Hildre - Grytastranda 2-8 (0-4)
Hildre grus, 25.04.03

0-1 Kim Idar Krogsethagen (7)
0-2 Kim Idar Krogsethagen (24)
0-3 Stig Wold (29)
0-4 Vegard Vegsund (36)
0-5 Tommy Johannessen (51)
0-6 Tommy Johannesen (57)
0-7 Kim Idar Krogsethagen (71)
0-8 Kim Idar Krogsethagen (77)
1-8 Ingmar Kvammen (88)
2-8 Geir Magne Grande (90)

Dommar: Frank Robert Grytten i 1. omgang og Roger Hurlen i 2. omgang.

Grytastranda sin tropp:
Eirik York (keeper), Steffen Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Stig Wold, Vebjørn Grytten, Vegard Vegsund, Geir Roar Gamlem, Tommy Johannessen, Frode Engeset og Frank Robert Grytten (dommar i 1. omgang)

Grytastranda viste seg som det beste laget i denne 7'ar kampen på Hildre grus, og tok ein komfortabel siger. Kim Idar Krogsethagen vart kampens store spelar med 4 mål.

Hildre stilte noko redusert i denne kampen i forhold til kampen mot Norborg VII for nesten to veke sidan. Blant anna mangla dei viktige Jan Vidar Solheim og Øyvind Kvammen. Grytastranda derimot stilte sterkt og hadde blant anna fått Geir Roar Gamlem med på laget, ikkje som keeper, men som spiss. Tyde dette på at Geir Roar er misfornøgd med Søvik si lagleiing, og vil spele for Grytastranda også i bygdekampen 11. oktober?

Misfornøgde grytastrandingar
Etter at grytastrandarane var ferdige med å klage på speletilhøva kom kampen i gang ca. 25 minutt etter planen. Hildre starta best og Frank Robert Solheim var nær ved å gi heimelaget føringa etter to minutt. Ballen vart spelt inn bak Grytastranda sitt forsvar, men Solheim heada ballen utafor.

Grytastranda vakna
Så starta grytastrandarane å få til spelet sitt på den svært lille 7'ar bana Hildre hadde laga til. Først kjem dei seg til ein dobbeltsjanse, før Kim Idar Krogsethagen skårar sitt første på eit velplassert skot nede ved stolperota.

Etter nokre minutt med Grytastrand-press kom Hildre igjen inn i kampen og skapte nokre farlege situasjonar, blant anna med ein dalar i tverrliggaren, men mål vart det ikkje.

Tre kjappe

Så skrudde Grytastranda opp tempoet og skåra tre mål på dryge ti minutt. Først skårar Kim Idar på eit fint skot, så lurer Stig Wold inn ballen frå svært kloss hald, før det var klart for Vegard Vegsund show. Først sendte han penger med til kjøp av pølse og lompe til backen (les: Geir Magne Grande), så avslutta han med ein tunell på Hildre sin nye keeper. Dermed var stillinga 4-0, og kampen var i realiteten avgjort.

I pausa bestemte grytastrandarane seg for å gå for to-sifra, og det gjekk ikkje lang tid før Tommy Johannesen sette ballen i mål på eit fint skot. Så er Hildre svært nær ei redusering, men Eirik York utfører ein fin beinparade og hindrar mål.

Dagens angrep - regissør Stig Wold

Så er det klart for dagens angrep. Stig heler ballen igjennom til Frank Robert Grytten, som sende ballen inn framfor mål der Tommy styrer den fint i nettmaskene og 6-0 før timen var nådd.

Grytastranda fortsette kjøret mot Hildre, og både Frode Engeset og Kim Idar Krogsethagen skyt i stolpen. Hildre på si side har problem med siste pasninga og får ikkje dei heilt store sjansane.

Kim igjen
Så er det tid for to nye mål frå Sunnmøre sin målkonge. Det siste snappa han opp like framfor Geir Roar Gamlem. Situasjonen oppstod etter at Steffen Grytten hadde dribla det som var av folk på bana (inkl. seg sjølv), sendte ballen mot Geir Roar, men så kom altså Kim imellom og sette ballen i nota. Kim beklaga etterpå tjuveriet.

Sløve grytastrandarar - Hildre med to raske
Dei siste minutta var Grytastranda svært sløve, og Hildre fekk pynte på resultatet. Først står Eirik 20 meter bak eige mål å skyt ut ballen, Hildre vinn den og Ingmar Kvammen skyt ballen enkelt i det tomme målet. Så sviktar markeringane og Geir Magne Grande får ta den tida han vil med å dunke inn nok ei redusering. Dermed eit greitt 2-8 resultat.

Laber innsats
Denne kampen bar preg over å vere litt meir sløvare enn den 7'ar kampen som gjekk mellom Norborg VII og Hildre før påske. For det første vart Grytastranda sine mange 4. divisjonsspelarar nokre hakk for gode, for det andre var Hildre svekka, og for det tredje var ramma rundt kampen noko heilt anna. Gruskamp i sola, mot kunstgras i flomlys. Likevel får vi håpe at Hildre fekk nyttig erfaring frå kampen før seriestart den 7. mai mot Ellingsøy. Når dei har alle spelarane sine tilgjengeleg, samt får på plass presisjonen i sistepasninga vil nok Hildre vinne mange kampar i 7'ar serien.

Av: Frode Stormyr Engeset

tilbake | skriv innlegg