|
Arena:
Norborg gras, 09.08.03
Tilskodarar: 110
0-1 Lennart Clausen (2)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (13)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (40)
2-2 Kristoffer Dahle (49)
3-2 Kenneth Gamlem (67)
4-2
Kristian Søviknes (68)
5-2
Tarjei Gjerset Urkedal (80)
6-2 Tarjei Gjerset Urkedal (84)
7-2 Kenneth Gamlem (90)
Lennart Clausen, Ellingsøy (52 og 54 minutt)
Dommar:
Frank Hansen, Godøy -6
Norborg
sine tre beste:
Tarjei Gjerset Urkedal -8
Kim Idar Krogsethagen -8
Kristian Søviknes -8
Bileter
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Roger
Grytten
Kristian
Søviknes
Eirik
York
-
(Asgeir Kalvø, 81)
Stein
Erik Reitan
Tarjei
Gjerset Urkedal
Kim
Idar Krogsethagen
Geir
Ove Grønli
-
(Kenneth Gamlem, 66)
|
|
Norborg
viste seg som det beste laget i solsteiken i Søvikdalen laurdag ettermiddag.
Etter ei tidleg leiing av Ellingsøy tok Norborg over kampen og utover
i 2. omgang var det ingen tvil kvar sigeren ville hamne.
Norborg hadde ein liten med slagkraftig tropp i heimekampen mot Ellingsøy.
Heile 6 spelarar som bruker å vere med i troppen mangla, men tilbake
var den gamle målkongen Kenneth Gamlem. Og han skulle etterkvart få
vise at han ikkje har gløymt gamle kunster.
Tidleg Ellingsøy leiing
Ellingsøy sette ein støkk i heimelaget då dei tok leiinga allereie etter
2 minutt. Målet kom på eit frispark like utafor 16 meteren. Frisparkeksekutør
Lennart Clausen skrudde ballen over muren og rett i vinkelen. Eit flott
mål av Clausen.
Fortent utlikning
Norborg sine spelarar virka litt slappe i sommarvarmen, men kom seg
etterkvart og etter 13 minutt skulle utlikninga kome. Norborg har fått
frispark inne på Ellingsøy sin banehalvdel. Kristian Søviknes slår ballen
presist på hovudet til Kim Idar Krogsethagen som enkelt stussar ballen
i mål frå kloss hald.
Vakkert Kim mål
Etter utlikninga har Norborg ballen mest og viser til tider fint spel
ute på høgresida, men dei store målsjansane uteblei. Til det vart innlegga
for upresise. Nærast var nok Søviknes då han skaut like utafor frå ca.
18 meter etter cirka halvspelt omgang. Også Krogsethagen hadde nokon
fine detaljar men utan resultat. Vi måtte vente til det 40. minutt før
Norborg fekk til eit skikkeleg angrep. Christian Søvik slår langt framover
venstresida til Søviknes som stussar inn til Krogsethagen. Han vipper
ballen elegant over ein forsvarar og skyt i mål frå 16 meter. Eit fint
angrep og 2-1 til heimelaget. Like etter er Norborg nær ved å auke leiinga
då eit innlegg ifrå høgre blir boksa rett i beina til Søviknes, men
skotet hans gjekk like utafor stolpen.
Effektive Ellingsøy
Etter kvila er Norborg først frampå. Tarjei "struts" Urkedal
kjem seg rundt på kanten og legg inn til Eirik York som headar over
frå 8 meters hald. Men allereie i det neste angrepet scorar Ellingsøy.
Ballen blir slått inn i feltet, Norborg greier ikkje å klarere og Kristoffer
Dahle får til slutt putta ballen i mål. Fire minutt er då gått av 2.
omgang.
Clausen korrekt utvist
Og det er Ellingsøy som fortsette å vere det mest aggressive laget
i starten av 2. omgang og bit seg fast inne på Norborg sin halvdel dei
neste minutta. Men så får Lennart Clausen eit korrekt raudt kort etter
å ha pådrege seg to gule. Først for munnbruk, så for ei tackling bakfrå.
Knappe 10 minutt var då spelt av omgangen. Men det er likevel gjestane
som kjem seg til den første sjansen etter dette. Ellingsøy slår langt
ut mot venstre og vips er spissen igjennom, men han velje å avslutte
tidleg og skotet går over mål.
Norborg maskina kjem igang
Så startar Norborg å ta over kampen og skaper eit par nesten sjansar.
Ellingsøy har lagt om til ein 4-4-1 formasjon etter utvisinga, men Norborg
får likevel store rom på midtbana. Dette fører til at mogelegheitene
kjem på løpande band. Men Norborg er uvanleg upresise i sistepasningane
og sjølv 3 mot 2 situasjonar blir sløsa bort.
Norborg punkterar kampen
Men så entra den gamle goalgetteren Kenneth Gamlem bana, og med sitt
første spark på ballen ordnar han 3-2 leiing. Målet kom på eit langt
oppspel ifrå Kenneth Vegsund, ballen vart stussa vidare av York og like
framfor keeper dukka Gamlem opp å sette den i mål.
- Diverre er Kenneth berre heime på ferie og reiser tilbake til Brasil
på onsdag.
Minuttet etter vinn Krogsethagen ballen, sette fart, driblar som vanleg
eit par mann å sende ballen vidare til Søviknes som slenger foten fram
å sender ballen i mål. Dermed har Norborg fått orden på nervane med
to raske mål.
"Strutsen" i scoringshumør
Etter 75 minutt er Ellingsøy farleg frampå etter eit frispark, men headinga
går over. Så er det klart for to Urkedal mål. 80 minutt er spelt då
Søviknes kjem seg rundt på venstrekanten å slår ballen over på bakerste
der Tarjei sette ballen kontant i mål frå få meter. Fem minutt seinare
slår Kenneth Gamlem inn frå høgre, keeper ser ut til å ta ballen, men
glepp den i beina til Tarjei som sette den stolpe inn. Like før ordinær
tid er omme er Asgeir Kalvø nær ved å auke leiinga men headinga hans
frå 8 meter blir redda av keeper. Like før slutt skulle likevel Norborg
få sitt 7. mål. Vegsund tek initiativ framover og kjem seg rundt på
venstrekanten. Det lave legget hans når Gamlem som enkelt scorar frå
kloss hald. På overtid er Krogsethagen nær eit hat-trick men aleine
med keeper prøver han seg på ein lobb. Noko som var mislykka.
Norborg fekk i 2. omgang store rom på midtbana mot eit slitent Ellingsøy
lag, og det var ingen tvil i kvar sigeren skulle hamne. Heimelaget såg
ut til å vere betre trent og ha eit jamnare besett lag, og når
Ellingsøy i tillegg får ein mann utvist vart det enkelt
for heimelaget. På Norborg gjorde alle mann ein glimrande jobb, spesielt
i 2. omgang. Bestemannsprisen velje vi denne gongen å gi til Tarjei
Urkedal. Han kjempa godt gjennom heile kampen, og i 2. omgang fekk han
løn for strevet med to mål.
Neste kamp for Norborg er bortemøtet med topplaget Valder på torsdag.
Vi vonar mange finn seg ein båt å tek den korte turen til Valderøya.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|