|
Arena:
Norborg stadion, 24.05.03
Tilskodarar: 75
0-1 Jan Egil Gretland (20)
1-1 Stein
Erik Mårstøl (42)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (51)
2-2 Jo Martin Aasen (53)
3-2 Kristian Søviknes (64)
3-3 Jo Martin Aasen (82)
3-4 Thomas Ryste (90+2)
Dommar: Harald Thorsen, Spjelkavik -7
Assistendommarar:
Ole Martin Farstad, Lepsøy, og Antoni
Vike Danielsen, Rollon
Tre beste på Norborg:
Christian Søvik -7
Stein Erik Mårstøl -7
Stein Erik Reitan -6
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Christian Søvik
Kenneth Vegsund
- (Steffen Grytten, 70)
Morten
Kalvø
Roger Grytten
- (Christopher Urkedal, 46)
Kristian Søviknes
- (Edward Laverton, 65)
Eirik York
-
(Stein Erik Mårstøl, 87)
Stein
Erik Reitan
- (Asgeir Kalvø, 80)
Stig Wold
Kim Idar Krogsethagen
Stein Erik Mårstøl
- (Geir Ove Tennfjord, 70)
|
|
Norborg
tapte noko ufortent 3-4 for Hovdebygda etter å ha leia 3-2 ti minutt
før slutt. Heimelaget bomma på mange store sjansar, og vart hardt straffa
av effektive hovdebygdarar.
Tam opning
Publikum var vitne til ei tam og keisam opning på kampen mellom botnlaga
Norborg og Hovdebygda. Heimelaget skapte berre ein skikkeleg målsjanse
i løpet av dei første 20. minutta. Sjansen vart skapt ved dei to Stein
Erikane. Mårstøl viste god teknikk nede på venstresida og la fint ut
til Reitan som skyt utafor frå 15 meters hald.
Kim Idar Krogsethagen kunne ha fått eit par mogelegheiter, men kasta
dei vekk med å skyte i frå langt hald. Hovdebygda derimot skapte ikkje
noko før i det 20. minutt, men då vart det i tillegg mål.
La opp i vinter - skorte mot Norborg
Det heile startar med ei feilpasning midt inne på Norborg sin banehalvdel.
Ballen vert så slått igjennom til Jan Egil Gretland, som spring ifrå
Kenneth Vegsund og sette ballen sikkert i mål aleine med Geir Roar Gamlem.
Gretland la eigentleg opp i vinter, men fekk på seg skoa igjen
denne veka og skorte altså sitt 1. mål for sesongen.
Etter målet blir det skapt svært lite framfor måla. Norborg satsa
på lange ballar opp til Mårstøl og Krogsethagen, og sjølv om lange ballar
var ein vellykka taktikk mot Stranda, må det seiast å vere mislykka
mot fysisk sterke og meir defensive Hovdebygda. Norborg tapte som regel
2. ballen og greidde aldri å skape noko trykk på Hovdebygda.
Heimelaget vakna
I omgangen sine 5 siste minutt vakna endeleg heimelaget til liv. Først
får ein frispark ca. 10 meter inne på Hovdebygda sin banehalvdel. Krogsethagen
fyre laus, keeper gir retur, Christian Søvik er våken frampå, men headinga
hans går utafor. Eitt minutt seinare skulle Norborg få utlikninga si.
Kristian Søviknes fann endeleg fann godfoten å la eit godt innlegg på
hovudet til Mårstøl som heada ballen sikkert i mål.
Like etter får Krogsethagen sjansen til å gi Norborg leiinga. Roger
Grytten spelar langt opp, Krogsethagen spring frå forsvararen og lobbar
ballen over både keeper og mål.
Totalt sett ein dårleg 1. omgang av heimelaget, men ein såg spor av
forbetringar mot slutten. Alt i alt greitt med uavgjort til pause.
Til 2. omgang gjorde Norborg eitt bytte. Christopher Urkedal kjem inn
for Roger Grytten. Dette fører til at Mårstøl går ned på sin vante midtbaneposisjon,
Stig Wold tek høgreback plassen til Roger, medan Christopher spelar
spiss.
Norborg tek kommandoen
Med Mårstøl på sentral midtbane får vi sjå eit heilt anna Norborg-lag
og tek kommandoen frå start. Allereie etter 3 minutt får Krogsethagen
ein sjanse etter at keeper glepp ballen i beina hans, men frå skrått
hald skyt han i nettveggen. Tre minutt seinare skulle det så bli mål.
Mårstøl slår ballen bak Hovdebygda sitt forsvar, Krogsethagen startar
løpet riktig og lobbar ballen over keeper og i mål.
Rask kvittering
Men heimelaget si glede varer ikkje lenge, for eit par minutt etter
får Jo Martin Aasen dreis på skotfoten og skårar frå 16 meter. Like
etter er gjestane farleg frampå igjen, men denne gongen går skotet langt
over mål. Norborg tek så kraftig over å skaper fleire sjansar før Kristian
Søviknes endeleg ordna 3-2 i det 64. minutt. Målet kom etter rot i Hovdebygda
sitt forsvar. Ballen gjekk til Søviknes som sette den i mål frå ca.
13 meter.
Kim på godt og vondt
Like etter 3-2 målet er det klart for dagens prestasjon. Kim Idar
Krogsethagen dribla 4-5 mann på veg inn til 5-metaren, men når han berre
har å putte ballen i mål dunka han den over tverrliggaren. Her burde
det ha stått 4-2.
Ut med dei rutinerte - inn med ungdommen
Etter dryge halvspelt 2. omgang får Vegard Flø på Hovdebygda raudt kort
for å ha slengt Mårstøl i bakken. Dei fleste tilskodarane blir no sikre
på siger, og det blir nok også dei på benken. For rutinerte og fysisk
sterke spelarar som Stein Erik Mårstøl og Kenneth Vegsund blir tatt
av bana like etter. Etter at også Kristian Søviknes vart bytta nokre
minutt tidlegare, stilte no heimelaget med 3 juniorspelarar og 2 gutespelarar.
Urkedal og Reitan burde ha avgjort kampen
Likevel
kom Norborg seg til to store sjansar dei påfølgjande minutta. Først
lobba Urkedal over keeper og i stolpen, så missa Reitan aleine med keeper
etter at han sjølv spelte seg fri.
Så går det gale!
Men så rakna det urutinerte Norborg-laget. I det 82. minutt får Hovdebygda
corner. Ballen blir slått hardt inn i feltet der Jo Martin Aasen vinn
duellen å skårar via Steffen Grytten, stolpen og i mål.
Norborg satsar no veldig offensivt, men mangla roa på midtbana og kjem
seg ikkje til sjansar. I staden er det Hovdebygda som får sigersmålet
to minutt på overtid då Thomas Ryste får skikkeleg treff frå 16 meter
og ballen fyk i nettet.
Taktiske feil?
Norborg skapte dei fleste sjansane i denne kampen, og burde ha avgjort
kampen i løpet av den første halvtimen av 2. omgang. Men nok ein gong
tek ein ikkje godt nok vare på sjansane sine og blir hardt straffa for
det. Men i denne kampen kan vi ikkje legge all skyld på spelarane, også
lagleiinga må ta sin del. For når ein leiar 3-2, har full kontroll på
kampen og skaper sjansar, bør ein ikkje gjere for mange bytter.
I etter-på-klokskapens-ånd er det lett å seie at Norborg også burde
ha satsa på meir spel gjennom midtbana frå start av. Lange ballar fungerer
nok bra i kampar der Norborg er underdog, men mot lag vi er betre enn
passar nok den vanlege stilen best. Men Norborg har berre 5 kampar bak
seg på dette nivået og er inne i ein lærefase. I denne kampen lærte
nok både spelarar og trenarar like mykje som ein gjorde sist gong ein
tapte.
Vi gir i dag bestemannsprisen til Christian Søvik. Han spelte godt både
som sideback og stoppar. I tillegg var Stein Erik Mårstøl svært god
då han spelte sentralt på midtbana der han opptrådde med ro, overblikk
og taktisk kløkt.
Neste kamp for Norborg er allereie på tysdag borte mot Åmdal. Vi reknar
med at spelarane og trenarane rista av seg skuffelsen, og tek med seg
tre poeng heim til Haram.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|