| Skjalg
Volstad toppscorar for Norborg 31-10-2004 23:22 -Skjalg Volstad vart med sine 9 mål oransjetrøyene sin toppscorar under Rica Parkett Cup for G13. Dette ga delt 6. plass på topp-scorartabellen. Martin Grytten scora 5 og Johan Stavik 2 mål. Herd 1 vann inne-KM 31-10-2004 23:17 -Herd 1 vart årets første vinnarar av årets Rica Parkett Cup då dei vann 3-0 over AaFK 1 i G13 finalen. Fredrik Ulvestad (2) og Lars Peder-sen Bjørdal scora for Herd 1. Vi gratulerer Herd med sigeren, mens vi takker strandafotball.no for meget bra oppdateringsservice. Frisbeegolf-bana ferdig 31-10-2004 20:33 -Ein stolt Jostein Håland kunne søndag fortelle norborg.com at frisbeegolf-bana i Langevågen no er ferdig. - Dette er mykje artigare enn fotball, seie han. Les meir.. Piirane Kommando nær sluttspelet 31-10-2004 18:00 -Stolpen stod i vegen for at det ikkje vart avansement til sluttspelet for Piirane Kommando under Coca-cola cup i helga. Laget med 4 Norborg-spelarar vann to og tapte ein i det innleiande gruppespelet. Eit bittert 2-1 tap i den andre kampen hindra vidare spel. Både Edward Laverton og Finn Alvestad traff aluminiumet i den kampen. Knut Ivar Bjørlykhaug vart lagets toppscorar. Piirane satsar også på å delta i fleire Coca-cola cupar. Salen stoppa Norborg 31-10-2004 17:38 -Norborg G13 måtte vinne for å kome til kvartfinalen i årets inne-KM, men vart stoppa av Langevåg sin Stian Salen. Han scora like godt fem mål i 5-3 sigeren over oransjetrøyene. Skjalg Volstad (2) og Johan Stavik putta for Norborg. Uavgjort og tap for bad-mintonlaget 31-10-2004 17:20 -Det vart uavgjort og tap for bad-mintonlaget i serieopninga i Bratt-våghallen laurdag. Les meir.. Tapte for Emblem 31-10-2004 14:23 -Norborg G13 tapte 4-2 for Emblem i den første mellomspelskampen. Emblem leia både 1-0 og 2-1, men Norborg utlikna ved Martin Grytten og Skjalg Volstad. Men då Emblem tok leiinga på nytt ved Scott Fellows greidde ikkje Norborg å kome tilbake. Oransjetrøyene treng no ein storsiger over Langevåg for å gå vidare til sluttspelet. Resultater Tini med bra kretskamp 30-10-2004 21:08 -Martinus Grytten og Adrian Håbet var begge med Sunnmøre sitt G89 kretslag som tapte 2-1 for Nord-møre/Romsdal. Martinus spelte nesten heile kampen og gjorde eit bra inntrykk, melder Adrian til norborg.com. Han sjøl he kjenning med skade å spelte berre nokre få minutt. Møter Langevåg1 og Emblem 30-10-2004 20:49 -Norborg vart nr. 2 i si pulje etter at Ikornes/VRF vann 4-2 over Brattvåg i siste kamp. Norborg møter då Langevåg1 og Emblem i mellom-spelet. Les meir.. Tippeligaen først avgjort ved siste scoring 30-10-2004 20:38 -Rosenborg scora årets siste mål i Tippeligaen, eit mål som gjorde at gullet hamna i Trondheim for 13. året på rad. Fortent eller ikkje, vi gratulerer likevel. Husøy i fokus då Molde knuste Glimt 30-10-2004 20:34 -Den dyktige harøyingen John Andreas Husøy (med 1 kamp for Norborg) kom skikkeleg i fokus då Molde redda plassen i Tippeligaen. Først laga han straffe til Glimt, som Runar Berg bomma på, så scora han like godt 1-0 målet sjølv før han fekk gult kort og vart bytta ut. Molde vann til slutt 3-0 og enda på 13. plass. Vidare til sluttspel ! 30-10-2004 20:20 -Norborg G13 er vidare til sluttspel etter skåringshow av Martin Grytten og Skjalg Volstad. Etter tap i første kampen har det blitt to sigera. Først vart Brattvåg besigra 2-1, før man i siste kamp vann 6-2 mot Aafk2. Skjalg Volstad 5, Martin Grytten 4 og Johan Stavik har skåra måla for dei oransje. Meir kan lesast her.. Tapte første kamp 30-10-2004 17:14 -Norborg G-13 tapte sin første kamp på inne-Km med 1-2 for VRF/ Ikornes. Resultat finn her. Herretreninga flytta til kl. 13 30-10-2004 15:24 -Herrelaget si trening i Brattvåg-hallen søndag har blitt flytta frå kl. 9 til kl. 13. Effektive Giske slo Haram 30-10-2004 15:08 -Eit effektivt Giske-lag vann 4-3 over Haram på Brattvåg kunstgras laurdag. Haram leia 2-0 før halve 1. omgang var spelt etter mål av Kim Idar Krogsethagen og Lennart Holmem. Men øyingane ga seg ikkje og snudde kampen før pause etter mål av Tom Gøran Jønsson, Anders Hole Oksnes og Svein arve Alnes. Haram skapte dei fleste sjansane før pause, men Giske var veldig effektiv å scorte på det dei hadde. Tidleg i 2. omgang utlikna Kim Idar Krogsethagen på straffe før Stig Rune Sætre fastsette sluttresultat til 4-3 med eit vinkel-skot. På slutten av kampen hadde Haram to store sjansar til å utlikne, men ballen sneik seg utafor stolpane ved begge høve. Les meir.. Norborg G-13 klar for inne-KM 30-10-2004 0:32 -Norborg sitt G-13 lag skal laurdag til Stranda for å spele inne-Km. Norborg spelar i pulje med Brattvåg, VRF/Ikornes og AaFK2. For resultater, sjå her. Sår tvil om gutt eller jente ? 28-10-2004 18:20 -Ein fotballeder i Trøndelag sådde tvil i om jenta på motstanderens lag var ei jente. Noe som kosta han veldig dyrt i ettertida. Les meir.. Tenfjord dømmer 27-10-2004 21:13 -Arnt Ove Tenfjord frå Ravn dømmer kampen mellom Haram og Giske på Brattvåg kunstgras laurdag kl. 1230. Til Haram sine spelarar 27-10-2004 17:48 -Haram sine utvalde spelarar tek med seg følgjande til kampen: Nikkers, eller svart shorts (viss dykk har) og helst svarte strømper. Det kjem til å bli spelt i oransje Norborg/Molde-trøyer. Oppsettet er ute 27-10-2004 15:30 -Pulje og kampoppsett for Rica Parkett Cup G16 er no ute. Ved å trykke på ulike linker innlagt på alle sider, så kan du no trykke deg fram og tilbake mellom puljeoppsett, lag-sider, kampoppsett, dommerpro-filer, linjevakter osv. Alt du treng å vite skal du få vite her, og under-veis i KM blir kamprapportane opp-datert fortløpande etter kampane. Les meir.. Aktiv Kapital Fair Playpris 27-10-2004 15:30 -Som under fjorårets juniorKM Inne så har vi også i år inngått eit sam-arbeid med Aktiv Kapital rundt område Fair Play. To prisar skal delast ut i løpet av helga. Les meir.. Norborg sine kampar 27-10-2004 15:19 -Her er ei oversikt over Norborg sine kampar under inne-KM for damer og herrer i Brattvåghallen 12. - 14. november. Les meir.. Vanskeleg for herrelaget 27-10-2004 0:15 -Norborg sine lag på herre KM i Brattvåghallen 12.-14. november får som venta tøff motstand. Norborg1 skal bl.a. kjempe mot Valder om vidare avansement, mens 2. laget må slå ut bl. a. Brattvåg1 og Vigra. Dame-laget skal bryne seg mot Brattvåg1, Sykkylven og Fortuna2. Les meir.. Tøff motstand for Norborg 27-10-2004 0:01 -Puljeoppsettet til junior-KM er no klare, og Norborg kan vente seg tøff motstand. Les meir.. Norborgarar i Coca-cola cup 26-10-2004 23:57 -4 norborgspelera skal delta på coca-cola cup i Giskehallen i helga. Under navnet Piirane Kommando skal Edward Laverton, Asgeir Kalvø, Knut Ivar Bjørlykhaug og Bjørnar Engeset spele saman med Finn Alvestad. Badminton start til helga 26-10-2004 23:48 -Laurdag startar seriespelet i badminton med kampar i Brattvåghallen. Norborg møter NTNUI og Trondheim BK. Les meir på badmintonsidene Lid erstattar Myklebust 26-10-2004 14:58 -Knut Egil Lid erstattar Kjartan Myklebust i Haram sin tropp. Myklebust meldte forfall grunna skade. Begge er for øvreg Ravn-spelarar. KM vinnarane klare 26-10-2004 14:54 -Alle dei 15 KM vinnarane på Sunmøre er no klare. Det gode er at 20% av titlane ente opp i Haram. Oversikta finn du på SFK sine nettsider. Les meir.. HaNo forsterkar 25-10-2004 19:45 -hanofk.no melder at Lepsøy sin notoriske målscorar Frank Gjerde skal spele for HaNo neste år. Gjerde scora i år 36 mål på 12 kampar for Lepsøy i 6. divisjon, og er blant anna med i Haram sin tropp mot Giske. Haram sin tropp 25-10-2004 15:31 -Haram sin tropp mot Giske er no klar. Oppmøte er kl. 1115 (1130 for HaNo/Lepsøy grunna ferge) på Brattvåg KGB. Haram si lagleiing er Øystein Haugan og Jan Egil Alstad-sæter. Tropp Haram-Giske med nytt tidspunkt 25-10-2004 15:30 -Haram-Giske blir framskunda til kl. 12.30 laurdag 30. oktober. dette for at alle som vil få med seg den viktige kampen mellom Molde og Bodø/Glimt skal få høve til det. Stoppa på 49 24-10-2004 20:10 -Arsenal jakta i dag på sin 50. strake ligakamp utan tap, men mis-lykkast då det vart 2-0 tap for ein eller annan bakgårdsklubb ein times kjøring ifrå Merseyside. Dermed blir rekorden ståande på 49 denne gong. Gursken/Larsnes stakk av med opprykket! 24-10-2004 20:07 -Mot nær sagt alle odds stakk Gursken/Larsnes av med den siste plassen i 5. divisjon då dei i dag banka Fiskerstrand 7-3 i den 2. kvalifiseringskampen. Samanlagt ga dette 8-6 til G/L sin favør. Vi gratulerer Lennart Fylling og hans lagkameratar med opprykket. Takk og lov Molde!! 24-10-2004 20:05 -Molde tok ein særs viktig 3-1 siger borte mot Stabæk i dag, og er dermed på sikker grunn før siste seriekamp heime mot Bodø/Glimt. Dermed går det mot to storoppgjer mellom Molde og AaFK neste år. AaFK med verdig farvel til Kråmyra 24-10-2004 20:04 -AaFK tok eit verdig farvel med Kråmyra då dei vann 3-1 over Kongsvinger i dag. Morten Mold-skred (2) og Amund Skiri stod for måla framføre ca. 4800 tilskodarar. Les meir i sumpen Jannicke årets spelar 24-10-2004 17:05 -Dagens bursdagsbarn Jannicke Synnaland Gjerseth vart sist laurdag kåra til årets jentespelar. Vi gratulerar med dagen og med årets sesong der ho har vist stor fram-gang gjennom trening og kamp. Andreplass i Norge 23-10-2004 13:13 -I konkurranse med fleire tusen klubbar endte Norborg på andre plass i Norge i kåringa "Klubben i mitt hjerte". Norborg oppnådde 569 stemmer totalt. Hemnes IL vann med 1043 stemmer etter at dei hadde ein solid sluttspurt dei siste dagane. Ravn endte på 20.plass i same klassa, medan Brattvåg IL vart nr. 13 i si klasse med 442 stemmer, medan Aafk var best på sunnmøre foran Norborg med sine 2044 stemmer. Les meir.. Brandal bøtlagt med 4000,- 23-10-2004 13:11 -Brandal er bøtlagt med 4000,- kroner frå kretsen etter feil bruk av spelarar i KM-finalane mot Brattvåg. Dette kan nok stå som eit godt eksempel til andre klubber som prøver å tøye grensene så langt som råd er. Les meir.. Puljeoppsettet ligg ute -nytt lag påmeldt 22-10-2004 14:14 -Puljeoppsettet for Rica Parkett Cup G16 er klart. Dette ligg no ute under cupsidene. Fem tøffe puljer med tjuesekslag innvolvert. Les meir.. Sju mann signerte 22-10-2004 1:12 -Sju kontraktlause Norborg-spelarar signerte i kveld for nye år i den oransje trøya. Dette var Kenneth Vegsund, Kurt Erik Grytten, Steffen Grytten, Amund Terøy, Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem og Christian Søvik. - Vi er svært glade for å få på plass desse spelarane, seier den sportslege leiinga til Norborg. Endringer i antall lag -siste nytt på cupsidene 21-10-2004 13:17 -Etterpåmelding av lag førar til endringer på seeding og puljeopp-settet for årets Rica Parkett Cup G16 som arrangerast om to uker. Les meir.. Rica Parkett Cup G16 -Pulje og kampoppsett 21-10-2004 0:40 -Rica Parkett Cup G16 sine under-sider har siste nytt om pulje og kampoppsettet. Les meir.. Bilete frå fotballskulen 20-10-2004 1:38 -Herrelaget haldt laurdag fotball-skule for dei minste. Her er eit knippe bilete. Les meir.. Puljeoppsettet for G13 19-10-2004 23:54 -Puljeoppsettet for G13 inne-KM er klart. Norborg1 har blant anna kome i pulje med Hareid, mens Norborg2 har Brattvåg1 som ein av sine motstandarar. Puljeoppsett Medlemssjekk krevde kategoriskifte 19-10-2004 19:31 -Blussuvoll V.B.K. går frå tetplass i «Fleridrettslag under 500 medlem-mer», til ein andreplass i kategorien «Spesialidrettslag under 100 med-lemmer». Endringene i «Fleridretts-lag under 500 medlemmer» gjør at klassen er åpnere enn noesinne. Hemnes IL benyttet sjansen til å stikke fra fjerde til førsteplass, mens Spangereid IL beholder sin andreplass. Men det er fryktelig jevnt, og klubber som Norborg IL, Vaulen IL, Nøtterøy IF, har alle muligheten dersom du og flere avgir stemme. Les meir.. Ravn sine nominerte klare 19-10-2004 13:03 -Ravn har nominert følgjande spelarar til Haram sin tropp mot Giske: Per Helge Fjørtoft, Knut Egil Lid, Tore Nedrevold og Kjartan Myklebust. Haram sin endelege tropp blir klar i løpet av veka. Gutelaget uten keeper til Rica Parkett Cup ? 18-10-2004 14:07 -Gutelaget står i fare for å stå uten noen av sine keepera til Rica Parkett Cup. Hans Jørgen Grytten har vore ute med kneskade i fleire uker, medan Bjørnar Engeset pådrog seg ei blødning i ein muskel i nakken etter ein stygg Hareidduell i kampen i går. Vi ønskjer begge to god betring i tida framover. Gutelaget tok KM-tittelen! 17-10-2004 17:37 -Norborg gutar 7'ar tapte i dag 4-2 for Hareid, men tok likevel heim KM-tittelen takka vere storsigeren i går. Stillinga var 1-1 ved pause, og ti minutt før slutt 2-2. I løpet av kampen si sluttfase scora Hareid 2 gongar, men dette var eitt for lite. Erlend York og Kristoffer Engeset scora for oransjetrøyene. Vi gratulerer med KM-tittelen. Les meir.. 5 Lepsøy-spelarar aktuelle 17-10-2004 13:32 -Lepsøy har nominert følgjande 5 spelarar til Haram-troppen: Frank Gjerde, Geir Seth, Arild Bakke, Erlend Strand Farstad og Jon Robert Seth Hildrestrand. Ravn sine nominerte kjem i løpet av mån-dagen. FIL på veg mot 5. divisjon 17-10-2004 13:24 -Fiskerstranda vann 3-1 over Gurs-ken/Larsnes i 1. kvalifiseringskamp for spel i 5. divisjon. Flemming Dyrkorn (2) og Mads Johansson scora for FIL, melder FIL si heime-side. Returoppgjeret går neste helg. Perfekt Norborg-fest -Roger
Grytten og Eirik York var vertar for årets Norborg-fest. Ein fest
som står til kar-akter seks. Med ein Skavland inspirert stil med sofa
på scena vart det få dødpunkt. Elles bydde vertane opp
til singstar konkurranse og quiz. Det blir nok som å hoppe etter Wirkola
for neste års verter. Rykta vil ha det til at Tarjei Urkedal vil ta
på seg dette ansvaret aleine. Helge Uggedal stod for utdelinga av
pokalar for årets spelar på junior (Asgeir Kalvø), damer
(Terese Brusdal) og herrer (Roger Grytten), samt toppscorarstatuettane for
dei samme klassene. Etter den lukka Norborg-festen spelte "Bruder'n
og E" opp til dans for alle dei 188 påmeldte. Grytastranda best igjen 16-10-2004 17:23 -Grytastranda vann 2-0 over Søvik i ein sjansefattig og heller keisam kamp. Søvik var hakket betre i 1. omgang, mens grytastrandingane var best etter pausen. Kim Idar Krogsethagen ga GBG leiinga 8 minutt ut i 2. omgang, mens Knut Ivar Bjørlykhaug fastsette slutt-resultatet til 2-0 på ei heading knappe ti minutt før slutt. Dette var 4. året på rad Grytastranda sigra. Om lag 100 tilskodarar følgte kampen. Les meir.. Gutelaget vann 16-10-2004 17:22 -Gutelaget vann sin 1. KM-kamp med 8-4 over Vartdal. Med uavgjort i morgon mot Hareid er KM-tittelen i boks. Haram dominans i innan-dørsfotball 16-10-2004 0:59 -Brattvåg kan titulere seg Sunn-møre sin største klubb i innan-dørsfotball. På delt 2. plass finn vi Norborg. Les meir.. Sjokkert over FC Søvik sine utsegn 15-10-2004 15:41 -Søvik manager Kristian Søviknes kom i går med kraftige skyts mot GBG si lagleiing. Vi har prøvd å fått nokre forklaringar frå GBG manager Engeset. Les meir.. Supplerer troppen sin -Sæter og Kjerstad uttatt 15-10-2004 13:12 -FC Søvik har supplert troppen sin til treningskampen mot Grytastran-da på laurdag. Allsidige Stian Sæ-ter og terrier Siv Kjerstad er plukka ut av lagledelsen. -Dette har eg trent for i 3-4 år, så dette skal bli artigt, sa Sæter til norborg.com. FC Søvik: Manager sparka - tropp klar 15-10-2004 0:22 -FC Søvik har gjort mykje i kveld. Først har dei sparka manager Haugan og sett inn Søviknes, så har dei tatt ut tropp, samtidig som dei rettar hard skyts mot GBG si lagleiing. Les meir.. Grytastranda sin tropp 14-10-2004 22:26 -Grytastranda BG presenterte i kveld troppen sin til bygdekampen. Les meir.. Lagleiarane til grendalaga 13-10-2004 15:27 Myrulla - Eirik York Gamlem Rangers - Geir Magne Grande (erstatter Geir Roar) Terøy Rovers - Øyvind Kvammen Pink Lady - Knut Ivar Bjørlykhaug Barbiegirl - Edward Laverton Solskinn - Steffen Grytten Dracospinn - Roger Grytten Gryta Stolthet - Kurt E. Grytten Oføra - Jan Even Drønnesund Søvik City - Alexander Gamlem Gjerset United - Stig Wold Brattvåg-trio klare 13-10-2004 14:47 -Espen Wold, Henning Koppen og Øyvind Kjerstad er Brattvåg sine nominerte til Haram-troppen som skal møte Giske 30. oktober. Også Arnel Colic, Martin Sundnes og Lennart Holmem kan nyttast visst det blir mangel på offensiv drivkraft. Assistentdommarane klare 13-10-2004 14:41 -Nils-Arve Engeset og Helge Ugge-dal blir assistentdommarar under Grytastranda-Søvik. Dommar blir Arild Vegsund. -Vi er svært glade for å få på plass denne trioen, som truleg er den sterkaste som har opptrådd på Sunnmøre i år, kjem det i frå kamparrangørane. GBG i storform! 13-10-2004 1:00 -Tidenes beste Grytastrand-lag, kunne GBG-leiinga fortelle etter tysdagens trening. Stor innsats, høgt balltempo, dype løp, susande vinkel skot og elegante finter. Laget er i knallform, og på torsdag kjem Stig Wold heim for å vise kva han har lært på Trønderskolen. Vartdal tok første stikk 12-10-2004 20:55 -Vartdal tok første stikk i kampen om KM-tittelen då dei vann 4-3 over Hareid på heimebane i kveld. Norborg møtar Vartdal på heime-bane laurdag i det som ser ut til å bli nøkkelen som avgjør KM-kampen. Hareid er motstandar borte på søndag. Kampen laurdag startar kl. 13.00 i Uggedalen, og vi oppfordrar alle om å møte opp å støtte laget. Arild Vegsund dømmer 12-10-2004 18:24 -Arild Vegsund blir hovuddommar i bygdekampen mellom Grytastranda og Søvik. 4 spelarar klar for Haram 12-10-2004 16:31 -Følgjande fire spelarar har meldt si interesse om å spele for Haram i kampen mot Giske: Per Kristian Klokk, Lars Petter Haram, Stian Andre Haram og Stian Haram. Alle spelar til dagleg for HaNo. Vi håper at Brattvåg, Lepsøy og Ravn kjem med sine kandidatar innan kort tid. Ottersen toppscorar i 4. divisjon 12-10-2004 14:40 -Terje Ottersen (Blindh./Emblem) vart toppscorar i årets 4. divisjon med 23 mål. Sunnylvens Alf Ole Sundgot og Tonny Åsen kom på plassane bak. Scoringsliste Program sesongavslut-ninga 12-10-2004 0:59 kl. 09.45 Oppmøte for fotballskule kl. 10.00 Fotballskule kl. 11.30 Fotballskule slutt kl. 11.45 - 14.40 Grendakampar kl. 14.45 Utdeling av pokalar kl. 15.00 Bygdakampen Grendalaga på sesong-avslutninga 11-10-2004 23:52 -Her er oversikt over grendalaga, lagleiarar og kampoppsett på sesongavslutninga 16. oktober. Spelarar som manglar kan henvende seg til Christian Søvik. Lag og kampoppsett 16 lag påmeldt RPC 11-10-2004 10:24 -Norborg har i år meldt på 16 lag til dei ulike Rica Parkett Cup rundt om på sunnmøre. Dette er det som tid-ligare har heita InnandørsKM. G13, G14, G15, G16, G19, J14 og senior herrar har meldt på to lag, medan jenter og senior damer stiller med eit lag kvar. Det er dermed ein rekordstor Norborgdelegasjon som skal sette sitt preg på ulike parkett-gulv rundt om på sunnmøre. Åge Hareide til FC Søvik 11-10-2004 2:51 -FC Søvik holdt søndag kveld pressekonferanse i sitt klubbhus i Hamnsundhellaren. Les meir.. GBG presenterer lagleiinga 11-10-2004 0:41 -Grytastranda BG presenterte søndag kveld lagleiinga si. Les meir.. Gratulerer AaFK 10-10-2004 20:37 -AaFK vart i dag klar for neste års eliteserie etter at Kongsvinger berre greidde 0-0 heime mot Hønefoss. Vi gratulerer! Tidenes sterkaste 4. div.? 10-10-2004 20:30 -Godøy, Brattvåg, Hødd2, HaNo, Sunnylven, Norborg, Vigra, ÅVK, Ellingsøy, SIF2, Rollon og Herd blir laga i neste års 4. divisjon. Med andre ord, ein knallhard divisjon full av spenning. SIF tapte igjen - velkomen Godøy 10-10-2004 20:27 -Skarbøvik tapte for andre gong 2-1 for Træff i kvalifiseringa for 2. div. Dermed må Godøy ta turen ned til 4. divisjon, MSIL/LIL2 til 5. og Sæbø til 6. Stormyr Engeset dømmer 10-10-2004 20:25 -Frode Stormyr Engeset frå gryta-stranda har satt opp seg sjølv som dommer på bygdekampen laurdag. -Vi ser ingen problem i dette hieter det frå FC Søvik. Det er ikkje dom-meren, men spelerane som avgjør ein fotballkamp, sier Tor Ola Kjærstad i ein kommentar. 4. divisjon: Ellingsøy på sikker plass 9-10-2004 16:57 -Ellingsøy gjorde jobben sin mot SIF2 og vann 4-1. Dermed hadde MSIL/LIL2 komt på 10. plass sjølv med siger over Norborg. SIF er dermed siste håp for MSIL/LIL2 sitt vidare liv i divisjonen. Tabell 5. divisjon: Sæbø håper på SIF siger 9-10-2004 16:52 -I 5. divisjon var det allereie før siste runde avgjort kven som rykte opp. Spenninga var dermed retta mot nedrykksstriden. Spjelkavik2, Sæbø, Vartdal og Åheim kjempa om ein ledig plass i divisjonen. Sæbø vann 4-3 over Sykkylven2, Spjelkavik2 vann med samme siffer over Vartdal, mens Åheim tapte 1-0 for Ørskog. Spjelkavik2 redda dermed plassen med sine 19 poeng og 24 minusmål. Sæbø fekk også 19 poeng men har langt dårlegare målforskjell og må satsa på at Skarbøvika gjer jobben sin mot Træff i morgon for å vere i 5. divisjon neste sesong. Tabell Trenarteamet fortsette! 9-10-2004 15:32 -Øystein Haugan og Helge Uggedal fortsette som trenarar for Norborg sitt herrelag neste år. - Vi er svært glade for at dei valgte å bli med oss vidare, seier sportsleg leiar Frode Engeset. Tidenes Norborg sesong 9-10-2004 15:31 -Herrelaget kom på 5. plass i årets 4. divisjon. Noko som er tangering av fjorårets klubbrekord, men laget tok i år 1,65 poeng pr kamp mot fjorårets 1,63. Dermed er dette den beste sesongen nokon sinne. Stranda til 3. divisjon 9-10-2004 15:19 -Ifølgje n3sport.no vann ÅVK heile 6-1 over Stranda. Men dette vise seg å vere feil. Stranda vann 1-0 og rykker opp. Vi gratulerer!! Avslutta med siger! 9-10-2004 15:13 -Norborg avslutta årets 4. divisjon med 4-1 over MSIL/LIL2. Norborg hadde god kontroll på gjestane stort sett heile kampen. Tarjei Urkedal ga oransjetrøyene leiinga etter 10 minutt, mens Edward Laverton auka ti minutt seinare. Gunnar Molvær reduserte på straffe etter 37 minutt. Etter pausen la Edward på til 3-1 etter eit kvarters spel før Tarjei fastsette sluttresul-tatet til 4-1 nokre minutt før full tid. Banens beste var midtstoppar Kim Idar Krogsethagen. Forsvaret var som vanleg nykomponert på grunn av forfall. Les meir.. Visste du at.. 9-10-2004 0:05 -Her er enkelte unødvendige ting du kanskje ikkje visste frå før.. Les meir.. Stem på Norborg som klubben i ditt hjerte! -Norges Idrettsforbund, Norsk Tipping og Dagbladet inviterer deg til å være med på avstemningen KLUBBEN I MITT HJERTE. Stem her.. Roger årets spelar i 4. divisjon 7-10-2004 13:34 -Norborg sin skadeforfulgte midt-stoppar Roger Grytten har sanka flest banens beste prisar i Sunn-mørsposten denne sesongen. Roger vart i bortekampen mot Stordal kåra til BB for 5. gong. Dermed kan ingen ta han igjen, og Roger kan trygt stå over MSIL-kampen å kvile seg til Grytastranda sin kamp mot Søvik helga etter. Så lista. MSIL vil bevise at dei hører heime i 4. div. 7-10-2004 0:39 -Ein Mr. Msil har skrive eit innlegg til MSIL sitt lag som skal ut i strid på laurdag. Les meir på msil.no Møter desperate MSIL på laurdag 7-10-2004 0:14 -På laurdag går siste runde av årets 4. divisjon. Norborg spelar for ein 5. plass, medan motstandaren MSIL, treng siger for vidare eksistens i divisjonen. Møt opp på Uggedal grus kl. 13 å få med deg vorspielet til landskampen. Les meir.. Juniorlaget slo Aksla 7-10-2004 0:12 -Juniorlaget vann årets siste kamp med 5-4 over Aksla. Norborg leda på det meste 3-0, men Aksla tok gradvis innpå å reduserte til 5-4 fem minutt før slutt. Men Norborg haldt unna å tok årets 6. siger. Med dette resultatet passerte ein Aksla på tabellen og hamna på ein res-pektabel 5. plass. Kristian Rødsås 2, Edward Laverton, Martinus Grytten og Amund Terøy stod for måla. Tabell 4. divisjonsrunda med nytt tidspunkt 6-10-2004 22:00 -Siste serierunde i 4. divisjon er framskynda eit par timar grunna landskampen mellom Skottland og Noreg. Nytt tidspunkt for Norborg-MSIL/LIL2 blir kl. 1300. Kampen går på Uggedal grus. Impulssamling for trenarar 6-10-2004 21:58 -Søndag 24. oktober vil SFK i samarbeid med IL Hødd-Fotball arrangere ei samling for utvilklings-trenarar på Høddvoll. Les meir.. Uavgjort i første KM-finale 6-10-2004 21:56 -Første KM-finale for herrar 7'ar mellom Brattvåg og Brandal enda 3-3. Norborg er dermed stadig det einaste laget som har slått Brattvåg i år. Frå Vigra til Valder 6-10-2004 15:54 -Stig Rune Sætre frå Vigra har skreve under kontrakt med Valder, melder ilvalder.no. Sætre har scora 2 mål for Vigra denne sesongen. Brattvåg stille med bane - kampen flytta til 30. okt. 6-10-2004 14:03 -Brattvåg stille med både bane og garderober til kampen Haram-Giske. Kampen var først oppsett 23. oktober, men sidan Giske skal spele KM-finale den dagen blir 30. oktober kampdato. Haugan vil ha kommune-kamp 6-10-2004 0:09 -Norborg-trenar Øystein Haugan beit umiddelbart på ideen til Valder-trenar Stig Johansen om kamp mellom Haram og Giske. Haugan blir difor lagleiar for Haram. Norborg si sportslege leiing sendte tysdag kveld ut mail til Brattvåg, HaNo, Lepsøy og Ravn med spørsmål om spelarar. Brattvåg vart også spurt om å stille bane og garderobe til rådighet laurdag 23. oktober kl. 14. 5 Norborgspelarar vidare -sonesamling J/G-91 5-10-2004 14:56 -Etter kartleggingssamlingane i vår og sommer har SFK no tatt ut spel-arar til sonesamling i sone for 1991-spelarar. Norborg har fått med to guter og tre jenter. Les meir.. Giske utfordrar Haram 5-10-2004 0:44 -Giske sine fotballspelarar utfordrar Haram til fotballkamp. Kampen skal venta gå på Brattvåg KGB etter at sesongen er ferdig. Interessa på Giske er stor, medan vi oppleve ei meir lunken interesse her i kommu-na. Les meir.. Gutelaget avslutta med 2-2 3-10-2004 20:37 -Gutelaget 11´er avslutta ein lang, innholdsrik og meget god uteses-ong med 2-2 borte mot Valder. Kristoffer Søviknes skårte 1-0, medan namnebror Kristoffer Engeset satte inn 2-1 på årets angrep i andre omgang. Meir kjem torsdag eller fredag. Træff tok første stikk 3-10-2004 18:06 -Træff snudde 0-1 til 2-1 då dei i dag vann den første av to kvali-fiseringskampar for spel i 2. divisjon mot Skarbøvik. Det spøker dermed for sunnmørs eksistens i 2. div. neste år. Tapet betyr også at God-øy kan forberede seg på spel i 4. div. neste år. 5. div.: Rollon og Herd klare for fjerde 3-10-2004 18:02 -Rollon og Herd er klar for 4. div. etter at dei i dag vann sine kampar. Rollon sikra opprykket med ein 4-0 siger over Spjelkavik2, mens Herd vann 5-4 over Ørskog. Dermed får vi altså ikkje samla Skodje, Norborg, Ellingsøy, Brattvåg og HaNo i samme divisjon neste år. Tabell 6. div.: Giske rykker opp 3-10-2004 18:00 -Giske vann 5-1 over Ravn og er klar for 5. divisjon neste år. Fisker-strand vann 5-0 over Stranda2, men må ta til takke med 2. plass. FIL møter enten Gjerdsvika eller Gurs-ken/Larsnes i kvalifiseringskamp-ane om retten til å spele i 5. div. Tabell Stem på Norborg som klubben i ditt hjerte! 3-10-2004 2:36 -Norges Idrettsforbund, Norsk Tipping og Dagbladet inviterer deg til å være med på avstemningen KLUBBEN I MITT HJERTE. Stem her.. Gjerdsvika misbrukte sjansen 3-10-2004 2:30 -I 6. divisjon avd. B misbrukte Gjerdsvika sjansen til å sikre seg 2. plassen då dei laurdag spelte 0-0 mot Bergsøy2. Sidan Gursken/ Larsnes vann 7-0 over Flø, og Mold-tustranda tapte 2-3 for Hasundgot, blir det rein finalekamp mellom Gjerdsvika og G/L om 2. plassen neste helg. Tabell Volda tapte og rykker ned 2-10-2004 19:25 -Volda tapte 3-2 for Ålgård, og har nå svært små teoretiske sjansar for å halde plassen sin. Sjølv med 6 poeng på dei to siste kampane blir nok laget å finne i 3. divisjon neste år. Dette betyr også at Brattvåg går ned til 4. divisjon og Stordal finn seg sjølv i femte neste år. Jentene seriemeistrar 2-10-2004 18:36 -Jentelaget vart i dag seriemeistrar ettersom Harøy og Stordal spelte 2-2. Vi gratulerer!! 5. divisjon: Skodje med utklassing av Vartdal 2-10-2004 18:30 -Skodje vann heile 14-1 over Vartdal og håper no at Ørskog skal ta poeng mot Herd i morgon slik at det blir opprykksfinale neste helg. Tabell HaNo gjorde jobben sin 2-10-2004 18:22 -HaNo gjorde jobben sin og vann 5-0 over Vigra i dag. Berre ein Stran-dasiger over ÅVK neste helg hindrar opprykk. Ellingsøy vann 3-2 over Sunnylven, og har med det gode sjansar for å stå i divisjonen. Sunnylven på si side rykker ikkje opp etter tapet i dag. MSIL/LIL2 tapte 0-2 for ÅVK, og er no ille ute å kjøre. Dersom det ikkje blir siger over Norborg i siste kamp, spelar laget i 5. divisjon neste år. Blind-heim/Emblem vann 3-2 over SIF2 og vart med det krinsmeister. Vi gratulerer. Fortent siger over Stordal 2-10-2004 18:17 -Norborg vann 6-2 over Stordal på Liabygda grus laurdag ettermiddag. Geir Ove Grønli ordna både 1 og 2-0 før 5 minutt var spelt. Odd Brede Langdal kvitterte raskt for heime-laget, men ti minutt ut i kampen dunka Eirik York inn 3-1. Etter dette fallt kampen i kvalitet. Dryge 5 minutt før pause laga Kim Idar Krogsethagen 4-1 før Petter Kirke-bøe reduserte like før pause. 2. omgang var eit stort gjesp, men på slutten vakna Norborg igjen. Kim Idar ga Norborg 5-2 før Edward Laverton fastsette sluttresultatet til 6-2. Les meir.. Tabell Gutelaget med storsiger 2-10-2004 12:40 -Gutar 7'ar vann 7-1 over Harøy/ Fjørtoft i dag tidleg. Vi kjem tilbake med målscorarar. |