2006

Dagboka

Kampoppsett RPC Jenter-14
31-10-2006 19:48
-Kampoppsettet for Rica Parkett Cup J14, som blir arrangert av Norborg i Brattvåghallen 12. november, er no klart.
Les meir..

Flau forestilling av Molde
29-10-2006 21:24
-Molde vart i dag diverre klar for 1. divisjon etter eit flautt 8-0 tap for Stabæk. Vi kan berre håpe at trenar Arild Stavrum tek hatten sin å går, og at laget er tilbake i tippeligaen 2008. I 1. divisjon spelte AaFK 3-3 mot Kongsvinger etter å ha leia 3-0. Alle måla vart scora av dei to spelarane frå Haram. Joackim Austnes (2) og Karl Oscar Fjørtoft.

Blindheim2 til 5. divisjon
29-10-2006 16:35
-Blindheim2 er klar for 5. divisjon etter at dei vann 8-5 over Åheim/ ÅVK2 igår. BIL2 vann også den første kampen 6-4 og samanlagt 14-9.

Avslutningsfest i Norborg
29-10-2006 14:18
-Norborg haldt laurdag kveld avslut-ningsfest for junior- og seniorlaga. Her vart det delt ut mange utmerkelsar for sesongen 2006.
Les meir..

Grytastranda med solid siger!
28-10-2006 16:41
-Grytastranda vann heile 5-2 over Søvik i dagens Bygdakamp og tok sin femte siger av seks mogelege. Det var likevel Søvik som kunne juble først då Ståle Hurlen blokkerte ei klarering i mål. GBG kom seg raskt etter sjokket, og i løpet av omgangens siste kvarter snudde gultrøyene kampen med mål av Tarjei Urkedal, Stig Wold og Lennart Holmem. Fortent GBG-leiing ved pause. I 2. omgang var Søvik langt meir med, men GBG var effektive og putta to gongar ved Kim Idar Krogsethagen (str.) og nok eit mål av Stig Wold. I sluttminutta pynta Ståle Hurlen på resultatet for FC Søvik. - Følte vi hadde full kontroll på Søvik kampen igjennom, og det måtte også tilfeldigheiter til for at dei skulle score. Pokalen er endeleg tilbake i rett bygd, sa GBG-manager Frode Engeset etter kampen. To offside mål og ei billeg straffe, var FC Søvik-manager Jan Egil Alstadsæter sin kommentar.
Les meir..

SIF vann til inga nytte
28-10-2006 16:39
-SIF vann 3-1 over Averøykameratene i dag, men med 1-4 tap på bortebane er det AK som tek turen opp i 2. div. Oddvar Aarsæter, Jan Ove Austnes og Asgeir Aarseth scora for sebra-trøyene. Resultatet fører til at Rollon rykke ned i 4. divisjon, GuLars ned til 5. divisjon og Brandal til 6. divisjon.

Mikalsen erstattar Søvik
27-10-2006 23:49
-FC Søvik vart i kveld tvinga til å gjere ei forandring i troppen sin. Audun Mikalsen kjem inn, medan Christian "Mølen" Søvik går ut. Vi veit ikkje orsaka til denne dramatiske vendinga, men rykter seie at "Mølen" vurderer overgong til Grytastranda BG. "Mølen" er som kjent halvt gryta-stranding. Kristian Søviknes vurderer også ein overgong til GBG. "Snesen" er som dei fleste veit halvt gryta-stranding, og busett på grensa mellom Hamnsund og Uggedal på Grytastranda. "Snesen" sat fredag kveld i tøffe forhandlingar med GBG si lagleiing. Partane var imidlertid ikkje einige då det nærma seg midnatt.

Pressemelding frå FC Søvik
27-10-2006 06:55
-FC Søvik har endeleg troppen klar.
Les meir..

Tropp Grytastranda
26-10-2006 18:55
-Grytastranda stille med følgjande tropp i kampen mot Søvik laurdag: Espen Wold, Martin Holmeset, Jan Even Drønnesund, Vebjørn Grytten, Roger Grytten, Geir Magne Grande, Knut Ivar Bjørlykhaug, Adrian Håbet, Stig Wold, Steffen Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Øystein Grytten, Lennart Holmem, Kristoffer Engeset, Erlend York, Kenneth Vegsund og Biarte Hånes. Ihht. § 5 påberoper GBG seg retten til å melde på ein siste spelar på laurdag. Oppmøte er kl. 1300 på klubbhuset i Uggedalen. Kampstart på Uggedal grus er kl. 1400.

Puljeoppsett Rica Parkett Cup for herrar
25-10-2006 22:12
-Sunnylven IL har i kveld kome med oppsettet for Rica Parkett Cup for herrar innleiande spel. Norborg 1 har kome i pulje B og skal møte Skarbø-vik, HaNo, Ravn og Hildre. Dette betyr mange spennande lokaloppgjer. Norborg2 har kome i pulje A og skal møte Blindheim, Skodje, Spjelkavik og Sunnylven. To tøffe grupper, men på ein god dag skal dette vere overkommeleg motstand. Kampane til Norborg går laurdag 25. november på følgjande klokkeslett:
10.30 Norborg2-Blindheim
11.00 Hildre-Norborg1
12.30 Skodje-Norborg2
13.30 Norborg1-Ravn
15.00 Skarbøvik-Norborg1
16.30 Norborg2-Spjelkavik
17.00 Norborg1-HaNo
18.00 Sunnylven-Norborg2
Kampane blir spelt i Strandahallen.
Heile oppsettet finn du her.

Rundskue
23-10-2006 22:49
-Brattvåg hadde søndag sesong-avslutning for sine 31 fotballag. Her fekk blant anna Arne Harnes heiderspris for sitt engasjement. Harnes og Brattvåg kan også glede seg over at Even Heggdal fortsette i klubben. Truleg kjem det nye 3. div.-laget til å forsterke laget med Eivind Grøtt Ulla frå Ravn innan kort tid. I frå Ravn meldast det at Jan Ove Harsjøen har fått trafikktrygg-ingsprisen i Møre og Romsdal for 2. gong. Harsjøen var sjølv ein lovande skihoppar før han i 1982 vart utsett for ei trafikkulykke og hamna i rullestol. I 20 år har han arbeidd for haldnings-kampanjen "Ikke tøft å være død". Ifrå HaNo rapporterast det at Britt Tove Vedeld vart årets damespelar medan Kenneth Ulla vart årets herrespelar, i det som truleg var hans siste sesong.

GBG med årets første trening
23-10-2006 22:37
-GBG gjennomførte måndag kveld si første trening før Bygdekampen på laurdag. Rykta vil ha det til at GBG er sterkare enn nokon sinne i år. I morgon prøvar FC Søvik å halde si første trening.

Vinnarar haustlotteriet
23-10-2006 18:14
1. Gåvekort Jannes Blomster gitt av Aker Yards Electro: Elin Holmeset
2. Gåvekort Spar gitt av Nogva Motor-fabrikk: Marita og Øyvind Grytten
3. Gåvekort frå Spar: Erling Dybvik
4. Fisk frå MS Geir: Håvard Engeset
5. Ryggsekk frå Sperre: Eva Rogne
6. Gåvekort valfri pizza på Mix: Ole Nygård.

SIF ille ute - gjekk på stortap!
21-10-2006 16:55
-Skarbøvik gjekk på ein smell i 1. kvalifiseringskamp for spel i 2. div. Sebratrøyene måtte sjå seg slått heile 4-1 av Averøykameratene. Vegard Bøe var kampens store spelar og putta heile tre gongar bak SIF-keeper Rørvik. Christian Simonsen scora SIF sitt viktige bortemål. Likevel, SIF sitt håp om 2. divisjons-spel heng i ein syltynn tråd.

Slemme vi?
- Nei, få deg kondis Rune!
20-10-2006 18:16
-Før KM-finalen mot AaFK i går så la Norborg ned litt ekstra arbeid for å få til ei flott bane. Men kva les vi i dagens Ålesundspost, jau at Norborg var litt slemme mot AaFK sine gam-linga. - De hadde utvida bana med 20 meter i lengde og flere meter i bredde. I hvert fall føltes det slik, sa Rune Sunde til Ålesundsposten. Vi kan då berre seie; få opp kondisen Rune, eller begynn på Brandal! Bana i Uggedalen var 64x45 meter. Ein normal størrelse på 7'er baner for seniorer. Til samanlikning var den knøttlille bana innpå Brandal 53x31m. Ein størrelse som AaFK klaga på i fjor...
Les meir..

Vann kampen - tapte tittelen
19-10-2006 22:23
-Norborg vann 6-5 (2-2) over AaFK i den siste KM-finalen, men diverre var ikkje dette nok til å stikke av med tittelen. Det var det nemleg mot-standar AaFK som gjorde på betre målforskjell enn Brandal og Norborg. Under nydelege forhald i Uggedalen tok Norborg kommandoen med mål av Steffen Grytten (14 min) og Julio Cesar (22), men ein svak periode i slutten av omgangen førte til at AaFK fekk to kjappe mål. Uavgjort var imidlertid greitt ved pause. To minutt ut i 2. omgang gir igjen Steffen heimelaget føringa, men AaFK svara igjen med to raske mål og snudde kampen. Norborg ga likevel ikkje opp, og berre ville vinne denne kampen. Julio Cesar utlikna midtvegs og Steffen fiksa leiing fire minutt før slutt. Det såg likevel ut til å gå mot uavgjort då Per Joar Hansen scora sitt 2. mål like før slutt. Men på overtid dukka igjen kampen sin store spelar Steffen Grytten opp og nikka inn vinnarmålet. Ein spelemessig god 7'ar kamp der Perry, Rune Sunde & co. viste at dei fortsatt kan å spele ball. Aldri før har det nok vore fleire stjerner i Ugge-dalen, og godt var det å sjå at også dei måtte reise heim med tap. Vi gratulerer Norborg 7'ar med ein flott sesong. Berre så synd at KM-tittelen vart øydelagt på ein liten skuleplass utpå Brandal. Vi gratulerer også AaFK med tittelen.
Les meir..

Perry kjem!
19-10-2006 07:01
-AaFK-trenar Per Joar Hansen kjem til Uggedalen i kveld for å spele KM-finale i 7'ar fotball. Ifølge Sunnmørs-posten er han svært sugen på KM-tittelen.

Tropp mot AaFK!
17-10-2006 22:18
-Norborg stille med føljande mann-skap i KM-finalen mot AaFK: Geir Roar Gamlem, Jan Even Drønnesund, Kristian Furnes, Ronnie Gamlem, Martin Holmeset, Kristian Søviknes, Steffen Grytten, Adrian Håbet, Julio, Geir Ove Grønli, Stein Erik Reitan, Vebjørn Grytten, Biarte Hånes og Alexander Holmeset. Oppmøte tordag kl. 1845 i Uggedalen. Kampstart kl. 1930.

Norborg skal til Stranda
17-10-2006 20:54
-Norborg sine to herrelag i Rica Parkett Cup skal til Stranda for å spele sine innleiande kampar 25. og 26. november. Vonleg spelar begge laga samme dagen. Sunnylven står som arrangør. Stordal.nu har heile oppsettet.

Norborg innslaget på radio
15-10-2006 14:10
-Dersom du ikkje har høyrt innslaget med Norborg på NRK Møre & Roms-dal kan du høyre det på denne linken. Hopp så til ca. det 46 minutt. Innslaget inneheld imidlertid slett journalistikk og elendeg geografi-kunnskap hos programleiarane. Norborg blir nemleg presentert som ein klubb i Søvik som ligg i Brattvåg.

Moltu til GuLars
15-10-2006 13:25
-Bergsøy sin Steffen Moltu offentleg-gjorde i går at han forlet klubben fordel gamleklubben sin GuLars, skriv bergsoy.com. Forsvar-/midtbane-spelaren vil bli ei solid forsterking for GuLars, som endå ikkje veit om dei vil spele i 4. eller 5. divisjon neste år.

Videosnuttar Brandal-Norborg
15-10-2006 11:40
0-1 Biarte Hånes
0-2 Julio Cesar

1-2 Brandal

1-3 Steffen Grytten

2-3 Brandal

6-3 Brandal

8-4 Brandal

Referat
Sluttspelstabell

Larsen toppscorar for Hildre
15-10-2006 3:58
-Hildre tapte laurdag 4-2 for Giske. Eksilnorborgar André Larsen scora det eine av Hildre sine to mål og vart med det toppscorar med 4 mål på 7 kampar.

Første møtet med Bergsøy
15-10-2006 3:17
-Bergsøy måtte laurdag ta turen ned til 4. divisjon for første gong sidan 1995, og vil møte Norborg for første gong nokon sinne. Etter det vi veit har laga aldri møttest hverken i trenings-eller seriekampar, men Norborg vann 2-1 over fosnavågarane i inne-KM i 2002 etter mål av Kim Idar Krogset-hagen og Kenneth Vegsund. Vi får håpe resultatet blir det samme når laga møtest i serien neste år. Dette vil truleg utgjere 4. divisjon neste år: Bergsøy, Stranda, HaNo, Norborg, Godøy, ÅVK, Herd, Sunnylven, SIF2, Gulars, Ørskog og Stordal. Alt er likevel avhengig av at Skarbøvik slår AK i kvalik. kampane for spel i 2. divisjon. Visst ikkje det skjer vil Rollon gå inn og Gulars gå ut.

Bergsøy til 4. divisjon etter snuoperasjon av Rollon
14-10-2006 18:45
-Det såg lenge stygt ut for Rollon i den siste 3. divisjonsrunda. Larsgård-gutta låg nemleg under 3-0 før 25 minutt var spelt mot Hødd2, men før pausen ga Bjørnar Hoe (str.) og Alf Petter Årdal laget tru på poeng med to reduseringar. Ti minutt før slutt var likevel laget i 4. divisjon sidan Bergsøy leia klart over Hareid. Rollon måtte dermed ha mål, og dryge fem minutt før slutt utlikna først Årdal før Marko Reinikainen fullførte den fantastiske snuoperasjonen. Dermed tok Rollon 11. plassen medan Bergsøy sin 7-2 siger over Hareid hjalp lite. Rollon må no håpe på at SIF slår Averøykam. i kvalifiserings-kampane for spel i 2. divisjon. Andre resultat: FKS-AaFK2 1-0, SIF-Volda 1-0, Valder-Langevåg 2-1 og Ørsta-Spjelkavik 1-5.
Tabell

Heiderleg resultat av Norborg
14-10-2006 17:31
-Norborg tapte 10-7 i bortemøtet med Brandal i 1. KM-kamp for menn 7'ar. Norborg starta best på den lille grus-bana på Brandal skule og leia 3-1 før heimelaget fekk i gong maskineriet g scora to raske så stillinga var 3-3 til pause. I 2. omgang stod Norborg med lua i hånda mot eit langt meir agg-ressivt heimelag. Likevel eit godkjent resultat av Norborg, som no må vinne med 4 mål over AaFK for å bli krins-meistrar. - Bana var for lita til at vi fekk til noko spel, sa kaptein Steffen Grytten etter kampen. Målscorarar for Norborg var: Julio Cesar (3), Steffen Grytten (2), Biarte Hånes og Kristian Søviknes. Videoklipp og referat kjem truleg søndag.

Bytte av arrangør RPC menn
14-10-2006 10:23
-Åheim IL har tatt over som arangør for Rica Parkett Cup for menn etter at Langevåg måtte trekke seg. På grunn av at Olivinhallen ikkje er ledig den 25.-26. november, så er turneringa flytta til 11. - 12. november. Den andre turneringa for menn inleiande går som planlagt i Strandahallen 25. - 26. november med Sunnylven som arrangør. Sidan haramslaga er dei som ligg lengst unna Åheim, så er det truleg her vi hamnar.

Bergsøy eller Rollon?
13-10-2006 19:30
-Laurdag blir siste runde av årets 3. divisjon avd. 17 spelt, og sjølvom det fortsatt er spenning om kven som tek pallplassane, er det den nervepirrande botnstriden alle snakkar om. I hovud-rollene står Bergsøy og Rollon. Bergsøy avsluttar med heimekamp mot Hareid, medan Rollon skal til Ulsteinvik å møte Hødd2. Laget dei ifjor rykte opp saman med. Bergsøy har vore eit av dei mest stabile 3. div.-laga på Sunnmøre, men har dei to siste åra slete i botnen. I fjor vart plassen sikra grunna ein sterk slutt-spurt med 7 poeng på dei 3 siste kampane. Det kan gå mot reprise i år. Vårkampen mot Hareid endte 1-1. Rollon hadde alt i si hule hånd då dei leia 1-0 over Bergsøy i sist runde, men sprakk og tapte 1-2. Mot Hødd2 blir det langt verre å ta poeng, men desperate lag har ofte evna til å vinne. Vårkampen endte med 3-2 siger til Rollon. Historia er det Bergsøy som har på si side. Laget berga plassen i siste runde både i fjor og i 2003. Dei er dermed vande med situasjonen. Rollon har stort sett vore i toppstrid dette tusenåret, og her har dei ofte feila i avgjerande kampar. I 2000 glapp opprykket etter 2-2 mot Fiskerstrand i siste runde, året etter tapte dei opprykkskampane mot Hareid2 og i fjor glapp KM-tittelen etter 0-0 mot Sunnylven i siste borte-kamp. Rollon fryktar i tillegg at Hareid vil legge seg for sin nabo Bergsøy, men som dei fleste veit, så vil ein som regel sine naboar det verste. Vi trur dermed at Rollon tek 11. plassen og Bergsøy går ned. Så får vi håpe SIF rykke opp, så Rollon ikkje kjem ned til 4. divisjon. Nordicbet har ikkje kome med odds på kampane. Fryktar dei også avtalt spel??

KM-kamp mot Brandal
12-10-2006 21:44
-Tropp til KM-kampen mot Brandal: Geir Roar, Neven, Ronnie, Furnes, Krabbinj, Noralf, Cesar, Veggen, Snes, Alex, Humre, Vebben, Ladden og Biarte. Oppmøte på Mix Søvik seinast kl. 1230. Ferge frå Sulesund kl. 1330. Kampstart kl. 1500.

237 påmeldt til Inne-KM
11-10-2006 20:57
-237 lag er foreløpig påmeldt Rica Parkett Cup, melde SFK.
Les meir..

Årsavslutning for alders-bestemte lag
11-10-2006 19:09
-Norborg hadde i helga som var avslutning for dei aldersbestemte laga. På laurdag var det fotballskule, medan det på søndag var merke-taking og utdeling av årsstatuettar. Til trass for svært dårleg ver så var det ca. 80 stk som deltok på fotball-skulen laurdag og ca. 45 på merke-takinga søndag.
Bilete

Stem på Norborg-songen
11-10-2006 07:08
-NRK Møre & Romsdal held i desse dagar på å kåre fylket sin beste fotballsong. I dag vart endeleg Norborg-songen spelt. For dei som ikkje var oppe så tidleg, så kan dei høyre songen på nytt kl. 12.45. Utpå dagen kan du stemme på songen her. Avstemminga foregår på mail til mrsvar@nrk.no der du skriv Norborg i emnefeltet. Norborg sin song er for øvreg laga av The Bandits (Henning Mathisen og Håvard Grytten).


Husk reiserekningsskjema
10-10-2006 22:28
-Vi minner om at trenarar/lagleiarar må levere inn reiserekningsskjemaet sitt innan 28. oktober til Bodil Ulvestad. Dette gjeld dei som ikkje har barn på laget dei leiar. Norborg dekker inntil kr. 1500,-
Reiserekningsskjema

Ny spelar signerte i kveld
10-10-2006 22:17
-To dagar etter at årets utesesong var over signerte Norborg ein ny spelar. Klubben vil imidlertid ikkje ut med navn på det noverande tidspunkt.

Ti lag påmeldt J14 KM
9-10-2006 22:27
-Ti lag er påmeldt Rica Parkett Cup for småjenter i Brattvåghallen. Det einaste laget som er påmeldt frå vårt distrikt er Norborg. Vi finn det merkeleg at hverken Brattvåg, Skodje, Ravn eller Ellingsøy har meldt seg på. Fristen går ut 10. okto-ber.

11 lag med i inne-KM
9-10-2006 21:28
-Norborg stiller med 11 lag under årets Rica Parkett Cup. Følgjande lag er påmeldt: 2 stk. herrelag, 2 stk. G19, 2 stk. G16, G14, G13, J19, J16 og J14. Norborg er arrangør av J14 KM i Brattvåghallen.

KM-kamp mot AaFK utsett
9-10-2006 20:36
-Herrar 7'ar finalen mot AaFK er utsett frå søndag til torsdag 19. oktober kl. 1930. Dette grunna at AaFK sine spelarar har ulike oppdrag på Color Line Stadion på søndag.

Steinsbu går av i Brattvåg
9-10-2006 20:12
-Bjarte Steinsbu gir seg som trenar for Brattvåg sitt herrelag. Årets assistent trenar Oddmund Otterlei og spelar Frank Dalhaug blir duoen som skal prøve å etablere Brattvåg i 3. div., eller få laget opp i 2. divisjon, som er hovudmålet til Brattvåg Invest og "Brabilovitsj".

Statstikk 4. divisjon
9-10-2006 20:30
-4. divisjon Sunnmøre er ferdig for i år. Brattvåg og Blindheim viste seg, som spådd, som dei to beste laga, medan Ronnie Furset og Ole Per Kragset delte toppscorertittelen. Her er 4. divisjon i tørre fakta.
Statstikk
Målscorere

Tabellkonkurransen 2006
9-10-2006 18:05
-Før sesongstart lova Nordicbet sin Geir Erstad at alle som slo han i norborg.com sin tabellkonkurranse, og som hadde satt inn spel på 4. divisjon før sesongstart hos Nordic-bet, skulle få 100 NOK på sin spele-konto. Geir Erstad fekk ti poeng og kom på delt 41. plass. Om lag 25 av dei som slo han oppfylte krava og vil få sine hundre kroner inn på konto i løpet av tysdagen. Vi gratulerer! Nordicbet vil elles gratulere Blindheim, Brattvåg, Stordal og Ørskog med opprykket, og samtidig garantere at dei er tilbake neste år med like stort tilbod på sunnmørs-fotballen.

Stordal banka MSIL
8-10-2006 18:18
-Stordal er laget som slår følge med Ørskog til 4. divisjon etter at dei idag utklassa MSIL med 6-0 på Color Line Stadion. Vi gratulerer med opprykket og ønsker gultrøyene velkomen til 4. divisjon. Brandal tapte 11-3 for Ørskog og kom på den utsette 10. plassen. Dette gir nedrykk dersom SIF ikkje tek steget opp i 2. divisjon. Skodje vann 2-0 over Ravn og har levert ein sterk sesong med 4. plass, Ellingsøy har gjort ein sterk haust og tok 5. plassen etter 3-0 over Volda2. Vigra avslutta som vanleg sesongen med siger.Denne gong med 5-4 over allereie 6. divisjonsklare Vartdal. Spjelkavik2 og FK Sykkylven2 spelte 4-4.
Tabell

Brattvåg og Blindheim opp
8-10-2006 18:15
-Vi gratulerer Brattvåg og Blindheim med opprykk til 3. divisjon. Brattvåg har hatt ein imponerande haust og sikra idag opprykket med 5-1 siger over SIF2. Blindheim har hatt trøbbel dei siste vekene med tap for divisjonens to beste lag denne hausten, Norborg og Brattvåg, men snudde trenden med 6-0 utklassing av ÅVK på Eidså.

Knuste Stranda sin opp-rykksdraum
8-10-2006 17:47
-Norborg tok nok ein imponerande siger då ein vann 3-2 over Stranda, og dermed knuste blåtrøyene sin draum om 3. divisjonsspel neste år. Det starta likevel svært bra for Stranda, og mål av Kim og Kato Vangen sørga for to-målsleiing til pause. Det første målet kom på ei rekke feil av Norborg, det andre burde ha blitt avblåst for frispark mot keeper Trond Elstad. Etter pausen fann Norborg ny energi, medan Stranda vart meir og meir nervøse og rådville. Halvvegs ut i omgangen reduserte Steffen Grytten då han stussa eit perfekt slått frispark av Knut Ivar Bjørlykhaug i mål. Etter reduseringa kom ei lita dødperiode av vertane, men på slutten vakna ein igjen til liv og den rutinerte stor-scoraren Ståle Hurlen putta to gongar frå kloss hald etter gode innlegg. Ståle fiksa dermed både tre poeng til Norborg og toppscorartittelen i klubben til seg sjølv. Vi håpar dette verkeleg ga smaken på å fortsette eitt år til. Elles herleg avslutning på sesongen av Norborg med fem strake sigrar, og 8 sigrar på dei 9 siste. Laget har slått både Blindheim og Stranda i løpet av dei siste vekene, og dersom alle fortsette til neste år så kan dette bli verkeleg bra! Stor takk til spelarar, lagleiing og supportarar for ein flott sesong. 220 følgte dramaet i Uggedalen.
Les meir..
Tabell

Tropp mot Stranda
7-10-2006 19:23
-Norborg stille med følgjande tropp mot Stranda: Trond Elstad, Geir Roar Gamlem, Jan Even Drønnesund, Knut Ivar Bjørlykhaug, Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal, Erlend York, Christian Søvik, Kristian Søviknes, Eivind Fjørtoft, Steffen Grytten, Asgeir Kalvø, Geir Ove Grønli, Stein Erik Alvestad, Ståle Hurlen, Lennart Holmem, Ole Johan Urke, Kjell Terje Brusdal, Kristoffer Søviknes og Vebjørn Grytten. Kampstart kl. 1400.
Les meir..

Sundgot-show mot Hovde-bygda
7-10-2006 17:08
-Sunnylven vann 4-1 over Hovdebygda etter å ha scora alle fem måla sjølve. Alf Ole Sundgot vart kampens store spelar med tre mål. Kalle Hjelle sette inn det fjerde på frispark. HIL sitt mål kom på sjølvmål. Bekymringverdig er det HIL berre stilte med ein tropp på 11 mann i denne kampen. Sunnylven.no har meir.
Tabell

Åmdal til 5. divisjon
7-10-2006 17:03
-Åmdal gjorde jobben sin og vann 4-3 over oransjetrøyene frå Kvamsøy. Dermed blir det 5. divisjonsspel for åmdalingane neste år. Åheim/ÅVK2 vann 5-0 over Moldtustranda og sikra seg 2. plassen framføre Bergsøy2. Åheim/ÅVK2 skal dermed ut i kvalifiseringskampar mot truleg Blind-heim2. I 6. avd. 1 vann Harøy 8-1 over Hildre.

Valder redda plassen
-Bergsøy lever i håpet
7-10-2006 16:43
-Bergsøy vann den særs viktige 3. div.-kampen mot Rollon med 2-1 etter to mål i løpet av dei siste tjue minutta av 2. omgang. Dermed går det mot ei svært spennande avslutning neste helg då Bergsøy møter Hareid heime, medan Rollon skal til Ulsteinvik å møte Hødd2. Begge laga går ned dersom SIF ikkje rykker opp. Valder redda plassen med 3-2 siger over Spjelkavik. Andre resultat: Hareid-Ørsta 3-1, Langevåg-Skarbøvik 1-1, Volda-FK Sykkylven 1-1. SIF har for lengst vunne divisjonen, medan FK Syk