2005
Oktober

Dagboka

Volda til kvalik
-Team Ørsta besigra
30-10-2005 16:30
-Volda skal møte Kristiansund i kvalik om opprykk til 2.divisjon etter AaFK sitt nedrykk frå tippeligaen. På laurdag møtte Volda eit samansatt lag frå Ørsta kommune til treningskamp. Denne vann dei 2-1 på Ørsta si nye kunstgrasbane.


Dalhaug årets Harams-spelar
30-10-2005 12:58
-Brattvåg sin midtbanemotor Frank Dalhaug vart av Haramsnytt kåra til årets Harams-spelar i 4. divisjon. HN har i heile år delt ut stjerner til dei 3 beste på kvart av dei 3 laga. På 22 kampar oppnådde Dalhaug 29 stjerner, og var med det 3 stjerner framføre HaNo sin Stian Haram. Eirik York fekk flest stjer-ner i Norborg med 14. Oransje-trøyene var for øvreg den klubben med flest ulike stjernesankarar. Heile 20 spelarar fekk namnet sitt bak ei stjerne i HN.
Les meir..

Oppsetta til G16 er klare
26-10-2005 0:08
-Pulje og kampoppsetta til Rica Parkett Cup G16 er no tilgjengelig på FK Sykkylven sine sider.
Les meir..


Prisdryss på laurdag
24-10-2005 15:39
-Laurdag var dagen for det store prisdrysset i Norborgland. Her følgjer oversikta over alle som fekk tildelt pokal for heder og ære.
Les meir..


Puljene til G16 er klare
23-10-2005 23:39
-Sykkylven har offentliggjort dei innledande puljene til Rica Parkett Cup G16. Norborg har hamna i innledande pulje med Åheim, Stranda og Brattvåg.
Les meir..


Søvik straffa GBG
22-10-2005 16:57
-Det måtte straffesparkkonkurranse til for å kåre ein vinnar i bygda-kampen mellom Grytastranda og Søvik i dag. Her var Søvik hakket betre og satte inn samtlege 5 forsøk, mens GBG måtte sjå keeper Øystein Haugan redde lagets fjerde forsøk. Dermed greidde Søvik endeleg å tukte grytastrandingane etter fire strake tap. I sjølve kampen hadde laga kvar sin periode. GBG gjekk hardt ut å pressa Søvik kraftig i med-vinden. 27 minutt ut kampen ga så Steffen Grytten oransjetrøyene leiinga. Men GBG si glede varte berre i dryge ti minut. Fem minutt før pause traff for ein gongs skyld Kristian Søviknes på eit frispark utafor 16 meteren og utlikna. Etter pause pressa Søvik på det første kvarteret, men utan resultat. Siste halvtimen var temmeleg jamspelt utan dei store sjansane.
Les meir..

Trekk seg som trenar
22-10-2005 12:12
-Den interne uroa i GBG fortsette. Få timar før kampstart vart det klart at Roger Grytten trekk seg som trenar. Rykter går ut på at Camilla Sande tek over oppgåva.

GBG sin tropp
21-10-2005 17:31
-Så er endeleg Grytastranda sin tropp til bygdekampen offisiell. Ein solid tropp med få overraskingar.
Les meir..

Reitan skifter i troppen
20-10-2005 19:15
-Trener Reitan har overraskande valgt å sette ut Stein Erik Alvestad frå laurdagens tropp. Inn som erstatter har han henta Strandaspeler Espen Solheim. -Min namnebror skal få konsentrere seg om revyen han skal holde seinare på kvelden, sier Reitan i ein kommentar.


Reitan med endring
20-10-2005 18:15
-Reitan hadde gjort ein feil i troppen han offentliggjorte i går kveld.
Les meir..


Reitan forklarer!
20-10-2005 14:33
-Reitan finn det naturlig å måtte forklare ein sentral del av hans laguttak til kampen på laurdag. Kvifor stod Adrian Håbet oppført i troppen til Søvik?
Les meir..


Søvik sin tropp er ute!
19-10-2005 23:43
-Søvik er kjent som ein open, ærlig og spennande klubb. Som vanleg er dei først ute med å presentere troppen til årets bygdekamp. Motsandar Grytastranda på si side sitter å venter på gjerde til fristen er der, sier Reitan til norborg.com.
Les meir..


22 på klubbdommerkurs
17-10-2005 23:20
-Tjueto deltakera deltok i dag på klubbdommerkurs på Uggedal stadion. Kursholder var klubben sin eigen Helge Uggedal, og ti stykke gjennomførte også ein praktisk del på dagens økt. Dei siste tolv skal gjennomføre dette på laurdag i anledning sesongavslutninga. Deltakera var jente og gutespelera i tillegg til fire juniorspelera. Sju av dei som deltok var jenter.


Molde fylkesmestera i guteklassa etter 6-3
17-10-2005 23:18
-Molde er fylkesmestera i guteklassa 11´er etter ein fortent 6-3 siger mot Brattvåg på Røkkeløkka i kveld. Brattvåg tok leiinga etter åtte minutt på straffe, og auka til 2-0 etter tjue minutt spel. Dei leda også 3-1 etter tjuefem minutt spel, men etter dette så var Molde overlegne, og vann til slutt 6-3 etter uavgjort til pause. Vi gratulerer Molde med sigeren!


Husk dommerkurset!
-møteplikt for gute/jente16

14-10-2005 16:04
-Dommersjef Jan Egil Alstadsæter kaller inn til klubbdommarkurs på mandag kl. 17.20 i Uggedalen. Samtlige aktive på jente og gutelaget skal delta. I tillegg skal alle spelera født i 1988 delta. Spre denne infoen vidare til alle berørte parter.
Alle må stille i treningstøy!!!

Skarbøvik IF 75 år

16-10-2005 14:58
-Vi gratulerer Skarbøvik IF med 75 år i dag 16. oktober.

Dommerkurs på mandag
-møteplikt for gute/jente16

14-10-2005 16:04
-Dommersjef Jan Egil Alstadsæter kaller inn til klubbdommarkurs på mandag kl. 17.20 i Uggedalen. Samtlige aktive på jente og gutelaget skal delta. I tillegg skal alle spelera født i 1988 delta. Spre denne infoen vidare til alle berørte parter.

OppNed-laget tapte 2-1
13-10-2005 23:59
-Juniorlaget i ei OppNed-utgåve tok ledelsen etter førtifire sekund med Knut Ivar Bjørlykhaug. Han knalla ballen i vinkelen etter eit innlegg frå venstre. I andre omgang utlikna heimelaget etter to minutt på ei keepertabbe etter hjørnespark. Sju minutt før slutt kom sigersmålet i ein jamn kamp. Norborg stilte med spissane Edward, Adrian, Martinus og Eivind i forsvarsfireren heile kampen. På topp fant vi midtstopperane Stein Erik og Kjell Terje blant anna. Keeper Joakim spelte dei siste tjue minutta som spiss, og i ei lita periode i første omgang fekk vi eit glimt av historiens første jentespeler på ein juniorkamp i Norborg. Jannicke Gjerset jobba særs bra den perioden ho var på bana. Årets første jentespeler i juniorserien ? Til tross for tap, så var det ingen depping etter kampen. For dette her var skøy for alle involverte :)

Gjerde til FK Vang
11-10-2005 20:31
-Ex-Lepsøy og HaNo spelar Thomas Gjerde har meldt overgang til FK Vang. Vi ønsker han lykke til med nye utfordringar.

Årets siste juniorkamp
-med Joakim som spiss?

12-10-2005 22:58
-Juniorlaget tar torsdag turen til Godøy grus for årets siste kamp. Motstander er dei lovande gute/juniorspelerane frå Godøy og Vigra under ledelse av Erlend Holm. Etter at avdelingssigeren vart sikra på tysdag så lovde juniortrenar Sneses at det skulle bli omrokkeringer på laget. Forsvarsspelera skulle fram og angripera fram. Så det kan bli eit spennande lagoppstilling som entrer Godøygrusen. Får vi sjå Joakim som spiss, Kjell som ving eller Tini som sweeper i eit merkeringsforsvar ? I tillegg går det sterke rykte i Søvik om at Jannicke Gjerset skal spele indreløper. Den som vil vite, kan møte opp på Godøygrus kl. 19.00 til årets siste kamp.

Norborg med flest lag i inne-KM for herrar
11-10-2005 20:31
-Norborg stille med heile 3 lag i Rica Parkett Cup for herrer, og er med det den klubben som stille med flest lag i denne klassa. Oransjetrøyene kom for øvreg på 5. plass i fjorårets turnering. Norborg stille elles med lag i følgjande klasser: G13, G14, G16, G19 (2 lag) og J19. Innandørs-fotball er svært populært i Haram. Faktisk kjem heile 9 av 37 påmeldte herrelag frå kommuna vår.
Sjå oversikta
Når og kvar

Avdelingssigeren i boks
11-10-2005 20:26
-Norborg G19 vann 2-0 over Herd2 på Moa KGB i kveld, og sikra seg med det avdelingssigeren i 2. divisjon avd. 1. Amund Terøy ga Norborg leiinga ti minutt før pause, medan Adrian Håbet fastsette sluttresultatet fem minutt før slutt. Herd2 stilte med eit bra lag, men Norborg hadde god kontroll kampen igjennom. Vi gratulerer!

Årets 4. divisjon er slutt
- her er statistikken!

11-10-2005 19:54
-I helga gjekk som dei fleste veit siste runde av 4. divisjon av stabelen. Hødd2 og Rollon tok opprykksplassane, mens Ellingsøy og ganske sikkert Vigra tek turen ned i 5. divisjon. Her gir vi deg litt statistikk rundt årets sesong.
Les meir..

Amund ga Norborg leiinga
11-10-2005 19:10
-Juniorlaget spelar kanskje sin viktigaste kamp nokon sinne på Moa KGB mot Herd2 i kveld. Med siger sikrar ein seg nemleg avdelinggsigeren. 35. minutt ut i kampen roa Amund Terøy nervane hos oransjetrøyene med si 1-0 scoring.
.
Ny hovedtrener er klar
10-10-2005 15:59
-Norborg sendte i dag ut ei pressemelding der dei kunne presentere ny hovedtrener.
Les meir..

Werner til topps i tabell-konkurransen

-Brattvåg sin midtstoppar Werner Ellingsæter vann årets tabellkon-kurranse på norborg.com.
Stilling

Viktig juniorpoeng i årets siste heimekamp
9-10-2005 17:00
-Heimelaget og Sif/Hessa2 spelte uavgjort 2-2 i dagens seriefinale i Uggedalen. Adrian Håbet gav heimelaget ledelsen 1-0 på eit fint frispark etter eit kvarter spel. Dette stod seg til pause. I andre omgang utlikna gjestane etter to minutt spel, før Amund Terøy gav heimelaget ledelsen 2-1. Eit kvarter før slutt sett gjestane inn kampen sitt siste mål til 2-2. Eit greitt resultat sett kampen under ett. Gjestane var klart best i første omgang, medan heimelaget styrte begivenhetene i andre omgang. Sif/Hessa2 leder dermed med eit poeng på Norborg når dei har spelt alle sine kampar. Norborg på sin side har to kampar igjen neste uke. Tysdag mot Herd2, og torsdag mot Godøy/Vigra. To poeng gir avdelingssiger til Norborgjuniorane.


Gursken/Larsnes tok 2. plassen
8-10-2005 18:44
-Gursken/Larsnes vann 4-2 over FK Sykkylven2, mens Spjelkavik2 tapte 2-1 for Hovdebygda i siste runde av 5. divisjon. Dermed krabba Gursken/Larsnes seg opp på på siste opprykksplass. Vi gratulerer!
Tabell

Hødd2 tok KM-tittelen
8-10-2005 18:35
-Rollon avslutta ein sterk sesong med 4-0 over Ellingsøy, men sidan også Hødd2 vann sin kamp så er det ulsteinvikingane som får "bøtta" med seg heim. Vi gratulerer!
Tabell og resultat

Sorry, Ellingsøy!
8-10-2005 18:24
-Vigra vann 3-1 over Norborg i ein til tider svært amper kamp på Rota gras i dag. Vigra måtte har poeng for å kome seg forbi Ellingsøy i kampen om den viktige 11. plassen, som gir ståplass dersom AaFK2 eller Volda rykker opp i 2. divisjon. Arild Olsen ga Vigra lei-inga etter 25 minutt, men Martinus Grytten utlikna for Norborg ti minutt etter i ein jamspelt 1. omgang. Etter pause steig temperaturen fleire hakk og heimelaget fekk kampen inn i sitt spor. Eit kvarter før slutt sette Rune Akslen inn 2-1 på straffe, mens Sindre Rørvik fastsette sluttresultatet til 3-1 ti minutt før slutt. Sidan Ellingsøy tapte 4-0 for Rollon kunne Vigra juble for 11. plassen, men må vente til November for å få avgjort om det blir 4. eller 5. divisjon neste år.
Les meir..

Årets supportar 2005 !
7-10-2005 1:00
-Det er mange kandidater til tittelen årets supportar 2005 for Norborg. To kampar gjenstår i år der man kan bidra til at tittelen tilfaller seg. Herrekamp borte mot Vigra på laurdag kl. 15.00, og heimekamp på junior søndag kl. 14.00. Så alle stolte supportarar har her muligheten til skaffe seg bonuspoeng før spelerane skal velge sin kandidat. I 2002 vann Geir Magne Grande, i 2003 Frode Urke og i fjor Mauritz Grytten. Vinneren vil bli tildelt eit fint minne til å henge på veggen når utdelinga finn stad den 22.oktober i Uggedalen før bygdekampen.


Dommar slått ned
6-10-2005 23:27
-Hovdebygda si heimeside melder i kveld at dommaren i kretsfinalen G16 7'ar mellom Vartdal og Ravn vart slått ned av ein eldre Vartdal-supportar. At engasjementet rundt Vartdal sine talentfulle gutespelarar er stort fekk også Norborg erfare i fjorårets KM-finale då oransje-trøyene bl. a. vart skylda for å ha bestukke dommaren, dreve terror mot keeper og stjelt pengar frå ein spelar. No måtte laget nok ein gong sjå seg slått av eit Harams-lag. Noko som fekk det til å renne over for ein "stakkars" vartdaling.
Les meir hos Hovdebygda..

Innblanda i botnstrid
6-10-2005 23:19
-Den lille spenninga Norborg er med på i siste kamp er om ein sender Vigra rett ned i 5. divisjon og gir nabo Ellingsøy eit halmstrå og halde seg i, eller om det skal bli det motsette. Gutane er iallfall innstilte på å gjere sitt beste i trenarteamet sin siste kamp.
Les meir..

Solid laginnsats ga siger
6-10-2005 22:08
-Norborg sitt juniorlag vann 3-2 over SIF/Hessa2 på Hessa KGB i kveld. Det var likevel heimelaget som opna målkontoen ved Fredrik Ytterli etter 22 minutt, men Norborg snudde raskt kampen til 3-1 etter mål av Edward Laverton (27) og to av Kristoffer Søviknes (33 og 36). Norborg hadde etter pause god kontroll på kampen, men slapp vertane eitt mål nærmare etter eit sjølmål ti minutt før slutt. Det meldast om god laginnsats i ein underhaldande kamp. Spesielt Edward gjorde ein god figur, noko vi håpar han tek med seg til laurdagens herrekamp. Best hjå dei orange var Eivind Fjørtoft, og gode var også midtstopperane Brusdal og Alvestad.

God innsats mot Hødd
-siste kamp for småjentene
6-10-2005 0:10
-Småjentelaget spelte årets siste seriekamp mot Hødd i Uggedalen i kveld. God innsats av laget prega kampen mot flaggskipet Hødd.
Les meir..


Gutane enda på 3.plass
-vann haustsesongen
4-10-2005 13:08
-Ettersom Hareid vann 1-0 mot Herd i går kveld enda gutelaget opp med ein meget sterk 3.plass på tabellen. Dei tolv gutespelerane vi har hatt i år, og dei som har hospitert frå smågutelaget har gjort ein meget sterk prestasjon. I lag med Hødd og Aafk tok Norborg mest poeng i haustsesongen med tjue. Kretsmester Brattvåg og Blindheim fylgde på atten poeng, medan våren sitt beste lag Herd tok fattige tolv poeng. Gutelaget sine meritter så langt i år er dermed sterke. 3.plass i 1.divisjon, 3.plass Atlanterhavscup, 3.plass MøreCup, glimrande innsats og a-sluttspel på DanaCup og 1.plass på Hessa Cup. Neste og siste utfordring for året er InneKM, men før den tid skal spelerane i lag med klubben sine 6-7juniorspelera prøve å ta avdelingssigeren i 2.divisjon junior. Første kamp der er Hessa/Sif2 borte på torsdag på Hessa KGB.


Småjentene vann 4-3
-vann 2.divisjon avd.4
4-10-2005 12:57
-Småjentelaget vann sin siste kamp i 2.divisjon avd.4 med 4-3 borte mot Hessa. Dermed vart laget vinnar av si avdeling, og avdelings-mester. "Småjentelaget til Norborg varma både trener trioen, sjafører og publikum med tidvis godt spel og super innsats. Mest imponerande var midtbanekriger Ida Homeset å keeper i andre omgang Anette Vegsund. Det heile starta litt nervøst, småjentene viste at med siger så ville dei vinne avdelinga. Men etter kvart så kampen fikk satt seg, tok Norborg meir å meir over. Og det var ikkje ufortjent at norborg gjekk til pause med leining 2-1. Etter scoringa av Nina Witsø og Martine Gunnarsdottir. I andre omgang auka Martine Gunnarsdottir ledelsen til 3-1. Med litt hell å dyktighet i avsluttningsfasen så kunne småjentene auka både til 4-1 og 5-1. Men så skjer det som ikkje skal hende. Hessa scorer to kjappe mål og plutselig er stillinga 3-3, og nervøsiteten tek igjen eit lite tak i Norborglaget og Norborg benken. Kampen bølger etter dette fram å tilbake, med gode sjanser til begge lag. Men heldigvis trekker Norborg det lengste strået, då ein uheldig Hessa forsvarer styrer ett skudd fra Ida Holmeset i eige mål.", oppsummerar trenar Ådal på mail til norborg.com.


Ellingsøy på nett
1-10-2005 18:10
-Vår nabo Ellingsøy har fått seg webside. Vi gratulerer. Sida kan du sjekke ut her.

Resultat 4. divisjon
1-10-2005 18:10
-Ellingsøy er i trøbbel etter 1-4 tap for Hødd2 i dag. No held det faktisk ikkje med siger i siste runde for å kome vekk i fra 11. plassen. ÅVK tapte 5-6 for Godøy, men sidan EIL tapte så berga laget plassen like-vel. Brattvåg og Vigra spelte 3-3, SIF2 berga plassen etter 7-0 over Herd, mens Sunnylven og Rollon spelte 0-0.
Tabell

Hovdebygda klar for 4. divisjon
1-10-2005 18:00
-Vi kan i dag gratulere Hovdebygda med plass i neste års 4. divisjon etter ein 6-1 siger over Giske. HIL har tre poeng meir enn Spjelkavik og Gursken/Larsnes når det står igjen ei runde, men med klart betre målforskjell skal det eit under til om det ikkje skal bli opprykk. Harøy må diverre ta turen ned i 6. divisjon etter 3-1 tap for Åmdal. Skodje vann 4-1 over Volda2 og er no på trygg plass. Stordal redda også plassen med 3-2 siger over FK Sykkylven2. Giske lever i spenning om det blir nedrykk eller vidare i spel i 5. divisjon. Giske må her stole på at Sunnmøre sin represen-tant i kvalfiseringskampen for spel i 2. divisjon vinn over KBK.
Tabell

Jekyll and Hyde fotball i Uggedalen
1-10-2005 17:47
-Vi fekk sjå heilt to ulike omgangar i Uggedalen i dag. HaNo dominerte 1. omgang og leia 3-0 til pause etter mål av Per Harle Fjørtoft, Lars Petter Haram og Stian A. Haram. Etter pause bretta Norborg opp ermane og kjempa seg tilbake i kampen med to mål før 20 minutt var gått av Martinus Grytten og Tarjei Urkedal. Men trass brukbare sjansar på slutten vart det med desse måla. Dermed kunne HaNo reise lykkelege heim igjen med sin første siger over Norborg sidan 1997. Håkon Sæterøy var banens beste, mens Martinus Grytten, Tarjei Urkedal og Jan Even Drønne-sund var best for heimelaget.
Les meir..
Tabell