|
Arena:
Ikornnes grus, 28.09.03
Tilskodarar: ca. 40
1-0 Kjell Erik Dimmen (13)
1-1 Tarjei Gjerset Urkedal (29)
1-2 Geir Ove Grønli (44)
2-2 Karl Inge Hole (51)
2-3 Kim Idar Krogsethagen (57)
3-3 Oliver Jarnes (86)
Dommar:
Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) -4
Assistentdommarar: Per Helge Liset (Stranda) og Kenneth Osnes
(Vigra)
Norborg sine tre beste:
Stein Erik Reitan -8
Roger Grytten -7
Tarjei Gjerset Urkedal -7
Dagens bilete
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Christian Søvik
- (Asgeir Kalvø, 85)
Roger
Grytten
Morten
Kalvø
Steffen
Grytten
- (Jan Even Drønnesund, 86)
Kristian
Søviknes
-
(Jan Vatnehol, 72)
Eirik York
Stein Erik Reitan
Tarjei
Urkedal
Kim Idar Krogsethagen 
Geir Ove Grønli 
- (Edward Laverton, 72)
|
|
Norborg og eit heimelag i poengnaud, delte poenga på Ikornnes
si grusbane søndag ettermiddag. Norborg skapte dei klart største
sjansane, men var ikkje konsentrert nok i avslutningsaugeblinken og
måtte dermed avgi poeng til eit langt meir effektivt heimelag.
Det var heimelaget som hadde det største presset på seg i denne kampen.
Berre siger var godt nok om ein stadig skulle ha ein sjanse på 9. plassen,
som er siste ståplass dersom vi får eit sunnmørslag i neste års
2. divisjon (vi ser då sjølvsagt bort i frå Hødd). Norborg på
si side fekk seg ein skikkeleg nedtur på laurdag då Godøy vann over
Ellingsøy, og opprykket gjekk fløyten.
Nok eit tidleg mål imot
Opningsminutta var jamne, men vi sat med følesen av at heimelaget ville
meir. Norborg sine spelarar var meir opptatt av kor dårleg ballen var
og ikkje minst bana, som var av ein svært grovkorna grus. Men det er
likevel gjestane Norborg som får den første sjansen då Kim Idar Krogsethagen
spelar igjennom Kristian Søviknes. Han tek med seg ballen i fart, skjer
inn i 16 meteren, men avsluttar like utafor. Minuttet etter er FKS2
frampå, og som så ofte før så kjem Norborg under i målprotokollen. Ein
FKS2 spelar legg inn i feltet der Kjell Erik Dimmen dukkar opp å klinkar
ballen i mål via stolpen.
Norborg tek over
Etter målet starta Norborg å ta over initiativet i kampen, men dei heilt
store sjansane uteblir. Men etter 29 minutt krossar venstrekant Søviknes
over til Tarjei Urkedal. Urkedal skjer inn imot mål og sette ballen
forbi keeper til 1-1. Etter utlikninga fortsette kampen som før med
dårlege pasningar og lite oppfinnsamt angrepsspel. Men mot slutten av
omgangen vakna Norborg for alvor og skaper 3 gode sjansar.
Først er det Tarjei-show på høgrekanten, han legg lavt inn til
Søviknes som utruleg nok ikkje greier å skåre frå kloss hald. Så får
Krogsethagen sjansen frå 14 meter, men skotet hans blir delvis blokkert
og ballen sprett til keeper. Men minuttet før pause tek Norborg fortent
føringa i kampen. Steffen Grytten la inn frå høgresida, ballen hamnar
hos Geir Ove Grønli som dunka ballen i nota frå om lag 10 meter.
Fortent leiing til pause
Norborg gjekk til pause med ei fortent leiing sjølv om laget på ingen
måte imponerte nokon. Laget virka litt daft, og ein mangla rytmen i
angrepsspelet. Defensivt hadde ein likevel stort sett full kontroll
bortsett frå då markeringa glapp på målet.
Skåring mot spelets gang
Etter pause starta Norborg best, og etter 48 minutt får Søviknes
ein stor sjanse då Tarjei la inn frå kant, men Søviknes la seg bakpå
i avslutningsaugeblinken og skotet gjekk høgt over. Norborg hadde truleg
ballen i over 70% av dei første 5 minutta av 2. omgang, men likevel
er det vertane som skårer. 51 minutt er gått då heimelaget
er på visitt hos Norborg sin 16 meter. Norborg nøla i forsvar og får
ikkje klarert. Karl Inge Hole blir så spelt igjennom å sette ballen
enkelt forbi Geir Roar Gamlem og i mål.
Straffebom!
Etter utlikninga får vi ein 25 minutts periode med overkjørsel frå Norborg
si side. Etter 52 minutt kjem Stein Erik Reitan seg inn i straffefeltet
og blir lagt i bakken. Dommaren dømmer korrekt straffe. Den normalt
svært sikre straffeeksekutør Geir Ove Grønli går fram for å skåre sitt
andre mål i kampen, men sette i staden ballen høgt over mål. Til Grønli
sitt forsvar kan det seiast at ballen var av usedvanleg dårleg kvalitet.
Kim's nittiniande
Norborg fortsette å skape sjanse etter sjanse, og etter 57 minutt tek
ein fortent leiinga. Grønli løfter ballen over heimeforsvaret, Krogsethagen
parkerer alle og kjem aleine med keeper. Her gjer han ingen feil. Runder
keeper og sette ballen i det tomme buret til sitt 99. seriemål og Norborg
sitt 3. i kampen. Og Norborg fortsette å pøse på. Grønli og Krogsethagen
får gode forsøk til å heade Norborg til to målsleiing , men mislykkast.
Så blir Edward Laverton spelt fri, men frå skrått hald avsluttar han
utafor.
Taper to poeng like før slutt
Kvarteret før slutt går ballen i stolpen og rulla på strek før FKS2
får klarert. Minuttet etter bruker Laverton farta si, spring frå forsvaret
og legg uselvisk til Krogsethagen som skyt, men keeper får fista ballen
i stolpen. Etter dette klare Norborg overtaket startar heimelaget å
kome litt meir med, og fire minutt før full tid kjem utlikninga. Ein
FKS2 spelar får lagt inn frå høgre og heilt upressa får Oliver Jarnes
stå på 8 meter å putte ballen i mål bak ein sjanselaus Gamlem. På slutten
får ingen av laga til noko særleg og kampen ebba ut med 3-3.
FKS2 til 5. divisjon
Norborg føler seg snytt for 3 poeng i denne kampen, for etter spel og
sjansar burde oransjetrøyene ha vunne med minst 3-4 mål. Men som dei
fleste veit så går fotball ut på å omsette sjansar i mål, og her var
heimelaget klart betre enn gjestane. Så all ære til dei for det, men
poenget til FKS2 hjelpte så lite. For å ha ein sjanse på 9. plassen
måtte dei nemleg ha tre. Dermed skal det nærast eit mirakel til om det
skal bli ståplass.
Tek 3. plassen neste helg
Norborg på si side kjempar om 3. plassen, og vil ta den med siger over
Vigra i siste kamp. Noko vi trur dei gjer. For sjølv om alle spelarane
seie at dei gjorde sitt beste i dag, så var ikkje det samme gløden i
denne kampen som mot SIF2 i sist kamp. Denne gløden trur vi er tilbake
mot Vigra, og vil sikre Norborg nok ein pallplass. Den fjerde i dette
årtusenet.
På Norborg synst vi Stein Erik Reitan gjorde ein god jobb på sentral
midtbane, medan Roger Grytten såg ut til å trivast på sin gamle plass
i sentralforsvaret.
Som nemnt skal Norborg spele mot Vigra i siste runde. Kampen går søndag
klokka 1400. Vi håper mange tek turen for å sjå laget som har gjennomført
tidenes beste sesong sidan starten i 1968.
Kommentarar:
- RAN!!!, Steffen Grytten
- Nesten like gale som Hovdebygdakampen i vår, Edward Laverton
|
|