2007

Dagboka


Ørskog gav Herd juling!
30-06-2007 15:53
-Etter 10 kampar utan tap og tabell-topp i 4. divisjon har no Herd kome skikkeleg ned på jorda med to strake tap. I dag fekk dei nemleg ein leksjon av Ørskog som vann heile 5-1. Frank Abelseth (2) og Kjell Duber Tangen scora før pause, medan Jørn Valger-mo lag på til 4-1 midtvegs i 2. omg. I siste speleminutt vart det 5-1 på straffe av Frank Abelseth. murerane.com har meir om kampen.
Tabell

Halvspelt sesong
- litt statistikk
29-06-2007 17:52
-Halvparten av kampane i 4. divisjoner unnagjort. Godøy og Stranda er i førarsetet med Herd like i hælane. Det er nok først og fremst desse tre som vil kjempe om dei to opprykks-plassane, men vi trur Rollon også vil kome sterkare utover hausten og ha eit ord med i laget. I andre enden ser det vanskeleg ut for Stordal, medan HaNo ser ut til å ha funne forma og får kontakt med dei andre laga med siger på søndag. Vi har litt statistikk frå dei første 11 rundene.
Les meir..

Sterkt bortepoeng av Norborg
28-06-2007 21:40
Rollon - Norborg 3-3 (2-2)
1-0 Johan Strand (3), 1-1 Tarjei Urkedal (10), 1-2 Asgeir Kalvø (21), 2-2 Fredrik Ytterlid (27), 2-3 Tarjei Urkedal (70), 3-3 Kristian Tafjord (90)
Norborg var nær ved å røve med seg alle poenga frå Rollon i kveld, men i det klokka passerte 90 minutt banka Kristian Tafjord inn eit fortent utlikningsmål for heimelaget.
Les meir
..

Andre resultat i 4. divisjon
Herd-Stranda 1-3
Godøy-Stordal 2-1
Bergsøy-Sunnylven 7-1
ÅVK-Gulars 2-2
Ørskog-HaNo 1-1
Stranda vart dei første til å slå Herd denne sesongen. Stranda sine storscorarar Kato Vangen (2) og Ronnie Furset fiksa måla. Godøy gjekk neste på eit flautt poengtap mot Stordal, men Trond Brynestad og Svein-Arve Alnes fiksa tre poeng. Bergsøy fekk to mann utvist med vann likevel 7-1 i ein kamp Geir Sandnes re-debuterte med to mål. ÅVK redda uavgjort i sluttminutta mot Gulars, medan HaNo fekk sitt første bortepoeng på Sjøholt.
Tabell

Resultat 5. divisjon
27-06-2007 22:30
Åmdal-FK Sykkylven2 4-3
Hovdebygda-Blindheim2 6-1
MSIL-Emblem 3-3
Ravn-Skodje 4-1
Spjelkavik2-Vigra 3-3
Vigra tok med sitt poeng over tabell-toppen frå Vartdal, men er nok ikkje heilt nøgd med berre 1 poeng i kveld. MSIL skuffa også med 3-3 mot Emblem, og ligg fortsatt på 3. plass. Når topplaga ikkje vann, nytta Åmdal og Hovdebygda sjansen til å kome opp i ryggen på tet-trioen. Ravn fekk med sin siger eit pusterom i botn-striden.
Tabell

Dei tre store i same Øyacup-pulje
27-06-2007 21:19
-Norborg har kome i pulje med HaNo og Brattvåg i årets Øyacup, som arrangerast av Lepsøy. Den andre gruppa består av Lepsøy, Fjørtoft og Harøy. Liten tvil i kva som er "dødens gruppe" altså. Norborg sine kampar går slik:
Laurdag 7. juli
kl. 12 HaNo-Norborg
kl. 17 Brattvåg-Norborg
Finalen spelast søndag kl. 17.
Les meir.. (pdf-fil)

Landslagstrenar frå Gryta-stranda
27-06-2007 17:53
-Vigdis Holmeset har takka ja til å vere med på satsinga rundt det britiske kvinnelandslaget i handball fram mot OL i 2012, som skal arrangerast i London. Holmeset vil ta fatt på oppgåva i juli og skal i utgangspunktet vere der i to år. Danske Morten Arvidsson er sjef for landslaget, men vil ikkje vere dette på heiltid før neste år.
Les meir..

Viktig bortekamp mot Rollon
27-06-2007 17:30
-Norborg tek torsdag turen til Ålesund for å møte Rollon. Ein på papiret vanskeleg bortekamp, men oransje-trøyene er i form, og har poeng som målsetjing. Kampstart kl. 1830
Les meir..

Sandnes og Gudjonson til 4. divisjon
27-06-2007 16:53
-Både Bergsøy og Godøy har skaffa seg nye spelarar denne veka. Rutinerte Geir Sandnes har vendt tilbake til Bergsøy, medan Gud-mundur Gudjonson teamer opp med tidlegare SIF-kollega Svein-Arve Alnes og hans Godøy.

Lepsøy henger på
26-06-2007 21:35
-Lepsøy tok ein sterkt 3-1 siger borte mot Valder2 i kveld. Frank Gjerde 2 og Svein Ove Farstad scora for raudtrøyene. Lepsøy har dermed heng på topplaga.
Tabell
Statistikk

Tini tilbake med mål då Norborg2 vann
25-06-2007 21:00
Norborg2-Brattvåg2 3-1 (0-0)
1-0 Ole Johan Urke (60), 1-1 Azem Maksumic (62), 2-1 Martinus Grytten (86), 3-1 Geir Ove Grønli (90).
Det var lenge jamt i Uggedalen mellom naboane, men så vakna heimelaget og avgjorde kampen med to seine mål. Nesten like gledeleg som sigeren var det å sjå Martinus Grytten tilbake på bana. Sjølv om han ikkje har røyvd ein fotball på nær eitt år grunna skulegong i USA, sette han umiddelbart fart i Norborg2 då han kom inn 20 minutt før slutt. Eit kvarter seinare sette han innleiarmålet etter flott forarbeid av banens beste, Ole Johan Urke.
Les meir..
I ein annan 6. divisjonskamp vann Stranda2 heile 10-0 over Giske.
Tabell

Harøy til topps etter siger
24-06-2007 20:05
-Harøy tok i dag sin første bortesiger då dei vann 3-2 over Langevåg2. Stig Sandøy 2 og Rolf Borgan scora for Harøy, medan Daniel Grande og Knut Pettersen netta for heimelaget. Harøy tok med desse poenga over tabell-toppen grunna betre målforskell enn Norborg2, som møter Brattvåg2 i morgon.
Tabell

To runder igjen før ferien
24-06-2007 19:57
-Så har heile ti serierunder blitt gjennomført i årets 4. divisjon. Herd er den store overraskinga, medan Rollon og Bergsøy har gjort det svakare enn venta. Rollon vil med to sigrar før ferien ha kontakt, medan Bergsøy treng ei lang sigersrekke for å blande seg inn i opprykksstriden.
Les meir..

Stordal mot stupet
23-06-2007 14:45
-I den viktige botnkampen idag tapte Stordal heile 4-8 (1-4) for ÅVK på Sjøholt, og dermed er det heile 8 poeng opp til sikker plass for gul-trøyene. Truleg må Stordal vinne halvparten av dei 12 gjenståande kampane for å stå i divisjonen. Det blir nærmast ei umogeleg oppgåve. I går vann Stranda 4-2 over Bergsøy.
Tabell
Målscorere

Overtidsmål ga heldig poeng
21-06-2007 20:58
Norborg-Godøy 3-3 (2-1)
Mål Norborg: Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten (str.) og Kristian Søviknes.
Mål Godøy: Svein-Arve Alnes (2) og Erlend Holmen.
Godøy var det beste laget, men Norborg var effektive og redda eitt poeng minuttet på overtid då Kristian Søviknes putta frå kloss hald etter innlegg av Stein Erik Reitan. Norborg leia noko heldig til pause mot eit godt Godøy-lag. Etter kvila dominerte gjestane stort den første halvtimen, og snudde kampen. Etterkvart jamna det seg ut, og på overtid kunne så heimelaget juble for utlikning og eit sterkt poeng. Flott jobba. Kampreferat

Andre resultat:
HaNo-Herd 0-0
Gulars-Ørskog 6-0
Sunnylven-Rollon 2-4
Tabell

Overraskingar i 5. divisjon
20-06-2007 21:24
-Topplaga Vartdal og MSIL gjekk begge på overraskande tap i kveldens 5. divisjonsrunde. Dermed nytta Vigra sjansen til å kome seg opp på 2. plass etter å ha slakta Ravn 8-0. For nokre veker sidan var Ellingsøy med i toppen, men no liknar gultrøyene meir på eit 6. divisjonslag enn topp femte. I kveld greidde dei nemleg å tape 3-1 borte for botnlaget Skodje. Kveldens resultat: FK Sykkylven2-MSIL 3-2, Vartdal-Åmdal 1-2, Vigra-Ravn 8-0, Blindheim2-Spjelkavik2 4-2, Emblem-Hovdebygda 0-4 og Skodje-Ellingsøy 3-1. Vartdal toppar med 25 poeng på 11 kampar. Vigra har 24 på 10 kampar. MSIL har 23 poeng.
Tabell

Heimekamp mot Godøy
20-06-2007 20:47
-Norborg tek torsdag kl. 1830 imot Godøy på Uggedal stadion. Alt ligg til rette for ein spennande og under-haldande kamp mellom dei to form-laga. Vél møtt!
Les meir..

Valder2 slo Langevåg2
19-06-2007 22:34
-Valder2 vann 3-1 over Langevåg2 i kveld. Dermed er LIL2 på 3. plass fire poeng bak leiarlaget Norborg2.
Tabell

Smågutane vann si avdeling
19-06-2007 17:19
-Norborg sitt smågutelag har gått til topps i si 2. divisjonsavdeling og får dermed tilbod om å spele i 1. divisjon til hausten. Etter at laget opna med 5-5 mot Hessa har ein gått frå siger til siger. Laget enda då eitt poeng framføre Brattvåg.
Tabell

Farstad hindra Norborg-jubel
18-06-2007 20:40
Norborg2-Lepsøy 1-1 (0-0)
Mål H: Martin Grytten (72)
Mål B: Svein Ove Farstad (90+4)
Eit kanonskot frå langt hald av Svein Ove Farstad førte til poengdeling på Uggedal stadion. Martin Grytten gav Norborg2 leiinga knappe kvarteret før slutt i det som var ein sjansefattig og jamn kamp i vinden på Uggedal stadion. Norborg2 fekk dermed sitt første poengtap.
Les meir..
Tabell
Statistikk

Kampreferat ÅVK-Norborg
18-06-2007 16:51
-Her er kampreferat og nokre bilete frå ÅVK-Norborg.
Les meir..

2. laget i toppkamp
17-06-2007 20:39
-6. divisjon avd. 1 sitt leiarlag Norborg2, møter seriefavoritt Lepsøy måndag kl. 1830 på Uggedal stadion. Møt opp å sjå om oransetrøyene kan ta sin 6. strake siger. Norborg2 stille med følgjande tropp: Kurt, Krenges, Elling, Neven, KIB, Alvestad, Roger, Fazza, André, Eivind, Furnes, Martin, Urke, Amund, Grønli, Skjalg og Veggen. Oppmøte kl. 1725.
Les meir..

Målfest og bortesiger på Eidså
16-06-2007 20:05
ÅVK-Norborg 4-6 (1-2)
Mål Norborg: Tarjei Urkedal (2), Kim Idar Krogsethagen (2) og Steffen Grytten (2).
Mål ÅVK: Sigve Støylen, Ole Theodor Hovden, Martin Ekremsæther og Håvar Karlsen.
Norborg tok føringa allereie i det 6. minutt og viste mykje fin fotball på Eidsåvoll mot eit uvanleg tafatt ÅVK, som tydeleg sakna forsvarskongen Hallvar Larsen og toppscorar Ole Per Kragset. Halvvegs i 1. omgang utlikna Sigve Støylen på ein av ÅVK sine få sjansar før pausen. På overtid sikra likevel Steffen Grytten fortent Norborg-leiing etter godt slått corner av Bee. Ole T. Hovden utlikna på frispark like etter kvila, men dette var Norborg sin dag og etter mange flotte angrep og gode dødballar stod det 6-2 ti minutt før slutt. I sluttminutta får heimelaget redusere to gongar. Det første på straffe. Då vart også Norborg-keeper Geir Roar Gamlem utvist med sitt andre gule kort. Flott kamp av Norborg som var klart betre enn ÅVK i denne kampen. Norborg har dermed vunne 3 av dei siste 4 kampane og er på 3. plass på formtabellen.
Tabell

Båt til Eidsåvoll
15-06-2007 18:35
-Norborg reiser laurdag med båt til Eidså. Avreise frå småbåthavna i Søvik kl. 12.

Mange laurdagskampar
15-06-2007 18:21
-Laurdag spelast heile 4 av kampane i den 9. serierunda i 4. divisjon. Kampen mellom Stranda og HaNo startar allereie kl. 1300. Stranda er solide heime og blir storfavoritt mot HaNo, som ventar på sine første bortepoeng. Dei poenga kjem ikkje i morgon. Klar heimesiger. Kl. 1400 startar oppgjeret mellom tetlaget Herd og formsterke Gulars. Sistnemnde trivst ikkje spesielt godt på kunst-gras og gjekk på stortap mot Stranda i sist bortekamp. Sjølv om Gulars har enkelte lettbeinte og tekniske spelarar trur vi Herd si breidde blir avgjerande og sette H. Kl. 1500 startar lokaloppgjeret mellom Ørskog og Stordal. Ørskog er eit velorganisert lag som er vanskelege å skape sjansar på, medan Stordal har si styrke i det offensive spelet med stor-scorar Petter Aksel Kirkebøe i spissen. Vi trur ikkje på nokon mål-orgie på Sjøholt, men at heimelaget tek ein knapp siger. Siste kamp startar også kl. 15 og er mellom ÅVK og Norborg. Ein på papiret vidopen kamp, men sidan ÅVK manglar topp-scoraren sin, så trur vi oransjetrøyene tek sin første bortesiger for i år.

Alnes-dobbel sikra Godøy-jubel
14-06-2007 21:22
-Ifølgje rollon.no sitt forum har Rollon vunne heile 4-1 over Bergsøy. Stillinga ved pausen var 1-1, men Bergsøy er divisjonens svakaste lag i 2. omgang og måtte gi tapt. Godøy tok sin 5. strake heimesiger då det i kveld vart 2-0 over Sunnylven etter to mål av Svein-Arve Alnes, som då er toppscorar i 4. divisjon med 11 mål.
Tabell

Tek turen til Eidsåvoll laurdag
14-06-2007 18:14
-Norborg skal ut i sin femte borte-kamp for året på laurdag. Motstandar er Åram/Vanylvskameratane. Vil endeleg dei første bortepoenga kome?
Les meir..

Endeleg siger for 7'ar laget
13-06-2007 20:46
-Norborg sitt herrar 7'ar tok årets 2. siger då dei noko overraskande slo sigersvande HaNo 5-2 på Haramsøya. For Norborg scora Elling Mikal Kalvø 3, Alexander Holmeset og Bjørnar Engeset på frispark frå 45 meter.
Tabell

Målrikt toppmøte på Vartdal
- nytt KGB-tap for Ellingsøy
13-06-2007 20:36
-Toppkampen i 5. divisjon mellom Vartdal og MSIL enda 4-4. Ein underhaldande og morosam kamp skulle vi tru. Vigra nytta sjansen til å kome i rygg på dei to topplaga med sin 6-2 siger over Blindheim2. Ellingsøy fortsette å tape på si nye kunstgrasbane. I kveld var det ravningar i poengnaud som lurte gultrøyene for poeng. Ravn vann 1-0, og fekk eit pusterom til laga under streken. Spjelkavik2-Emblem enda 3-4 og Åmdal-Skodje 5-1.
Tabell

Omtrent same opning som i fjor for Norborg
12-06-2007 19:47
-Norborg sitt 4. divisjon har hatt omtrent same opning som i fjor. I 2006 stod laget med 11 poeng etter 8 serierunder, medan ein i år står med 9. Herd og Godøy har hatt best utvikling sidan i fjor, medan HaNo er den store taparen.
Les meir..

Kampreferat Norborg-Ørskog
11-06-2007 22:04
-Norborg vann sist torsdag 2-1 over Ørskog i ein jamn og sjansefattig kamp.
Les meir..
Statistikk

Harøy og Lepsøy vann
10-06-2007 21:03
-Både Harøy og Lepsøy vann i dag . Harøy sendte Valder2 heim igjen med 10-1 tap, medan Lepsøy vann 9-0 over Stranda2. Brattvåg2 fekk sin første siger då det laurdag vart 4-1 over Giske.
Tabell

Storsiger til G-16
10-06-2007 20:53
-Norborg sitt gutelag vann i dag heile 9-3 over Ørskog. Martin Grytten 4, Knut Øyvind Grytten 2, Johan Stavik 2 og Adrian Holmeset scora.
Les meir..

Sterk sluttspurt ga tre poeng
7-06-2007 21:44
Norborg-Ørskog 2-1 (0-1)
Mål: Steffen Grytten (83) og Kim Idar Krogsethagen (89)
Ørskog: Aslak Benjaminsen (3)
Norborg sleit kraftig med å kome seg til sjansar mot eit Ørskog-lag med tidleg leiing. Men oransjetrøyene har god moral, og kjempa til seg tre poeng i sluttminutta på det som kan seiast å vere ein dårleg dag. Kampen var særs sjansefattig og svak. Meir kjem måndag.
Tabell

Fekk medhald i protest
7-06-2007 16:58
-Norborg2 fekk medhald i sin protest mot Valder2 då sistnemnte lag brukte ein spelar som hadde starta på 1. laget. Kampen som enda 2-2, er no endra til 0-0 og tre poeng til Norborg2. Valder2 har beklaga at dei ikkje kjente til reglane for bruk av spelarar mellom 1. og 2. lag. No skal det seiast at Norborg2 gjorde Valder2 merksam på reglane før kampen starta, men likevel valde dei å starte med 1. lagsspelar Kristoffer Giske.

Tet-trio vann - Ravn tapte
6-06-2007 22:45
-Ravn gjekk på eit nytt tap i 5. div. då det i kveld vart 0-2 heime mot Åmdal. Elles vart det favorittsigrar i runda. MSIL banka Skodje 7-1, Vartdal vann 5-2 over nabo Hovdebygda, Vigra-Ellingsøy 3-1, FKS2-Spjelkavik2 5-0 og Emblem vann 5-2 over nabo Blindheim2. MSIL toppar tabellen med sine 22 poeng, dette er eitt framfor overraskingslaget Vartdal. Vigra ligg på 3. plass fire poeng bak MSIL.
Tabell

Skodje tok årets første siger i Søvikdalen
5-06-2007 22:15
-For nokre veker sidan vann Norborg sitt 3. lag 14-2 over Skodje. I kveld var det payback-time. Skodje vann 8-6 over heimelaget og tok dermed årets første siger. Eit forsterka Skodje-lag tok leiinga allereie eitt minutt ut i kampen og leia 4-1 ved pause. I 2. omgang kom Norborg sterkt og utlikna til 4-4 eit kvarter ut i omg-angen på straffe etter at ein utespelar redda eit skot på streken med handa. Skodje-spelaren vart utvist, og dei fleste trudde at eit Norborg-lag i fint driv skulle behalde 3 poeng i Søvik-dalen. Så skjedde ikkje, og Skodje avgjorde kampen til sin fordel. Geir Magne Grande 4, Alexander Holmeset og Fredrik Holmeset scora for oransjetrøyene. Takk til Johan Stavik som stilte opp som dommar på kort varsel.

Årets første tap for G-16
4-06-2007 21:27
-Gutelaget reiste i dag til skodje for årets 6. runde. I fineveret tapte guttane 6-4 i en jamnspelt kamp. Norborg starta best og tok ledelsen etter 17 min ved Martin Grytten, han ordna også 2-0 etter 30 min. Like etter reduserte Skodje til 2-1. To min etter får Adrian fullklaff på et skudd og dermed 3-1. Et flott langskudd, men like etterpå reduserer skodje igjen på et stjerneskudd fra 20 meter. Laga går til pause med 3-2 ledelse til Norborg. Etter pause reduserer skodje en gang til 3-3. No mister guttane litt haude etter to dommer- avgjørelsa imot oss, og vi får da 2 nye mål imot. Det går ca 10 min før vi får samla laget og får stresse ned, og vi begynner å komme inn i kampen igjen. Skjalg får redusert en gang før skodje klare å score på nytt. Kampen ender med 6-4 seier til Skodje. En grei kamp av guttane som fikk bra motstand idag. Et pluss til Adian i dag for outstanding arbeid på midtbana. Alt i alt et greit resultat, beretter trenar Geir Magne Grande.

Poengdeling på Valderøya
4-06-2007 19:33
*Edward Laverton ga Norborg2 leiinga mot Valder2 når 10 minutt var spelt. Stillinga stod seg til pause.
** To minutt ut i 2. omgang dobla same mann leiinga til Norborg2, så det no står 2-0. Kampen er jamspelt, men oransje-trøyene er kvassast framfor mål.
*** Geir Ove Grønli har fått eit mål annulert, medan heimelaget har hatt eit skot i stolpen.
**** Valder2 reduserte seks minutt ut i 2. omgang
***** Valder2 utlikna på straffe eit kvarter før slutt.
Det enda dermed 2-2 på Valdervoll mellom Valder2 og Norborg2. Heime-laget nytta seg imidlertid av ein spelar som starta for 1. laget mot FK Sykkylven sist fredag. Norborg2 gjorde før kampstart Valder2 merk-sam på at dette er ulovleg. Heime-laget tok ikkje dette til etterretning og Kristoffer Giske starta kampen. Norborg2 leverte dermed inn protest etter kampen.
Lagoppstillinga til Norborg2; Kurt Erik Grytten - Kristoffer Engeset, Jan Even Drønnesund, Kjell Terje Brusdal, Roger Grytten - Ole Johan Urke (Fredrik Furnes, 46), André Larsen, Kristian Furnes, Espen Solheim (Amund Terøy, 30) - Edward Laverton, Geir Ove Grønli. I kveldens to andre 6. divisjonskampar vann Harøy 5-0 over Brattvåg2 og Lepsøy 9-1 over Giske.
Tabell

Norborg tildelt Rica Parkett Cup for Gutar-14
4-06-2007 19:41
-Norborg har blitt tildelt Inne-KM for Gutar-14 komande haust. Turneringa vil gå føre seg i Brattvåghallen 3.-4- november. Vi kan elles nemne at Norborg sitt G-14 lag er ei talentfull gruppe som leiar 2. divisjon med 4 sigrar og 1 uavgjort. Av andre RPC tildelingar kan vi nemne at Menn innleiande vil gå føre seg i Fosnavåg og Sykkylven, medan sluttspelet skal Godøy arrangere. Brattvåg arrangerar for G-19, medan vår nabo lenger inne i Grytafjorden arrangerar for G-13.
Les meir på strandafotball.no.

Storsiger til Stranda
1-06-2007 23:22
-Stranda vann heile 6-0 over Gulars i kveld, og har dermed heng i opp-rykksstriden. Espen Hove (3), Ronnie Furset (2) og Tonny Åsen scora, melde strandafotball.no. I 3. divisjon gjek Brattvåg på årets første tap då Volda vart for sterke å vann 4-1. SIF vann 5-1 over Spjelkavik og toppar divisjonen. Andre resultat: FK Sykk-ylven-Valder 1-1 og Blindheim-Ørsta 4-1. Hareid-AaFK2 og Langevåg-Hødd2 spelast måndag.
Tabell 4. divisjon
Tabell 3. divisjon