|
Arena:
Norborg gras, 18.06.03
Tilskodarar: 96
1-0 Kim Idar Krogsethagen (6)
1-1 Henning Tafjord (str. 14)
1-2 Aksel Gjøsund (25)
2-2 Kim Idar Krogsethagen (32)
2-3 Thomas Roset (62)
3-3
Eirik Urkedal York (71)
Kim Idar Krogsethagen (20), Geir Ove Grønli (43),
Stig Wold (54), Stein Erik Reitan (84)
Dommar:
Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg -1
Norborg
sine tre beste:
Geir Roar Gamlem -9
Eirik York -8
Kim Idar Krogsethagen -8
Dagens bilete
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Stig Wold
Kristian
Søviknes
-
(Stein Erik Mårstøl, 66)
Eirik York
Stein
Erik Reitan
Tarjei
Gjerset Urkedal
- (Steffen Grytten, 85)
Kim
Idar Krogsethagen
Geir
Ove Grønli
|
|
Norborg
reiste seg etter det uheldige tapet mot ÅVK sist helg, og var fullt
på høgde med topplaget Skarbøvik2 i denne kampen og fekk behalde eitt
poeng i heime i Søvikdalen etter mål av Kim Idar Krogsethagen og Eirik
York.
Norborg stilte med ein sterk tropp i dagens kamp mot SIF2. Trenar Sindre
Hildre tok sjølv turen inn til Åndalsnes for å hente
heim Kim Idar Krogsethagen, og dermed mangla berre Roger Grytten, Jan
Vatnehol, Christopher Urkedal og eit par militæristar.
Tidleg i leiing
Norborg overraska dei fleste med å ta kommandoen frå start av. Dette
presset resulterte i 1-0 allereie etter 6 minutt på ei heading
frå ca. 8 meter ved Kim Idar Krogsethagen etter eit godt legg
av Morten Kalvø..
Hårreisande straffe
Etter ti minutt med Norborg press starta SIF2 å ta over kampen, og etter
14 minutt følte linjedommar Frode Ramsvik seg gavmild å spanderte ei
straffe til SIF2 etter at Christian Søvik utførte ei perfekt tackling
på ein siffar. Straffa sette Henning Tafjord kontant i nota.
Press enda med mål
Etter utlikninga fortsette SIF2 å styre banespelet og skaper nokre halvsjansar.
Norborg verka å ha mista trua, og er meir interessert i å prate med
dommar Hatlehol som stadig dømmer mot Norborg i tvilsame situasjonar.
Etter 25 minutt tek så gjestane leiinga ved Aksel Gjøsund. Målet kjem
etter at Geir Roar Gamlem først viser klasse å redda glimrande ei avslutning
frå kloss hald, men returen får ikkje Norborg klarert fordi Morten Kalvø
er uheldig å falle. Ballen går så til Gjøsund som sette ballen i mål.
Målkongen frampå igjen
Målet ser ut til å tenne Norborgspelarane og ein starta igjen å vinne
fleire duellar. Etter dryge halvtimen får ein så utlikninga, og nok
ein gong er det Kim Idar som skårar. Denne gang aleine med keeper etter
eit godt forarbeid av Geir Ove Grønli. Dei siste ti minutta har begge
lag eit par skot som går utanfor. Dermed ebba omgangen ut med 2-2.
Norborg nær leiing
Dei første minutta av 2. omgang er jamspelte, men det er Norborg som
er farlegast framfor mål. Først på eit frå midtstreken av Christian
Søvik som SIF2 så vidt får klarert til corner. Like etterpå er Kim Idar
frampå men avslutninga hans snik seg utafor stolpen.
Dommaren gadd ikkje å blåse
Når dryge timen er spelt får SIF2 hjørnespark. Eit hjørnespark som Thomas
Roset headar sebratrøyene i leiinga på. Men målet burde ha vore avblåst
for frispark. SIF2 spelar Hany Suleiman held nemleg keeper Geir Roar
i eit godt gamalt brytegrep på streken. Då Geir Roar seie dette til
dommar Hatlehol svarar han; "ej såg det!". Likevel 2-3. To minutt seinare
kjem SIF2 seg til ein gedigen sjanse etter rot i Norborg sitt forsvar,
men Geir Roar varta opp med ei klasseredning og haldt Norborg inne i
kampen.
York i skåringshumør
Norborg løfta så spelet sitt igjen og etter 71 minutt kjem utlikninga.
Stein Erik Reitan slår perfekt inn til Eirik Urkedal York som headar
i mål, og skårar med det sitt 4. mål på 3 kampar. Ikkje verst for ein
midtbanespelar. Like etter utlikninga blir Kim Idar spelt fri, men blir
avvinka for offside. Frå vår posisjon såg dette svært tvilsamt ut. Kim
Idar sjølv var iallfall ikkje i tvil i at han stod bak midtstreken når
ballen vart slått. Publikum var heller ikkje i tvil og pepra dommartrioen
med mishagsytringar. Sjeldan eller aldri har vel misnøya med dommarane
vore større i Søvikdalen.
Gjestane nær mål
Det siste kvarteret av kampen styrer SIF2 kampen, men avslutningane
går som regel over, i klypene på ein veldig god Geir Roar Gamlem, og
ein gong i tverrliggar. Men Norborg har også eit par brukbare tilbod
dei siste minutta ved York og Grønli. York er uheldig med mottaket og
ballen trillar inn til keeper, medan Grønli skyt over frå 15 meter.
Sjølv om dommartrioen gjorde sitt for at SIF2 skulle få tre poeng, ebba
kampen ut med 3-3 i ein kamp der det kunne ha tippa begge vegar.
Publikum i harnisk
Norborg heva seg kraftig til denne kampen og alle jobba godt. Diverre
fekk ein ikkje alle poenga. No skal vi ikkje gi all skyld på dommaren,
men maken til svak dommar har vi vel aldri sett. "Vi hadde fått meir
rettferdig dømming om trenaren til SIF dømte", uttalte ein norborgar
etter kampen. "Han skal vere glad han dømte i fredelege Norborg-land
og ikkje i Colombia ", sa ein annan.
Og vi må ha lov til å reagere når ein dommar blant anna uttalar dette
til Norborg sine spelarar midt i 2. omgang; "ej forstend ikkje koffor
dokke gidd å spele fotball!".
På eit hardt kjempande heimelag kårer vi keeper Geir Roar Gamlem til
bestemann. Tett fulgt av Eirik York og Kim Idar Krogsethagen.
Neste kamp for Norborg er allereie på laurdag. Då gjestar FK Sykkylven2
Søvikdalen. Vél møtt!
|
|