Dagboka


I dagboka får du ei kort oppsummering av kva som har skjedd i Norborg og på norborg.com frå dag til dag.

30. desember: Mange spelar fotball i Haram. 39% av alle gutar og jenter mellom 6 og 19 år er aktive på bana. Haukeberg i SFK nemner i Sunnmørsposten Norborg som ein av 4 driftige klubbar i dei større kommunane. Stordal og Sandøy har størst andel spelarar av befolkninga med 54% og 52%. Norborg tapte to og spelte ein uavgjort i romjulsturneringa for damer. Poenget kom mot HaNo.

29. desember:
Roger Grytten har blitt kalla inn til militærteneste.

27. desember:
Norborg tok bronse i årets romjulscup i Brattvåg. Norborg tapte først 1-4 for Team Rekdal, som seinare gjekk til topps, fortsette med 4-2 over HaNo, 6-2 over Lepsøy, 5-2 over Skodje i kvartfinalen, medan ein måtte sjå seg slått med 3-4 for Brattvåg i semifinalen. Midsund møtte ikkje opp til bronsefinalen og dermed fekk Norborg med seg pokalen.

23. desember: Roger Grytten skreiv lillejulaftan under ei 3-års kontrakt for Norborg.

20. desember: Tonny Åsen har meldt overgang til Sunnylven. Åsen var i mange år toppscorar for Stranda, men tok seg ei pause sesongen 2003.

19. desember: Terminlista for 4. divisjon har kome. Norborg opnar heime mot ÅVK laurdag 24. april. Medan første lokalderby mot HaNo blir den 3. juni ute på øya. Den lovande gutespelaren Adrian Håbet er uttatt til kretslagsturnering i Abrahallen 9.-11. januar.

16. desember: Gutelaget møter Brattvåg til treningskamp på kgb søndag 11. januar. Kampen er som led i oppkjøringa mot kvalifiseringa til 1. divisjon.

15. desember: Norborg sitt herrelag møter Godøy, Vigra og Stranda i vinterserien. Norborghar avtalt treningskamp mot Valder den 18. januar. Dette blir Øystein Haugan sin debutkamp, og det på bursdagen sin. Kampen går på KGB med avspark kl. 12

14. desember:
Vebjørn Grytten vart Norborg si første signering framfor 2004 se-songen. Grytten kjem tilbake til moderklubben etter eit opphald i Brattvåg. Han har skrive under ei 3-års kontrakt med oransjetrøyene, og seier han er svært glad for å vere heime igjen.

13. desember: Norborg
var totalt overlegne i Hødd si Mini turnering for gutelag i Sunnmørshallen laurdag. I dei innleiande kampane vart det sigrar over Hareid (1-0) og FK Sykkylven (3-1) før arrangørlaget Hødd (6-0) vart slakt i finalen.

11. desember: Norborg sitt damelag skal spele i vinterserien for 7-ar lag og møter Ørskog, Vigra og Tjørvåg. Norborg har kome i gruppe med Hønseflokken, HaNo og Team Lappland på Romjulsturneringa for damer.

10. desember: Norborg
har hamna i gruppe med Team Rekdal, HaNo og Lepsøy i årets Romjulsturnering i Brattvåg. Ei tøff gruppe, men med gode mogelegheiter til å gå vidare.

9. desember: Jan Egil Alstadsæter og Stig Antonsen blir gutelagstrenarar neste sesong, med Kristian Søviknes som saftblandar.

8. desember: I.L. Norborg søkte våren 2003 Sparebanken Møre om støtte til bygging av grasbane i Uggedalen. No er det klart at Sparebanken Møre gir 100 000 til klubben. Norborg sitt gutelag får bryne seg møt Hødd, Blindheim og Sulalaget. medan juniorlaget nok ein gong hamna i samme gruppe som AaFK i kvalifiseringa til 1. divisjon. Dei andre laga er Rollon, Bergsøy og Ørskog/Stordal.

6. desember: Norborg vann ein og tapte to kampar i sluttspelet av inneKM laurdag. I første kamp vart det 2-4 for Spjelkavik. Christian og Kim scora for oransjetrøyene. I neste kamp utklassa ein Flø 11-3. Tarjei 3, Morten 2, Christian 2, Edward 2, Roger og Kim scora. Mot Hødd tapte ein 3-7. Morten, Roger og Kim scorte. Norborg kom for første gong i historia blant dei 6 beste på eit inneKM for seniorar. Hødd gjekk til topps i turneringa med 6-5 siger over Skarbøvik i finalen.

5. desember: NFF har foretatt tildeling av midlar frå spelarfondet for 2003, og Brattvåg IL er laget ifrå Sunnmøre fotballkrets som kan vente seg ein sjekk.

4. desember: Norborg sin divisjonskollega komande sesong, Sunnylven, har styrka laget med to spelarar. Dette er Kim Sture Flo frå Stordal og Stian L. Melchior frå Stranda. Ifølgje sunnylven.no er laget ute etter endå fleire spelarar.

1. desember: JuniorKM har tydeleg hatt stor interesse blant folk, for norborg.com sin gamle besøksrekord vart mildt sagt knust denne helga. Over 8000 treff har blitt registrert på vår Junior KM-side frå fredag til søndag. Av dette er litt over 2500 unike besøk-ande. I samme periode vart det registrert 4400 treff på vår hovud-side.

30. november: Hødd1 vann heile 5-0 over Rollon/Sif2 i årets juniorKM-finale. Lars Roar Holstad og Magnus Myklebust scorte to mål kvar, medan Anders Elling Johansen noterte seg for eitt mål under finalen. Magnus Myklebust vart turneringa sin toppscorar med 19 mål. Norborg1 tapte 1-5 for Gursken og spelte 1-1 mot Hareid i mellomspelet.

29. november: Adrian Håbet og Martinus Grytten er teken ut til kretssamling i Sunnmørshallen søndag 7. desember. Norborg2 tapte 2-3 for Skodje, 2-4 for Gursken og 0-10 for Rollon/Sif2 på juniorKM.

28. november: Øystein Haugan blir ny Norborg-trenar. Han har dei siste åra vore tilknytta Molde FK, og har dei siste åra hatt hovudansvaret for MFK sitt gutelag. Han var Norborg sitt 1. val og det er svært gledeleg at ein slik kompetent person valde Norborg framfor andre svært fristande tilbod. Norborg1 vann 8-3 over Ravn, 11-1 over Rollon/Sif3 og 6-4 over Vigra på juniorKM som blir arrangert av Norborg.

27. november: Norborg skal møte Hødd, Spjelkavik og Flø i inneKM sitt sluttspel som går i Fagerlihallen.

24. november: Tidenes mest suksessrike Norborg-trenar Sindre Hildre, gir seg som trenar i klubben når Norborg er ferdig med innandørs-KM. Det er jobb i utlandet som tvingar Hildre til å gi seg i klubben. Vi kjem tilbake med ei grundig oppsummering av Hildre sine 5 seson-gar i Norborg etter at innandørs-KM er ferdig. Kenneth Vegsund og Stein Erik Reitan har tatt på seg jobben med å trene damelaget neste sesong. Vegsund og Reitan erstatta Terje Tellefsen og Geir Magne Grande.

23. november: Etter tre veker med server problem er endeleg norborg.com i drift igjen. Vi har nå fått server hos Intentus, og vi vil rette ein stor takk til Stian Volstad som har arbeidd med å få til serverbyttet så raskt som råd. Diverre var vår gamle leverandør, easyspace, lite samarbeidsvillig og drøyde med å overføre domenenavnet.

22. november: Norborg1
vann si pulje i inneKM for herrar og gjekk dermed vidare til sluttspelet. Norborg1 vann 5-3 over Brattvåg2, 4-3 over Sykkylven og 3-1 over Aksla, medan ein tapte 2-4 for Valder2. Norborg2 tapte sine fire kampar og kom sist i gruppa si. Norborg sitt damelag viste at dei er i kraftig framgang. Under årets inne-KM greidde ein blant anna å slå Brattvåg 3-2, samt få hederlege resultat mot langt meir rutinerte lag som 1-4 for Sykkylven, 1-6 for HaNo og 2-6 for Fortuna.

11. november: Ein merkedag for Norborg ettersom bygginga av grasbana i Uggedalen tok til.

9. november: Storeslem av Norborg på Tarecup. Både Norborg1 og Norborg2 kom til finalen i småguteklassa etter imponerande spel. Norborg1 vann her 7-0 over Norborg2. Norborg2 hadde fram til finalen haldt buret reint.

3.- 22. november: norborg.com har store problem med serveren og får ikkje oppdatert sida.

2. november: Norborg1 spelte 3-3 mot Skodje1 og vann 4-3 over Hasundgot i mellomspelet. Likevel er laget ute av KM fordi Skodje1 vann med fleire mål over Hasundgot enn det oransjetrøyene makta. Skodje1 gjekk seinare til opps i KM.

1. november: Norborg1 vann 6-0 over Hessa2, 9-0 over Brattvåg2 og 4-3 over Stordal i dei innleiande kampane på småguteKM. Norborg2 tapte først 0-8 for Brattvåg1, spelte så 1-1 mot Hessa1 før det vart 0-1 tap for Sykkylven2.

29. oktober: Norborg er representert med 6 spelarar på sonesamling for gutar-88. Dette er Samir Sahman, Espen Solheim, Lars Petter Tennfjord, Knut Ivar Bjørlykhaug, Asgeir Kalvø og Edward Laverton.

27. oktober: Det vil bli spelt kvalifisering til neste års 1. divisjon for junior og gutelag i Sunnmørshallen. Påmeldingsfristen er 1. desember.

23. oktober: Stein Erik Reitan brakk nasen på kveldens Norborg-trening.

22. oktober: Marthe Vegsund og Randi Øster Urke er tatt ut på sonesamling for jenter født i 1990.

20. oktober: Norborg drar på treningsleir til Delden i Nederland saman med Valder komande vår.

18. oktober: Skarbøvik tapte sin siste kamp i 2. divisjon og rykker ned. Dermed rykker HaNo ned frå 3. til 4. divisjon, medan Hovdebygda må ta turen frå 4. til 5. divisjon.

17. oktober: Norborg1 møter FK Sykkylven, Aksla, Brattvåg2 og Valder2 i innandørsKM som gjeng i Giskehallen på Valderøya. Norborg2 møter SIF, HaNo, Vigra og Skodje. Damelaget spelar mot Fortuna1, Sykkylven, HaNo, Stranda og Brattvåg.

15. oktober: I dag vart det klart at Sindre Hildre fortsette som trenar for Norborg. Jan Vatnehol går til Ravn, medan Morten Kalvø skal gå skule i Australia neste år.

14. oktober: Adrian Håbet er ein av 17 spelarar som har kome gjennom nålauget og skal delta på krinssamling i Sunnmørshallen for gutar -89.

13. oktober: TIL/Fiksdal/Rekdal er på jakt etter Christopher Urkedal, men norborgspelaren seier at ein overgang til dei er uaktuelt.

12. oktober: Volda er klar for 2. divisjon etter å ha vunne 5-4 på straffer over Træff. Stillinga ved ordinær tid var 2-1, og dermed 3-3 samanlagt. Sidan Volda rykte opp blir Ørsta ståande i 3. divisjon og Ellingsøy i 4. divisjon-

11. oktober: Grytastranda vann bygdekampen for tredje år på rad, men denne gongen måtte det straffesparkkonkurranse til for å skille laga. Søvik tok leiinga allereie etter 5 minutt ved Geir Ove Grønli. Stillinga stod seg til to minutt før slutt då Jan Vatnehol dunka eit frispark i mål til 1-1. I straffekonken vann Grytastranda 4-3. Etter kampen var det avslutningsfest.

9. oktober: Norborg scora i år 73 mål på 22 kampar. Dette held til ein 5. plass på Sunnmøre. Blindheim/Emblem er på topp med sine 88 mål.

7. oktober: Norborg og Valder sine juniorlag spelte 5-5. Norborg låg under 0-2 men snudde til 5-2 ved pause. To minutt på overtid utlikna Valder til 5-5. Christopher Urkedal fekk raudt kort fire minutt på overtid for å ha fika til ein Valder-spelar etter sjølv å ha fått ein alboge i andletet. Adrian Håbet er tatt ut på kretslaget som skal ha samling i Sunnmørshallen. Fem jentespelarar er tatt ut på sonelaget.

6. oktober: Øystein Haugan tiltrer som manager for Søvik FK i kampen mot Grytastranda BG. Tarjei Urkedal og Eirik York er managera for GBG. Ole Theodor Hovden (ÅVK) sanka flest "banens beste"-prisar i 4. divisjon. Kim Idar Krogsethagen vart toppscorar med 32 mål, og vart også kåra til Norborg sin beste spelar for sesongen.

5. oktober: Kim Idar Krogsethagen vart skada på ei seriøs inneturnering for useriøse lag, også kalla HardCore cup. Han stille dermed ikkje i dagens kamp mot Vigra. Norborg tapte "bronsefinalen" mot Vigra med 1-2. Norborg var det spelemessig førande laget men fekk berre eitt mål på dei mange sjansane. Norborg enda dermed på 5. plass i divisjonen. Den beste plasseringa laget nokon gong har hatt. Volda vann 3. divisjon, Valder 4. divisjon, Blindheim/Emblem 5. divisjon, medan Ørskog og Åheim vann kvar si avdeling i 6. divisjon.

4. oktober: Smågutelaget banka AaFK 4-0 i dagens 1. divisjonskamp. Valder vann toppmøtet i 4. divisjon med 2-1 borte mot Godøy. Begge lag er klare for opprykk. Valder vart kretsmester.

3. oktober: Gutelaget vann 2-0 i bortemøtet med Herd i sesongens siste 1. divisjonskamp.

29. september: Adrian Håbet, Martinus Grytten og Kristoffer Søviknes vart teken ut til kretssamling for gutar. Norborg er ein av fire klubbar som har fått med 3 spelarar.

28. september: Norborg sløste enormt med sjansane då det vart 3-3 i bortemøtet med FK Sykkylven2.

27. september: Godøy vann 4-1 over Ellingsøy og er dermed klar for neste års 3. divisjon. Valder vart krinsmeistrar i 4. divisjon etter 6-0 sigeren over Åmdal. HaNo rykte ned til 4. divisjon etter at dei tapte 0-1 for FK Sykkylven, medan Ørsta henta igjen Brattvåg sin 5-2 leiing. Bergsøy redda plassen med 1-0 over Stordal.

26. september: Gutelaget vann 2-1 over FK Sykkylven.

24. september: Gutelaget tapte 3-2 for Aksla.

23. september: Svein Ove Døving frå Valldal er årets eldste seriespelar med sine 54 år.

22. september: Lillejentene vann over HaNo. Jentelaget tapte 5-0 for Giske.

21. september: Juniorlaget tapte heile 8-4 for Sulalaget. Frode Engeset og Roger Grytten velge overraskande å trekke seg som managera for Grytastranda. Tarjei Urkedal og Eirik York blir nye lagleiarar. Jan Egil Alstadsæter og Stig Antonsen blir lagleiarar for Søvik.

20. september: Valder vart idag klar for 3. divisjon etter ein 6-3 siger over Hovdebygda. Stordal tok sin første siger i 3. divisjon for året då dei vann 2-1 over HaNo.

18. september: Norborg vann heile 5-2 over SIF2 i vinden på Hessa grus.

17. september:
Smågutelaget vann 3-1 borte mot Volda.

15. september: Norborg har med sine 8 flest spelarar med på sonesamling for 1989 modellane. Norborg vann 5-1 over Skodje i ein juniorkamp.

13. september: Norborg vann 3-2 over ÅVK og er stadig med i opprykkskampen.

11. september: Gutelaget vann 4-0 i 1. divisjonskampen mot Ørsta. Stillinga var 0-0 9 minutt før slutt.

10. september: Smågutelaget tapte 2-6 (2-3) for Hødd. Jentelaget tapte 2-8 for Ellingsøy.

9. september: Berre 6 mann møtte på herretrening i kveld. Det blir dermed haldt spelarmøte på torsdag.

8. september: Kim Idar Krogsethagen fekk spele 2. omgangen for "Pressens-lag" mot AaFK. Kim Idar var lite innvolvert for eit lag som mangla framdrift i midtbaneleddet. AaFK vann 4-0. Juniorlaget gjekk på eit surt 2-3 for heimelaget Brattvåg. Småjentelaget tapte 1-4 for Valder.

7. september: Jentelaget tok sin 3. strake siger då ein vann 1-0 over Hessa. Camilla Krogsethagen scort sitt 20. mål for laget.

6. september: Norborg låg under heile 3-0 før 10 minutt var spelt i den viktige kampen mot Godøy i dag. Norborg, som spelte i Godøy sine bortetrøyer, kom seg til hektene og styrte ei siste 80 minutta, men ein måtte likevel tåle eit 3-2 tap. Dermed heng opprykket i ein svært tynn tråd.

5. september: Kim Idar Krogsethagen vart teken ut på "Pressens-lag" som skal møte AaFK i treningskamp.

4. september: Norborg sitt gutelag tapte 1-0 for Valder. Espen Solheim fekk pusteproblem og måte kjørast på sjukehuset i ambulanse. Norborg takkar jordmor Kringstad frå Valderøy for sin innsats i den kritiske situasjonen.

3. september: Ingen frå Norborg vart funne verdig ein plass på kretssmlinga for gutar fødde i 1987. -Eg er forbausa, seier Norborgtrenar Kristian Søviknes. Norborg er 4. divisjon sitt mest fair-spelande lag. Smågutelaget spelte 1-1 mot Brattvåg. Lillejentelaget vann heile 8-2 over Lepsøy.

2. september: Damelaget tapte 6-1 for Skodje. Småjentene vann 4-1 over Ellingsøy.

31. august: Norborg utklassa Åmdal med 6-0 i dagens 4. divisjonskamp. Norborg er dermed med i opprykksstriden. Jentelaget banka Ravn med 10-5.

28. august: Pga mykje nedbør vil alle heimekampane den komande veka gå på grusbana. Småjentelaget vann 5-3 over HaNo. Gutelaget tapte 2-3 for Volda.

26. august: Kristian Søviknes reiser til Oslo for å studere og går dermed glipp av eit par kampar i haust. Smågutelaget tapte 1-4 for Aksla. Andreas Holmeset scorte Norborg sitt mål på eit langskot frå over 30 meter som gjekk rett i vinkelen. Damelaget spelte 2-2 mot Ørskog.

25. august: Juniorlaget tapte heile 7-0 for FK Sykkylven.

24. august: Norborg sitt gutelag gjorde ein bra figur på Hessa cup. Laget spelte 0-0 mot Herd og tapte 1-2 for Spjelkavik og gjekk med det vidare til kvartfinalen. Der vart Blindheim/Emblem slått 2-1. I semifinalen vart Herd for sterke (0-4), medan ein i bronsefinalen mot Spjelkavik også måtte tåle tap (0-1). Norborg sitt herrelag banka Hovdebygda heile 7-3 i dag. Etter 2-2 ved pause tok Hovdebygda føringa 3-2, men så var det berre Norborg. Kim Idar Krogsethagen scorte 4 av måla.

23. august: Gutelaget vann sin første kamp på Hessa Cup med 3-1 over Stordal. Jentelaget vann seriekampen mot Harøy med 5-3.

22. august: Stig Antonsen kjem inn i trenarteamet rundt gute- og juniorlaget. Dette fordi Kristian Søviknes skal starte på skule i Oslo, medan Jan Egil Alstadsæter vil vere i Nordsjøen enkelte veker.

21. august: Norborg tok sin tredje strake siger då dei sleit seg til 2-1 over Stranda i ein lite velspelt kamp i Uggedalen. Kim Idar Krogsethagen og Tarjei Urkedal putta for Norborg, medan Geir Koppang netta for Stranda. Smågutelaget tapte 3-2 for Herd.

20. august: Gutelaget vann sin første 1. divisjonskamp for hausten. Motstandar var Spjelkavik og dei vart sendt heim igjen med 2-4 i sekken.

19. august: Norborg
har fått tildelt junior-KM i november. Kampane vil gå i Brattvåghallen. I ein testimonialkamp for Gustavo Pedreira vann Herrelaget 6-2 (3-1) over Gustavos venner. Gustavo sjølv og Øyvind Farstad netta det sammensatte laget som blant anna bestod av Mikael Johnsen og Jan Egil Alstadsæter. For Norborg scorte Bjørn Urkedal 2, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal, Eirik York og Morten Kalvø.

18. august: Norborg sitt juniorlag knuste Sulalaget 5-1.

14. august: Norborg banka topplaget Valder 4-2 på Valdervoll. Kim Idar Krogsethagen scort 3 mål og Kristian Søviknes eitt. Krogsethagen har no laga 21 seriemål og har tatt igjen forspranget Valders Tom-Gøran Jønsson hadde.

13. august: Jentelaget tapte 13-2 for topplaget Godøy. Camilla Krogsethagen og Jannike Sønderland Gjerset scora måla.

12. august: Gutelaget tapte 0-4 i bortemøtet med Hødd.

9. august: Norborg utklassa Ellingsøy med heile 7-2 i dag. Dette var Norborg sin første seriesiger over naboen nokon sinne. Kim Idar Krogsethagen scorte 2 før pause, medan den gamle storscoraren Kenneth gamlem kom inn dei siste 20 minutta å scora 2 mål. Også Tarjei Urkedal vart tomålsskårar. Kristian Søviknes noterte seg for eitt.

7. august: Gutelaget spelte 0-0 mot Stranda i sin første kamp i 1. divisjon. Den store helten vart keeper Bjørnar Engeset.

28.-30. juli: Norborg deltek med smågutelag og gutelag på årets Norway Cup. Gutelaget opna med 1-0 over Rælingen for så å tape 0-5 for Stegaberg og 0-2 for Atløy. I B-sluttspelet vart det 0-2 for Haugen. Smågutelaget tapte 0-1 for Eide/Omegn og 0-8 for Medkila. I den siste kampen vart det 2-2 mot Øygard3.

16. juli: Molde vann 6-3 over Norborg i ein treningskamp. Stillinga ved pause var 4-1. Edward Laverton kunne notere seg for hat-trick.

15. juli: I ein treningskamp mellom Indre og Ytre Søvik vart stillinga 8-8. Ytre vann til slutt 4-2 på straffer. Den store helten vart Geir Magne Grande som redda forsøka til Robert Granum og Robin Sande. Kampen er ein oppkjøringskamp til møtet med Grytastranda 11. oktober, samt at enkelte søvikarar ville gjerne føle korleis det var å vinne etter alle tapa mot Grytastranda. Grytastrandarane befinn seg på ein 14 dagars treningsleir på Ayia Napa.

14. juli: Israels statsminister Ariel Sharon og Norborg blir å finne på Molde onsdag. Medan Sharon møter Bondevik møter Norborg sitt gutelag Molde FK sitt gutelag. Rykta vil ha det til at Norborg er meir velkomne enn Sharon.

12. juli: Fleire personar i Norborg-miljøet har motteke ein mail frå ein kar i frå Vest-Afrika. Han vil at Norborg skal ta imot to afrikanarar på prøvespel.

10. juli: Gutelaget tapte for første gang i år då det vart 0-3 for Valder i ein treningskamp på Valdervoll.

5.-6. juli: Norborg gjekk heilt til topps i årets Øyacup på Longva. Etter å ha slått Brattvåg (4-2) og Fjørtoft (2-1) i innleiande gruppespel venta HaNo i finalen. Norborg fekk tidleg to mål ved Kim Idar Krogsethagen. Etter dette pressa HaNo på, men takka vere ein opplagt Kurt Erik Grytten i mål haldt Norborg stand og vann 2-0. Dette var Norborg sin første finalesiger i Øyacup. Damelaget tapte 2-8 og 1-3 for Fjørtoft og Brattvåg i gruppespelet. I jumbofinalen vart det siger over Harøy på straffer etter 2-2 ved ordinær tid. Les meir om Øyacup for herrer og damer.

3. juli: Damelaget vann 5-4 over Lepsøy i ein treningskamp.

2. juli: Eit tafatt og redusert Norborg-lag tapte overraskande 2-1 for MSIL/LIL2 på Mauseidvåg stadion. Christopher Urkedal scorte sitt første seriemål for Norborg.

26. juni: Norborg vann 3-2 over formlaget Vigra. Norborg var det førande laget på Rota gras og burde ha vunne med fleire mål.

24. juni: Juniorlaget vann 5-3 over Skodje. Smågutelaget vann 7-3 over Ørsta og tok 3. plassen i 1. divisjon.

22. juni: Juniorlaget tapte 1-6 for Brattvåg.

21. juni: Norborg vann heile 7-0 over FK Sykkylven2. 1-0 kom allereie etter 9 sekund ved Kim Idar Krogsethagen. Dette var også seriemål nr. 1300 for Norborg.

20. juni: Gutelaget vann 4-0 over Ørskog og kunne dermed feire opprykk til 1. divisjon etter kampen.

18. juni: Norborg
stoppa sigersrekka til SIF2 då det vart 3-3 i Søvikdalen. To gode lag, ein svak dommar og eit greitt resultat er ei kort oppsummering av kampen. Lillejentelaget storspelte å vann heile 5-2 over Ørskog. Berre ein opplagt Ørskog-keeper hindra ein større siger.

17. juni: Småjentelaget vann heile 6-0 over Hessa.

16. juni: Norborg sitt smågutelag sikra plassen sin i 1. divisjon med å vinne 2-1 over Herd. Dersom laget vinn sin siste kamp tek laget medalje i vårens 1. div.

14. juni: Norborg tapte 4-3 i bortemøtet med Åram/Van.kam. Kampen var jamspelt, men Norborg hadde nok sjansar i starten av 2. omgang til å punktere kampen. I staden fekk ÅVK vinnarmålet to minutt før slutt.

12. juni: Gutelaget vann heile 8-0 over Skodje og har stø kurs mot opprykk. Damelaget vann 3-1 over Ørskog.

11. juni: Adrian Håbet, Eivind Fjørtoft, Martinus Grytten og Kristoffer Søviknes er tatt ut til soneturnering for spelarar fødd i 1989. Jentelaget er i form og tok sin andre strake siger då Giske vart slått 2-1. Lillejentene ga Brattvåg hard kamp men måtte sjå seg slått 1-2.

10. juni: Smågutelaget tapte 4-5 for Hødd, og er dermed ute av den absolutte toppstriden.

9. juni: Juniorlaget tapte 2-1 for Valder på Valdervoll. Steffen Grytten skorte målet.

6. juni: Tarjei Urkedal kunne melde at han dimmar to veker før planen. Ny dimmedato er 13. juni.

5. juni: Norborg vann 2-0 over Godøy. Geir Ove Grønli og Eirik York skåra måla. Norborg sitt gutelag møter Rælingen, Stegaberg og Atløy i årets Norway cup.

4. juni: Jentelaget vann 5-3 i bortemøtet med Ellingsøy. Lillejentelaget spelte 2-2 mot Lepsøy.

3. juni: Juniorlaget tapte 4-0 for FK Sykkylven i Søvikdalen.

2. juni: Gutelaget greidde berre 2-2 mot Sulalaget. Dermed er opprykket i fare. Damelaget tapte 2-0 for Stranda. Medan småjentene tapte 3-6 for Skarbøvik.

28. mai: Jentelaget tapte ufortent 4-3 for Hessa.

27. mai: Norborg sitt a-lag fekk seg eit skikkeleg slag i trynet og tapte 6-4 for botnlaget Åmdal. Norborg hang på til 3-3 før Åmdal sette inn 5. giret. Smågutelaget imponerte å vann heile 6-1 over Volda. Norborg ligg dermed på 2. plass i 1. divisjon. I miniturneringa for årskulla 93/94 i Uggedalen gjorde Norborg ein solid innsats med to sigrar på tre kampar.

26. mai: Wolverhampton Wanderers rykte endeleg opp i Premier League. Wolves vann play-off finalen mot Sheffield United med 3-0. Norborg sine minilag 95/96 deltok i ei turnering på Harøya og gjorde sjølvsagt reint bord.

25. mai: Juniorlaget tapte 2-1 for Sulalaget etter å ha leia 1-0. Men to straffer øydelagde for dei oransje. Damelaget tapte 14-3 for Skodje. Camilla Krogsethagen skåra Norborg sine mål.

24. mai: Norborg tapte overraskande 3-4 for Hovdebygda. Norborg var det beste laget, men tapte på grunn av tabber og undervurdering.

22. mai: Norborg sitt gutelag vann heile 6-2 over opprykksrival Blindheim. Norborg leiar no 2. divisjon guter og går mot opprykk. Geir Ove Grønli melde forfall til kampen mot Hovdebygda. Elles slit Norborg med mange skader, men Stein Erik Mårstøl er tilbake.

21. mai: Mini 95/96 vann heile 12-0 og 14-1 over Ravn1 og Ravn2. Jentelaget tapte 2-7 for Ravn. Lillejentelaget vann 13-1 over HaNo.

20. mai: Smågutelaget vann heile 6-1 over Bergsøy i dagens 1. divisjonskamp.

19. mai: Damelaget var nær ved å ta sesongens første siger, men rota vekk 1-0 leiinga mot Ørskog like før slutt. Småjentelaget vann derimot 4-2 over Ellingsøy. Gutelaget møter mest sannsynleg Molde til treningskamp den 16. juli. Juniorlaget vann 4-2 over Skodje.

18. mai: Gutelaget vann 4-3 over Ellingsøy og er framleis ubesigra denne sesongen. Sigersmålet kom på overtid av Samir Sahman.

15. mai: Norborg vann 3-1 i bortemøtet med Stranda. Dette var Norborg sin første siger for sesongen og den første i 4. divisjon sidan 1983. Kim Idar Krogsethagen laga dei tre måla.

14. mai: Norborg er tildelt spelemidlar til si nye grasbane. Dermes kan bygginga ta til i haust. Adrian Volstad brakk ankelen i juniorkampen mot Brattvåg, og blir ute i ca. 3 månader. Lillejentelaget tapte 2-3 for Harøy.

13. mai: Juniorlaget tapte 1-6 for Brattvåg. Jentelaget tapte 0-9 for Harøy.

12. mai: Damelaget tapte 2-7 for Stranda.

10. mai: Småjentelaget tapte 6-4 for HaNo.

8. mai: Norborg fekk det som venta tøft mot Valder i kveldens 4. divisjonskamp og tapte 3-0. Norborg skapte mest den første halvtimen, men etter at Valder kontra inn eitt mål like før pause og eitt like etter, var Norborg sjanselause mot topplaget.

7. mai: Jentelaget tapte 1-6 for Godøy. Betre gjekk det med gutelaget som vann 7-1 over Emblem.

6. mai: Norborg sitt damelag tapte 3-8 for Skodje. Camilla Krogsethagen 2 og Linda Flem Stavik skåra måla. Smågutelaget spelte 4-4 mot Hareid i 1. divisjon.

5. mai: Norborg vann 3-1 over Valder i ein juniorkamp. Samir Sahman, Christopher Urkedal og Espen Solheim skåra heimelaget sine mål. Norborg tronar øverst etter at 1. serierunde for 2. divisjon Gutar er unnagjort. Norborg vann som kjent 9-2 over Rollon. Småjentelaget vann 1-0 over Harøy. Randi Urke skåra målet.

2. mai: Norborg sitt talentfulle gutelag vann heile 9-2 over Rollon på Rollon bana. Verre var det at Knut Ivar Bjørlykhaug brakk foten.

1. mai: Norborg tapte 3-2 i bortemøtet med Ellingsøy. Norborg styrte stort sett heile kampen og produserte sjanse på sjanse, men det var Ellingsøy som skårte flest og sikre seg tre poeng. Sjansestatistikken vist 15-5 i favør Norborg. Blant anna hadde Norborg 5 i stolpen. Kim Idar Krogsethagen og Geir Ove Grønli skorte Norborg sine mål.

30. april: Norborg sitt damelag tapte 7-0 for Midsund på KGB på Midsund. Norborg sitt smågutelag var uheldige og tapte 3-4 for Brattvåg i seriepremiera i 1. divisjon.

29. april: Norborg sitt juniorlag tapte serieopninga med 8-2 for FK Sykkylven. Kampen gjekk på Sykkylven stadion. Daniel Brusdal og Christopher Urkedal stod for Norborg sine mål.

27. april: Norborg sitt damelag tapte 3-7 for Stranda i ein treningskamp på Stranda stadion. Ved pause var stillinga 3-3.

25. april: Grytastranda og Hildre møttes til 7'ar kamp på Hildre grusen i kveld. Grytastranda vann lett 8-2. Kampens store spelar vart Kim Idar Krogsethagen med 4 mål. Den tidlegare Norborg-spelaren Per-Gunnar Ulla har ifølgje våre kontaktar underteikna for FK Sykkylven2.

24. april: Norborg sitt smågutelag vann i ein treningskamp 4-2 over Ravn.

22. april: Stein Erik Reitan har blitt sjuk og må melde forfall til kampen mot MSIL/LIL2 seinare i dag. Norborg-MSIL endar 2-2. Norborg spelte ein kamp under pari og må alt i alt seie seg fornøgd med eit uavgjort resultat etter at Kim Idar Krogsethagen utlikna i det 90. minutt. Kim skåra også det første målet. Norborg vann sjansestatistikken 6-3.

21. april: HaNo avanserte i NM etter 4-1 over Åndalsnes.

20. april: Så har nordicbet.com lagt ut sin odds på kampen Norborg-MSIL/LIL2. Heimesiger gir 1,75, uavgjort 4,40 og borte 2,55. Serieopninga går i Søvikdalen. Bana er i bra stand på eit rekordtidleg tidspunkt.

18. april: Så har siste laget kome på plass i norborg.com si vurdering av 4. divisjon. norborg.com trur tabellen vil sjå slik ut i oktober: 1. Stranda, 2. Skarbøvik2, 3. Valder, 4. Åram, 5. Norborg, Sykkylven2, 7. MSIL/LIL2, 8. Vigra, 9. Godøy, 10. Hovdebygda, 11. Ellingsøy og 12. Åmdal.

17. april: Norborg avslutta treningsleiren i Danmark med 2-2 mot 3. div.-laget Tertnes. Kim Idar Krogsethagen og Tarjei Urkedal skåra for Norborg. Tertnes var eit mykje meir sympatisk lag enn dei to Vestfold-laga, og dette passa Norborg mykje betre.

16. april: Grasbana i Søvikdalen er i så bra stand at serieopninga mot MSIL/LIL2 vil gå der.

15. april: Norborg
tapte 1-3 for Svelvik. Stig Wold skåra for Norborg i 2. omgang.

14. april: Norborg spelte 1-1 mot Nøtterøy i sin første kamp i Aars. Stein Erik Reitan ga Norborg leiinga 1-0, men ti minutt før slutt utlikna Nøtterøy på eit svært billig idømt straffespark. Nøtterøy opptrådde gjennom heile kampen svært usportsleg og var mildt sagt eit griselag. Norborg VII vann 2-1 over Hildre på KGB i Brattvåg måndag kveld. Per Gunnar Søvik og Vegard Vegsund skåra for Norborg, medan Roger Hurlen netta for Hildre.

13. april: Norborg har inntatt Aars og har fått gjennomført to treningar. Eirik York fekk seg diverre ein lyskestrekk på den andre treninga.

11. april: Norborg sitt juniorlag vann 3-2 over Sulalaget etter skåringar av Asgeir Kalvø (2) og Christopher Urkedal.

10. april: Nordicbet.com med odds på 4. divisjon. Kjem også inn som sponsor for Norborg.

6. april: Norborg vann heile 14-0 (7-0) over TIL/Fiksdal/Rekdal i dagens gutekamp. Espen Solheim skåra heile 6 av måla. Vebjørn Grytten har gitt seg i Brattvåg etter berre 6 veke i klubben. Om han kjem heim til Norborg er usikkert.

5. april: Norborg spelte 1-1 borte mot Vigra i en treningskamp. Steffen Grytten skåra Norborg sitt mål. Norborg mangla fleire spelarar i denne kampen. Det samme gjorde Vigra. Vestnes/Varfjell har meldt avbud til gutekampen mot Norborg. Norborg har møter Tomrefjord/Fiksdal/Rekdal i staden.

4. april: Vigra sin trenar Kåre Vidar Roald, måtte gå av etter at han nekta å ta med spelarar på 2'ar laget til kamp mot Norborg.

3. april: Juniorlaget vann 3-2 (2-0) over SIF/Rollon2. Samir Sahman 2 og Espen Solheim skåra Norborg sine mål.

2. april: Aprilsnarr! Morten Kalvø er ikkje skada og Norborg har endå ikkje fått spelemidlar til ny grasbane. Opprykkslaga i 4. divisjon gjer det alltid bra, melder norborg.com.

1. april: Morten Kalvø er skada og går glipp av vårsesongen. Norborg får spelemidlar til grasbane.

30. mars: Norborg massakrerte Harøy 13-0 (3-0) i dagens kamp på Harøy gras. Norborg tok leiinga allereie etter 30 sekund ved Kim Idar Krogsethagen. Det var likevel i 2. omgang dei fleste måla skulle kome. Krogsethagen og Grønli skåra 4 kvar. Gustavo, Christopher, Kenneth V., Reitan og ein uheldig harøying stod for måla. Norborg sitt damelag vann 8-7 over Brattvåg sitt jentelag på KGB i Brattvåg.

29. mars: Norborg sitt gutelag tapte 1-5 for Molde FK på Uggedal stadion. Espen Solheim reduserte til 1-3 i 2. omgang for Norborg. -Vi er svært fornøyd med å spele mot eit fysisk sterkt lag og på ei så fin bane. Ei god gjennomkøyring for vår del, der vi også får god motstand, uttalte Haugan til norborg.com etter kampen.

27. mars: Norborg sin gutekamp mot Vestnes Varfjell er flytta til Uggedal stadion 6. april kl. 1800.

26. mars: Harøy-Norborg går på Harøya seier Perry Myklebust. Det har vært spekulert i om kampen skulle gå på KGB i Brattvåg, men Myklebust insisterar på at kampen går på ei fin grasbane på Harøya.

25. mars: Hovdebygda
ser ut til å gå mot ein tung sesong. Laget har hatt svært få mann på trening og ser dystert på framtida. Laget håper Volda kan hjelpe med spelarar.

24. mars: norborg.com kan i dag vise exclusive bilete av Jan Even Drønnesund sitt beinbrot. Sjå biletet her.

23. mars: Norborg dummet seg ut i 2. omgang av herrekampen mot MSIL/LIL2 i dag på Brattvåg kunstgras. Norborg leia kampen 1-0 ved pause, men ein elendig 2. omgang ga til slutt 1-3 tap. Kim Idar Krogsethagen skåra Norborg sitt mål. Fleire spelarar sa etter kampen at det no var på tide å spele kampane på Uggedal Stadion. Asgeir Kalvø er tilbake på trening etter at han pådro seg ein kneskade på herretreninga for to veker sidan.

22. mars: Norborg sitt smågutelag spelte i dag uavgjort 2-2 mot Brattvåg. Erlend York og Stein Erik Alvestad stod for oransjetrøyenes mål. Hildre tapte sin første 7'ar kamp med siffra 5-3 for Ellingsøy. Norborgkeeper Kurt Erik Grytten stod i mål for Hildre.

20. mars: Haram sine to juniorlag, Brattvåg og Norborg, spelte uavgjort 2-2 i ein underhaldande kamp på Brattvåg kunstgras.

19. mars: Norborg sitt gutelag fortsette å imponere. Denne gong vart det 7-1 siger over Skodje.

18. mars: Terminlista for smågutelaget er klart, og den fortel at ein møter Brattvåg (h) i 1. serierunde 30. april. Småjentelaget åpner borte mot Hessa den 28. april.

17. mars: Norborg har fått i stand eit møte med Vestnes Varfjell sitt gutelag.

16. mars: Espen Solheim og Samir Sahman frå Norborg er teken ut på ei kertleggingsturnering i Volda med tanke på krinslaget.

15. mars: FK Sykkylven melde avbud til søndagens kamp mot Norborg.

14. mars: Jan Even Drønnesund blir skada på trening. Foten hovna kraftig opp, men Jan Even ser det positive i det; "no slepp ej å gå 3-mila neste veke", sa militæristen.

13. mars: Geir Roar Gamlem vart i kveld far til ein son på 4 kg og 51 cm. Vi gratulera Geir Roar og Kristin så mykje!

12. mars: Norborg sitt gutelag vann 9-2 over Sulalaget i ein treningskamp.

11. mars: AaFK og Ørsta spelte i Norborg si pulje i vinterserien. No har dei fått plass i årets NM for junior.

10. mars: Christopher Urkedal er skada og ute av spel i to veker.

9. mars: norborg.com vart nr. 12! Fotballen.no tok hensyn til norborg.com si klage og ga sida betre karakterar. Sida fekk desse karakterane med dommar 1: Design: 4, Innhald: 6, Oppdatering: 8, Bonus: 2. Norborg vann 1-0 over EllingsøyBrattvåg kunstgras. Kenneth Vegsund vart matchvinnar. Kampen var elles utruleg keisam. Berit Riise var på plass under Norborg sin kamp. Truleg var det Kim Idar Krogsethagen ho ville ta ein titt på. Damelaget tapte 1-9 for Skodje.

8. mars: Alf Benny Skarbø har blitt observert på Norborg sine treningar ved fleire høve. Han skal også bli med på treningsleir til Danmark. Dermed ser stallen ut til å bli styrkja med ein kreativ midtbanespelar. Vebjørn Grytten debuterte for Stordal då dei kom med berre ni mann i ein treningskamp mot Brattvåg.

7. mars: norborg.com vart vurdert til den 19. beste klubbsida i Noreg av fotballen.no. Karakterane som sida fekk var ikkje tilfredsstillande så redaksjonen sendte umiddelbart inn ei klage. Norborg fekk desse karakterane av dommar 1: Design: 5, Innhald: 3, Oppdatering: 8, Bonus: 0

6. mars: Norborg sitt juniorlag vann 5-3 (1-3) over Skodje. Christopher Urkedal (4) og Espen Solheim laga måla. Asgeir Kalvø var kampen dominerande spelar.

5. mars: Tarjei kjem heim på perm og får spele treningskampane mot MSIL og Harøy. Eirik York tok skjegget til slutt, men han burde ha gjort det etter kampen mot Gursken i haust. Eirik lovde nemleg å rake skjegget dersom det vart opprykk.

4. mars: Norborg sitt juniorlag møter Brattvåg, Skodje, Sulalaget, Valder og FK Sykkylven i juniorserien. Laga spelar trippel serie i løpet av sesongen. Det vil seie 15 seriekampar.

3. mars:
fotballen.no kårar landets beste klubbsider. I dag vart plassane frå 50-100 presentert. Tre av dei seks sunnmørssidene som kom til finalen vart presentert her. Det var: Volda (73. plass), Skodje (93) og Sunnylven (98).

2. mars: Norborg tapte vintercupfinalen mot Vestnes Varfjell på straffesparkkonkurranse. Stillinga ved ordinær tid var 2-2. Norborg såg ut til å gå mot ein komfortabel siger og leia 2-0 før halve 1. omgang var spelt, men Vestnes Varfjell kom sterkt tilbake å utlikna til 2-2 fire minutt før slutt. Straffespark-konkurransen enda med 4-3 til romsdalingane. Kim Idar Krogsethagen skårte Norborg sine mål, og vart også toppskårar i turneringa med sine 9 mål. HaNo sitt damelag vart historiske denne dagen. Dei vart nemleg det første laget som vann ei 9'er turnering nokon sinne. Hessa/Herd/Foruna2 vart slått 3-2 i finalen.

1. mars: Gustavo Pedreira er i Brasil og spelar ikkje vintercupfinalen, medan Jan Vatnehol er i Oslo. Alexander Gamlem har pådratt seg ein skade og spelar heller ikkje. Vebjørn Grytten sin overgang til Brattvåg er formelt i orden. I gallupen om kven som vinn vintercupfinalen fekk Norborg og Vestnes Varfjell 50% kvar.

28. februar: Morten Kalvø kjem attende frå Guatemala og spelar i vintercupfinalen mot Vestnes Varfjell.

27. februar: Norborg sine motstandarar på treningsleiren i Danmark er klare. I første kamp møter ein 5. divisjonslaget Nøtterøy frå Vestfold, deretter står eit anna lag frå Vestfold på motsett banehalvdel, nemleg 4. divisjonslaget Svelvik. Til slutt møter ein det nyopprykka 3. divisjonslaget Tertnes frå Hordaland. Juniorspelar Kristian Furnes vender heim til Norborg etter ein sesong i Stranda-trøye.

26. februar: Fint lite som skjer.

25. februar: Norborg sitt gutelag får ikkje spele i 1. divisjon. Dette har SFK bestemt i dag. Det var 11 påmeldte lag til denne divisjonen, men ein skulle berre ha ti. Norborg vart difor ofra, mest sannsynleg fordi ein ikkje deltok med lag på dette årstrinnet i fjor. Litt synd at Norborg ikkje fekk delta i 1. divisjon fordi ein har eitt av dei beste laga på Sunnmøre. Laget kjem nok til å vinne si 2. divisjonsavdeling ganske enkelt. Stranda trekker 2. laget sitt frå 5. divisjon. Åheim er tilbydt plassen.

24. februar: Svak påmelding til 1. divisjon smågutar og gutar. Norborg har meldt seg på i begge årsklassane.

23. februar: Norborg sitt gutelag skal likevel ikkje til Molde for å spele kamp i mars, men Molde kjem i staden til Haram.

22. februar: Norborg sitt juniorlag tapte 2-4 for Sykkylven i vinterserien. Kanskje ikkje så rart at det vart tap sidan kampen vart dømt av ei frå Sykkylven. Geir Ove Tennfjord og Christopher Urkedal skåra Norborg sine mål.

21. februar: Stordal har flest lag pr. innbyggar, kunne norborg.com melde. Stordal har 10 lag med i dei ulike årskulla og a-lag. Med sine ca. 1000 innb. gir dette 100 personar pr. lag. Dette er best på Sunnmøre, framfor Sande (130) og Haram (136). Sula (385) kjem desidert sist. Snittet for Sunnmøre er 197.

20. februar: Norborg sitt gutelag vann heile 6-1 over Ellingsøy i ein treningskamp. Smågutespelar Erlend York imponerte med to flotte mål.

19. februar: Norborg stille med to lag meir i miniklassene i år i forhold til i fjor. Totalt antall lag i miniklassa er no 5.

18. februar: Hildre stille i år med herrelag for første gang sidan 1993. Dei skal delta i 7'ar fotballen. Ellingsøy, Fiskarstrand og Stabburet/Stranda er dei tre andre laga i avdeling Nord.

17. februar: Eit ungt og reserveprega Norborg-lag tapte heile 5-0 for Brattvåg i ein treningskamp på KGB i Brattvåg. Det næraste Norborg kom var to tverrliggarskot. Eitt frå Edward Laverton og eitt frå Kristian Søviknes. Vebjørn Grytten debuterte for Brattvåg i denne kampen etter overgangen i frå Norborg.

16. februar: Ein svart dag for Norborg-fotballen. Damelaget tapte heile 26-0 for Hessa/Herd/Fortuna 2, medan juniorlaget tapte 19-0 for AaFK. Begge kampane vart spelt i Sunnmørshallen. Damekampen var av typen 9'er fotball. Ei nyinnføring på fotballfronten. Norborg sitt tap skreiv seg inn i historieboka som tidenes største!

15. februar: Norborg tek som det første laget seg til vintercupens finale. Laget vann 4-2 over Ellingsøy etter å ha ligget under 0-2. Ein fantastisk 2. omgang sikra finalen.

14. februar: Kim Idar Krogsethagen har ein gyllen sjanse til å bli toppscorer i årets vintercup. Hovedkonkurrent Oddgeir Vikås frå Vestnes Varfjell skal nemleg ikkje spele semifinalen på laurdag.

13. februar: SFK går inn for å forandre opplegget rundt kretsavgiften. Dersom det nye vedlegget blir vedteke, må Norborg betale 1015 kr meir enn ved det gamle.

12. februar: Norborg sin benkeslitar Vebjørn Grytten skreiv under for Brattvåg.

11. februar: SFK deler 5. divisjon opp i 4 avdelingar med 8 lag i kvar avdeling. Dei to beste i kvar avdeling går vidare til eit opprykksspel. Dei 8 laga er då delt inn i to puljer, der vinnarane rykker opp. norborg.com er godt fornøgd med at berre to lag rykker opp til 4. divisjon.

10. februar: Badmintonlaget med fin innsats i Trondheim. Det var tap for topplaget NTNUI, men NTNUI2 vart feid av bana med 10-0 og det vart 5-5 mot Trondheim.

9. februar: Vebjørn Grytten aktuell for Brattvåg? Grytten vurderar å melde overgang til Brattvåg for å spele på deira 2. lag. Krogsethagen toppskårar i vintercupen med 5 mål. Oddgeir Vikås frå Vestnes Varfjell har samme antall.

8. februar: Norborg vann 3-2 over TIL/Fiksdal/Rekdal og er klar for semifinalen i vintercupen. Kim Idar Krogsethagen 2 og Eirik York stod for måla.

7. februar: Morten Kalvø reiser til Guatemala.

6. februar: Alexander Gamlem, Tarjei Urkedal og Geir Ove Tennfjord skada seg på gårsdagens trening.

5. februar: SFK har bestemt at junior 1. divisjon -Nordea serien, skal bestå av 8 lag. Norborg sitt juniorlag har avtalt møte med Brattvåg den 20. mars.

4. februar: Sykkylven vann 11-0 over Skodje i helgas vintercup, men sidan Sykkylven stilte med VRF spelarar vart resultatet sett til 0-0. Skodje fekk dermed plassen i 2. runde. Kristian Søviknes har fått betennelse i ein spyttkjertel og får ikkje spele 2. rundekampen i vintercupen mot TIL/Fiks/Rek. Åram sin storskårar Ole Per Kragset har lagt fotballskoa på hylla. Roger Grytten tilbake i trening. Han har starta å trent opp igjen kneet sitt på helsestudio i Ørsta.

3. februar: Norborg sitt gutelag har avtalt treningskamp mot Molde den 29. mars. Det er den tidlegare norborgspelaren Øystein Haugan som har fått i stand denne kampen. Haugan er ein av trenarane på Molde sitt gutelag. Det er også klart at Molde kjem til Søvik for å spele kamp utpå sommaren.

2. februar: Jan Even Drønnesund og Tarjei Gjerset Urkedal melder til norborg.com at dei kjem heim til neste kamp mot Tomrefjord/Fiksdal/Rekdal. Jan Vatnehol derimot melde forfall.

1. februar: Norborg vinn enkelt 9-1 over Kvamsøy i årets første treningskamp. Kampen gjekk i Sunnmørshallen. Kim Idar Krogsethagen skåra Norborg sitt første mål. Norborg stilte med fem debutantar denne dagen deriblant med Knut Ivar Bjørlykhaug frå start. Det var likevel ein annan debutant som stjal overskriftene. Chrisopher Urkedal laga i den omgangen han spelte heile tre mål. Andre debutantar var: Asgeir Kalvø, Edward Laverton og Amund Terøy. Målskårarane: Kim Idar Krogsethagen 3, Christopher Urkedal 3, Stein Erik Reitan, Steffen Grytten, Kristian Søviknes.

31. januar: Kamp nr. 9 Middlesbrough-Newcastle på norborg.com sin tippekupong er utsett grunna snøv. Resultatet av trekninga vart U.

30. januar: Hovdebygda sin storskårar Jan Egil Gretland legg opp. Hovdebygda slit elles med liten stall framfor årets 4. divisjonsstart.

29. januar: Meiningsmålinga viste 52% for svart, 48% for oransje. Over 800 stemmer.

28. januar: Morten Kalvø med skade. Ein betennelse i hælen sette Morten ute av spel i minst 1 månad. Kraftige diskusjonar på innleggssida. To årsaker til det. Klubbgenser og sjølvgodheit. Meiningsmålinga om klubbgenser måtte gjeninnførast. No har alle høve til å stemme så mange gongar dei vil.

27. januar: Lite som skjer, men norborg.com blir skylda for å vere sjølvgod. Gode argument for det er det ingen som har. Ei meiningsmåling viser at 62% er for svart klubbgenser, 38% vil ha oransje.

26. januar: Norborg sitt juniorlag tape 11-0 for Ørsta i sin første vinterseriekamp. norborg.com si meiningsmåling om svart eller oransje klubbgenser skape debatt etter at ein og samme person har stemt over 25 gongar på oransje genser. norborg.com blir beskyldt for å verne om eigne interesser når ein vel å slette desse "stemmene". norborg.com avfeier kritikken og avsluttar meiningsmålinga.

25. januar: Norborg er ein populær motstandar i treningskampane. No er det klart at laget møter divisjonskollega Vigra den 5. april.

24. januar: Norborg har planar om å sende smågutar, småjenter, gutar og jenter til Norway Cup.

23. januar: Norborg sitt juniorlag skal møte Ørsta komande helg. Juniortrenar Søviknes har lita tru på siger.

22. januar: Norborg og Kristian Søviknes er atter ein gong i Dabladets "I bakrommet". Blir Kristian like kjent som navnebror Terje?

21. januar: 6. divisjon blir kutta ut og slått saman med 5. divisjon, kunne SFK melde etter eit kretsmøte.

20. januar: Norborg sitt badmintonlag invitert til Namdal Open

19. januar:
Haramslaget Prim med ex-norborgkeeper Espen Wold på laget vann Volda Cup'03. Wold slapp berre inn eitt mål i løpet av turneringa. Stor idrett, seier Wold til norborg.com.

18. januar: Strandalaget Kappa Nova vann Nattcup etter 5-0 over Shadwell i finalen. Søvik-laget Myrulla utslått i kvartfinalen. Bernard Laverton kan melde om 131 påmeldingar i fotballgruppa. Dugnadsmodellen blir innført. Norborg får ny strømpemodell.

17. januar: Sunnmøre Fotballkrets seier at dei er sportsleg positiv til samanslåing av Sunnmøre og Nordmøre/Romsdal til ei 3. divisjonsavdeling.

16. januar: IL Norborg manglar ei venstrevridd dør. Kan nokon hjelpe? Norborg hamnar i Dagbladet. I Tom Stalsbergs "I Bakrommet" kunne vi i dag lese følgjande; "Kristian Søviknes er en human frilansagent for toppklubben IL Norborg: -Vi mangler ein hurtig og målfarlig spiss til neste sesong. Kan du i bakrommet hjelpe oss? Interesserte kan svare på vår heimeside www.norborg.com. Kan ein avdanka engelsk 3. divisjonsspelar være aktuell? Bakrommet regner med at så vel små, runde og spisse løpere nå tar kontakt. IL Norborg trenger nemlig mål (goal for våre nynorsklesere)."

15. januar: Småjente og smågutelaget hadde foreldremøte og satte ned ein komite som skulle jobbe for at laga kjem til Norway Cup.

14. januar: norborg.com la, som dei første på Sunnmøre, ut ein artikkel om reduksjon av antal 3. divisjonsavdelingar. Geir Magne Grande fortsetter som trenar for damelaget.

13. januar: norborg.com kjem som ei av 100 klubbsider til finalen i FFL (fotballen.no) si kåring av Noregs beste klubbside. Norborg har ei positiv utvikling i yngres avdeling og sette rekord i antal lag. Årets første smågutetrening blir haldt og Ole Johnny Gamlem og Adrian Volstad fekk sin ilddåp som trenarar.

12. januar: norborg.com kan melde at fleire treningskampar er fastlagt. Norborg vart ein populær motstandar når aktuelle lag høyrte at man stilte med kunstgrasbane. Reportasje om Nattcup'03. norborg.com held Haramslaget Prim som favoritt.

11. januar: På terminlistemøtet for 4. divisjon får Norborg igjennom mange forandringar. Norborg får spele mange kampar i helga i staden for torsdag.

10. januar: Styret i fotballgruppa innkallar foreldra til møte om den nye sesongen. Her skal ein blant anna diskutere den nye dugnadsmodellen. Haram har flest damelag på Sunnmøre.

9. januar: Roger Dalhaug frå Brattvåg og Joakim Erstad frå Skodje takkar nei til å spele for Norborg.

8. januar: Forsvarsspelar Jan Even Drønnesund reiser til Værnes for å gjennomføre militærteneste. norborg.com oppfordrar aldersbestemte lag til å reise på Norway Cup. Bjørn Reitan held fram som oppmann.

7. januar: Sunnmøre Fotballkrets seier at det kan bli aktuelt med fire 5. divisjonsavdelingar.

6. januar: Badmintonsida på norborg.com blir pussa opp.

5. januar: Krinsen søkjer undomsrepresentant til styret

4. januar: Christopher Urkedal skriv under for Norborg.

3. januar: norborg.com er den mest besøkte klubbsida i Haram i 2002.

2. januar: Kristian Søviknes blir tilsett i norborg.com. Norborg badminton med bra innsats på Sykkylvscup med to førsteplassar av tre moglege i den gjevaste klassa.

1. januar: Første gute- og juniortrening

2002
31. desember: norborg.com meldte om viktige datoar for det komande året. norborg.com passerar 40000 besøkande.

30. desember: Norborg skal trene to onger i veka på kunstgrasen i Brattvåg.

29. desember: Norborg kom på 7. plass i romjulsturneringa for damer.

28. desember: Norborg vart i utslått i kvartfinalen av Team Fiksdal/Rekdal i romjulsturneringa for herrer i Brattvåg. Heimefavoritt Brattvåg gjekk til topps.

27. desember: Sunnmørsposten svarar norborg.com og beklagar at ein artikkel på vår heimesida hamna i Sunnmørsposten. -Vi visste ikkje at artikkelen var henta frå norborg.com, seier Gunnar Lorgen i Sunnmørsposten.

26. desember: norborg.com presenterte ein kavalkade frå A til Å av Norborg året 2002.

25. desember: norborg.com gjorde ei vurdering av årets romjulsturnering i Brattvåg, og haldt Brattvåg IL som favoritt i turneringa.

24. desember: God jul !

23. desember: norborg.com viste eksklusive bilete frå Kenneth G., Christian og Gustavo sin treningsleir på Copacabana.

22. desember: Ein reportasje om samanslåing av 5. og 6. divisjon skreve av norborg.com sin redaktør stod plutseleg som innkast i Sunnmørsposten. Brot på Åndsverklova seier redaktør Engeset og kontaktar Sunnmørsposten.

21. desember: Eit foreløpig utkast av terminlista i 4. divisjon vert presentert. Norborg skal opne heime mot MSIL/LIL2.

20. desember: FIFA vil fjerne gule kort og innføre ti minutts utvisning.

19. desember: 17-åringen Christopher Urkedal frå Ravn seier muntleg ja til Norborg. Urkedal var også ønska av Tomrefjord/Fiksdal/Rekdal.

18. desember: norborg.com kunne presentere mange spelarprofiler av juniorane.

17. desember: Norborg sitt damelag har meldt seg på romjulsturneringa i Brattvåg.

16. desember: Presentasjon av kampoppsettet i romjulsturneringa for herrer. Norborg i gruppe med Brattvåg, Helland og Lepsøy. Artikkel om sportsleg ujamn 5. divisjon.

15. desember: Forslag frå Sunnmøre Fotballkrets om at 6. divisjon og 5. divisjon blir slått saman.

14. desember: Fotballen i Sykkylven blir samla rundt ein klubb, FK Sykkylven. Klubben tek VRF sin plass i 3. divisjon.

13. desember: Kraftige diskusjonar på innleggssida om drikkekultur i Norborg.

12. desember: Det vert spelande trenarduo hos 4. divisjonskollega Åram/Van.kam.

11. desember: Sogeboka er ute til salg.

10. desember: Juniormøte i Uggedalen. Ravningar i junioralder velkomen til Norborg.

9. desember: Stig Wold vender heim til Sunnmøre etter studier i Trondheim.

8. desember: Norborg tapte heile 17-1 for Skarbøvik i 8-delsfinalen i innandørs-KM. Fleire av spelarane hadde vore på fest kvelden før.

7. desember: Norborg gjorde det bra i første dag av innandørs-KM i Sunnmørshallen. Etter 5-6 for Vartdal, vann ein 2-1 over 3. divisjonslaget Bergsøy. Knuste Brattvåg2 i sin 3. kamp. Møter Skarbøvik i 8-delsfinalen.

6. desember: Norborgspelarar får høve til å melde seg på klubben via internett.

5. desember: Keeperkrise i Langevåg etter at Geir Roar Gamlem kom tilbake til Norborg. Langevåg sin 1. keeper er nemleg suspendert i 1. seriekamp.

4. desember: Høve til å melde seg på Nattcup'03 på Stranda.

3. desember: Geir Roar Gamlem skriv under for Norborg. Blir det egen 2'ar serie på Sunnmøre i år, spør norborg.com.

2. desember: Overgangsrykte på ikkje navngitte spelarar.

1. desember: Julekalenderen blir presentert på norborg.com. HaNo skal arrangere romjulsturnering for damer i Brattvåg.

30. november: Lagdelane under lupa. norborg.com presenterte kven som hadde spelt best ilag. Krasse diskusjonar på innleggssida mellom norborgarar og brattvågarar, og brattvågarar og brattvågarar.

29. november: Adrian Volstad og Ole Johnny Gamlem trenar smågutelaget. Jan Egil Alstadsæter og Robert Granum inn i trenerteam rundt juniorlaget.

28. november: "Drillo" skal halde foredrag i Ålesund. Gutelag til Norway Cup?

27. november: Presentasjon av bilete av "Nye" Uggedal Stadion.

26. november: Brattvågtalent på veg til Norborg.

25. november: nye overgangsreglar

24. november: Vitercup i Sunnmørshallen. Norborg skal møte Kvamsøy. Gode sjansar for avansement meinar norborg.com.

23. november: Norborggenser i emninga. Ajax-modellen skal bli innført i Norborg.

22. november: Ravnjuniorar ønsker seg til Norborg.

21. november: Årsmøte i Norborg. Roar Korsnes ny fotballformann. Per Gunnar Søvik leiar for hovudlaget.

Enkelte reportasjar frå 2002:
Lagdelane under lupa
Har ingenting imot dommarar

Dagboka er av nyare dato så den stoppar her.
tilbake | skriv innlegg