|
Arena:
Uggedal stadion, 31.08.03
Tilskodarar: 81
1-0 Geir Ove Grønli (3)
2-0 Geir Ove Grønli (23)
3-0 Kim Idar Krogsethagen (39)
4-0 Kim Idar Krogsethagen (50)
5-0 Geir Ove Grønli (68)
6-0
Christopher Urkedal (82)
Dommar:
Tor Bjermeland, Herd -4
Norborg
sine tre beste:
Geir Ove Grønli -8
Tarjei Urkedal -7
Stein Erik Reitan -7
Dagens bilete
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Christian Søvik
- (Steffen Grytten, 46)
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Roger Grytten
- (Asgeir Kalvø, 85)
Kristian
Søviknes
-
(Christian Søvik, 66)
Eirik York
Stein
Erik Reitan
- (Jan Vatnehol, 85)
Tarjei Urkedal
Kim
Idar Krogsethagen
-
(Christopher Urkedal, 73)
Geir Ove Grønli
|
|
Norborg
tok sin 5. strake siger då ein møtte botnlaget Åmdal.
Heimelaget styrte denne kampen frå start til slutt, og vann som resultatet
tilseie, fullt fortent. Gledeleg var det også at Geir Ove Grønli
endeleg fann nettmaskene.
Norborg stilte med sin hittil sterkaste tropp i haust. Berre Bjørn
Urkedal mangla av dei spelarane som oppheld seg på Sunnmøre.
Åmdal derimot mangla 3-4 faste.
Endeleg for Grønli
Heimelaget tok kommandoen frå start, og brukte berre 3 minutt på
å få leiarmålet. Kristian Søviknes får til eit godt innlegg som når
Kim Idar Krogsethagen på bakarste stolpe. Han heada inn til Geir Ove
Grønli framfor mål som enkelt scorar frå kloss hald. Eit viktig mål
for Grønli som ikkje har scora på over to månader. Etter målet fortsette
Norborg å skape sjansar, men eit nytt mål kjem ikkje før ved halvspelt
omgang. Og nok ein gong er det Grønli som er skårar. Denne gangen aleine
med keeper etter eit godt framspel av Morten Kalvø. Etter 2-0 målet
sovnar Norborg litt og lar Åmdal låne ballen litt meir.
Åmdal yppa
Ti minutt før pause greier Åmdal å bite seg fast på Norborg sin banehalvdel,
og skapar sine første halvsjansar. Først får dei avslutta frå ca. 14
meter, men det svake skotet blir blokkert av Roger Grytten. Minuttet
etter får ein åmdaling stå svært så aleine på 16 meter, men avslutninga
hans går over mål.
Snill Grønli
Etter at Åmdal var ferdig med å yppe i eit par minutt skjerpa heimelaget
seg igjen, og ordna 3-0 til pause. Målet kom på eit skot frå vel 12
meter frå Krogsethagen, men han kan rette ein stor takk til spissmakker
Grønli. Grønli kunne nemleg lett ha skora sjølv då han stod med ballen
på 16 meter, men valde uselvisk å gi ballen til Krogsethagen.
Spiker'n i kista
2. omgang er berre 5 minutt gamal då Tarjei Urkedal blir spelt fri på
høgrekanten, avanserer ned til kortlinja og legg lavt inn til Krogsethagen
som enkelt legg på til 4-0 for heimelaget. Om kampen ikkje var punktert
før pause, så var den iallfall det no.
Når skal "hummer'n" score?
Etter ti minutt av 2. omgang fekk Åmdal sin første og siste sjanse i
2. omgang då ein åmdaling skyt i tverrliggaren frå 8 meter. Dei fleste
såg nok ballen inne i denne situasjonen. Like etter får Stein Erik Reitan
ein gedigen sjanse. Grønli forfølgjer ein ball nede ved kortlinja. Han
når den akkurat og legg lavt inn framfor mål. På bakarste stolpe dukkar
Reitan opp, men avslutninga hans frå 3 meter bli diverre redda på streken.
Reitan hadde fortent å fått sitt første mål
for sesongen her.
Offside og atter offside!
Dei neste ti minutta var det reine 17. mai stemninga på Uggedalgrusen.
Den eine linjedommaren vinka nemleg konstant med flagget, og det vart
truleg sett uoffisiell Noregsrekord i offsideavblåsingar. Men etter
halvspelt omgang kom endeleg 5-0 målet. Nok ein gong er det Tarjei som
får lagt inn frå høgrekanten. Innlegget finn Grønli inne på 10 meter,
og han heada lett over keeper og i mål. Dette er Grønli sitt
andre hat-trick mot Åmdal i år.
Stolpetreff!
Nokre minutt etter unngår endeleg Krogsethagen Åmdal si offside felle,
og får forfølgje eit langt oppspel. Diverre er han for nær keeper når
han når ballen, og lobben hans går rett i keeper. Knappe kvarteret før
slutt er Eirik York nær ved å teikne seg på scoringslista. Han fyrer
av frå 20-25 meter, men diverre går ballen i stolpen i staden for nota.
Dagens soloprestasjon!
Men 6-0 skulle likevel kome. Innbyttar Christopher Urkedal tek seg eit
dribleraid. Han driblar 3-4 mann før han puttar ballen i mål frå 5 meters
hald. Eit fint mål av talentfulle Urkedal.
Divisjonsforskjell
Sjølv om Åmdal låg på botnen av tabellen hadde vi forventa litt meir
motstand. Ikkje minst av det vi såg av laget inne i Åmdalen i vår, men
denne gangen mangla 3-4 spelarar og det var nok til å gi Norborg ein
skikkeleg revansje. For denne gangen var det divisjonsforskjell på laga.
Norborg vann duellane og berre tvilsame offside avgjersle og upresise
pasningar hindra ein større siger.
Banens beste var Geir Ove Grønli. Han jobba godt og endeleg fann han
målet også. Tre mål og to målgjevande gir håp om at forma er inne til
ein spennande haust. Tarjei Urkedal får mange plussar for sin oppofrande
spelestil på høgrekanten. To målgjevande noterte han seg for også. Elles
godt jobba til alle mann, men til neste helg må pasningskvaliteten opp
eit par hakk.
Neste laurdag reiser Norborg til Godøy. Vi håper mange tek turen å støtter
oransjetrøyene i denne vanskelege toppkampen.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|