| Stordal sin første
siger på laurdag? 30-09-2004 22:12 -Norborg sitt herrelag reiser laurdag til Stordal for å møte eit lag som endå ikkje har greidd å vunne. Les meir.. Trenarteam fekk sparken 30-09-2004 20:38 -Grytastranda BG sin sportssjef Frode Engeset har gitt fjorårets trenarteam Eirik York og Tarjei Urkedal fyken, og gjeninnsatt seg sjølv og Roger Grytten. Truleg er det suksessen med herrar 7'ar som har gått til hovudet på Engeset. -Det ligg ingen dramatikk i dette. Vi gjekk nesten på ein overraskande smell i fjor, så i år skal Eirik og Tarjei få konsentrere seg om å spele, kjem det i ei pressemelding frå GBG. Grytten avgjorde thriller 30-09-2004 20:21 -Jamn kamp mellom Norborg og HaNo/Lepsøy i småguteserien i kveld i Uggedalen. Begge laga hadde sine sjansar, men det var berre Norborg sin toppskårar Mar-tin Grytten som traff nettmaskene med sitt mål femten minutt før slutt. Tabell Elling Mikal redda uavgjort 29-09-2004 19:58 -Elling Mikal Kalvø utlikna til 3-3 noen minutter på overtid, og redda guter 7´er frå årets første nederlag. Ørskog leda 3-0 eit kvarter før slutt, men ein god sluttspurt redda poen-get. Elling Mikal Kalvø skårte to mål og Thomas Ringstad eit mål. -Ufortjent poeng til oss, dette her var skrale saker, var trenar Jan Egil Alstadsæter sin kommentar. Tabell 7´erkamp endra 29-09-2004 15:58 -Guter 7´er sin kamp mot Harøy/ Fjørtoft er flytta fram til laurdag 2.oktober. Kampen vil ha avspark så tidlig som 10.30. Om dette er oppmann Gerd sitt ønskje om å få opp Thomas om morgonen er uvisst for norborg.com. Guter 7´er spelar i kveld borte mot Ørskog. Drønnesund tilbake i trening 28-09-2004 23:44 -Jan Even Drønnesund er tilbake i trening etter nokre veker på side-linja. - Eg kjenner det fortsatt i foten, men ein må jo til slutte berre trosse smertene og trene litt, seier "Neven" til norborg.com. Herd2 vann 5-1 -Volstad med susar i mål 27-09-2004 21:29 -Smågutelaget tapte 5-1 for Herd2 i dag. Etter ein mållaus første om-gang så vart det meir fart i andre. Herd tok leiinga før Skjalg Volstad utlikna med ein susar av eit frispark frå tretti meter. Etter dette var Herd klart sterkast, og vann til slutt 5-1. Referat frå gutekampen 27-09-2004 0:08 -Referatet frå den svært spennande og underhaldande gutekampen laurdag er no klart. Brattvag-il.no har også referat og bilder. Les meir.. Laber kretskamp i Brattvåg -G88 vann 1-0 26-09-2004 20:57 -Det var ein svært laber kamp kretsen sine antatt beste spelera i klassene 88 og 89 presterte søndag. G88 vann 1-0, og brente i tillegg eit straffespark. På tribuna var det mange si meining at det var mykje svakt som var presentert ute på bana, og man sette store spørsmålstegn ved at mange lokale spelera som ikkje var uttatt burde vore tatt med. Mange ønskja seg likedan ein kamp der Haram sine to beste lag utfordra kretslaget. Ein kamp vi utifrå det vi såg i dag med nokså stor sikkerhet vil påståd at Haram hadde vunnet suverent. Dagens prestasjoner var vertfall ikkje mykje å rope hurra for, og det er bykymringsverdig viss dette er standaren for sunnmørstalenta som skal prege den lokale fotballen den nærmaste framtida. Tapte for Valldal 26-09-2004 18:49 -Norborg sitt damelag tapte 4-1 for Valldal i dag. Norborg gjorde ein svak 1. omgang og låg under 3-0 før oransjetrøyenes beste spelar Kine Kvammen reduserte. I 2. omgang var kampen jamnare og Norborg hadde fleire store sjansar. Blant anna traff Camilla Krogsethagen stolpen. Likevel, ein fortent heime-siger til Valldal. Tabell FIL med stadig håp 26-09-2004 18:38 -Fiskerstranda vann 5-2 over Ravn og har med det stadig sjansen på ein direkte opprykksplass. For at det skal skje må Ravn ta poeng mot Giske, medan FIL må Stran-da2. Lepsøy vann 7-2 over HaNo2, men sidan FIL vann er håpet om kvalifiseringsplassen over. Tabell Stranda på opprykksplass - ÅVK redda plassen? 26-09-2004 18:31 -Stranda vann 2-1 borte mot MSIL/ LIL2 og gjekk opp på 2. plass i 4. divisjon. Stranda treng 3 poeng mot ÅVK i siste kamp, samt at Sunn-ylven taper poeng mot endten Ellingsøy eller Stordal for at det skal bli opprykk. Åram/VFK redda truleg plassen sin i divisjonen med 8-3 over Stordal. Laget har no 20 poeng. Noko som er 5 poeng meir enn Ellingsøy på nedrykksplass. Tabell Juniorane med fortent siger 26-09-2004 15:53 -Juniorlaget vann 3-1 (1-0) over Ørskog/Stordal i dag. Espen Solheim ga Norborg leiinga i 1. omgang, mens Ø/S utlikna på eit sjølvmål omtrent halvvegs i 2. omgang. Knut Ivar Bjørlykhaug fiksa 2-1, mens Daniel Brusdal sette inn 3-1 i sluttsekunda. 2-2 i Haramsderbyet 25-09-2004 19:35 -Norborg var det førande laget i dagens lokaloppgjer mot Brattvåg i 1. divisjon for gutar. Adrian Håbet ga Norborg leiinga i 1. omgang på straffe. I 2. omgang utlikna Martin-us Løken for Brattvåg før Espen Solheim ga heimelaget leiinga på ny. Men like før slutt utlikna Sindre Dalhaug på straffe, og dermed endte det med 2-2 og poengdeling. Tabell 3. divisjon: Godøy lever i spenning! 25-09-2004 19:28 -Godøy, som hadde slik ein flott vårsesong, tapte 1-2 for Spjelkavik, og har kome ned på den svært usikre 10. plassen ettersom Ørsta knuste Valder 6-2. Godøy må no satse på at Skarbøvik rykke opp til 2. divisjon for at plassen i 3. div. skal bli redda. Volda vann 3-0 over Vidar i 2. divisjon og har dermed stadig eit teoretisk håp om stå-plass. Tabell 5. divisjon: Bylaga rykker opp 25-09-2004 19:25 -Rollon vann 2-0 over Skodje og treng berre eitt poeng på dei to siste kampane for å rykke opp. Herd vann 5-0 over Hovdebygda og sikrar opprykket med siger over Ørskog neste helg. Harøy snudde ein vond trend med 3-2 siger over Åheim. Tabell 6. divisjon: Giske nær opprykk 25-09-2004 19:21 -Giske vann 4-0 borte mot MSIL2/ LIL3 og er no berre ein siger unna 5. divisjon. I avdeling 2 vann Gjerds-vika heile 33-0 over BAUFIL, og har dermed stadig eit håp om direkte opprykk. Vi gir også honnør til BAUFIL som trass stortap etter stortap ikkje trekke laget. 6. divisjon avd. 1 6. divisjon avd. 2 Sunnylven vann 25-09-2004 19:19 -Sunnylven vann 3-2 overBlindheim/ Emblem og er no favoritt til å slå følgje med dagens motstandar til 3. divisjon. Tabell Poengdeling i Uggedalen 25-09-2004 16:09 -Norborg og Ellingsøy spelte laur-dag 0-0 i ein dårleg kamp. Heime-laget var sløve i duellspelet og svært upresis i pasningsspelet. Ellingsøy kjempa godt og hadde dei største sjansane dei første 80 minutta. Blant anna vart eit straffe-spark redda av Kurt Erik Grytten. I dei siste ti minutta vakna oransje-trøyene og kom seg til nokre store sjansar ved Kim Idar Krogsethagen og Edward Laverton. Men takka vere ein god gjestekeeper fekk Ellingsøy eitt fortent poeng. Les meir.. Tabell Steinsbu ny Brattvåg-trenar 25-09-2004 2:24 -Bjarte Steinsbu vart torsdag kveld presentert som ny herretrenar i Brattvåg, melder Brattvåg si heime-side. Steinsbu er ein rutinert trenar med erfaring som a-lagstrenar for Brattvåg, Norborg og Harøy. I år leia han BIL sitt G-16 lag til KM-tittelen. Brattvåg 7'ar knuste Hildre 25-09-2004 2:19 -Brattvåg herrer 7'ar vann heile 15-0 over Hildre fredag kveld, og tok med det heim avdelingssigeren framføre Norborg. Vi gratulerer! Tabell Jentene tapte 25-09-2004 2:16 -Jentelaget tapte seriefinalen mot Stodal med 4-1, og må no stole på at Harøy vinn over Stordal i siste kamp for at pokalen skal hamne i Norborg-land. Likevel, jentene har gjort ein sterk prestasjon i haust. Tabell Følg jentekampen direkte 24-09-2004 17:23 -Norborgjentene sin kamp mot Stordal og avdelingssiger kan du følgje her etterkvart som det skjer noe. Så trykk oppdater med jamne mellomrom, og siste nytt kjem. Siste nytt frå Kirkebø stadion er at jentene sprudler, så dette lover bra. 20min 1-0 til Stordal 33min 2-0 til Stordal 55min 3-0 til Stordal 58min 3-1 Tonje Fiskergaard 78min 4-1 til Stordal Ukens tippegjest 24-09-2004 7:36 -Siste mulighet for å frarøve Espen Wold og Brattvåg NordicBet sitt stipend på 2000,- NOK er komet. Ukens tippegjest er godt kjent i Haram. Om han reddar pengane for Norborg, eller om Brattvågen får eit kjært tilskudd til kampen om nedrykk, nedbetaling av KGB eller øyremerka keeperutstyr får vi søndagskvelden. Les meir.. SFK med fokus på jente-fotball 24-09-2004 2:22 -Sunnmøre Fotballkrets vil også denne hausten gjennomføre fleire møter der temaet blir jenterekrutt-ering. Les meir.. Jentelaget treng eitt poeng 24-09-2004 0:53 -Jentelaget spelar i morgen ein svært viktigkamp mot Stordal på Kirkebøe stadion kl. 1745. Med poeng i denne kampen og Norborg har vunne avdelinga. Battle of Haram 2004 24-09-2004 0:30 -Laurdag kl. 17.15 sparkast ses-ongens viktigaste kamp per dags dato i gang i Uggedalen. Les meir.. Norborgarar underhaldt på Solvang Cafe 23-09-2004 23:13 -Frå Lepsøy si heimeside har vi fått tilsendt dette biletet av norborgarne som var å spelte på Lepsøy. Les meir.. Spelarutviklar på Norborg-besøk 23-09-2004 21:14 -KA-spelarutviklar Geir Hansen var torsdag kveld på besøk hos Norborg. Om lag 20 trenarar møtte opp for å høre og sjå Hansen i aksjon. Les meir.. Nabooppgjer mot Ellingsøy på laurdag 23-09-2004 1:03 -Norborg sitt herrelag møter Ellingsøy på Uggedal grus laurdag kl. 14. Les meir.. FC Søvik på trenarjakt 22-09-2004 23:50 -FC Søvik er i harde forhandlinger med aktuelle kandidater til vervet som trener for klubben til bygde-kampen. Fleire internasjonale kandidater er i desse dager blitt kontakta med tanke på den ledige jobben. Deriblant Ivar Morten Normark har vi frå sikre kilder. HaNo mot 3. divisjon 22-09-2004 23:42 -HaNo vann i kveld bortekampen sin mot Skarbøvik2 med 5-2. HaNo gjekk då opp på 2. plass med ein kamp igjen å spele. Tabell God avslutning for småjentelaget 22-09-2004 23:37 -Norborg vant i kveld 4-0 over Hano i Uggedalen. Dermed vart det siger i avslutningskampane for begge Norborgs småjentelag. Jentene sigra fortent og hadde dei fleste sjansane, og spesielt løsna det framfor målet i 2. omgangen. Les meir.. Tabell Norborgfest 16. oktober 22-09-2004 19:43 -Norborg sin årlege avslutningsfest blir haldt 16. oktober på Søvik for-samlingshus. Frå kl. 20 til 22 blir det premieutdeling og resyme av 2004 sesongen for junior og senior-lag. Frå kl. 22 til 02 spelar Bruder'n & E opp til dans. Dansen er open for alle og inngangsbilletten koster kr. 150,- Påmelding til Eirik York (91164467) og Roger Grytten (91792024). Aldersgrense: 16 år. Norborg-Ellingsøy på grus 22-09-2004 17:23 -4. divisjonskampen mellom Norborg og Ellingsøy på laurdag er flyttet frå gras til grus. Mange spelte for herrar 7'ar 21-09-2004 22:17 -Heile 36 ulike spelarar fekk notert seg kampar for Norborg herrar 7'ar. Geir Magne Grande var den med mest speletid. Les meir.. Hamnsundmafian slo til -Rollon slått 4-3 21-09-2004 20:40 -Juniorlaget vann 4-3 mot Rollon i dagens kamp. Kristian Furnes 3 og debutanten fjorten år gamle Kris-toffer Søviknes skåra måla for Norborg som leda 3-0 til pause. Eit svært ungt Norborglag med ein snittalder på 16 år vann fortjent mot Rollon som stilte med tre overårige spelarar. Ny frist for quiz-svar - berre 3 har levert inn 21-09-2004 17:51 -Ole Tommy Blomvik, Alexander Beadle og Jørgen Ove Havnsund er dei einaste som har levert inn svar på Norborg Quiz. Sidan det truleg er leverandør Bravenet som spelar mange eit puss gir vi frist til onsdag kveld med å levere inn. Svara sendast inn til: norborgquiz@hotmail.com Til spørsmål Kampreferata klare... 21-09-2004 17:38 -Betre seint enn aldri levert grunna sjukdom er no kampreferata frå sist ukes gutekampar klare. Bergsøy-Norborg Norborg-Stordal Småjentene slo Brattvåg -kan vinne avdelinga 21-09-2004 13:26 -Norborg sine flinke småjentespel-era vann i går 1-0 borte mot Bratt-våg. Hessa2 avgjør kven som vinn avdelinga då dei møter Sif på torsdag kl. 18.00. Med Hessa2 siger her så vil målforskjellen avgjøre kven som vinn avdelinga. Til trenarar og lagleiarar - spelarutviklar besøkjer Norborg 21-09-2004 0:34 -Kretsen sin spelarutviklar Geir Hansen besøkjer Norborg torsdag 23. september kl. 17 i Uggedalen. Alle trenarar og lagleiarar bør møte. Les meir.. Storkampar på laurdag 21-09-2004 0:04 -Herrelaget møter laurdag Ellingsøy klokka 14.00 i Søvikdalen. Seinare på dagen møtast Haram sine to beste gutelag til slaget om Haram i Søvikdalen kl. 17.15. Engeset til MSIL/LIL2 ? 19-09-2004 23:17 -Bjørnar Engeset måtte virkelig ha imponert under dagens 7´erkamp for guter. No er nemleg Msil/Lil2 på jakt etter gutelaget sin omskolerte spiss. -Oss treng ein storskårar, kan vi få låne Engeset i dei siste kampane, spør Vegard Eikrem frå Msil til norborg.com. For ein halv stratos og noen haribodrops er nok det meste mulig.... Stranda med viktig siger 19-09-2004 22:10 -Stranda vann den viktige toppkam-pen mot Vigra med 3-1. Stranda har dermed kome seg oppå ein 2. plass på tabellen. Botnoppgjeret mellom Stordal og MSIL/LIL2 endte 3-3. Tabell Engeset med 6 mål då gutelaget vann 19-09-2004 16:01 -Gutar 7'ar knuste i dag Stordal 7-1. Laget sin dyktige keeper Bjørnar Engeset fekk prøve seg som playmaker og takka for tilliten med å score 6 gongar. Lars Petter Tennfjord scora det siste. Sterk uavgjort mot Skodje 19-09-2004 15:57 -Norborg sit damelag spelte i dag 7-7 mot topplaget Skodje. Oransje-trøyene leia både 6-5 og 7-6 på slutten av kampen, men Skodje kom tilbake og utlikna. Camilla Krogsethagen scora 5 mål, medan Jannicke Gjerset og Kine Kvammen scora eitt kvar. 5 mål var ikkje nok - tapte 6-5 for Blindheim 18-09-2004 18:08 --Det vart ein svært målrik kamp mellon Blindheim/Emblem og Norborg i dag ettermiddag. Norborg tok føringa både 1-0 (12 min) og 2-0 (28) ved Geir Ove Grønli etter corner. Fire minutt seinare fekk så heimelaget si fortente redusering ved Sindre Lauås. Fem minutt seinare er Norborg på farta igjen og Eirik York sørger for 3-1 leiing. Men nokre minutt før pause er Norborg uoppmerksam på eit frispark og Henning Hareide reduserer til 2-3. Noko som står seg til pause. I 2. omgang startar Norborg forferdeleg og heimelaget snur kampen til 5-3. Terje Ottersen gjer 3-3, medan Lars Andreas Vegsund gjer 4-3 og 5-3 før Norborg omsider vaknar. Sju minutt før slutt reduserar Eirik på corner og minuttet etter headar Geir Ove inn utlikninga på eit frispark. Gleda varer likevel ikkje lenge for Norborg for 4 minutt før full tid putter Lars Andreas Vegsund nok ein ball i nota til 6-5. Norborg stilte svært redusert i dag og hadde berre med seg to innbyttarar som er ute-spelarar. Dette var Kristian Furnes og Biarte Hånes. Begge kom innpå og fekk sin seriedebut. Les meir.. Tabell Gamlem ute av kampen 18-09-2004 12:17 -Norborg sin formspelar nr. 1 dei siste ukene Alexander Gamlem har måtte kasta inn handkledet. Han er fortsatt satt ut av sjukdom, og dermed er Norborg kraftig svekka i angrepsrekka si til dagens kamp. Ukens tippegjest 18-09-2004 1:57 -Ukens tippegjest er gutespelar Espen Solheim. Les meir.. Tapte for Bergsøy -Brattvåg KM-vinnarar 17-09-2004 21:02 -Norborg sitt gutelag tapte 3-1 (1-0) for Bergsøy i kveld. Eivind Fjørtoft scora oransjetrøyene sitt mål. Dette resultatet førte også til at Brattvåg vart krinsmeistrar. Vi gratulerer! Tabell SFK si reportasje om utdelinga i Søvikdalen 17-09-2004 17:00 -SFK si heimeside har no lagt ut ein artikkel om utdelinga av dei 81 ballane i Søvikdalen. Les meir.. Møter topplaget på laurdag 17-09-2004 1:25 -Norborg sitt herrelag skal ut i nok ein tøff kamp. Denne gong borte mot Blindheim/Emblem, eit lag som vann 5-3 oppi Søvikdalen i vår. Greier Norborg å ta revansje? Les meir.. Blindheim si heimeside med live oppdatering 16-09-2004 20:04 -Heimesida til B/E, www.blindheim-il.org, satsar på å oppdatere kam-pen B/E - Norborg fortløpande på laurdag. Kampen startar kl. 15. Jentene med nok ein sterk siger 16-09-2004 19:52 -Jentelaget vann sin 4. strake siger då det vart 2-0 over Valldal i kveld. Jannicke Gjerset ga Norborg leiinga då ho heada inn ein corner, medan Ingrid Gamlem fastsette sluttresul-tatet til 2-0. Tabell Statistikk Rica Parkett Cup G16 16-09-2004 18:46 -IL Norborg er utnemnt som arran-gør for Rica Parkett Cup i klassen G16 i år. Alt om cupen kan du følgje etterkvart på cupen sine eigne undersider som finnes på menyen. Påmeldingsskjema med meir finnes no på desse sidene. Les meir.. Møter Bergsøy fredag 16-09-2004 18:25 -Gutelaget møter fredag kl. 19 Bergsøy til seriekamp i Huldalen grus. Det er eit slagkraftig Norborg-lag som reiser til Fosnavågen, sjølv om Espen Solheim er uaktuell grunna sjukdom. Vi forventar oss eit jamnt oppgjør på ei frykta borte-bane mot sterke Bergsøy. Håbet og Grytten på G-89 16-09-2004 16:37 -Adrian Håbet og Martinus Grytten er teken ut på kretslaget G-89 som skal møte kretslaget G-88 på Bratt-våg KGB søndag 26. september kl. 14. Les meir.. Herrar 7'ar - Hildre med årets 1. siger! 16-09-2004 2:12 -Hildre vann 4-2 borte mot Ravn og tok sin første, men vonleg ikkje den siste sigeren for året. Eit Ellingsøy-lag med lite å spele for tapte 4-6 for Harøy. Tabell Jentelaget møter Valldal 16-09-2004 0:32 -Norborg sitt fremadstormande jentelag møter Valldal i Uggedalen torsdag kl. 1815. Med siger her kan ein nøye seg med uavgjort i serie-finalen mot Stordal 24. september. Statistikk for smågutar 16-09-2004 0:30 -Vi har no oppdatert målscorarlista for smågutane, men for at denne skal bli komplett må nokon gi oss målscorarane i vårkampane mot HaNo/Lepsøy (5 mål) og Valder (1 mål). Statistikk Poengdeling for små-jentene 16-09-2004 1:26 -Småjentelaget spelte 1-1 i borte-møtet med Spjelkavik. Heimelaget tok leiinga i slutten av kampen, men Norborg-jentene ga seg ikkje og pressa Spjalkavik til å score sjølvmål i sluttsekunda. Les meir.. Statistikk Damelaget tapte for Lepsøy/HaNo 16-09-2004 0:31 -Damelaget tapte 4-0 i bortemøtet mot Lepsøy/HaNo onsdag kveld. Heimelaget stilte eit sterkt lag og tok leiinga etter 1 minutt, noko som varte til pause. Norborg hadde sine sjansar til å score, men likevel ein fullt fortent siger til øyingane. 8 strake sigrar for 7'ar laget 16-09-2004 0:29 -Norbrog herrer 7'ar tok sin 8. strake siger då det vart 5-4 over Brattvåg. Laget leiar no serien før Brattvåg spelar sin siste kamp mot Hildre. Kampreferat Krogsethagen avgjorde 15-09-2004 19:15 -Fire minutt før slutt avgjorde Kim til 5-4 for Norborg mot Brattvåg. Heimelaget fekk i tillegg Andre Fjørtoft utvist ti minutt før slutt. 4-4 med 15 minutt igjen 15-09-2004 18:54 -Kim har skåra på nytt, men laga er like langt. 15 minutt gjenstår av kampen. Krogsethagen utlikna 15-09-2004 18:32 -Kim Idar Krogsethagen har utlikna til 3-3 fem minutt ut i andre omgang. Meir kjem etterkvart. Brattvåg leder midtveis 15-09-2004 18:27 -Brattvåg leder 3-2 midtveis mot Norborg i dagens seriefinale på KGB. Biarte Hånes og Kristian Furnes har skårt for Norborg. Herrar 7'ar kamp på KGB - ny tid 1730 15-09-2004 14:33 -Brattvåg og Norborg sine herrer 7'ar lag vart i dag einige om å spele kampen på kunstgras kl. 1730. Oppmøte blir då kl. 1645. Jentene vann igjen 14-09-2004 20:04 -Jentelaget vann 4-3 mot Ravn i dagens kamp. Camilla Johansen 2, Tonje Fiskergaard og Kine Kvam-men skårte måla for jentene. 7'ar møter Brattvåg 14-09-2004 17:42 -Norborg herrer 7'ar møter Brattvåg på Brattvåg gras onsdag kl. 1800 Oppmøte på Brattvåg Ungdoms-skule kl. 1715. Dei som skal vere med får beskjed. Gode besøkstal 14-09-2004 0:53 -Ser vi vekk i frå veka inne-KM for junior vart haldt vart det ny besøks-rekord på norborg.com i veke 37 med 3647 treff, av desse var 3045 unike treff. Er du interessert i dag-lege besøkstal, kva land dei besøk-ande befinn seg i, kva linkeside dei brukar for å kome seg til norborg. com frå, og anna treffstatistikk så les meir. Brattvåg vann 10-0 13-09-2004 21:45 -Brattvåg vann heile 10-0 over Ellingsøy i kveldens utsatte 7'ar kamp i herreserien. Dette var eit skot i baugen for Norborg sine gullambisjonar. Oransjetrøyene må no stole på at Hildre plukkar 3 poeng mot Brattvåg i siste kamp, samt at ein sjølve vinn over BIL. Tabell Småjentelaget med stor-siger! 13-09-2004 21:17 -Småjentelaget vann i kveld 7-4 over Hessa på ei sleip grasbane i Søvik-dalen. Martine Gunnarsdottir 4, Silje Søvik 2 og Marthe Vegsund scora. Les meir.. Statistikk Tabell Smågutelaget mot nye høgde 13-09-2004 20:46 -Norborg sitt smågutelag tok sin andre strake siger då Ravn vart sendt heim med 4-1 tap i bagasjen. Norborg opna veldig bra og leia 3-0 før 17 minutt var spelt. Robin Hånde ga oransjetrøyene leiinga etter 12 minutts spel før det var klart for to raske mål av Andreas Holmeset. Alle tre måla kom på gode gjenn-omløp. Etter denne gode opninga slakka Norborg på gassen og lot Ravn få vere meir med. 18 minutt ut i 2. omgang fekk dei så også redusere. Men Ravn greidde aldri å true heimelaget sin siger, og fem minutt før slutt dunka Skjalg Vol-stad inn 4-1 på eit langskot. -Ein godt gjennomført kamp frå vår side. Gutane er mykje meir på hogget no enn før, og forbetrar spelet sitt for kvar kamp, seier godt nøgd trenar Kjetil Holmeset til norborg.com. Andreas Holmeset, Adrian Holme-set, Skjalg Volstad og Kristoffer Engeset blir trekt fram for god jobbing. Lillegutspelar Steven Kjøllesdal fekk sin debut på smågutelaget i denne kampen. Tabell Ravn var til stede 13-09-2004 15:09 -Vi kom til å skrive at Ravn ikkje var til stede for å hente ballgåva si på laurdag ettersom SFK representant Geir Ringstad gjekk rundt å leitte etter ravningar. Men Ravn var til ste-de og henta gåva si. norborg.com beklagar feilen. Les meir om utdelinga BAUFIL runda 200 13-09-2004 1:21 -BAUFIL tapte 16-0 for Kvamsøy og har no sluppe inn 202 mål på 16 kampar. Truleg er dette det høgste antal baklengs eit lag på Sunnmøre nokon gong har hatt. Tabell Overraskingar i 5. divisjon 13-09-2004 1:14 -Topplaget Rollon måtte sjå seg slått 1-2 av Hovdebygda i helgas 5. divisjonsrunde. Skodje gjekk også på ein smell då det vart 7-5 tap for Åmdal. Ørskog fekk heller ikkje eit resultat dei håpa på med 4-4 mot botnlaget Sæbø. Herd kom tilbake frå formsvikta si ved å slå Åheim 8-2. Harøy ser ut til å ha tatt ferie og tapte 5-0 for Vartdal. Tabell Wold med full pott! 12-09-2004 23:40 -Dei som valde å stole på Espen Wold sine oddstips vann seg ein god slump pengar. Mr. Wold fekk nemleg alt rett og det til ein svært god odds (32,35). Wold si gode tipping kan alle i Brattvåg IL glede seg over. Dersom ingen tippar betre enn han i resten av sesongen så får BIL ei pengegåve på kr. 2000 med NordicBet. Nabooppgjer mot Ravn 12-09-2004 23:15 -Smågutelaget skal ut i lokalderby mot Ravn måndag kl. 18 i Ugge-dalen. Møt opp å støtt laget som har fått seg eit løft i det siste. Fiskerstrand vann 12-09-2004 4:18 -Laurdag var det duka for topp-oppgjer i 6. divisjon avdeling A mellom Fiskerstranda og Lepsøy. To mål av Flemming Dyrkorn sørga for at FIL vann 2-1 over Lepsøy og topper dermed divisjonen framføre Giske, som har ein kamp mindre spelt. Kan det bli betre? 11-09-2004 17:50 -Norborg vann 2-1 over HaNo framføre 400 tilskodarar. Liverpool vann 3-0 over WBA. Kan det bli betre Øystein? Tok Grytaskulen, men ikkje Søvikdalen 11-09-2004 17:42 -HaNo og general Nedreskodje erobra i formiddag Grytaskulen, men greidde ikkje å erobre sjølve Norborg-fortet; Søvikdalen!! Her vart det full retrett. Blindheim/Emblem mot 3. divisjon 11-09-2004 17:39 -Blidheim/Emblem vann 5-3 i borte-møtet med ÅVK, og går dermed mot eit sikkert opprykk. Tabell Ah, kor deilig! -Norborg-HaNo 2-1 11-09-2004 17:14 -I det 89. minutt dundra Tarjei Urke-dal ballen i nota bak HaNo-keeper Thomas Gjerde og heile Søvikdalen eksploderte i jubel. Før det hadde Kim Idar Krogsethagen gitt Norborg leiinga på straffe eit kvarter før pause. Stian Haram utlikna halv-vegs ut i 2. omgang, før altså Tarjei vart den store helten. Kampen elles var tett og fartsfylt. Norborg hadde dei største sjansane med blant anna to i aluminiumet, og vann alt i alt fortent sjølv om HaNo var farleg nær ved fleire høve. Banens beste: Delt mellom Geir Roar Gamlem og Knut Ivar Bjørlykhaug. Les meir.. Bilete Småjentene tapte 11-09-2004 1:32 -Småjentene tapte 0-5 for eit fysisk sterkare Brattvåg-lag fredag kveld. Les meir.. Mållaust i Søvikdalen 11-09-2004 0:22 -Gutekampen mellom Norborg og Hareid endte 0-0. Les meir.. Vekas tippegjester 10-09-2004 17:11 -Vi har denne veka ikkje mindre enn to tippegjestar. Begge spelar på Brattvåg sitt herrelag og begge har registrerte a-kampar for Norborg. Les Espen Wold sine tips Les Frank Dalhaug sine tips Gå på kamp fredag, - Hareid kjem på besøk 9-09-2004 23:34 -Haustlaget Hareid gjestar fredag Søvikdalen til fjerde siste serie-runde i guteserien. Heimelaget har vist fine taktar på heimebane i år, men vil nok her få betraktelig sterkare motstand enn Hødd, Aafk og Hessa/Sif har gitt. Vi spår ein jamn kamp som startar kl. 18.30. Vi håper flest mulig finn vegen til Søvikdalen denne kvelden. Vegen til Søvikdalen fiksa 9-09-2004 22:56 -Den frykta vegen opp i Søvikdalen vart i dag skikkelig satt i stand. Ein flink dugnadsgjeng frå gutelaget brukte noen timer på å sette ein ny standar på vegen. -Dette var no reine nytelsen. Det er no som å køyre på Imolabana dette, var Roger Grytten sin kommentar på den svært gledlige oppgraderinga. Vigra fekk juling 9-09-2004 21:00 -Det normalt så defensivt gode Vigra-laget gjekk i kveld på ein skikkeleg smell. Heile 6-2 vann Skarbøvik2 over gultrøyene. Fire av SIF2 sine mål kom i dei første 9 minutta. Stranda vann 5-1 over Stordal. Tabell MSIL/LIL2 i trøbbel 9-09-2004 20:57 -Ellingsøy vann 2-1 borte over MSIL/LIL2, og har no fått kontakt med laga over nedrykksstreken. Dette var MSIL/LIL2 sin 9. kamp utan siger. Tabell HaNo er favoritt! 9-09-2004 16:50 HaNo er favoritt til å vinne i Søvik-dalen på laurdag. Det synst iallfall NordicBet som no har kome med oddsen. Norborg siger gir 2.25, uavgjort 4.00, mens HaNo siger gir 2.05 i odds. Vi råder likevel Hallgeir Remme og alle andre til å sette ein tusenlapp på Norborg. Nybana klipt for første gong 9-09-2004 16:46 -Den nye grasbana i Uggedalen på Grytastranda vart måndag klipt for første gong. Les meir og sjå bilete Lokaloppgjer med stil! 9-09-2004 1:46 -Utdeling av gåver, Søvik Brass, Tare og masse folk er venta i Søvikdalen på laurdag. Det blir eit lokaloppgjer med stil då HaNo gjestar Norborg-land laurdag kl. 1415. Vi har tatt ei lita vurdering av sjølve kampen. Les meir.. Småjentene med ny siger 8-09-2004 23:42 -Småjentelaget, Norborg2, spelte onsdag kamp mot Ellingsøy på Stokke gras. Jentene viste stor laginnsats og vann heile 8-4. Les meir.. Skodje på opprykksplass 8-09-2004 21:00 -Skodje vann 5-2 over Spjelkavik2 i kveld, og sidan Herd gjekk på eit 6-2 tap for FK Sykkylven2 finn laget seg på 2. plass i 5. divisjon. Rollon vann heile 7-1 over Harøy, medan Ørskog sikra seg 3 viktige poeng i opprykkskampen etter 2-0 mot Åmdal. Fleire resultat 5-1 siger i 2. omgang ikkje nok for damene 8-09-2004 20:55 -Damelaget gjorde ein miserabel 1. omgang mot Ørskog og låg under 0-6. Etter kvilen vart laget forsterka med Monika Alvestad, noko som umiddelbart ga resultat. Norborg spelte god fotball i denne omgang-en men måtte likevel sjå seg slått 5-7. Monika Alvestad (2), Silje Mathisen, Frida Ahrens og Henriette Johannessen scora. Vann nabooppgjeret 8-09-2004 20:53 -Herrer 7'ar vann 7-3 (2-0) over nabo Ravn. Geir Roar Gamlem (2), Stian Sæter, Stein Erik Reitan, Biarte Hånes, Kristian Søviknes og Geir Magne Grande scora for heime-laget. Tore Nedrevold (2) og Sverre Flem putta for gjestane. Les meir.. Jentelaget vann 8-09-2004 20:51 -Norborg vann 2-0 over Ørskog i kveld. Camilla Johansen vart heltinna med sine to mål. Tre kampar onsdag 8-09-2004 0:59 -Herrar 7'ar møter Ravn kl. 1830 på Uggedal grus. Jentelaget spelar kamp samtidig på samme arena mot Ørskog, mens damelaget også møter Ørskog. Den kampen går kl. 1830 i Søvikdalen. Norborg-fansen har dermed eit stort utval. Bortelaget vann intern-kampen 8-09-2004 0:17 -I tysdagens internkamp vann det gulkledde (Norway Cup draktene frå 1997) laget 2-1 over oransjetrøyene. Kim Idar Krogsethagen ga oransje-trøyene leiinga i 1. omgang, men Geir Roar Gamlem utlikna nokre minutt seinare. I 2. omgang sikra Fredrik Furnes gultrøyene sigeren. Les meir.. Gutelaget skaderåka !!! 7-09-2004 23:27 -Så har gutelaget til Norborg blitt utsatt for skadeproblem. Heldigvis så er det trenar Jan Egil Alstad-sæter som er råka. Han greidde nemleg det kunststykke å køyre på seg sjølv med ein truck (!). Dermed hopper han rundt i Bergen med krykker i desse dager. Miniturnering G8 laurdag 7-09-2004 0:41 -I forkant av lokaloppgjøret laurdag så skal 15 lokale G8-lag spele miniturnering i Søvikdalen. Kampoppsett Lepsøy og Fiskerstrand med storsigrar 7-09-2004 0:34 -Lepsøy og Fiskerstrand vann i kveld og held dermed stadig følgje med Giske. Lepsøy vann 9-1 borte mot lindheim/Emblem2, mens FIL vann 11-1 over HaNo2. Stortap for juniorane 7-09-2004 0:02 -Juniorane hadde ingen god dag mot Stranda og tapte 4-0 på Ugge-dalsgrusen måndag. Internkamp tysdag 6-09-2004 19:14 -Norborg vil spele internkamp tysdag kl. 19 i Uggedalen. Det er svært viktig at a-lagsspelarar gir beskjed om dei ikkje kan kome. Stranda har tatt føringa 6-09-2004 19:12 -Stranda leiar 1-0 over Norborg i juniorkampen som pågår i Ugge-dalen. Stranda tok leiinga midtvegs i 1. omgang på eit angrep som burde ha vore avblåst for offside. 40 min er no spelt av kampen. Vi kjem tilbake med resultat seinare i kveld. Fotballfest på laurdag -alle klubber invitert 6-09-2004 14:44 -Under pausa av Norborg mot HaNo på laurdag skal Haram kommune og SFK dele ut fotballar til alle laga i kommuna. Oppfordringa til klubbane frå SFK er å stille mest mulig fulltallig. Les meir.. Juniorkampen på grus 6-09-2004 13:36 -Juniorkampen i dag mot Stranda skal spelast på grusbana. Pro-blemer med vann på grasbana er årsaka til at banesjef Kenneth Vegsund flytta kampen til grus-bana. Kampen startar kl. 18.30. Frå Norborg til Amazon 5-09-2004 22:41 -Ingrid Ahrens har meldt overgong frå Norborg til Amazon Grimstad. Ingrid har flytta til Sørlandet grunna skulegang. Vi ønsker Ingrid lykke til i Amazon som har eit lag i 1. div og eit 7'ar lag i 4. divisjon. Imponerte mot Skarbøvik 5-09-2004 21:54 -Smågutane er på veg mot forma og vann 4-2 i bortemøtet med SIF. Heimelaget kom best i gong og leia 2-0 ved pause, men etter kvila var det spel mot eitt mål. Johan Stavik reduserte til 2-1, Andreas Holmeset utlikna, Skjalg Volstad fiksa leiing, medan Andreas trygga sigeren med si andre scoring for dagen. Dette var Norborg sin første siger i haust, mens SIF fekk sitt første tap. Mål-vakt Joakim Kjerstad stod glim-rande i 1. omgang å haldt Norborg inne i kampen. Etter pausen løfta heile laget seg og då spesielt Andreas Holmeset som tok tak i kampen og scora to mål. Tabell Fjerde strake for HaNo 5-09-2004 18:07 -HaNo tok sin 4. strake siger då ÅVK vart sent heim med 3-0 i dag. HaNo har no for alvor blanda seg inn i opprykksstriden. Tabell Tini avgjorde trillar 3-09-2004 20:34 -Gutelaget vann i kveld 2-1 over Stranda på Mona stadion. Kristoffer Søviknes laga 1-0 på eit susande langskot rett i vinkelen når 20 minutt var gått av 2. omgang. Kato Vangen utlikna ti minutt seinare, før Martinus Grytten avgjorde to minutt før slutt. Les meir.. Vi beklager ! 3-09-2004 13:16 -Ikkje for å såre noen, men ein tek-nisk svikt har ført til at vi har skreve feil namn på to av stranda sine beste gutespelera. Kato Vangen skrives med K, og ikkje C som vi kom i skade. I tillegg heiter så klart deira lynraske ving Lilleås, og ikkje Lillebø som er eit meir vanleg namn på Hildrestranda i desse dager. Tropp herrar 7'ar mot Ravn 3-09-2004 1:51 -Norborg herrar 7'ar skal ut i ein særs viktig kamp mot Ravn onsdag 8. september i Uggedalen. For at alle skal få førebu seg godt, er troppen allereie klar. Les meir.. Blindheim/Emblem mot opprykk! 2-09-2004 21:36 -Blindheim/Emblem banka MSIL/ LIL2 heile 7-1 i kveld, og er på god veg mot opprykk. Vigra tok ein viktig 2-1 siger over Sunnylven og er no oppe på 2. plass. Like viktig var Ellingsøy sin 1-0 siger over Stordal. Ellingsøy har no heng på ÅVK i kampen om 9. plassen. Tabell Brattvåg knuste Ravn 2-09-2004 21:35 -Brattvåg sitt herrer 7'ar lag vann som forvente ein knusande siger over Ravn og er tilbake på tabell-topp. Sluttsiffra vart 13-4. Tabell Smågutane fiksa biffen 2-09-2004 20:07 -Gutar 7'ar vann heile 9-2 over FK Sykkylven ikveld. Smågutespelar-ane Skjalg Volstad og Kristoffer Engeset var verkelig tente på å vise seg fram. Volstad kvitterte med fire mål etter hat-trick i andre omgang, medan Kristoffer Engeset putta to. Det samme gjorde Thomas Ring-stad, medan ein hardtarbeidande Be scora eitt. Dermed har Norborg vunne avdelinga si suverent, og no ventar Vartdal i første KM-finale under sesongavslutninga 16.okt-ober på heimebane. Dagens beste aktør var Elling Mikal Kalvø. Leiker seg til KM-finale 2-09-2004 19:24 -Guter 7´er har full kontroll på FK Sykkylven i Uggedalen. Til pause leder man 4-1. Kristoffer E. skårte 1-0, Be auka til 2-0 før Thomas satte 3-0 i kista. Det fjerde målet skårte smågutespelar Skjalg Volstad som dermed vart tjuande målskåraren på 7´erlaget i år. FKS reduserte like før pause på eit selvmål av LP. Fem minutt ut i andre auka Thomas til 5-1 på vakkert vis. Sluttresultatet kjem seinare. Det er no spelt 5 minutt av andre omgang. Grytten ute i seks uker 2-09-2004 18:10 -Norborg sin gutekeeper Hans Jørgen Grytten er ute i seks uker grunna ei skade i kneet. Skaden har vore plagsom sidan før Norway Cup, og det er no klart at han må holde seg heilt i ro i seks uker. Han er tilbake i spel til InneKM. Team Antonsen sjokkerar 2-09-2004 15:52 -Som ei bombe frå klar himmel har Team Antonsen sjokkert igjen. I dag vart Lars Petter Tennfjord tatt ut som keeper til 7´erkampen mot FK Sykkylven torsdag kveld i Uggedalen. Kampen startar kl. 18.30. -Ej e svært fornøyd med endelig å få tillit, er Lars Petter sin kommentar på uttaket. - Vi føler at han fortener dette etter ei feno-menal enhandsredning i vinter en gang på Adrian sitt harde skudd, var Team Antonsen si forklaring. Ukens odds 2-09-2004 15:45 -Vi har sett nærmare på ukens kampar på NordicBet sitt odds-program for sunnmøre. Les meir.. Stranda på fredag 2-09-2004 15:24 -Gutelaget møter på fredag Stranda til sesongens vanskeligaste borte-kamp på Mona Stadion. Les meir.. Småjentene med storsiger 1-09-2004 23:47 -Småjentelaget vann onsdag kveld heile 8-1 over Harøy. Vi kjem til-bake med målscorarar så snart vi får dei. Vatnehol ikkje til Norborg 1-09-2004 23:14 -Jan Vatnehol kjem likevel ikkje til å spele for Norborg i haust då Nor-borg ikkje ville betale heile over-gongsbeløpet med ein gong. Truleg var det småkakene kjøpet stod og fall på. 5. divisjon: Skodje vann 1-09-2004 23:10 -Skodje og Ørskog heng stadig med i toppen av 5. divisjon etter at dei i kveld vann henholdsvis 5-2 over FK Sykkylven2 og 5-0 over Spjelakvik2. Herd sleit seg til ein 1-0 siger borte mot Vartdal. Åmdal vann 5-4 over Hovdebygda. Tabell 4. divisjon: Stranda vann 1-09-2004 22:33 -Stranda vann 3-2 over Skarbøvik2 i kveldens 4. divisjonskamp. Tabell Damene banka Vigra 1-09-2004 21:02 -Damelaget vann heile 4-0 (1-0) over Vigra på Rota stadion. Norborg tok leiinga etter 5 minutt ved Camilla Krogsethagen. Noko som stod seg til pause. Etter pausen la Camilla på til både 2-0 og 3-0 før Silje Mathisen scora på ein corner knappe ti minutt før slutt. Norborg var det førande laget i store delar av kampen og blant anna traff både Linda Holmeset og Linda Stavik tverrliggjaren. Dette var også første gong i historia damelaget haldt nullen bakover. Ei trippelredning av Terese Brusdal sørga for det. Ni mål på tre kampar 1-09-2004 20:26 -Sommarkjøpet Biarte Hånes har verkelig gitt valuta for pengane. I dag putta han tre nye mål da 7'ar laget vann 8-5 borte mot Ellingsøy. Alexander Gamlem skårte to mål, medan trioen Amund Terøy, Kristian Furnes og Stein Erik Reitan fann vegen til nettmaskene ein gang kvar. Pausestillinga var 1-3. Les meir.. Aksla litt for sterke -vann 2. omgang 1-09-2004 20:24 -Smågutelaget vart eit halmstrå for liten i dagens møte med fjorårets kretsmester i småguteklassen Aksla. Bylaget leda 3-0 til pause, men i andre omgang heva laget seg. Johan Stavik skårte på eit vakkert hodestøt og Martin Grytten fann også vegen til nettmaskene. Diverre skårte Aksla nok eit mål, og vann dermed kampen 4-2. -Positive takter frå Johan, Håvard og Joackim var trenar Kjetil Holmeset sin kommentar etter kampen . Brattvåg på toppen -Hødd verst i klassen 1-09-2004 19:28 -Brattvåg topper Fair Playlista for 1.divisjon guter foran Norborg. Nederst ligg Hødd. Stranda har pådratt seg berre tre kort, men eit av desse er av den raude sorten. Les meir.. Herrer 7'ar leiar ved pause 1-09-2004 19:30 -Trimlaget leder 3-1 mot Ellingsøy ved pause i dagens toppoppgjør på Nes stadion. Den utsatte toppkam-pen Ellingsøy-Brattvåg vil bli spelt neste veke til orientering. |