|
Arena:
Legene gras, 27.05.03
Tilskodarar: 35
1-0 Einar Nybø (8)
1-1 Kim
Idar Krogsethagen (11)
2-1 Jan Erik Leira (13)
2-2 Geir Ove Grønli (17)
3-2 Jan Olav Kjøde (37)
3-3 Geir Ove Grønli (str. 48)
4-3 Øystein Fet (54)
5-3 Jan Erik Leira (62)
5-4 Geir Ove Grønli (str. 70)
6-4 Eivind Myklebust (86)
Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy -6
Norborg sine tre beste:
Christian Søvik -7
Stein Erik Reitan -6
Stein Erik Mårstøl -6
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Roger Grytten
Kristian Søviknes 
- (Stein Erik Mårstøl, 46)
Eirik York
-
(Steffen Grytten, 69)
Stein
Erik Reitan
Stig Wold
- (Christopher Urkedal, 69)
Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
Ikkje benytta:
Edward Laverton
|
|
Norborg
måtte sjå seg slått 6-4 av eit svært effektivt heimelag. Norborg var
i lange periodar fullt på høgde med Åmdal, men nok ein gong fekk ein
svi for defensive feil.
Norborg reiste til Åmdalen med ein sterk tropp og med god tru på siger
mot botnlaget Åmdal, men det skulle raskt vise seg at dette ikkje var
kampen for dei oransje.
Nær Norborg-leiing
Norborg opna kampen best og spelte seg fram til ein stor sjanse allereie
før to minutt var gått. Geir Ove Grønli stod for nærast blankt mål
etter fint forarbeid av Kim Idar Krogsethagen og Stein Erik Reitan,
men avslutninga til Grønli var altfor svak og trilla inn til ein Åmdal-keeper
som låg nede lenge før avslutninga kom. Ein liten chip var alt som skulle
til for at det skulle stå 1-0 til gjestane.
Mål frå 30 meter
Norborg fortsette dei neste minutta å vere det spelemessig førande laget,
men enten vart gjennomspela eller avslutningane for dårleg. Etter 8
minutt kom Åmdal seg i angrep. Norborg er slakk i presset i midtbaneleddet
og Einar Nybø får god tid til å skyte i mål heilt inne ved stolperota
frå 30 meter. Geir Roar Gamlem uttalte etterpå at han nok burde ha tatt
det skotet.
Krogsethagen med jubileum
Norborg kjem likevel raskt til hektene og utliknar. Målet kjem etter
eit fint oppspel frå Christian Søvik til Kim Idar Krogsethagen som elegant
lobbar over keeper og skårar sitt 75. seriemål i karrieren. Krogsethagen
dedikerte etter kampen målet sitt til menig Borgersen på HV-skulen Dombås.
norborg.com vil legge til at også Øyvind Davik skal ha sin del av æra
for dette målet. For det var nemleg litt av eit opplegg for å få Krogsethagen
på kamp i kveld. Han miste nemleg toget ifrå Dombås til Åndalsnes, og
bussen frå Åndalsnes til Moa. Dermed måtte Borgersen kjøre han frå Dombås
til Åndalsnes, medan Davik reiste inn til Åndalsnes for å kjøre han
vidare til Moa. Sporty gjort av dei begge.
Åmdal fornekta seg ikkje
Norborg si glede over målet varte ikkje lenge, for to minutt etter skapte
Åmdal sin andre sjanse og sitt andre mål. Målet kom etter at Norborg
stod høgt og ballen vart slått i rommet mellom Morten Kalvø og Kenneth
Vegsund der Jan Erik Leira kom på løp. Leira tok med seg ballen i fart,
runda keeper og sette ballen enkelt i mål.
Innlegg frå kant = mål
Men Norborg ga seg ikkje og berre fire minutt seinare kjem utlikninga.
Krogsethagen vinn ballen på midten, finter vekk eit par mann, slår til
Stig Wold på høgrekanten som forserer og slår eit presist innlegg til
Grønli som enkelt headar ballen i mål.
Eit par minutt etter er Norborg nær ved å ta leiinga i kampen, men Kristian
Søviknes sitt skot blir godt redda av Åmdal sin keeper. Minuttet etter
er Åmdal frampå med eit skot, men Gamlem får gitt til corner.
Etter 20 underhaldande minutt gjeng kampen inn i ein tam periode der
ingen av laga får til det heilt store. Norborg slit med presisjonen
på oppspela og taper overraskande mange duellar.
Så e d på'an igjen
Så skjer det som ikkje skal skje, men som er typisk for Norborg denne
vårsesongen. Ein er litt slapp i press på ballførar, og Åmdal sin raske
venstreving får springe med ballen frå eigen banehalvdel og oppover
sida til han vender innover på bana, spring langs 16 meteren og slår
ein fin ball ut til Jan Olav Kjøde som bankar inn 3-2 med åtte minutt
igjen av omgangen. Eit mål det eigentleg skal vere umogeleg å lage mot
eit etablert forsvar. Dermed må Norborg nok ein gong jage utlikning.
Alt i alt ein jamn 1. omgang der heimelaget har vore hakket betre framfor
mål og skort på 3 av 4 sjansar. Norborg skapte 5 sjansar og laga 2 mål,
ikkje verst det heller.
Til 2. omgang må Norborg gjere eitt bytte. Kristian Søviknes må
gi seg og blir erstatta av Stein Erik Mårstøl.
Norborg press
Norborg går hardt ut å pressa på for ei utlikning. Først kjem Grønli
seg til eit skot frå god posisjon, men det går over. Så er samme mann
igjen på gang inne i 16 meteren, men denne gangen blir han felt og dommaren
dømmer korrekt straffespark. Grønli tek sjølv straffa og sette den perfekt
i mål heilt inne ved stolpen. Dermed 3-3, og Norborg verkar å ha noko
på gang.
Men
den gang ei. For etter 54 minutt får Øystein Fet stjernetreff på skotet
sitt frå 18 meter, og ballen fyk opp i vinkelen til 4-3, og Norborg
er igjen på etterskot. Norborg sine spelarar får seg no ein liten knekk,
og skapar lite offensivt. Og då Jan Erik Leira sette inn sitt 2. mål
for dagen etter 62 minutt verkar det heile kjørt. Målet kom etter at
den raske venstrevingen kom seg ned til kortlinja, la lavt inn til Leira
som fekk lirka ballen i mål bak Gamlem.
Ny straffe og ny spenning
Tjue minutt før slutt blir Krogsethagen tatt hardt inne i 16 meteren,
og dommaren gir Norborg straffe. Grønli tek ansvaret igjen, og sette
den på samme plassen som sist. Dermed 5-4 og ny spenning. Like etter
reduseringa får Norborg ein ny mogelegheit. Vegsund slår eit frispark
inn i 16 meteren der Grønli hoppar høgast å får til ei heading, men
diverre rett på keeper.
Åmdal med kontroll
Det siste kvarteret har Åmdal god kontroll på Norborg, og kjem seg blant
anna til ein dobbelt sjanse fem minutt før slutt. Men Gamlem står godt
å reddar. Minuttet etter blir det likevel 6-4 på eit skot frå Eivind
Myklebust. Eit mål som kanskje burde ha vore avblåst for offside i trekka
før Myklebust får ballen.
Gløym tabellen, den lyg uansett!
Norborg gjekk altså nok ein gong av bana med tap i ein kamp ein var
fullt på høgde med motstandaren. Åmdal var rett nok eit mykje betre
lag enn både Hovdebygda og Ellingsøy, men poeng mot dette laget burde
så absolutt vore mogeleg. Men Åmdal var rutinerte og gode. Spelte ofte
på en-touch og var utruleg effektive. At dette laget stod med 0 poeng
og 4-22 i målforskjell er ei gåte for oss.
Norborg må no berre heve hovudet, sjå framover og gløyme tabellen. Laget
har spelarane og lagleiarane som skal til for å kome seg ut av botnstriden.
Det er over ei veke til ein skal i ilden mot topplaget Godøy. Bruk den
vél.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|