|
Arena:
Godøybana gras, 06.09.03
Tilskodarar: ca. 100
1-0 Jøgvan Valkvæ (4)
2-0 Erlend Holmen (7)
3-0 Jøgvan Valkvæ (9)
3-1 Morten Kalvø (52)
3-2 Kim Idar Krogsethagen (90+2)
Dommar:
Kjell Heltne, Spjelkavik -6
Norborg sine tre beste:
Morten Kalvø -7
Kim Idar Krogsethagen -7
Tarjei Urkedal -7
Dagens bilete
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Steffen Grytten
- (Bjørn Urkedal, 90+3)
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Roger Grytten
Christian
Søvik
- (Asgeir Kalvø, 81)
Eirik York 
Stein
Erik Reitan
- (Jan Vatnehol, 84)
Tarjei
Gjerset Urkedal
Kim
Idar Krogsethagen
Bjørn
Urkedal
- (Christopher Urkedal, 57)
|
|
Eit aggressivt Godøy-lag ga Norborg ei oppvisning i effektiv fotball
dei første ti minutta. Heile tre gonga måtte Norborgkeeper Geir Roar
Gamlem plukke ballen ut av nota. Norborg kom seg etterkvart til hektene
og skapte mange gode sjansar, men diverre var det berre to av forsøka
som enda med mål.
Norborg i sebratrøyer!
Norborg fekk ei dårleg oppladning til denne kampen. Først kom beskjeden
om at Geir Ove Grønli ikkje kunne spele på grunn av ein ryggskade, og
så måtte ein til og med spele i Godøy sine bortetrøyer. Dette fordi
Godøy sine raude og Norborg sine oransje likna for mykje på kvarandre.
Og for å seie sanninga: Norborg sine spelarar kledde dei SIF-liknande
(svart og kvitstripa) trøyene utruleg dårleg.
Katastrofal opning
Norborg tok avspark, og vi ante uro då Norborg spelte ballen bakover
og trilla ballen i forsvarsleddet før ein slo den umotivert utover sidelinja.
Det heile virka svært tamt og forsiktig. Norborg bruker jo til vanleg
å gå rett i angrep. Og følelsen av at Norborg sine spelarar
ikkje var på tå hev skulle raskt vise seg å vere riktig. Godøy gjorde
som dei ville dei neste minutta og omgjorde norborgarane til lilleputtspelarar.
Måla kom svært raskt. Etter 4 minutt kjem Knut Inge Westad seg rundt
på kanten, legg lavt inn framfor mål der Jøgvan Valkvæ dukka opp å putta
ballen bak Geir Roar. Vi håpte det var dette som skulle til for å vekke
Norborg sine spelarar, men nei. Godøy fortsette å gjere det dei ville,
og etter 7 minutt dobla dei leiinga. Målet kom etter at Godøy hadde
fått eit frispark ved midtstreken på si høgreside. Ballen vart slått
hardt mot mål der Erlend Holmen får stå å heade ballen i mål. Her stod
Norborg sitt forsvar nok ein gong å søv. Og sjølv jubelen til godøyingane
vekte ikkje Norborg. For to minutt seinare kom raudtrøyene igjen på
måltokt. Jøgvan Valkvæ mottar ballen, skjer inn i 16 meteren og skyt
stolpe inn. 3-0, og ein skikkeleg tankevekkar for Norborg.
Gradvis meir med
Etter denne sjokkopninga frå heimelaget starta Norborg å gradvis
kjempe til seg banespelet. Etter vel halvspelt omgang kjem også den
første halvsjansen då Stein Erik Reitan får til eit brukbart skot frå
20 meter. Nokre minutt etter kjem den første store sjansen. Tarjei Urkedal
kjem seg rundt på kanten og legg perfekt inn til Bjørn Urkedal som smell
til på volley, men ballen fyk rett til vers i staden for nota.
Etter 32 minutt blir eit frispark frå 35 meter redda på strek,
og nokre minutt seinare er Tarjei frampå med eit skot frå 16 meter.
Men mål blir det ikkje. Like før pause får Godøy ein stor sjanse ved
Jøgvan Valkvæ, men han presterer å skyte over mål frå 3 meter.
Tidleg redusering ga håp
Etter pause går Norborg hardt ut og presser heimelaget tilbake på
bana. Den fortente reduseringa kjem 7 minutt ut i omgangen. Kenneth
Vegsund slår ein presis corner på hovudet til Morten Kalvø som headar
kontant i nota. Og Norborg speler seg dei neste minutta fram til fleire
hjørnespark og sjansar. Frå det 54. til det 56. minutt har Kim Idar
Krogsethagen tre brukbare sjansar til å score, men ballen ville ikkje
i nota. Like etter er det Christian Søvik som er nær ved å score på
ei heading etter ein corner.
Norborg spaknar
Men etter eit kvarter med kraftig press frå Norborg startar det heile
å jamne seg ut igjen. Norborg greier ikkje å halde intensiteten oppe
og legg seg litt lågare i pressleddet. Godøy greier ikkje å skape noko
spesielt, men er godt organisert og ser ut til å ha full kontroll på
kampen. I tillegg prøvde Godøy-keeperen å sette verdsrekord i uthaling
av tid då han sprang nærmast utpå Alnes for å hente ein ball. - Skal
han heim å ete middag, kom det spontant frå Roger Grytten. Den einaste
skikkelege sjansen som blir skapt mellom det 60. og 90. minutt er då
Kim Idar riv seg laus og skyt i nettveggen. Godøy var gjennom heile
kampen svært obs på Kim Idar og flokka seg rundt han med ein gong han
fekk ballen.
Spenning på overtid
Når 90 minutt passera startar Norborg eit desperat forsøk på å få mål.
Først tråkla Kim Idar seg igjennom Godøy-forsvaret, men tek seg
litt for dårleg tid aleine med keeper å skyt rett på han. Minuttet etter
får Norborg frispark frå 25 meter. Kim Idar skyt godt, men ein godøying
står ved stolpen og reddar på streken. Så endeleg. To minutt på overtid
får Kim Idar målet sitt då han heada inn eit perfekt slått frispark
av Kenneth Vegsund. Men løpet var likevel kjørt. Etter fem tilleggsminutt
(ikkje eitt minutt for lite) bles dommaren av for full tid til ellevill
jubel frå godøyingane.
Hadde fortent poeng
Norborg tapte denne kampen på grunn av ti håplause minutt. Det er lenge
sidan Norborg har blitt rundspelt så kraftig som i desse opningsminutta
mot Godøy. Absolutt ingenting stemte, medan alt gjekk Godøy sin veg.
Ser vi så på dei siste 75-80 minutta så kan Norborg-gutane vere nokså
fornøgd. Ein vann iallfall denne perioden 2-0. Men ein spelte likevel
aldri opp mot sitt beste. Spelet vart litt for oppjaga og stressa til
at ein fekk den gode flyten som ein har hatt tidlegare i haust. Spelet
vart litt for lett å lese for motstandaren, og kantspelet som har fungert
så bra i haust, vart for enkelt å demme opp for. Men likevel. Norborg
skapte nok sjansar til å score både 3 og 4 mål. Men det var berre dagen
ein ikkje skulle lykkast.
På Norborg synst vi kaptein Morten Kalvø gjorde ein god jobb i forsvarsfireren
og i tillegg scorte han sitt første seriemål denne sesongen.
Tarjei Urkedal jobba steinhardt gjennom heile kampen, og Kim Idar Krogsethagen
greidde etterkvart å kome seg til fleire gode sjansar sjølv om han hadde
minst tre mann rundt seg til ein kvar tid.
Godøy til topps
Med denne sigeren gjekk Godøy til topps på tabellen, og sidan Vigra
tapte for Åmdal har laget skaffa seg eit svært godt utgangspunkt i opprykkskampen.
Norborg må konsentrere seg om å ta 3. plassen.
Positivt å sjå at mange norborgarar tok turen til Godøya
denne ettermiddagen. Vi håper mange tek turen til Søvikdalen
for å sjå den viktige kampen mot Åram/VFK førstkomande
laurdag. Eirik York blir også å finne på tribuna i
den kampen grunna karantene for 3 gule kort.
Kommentarar etter kampen:
- Når det tek eit kvarter før vi vaknar kan vi ikkje forvente å vinne.
Men ej er godt fornøgd med andre omgangen. Vi hadde fortent poeng i
dag, sa trenar Sindre Hildre.
- Vi nekta å gi opp. Det er fortsatt fire kampar igjen, sa ein
innbitt og svært skuffa Eirik York.
- Norborg er det beste laget som har besøkt oss i år, sa ein vis godøying.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|