|
Arena:
Norborg gras, 05.06.03
Tilskodarar: 70
1-0 Geir Ove Grønli (str. 30)
2-0 Eirik Urkedal York (81)
Christian Søvik,
Norborg (49)
Eirik Urkedal York, Norborg (54)
Steffen Rosenborg Grytten, Norborg (89)
Dommar: Svein Ivar Aarskog, Vartdal -5
Norborg sine tre beste:
Eirik Urkedal York -9
Morten Kalvø -8
Kim Idar Krogsethagen -8
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Stig Wold
Kristian Søviknes
- (Geir Ove Tennfjord, 80)
Eirik York
-
(Jan Vatnehol, 86)
Stein
Erik Reitan
Steffen Grytten
- (Asgeir Kalvø, 90)
Kim Idar Krogsethagen
- (Christopher Urkedal, 90)
Geir Ove Grønli
|
|
Eit
aggressivt heimelag vann 2-0 over topplaget Godøy etter mål av Geir
Ove Grønli og Eirik York. Kampen var jamspelt og med få klare målsjansar.
Norborg mangla Stein Erik Mårstøl grunna brot i nasen, Roger Grytten
grunna skule, og militæristane Tarjei Urkedal, Jan Even Drønnesund og
Kurt Erik Grytten til denne kampen. Men ein stilte med eit godt lag
som var heiltent på å rette opp fadesane mot Hovdebygda og Åmdal.
Jamne opning
Første halvdel av 1. omgang var jamspelt og med ingen klare sjansar
til nokon av laga. Norborg hadde eit par skot over ved Kim Idar Krogsethagen,
medan Godøy spelte seg fram til nokre nesten sjansar. Men noko spesielt
farleg var det verken framfor Geir Roar Gamlem i Norborg målet eller
Godøy sin keeper.
Grønli sitt 3. straffemål på to kampar
Når halvtimen var spelt vart Krogsethagen spelt igjennom, og med Trond
Valkvæ på slep kom han seg inn i 16 meteren der han vart felt når han
skulle passere keeper. Dommar Svein Ivar Aarskog var ikkje i tvil å
blåste for straffe. Dermed var alt klart for Norborg sin sikre straffeeksekutør
Geir Ove Grønli, og han sette ballen trygt i mål til 1-0 leiing til
Norborg.
Norborg best etter målet
Like etter skoringa får Krogsethagen ein løpeball, Trond Valkvæ
ser ut til å ha kontroll men blir dytta bort av Krogsethagen som då
får fri veg mot mål. Men Valkvæ kjem seg på plass igjen å pressa Krogsethagen
så pass i avslutningsaugeblinken at skotet går utanfor. Nokre minutt
seinare er Krogsethagen på farta igjen. Han lurer Valkvæ, kjem seg ned
til kortlinja og legg flott inn til Grønli som headar like over mål.
Fortent Norborg leiing til pause
Totalt sett var Norborg det beste laget i 1. omgang og spelte seg til
nokre gode målsjansar det siste kvarteret. Godøy vart nok litt overraska
over det aggressive Norborg laget og fekk lite til offensivt bortsett
frå eit par skot frå 16 meteren var det lite som vart skapt frå gjestane.
Nær utlikning
Dei ti første minutta av 2. omgang var det lite godt spel å sjå, men
så fekk Godøy frispark nokre meter inne på Norborg sin banehalvdel.
Ballen var slått inn i 16 metersfeltet der Henning Dyb fekk avslutte
frå 5 meter, men til heimelaget si store lykke gjekk ballen himmelhøgt
over mål. Men Godøy var på hogget, og fem minutt seinare fekk dei til
ei god kontring. Godøyspissen spring frå Norborg forsvaret og har berre
keeper Gamlem igjen, men Gamlem tek fram det beste i seg og får blokkert
skotet.
Norborg meir med igjen
Etter den gode Godøy perioden jamnar kampen seg igjen ut. Norborg kjem
seg lenger opp på bana og får blant anna til eit brukbart skot ifrå
Krogsethagen. Men Godøy verkar piggare enn Norborg, og eit kvarter før
slutt kjem dei igjen aleine med keeper, men avslutninga er mildt sagt
elendig og går utafor. Spelet bølgjer no fram og tilbake og minuttet
etter er Norborg frampå ved eit volleyskot av Kristian Søviknes, men
skotet hans frå 14 meter gjeng utafor. Så er Godøy frampå igjen, men
Norborg får blokkert skotet frå 13-14 meter.
York punkterer kampen
Så etter 81 spelte minutt punkterer heimelaget kampen. Geir Ove Tennfjord
legg perfekt inn til Eirik York som stiger til vers å heada inn 2-0.
På slutten av kampen spelte Godøy seg til eit par mogelegheiter utan
resultat.
Norborg sine spelarar gjorde ein heilhjarta innsats i denne kampen.
Endeleg var løpsviljen og aggressiviteten tilbake etter dei to svake
kampane mot Hovdebygda og Åmdal. I tillegg var den fordømte uturen ein
har hatt i år også borte.
Alle mann med oransje skjorte gjorde ein god kamp denne gongen, men
dei fleste er nok einige i at Eirik York fortener tittelen Norborgs
beste. Han sprang til krampa tok han og litt til, tackla og slo pasningar,
og fekk seg også eit mål.
Norborg får seg litt over ei veke med kvile fram til neste kamp. Då
går turen til Åram/Van.kam.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|