|
Arena:
Hovdebygda gras, 24.08.03
Tilskodarar: ?
1-0 Jo Martin Aasen (6)
1-1 Kenneth
Vegsund (10)
1-2 Kim Idar Krogsethagen (11)
2-2 Jan Egil Gretland (15)
3-2 Jan Egil Gretland (48)
3-3 Bjørn Urkedal (56)
3-4 Tarjei Urkedal (58)
3-5 Kim Idar Krogsethagen (63)
3-6 Kim Idar Krogsethagen (75)
3-7 Kim Idar Krogsethagen (86)
Dommar: Per-Ola Utgård, FK Sykkylven
Norborg sine tre beste:
Kim Idar Krogsethagen -8
Geir Ove Grønli -7
Kenneth Vegsund -7
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Kristian Søviknes
- (Jan Even Drønnesund, 75)
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Roger Grytten
Christopher Urkedal
- (Bjørn Urkedal, 50)
- (Kristian Søviknes, 85)
Eirik York
Stein
Erik Reitan
Tarjei Urkedal
Kim Idar Krogsethagen
- (Geir Ove Grønli, 87)
Geir Ove Grønli
- (Kristian Søviknes, 77)
- (Jan Vatnehol, 81)
|
|
Norborg
sleit lenge med å få opp intensiteten og lot Hovdebygda få leie 3-2
eit lite stykke ut i 2. omgang. Men så vart det klasseforskjell på laga.
Norborg rundspelte heimelaget totalt og scora 5 mål på den neste halvtimen.
Dermed ein fortent storsiger til oransjetrøyene som nærmar seg toppen
av divisjonen.
Heimelaget med tidleg mål
Eit Norborg-lag med tre strake sigrar bak seg reiste søndag til Hovdebygda
for å revansjere eit bittert heimetap frå i vår. Men det var heimelaget
som kom best i gang, og tok leiinga etter 6 minutt då Jan Egil Gretland
kom på eit raid på sida og legg inn. Det oppstår kaos i Norborg sitt
forsvar og Jo Martin Aasen sette den i mål.
Norborg snur kampen
Norborg kom seg raskt til hektene og brukte berre 5 minutt på å
ta føringa i kampen. Utlikninga kjem på ein godt slått corner av Kristian
Søviknes. Eirik York stussa ballen bak i feltet der Kenneth Vegsund
står klar og headar inn sitt første seriemål for sesongen. Leiarmålet
minuttet etter kjem etter eit langt utspel frå Geir Roar Gamlem som
Geir Ove Grønli vidareformidlar til Kim Idar Krogsethagen. Han spring
frå det som er, rundar keeper og skårar sitt 90. seriemål for Norborg.
Rask utlikning
Men Hovdebygda gir seg ikkje. Kvarteret er gått då Norborg-forsvaret
har ballen, men klussa det til med ei horribel pasning. Ein Hovdebygda-spelar
snappar ballen, skjer inn i 16 meteren og sentra til Jan Egil Gretland
som enkelt sette ballen i mål.
Etter det målrike opningskvarteret fell kampen kraftig i underhaldningsverdi.
Norborg verka svært tafatte og får til svært lite. Heldigvis var ikkje
Hovdebygda noko spesielt kvassare heller. Dermed stod resultatet seg
til pause.
Gretland på ny
I 2. omgang var det eit meir bestemt Norborg lag på bana. I tillegg
vart det gjort nokre rokeringar på laget. Grønli vart flytta ned på
midtbana, York tok venstrekantplassen til C. Urkedal, medan han gjekk
opp på topp. Men trass i dette var det Hovdebygda og Gretland som kunne
juble for 3-2 leiing. Norborg får ikkje klarert ute på høgresida. Hovdebygda
tek over ballen og slår inn i feltet der Gretland puttar ballen i mål
og scorar sitt andre for dagen.
Så vakna Norborg
Men så skjønte Norborg alvoret, og tok fullstendig over kampen. På topp
har Bjørn Urkedal kome inn for ein skada Christopher Urkedal, og Bjørn
kjem nesten umiddelbart i fokus då han utliknar dryge ti minutt ut i
omgangen. Målet kjem slik: Krogsethagen legg fint inn til Bjørn som
heada, keeper redda, men gir ein retur som hamnar hos Bjørn som skårar.
11 minutt var då gått av 2. omgang. To minutt etter fyrer Krogsethagen
av eit skot, keeper reddar men må gi retur. Den sette Tarjei Urkedal
kontant i nota til Norborg leiing 4-3.
Men Norborg vil ha meir. Først er Grønli farleg frampå med ei heading
før Krogsethagen aukar leiinga aleine med keeper. Først sette han ballen
i ein region litt under magen, får tilbake ballen, og medan keeper ligg
å vri seg i smerter sette han nådelaust inn 5-3. - Sporty som Kim er
gjekk han bort å beklaga den første avslutninga som ga bjelleklang.
Kim perle
Etter dette går det heile 12 minutt før neste mål kjem. Norborg har
fått frispark like utafor 16 meteren. Eit frispark eksekutør Krogsethagen
sette rundt muren og i mål. Dryge ti minutt seinare er det klart for
dagens vakraste mål. Krogsethagen har ballen på omkring 35 meters hald.
Hovdebygda sitt forsvar stoppar opp, Krogsethagen ser etter pasningsalternativ
før han bestemme seg for å fyre laus. Og for eit skot. Ballen fyk i
mål nede ved stolperota utan sjanse for keeper. Dermed 7-3 til dei oransjekledde.
Med i toppen
Norborg opna denne kampen tafatt der nokre av spelarane sine ikkje fann
posisjonane sine. Men etter at dette vart retta på i 2. omgang var alt
tilbake slik som det skulle vere. Stødig forsvarsspel, mange fine angrep
og 5 scora mål. Men viktigast av alt; det er no 12 poeng ned til laga
under streken, medan det berre er 6 poeng opp til leiarlaget Valder.
Banens klare einar var Kim Idar Krogsethagen. Etter ein 1. omgang under
pari, herja han vilt i store delar av 2. omgang. Og med 4 mål er han
no 4. divisjon sin klare toppscorar med 26 mål, samtidig som han har
laga 93. seriemål for Norborg sidan debuten i 1999. Når får vi feire
de 100 Kim Idar?
Elles spelte Kenneth Vegsund seg stort opp i 2. omgang og var best i
de bakre rekker, medan Geir Ove Grønli var god både som spiss i 1. omgang
og som midtbanespelar etter pause.
Neste
kamp for Norborg er heime mot botnlaget Åmdal neste søndag. Også i den
kampen har Norborg eit tap å revansjere. Vel møtt!
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|