| Hødd vann mot Blindheim 31-01-2004 22:08 -Hødd vann 2-0 mot Blindheim i dagens kvalifiseringskamp i Nor-borg si pulje. Dermed står både Hødd og Norborg med en siger og 2-0 i målforskjell neste helgs inn-byrdes oppgjør i Sunnmørshallen. God start på vinterserien 31-01-2004 14:46 -Norborg vann 2-0 over Stranda laurdag ettermiddag. Etter ein jamnspelt 1. omgang tok Norborg meir over etter pause, og i løpet av det siste kvarteret fiksa Kim Idar Krogsethagen Norborg-siger med to mål. Les meir.. Norborg-genser! 31-01-2004 1:38 -Norborg vil snart starte sal av ein Norborg-genser. Genseren vil bli vist på Grytastranda skule 12. februar. Du får då høve til å finne din størrelse og bestille. Terøy held fram som små- jentetrenar 29-01-2004 22:05 -Endeleg er hovudtrenar for små- jentelaget på plass. Amund Terøy tek jobben eitt år til, med oppstart første veka etter vinterferien. Inntil den tid vil laget bli trent av ein av dei tre hjelpetrenarane frå foreldre-gruppa. Treningane vil gå onsdagar og søndagar. Når Amund tek over laget kan det bli forandringar. Ein reknar også med å få til nokre eks-tratreningar innandørs i tida fram-over. Tidspunkta for desse kjem vi tilbake til, seie Per Ringstad til norborg.com. Utpakking av klubbutstyr - fotosession! 29-01-2004 19:28 -Torsdag 12. februar vil det bli ut-pakking av utstyr på Grytastranda skule. Det vil også bli tatt bilete av laga, tilbod ifrå Rongve, samt at gjengløymte klede vilbli lagt fram. Les meir.. Bergsøy til helga 29-01-2004 12:20 -Juniorlaget møter søndag Bergsøy til vinterens andre kamp. Laget har fått ny trener, og er optimismen tilbake hos spelerane ? Les meir.. Damene stiller 11'ar lag 28-01-2004 21:42 -Damespelarane bestemte seg onsdag kveld for å satse på 11'ar fotball sesongen 2004. På grunn av få lag på Sunnmøre vil då laget gå inn i 2. divisjon. Påmeldingsfristen er 1. februar, medan styret vil be-handle påmelding av lag på fredag. -Veldig positivt at damespelarane vågar å satse på eit 11'ar lag. Dette er første steg i retning av å skape ei trygg plattform for jente/damefot-ballen i klubben, og vi håper at dette skal verke motiverande for jenter på dei aldersbestemte laga, seier den sportslege leiinga i Nor-borg. Møter Stranda på Moa laurdag 28-01-2004 20:27 -Norborg sitt herrelag spelar vinter-seriekamp mot Stranda på Moa KGB laurdag kl. 12. Les meir.. Husk å betal kontigent 28-01-2004 16:59 -Alle norborgarar må huske å betale medlemsskapet sitt. Kontigenten betalast til kontonr. 3900 32 12274. Les meir.. Kvammen og Haugan klare for spel 28-01-2004 16:56 -Øyvind Kvammen sin overgang frå Hildre, og Øystein Haugan sin overgang frå Bjørset vart onsdag fullført. Begge er dermed klare for spel mot Stranda i vinterserien. Kim Idar Krogsethagen ny juniortrenar! 27-01-2004 17:45 -Sunnmøre sin målkonge Kim Idar Krogsethagen skal no prøve seg i trenargjerninga. Tysdag kveld sa han nemleg ja til å leie Norborg sitt juniorlag. I trenarteamet vil han mest truleg få med seg Kurt Erik Grytten. Husk å betale! 26-01-2004 17:49 -Betalingsfristen for lisens er denne veka. Dei herrespelarane som har eit ønske om å få slippe til mot Stranda på laurdag må ha betalt. Resultater vinterserien 26-01-2004 17:41 -AaFK-Volda 7-2, Herd-Skodje 5-0 og Valder-HaNo 1-1. FKS2-Ørskog vart avlyst sidan FKS2 ikkje greidde å stille lag. Kampen vart trekt til H på Sunnmørskupongen. I ein treningskamp tapte Godøy 0-2 for Blindheim/Emblem. På 8. plass 25-01-2004 13:18 -norborg.com enda til slutt på 8. plass i Sportsweb.as si kåring av dei beste heimesidene. Heimesida vår fekk poeng frå 2 av 3 dommarar, samt ein høg score frå folkets-jury. Norborg fekk følgjande kommentar frå Sportsweb.as; "En annen publi-kumsfavoritt var Norborg IL sine sider som vitner om stort lokalt engasjement. Sidene har en rekke gode funksjoner, og klubbens med-lemmer kan så absolutt være stolte over hva de har fått til" -Ein 8. plass var omtrent der vi tippa sida skulle kome på, men nok ein gong ser vi at design har hatt meir å seie enn oppdateringar, og vi taper nok litt på det. Men for oss så er det viktig-aste at norborgarane er nøgde med sida, ikkje sluttplasseringane i desse uhøgtidelege, men moro-same kåringane. Vi gratulera elles MSIL.no som vart kåra til Sunn-møre si beste heimeside, seier redaksjonen i norborg.com. Damene vann 4-2 25-01-2004 13:03 -Damelaget opna vinterserien med siger 4-2 (4-1) mot Tjørvåg. Linda Holmeset 2, Karen Elise Erikstad og Camilla Krogsethagen putta måla for dei oransje. Vann 2-0 i første kamp 25-01-2004 12:48 -Gutelaget vann enkelt 2-0 mot Sulalaget tidlig søndag morgen. Espen Solheim gjorde 1-0 til pause, medan Samir Sahman auka på straffe tidlig i andre omgang. Dei oransje var aldri trua, men spelte omstentligt og ikkje opp mot sitt beste i denne kampen. Les meir.. Vinterserieresultat 24-01-2004 20:09 -Harøy vann heile 6-2 over Giske, medan Hødd vann 4-1 over Skar-bøvik i vinterserien laurdag. Tapte i sluttminuttet 24-01-2004 16:26 -Juniorlaget tapte 2-3 (0-1) mot Rollon i dagens kamp i Sunnmørs-hallen. Bylaget avgjorde kampen i siste speleminutt etter at Norborg hadde innhenta Rollon si 0-2 leiing midtvegs i 2. omgang. Edward Laverton og Christopher Urkedal skårte for dei oransje med to flotte mål. Les meir.. Norborg sigra i Molde 23-01-2004 18:39 -Norborg vann 2-1 (1-1) over Træff2 fredag ettermiddag. Eit ungt Træff2 tok leiinga 1-0 på eit kjempeskot litt ut i 1. omgang. Kim Idar Krogset-hagen ville ikkje vere noko dårleg-are å scorte også på eit nydeleg skot. Etter pause vart Geir Ove Grønli matchvinnar på ei heading etter eit frispark frå Øyvind Kvam-men. Norborg spelte ein god kamp, og alle 19 som var med innover fekk spele ein omgang. Roger Grytten og Kenneth Vegsund måtte diverre gå ut med skader. Les meir.. Sandra og Vebjørn er klare 23-01-2004 16:00 -Sandra Larsen og Vebjørn Grytten sine overgangar frå Brattvåg til Norborg er no i orden kan Nordmøre og Romsdal Fotballkrets bekrefte. Sandra kan dermed spele for Norborg i kampen mot Tjørvåg på søndag. Sulalaget første hinder 22-01-2004 23:34 -Første hinder på vegen mot 1.div-isjon for gutelaget er Sulalaget. Eit lag som dei fleste har eit dårleg minne i frå. Les meir.. Juniorlaget vinn, eller? 22-01-2004 23:09 -Juniorlaget opnar kvaliken med kamp mot Rollon på laurdag. Vil dei oransje ta årets første siger ? Les meir.. Vinterserien tek til for damelaget 22-01-2004 19:26 -Norborg sitt damelag tek søndag morgon turen til Sunnmørshallen for å møte Tjørvåg. Norborg har ein solid stall og er favoritt i denne kampen. Les meir.. Herrelaget møter Træff2 22-01-2004 19:24 -Norborg tek fredag turen inn til Molde for å møte Træff sitt 2. lag. Vi trur på ein jamn kamp mot krinsmeisteren i 4. divisjon avdeling Nordmøre/Romsdal. Les meir.. Sonekampane avlyst 21-01-2004 18:48 -Torsdagens sonekampar på KGB er avlyst grunna værforholda. Dette kunne soneansvarlig Roger Furnes bekrefte til gutespelar Samir Sah-man på telefon onsdag kveld. Adrian og Martinus på sonesamling 21-01-2004 17:05 -Adrian Håbet og Martinus Grytten er utteken til sonesamling for gutar fødd i 1989. Samlinga er på Bratt-våg kunstgrasbane den 24. januar kl. 0930. Herrelaget 2004 klart 20-01-2004 22:09 -Grunna stor pågang av spelarar måtte ein i år ta ut ein herrestall på 22 spelarar. Sjå troppen Treningskamp mot Træff 20-01-2004 22:03 -Herrespelarane avgjorde på tysdagens trening at dei fredag vil ta turen til Molde for å møte Træff sitt 2. lag. Kampen startar kl. 1630. Troppen blir tatt ut onsdag. Dette betyr at dei ikkje vert trening på torsdag. Norborg i 2. divisjon? 20-01-2004 16:15 -Norborg kan få eit 2. divisjonslag i fotball denne seongen. Damelaget har nemleg så mange spelarar at ein vurderer sterkt å melde på eit 11'ar lag, istaden for 7'ar. På grunn av få damelag i regionen vil ein då mest sannsynleg gå inn i 2. divi-sjon. Der vil ein møte naboklubbar som Brattvåg og HaNo. Avgjersla omkring laget vil bli tatt innan kort tid. Mogeleg Træff-kamp på fredag 19-01-2004 23:51 -Norborg vil mogeleg ta turen inn til Molde for å møte Træff2 på fredag. Det blir opp til spelarane om dei vil ta utfordringa. Kampen vil ha kamp-start kl. 1630 om oransjetrøyene takka ja. Trenaren sine ord 19-01-2004 23:24 -Trenar Øystein Haugan var veldig positiv etter kampen mot Valder, og roser spelarane sine. Les meir.. Møter Brattvåg x3 19-01-2004 13:30 -Juniorlaget har avtalt treningskamp mot Brattvåg junior torsdag 18.mars på kunstgrasbana kl. 20.30. Gute-laget har avtalt ny kamp mot Bratt-våg 14.mars kl. 12.15 på KGB. I tillegg møtes dei til generalprøve før seriestart den 18.april på KGB. Vinterseriekamp avlyst 18-01-2004 21:38 -Vinterseriekampen mellom MSIL/LIL2 og Ellingsøy idag vart avlyst. Denne kampen stod også på Sunnmørskupongen. Kampen vart dermed trekt, og det endte med H, noko som betyr MSIL/LIL2 siger. Avklaring om Aksla snart 18-01-2004 21:05 -SFK hadde laurdag ikkje fått beskjed frå Aksla om laget trekk plassen sin ifrå 4. divisjon, eller om dei skal samarbeide med Rollon. Avklaring på dette kjem om få dagar. Skulle Aksla trekke laget blir Hovdebygda ståande i 4. divisjon. Seriekampen mot Stranda flytta 18-01-2004 20:45 -Norborg var idag i kontakt med Stranda om flytting av seriekampen mellom klubbane som var oppsett torsdag 29. mai til laurdag 1. mai kl. 1500. Noko Stranda godtok. Norborg takkar Stranda for hjelpa og seie seg no godt fornøgd med terminlista. Brattvåg vann 6-0 18-01-2004 16:25 -Brattvåg vann 6-0 mot gutelaget til Norborg under vanskelige snøfor-hold på KGB søndag. Begge lag viste tendenser til bra spel forholda tatt til betraktning. Kampen vart spelt over 3*30 minutt. Uavgjort mellom turkame-ratane 18-01-2004 14:15 -Norborg og Valder spelte 0-0 i snøveret på Brattvåg kunstgras-bane. Kampen vart spelt over 3 x 20 minutt under svært vanskelege forhold. Både Norborg og Valder hadde sine sjansar til å avgjere kampen. Begge lag håpar på betre forhold når dei møtast i Holland i påska. Les meir.. Live referat 18.01.2004 10:56 -Følg Norborg - Valder kampen live her, i dag kl 12.00. Det er en liten mulighet for at live referatet blir avlyst, grunna værforhold(fare for øydelegging av teknisk utstyr) Seks forandringar på terminlista 17-01-2004 19:01 -Det vart laurdag halde terminliste-møte for laga i 3., 4. og 5. divisjon. Norborg ville gjere ein del forand-ringa på det opprinnelege opp-settet, blant anna ville ein prøve å unngå torsdagskampar i partals-veker, samt søndagskampar. Les meir.. Resultat vinterserien 17-01-2004 18:58 -Spjelkavik-Brattvåg 2-1, Bergsøy- Ørsta 1-0 og Godøy-Vigra 5-6. Jan Arild Austnes scorte 3 mål (2 påstraffer) for Godøy etter overgangen frå Skarbøvik. ÅVK og Kvamsøy sam-arbeidar 17-01-2004 0:33 - ÅVK og Kvamsøy IL har inngått samarbeidsavtale som inneber at spelarar på dei to klubbane sine seniorlag kan spele på kvarandre sine lag i 2004-sesongen. ÅVK ønsker også å inngå i samarbeidet til Sande-laget. Dette er eit samarbeidslag mellom klubbane i Sande. ÅVK er også i samtale med Åheim IL om å forlenge samarbei-det mellom dei to senior-laga til klubbane, melder ÅVK si webside. Pressemelding frå Nattcup 16-01-2004 17:13 -Nattcup blir arrangert neste helg, og leiinga har sendt ut følgjande pressemelding. Les meir.. Ny kamp søndag 15-01-2004 23:52 -Søndag etter herrekampen Nor-borg-Valder er det klart for nytt oppgjør mellom Haram sine beste gutelag. Revansjerar Norborg seg, eller er Brattvåg best igjen ? Les meir.. Fem mann signerte 15-01-2004 20:01 -Asgeir Kalvø, Tore Mårstøl, Bjørn Urkedal, Øyvind Kvammen og Kenneth Gamlem sette alle signaturen sin på Norborg sitt kontraktforslag denne veka. Norborg er svært fornøgd med at både dei unge og dei meir rutinerte valde å skrive under. - Dette er spelarar som er viktige for laget i fleire år framover, uttalte leiinga. På spansk! 15-01-2004 19:38 -Så er den spanske versjonen av norborg.com kome. Vi rettar ein stor takk til Biarte Hånes for over-settinga. Valder på søndag 14-01-2004 22:41 -På søndag er det endeleg klart for sesongopning for herrelaget då Valder er motstandar på kgb i Brattvåg. Dette er Øystein Haugan sin første kamp som Norborg-trenar så vi håper mange finn turen til Brattvågen søndag kl. 12. Les meir.. Fem minnerike sesongar 14-01-2004 21:00 -Sindre
Hildre takka for seg etter fem flotte sesongar i Norborg. I desse dagar
reiser han til Brasil for nye utfor-dringar. Vi har fått eit eksklusivt
intervju med den suksessrike Norborg-trenaren.Les meir.. norborg.com på utanlandsk! 14-01-2004 17:47 -Vi vil den nærmaste tida presen-tere Norborg på fleire ulike språk, og først ute er den islandske ver-sjonen. norborg.com vil rette ein stor takk til Helga Bjørg og Harpa som gjorde oversettinga. Fire med på sonelaga 14-01-2004 16:10 -Jannicke Gjerset og Camilla Johansen er utteken på sonelaget for jenter født i 88/89, som skal spele kamp mot sone 2 på Brattvåg kunstgras den 22. januar. På sonelaget for gutar fødde i 88/89 har Norborg fått med angriparane Samir Sahman og Espen Solheim. Dei skal også spele kamp mot sone 2. Vi ønsker alle lykke til. Les meir.. Kvammen til Norborg 13-01-2004 19:28 -Øyvind Kvammen signerte tysdag kveld overgangspapira som gjer at han blir Norborgspelar sesongen 2004. Kvammen, som bl.a.er kjent for å ha scort Norborg sitt seriemål nr. 1000, har det siste året spelt for Hildre. Norborg si sportslege leiing kom med denne kommentaren. - Med sin fart og teknikk har Øyvind eit utruleg stort potensiale, og vi trur han vil slå ut i full blomst denne sesongen etter å ha hatt ein del skadeproblem tidlegare. Vi er svært nøgd med at han vil spele i den oransje trøya. Haugan gjer seg spelbar 13-01-2004 19:26 -Trenar Øystein Haugan signerte tysdag kveld overgangspapira som gjer at han blir registrert som spelar for Norborg. Haugan spelte ifjor for Bjørset. Hareide til Amsterdam -Kalvø til Australia 13-01-2004 17:33 -Fjorårets Norborgkaptein Morten Kalvø er i dag på reisefot til si nye heimstad det neste året Australia. Frå Gardemoen kunne han rapp-ortere om fleire kjente fotballperson-ligheter som var ute å reiste. -Åge Hareide tok 17.45 flyet til Amster-dam, her er det noe på gang, var meldinga frå Kalvø. Vi ønskjer han god tur vidare. Må betale spelarlisens for å delta i vinterserien 12-01-2004 17:32 -Har du huska å betalt spelar-lisensen din? Viss ikkje må du gjere det snarast råd, elles får du ikkje delta på årets vinterserie. Giro har du fått i postkassa di. Lynvingen tilbake 11-01-2004 19:31 -Alexander Gamlem er tilbake på Norborg etter å ha tatt eitt års pause frå fotballen. Følgjande melding kom frå Norborg si sports-lege leiing: - Alex har eit stort potensiale, og dersom han held seg skadefri trur vi han kan bli ein hit i årets 4. divisjon. Vi er svært godt nøgd med at han no vil satse på Norborg igjen. Vann 5-2 mot lokalt lag 11-01-2004 15:27 -Sunnmøre sitt gute-89kretslag vann i dag tidlig 5-2 mot eit lokalt gutelag. Adrian Håbet spelte siste halvdel av andre omgang, og spelte i følgje seg sjølv 53 ganger betre enn i går. Tapte årets første lokalderby 11-01-2004 14:20 -Norborg sitt gutelag tapte 2-3 for Brattvåg på kgb søndag etter-middag. Espen Solheim og Samir Sahman var målscorarane for dei oransje. Les meir.. Godøy opna året med siger 11-01-2004 14:16 -3. divisjonslaget Godøy banka 5. divisjonslaget Rollon 4-1 i ein treningskamp laurdag ettermiddag. Sunnmøre tapte 3-2 10-01-2004 21:55 -Gutekretslaget-89 tapte 3-2 mot Trøndelag i dagens kamp i Abra-hallen. Norborg sin representant Adrian Håbet spelte første omgang. -I følgje Roger Furnes spelte eg langt frå mitt beste, uttalte Håbet til norborg.com. Han satsa på å kunne yte endå betre innsats i søndagens kampar. Moldetur 20. mars 10-01-2004 13:23 -Norborg sitt herrelag tek laurdag 20. mars seg ei utflukt til Molde for å møte Træff sitt 2. lag. Træff 2 vann ifjor 4. divisjon Nordmøre/ Romsdal, men fekk ikkje rykke opp fordi 1. laget spelar i 3. divisjon. Norborg kan altså forvente seg god motstand. Kampen blir spelt på kunstgras. Ekspresso vann enkelt 8-01-2004 19:12 -Ekspresso vann internturneringa for gutelaget etter 3-1 mot Olé Olé i finalen. Aston Villa endte som vanleg sist i turneringa. Les meir.. Første møte på søndag 8-01-2004 7:33 -Første treningskamp mellom gute-laga til Norborg og Brattvåg er søndag. Tre sentrale aktørar er på kretslagssamling i trøndelag, men begge lag har mange mann å ta av. Les meir.. Internturnering 8-01-2004 0:05 -På kveldens gutetrening er det klart for ei prestisjetung intern-turnering. Fire lag har blitt satt opp, og kven har mest krefter etter onsdagens tøffe springeøkt ? Les meir.. Kamp nr. 2 er klar 7-01-2004 19:28 -På søndag møtes Norborg og Brat-tvåg sine gutelag til første trenings-kamp denne sesongen. Neste søndag den 18.januar er det klart for kamp nr.2. Også denne på kgb, og med avspark etter herrekampen mellom Valder og Norborg som er kl. 12.00 denne dagen. Vinterseriekampen mot Stranda flytta 7-01-2004 17:42 -I ei revidert utgåve av vinterserie-oppsettet har kampen Stranda-Norborg blitt flytta til laurdag 31.1 kl. 12. Det var Norborg som ønskte flytting av kamp. Noko som Stranda godtok. Hødd-spelar straffa 6-01-2004 19:40 -I Hødd si miniturnering i midten av desember skjedde ei lite heldig episode under kampen Hødd-Sykkylven. Ein spelar fra Hødd agerte på ein uakseptabel måte mot ein av spelarane på laget til Sykkylven. Denne spelaren har no fått streng straff. Les meir.. To landslagsspelarar frå Haram 6-01-2004 17:05 -Måndag vart endeleg Karl Oskar Fjørtoft utteken til herrelandslaget, og i dag kom meldinga om at Brattvåg sitt keepertalent Ingrid Hjelseth er innkalla til landslags-samling for J-17. Dermed har Haram fått to landslagsspelarar denne veka. Vi gratulera! Bytting av treningstid kgb 6-01-2004 16:56 -Norborg ønskte å bytte tidspunkt av kgb-treningar frå tysdagar kl. 2030 til 1900. Eit tidspunkt Brattvåg sitt juniorlag var oppsett på. Bratt-våg IL viste som vanleg god samar-beidsvilje og gjekk med på flyttinga. Norborg får no disponere bana frå 1900 til 2030, medan Brattvåg sitt juniorlag trenar frå 1730 til 19. Vi rettar ein stor takk til Brattvåg IL. Treninga i kveld går for øvreg kl. 2030. Sesongoppkøyringa har starta for gutelaget 6-01-2004 7:45 -Gutelaget har starta sesongopp-køyringa i det som kan bli ein spe-nnande sesong. Kvalifisering til kretsens øvste divisjon, fem tren-ingskampar mot Brattvåg er noen av det som står på programmet for Erlend York & Co. Les meir.. Harøy før Holland 5-01-2004 22:16 -Norborg takka måndag ja til å møte Harøy laurdag 27. mars. Denne utflukta til Sandøy kommune vil vere siste kamp før turen til Holland. Stranda utan damelag 4-01-2004 21:55 -Strandafotball.no melde at det ikkje kjem til å bli meldt på damelag i serien i år. Dette på grunn av for få aktive spelarar. Dermed får ikkje Stranda sjansen til å hevne Norborg sin 12-3 siger frå i haust. Imot reduksjon av 3. divisjon 3-01-2004 1:53 -norborg.com sine lesarar har talt. Heile 76% er imot ein reduksjon av 3. divisjon. 21% er for, medan 3% svarte veit ikkje. Antal stemmer: 135 Lepsøy siste test 3-01-2004 1:14 -Etter at Norborg kjem heim frå treningsleiren i Nederland søndag 11. april, vil Lepsøy truleg vere einaste motstandar før serieopninga mot ÅVK den 24. april. Kampen mot Lepsøy vil bli spelt laurdag 17. april, og vil forhåpentleg bli spelt på gras. I Nederland vil for øvreg Norborg spele tre kampar. Volda vil ha 2. lag i femte 2-01-2004 1:22 -Volda har styrka laget sitt med fleire spelarar, og sidan Austefjord har "kvitta" seg med seniorlaget, vil grøntrøyene stille eige 2. lag i 5. divisjon. Les meir.. Urkedal har signert 2-01-2004 0:04 -Christopher Urkedal har vore ønska av både Tomrefjord/Fiksdal/Rekdal og Ravn i heile haust, men i dag signerte han ei ny kontrakt med dei oransje. Juniorlaget sin viktige angrepsvåpen er dermed klar til å kjempe om ein plass i neste års startellever. Norborg si sportslege leiing er svært fornøyd med Urkedal sitt valg, og ser fram til å følgje hans utvikling neste år. Kurt har signert 1-01-2004 22:04 -Kurt Erik Grytten hadde tilbod frå andre klubbar, men valde å signere ei ny kontrakt for Norborg. Norborg si leiing er godt nøgde med at Kurt har signert. -Kurt er ei viktig brikke både sportsleg og sosialt, og vi har no to dyktige keepera framfor 2004 sesongen. Gode besøkstal 1-01-2004 17:37 -Året 2003 vart eit godt år for heimesida vår når det gjeld antal besøkande. 83097 treff vart registrert på sida. Toppmånaden vart November då 11197 treff vart registrert. Statistikk |