lavt mot mål. Ballen
skiftar retning i ein spelar og triller inn til Gamlem i mål. På overtid
pressa Stranda kraftig på for å få ei utlikning, og berre oppofrande
forsvarsspel av Norborg hindra mål.
Mangla rørsle på topp
I dei siste kampane har Norborg opptrådd med god rørsle på topp og ein
har angripe som eit lag der kantspelarane har vore mykje involvert.
Mot Stranda såg vi svært lite av dette. Ei tung bane får ta sin del
av skylda for at rørsla vart så dårleg, men sjølv om Norborg kanskje
leverte sin dårlegaste kamp offensivt på lenge, greidde ein likevel
å ta tre poeng. Det viser styrke.
Kapteinen best
På Norborg var som vanleg kaptein Morten Kalvø god. Medan Geir Roar
Gamlem stod sikkert i mål og Stein Erik Reitan var den beste framover
på bana. Pluss også til gutespelar Asgeir Kalvø som har hatt ei travel
veke. Måndag spelte han juniorkamp, onsdag gutekamp, og i dag a-kamp.
Alle tre enda med siger. Og til helga skal han vere med gutelaget på
Hessa Cup.
Sagt etter kampen:
- Ekstra godt å vinne dårlege fotballkampar, Roger Grytten
- Tre poeng er viktigare enn underhaldning, Kenneth Vegsund
- Det var straffe, ein eller anna strandaspelar
Neste kamp for Norborg er bortemøtet med Hovdebygda på søndag.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|