2006

Dagboka
Sterkt poeng av G16
30-09-2006 19:06
-Norborg-Ellingsøy 2-2 (1-0)
Norborg sitt gutelaget spelte i dag uavgjort mot tabelltreer Ellingsøy på Uggedal Stadion. Skjalg Volstad scora første omgangs eineste mål på ein flott lobb over en utrustande ellingsøykeeper. Stillinga haldt seg ca. 20 min ut i andre omgang, då Kristoffer Engeset heada kontant i mål etter eit innlegg frå Skjalg. Ellingsøy pressa på og klarte til slutt å putte to gangar. Kampen sett under eitt, så hadde Ellingsøy flest sjanser, men keeper Joakim Kjærstad reddet det meste. Kjempegod innsats av heile laget, som denne gang var nær ved å ta sin andre seier for hausten.
Tabell

Botnlaga tok poeng
30-09-2006 17:36
-Alle dei tre botnlaga i 3. divisjon tok poeng i dagens runde. Valder vann heile 4-1 over Hareid, Rollon vann 1-0 over Ørsta, medan Bergsøy spelte 1-1 mot AaFK2. Kristoffer Grønmyr scora tangotrøyene sitt mål. Uavgjort var likevel ikkje eit bra resultat for fosnavågarane. Laget kan no ikkje ta igjen Valder på 10. og siste sikker plass. Rollon ligg fem poeng framføre Bergsøy på den utsatte 11. plassen. Neste helg møtast nettopp desse laga. Ein kamp Bergsøy må vinne. Andre resultat: Langevåg-Volda 2-1 og SIF-Spjelkavik 1-0. I går vann FK Sykkylven 1-0 over Hødd2 i Ulsteinvik. FK Sykkylven har no grep om 2. plassen etter suverene SIF. Langevåg passerte Hareid og er på ein flot 3. plass.
Tabell

Skodje med storsiger
30-09-2006 17:13
-Brandal og Skodje tjuvstarta nest siste serierunde i 5. divisjon i dag. Brandal spelar for å halde plassen i divisjonen, men tapte heile 0-5 for eit Skodje-lag som berre spelar for æra. Resten av runda spelast i morgon med Ellingsøy-MSIL som det mest interessante oppgjeret. Heimelaget kjempar for ståplass, medan MSIL spelar for opprykk. Nordicbet held MSIL for favoritt med 1.85 i odds, mot heimelaget sine 2.30. Uavgjort gir 4.80 tilbake pengane om det skulle slå til.

Vann årets siste kamp
29-09-2006 20:46
-Norborg sine juniorherrar vann årets siste kamp då det vart 1-0 over Rollon på Uggedal grus fredag kveld. Asgeir Kalvø sette inn målet i 1. omgang. Kampen var elles svært svak. Norborg endte dermed på 2. plass i 2. divisjon etter at ViGo vann 6-1 over Ørsta-laget. Vi gratulerer Vigra/Godøy med tittelen!
Statstikk
Tabell

Hukommelsestap på Valderøya?
29-09-2006 17:01
-Valder skal klare seg, les vi med store bokstavar på ein artikkel i dagens Sunnmørspost. Artikkelen handler for det meste om botnstriden i 3. div. og då spesielt om 50-årsjubi-lant Valder. På slutten av artikkelen les vi følgjande uttalelse frå mangeårig toppscorar Tom Gøran Jønsson; "Etter min mening er ikke de tre siste laga på tabellen gode nok for divi-sjonen. Likevel er vi bedre enn de som rykker opp fra fjerde, det tyder i alle fall treningskampene vi har spilt." Vi må då stille spørsmålet; har Valder fått alzheimer av legionellabakterien som herja der ute for nokre veker sidan? Valder spelte 5 treningskamp-ar mot 4. divisjonslag før sesongstart, og vann ikkje ein steike kamp! Heller ikkje det nedrykkstruga 4. div.-laget Herd greidde Valder å slå. Eit lag Brattvåg har slått med tilsaman 21 mål på to kampar. No lever kvar kamp sitt eige liv, men 0-3-2 og 9-12 i mål-forskjell i 5 kampar mot 4. div.-motstand gir vel ein peikepinn på at dei fleste laga i 4. divisjon er betre enn Valder. Eit reserveprega Norborg var iallfall det 4. mars. Lykke til med innspurten og gratulerer med dei 50 Valder!

Spennande toppkampar på søndag
28-09-2006 21:07
-I søndagens 4. divisjonsrunde finn vi fleire interessante oppgjer. Blindheim-Brattvåg og Stranda-HaNo er kampar som avgjer kven som får overtaket i divisjonen før siste runde, medan GuLars må slå Sunnylven for å ha håp om å ta seg vekk ifrå den utsatte 11. plassen.
Les meir..

AaFK til Uggedalen
-Norborg til Brandal
28-09-2006 19:01
-Norborg herrar 7'ar såg med glede på det KM oppsettet kretsen presenterte for eit par veke sidan med heimekamp mot Brandal og bortekamp på CLS mot AaFK. No når det endelege oppsettet har kome er ikkje gleda til stede lenger. Norborg må nemleg ta turen til Brandal skule for å spele kamp laurdag 7. oktober kl. 15. Ein dag som ikkje passar sidan Norborg held fotballskule den dagen. Siste kamp går mot AaFK i Uggedalen søndag 15. okt. kl. 14. AaFK-Brandal innleiar sluttspelet om KM-tittelen torsdag 5. oktober.

Fekk ikkje hjelp frå Brattvåg
28-09-2006 18:55
-Norborg sitt juniorlag håpte at Brattvåg jr. skulle ta poeng mot ViGo i 2. div. G19, men ViGo feide våre naboar av bana med 8-2. Dermed må ViGo avgi poeng mot Ørstalaget og Norborg vinne med minst 4 mål mot Rollon2 for at våre gutar skal ta 1. plassen. Årets siste runde blir spelt fredag kveld. Så møt opp i Uggedalen kl. 1830 å støtt gutane.

Fekk hjelp frå Brattvåg
27-09-2006 17:19
-Brattvåg sine juniordamer vann 3-2 over Valder jr. tysdag kveld, og dermed er det opp til Norborg sjølv om å ta 2. plassen. Norborg spelar sin siste kamp tysdag mot Ellingsøy. Brattvåg kan også hjelpe eit anna juniorlag i Norborg, nemleg junior-herrane. Brattvåg jr. møter nemleg ViGo i kveld, og vil med siger sørge for at Norborg har overtaket i 2. div. Også i 4. divisjon kan det bli godt å ha gode naboar. Dersom Brattvåg tape for Blindheim, og Stranda vinn over HaNo, treng Brattvåg hjelp frå Norborg for å gjenerobre 2. plassen. Siste kamp går nemleg mellom Norborg og Stranda.

Molde vart for sterke
26-09-2006 20:12
-Molde G14 vann 6-1 (4-0) over Norborg G15 (G14 + 3 gutespelarar) i ein treningskamp i kveld. Norborg hadde ein del gode angrep i 1. omg, men fekk ikkje ballen i nota. Molde var derimot svært effektive og scora på 80% av sjansane. Robin Hånde scora Norborg sitt einaste mål etter eit vakkert forarbeid av Torbjørn Grytten. Sistnemnte var Norborg sin beste spelar med enorm innsats, turte å gjere ting, og lurte mang ein moldenser opp i pølsekiosken. Han er født i -95 og kan bli ein skikkeleg klassespelar. Elles solid innsats av samtlege.

Larsen skada
26-09-2006 20:02
-Sandra Larsen skada seg i sist kamp mot SIF, og må truleg belage seg på fleire veker på sidelinja.

Juniordamene si serieav-slutning utsatt
26-09-2006 20:00
-Juniordamenes bortekamp mot Ellingsøy er utsatt frå laurdag til tysdag 3. oktober kl. 1800.

4. divisjonsstatistikk
25-09-2006 22:50
-Her er oppdatert statistikk etter at den 20. runda i 4. divisjon er gjennom-ført.
Diverse tabellar
Scoringsliste

Tropp til Molde-kampen
24-09-2006 22:06
-Norborg G15 stiller med følgjande tropp mot Molde: John Olav Gamlem, Andreas Wuttudal, Jørn Håvar Varpe, Peter Elias Grytten, Knut Øyvind Grytten, Marius Gamlem, Steven Kjøllesdal, Torbjørn Grytten, Magnus Grytten, Bjørn Urke, Johan Stavik, Adrian Holmeset, Martin Grytten, Sondre Nyland og Skjalg Volstad. Oppmøte tysdag kl. 1645.

LIVE: Norborg-SIF jr.
24-09-2006 19:27
-Juniordamene spelar i kveld viktig kamp mot SIF.
1-0 Nina Witsø (3 min)
2-0 Camilla Krogsethagen (10)
3-0 Camilla Krogsethagen (15)
4-0 Nina Witsø (19)
5-0 Sandra Larsen (35)
6-0 Camilla Krogsethagen (49)
7-0 Camilla Krogsethagen (58)
8-0 Frida Ahrens (90)
Slutt
Aldri nokon tvil kven om skulle gå sigrande ut av denne kampen. Alle jobba godt kollektivt, men skal oss trekke fram ei så må det bli Sandra Larsen, seier trenar Kristian Furnes. Neste kamp er mot Ellingsøy. Med siger der vil laget truleg ta 2. plassen.
Statistikk
Tabell

Hildre nær ny siger
24-09-2006 17:17
-Hildre var svært nær årets 2. siger når ein møtte Langevåg2 i dag. På stillinga 2-2 kom missa nemleg Amund Terøy aleine med keeper. Geir Magne Grande og André Larsen scora for dei kvite og blå.
Tabell

MSIL gjorde jobben
24-09-2006 17:13
-MSIL vann 4-0 over Ravn og tok over 2. plassen frå Stordal, som tapte i går. Spjelkavik2 vann 5-0 over Vigra og sikra vidare spel i 5. divisjon.
Tabell

LIVE: Sunnylven-Norborg jr.
24-09-2006 16:49
-Norborg sine juniorherrar spelar i dag 7ar kamp mot Sunnylven på Hellesylt.
0-1 (8 min) Eivind Fjørtoft
0-2 (10) Kristoffer Søviknes
1-2 (13)
2-2 (19)
2-3 (32) Martin Grytten
3-3 (45)
3-4 (61) Kristoffer Engeset
3-5 (63) Erlend York
4-5 (91)
Slutt
Bra jobba av alle, men ekstra pluss til Martin Grytten, Skjalg Volstad og Ole Johan Urke. Bare så synd at dei måtte oppleve ein sånn kampleiar, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Fiskerstranda har trekt laget
24-09-2006 12:01
-Ifølge hanofk.no har Fiskerstranda sitt 6. divisjonslag trekt seg frå vidare seriespel. Laget skulle ha møtt HaNo2 idag, men klarte ikkje å stille nok spelarar. FIL hadde igjen 4 kampar av årets sesong. Svært synd at FIL har måttet gått til dette drastiske steget å trekke laget.

Juniordamene sin kamp utsatt
23-09-2006 18:14
-Norborg jr. sin kamp mot SIF vart utsatt frå i dag til i morgon. Kampen vil truleg bli spelt på Uggedal stadion kl. 18.

Stordal gjekk på ein smell
23-09-2006 18:10
-Stordal måtte sjå seg slått heile 5-2 av Ellingsøy på Nes stadion. Dermed vil MSIL passere gultrøyene med siger over Ravn i morgon. Skodje vann 5-4 over Vartdal. Resten av runda spelast søndag. Med dagens resultat er det no heilt sikkert at Ørskog rykker opp i 4. divisjon. Vi gratulerar!

Det tetnar seg til i toppen
23-09-2006 17:51
-Brattvåg vann til slutt 4-1 over Hovdebygda etter 1-1 ved pause. Rapportane seier at sterk vind ødela kampen. Ettersom Blindheim tapte for Norborg og Stranda vann over SIF2 så har det verkeleg tetna seg til mellom dei tre beste. Herd ødela HaNo sin opprykksdraum då dei vann 3-0 på Moa KGB. Sunnylven tok ein særs viktig 2-1 siger over Godøy og la no GuLars fire poeng bak seg ettersom dei tapte 2-3 borte for ÅVK.
Tabell

Tukta endeleg Blindheim
23-09-2006 17:32
-Norborg tok ein herleg revansje over Blindheim då det i dag vart 3-1 siger på Uggedal stadion. Blindheim hadde dei fleste store sjansane før pausen, men keeper Trond Elstad stod som ein levande vegg. Begge lag hadde store sjansar i 1. omgang utan å score. To minutt ut i 2. omgang skreiv Lennart Holmem seg inn i historie-bøkene då han scora Norborg sitt seriemål nr. 1500 gjennom tidene, og kampen sitt første. Målet kom etter ei god kontring og Lennart scora med eit velplassert venstrebeinsskot frå 16 meteren. Gleda varte likevel ikkje lenge. Tre minutt etter finter Alex-ander Hagerup seg gjennom Norborg forsvaret og sette ballen konant i mål ved venstre stolpe. Men sjølv med vinden i andletet var Norborg det beste laget i denne omgangen, og før timen er spelt sette Ståle Hurlen inn 2-1 på eit flott overlegg frå Lennart. Norborg var inne i ein god periode og kom seg til mange halvsjansar. Blindheim sendte etterkvart fleire og fleire mann i angrep, utan at dei greidde å skape klare sjansar. Eitt minutt på overtid vinn Norborg ballen oppe på Blindheim sin halvdel og Ståle slår eit presist innlegg som Eivind Fjørtoft header kontant i mål. 3-1, og Norborg har endeleg slått topp-laget Blindheim. Dette var den sjette sigeren på dei siste sju kampane, og no er faktisk 4. plassen innan rekke-vidde.
Les meir..
Tabell

Ny storsiger til Norborg
22-09-2006 21:16
-Norborg herrar 7'ar vann i kveld 11-1 i bortemøtet med Fjørtoft. Etter ein litt fomlete start ga Julio Cesar Norborg føringa 12 minutt ut i kampen. Sjølv om vertane kjempa hardt var stillinga ved pause 5-1. I 2. omgang auka Norborg jamt og trutt til Martin Holme-set fastsette sluttresultatet til 11-1 på eit velplassert skot i sluttsekunda. Målscorarar for Norborg var: Geir Ove Grønli (3), Jan Even Drønnesund (2), Kenneth Vegsund (2), Julio Cesar, Biarte Hånes, Noralf Gamlem og Martin Holmeset. Dette var siste seriekamp for Norborg, som no skal ut i KM-kampar mot truleg AaFK og Brandal.
Statstikk
Tabell

Viktig kamp på laurdag
21-09-2006 22:34
-Norborg spelar laurdag ein særs viktig kamp mot topplaget Blindheim. Vi oppfordrar alle til å ta turen til Uggedal stadion laurdag kl. 15. Norborg stille med følgjande tropp: Trond Elstad, Erlend York, Stein Erik Alvestad, Christian Søvik, Jan Even Drønnesund, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Roger Grytten, Kristoffer Søviknes, Vebjørn Grytten, Asgeir Kalvø, Kristian Søviknes, Eirik York, Eivind Fjørtoft, Lennart Holmem, Ole Johan Urke og Ståle Hurlen. Oppmøte kl. 1355.
Les meir..

Baneinformasjon
21-09-2006 21:44
-Lag som er ferdig med seriekampane sine går over til å trene på Uggedal grus. Dette fordi grasbana ikkje tøler 100% trøkk resten av hausten. Så dei laga som har kampar igjen prioriterast med grastrening, medan resten trener på grus.

Kretsen tek seg til rette
- flyttar nok ein kamp
21-09-2006 21:17
-Sportsleg leiar i Norborg fekk seg litt av ei overrasking då han i kveld var innom n3sport sine nettsider for å sjekke terminlista i 4. divisjon. I runde 21 er kampen mellom SIF2 og Norborg flytta frå søndag 1. oktober til måndag 2. oktober, utan at Norborg har fått beskjed. Dette er for øvreg ikkje første gong Sunnmøre Fotball-krets finn på å flytte ein Norborg-kamp. I bortekampen mot Godøy 31. august vart kampen flytta frå kl. 19 til kl. 1830. Det einaste laget som då vart informert var Norborg. Dette kom tilfeldig fram då Norborg var i kontakt med kretsen vedrørande ei overgangs-sak. Resultatet var at Norborg kom til låst dør på Godøya, sidan ingen på øya visste at kampen hadde blitt framskutt. Men tilbake til SIF2-Norborg. Dette er nest siste runde og i § 12-1 les vi: "Spilleplan. Berammelse av andre kamper. (1) Forbundsstyret kunngjør senest 1. mars spilleplan for sesongen for seriespillet i de divisjoner det administrerer. Spilleplanen skal angi tid, sted og bane for alle ordinære serierunder. Alle kamper i de to siste serierundene skal spilles på samme tidspunkt." No passar det Norborg bra å spele denne kampen måndag, men det hadde vore fint å fått blitt med på avgjersla, utan å bli overkjørt på denne måten.

Stranda gjorde jobben
- låner 2. plassen til laurdag
21-09-2006 20:57
-Stranda vann i kveld 3-1 over SIF2 og passerte dermed Brattvåg på tabellen. Stranda har no 42 poeng, medan Brattvåg har 40 med ein kamp mindre spelt.
Tabell

SIF fekk det som dei ville
21-09-2006 20:18
-Skarbøvik fekk heimekamp i siste kvalifiseringskamp til 2. divisjon, og får dermed høve til å avgjere alt på eige gras. Kampane spelast slik: Laurdag 21. oktober: Vinnar N/R - SIF. Laurdag 28. okt.: SIF - Vinnar N/R.

Molde vitjar Uggedalen
21-09-2006 17:06
-Hausten 2003 tok Molde sitt gutelag med blant andre Magnus Eikrem (Man U) turen til Uggedalen. No er det Molde sitt G14-lag som kjem på besøk. Laget har blitt blant dei to beste i Romsdal og skal ut i sluttspel på Nordmøre. Blåtrøyene er difor på desperat leiting etter fysisk motstand og skikkelie gras under knottane. Molde tek dermed turen til Uggedal stadion tysdag 26.september kl. 1730 for å spele treningskamp. Motstandar blir eit samansatt lag frå alders-gruppene 91-93 frå Norborg. Meir info om kven som er i Norborg sin G15-tropp kjem seinare. Interesserte kan også melde si interesse på innleggssida.

Komande 4. divisjonsrunde
20-09-2006 20:16
-Alle dei fire topplaga som kjempar om to opprykksplassar ser ut til å gå mot nye sigrar når den tredje siste runda spelast denne veka.
Les meir..

LIVE juniordamekamp: Norborg slo Rollon
20-09-2006 19:26

Camilla Krogsethagen og Camilla Johansen scora to mål kvar då Norborg jr. slo Rollon 5-0 i kveld.
Liveoppdatering:
******** 5-0 slutt! Alle jobba bra, seier trenar Kristian Furnes i ein kort kommentar.
******* Sandra Larsen sette inn 5-0 direkte på corner.
****** Camilla Johansen har lagt på til 4-0 sju minutt før slutt.
***** Camilla Johansen har auka leiinga til 3-0 14 minutt ut i 2. omg.
**** Camilla Krogsethagen har lagt på til 2-0 like etter pausen.
*** Norborg sine juniordamer leiar 1-0 over Rollon like før pause. Målscorar var Camilla Krogsethagen.
** Norborg stiller følgjande lag: Frida Ahrens - Ingrid Gamlem, Sandra Larsen, Mona Kvammen - Camilla Krogsethagen, Fride Ringstad - Camilla Johansen.
* Kampen mellom Norborg og Rollon sine juniordamer vil bli spelt over 2x30 minutt sidan Norborg i kveld berre har 7 spelarar tilgjengeleg. Dette fordi jentelaget spelar kamp samtidig, og Jannicke Gjerseth er på "proffskule" i England. Kampstart var kl. 1815.
Statstikk
Tabell

Moss til topps i NM i fotball-web
20-09-2006 17:13
-Moss gjekk til slutt til topps i fotballen.eu si (vilk)årlege kåring av Noregs beste fotballweb'er. På 2. plass kom dei siste åras vinnar Mandalskameratene, ei side som for øvreg ikkje har blitt oppdatert på tre dagar... Dersom vi berre ser på poeng for oppdateringsfrekvens så er det faktisk berre vinnarane Moss som slår Norborg. Hovdebygda (7. plass) og MSIL (9) er blitt kåra til Møre & Romsdal sine to beste sider, framfor Norborg (21) og Bergsøy (22). Vi gratulerer!

Tropp til 7'ar kamp mot Fjørtoft
19-09-2006 22:25
-Herrar 7'ar tropp mot Fjørtoft fredag: Geir Roar Gamlem, Martin Holmeset, Biarte Hånes, Ronnie Gamlem, Terje Tellefsen, Geir Ove Grønli, Noralf Gamlem, Julio Cesar, Jan Even Drønnesund, Kenneth Vegsund, Alexander Holmeset og Kristian Furnes. Forfall meldast Frode i god tid. Avreise frå Brattvåg fergekai kl. 1610. Kampstart ca. kl. 1750. Heimreise kl. 1945.

Kim Idar trenar med Nordnes
19-09-2006 21:40
-Tidenes målkonge i Norborg, Kim Idar Krogsethagen, hadde i går si første trening med 4. divisjonsklubben Nordnes frå Bergen. Det er ikkje snakk om nokon overgong til Nord-nes, som allereie er klar for 5. div. neste år, men sidan klubben ligg nær Kim sin bopel vart dette eit naturleg val å trene saman med no i haust. Klubben har dei siste åra hatt fleire sunnmøringar, blant anna Kjell-Johan Aarseth, som scora Sæbø sitt 1-4 mål mot Norborg i ein kvalifiserings-kamp for spel i 6. divisjon i 1992. Når det gjeld Kim Idar så vil han mest truleg ikkje spele fleire seriekampar i år, men satsar på å trene seg opp til innandørs-KM seinare i haust.

To skadd på trening
19-09-2006 21:28
-Adrian Håbet og Asgeir Kalvø måtte begge gi seg med skade på kveldens A-trening. Norborg sitt medisinke støtteapparat reknar likevel med at dei er klare til torsdagens trening. I tillegg til desse to fekk Ole Johan Urke seg ein på tygga så leppa sprakk. Det går altså hardt føre seg på Norborg sine treningar for tida.

Emblem slo Spjelkavik
18-09-2006 22:35
-Emblem vann i kveld 3-1 over Spjelkavik i 2. divisjon junior. Resultatet gjer at Norborg er sikra minst 2. plass.
Tabell

Helge måtte leite fram fløyta
18-09-2006 20:29
-Helge Uggedal har dømt mange fotballkampar oppgjennom åra, men fekk kanskje sin mest uventa kamp i går då han måtte ut av godstolen og dømme 6. divisjonsoppgjeret mellom Hildre og Lepsøy. Frå Lepsøy si heimeside les vi; "Då dommar Liset frå Stranda ikkje møtte opp så kom heldigvis Helge Uggedal, Norborg, på kort varsel og tok over dommarfløyta etter at Lepsøy-trenar Roar Seth dømte dei 3 første minutta."


Målscorere i 4. divisjon
18-09-2006 20:11
-Når 19 runder er gjennomført av 4. divisjon Sunnmøre har det blitt scora 555 mål. Desse har scora.
Scoringsliste


21. plass for norborg.com
18-09-2006 17:30
-fotballen.eu held i desse dager på med si årlege kåring av Noregs beste fotballweb. I dag vart norborg.com presentert som landets 21. beste side. fotballen.eu har følgjande kommentar om sida: "Mye innhold på Norborgweben. Bra oppdatert, men får litt trekk for designen." Det er altså omtrent samme kommentar som dei foregåande åra. I forhald til i fjor får vi 5 poeng dårlegare på design, men 3 poeng meir på innhald og 2 poeng meir på oppdatering, mens bonusen er den samme. Sjølv om dette gir 62 poeng begge åra, så avanserar vi frå 36. til 21. plass. - Slik nettsida framstår idag så kan vi ikkje forvente noko betre plassering. Sida er frå IT-historias middelalder og vi hadde trengt å bygd opp ei heilt ny side med stiligare design, og ikkje minst, ei side som gjer det lettare for fleire å oppdatere. Denne sesongen har tross alt berre ein person stått for oppdatering. Dette er ikkje haldbart i lengda, spesielt om vi skal rette meir fokus på dei aldersbestemte laga, få inn meir konkurransar, morostoff og ikkje minst bilete.

Amund scorte då Hildre tapte
17-09-2006 19:27
-Amund Terøy scora Hildre sitt mål i dagens 1-5 tap for Lepsøy. Amund er utlånt frå Norborg ut året.

Jentene tapte for Bergsøy
17-09-2006 19:16
-Norborg tapte 2-5 for Bergsøy i laurdagens seriekamp i 1. divisjon for Jenter 16. Birgitte Ringstad og Randi Øster Urke scora for heimelaget.
Les meir..
Statstikk

Ufortent tap for smågutane
17-09-2006 17:35
-Smågutane måtte i dag sjå seg slått med 1-2 for Brattvåg. Norborg var det førande laget, men hadde ikkje flaksen framføre mål og brente bl. a. eit straffespark.

Gutelaget tapte for Ravn
2006-09-17 17:32
-Gutelaget tapte 4-0 (1-0) mot Ravn på Ravn Stadion. Til tross for kun 11 disponible spelere (fleire fra smågute-laget) klarte gutane å holde serieleder Ravn til 1-0 ved pause, og målet kom på noe som det luktet offside av. Gutane hadde mykje av banespelet, og hadde fleire sjanser til å putte ballen i mål. Størst sjanse hadde Martin Grytten, og det var bare såvidt keeper klaret å hviste ballen til corner. På slutten av andre omgang tok kreftene slutt for våre gutter, og Ravn puttet 3 ganger. En ripe til Ravns lagledere som ikke ga beskjed til sine spillere om skyte ut ballen, da en Norborg spiller låg nede med skade. En slik kynisme hører ikke heime på dette nivået !!!! Stor honnør til alle oransjetrøyene som i varmen sto på og kjempet heile kampen gjennom, melder lagleiar Jan H. Kjærstad.

Ravn vann viktig botnkamp
17-09-2006 17:29
-Ravn vann den viktige botnkampen i 5. divisjon mot Ellingsøy med 4-1. MSIL vann heile 6-0 borte mot Brandal og har fortsatt heng på 2. plassen. Topplaget Ørskog tapte 3-1 borte for Spjelkavik2, men sjølv om dette var det 3. tapet på dei 4 siste kampane så misse nok ikkje ørskog-bygdarane nattesovnen for det. Volda2 tok årets andre siger då det vart 3-1 over Vartdal. Volda2 sin første siger kom også mot Vartdal. I dagens siste kamp spelte FK Sykkylven2 og Skodje 2-2.
Tabell

Blindheim held unna
17-09-2006 17:14
-Blindheim vann i dag 3-0 over SIF2 på Blindheim KGB og beheld avstanden til dei andre topplaga i 4. divisjon.
Tabell

Storsiger til juniorane
17-09-2006 14:15
Norborg sitt juniorlag vann heile 8-0 over Valder i Søvikdalen i dag. Adrian Håbet ga Norborg leiinga allereie etter to minutt, medan mål av Asgeir Kalvø og Erlend York gjorde at vertane leia 3-0 før eit kvarter var gått. Eit resultat som stod seg til pause. I 2. omgang ført skader til at Valder måtte fullføre kampen med ni mann. Norborg fortsette dermed å score til det stod 8-0. Skjalg Volstad (3), Fredrik Furnes (2) og Eivind Fjørtoft scora måla etter pause.
Statistikk
Tabell

Sunnmørsfotballen laurdag
16-09-2006 19:37
-Skarbøvik vann 4-0 over Rollon i dagens Ålesunds-derby. Vi kan dermed gratulere SIF med KM-tittelen i 3. divisjon, og vi håper at vi kan gratulere dei med plass i 2. divisjon om nokre veker. Andre resultat: Langevåg-Hareid 3-5, Spjelkavik-Volda 0-0 og Ørsta-FK Sykkylven 1-3. I går vann Bergsøy 3-2 over Hødd2 og Valder-AaFK2 spelte 2-2. Hareid er etter dagens siger oppe på 2. plass, medan Bergsøy fekk kontakt med Valder og Rollon i botnstriden. I5. divisjon vann Stordal 4-2 over Vigra og beheld 2. plassen.
Tabell 3. divisjon
Tabell 5. divisjon

Topplaga vann i 4. divisjon
16-09-2006 19:31
-Alle topplaga vann og situasjonen er dermed uendra etter dagens 4. div.-runde. Brattvåg vann greitt 5-1 borte mot GuLars, medan Stranda og HaNo vann henhaldsvis 4-1 over Herd og 3-2 over Sunnylven. Godøy stod for rundas største siger då dei utklassa ÅVK heile 8-1. Erlend Holmen (2), Leif Arne Hausken (2), Svein-Arve Alnes, Kristian Alnes, Trond Bryne-stad og Haakon Aarøe scora for heimelaget, melde trenar Alnes til norborg.com. Trond Helge Takset for gjestane
Tabell

Grei skuring mot Hovde-bygda
16-09-2006 19:18
-Norborg gjorde jobben før pause og leia 4-0 etter mål av Lennart Holmem (2), Tarjei Urkedal og eit uheldig sjølv-mål av ein Hovdebygda-spelar. Etter kvila vart keeper Geir Roar Gamlem utvist då han felte Eivind Solevågs-eide som bakarste mann 12 minutt ut i omgangen. Sidan Norborg ikkje hadde med seg fleire keeperar til denne kampen tok juniormidtbane-spelaren Erlend York på seg handskane. Straffa kunne han ikkje gjere noko med, men resten av kampen stod han som ein levende vegg. Hovdebygda pressa ei lita stund etter reduseringa, men etterkvart fekk Norborg god kontroll og Kristian Søviknes brann ei straffe. For øvreg det som kunne blitt Norborg sitt seriemål nr. 1500.
Les meir..
Tabell

7'ar kamp mot Fjørtoft flytta
16-09-2006 2:49
-Herrer 7'ar sin bortkamp mot Fjørtoft er flytta frå søndag til fredag 22. sep-tember kl. 1750. Dette fordi Grønli m.fl skulle på hjortejakt.

Runde 19 i 4. divisjon
16-09-2006 2:39
-Den 19. serierunda i 4. divisjon spelast laurdag og søndag. Vi har sett nærmare på kampane.
Les meir..

Møter Hovdebygda på laurdag
14-09-2006 21:55
-Norborg tek laurdag turen til Hovde-bygda for å møte eit heimelag i desperat poengnød. Kampen startar kl. 1500. Avreise frå Søvika kl. 1145. Tropp: Geir Roar Gamlem, Stein Erik Reitan, Steffen Grytten, Vebjørn Grytten, Jan Even Drønnesund, Knut Ivar Bjørlykhaug, Asgeir Kalvø, Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal, Kristian Søviknes, Eirik York, Eivind Fjørtoft, Lennart Holmem, Stein Erik Alvestad, Erlend York og Ole J Urke
Les meir..

Juniorkamp mot Valder
14-09-2006 21:39
-Norborg sine juniorherrar spelar søndag viktig seriekamp mot Valder. Kampen startar kl. 1400 i Søvikdalen.

Viktig siger for Ellingsøy
13-09-2006 23:09
-Ellingsøy tok ein særs viktig siger i kveld då det vart 1-0 over botnkollega Vartdal på Ørsta KGB. Våre naboar i sør har dermed kontakt med laga framfor på tabellen. Søndag ventar ein ny viktig kamp. Nemleg bortemøte med Ravn.
Tabell

Norborg sikra avdelings-sigeren
13-09-2006 19:54
-Det vart handballsiffer då Norborg sitt herrar 7'ar sikra avdelingssigeren i kampen mot Brattvåg i kveld. Heile 16-10 vann oransjetrøyene i avdeling 3 sin toppkamp på Uggedal stadion. Norborg fekk ein god start på kampen å scora allereie etter 40 sekund ved Kristian Furnes. Stillinga ved pause var 9-5. I midten av 2. omgang var Brattvåg på hogget og scora fire raske mål så stillinga var 12-10, men nærmare kom aldri gultrøyene og Norborg drog frå på slutten. Målscorarar for Norborg var: Geir Ove Grønli (6), Biarte Hånes (4), Kristian Furnes (2), Julio Cesar (2), Kenneth Vegsund og Terje Tellefsen.
Statstikk
Tabell

ViGo tok tilbake tabelltoppen
12-09-2006 22:55
-Vigra/Godøy vann ikveld 6-0 over Spjelkavik og tok tilbake tabelltoppen frå Norborg i 2. divisjon junior.

Statstikk 4. divisjon
12-09-2006 18:58
-18 runder er gjennomført i 4. divisjon Sunnmøre. Her er ein god porsjon statistikk.
Les meir..

Tropp herrar 7'ar mot Bratt-våg
11-09-2006 22:04
-Følgjande er tatt ut til onsdagens 7'ar kamp: Geir Roar Gamlem, Martin Holmeset, Kenneth Vegsund, Kristian Furnes, Julio Cesar, Geir Ove Grønli, Vebjørn Grytten, Biarte Hånes, Ronnie Gamlem, Jan Even Drønnesund og Terje Tellefsen. Oppmøte seinast kl. 17 på Uggedal stadion. Kampstart kl. 1730. Forfall meldast Frode.

Scora etter 15 sekund
11-09-2006 18:59
*Camilla Krogsethagen scora etter 15 sekund i juniordamenes kamp mot Langevåg. Noko som er ny rekord i Norborg si damefotballhistorie.
** Ved pause er stillinga 6-3 til Norborg. Camilla Krogsethagen og Frida Ahrens har scora 3 mål kvar.
*** Nina Witsø har putta to gongar og Langevåg eitt i opningsminutta av 2. omgang. Stillinga er dermed 8-4.

Ravn-mål nr. 1800
-Norborg ventar på nr. 1500
11-09-2006 17:29
-Ravn scora sitt mål nr. 1800 gjennom tidene sist onsdag mot Brandal, melder Arnt-Ove Tenfjord på il-ravn.no. Norborg scora i sist kamp sitt mål nr. 1495 i seriesamanheng, og satsar på å få sitt mål nr. 1500 i løpet av kort tid.

MSIL heng med i toppen
-nedtur for Ellingsøy
10-09-2006 22:11
-MSIL gjorde jobben sin og vann 3-2 over Vartdal i dag. Dermed er dei berre to poeng bak Stordal på opp-rykksplass. Ellingsøy har hatt gode resultat i det siste, men måtte i dag sjå seg slått 3-4 på Nes av Brandal. Ellingsøy må no vinne den utsatte kampen mot Vartdal for ikkje å bli hekta av 9. plassen.
Tabell

Endeleg for Hildre
- knuste Stranda2
10-09-2006 21:52
-Etter mykje nesten vann endeleg Hildre sin første seriekamp sidan 1993, og når det først vart siger, vart det gjort skikkeleg. Heile 6-1 vart Stranda2 satt på plass på Stranda KGB. Hildre leia 4-0 ved pause og putta sitt femte 8 sekund (!) ut i 2. omgang. Mål-scorarar for Hildre var Bjarte Søviknes (2), Roger Hurlen, Runar Langset, Ole Henrik Hildrestrand og Torstein Volstad. Vi gratulerer så mykje.
Tabell

Juniorane tilbake på vinnar-sporet
10-09-2006 16:10
-Norborg sine juniorherrer vann 5-1 pver Emblem idag. Norborg hadde ballen 90% av tida, men stanga lenge mot eit svært defensivt heimelag. Kristoffer Søviknes ga oransjetrøyene leiinga på straffe fem minutt før pause. I 2. omgang auka Søviknes leiinga, før Martin Grytten (2) og Knut Ivar Bjørlykhaug ga Norborg 5-måls-forsprang. Fem minutt før slutt reduserte Emblem på ei keepertabbe.
Tabell
Statstikk

Norborg på "Høstputten"
9-09-2006 22:16
-Norborg deltok laurdag med tre lag på Emblem IL si turnering "Høst-putten".
Sjå bilete

Ravn berga uavgjort
9-09-2006 17:29
-Christopher Urkedal sørga for at Ravn behaldt eitt poeng i møtet med opprykksaktuelle Stordal då han utlikna knappe 20 minutt før slutt, melde il-ravn.no. Ørskog vann 9-3 over Vigra og leiar divisjonen suverent.
5. divisjon

HaNo vann på Eidsåvoll
9-09-2006 17:00
-HaNo snudde den vonde trenden med ein 3-0 siger i bortemøtet mot ÅVK i dag. HaNo er dermed tilbake i opprykksstriden.
Tabell

Full runde i 5. divisjon
- ein kamp i fjerde
9-09-2006 1:18
-Det spelast i helga full runde i 5. divisjon. På laurdag spelast Ravn-Stordal og Ørskog-Vigra. Spesielt Ravn-Stordal vil nok bli ein "gysare". Ravn kjemper for å unngå nedrykk, medan Stordal gjerne vil behalde forspranget dei har fått på MSIL og Vigra. Nordicbet held Stordal som favoritt i denne kampen med 1.90 i odds. Ravn-siger gir 2.35 tilbake pengane om det skulle slå til. Du kan på denne kampen også tippe på resultat. I 4. divisjon reiser HaNo til Eidsåvoll for å møte ÅVK. HaNo må vinne for å henge med i opprykks-kampen, men må nok sjå at ÅVK er favoritt i denne kampen. For full-stendig odds henviser vi til Nordicbet.

SIF avgjorde 3. divisjon
9-09-2006 0:54
-Mål av Tom Erik Olsbø og Christian Simonsen sørga for at Skarbøvik vann 2-0 over AaFK2 på CLS i kveld, og sidan dei nærmaste utfordrarane Hødd2 og Langevåg ikkje greidde å vinne, har SIF sikra seg KM-tittelen i 3. divisjon. Det skal iallfall eit under til om SIF rotar vekk 15 poengs for-sprang på Hødd2 dei siste 5 rundene. SIF vil møte Elnesvågen, AK eller Træff i kvalifiseringskampane for spel i 2. divisjon. Elles går det rykter om at SIF etter sesongen vil trekke 2. laget sitt frå 4. divisjon. Dersom dette stemme og SIF rykke opp i 2. divisjon vil ingen lag frå 4. divisjon rykke ned. SIF trekte jo 2. laget sitt også fram-føre 2000 sesongen, men ombestem-te seg og dukka då plutseleg opp i 6. divisjon for å bli Norborg sin "kvite kval".

Sluttspel om krinsmeister-skap for herrar 7'ar
9-09-2006 0:32
-Det går mot serieavslutning i klasse menn 7'ar, og dei tre avdelingsvinnar-ane skal spele enkel serie om krins-meisterskapet. Slik det ser ut no vil Brandal, AaFK og Norborg vinne kvar si avdeling. Dersom dette held seg vil kampoppsettet vil bli slik: Brandal-AaFK, AaFK-Norborg og Norborg-Brandal. Første kamp vil bli spelt laurdag 30. september.

Blindheim vann topp-kampen
7-09-2006 23:00
-Blindheim vann toppkampen mot Stranda med 4-1. Dermed nytta Brattvåg sjansen til å gå opp på 2. plass etter å ha utklassa Godøy 7-1. Sunnylven gjekk på eit overraskande 1-2 tap heime for Herd. Dette var Sunnylven sitt femte strake tap.
Tabell

Herrer 7'ar kamp utsatt igjen
7-09-2006 22:48
-Herrar 7'ar kampen mellom Norborg og Brattvåg er igjen utsatt. Nytt tidspunkt er onsdag 13. september kl. 1730.

GuLars skremte Norborg
7-09-2006 22:32
-Norborg viste seg som det mest effektive laget og vann 3-2 over hardt-kjempande Larsnes/Gursken i Uggedalen i kveld. Som på Larsnes i vår så skjedde det meste før pause. Ståle Hurlen ga heimelaget tidleg leiinga, medan Eirik York auka ved halvspelt 1. omgang. Minuttet etter reduserte dyktige Thomas Sætre-Hauge for GuLars. Men Ståle Hurlen viste god form og ordna 3-1 før halv-timen var spelt. I siste minutt før pausen reduserte Alf Marius Grønne-vik for gjestane. 2. omgang vart ikkje av like stor underhalding, sjølv om begge laga etterkvart fekk sine sjansar. - Smaker alltid godt med siger på ein heller svak dag, kom-menterte Norborg-keeper Trond Elstad.
Les meir..
Tabell

Tini med full klaff i kamp
7-09-2006 07:26
-Martinus Grytten gjorde stor suksess i sin første fotballkamp i USA, men diverre måtte han sjå laget sitt tape. Ei internettavis har laga ei reportasje om guten ifrå Gryta-stranda.
Les meir..

MSIL i trøbbel
- tapte for FK Sykkylven2
6-09-2006 22:56
-MSIL er i trøbbel ettar at dei tapte 2-1 for FK Sykkylven2 i kveldens 5. div-runde. Avstanden opp til Stordal på 2. plass er no 4 poeng, og MSIL er no avhengig av hjelp frå andre lag for å ta igjen stordalingane. Andre resultat: Brandal-Ravn 3-3, Spjelkavik2-Volda2 5-1 og Vigra-Skodje 1-1. Vartdal-Ellingsøy vart utsett grunna dårlege baneforhald.
Tabell

Norborg er favorittar
6-09-2006 22:42
Nordicbet held Norborg som favorittar i torsdagens kamp mot GuLars. Norborg-siger er satt til 1.80 i odds, medan GuLars-siger står i 2.50. Du kan også tippe på resultat i denne kampen.

Hovdebygda med stortap
6-09-2006 21:11
-Hovdebygda er på full fart ned i 5. divisjon. I kveld vart det 10-0 tap for SIF2 på Hessa KGB.
Tabell

Gutelaget tapte for Valder
6-09-2006 20:59
-Gutelaget tapte 3-6 for Valder på Uggedal stadion. Adrian Holmeset, Johan Stavik og Skjalg Volstad scora for heimelaget.

Tropp til A-kampen på torsdag
5-09-2006 21:26
-
Trond Elstad, Geir Roar Gamlem, Stein Erik Reitan, Roger Grytten, Steffen Grytten, Vebjørn Grytten, Jan Even Drønnesund, Knut Ivar Bjørlyk-haug, Kenneth Vegsund, Asgeir Kalvø, Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal, Kristian Søviknes, Eirik York, Eivind Fjørtoft, Lennart Holmem, Ståle Hurlen og Geir Ove Grønli. Oppmøte torsdag kl. 1715.
Les meir..