|
KM-gull
til Brattvåg
30-09-2005 20:51
-Brattvåg sitt gutelag kunne juble for KMgull da dommeren blåste
av ein tett, fartsfylt og meget spennande kamp. Brattvåg tok leiinga
med Sverre U. Fjørtoft etter hjørnespark, medan Martinus
Grytten kvitterte for Norborg rett før pause. Før dette
hadde også Bee truffet treverket så langt opp i kryssstolpen
som det overhode er mulig og ned igjen på streken på eit frispark.
I andre omgang skaut Bee på nytt i stolpen, før Adrian Håbet
satte ballen i nota like etterpå på eit skudd frå seksten
meter. Etter dette fortsatte spelet og bølge begge veger. Bee fekk
ei avslutning redda på streken, medan Brattvåg traff stolpen
på andre sida. Seks minutt før slutt så fekk heimelaget
inn utlikninga som sikra dei KM-tittelen ved Kristoffer Grønmyr
på eit innlegg frå Hazhin. Dermed endte den spennande kampen
2-2. Norborg gratulerar Brattvåg med KM-tittelen!
*** Stein Erik Alvestad
** Martinus Grytten
* Joakim Kjærstad
Lokalderby på laurdag
29-09-2005 23:19
-Norborg tek laurdag kl. 15 imot HaNo på Uggedal stadion. Vi vonar
mange får med seg sesongens siste heimekamp.
Les meir..
Ravn tok første stikk
- banka Brandal
29-09-2005 21:23
-Ein ting som nærmast er sikkert er at KM-tittelen i 6. divisjon
hamnar i Haram. Ravn vann nemleg den første kampen mot Brandal
på Hareid grus med 6-2. Les meir på Ravn
sine nettsider.
KM-tittelen til Haram?
-årets lokalderby
29-09-2005 14:00
-Fredag kl. 18.30 sparkast ein meget severdig kamp i gang på Brattvåg
KGB. FeIre lag har teoretiske muligheter på KM-tittelen i guteklassa.
Brattvåg ligg best an i løypa. Med uavgjort mot Norborg på
fredag er dei kretsmestera. Norborg på si side må vinne 15-0
samstundes som Herd ikkje vinn borte mot Hareid på søndag.
Herd si mulighet ligg i at både Brattvåg og Hødd tape
på fredag, samstundes som dei vinn på søndag på
Hareid grus. Hødd på si side møter AaFK borte, og
siger her kombinert med Norborgsiger mot Brattvåg sender KM-gullet
til Ulsteinvik i år. Fredagens kamp på Brattvåg KGB
er også eit nostalgisk farvel til ei tre år lang suksessferd
for Norborg sine gutelag som Norborghistoria ikkje har hatt før.
Tre strake år i 1.divisjon med topp4 plasseringar har det blitt.
Neste år er "lille" Norborg offer for eit lite årskull
i 90-klassen, og må mest sannsynleg stille med kun eit sjuerlag.
Heldigvis er rekrutteringa nedover i klassene gode, og neste års
smågutelag kan bli det neste laget frå Norborg som kan være
med i kampen om KM-gull i guteklassa om noen år. Vi håper
publikum frå begge leirer møter opp på fredag for å
gi laga ei god støtte i den siste kampen. Målsettninga til
Norborg-gutane er vertfall krystallklar. Dei skal greie det umulige, Brattvåg
skal beseirast med minst femten mål ! Du trur det ikkje før
du ser det! Lykke til!
Badmintontreninga torsdag er avlyst
28-09-2005 17:34
-Badmintontreninga torsdag 29. september er avlyst grunna mangel på
instruktør. Ein kan i staden trene fredag kl. 1830 då det
er god plass i hallen. Treningstider ligg ute på badmintonsidene.
Les meir..
Jentelaget med storsiger
27-09-2005 23:07
-Eit ungt jentelag vann heile 7-1 over Blindheim i dag. Dagens Norborg-lag
bestod av berre 4 jentespelera og 4 småjentespelera. Stor laginnsats i
en kamp der alt stemte, sier lagledelsen til norborg.com. Målskårerane
var Camilla Johansen 2, Jannicke S Gjerseth 2, Nina Witsø, Ida Holmeset
og Ingrid Gamlem
Omtrent på staden kvil
27-09-2005 19:08
-norborg.com gjekk ein plass ned til 36. plass på rangeringa over
Noregs beste klubbsider. Svak design, men mykje bra innhald, er kommentaren
frå fotballen.no.
-Plasseringa er omtrent som forventa. Vi har ei gamal og tungdreven side,
som heilt klart treng å fornyast. Skal vi vere med å konkurrere
blant dei 15 beste igjen må ein bygge opp ei heilt ny side som er
langt enklare å oppdatere. Det beste er ei side der ein ikkje treng
program som dreamweaver for å gjere oppdateringar, men at kven som
helst med brukarnavn og passord kan gå rett inn og legge ut nyheiter.
I staden for at alt skal gå gjennom oss to.
Spenning i 5. divisjon
27-09-2005 19:01
-5. divisjon er den divisjonen som det knyttar seg mest spenning til i
sesongavslutninga. Tre lag kjempar om opprykk, medan like mange kjempar
for å unngå den utsette 10. plassen. Harøy derimot.
Takkar svært gjerne ja til denne plassen.
Les meir..
Til smågute og lillegutt
LES DETTE!
26-09-2005 20:02
-Smågutelaget og lilleguttlaget bør lese notisen øverst
til høgre angåande bruk av grasbana. Les denne, og respekter
den slik det ikkje går utover tredjepart neste vår fordi grasbana
blir for mykje brukt no på seinhausten!
Kim soner mot HaNo
25-09-2005 21:31
-Kim Idar Krogsethagen fekk sitt 3. gule kort for sesongen i dagens kamp
mot Rollon, og må dermed sone i lokaloppgjeret mot HaNo.
Brandal til 5. divisjon
25-09-2005 21:25
-Vi gratulerer Brandal med opprykk til 5. divisjon. Dei sikra opprykket
med ein sterk 2-0 siger borte mot Flø. Åheim spelte 4-4 mot
Gjerds-vika og kom på 2. plass. Åheim møter Vartdal
i kvalifiseringskampar om spel i 5. divisjon seinare i månaden.
Tabell
Ravn utan tap
- barten rauk på Sula
25-09-2005 21:21
-Ravn gjekk gjennom 6. divisjon avd. 1 utan tap etter at det vart 1-1
borte mot Lepsøy. Ein sterk prestasjonan av Vatne/Tennfjord-laget.
Fiskerstranda vann endeleg ein kamp igjen og dermed kan også bartane
falle hos sulaværing-ane. Sigeren kom heime mot Sæbø.
Tabell
Hovdebygda eit steg nærmare opprykk
25-09-2005 18:22
-Hovdebygda nærmar seg 4. divisjon etter 3-2 siger over MSIL i dag.
I følge Hovdebygda
si heime-side kom vinnarmålet like før slutt.
Tabell
Storsiger til Norborg
25-09-2005 18:03
-Norborg sine småjenter vann i dag 7-2 over Rollon i Larsgården
i dag. Vi kjem tilbake med målscorarar.
Tabell
HaNo vann på overtid
25-09-2005 18:00
-HaNo vann 3-2 over Brattvåg etter eit overtidsmål. Rapportane
seie at HaNo var alt i alt det beste laget og vann fortent. Mykje grunna
betre fysikk. ÅVK tapte heile 0-9 for SIF2, som no ser ut til å
redde plassen i 4. divisjon. Godøy vann 5-2 over Ellingsøy,
mens Herd vann 2-0 over Vigra på Rota. Både HaNo og Herd passerte
Norborg på tabellen.
Tabell
Rollon til 3. divisjon
- skuffande av Norborg
25-09-2005 17:51
-Vi gratulerer Rollon med fortent plass i neste års 3. divisjon
etter 4-1 siger over Norborg. Rollon var klart best før pause mot
eit skammeleg svakt Norborg-lag. Dyktige Johan Strand sette inn både
to mål før halvtimen var spelt, mens Harald M. Haugen punkterer
i realiteten kampen med si 3-0 scoring like før pause. Etter pause
fekk vi sjå eit heilt anna Norborg-lag. Ein la umiddelbart press
på Rollon og skapte fleire gode sjansar. Ståle Hurlen redu-serte
til 3-1 midt i omgangen, mens Geir Ove Grønli og Adrian Håbet
måtte sjå sine avslutningar gå i tverrliggar. Rollon
får også ein mann utvist i denne perioden. Men Norborg greidde
ikkje å utnytte dette, og i det siste kvarteret har heimelaget full
kontroll på kampen og legg på til 4-1 ved Eivind Nordstrand.
Dermed ein fullt fortent siger til Rollon på Color Line Stadion.
Les meir..
Bileter
Rollon-Norborg på Color Line Stadion
24-09-2005 17:15
-4. divisjonskampen mellom Rollon og Norborg går på Color
Line Stadion kl. 15. Rollon sitt bane-mannskap tok denne beslutninga i
dag ettersom Rollonbana var for blaut. Inngangen som skal brukast er på
sydsida av stadion. Rollon si leiing opplyste også om at billett-prisen
som stod i dagens Sunn-mørspost på kr. 50, måtte vi
ta med ei klype salt.
Gursken/Larsnes mot 4. divisjon
24-09-2005 18:03
-Gursken/Larsnes er på god veg mot 4. divisjon etter å ha
vunne heile 5-1 over Stordal på Kirkebø stadion. G/L er stadig
på 3. plass i divisjonen, men har no samme antal poeng som Spjelkavik2,
som har ein vanskeleg bortekamp mot Hovdebygda igjen. Skodje vann 4-3
over Harøy og er på god veg til å berge plassen.
Tabell
Hødd2 til 3. divisjon
24-09-2005 17:1
-Hødd2 vart i dag klar for 3. divisjon etter 2-1 over Sunnylven.
Vi gratulerer!
Tabell
KBK vann 3. div. avd. 18
24-09-2005 17:10
-3. divisjon Nordmøre/Romsdal har vore svært spennande denne
sesongen. Kristiansund BK, Averøykameratene og Sunndal kjempa om
avdelingssigeren. Før siste runde leia KBK på betre målforskjell
enn AK, med Sunndal poenget bak. Alle tre laga vann sine kampar i dag,
og dermed er det Erik Brakstad og KBK som kan juble for avdeligssigeren
og møte med AaFK2 eller Volda.
Tabell
3. divisjon: Stranda ned
- B/E lever i spenning
24-09-2005 16:59
-Stranda må ta den tunge vegen ned i 4. divisjon etter 3-1 tap for
Bergsøy i siste serierunde. Stranda leia ved pause etter mål
av Steffen Lilleås, men i dei siste 45 minutta vart Bergsøy
for sterke og snudde kampen etter to mål av Preben Hestad og eitt
av Per Ståle Nykrem. Blindheim/Emblem fekk endeleg vist noko av
potensialet når ein vann 3-2 over Spjelkavik og karra seg opp på
11. plass. Dette gir ståplass dersom Sunnmøre sin representant
i kvalifiseringsspelet om plass i 2. divisjon lykkast. Sunnmøre
sin representant blir enten krinsmeister AaFK2 eller Volda. Tangotrøyene
tapte i dag 6-1 for FK Sykkylven. Eamon Zayed scora AaFK2 sitt mål.
Volda på si side vann 4-2 over Skarbøvik. Andre resultat:
Langevåg-Hareid 1-5 og Valder-Ørsta 1-3.
Tabell
Vann enkelt 16-0
-tapte sjansen til KM-tittel
24-09-2005 16:16
-Gutelaget vann i dag 16-0 i sin siste heimekamp for året mot Spjelkavik.
Sigeren var aldri trua, og kun dårlig uttelling hindra 6-0 etter
ti minutt spel. Til pause leda dei orange 8-0. Målskårera
vart Adrian Håbet 7, Kristoffer Søviknes 2, Bee 2, Martinus
Grytten 2, Erlend York, Eivind Fjørtoft på ein utsøkt
lobb og Johan Stavik.
*** Adrian Håbet
** Stein Erik Alvestad
* Kristoffer Engeset
Viktig gutekamp i dag
24-09-2005 11:27
-Gutelaget spelar i dag kl. 14.00 sin siste heimekamp for sesongen. Dette
vil dermed bli farvel med gutefotball på heimebane for 89-årgangen.
Motstander er Spjelkavik, og vårens 4-5 nederlag skal hevnast. Gutelaget
har i tillegg eit lite heng på topplaga i 1.divisjon. Mykje kan
avgjørast med tanke på KM-tittelen i dag. Den andre nøkkelkampen
er Herd-Brattvåg på Moa samstundes.
Møter topplaget på søndag
22-09-2005 22:36
-Norborg tek søndag turen til Larsgården for å møte
4. divisjon sitt topplag, Rollon.
Les meir..
Skodje slo Hildre
21-09-2005 21:11
-Skodje vann 4-3 over Hildre i siste runde i 7'ar serien for herrer. Dermed
kom Norborg på 5. plass framføre Hildre.
Tabell
Bittert poengtap i slutt-minutta
21-09-2005 20:15
-Norborg sitt gutelag måtte sjå to poeng gå fløyten
etter eit sjølmål like før full tid. Hødd tok
leiinga tidleg i kampen, men oransje-trøyene kom sterkt tilbake
og utlikna ved Eivind Fjørtoft etter 25 minutt. Like før
pause hadde Martinus Grytten sjansen til å gi Norborg leiinga, men
traff stolpen frå litt skrått hald. Etter pausen starta Norborg
best og ti minutt ut i omgangen ga Adrian Håbet Norborg leiinga.
Etter dette tok Hødd over banespelet, medan Norborg satsa på
kontringar. Heldigvis hadde dei orange ein meget opplagt keeper. Joakim
Kjærstad var høyt, lavt og overalt. Tre gangar redda han
glimrande på gjennombrudd frå Hødd. Dette haldt nesten
heilt ut, men to minutt før slutt måtte ein Norborg spelar
sjå ballen gå i eige mål. - Bittert, sa ein fatta trenar
Kristian Søviknes etter kampen.
*** Joakim Kjærstad
** Stein Erik Alvestad
* Martinus Grytten
Tabell
Uavgjort i toppoppgjøret
20-09-2005 20:38
-Aafk og Brattvåg spelte uavgjort 2-2 i dagens toppoppgjør
i 1.divisjon for guter på Nørvebana grus.
Kampreferat klart
20-09-2005 19:12
-Kampreferatet frå gutelaget sin kamp mot Bergsøy sist fredag
er no klart.
Les
meir..
Stortap for damelaget
19-09-2005 20:58
-Damelaget tapte sin siste seriekamp med 18-1 for HaNo.
7'ar laget tapte avslutninga
19-09-2005 20:20
-Herrer 7'ar tapte 6-3 for Ørskog i sin siste kamp. Andre Larsen,
Bjarte Søviknes og Biarte Hånes scorte for oransjetrøyene.
Tabell
Ravn slapp seg laus
- Vartdal trygga 2. plassen
18-09-2005 20:55
-Ravn feira opprykket med ein 8-0 siger over Langevåg2 i dag. Vartdal
sikra seg 2. plassen med ein 3-1 siger over botnlaget Fiskerstrand. Sæbø
ser ut til å sikre seg 3. plassen etter 4-3 over Lepsøy.
Tabell
Harøy i trøbbel
18-09-2005 20:51
-Harøy er i stroe problemer etter at ein tapte 8-2 for Spjelkavik2,
mens Skodje knuste FK Sykkylven2 6-2 og Giske vann 2-1 over Volda2. Harøy
må truleg vinne sine tre siste kampar for å halde plassen.
MSIL måtte sjå seg slått 3-6 av Ørskog, mens
Åmdal og Stodal spelte 3-3.
Tabell
5. divisjon
Rollon
nesten klar
18-09-2005 16:14
-Rollon vann i dag den utsatte kampen mot Vigra med 4-2. Kvittrøyene
har dermed 8 poengs forsprang på Brattvåg med 3 kampar igjen.
Sunnylven vann 4-1 over Godøy, og sikra seg med det truleg vidare
spel i 4. divisjon. Hellesytlingane har no 22 poeng, noko som skal halde
til minst 10. plass. Ellingsøy og ÅVK spelte for øvreg
1-1 på Giske i går. Ellingsøy tok leiinga, men ÅVK
utlikna på straffe i 2. omgang.
Tabell
AaFK2 vann 3. divisjon
- spenning om 2. plassen
18-09-2005 15:51
-AaFK2 spelte i går 0-0 mot Volda, og har dermed sikra seg 1. plassen
i 3. divisjon. Spjelkavik hadde sjansen til å kome opp på
den viktige 2. plassen, men måtte sjå seg sått 2-3 av
botnlaget Bergsøy. Dermed er dei stadig to poeng bak Volda før
siste runde. Bergsøy på si side er no over nedrykksstreken
for første gong på fleire månader og med heimekamp
mot Stranda i siste serierunde ser fosnavåg-ingane ut til å
redde plassen. Blindheim/Emblem leia lenge i den viktige botnkampen mot
Ørsta, men nok ein gong redda Frank Gjerde eine poenget for Ørsta.
Ørsta har dermed redda plassen i divisjonen sidan Stranda tapte
1-5 for Langevåg. Hareid vann 3-0 over FK Sykkylven, mens Skarbøvik
slo Valder 5-0.
Tabell
Hovdebygda feila
18-09-2005 15:47
-Hovdebygda hadde sjansen til å rykke opp i går, men måtte
sjå seg slått 3-0 av opprykksrival Gursken/ Larsnes. Resten
av 5. divisjons-runda blir spelt i dag.
Tabell
Juniorkamp avlyst!
17-09-2005 20:48
-Juniorkampen mellom Godøy og Norborg er avlyst. Ny kampdato kjem
seinare.
Effektiviteten var forskjellen
17-09-2005 16:08
-Hødd2 var det mest effektive laget i Uggedalen då dei vann
3-1 (2-0) over Norborg. Norborg skapte flest sjansar før pause,
men greidde ikkje å finne nettmaskene på 5 gode sjansar. Hødd2
på si side scorte på sine to ved Thomas Sætre Hauge
og Thomas Klippe. Etter pause var Hødd2 det førande laget
mot eit heimelag som såg ut til å ha mista gnisten. Dryge
kvarteret før slutt kontra Edward Laverton inn ei redusering for
oransjetrøyene og ga nytt håp, men Hødd2 hadde kontroll
i sluttminutta og på overtid fastsette Thomas Sætre Hauge
sluttresultatet til 3-1. Hødd2 er med dette nesten klar for 3.
divisjon neste år.
Les meir..
Tabell
Gutelaget vann
16-09-2005 20:19
-Gutelaget vann 2-1 over Bergsøy på grusen i Huldalen. Norborg
skapte dei fleste sjansane, men fekk likevel problem mot eit hardtkjempande
heimelag på den tronge bana. Likevel, ein fortent siger. Kristoffer
Søviknes og Adrian Håbet scora.
*** Kristoffer Søviknes
** Stein Erik Alvestad
* Joakim Kjærstad
Tabell
Har tatt føringa
16-09-2005 19:46
-Kristoffer Søviknes og Adrian Håbet har ført Norborg
opp i 2-0 leiing over Bergsøy. Det gjenstår ca. 15 minutt
av kampen.
Mållaust til pause
16-09-2005 19:22
-Det er foreløpig mållaust i 1. divisjonskampen for gutar
mellom Bergsøy og Norborg. Norborg har hatt dei fleste sjansane,
men har altså til gode å score i dei første 40 minutta.
Ellingsøy-Åram/VanKam spelast på Giske
16-09-2005 12:54
-Laurdagens bunnkamp i 4.divisjon mellom våre naboer Ellingsøy
og Åram/VanKam blir spelt på Giske si grasbane. Nes stadion
er ikkje spelbar etter den sist tid store nedbørsmengder.
Må ofre United-jakke
15-09-2005 22:58
-Norborg har ein dårleg heime-statistikk denne sesongen. Ein granskningskomite
har no funne orsaka til den tafatte heimeforma. På opninga av Uggedal
stadion hadde nemleg Per Ove Urkedal på seg ei Man United jakke.
Norborg tapte både denne kampen, samt alle andre heimekampar Per
Ove har vore på. No har komiteen kome med den konklusjonen at jakka
må ofrast. - Vi heng den i flaggstanga å sette fyr på
den, seie komite-medlemet "Mølen". Hendinga vil vonleg
ta stad laurdag kl. 1320.
Møter Hødd2 laurdag
15-09-2005 22:37
-Norborg sitt herrelag spelar laurdag kl. 1330 heimekamp mot Hødd2.
Norborg vil i denne kampen mangle Asgeir Kalvø, Steffen Grytten,
Geir Ove Grønli og Stein Erik Reitan, samt at gutespelarane Adrian
Håbet, Stein Erik Alvestad og Eivind Fjørtoft kvile. På
plass er imidlertid Trondheim-student Øyvind Farstad. Hødd2
har vunne ni kampar på rad, men med rett innstilling er det inga
umogeleg oppgåve for Norborg å få med seg poeng.
FKS banka Norborg
15-09-2005 20:57
-FK Sykkylven utspelte Norborg sitt herrar 7'ar i Uggedalen i kveld. Etter
5-3 ved pause vart stillinga til slutt 14-3 til gjestane. Geir Magne Grande,
Øyvind Kvammen og Fredrik Furnes scora for oransje-trøyene.
Vi gratulerer samtidig FK Sykkylven som avdelingsvinnarar.
Tabell
Målrikt i vågen
15-09-2005 20:48
-Brattvåg og Rollon spelte 4-4 i kveldens toppkamp. Rollon behaldt
dermed 5 poengsleiinga si på vågen, og har i tillegg ein kamp
til gode. Mykje skal dermed til for at Rollon ikkje rykker opp. SIF2 held
håpet oppe om vidare spel i 4. divisjon med 4-2 over Vigra.
Tabell
Ønsker kretsen Norborg ned?
15-09-2005 20:41
-Sunnmøre fotballkrets gratulerer i dag Ravn med opprykk til 5.
div., og oppmodar samtidig Norborg til å rykke ned. Mykje skal likevel
til for at SFK skal få "ønsket" sitt oppfylt. Norborg
må tape sine gjenståande kampar, Hødd2 og Rollon kan
berre vinne over nettopp Norborg. Bratt-våg og Godøy kan
maks vinne ein kamp kvar, mens Ellingsøy og Vigra må ta 10
poeng kvar, ÅVK og Sunnylven 7 poeng. Skulle så lynet slå
nedi driteren to gonga samme kvelden, må i tillegg Sunnmøre
sin 3. div. vinnar tape opprykkskamp-ane mot Nordmøre/ Romsdal
vinnaren. Nei, vi trur ikkje det blir noko lokaloppgjer mot Ravn neste
år. Det hadde riktig nok gitt 6 enkle poeng, men vi trivst svært
godt med kampar mot erkerival Brattvåg og HaNo.
Kretssida
Viktige kampar i kveld
15-09-2005 17:31
-To viktige 4. divisjonskampar blir spelt i kveld. Dette er toppoppgjeret
Brattvåg-Rollon og botnkampen SIF2-Vigra. Rollon vil med siger har
meir enn eine foten i 3. divisjon, medan Brattvåg må vinne
for å ha stadig håp om opprykk. SIF2 har også kniven
på strupa og må ha 3 poeng mot laget framføre på
tabellen.
Gratulere Ravn!
15-09-2005 0:30
-Det er med stor glede at Norborg kan gratulere Ravn med opprykket til
5.divisjon. Vartdal tok tidlig leiinga 1-0 på Vatne i dagens toppoppgjør.
Vatningane viste seg etterkvart som det beste laget, og snudden kampen
til siger 5-1. Dermed er Ravn tilbake i 5.divisjon for første gang
sidan 1999. Den gangen måtte dei trekke laget etter halvspelt sesong.
Det vil garantert ikkje skje neste år. Alle våre gratulasjoner
går til Ravnspelerane, deira supportera og Vatne/Tennfjord bygdingar
ellers.
Herrekampen flytta
12-09-2005 21:15
-Norborg sin kamp mot Hødd2 på laurdag er flytta frå
kl. 15.00 til kl. 1330 på Uggedal stadion.
Juniorane sigra på nytt
12-09-2005
21:14
-Juniorlaget vann 5-3 på Uggedal stadion mot Ørskog/Stordal
i kveld. Kampen var ikkje den mest severdige, men poeng tell som kjent
meir enn stilkarakter i fotball. Ole Johan Urke, Edward Laverton, Amund
Terøy, Erlend York og Martinus Grytten skårte mål.
Asgeir Kalvø fekk seg ein kraftig smell i hovudet midtveis i første
omgang, men er etter forholda med godt mot. Knut Ivar Bjørlykhaug
stod ein kamp rundt middels i Norborgmålet, men kunne lite gjere
med gjestane sine skåringar.
Les
meir..
Småjentelaget slo Brattvåg
12-09-2005
21:14
-Småjentelaget vann 4-2 borte mot Brattvåg i kveld. Tolv spelarar
var i aksjon, og Nina Witsø og Martine Gunnarsdottir feira kretsuttaket
med to mål kvar.
Smågutelaget vann lett
12-09-2005 21:14
-Smågutelaget vann lett 8-3 mot Harøy/Fjørtoft i Uggedalen
i kveld. Vår ekspert på sidelinja Arnfinn Furnes oppsummerte
kampen med at Norborg var klart best og at Johan Stavik var frisk med
raida sine.
Særs viktig Stranda-poeng
11-09-2005 22:37
-Stranda fekk med seg eit svært viktig poeng i sluttminutta då
Joakim Relling utlikna til 1-1 på overtid mot FK Sykkylven. Stranda
har dermed eit poeng å gå på i kampen for å overleve
i 3. divisjon.
Tabell
Storsiger til gutelaget
11-09-2005 19:01
-Norborg sitt gutelaget vann heile 9-0 (5-0) over Blindheim i dag. Adrian
Håbet (3), Martinus Grytten (2), Skjalg Volstad (2), Erlend York
og Kristoffer Engeset scorte. Skjalg sine mål var det svært
høg klasse over. Først dribla han omtrent samtlege spelarar
og sette inn 8-0. Før Stein Erik Alvestad tok seg eit raid, sentra
til Skjalg og pang 9-0.
*** Skjalg Volstad
** Adrian Håbet
* Martinus Grytten
Les
meir..
Damelaget tapte
11-09-2005 18:16
-Eit noko redusert damelaget tapte 4-7 (0-4) for Harøy. Harøy
tok leiinga vel ti minutt ut i kampen, men det var likevel Norborg/Ravn
som første det meste av omgang-en. Diverre greidde ein ikkje å
sette sjansane i mål. På slutten av først så
rakna det og Harøy putta 3 gongar. I 2. omgang gjekk heime-laget
hardt ut og reduserte 3 gongar før gjestane punkterte kampen. Målscorarar
for oransje-trøyene var Camilla Johansen 2, Kine Kvammen og Tonje
Fisker-gaard.
Gursken/Larsnes utan nettsus
11-09-2005 18:07
-Gursken/Larsen greidde berre 0-0 mot botnlaget Åmdal, mens Spjelkavik2
vann den vanskelege bortekampen mot FK Sykkylven2 med 2-1. Dermed har
vikagutta to poengs forsprang på G/L om den viktige 2. plassen.
Topplaget Hovdebygda vart haldt til 1-1 av Ørskog.
Tabell
Miniputtlag på haustputten
11-09-2005 13:26
-Norborg hadde to lag med på Emblem si turnering "haustputten"
i går.
Bilete
Harøy i trøbbel
11-09-2005 13:23
-Harøy tapte i går 2-5 heime for Giske, og har falt under
nedrykks-streken når det gjenstår fire runder av 5. divisjon.
Skodje vann 4-1 over Stordal og ligg no på den utsatte 10. plassen.
Tabell
Feilet mot ÅVK
10-09-2005 18:18
-Norborg måtte nok ein gong sjå at motastandaren kunne juble
mest i Uggedalen. Etter ein svært oppløft-ande første
halvtime med mange flotte angrep og 1-0 leiing ved Ståle Hurlen,
kjempa ÅVK seg inn i kampen og fekk 1-1 ti minutt før pause
etter mål av Øyvind Mykle-bust. Etter utlikninga var ÅVK
svært nær å gå til pause med leiing, men både
Ole Per Kragset og Ole Theodor Hovden sine forsøk fann ikkje nettmaskene.
2. omgang er langt mindre velspelt enn første. Ole Per Kragset
utnyttar forsvarsfeil hos heimelaget knappe 20 minutt ut i omgangen og
gir ÅVK leiinga 2-1. Norborg kjem seg til nokre farlege sjansar
etter dette, men utan resultat. Banens gigant var ÅVK si forsvarsklippe
Hallvar Larsen, medan gutespelarane Stein Erik Alvestad og Adrian Håbet
var best hjå heimelaget.
Les meir..
Tabell
Lepsøy hjalp Ravn
10-09-2005 18:25
-Lepsøy haldt Vartdal til 5-5 i dagens 6. divisjonskamp. Kenneth
Vegsund scora Lepsøy sitt 1-0 mål på frispark. Berre
små teoretiske sjansar kan no hindre Ravn i å rykke opp. Vatne-laget
leiar med 9 poeng på Vartdal med 3 kampar igjen.
Tabell
Innspurten i 6. divisjon
10-09-2005 0:44
-Ei 2-3 runder gjenstår i årets 6. divisjon avdeling 1. Ravn
går mot eit soleklart opprykk, medan Vartdal har eit bra grep om
2. plassen.
Les meir..
Ny dato for Vigra-Rollon
10-09-2005 0:24
-Den utsatte kampen mellom Vigra og Rollon skal spelast søndag
18. september kl. 1400 på Rota gras.
AaFK2 stakk i frå
- Uavklart i botnen
10-09-2005 0:06
-AaFK2 vann 3-0 over Hareid etter mål av M'Baye (2) og debutant
Bechara Oliveira. 2. plasserte Volda rota vekk 2-0 mot Valder. Nok ein
gong vart Tom-Gøran Jønsson dagens Valder-helt med to mål.
Med AaFK2 siger og Volda uavgjort har tangotrøyene 5 poengs forsprang
når det gjenstår to runder. Spjelkavik vann 2-1 over Langevåg
og er no berre poenget bak Volda på det som kan bli ein svært
viktig 2. plass. I botnen hadde Ørsta sjansen til å skaffe
seg luke til dei andre laga, men greidde berre 2-2 mot botnlaget Bergsøy.
Nok ein gong var lepsøy-ingen Frank Gjerde redningsmann. Ifølgje
Bergsøy si
heimeside burde heimelaget ha tatt alle poenga. Blindheim/Emblem har kniven
på strupa etter heile 1-6 tap for SIF på heimebane. Nykomaren
frå 4. divisjon ligg no sist i divisjonen og må ha poeng mot
Ørsta neste helg. Nabooppgjeret mellom FK Sykk-ylven og Stranda
vart utsatt.
Tabell
Mange usikre mot ÅVK
8-09-2005 21:10
-Norborg har fleire spelarar usikre grunna skader og sjukdom når
ÅVK gjestar Uggedalen laurdag kl. 15.
Les meir..
Spenning i botnen av 3. divisjon
8-09-2005 21:05
-Det nærmar seg slutten på årets 3. divisjon. AaFK2
ser ut til å ha avgjort det meste i toppen, medan det i botnen er
langt meir spanande.
Les meir..
Fantastisk keeperspel stoppa Norborg
8-09-2005 20:51
-Norborg herrer 7'ar måtte sjå seg slått 6-3 av heimelaget
Skodje i kveld. Begge lag hadde mange store sjansar, men heimelaget sin
keeper stod veldig bra og sikra 3 poeng til dei gulkledde. Øyvind
Davik 2 og Bjarte Søviknes scora for oransjetrøyene.
Tabell
Hødd2 på tabelltopp då regnet stoppa Rollon
8-09-2005 20:46
-Hødd2 nytta sjansen til å låne tabelltoppen i 4. divisjon
då Rollon sin kamp mot Vigra vart avlyst grunna overvatn på
Rota stadion. Hødd2 tok haustens knappaste siger då det vart
4-3 over Herd. Kveldens mest overraskande siger kom på Hellesylt
der Ellingsøy fekk seg ein opptur etter 8-1 tapet for Norborg.
Gultrøyene vann 5-3 over heime-laget og kom seg over nedrykks-streken.
Arnel Colic og Frank Dalhaug var i slag då Brattvåg senka
Godøy med 3-0 og inntok 3. plassen.
Tabell
Alle slår HaNo
7-09-2005 21:56
-HaNo gjekk i kveld på sitt 6. strake tap då SIF2 vart for
sterke og vann 4-2. Sebratrøyene fekk med denne sigeren ny tru
på ståplass.
Tabell
Stor spenning i 5. divisjon
7-09-2005 21:49
-Hovdebygda vann naboopgjeret mot Volda2 med 4-0 i kveld, og held stø
kurs mot 4. divisjon. Bak dei er det likevel stor spenning. Spjelkavik2
makta berre 2-2 heime mot Stordal, medan Gursken/ Larsnes vann 2-1 over
Ørskog. Dermed har både SIL og G/L 38 poeng. Giske vann 2-0
over FK Sykkylven2 og passerte Skodje, som skuffa stort med berre 2-2
mot Åmdal. Sistnemnde rykker ned, medan Skodje, Giske og Harøy
kjempar den sikre 9. plassen.
Tabell
Referat frå fredag
6-09-2005 23:25
-Etter massig gnåling frå Andreas Holmeset er no kampreferatet
frå sist gutekamp klar.
Les
meir..
Vann 12-0 mot HaNo
6-09-2005 22:23
-Småjentelaget hadde god kontroll på HaNo i Søvikdalen
i kveld. 12-0 vann småjentelaget til slutt, men målskårerane
må vi kome tilbake med seinare.
Vann 13-0 mot Brattvåg
6-09-2005 20:43
-Smågutelaget hadde små problem med Brattvåg på
bortebane i kveld. På Brattvåg si kunstgrasbane vart det siger
13-0. Vi kjem tilbake med målskårerane.
Witsø og Gunnarsdottir
på kretslaget
6-09-2005 15:13
-Teknisk elegante Nina Witsø og stortalentet Martine Gunnarsdottir
er begge tatt ut kretslagsgruppa for jenter født i 1991.
Les
meir..
Volstad på kretslaget
6-09-2005 15:08
-Smågutespelar Skjalg Volstad er uttatt i kretslagsgruppa for spelarar
født i 1991. Den lovande ungguten frå Terøy har i
løpet av året vist stor framgang. I den seinare tida har
han tidvis spelt fast på gutelaget, og imponert med stor fart, teknikk
og ein god pasningsfot.
Les
meir..
Lokalderby i kveld
6-09-2005 15:10
-Smågutelaget tar i kveld turen til Brattvågen. Kampstart
for dette lokaloppgjøret er 18.30 på Brattvåg KGB.
Vårt tips: 5-5
Lepsøy tapte for Aksla
5-09-2005 21:11
-Lepsøy har vist solid form i haust, men i kveld vart det 3-1 tap
for Aksla. Dermed forsvann også håpet om ein kvalifiseringskamp
med rett om å spele i 5. divisjon. Vartdal vann 4-2 over Langevåg2
og trygga 2. plassen, medan Brattvåg2 og Fiskerstrand delte poenga.
I avd. 2 vann Åheim 8-5 i toppkampen mot Bergsøy2 og kraup
med det opp på 2. plass. Brandal trygga 1. plassen med 5-3 over
Hasundgot. Oransje-trøyene Kvamsøy vann 4-2 borte mot Moldtustranda.
Sistnemnde står stadig utan siger i årets sesong.
6.
divisjon avd. 1
6.
divisjon avd. 2
Juniorane vart for lette
5-09-2005 21:05
-Eit langt frå toppa juniorlag fekk stryk i toppkampen mot Stranda
i kveld. Asgeir Kalvø ga eit lite håp om poeng då han
utlikna til 1-1 med eit skot i vinkelen frå 20 meter, men Stranda
var det beste laget og vann til slutt 6-1 etter 3-1 ved pause.
Tabell
Juniorkamp i dag
5-09-2005 12:58
-Juniorlaget (eller eit litt forsterka og redusert utgave av gutelaget)
tar i dag turen til Stranda for å møte sesongens suverene
serieleder Stranda. Kun fem juniorspelera er skadefri og disponible, medan
man fyller opp troppen med 8 gutespelera. -Adri og Tini kviler, KIB, Bjørnar,
LP og Eddie er skada og trua er vel ikkje på topp. Vi får
gjere det beste ut av det, så Stranda skal vel få litt kamp
likevel, sier Norborg si lagleiing til norborg.com. Vi får håpe
den indre optimismen er større enn den verbale.....
Sunnmørsfotballen
4-09-2005 22:24
-Hødd vann overraskande 1-0 i bortemøtet med Bryne i dag,
og tok dermed yttarlegare eit steg vekk i frå botnstriden. I 5.
divisjon vann MSIL 2-1 over Harøy. Nysignerte Carl Petter Berntsen
og Roar Eikrem scora for MSIL, ifølge MSIL.no.
MSIL har no 4 sigrar og 1 uavgjort på sine 5 siste, men som Norborg
hadde klubben ein for svak vårsesong til at dei er i opprykks-strid.
Harøy gjekk på sitt tredje strake tap og må starte
å sjå seg bakover på tabellen.
5.
divisjon
What a comeback!
4-09-2005 21:09
-Geir Ove Grønli har grunna skader og jobb berre fått med
seg 45 minutt med 4. divisjonsfotball før kampen mot HaNo. I dag
gjorde sogningen comeback med ekte hat-trick på den omgangen han
spelte.
La til 17 minutt!
4-09-2005 20:21
-I kampen mellom Stordal
og Giske la dommar Inge Andersen til heile 17 minutt i 2. omgang. Grunn:
Han hadde bomma på klokka.
Kostbar siger
-HaNo-Norborg 4-7!!
4-09-2005 18:13
-Få sjansar, men mange mål. Slik kan vi kort oppsummere lokal-derbyet
HaNo-Norborg. Norborg leia både 2-0 og 3-1 i 1. omgang, men HaNo
kom tilbake og fekk 3-3 til pause. Norborg sine tre mål var av høg
klasse. To susarar av Adrian Håbet, samt ei heading i vinkelen av
Tarjei Urkedal. HaNo sine mål var av det billege slaget. Først
ei klarering som treff Ove Otterlei og går i mål. Så
scora Håkon Sæterøy direkte frå corner, mens
3-3 var eit innlegg frå Sondre Steen som snik seg i mål. 2.
omgang startar som første med to raske Norborg-mål. Denne
gong ved Geir Ove Grønli. HaNo gir likevel ikkje opp, og midtvegs
i omgangen redusera Stian Andre Haram med eit skot frå 10 meter.
Men det var likevel ingen tvil kvar sigeren skulle hamne. Adrian hamra
inn 6-4, medan Geir Ove header inn 7-4 på corner. Kenneth Ulla måtte
nok ein gong ta på seg keeperhandskane på grunn av ein tåpeleg
NFF regel, men kan ikkje lastast for måla. Fortent siger til Norborg,
men den kosta. Knut Ivar Bjørlykhaug måtte ut med skade før
kvarteret var spelt, mens den andre midtstopparen Kim Idar Krogsethagen
måtte gi seg like før pause. Heldigvis har Norborg mange
talentfulle spelarar som kjem inn å gjer ein strålande jobb.
Kampreferat
Tabell
ÅVK haldt unna
3-09-2005 17:24
-ÅVK vann 4-3 over Brattvåg på Eidsåvoll i dag.
Brattvåg er då heile fem poeng bak Hødd2 og 8 bak Rollon.
Det kan bli tøft å ta igjen for det unge Brattvåg-laget.
Tabell
Ravn vann 2-1 mot Sæbø
3-09-2005 16:43
-Kun beinbrudd på ti sentrale spelarar samtidig kan frata Ravn opprykk
til 5.divisjon etter dagens 2-1 siger borte mot Sæbø. Ravn
er uansett sikra kvalik, men manglar kun tre poeng på sine siste
tre kampar på å sikre opprykket. I avd. 2 feila vår
gamle oppryksrival Tjørvåg i å tette luka til topplaga
då dei tapte 4-2 for Flø. I 5. divisjon har Giske trøbbel.
I dag vart det 4-0 tap for Stordal.
5.
divisjon
6.
divisjon avd. 1
6.
divisjon avd. 2
Åram/VanKam leder 3-2
3-09-2005 16:07
-Fem minutt ut i andre omgang leder heimelaget Åram/VanKam 3-2 over
Brattvåg på Eidsåvoll Stadion. Kampen er viktig både
i bunnstriden og toppstriden.
Supporterbuss til HaNo-kampen på søndag
3-09-2005 10:47
-Det er satt opp Supporterbuss for alle Norborgsupportera som skal på
Longva for å sjå lokaloppgjøret i 4.divisjon på
søndag. Ferga frå Skjelten går 14.00, og på Austnes
vil ein buss stå klar for å frakte den orange horde på
kampen. Bussen returnerer til Austnes like etter kampen, då ferga
heim går 17.20. Prisen er 30,- for vaksne, 15,- for barn per veg.
Det er ubegrensa med plasser, så denne bussen bør fyllast
opp av alle mann! Herrelaget håper på like solid og god støtte
som man opplevde i fjor med rundt 70 tilreisande orange tilskodera. Ta
med venner på tur til HaNodagane sitt høydepunkt på
søndag!
Skotte ut - Dyb inn
3-09-2005 2:58
-I følge innlegg på gjesteboka vår så har Johnny
Dyb tatt over som trenar for Ellingsøy etter at Dag Rune Skotte
trakk seg etter tapet for Norborg. Vi ønsker han og resten av Ellingsøy
lykke til i sesonginnspurten.
Zayed mållaus då AaFK2 vann
2-09-2005 20:40
-AaFK vann 3-1 over Valder i kveld og trygge med det 1. plassen i 3. divisjon,
men låneobjektet Eamon Zayed greidde ikkje å score på
Valder sin keeper. Volda ligg stadig 3 poeng bak etter 3-2 over Blind-heim/Emblem,
medan Spjelkavik vart yttarlegare hekta av etter 1-2 tap for FK Sykkylven.
Stranda leia 2-0 over Hareid, men kom raskt ned på jorda og måtte
sjå seg slått 2-5. Botnlaget Bergsøy var også
i føringa og borte frå 12. plassen ei stund, men SIF snudde
kampen til sin fordel og vann 2-1. Frak Gjerde ga Ørsta leiinga
to gongar, men Langevåg kom tilbake og greidde uavgjort.
Resultat
og tabell
Slitent gutelag vakna til slutt
2-09-2005 20:34
-Norborg sitt gutelag spelte langt under pari men fekk likevel med seg
tre poeng mot hardtkjempande Sande. Norborg låg under 2-3 eit kvarter
før slutt, men snudde kampen til 6-3 før Andreas Rekdal
pynta på resultatet så det vart 6-4. For Norborg scorte Adran
Håbet 2, Martinus Grytten 2, Kristoffer Søviknes og Bee.
Hos heimelaget scora Andreas Rekdal hat-trick og ein uheldig norborgar.
Andreas Holmeset noterte seg for gult kort. Meir kjem.
Lokalderby på søndag
2-09-2005 20:32
-Norborg reise stinne av sjøltillit til Nordøy stadion på
søndag for å møte eit heimelag i motgang.
Les meir..
Full fres på Nes
1-09-2005 21:13
-Norborg utklassa Ellingsøy 8-1(6-1) på Nes stadion i kveld.
Norborg var klart best stort sett kampen igjennom, og var nærmare
både 9 og 10 mål enn heimelaget var redusering. Målscorarar
var: Steffen Grytten 2, Christian Søvik 2, Ståle Hurlen,
Eirik York, Tarjei Urkedal og sjølvmål. For Ellingsøy
scora Kristoffer Dahle. Edward Laverton fekk seg ein smell i foten og
måtte gå av bana midt i 1. omgang. Han er dermed svært
tvilsam til HaNo-kampen på søndag. Steffen Grytten fekk sitt
3. gule for året og må stå over søndag.
Kampreferat
Tabell
Rollon og Hødd2 vann stort - Godøy i trøbbel
1-09-2005 21:08
-Topplaga Rollon og Hødd2 utklassa i kveld sine motstandarar med
7-0 over HaNo og 8-0 over Vigra. Godøy skuffa med 2-2 heime mot
Herd, og har no 4 poeng opp til 2. plassen. Det fjerde laget som håper
på opprykk, Brattvåg, møter ÅVK på laurdag.
|