|
Arena:
Norborg gras, 21.06.03
Tilskodarar: 75
1-0 Kim Idar Krogsethagen (9 sekund)
2-0 Geir Ove Grønli 16)
3-0 Tarjei Gjerset Urkedal (22)
4-0 Geir Ove Grønli (28)
5-0 Kim Idar Krogsethagen (44)
6-0
Kim Idar Krogsethagen (77)
7-0
Kim Idar Krogsethagen (77)
Geir Ove Grønli (50) og Geir Ove Tennfjord (83)
Dommar:
Jan Lund, Blindheim -6
Norborg
sine tre beste:
Kim Idar Krogsethagen -9
Geir Ove Grønli -8
Kenneth Vegsund -8
Dagens bilete
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Steffen Grytten
Kenneth Vegsund
-(Geir Ove Grønli, 87)
Morten
Kalvø
Stig Wold
Kristian
Søviknes
-
(Geir Ove Tennfjord, 73)
Eirik York
-
(Stein Erik Mårstøl, 68)
Stein
Erik Reitan
- (Jan Vatnehol, 81)
Kim
Idar Krogsethagen
Geir
Ove Grønli
-
(Christopher Urkedal, 81)
|
|
Norborg
har hittil hatt ein vanskeleg sesong, men i dag lausna det skikkeleg
og FK Sykkylven2 vart sendt heim med 0-7 i bagasjen. Heimelaget var
klart best frå første spark i denne kampen. Allereie etter 9 sekund
låg ballen i nota bak FKS2 sin keeper.
FK Sykkylven2 fekk ei dårleg oppladning til denne kampen. Fleire av
spelarane kom ikkje før kl. 15 og kampen vart difor utsett i 10-15 minutt.
Scoring etter 9 sekund
Norborg vann myntkastet å fekk løyse. Ballen vart slått bak til Kenneth
Vegsund, som brukte eitt touch eller to, slo fram til Geir Ove Grønli
som stussa igjennom til Kim Idar Krogsethagen som dunka ballen i mål.
Då var det uoffisielt gått 9 sekund av kampen. Noko som må vere ny klubbrekord
for herrelaget. I tillegg var det seriemål nr. 1300 for Norborg.
Heimelaget fortsette presset etter denne glimrande opninga, og kom seg
til eit par gode sjansar dei neste minutta. Etter ca. 15 minutts spel
har Steffen Grytten ballen på venstrekanten. Han får til eit fint oppspel
til Kim Idar, så vidare til Grønli som enkelt puttar ballen i
mål frå kloss hald.
Hovudspelaren Tarjei
Norborg gir seg ikkje å kjøre på for fleire mål. Etter vel halvspelt
omgang vart det så klart for 3-0. Denne gongen er det Tarjei Urkedal
som sette ballen i mål på ei heading etter eit godt innlegg av Kristian
Søviknes. Fem minutt etter skårar Grønli sitt andre mål for dagen. Denne
gongen på hovudet etter eit fint innlegg av Stein Erik Reitan.
Kampen punktert før halvtimen
Med 4-0 etter knappe halvtimen spelt var kampen i realiteten avgjort,
men Norborg var stadig svoltne og pressa på for fleire mål. Krogsethagen
sette ballen i mål etter 31 minutt, men vart avblåst for offside. York
og Søviknes hadde også sine sjansar, men mål vart det ikkje før i det
44. minutt. Morten Kalvø slo langt til Krogsethagen som elegant lobbar
ballen over ein keeper på halvdistanse.
Norborg spelte verkeleg god og underhaldande fotball i denne omgangen
mot eit tafatt FK Sykkylven2. Rørsla var god, pasningane stemte og sjansane
kom på løpande band.
Store sjansar i opninga av 2. omgang
Andre omgang startar også underhaldande. Etter eitt minutt får bortelaget
sin første sjanse i kampen etter ein corner, men Geir Roar Gamlem får
snappa ballen. Så startar vertane presset igjen. Grønli, Krogsethagen
og York har alle gode mogelegheiter til å auke leiinga i løpet av eit
par minutt, men avslutningane vart for dårlege.
Straffe?
Etter 51 minutt blir Krogsethagen spelt igjennom. Han spring frå forsvaret,
prøvar å runde keeper, men blir tilsynelatande felt. Publikum roper
på straffe, men dommaren beheld fløyta i lomma. Fem minutt etterpå sette
Grønli ballen i mål, men dommaren blåste korrekt for offside.
Etter dette fell kampen i underhaldningsverdi. Norborg ser ut til å
vere fornøgd med resultatet og FKS2 får lov til å halde ballen i laget
utan at det førte til dei store sjansane.
Kim i scoringshumør
Etter 77 minutt vakna Norborg igjen, og Krogsethagen skårar sitt 3.
mål for dagen. Målet kom etter godt forarbeid av Grønli, som spelte
Krogsethagen igjennom aleine med keeper. To minutt seinare har FKS2
fått frispark midt inne på banehalvdelen til Norborg. Ballen vert slått
inn i feltet der ein sykkylving headar ballen i tverrliggar og over.
Fire minutt før slutt fastsette Norborg resultatet til 7-0. Målet kjem
etter eit langt oppspel frå Kenneth Vegsund til Krogsethagen, som lobbar
over keeper og i mål.
Norborg styrte kampen nær sagt frå byrjing til slutt, og kunne med litt
betre konsentrasjon og vilje ha vunne endå meir. På eit godt heimelag
var Kim Idar Krogsethagen banens beste, men vi vil også trekke fram
angrepsmakker Geir Ove Grønli og midtstopparkjempen Kenneth Vegsund.
Neste kamp for Norborg er borte mot Vigra torsdag 26. juni.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|