|
Arena:
Mauseidvåg stadion, 02.07.03
Tilskodarar: ca. 40
1-0 Øystein Sandvik (17)
1-1 Christopher Urkedal (20)
2-1 Tor Arne Kroken (41)
Dommar:
Jonny Dyb, Ellingsøy -7
Assistentdommarar: Lars Kåre Rogne,
Brattvåg og Kenneth Vestnes, AaFK
Norborg sine tre beste:
Morten Kalvø -7
Geir Roar Gamlem -6
Steffen Grytten -6
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
- (Kurt Erik Gytten i 23 min)
Steffen Grytten
- (Asgeir Kalvø i 5 min)
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Stig Wold
Kristian
Søviknes
Eirik York
Jan
Vatnehol
- (Roger Grytten i 18 min)
Tarjei
Gjerset Urkedal
Kim
Idar Krogsethagen
Christopher
Urkedal
|
|
MSIL/LIL2 og Norborg leverte ei slapp forestilling i varmen på Mauseidvåg
stadion onsdag kveld. Heimelaget styrte store delar av kampen og tok
ein fortent siger sjølv om Norborg var nære ved å få med seg eitt poeng
på slutten av kampen.
Norborg mangla ein del viktige spelarar i denne kampen. Geir Ove Grønli,
Stein Erik Reitan, Stein Erik Mårstøl og Christian Søvik var alle ute
av forskjellige årsaker.
Kunne ha fått ein knallopning
Norborg opnar kampen bra og allereie etter 2 minutt vart Christopher
Urkedal fint spelt fri av Kristian Søviknes, men aleine med keeper skyt
han over mål. Etter dette tek heimelaget gradvis over kampen og spelte
seg fram til eit par mogelegheiter det neste kvarteret. Den største
hadde Øystein Sandvik som var aleine med Geir Roar Gamlem, men
Geir Roar redda flott.
To mål på kort tid
Etter 17 minutt tek så heimelaget leiinga. Øystein Sandvik får
putta ballen mellom beina på Geir Roar og i mål frå kloss hald
etter ein god corner. Norborg kvittera raskt då Kim Idar Krogsethagen
spelar Christopher fri, og aleine med keeper scora han sitt første seriemål
for Norborg. Like etter utlikninga er MSIL/LIL2 farleg frampå, men Norborg
får gitt til eit hjørnespark som ikkje ga utteljing.
Keisam forestilling
I dei neste tjue minutta er det lite som skjer framfor mål. Heimelaget
har ballen mest og skaper også det lille som er. Norborg sine spelarar
verkar sløve og får ikkje til det dei har gjort i dei siste kampane.
Nemleg å angripe med tempo og presisjon.
Heimelaget tek føringa
Fire minutt før pause tek heimelaget ei fortent leiing. Tor Arne
Kroken får stå heilt aleine inne i 16 meteren, og kan ikkje unngå å
score når han er heldig å får ballen etter eit mislykka skot av
ein MSIL-spelar. Geir Roar Gamlem er sjanselaus på avslutninga frå 11-12
meter. Like etter leiarmålet er heimelaget frampå igjen, men Norborg
får denne gangen avverja.
Norborg hadde store problem mot temposterke MSIL-spelarar og fekk
aldri til noko skikkeleg spel. Omgangen var også prega av personlege
feil hjå gjestane.
Få sjansar
Etter kvilen startar Norborg best og har eit lite initiativ utan at
det fører til nokon store målsjansar. Men gradvis tek heimelaget over
kampen igjen og bit seg fast inne på Norborg sin banehalvdel. Men bortsett
frå nokre farlege hjørnespark skapte dei få sjansar. Faktisk er det
Norborg som får den første store sjansen i 2. omgang etter ca. 25 minutt.
Men Kim Idar headar rett på keeper etter godt forarbeid av Christopher
Urkedal og Stig Wold. Like etter er MSIL frampå, men spissen bomma
på ballen då han skulle skyte.
Norborg tek over mot slutten
Etter ei lita vatningspause startar Norborg å ha ballen meir og meir,
og kjem seg til nokre skot og hjørnespark. Etter 35 minutt av 2. omgang
legg Kristian ein god corner på Kim Idar sitt hovud, men headinga går
rett på keeper. Fem minutt før slutt legg Kristian eit frispark på bakarste
stople der Eirik York er. Han har spiss vinkel og headar på langs av
mål bort til Morten Kalvø som headar ballen over frå 2 meters hald.
Her burde utlikninga ha kome.
Skulle hatt straffe
Norborg opptrer med stor strekk i laget og spelet bølgjer fram og tilbake
dei siste minutta. På overtid blir Kim Idar spelt igjennom, men han
blir haldt og dratt ned av ein MSIL-forsvarar. Kim Idar ropar på straffe,
men dommaren vinkar spelet vidare. - Ei klar straffe, uttalar Kim Idar
etter kampen. Dermed ebba kampen ut med ein fullt fortent, men kanskje
ein litt heldig siger til heimelaget.
Sløv kamp av Norborg
Norborg har i den seinare tid imponert, men i dag fekk vi sjå ei skuffande
forestilling frå dei oransje. Aggressiviteten var langt dårlegare, varmen
får ta litt av den skylda, oppspela og pasningane var upresise og det
var ofte stor avstand mellom ledda. Dette førte til at ein aldri fekk
lagt noko skikkeleg press på MSIL/LIL2. I tillegg utnytta ein for dårleg
det store rommet som ein fekk på høgresida. Dette vart forbetra i 2.
omgang, men ein mangla ein storvaksen spiss som kunne ta seg av dei
legga som kom.
Norborg sin beste spelar var i dag Morten Kalvø. Han spelte godt
i forsvar og tok også ein del initiativ framover på bana.
Dette var siste kamp før ferien for Norborg sin del. Det neste på programmet
er Øyacup som går til helga. Første seriekamp etter ferien er heimekampen
mot Ellingsøy 9. august.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|