Norborg VII - Hildre 2-1 (0-0)
Brattvåg Kunstgrasbane, 14.04.03

1-0 Per Gunnar Søvik (60)
1-1 Roger Hurlen (87)
2-1 Vegard Vegsund (90)

Dommar: Alexander Gamlem, Gamlem IL -10

Norborg sin tropp: Geir Roar Gamlem, Terje Tellefsen, Roger Grytten, Øystein Grytten, Per Gunnar Søvik, Vebjørn Grytten, Vegard Vegsund, Frode Engeset og Biarte Hånes

Norborg VII og Hildre møttast til 7'ar kamp på Brattvåg kunstgras måndag kveld. Spelemessig vart det ein jamn kamp der Norborg sin Vegard Vegsund vart matchvinnar i siste sekund.

Norborg 7'ar spelte sin første, og kanskje siste kamp, mot Hildre sitt nystarta 7'ar lag. Oransjetrøyene bestod av to a-spelarar som ikkje er med til Danmark, tidlegare Norborg-stjerner, og nokren som aldri kjem til å bli stjerner.

1. omgang
Kampen opna litt tafatt og bar preg over at her var det litt mange rustne fotballsparkarar i aksjon, men etterkvart kom både spelet og sjansane. I Norborg-målet måtte Geir Roar Gamlem ta fram sitt beste ved fleire høve, medan Norborg leid av skotskrekk og prøvde gang på gang å spele seg heilt inn i mål. Dermed greidde Hildre gang på gang å blokkere forsøka. Dermed ebba omgangen ut med 0-0, noko som vel må vere eit sjeldan resultat etter 45 minutt med 7'ar fotball.

2. omgang
Til 2. omgang hadde Norborg bestemt seg for å gå hardt ut. Laget tok då også initiativet i kampen, men unøyaktige siste pasningar hindra mange store sjansar.

Etter ca. 10 minutt av omgangen får Hildre til ei god kontring, men Ole Henrik Hildrestrand si avslutning blir blokkert ut til ein resultatlaus corner. Spelet bølgjer fram og tilbake. Norborg prøver på fikst småspel med brødrene Vebjørn og Roger Grytten i hovudrolla, medan Hildre prøvar på raske kontringar med Øyvind Kvammen på topp.

"Pelle" perle
Så etter ca. eit kvarters spel ut i 2. omgang får Norborg endeleg hull på byllen. Per Gunnar Søvik klinka ballen i krysset frå ca. 10 meter. Ei herleg scoring av Norborg IL sin hovudleiar.

Ikkje lenge etter målet er Norborg nok ein gong i angrep, men Hildre får til ei lang klarering. Ballen går over Frode Engeset i norborgforsvaret og til Øyvind Kvammen. Kvammen har klar veg til mål, men blir så regelrett sprunge ned av Engeset. Eit klart frispark, og heldigvis for Engeset og Norborg hadde dommar Alexander Gamlem glømt kortstokken heime. Det påfølgjande frisparket vart blokkert av Vegard Vegsund.

Fortent utlikning
Eit heiltent Hildrelag tek no over kampen og pressa Norborg. Men målet let vente på seg. Ikkje før i det 87. minutt får dei si fortente utlikning. Ballen gjekk då raskt mellom spelarane og Norborg hang ikkje med. Roger Hurlen fekk æra av å sette ballen i nota.

Vegsund avgjer
Hildre satsa no alt på å få vinnarmålet og sendte mange mann i angrep. Men i staden var det Norborg som fekk til ei god kontring, og Vegard Vegsund dunka ballen i nettaket bak Solheim. Dermed ein litt heldig 2-1 siger til Norborg.

God trening
"Norborg" og Hildre sine spelarar fekk ei god treningsøkt på Brattvåg fine kunstgrasbane. Spesielt var nok kampen nyttig for Roger Grytten. Han er på veg tilbake frå langtidsskade og treng all den treninga han kan få. Også herrekeeper Geir Roar Gamlem fekk seg ei god økt med mange avslutningar på seg.

Kva så med Hildre?
Hildre hadde fortent noko meir enn eitt bittert 1-2 tap i denne kampen. Laget opptrådde disiplinert i forsvar og med raske Kvammen på topp blir det alltid farleg. Vi lot oss også imponere av Frank Robert Solheim, som ga Norborg forsvaret problemer på slutten av kampen. Laget kjem nok til å ta nokren skalpa i året 7'ar serie.



Av: Frode Stormyr Engeset
tilbake | skriv innlegg