|
Harøy
svekkast
29-11-2004 1:36
-Harøy ser ut til å svekkast framfor neste sesong. På
eit spelarmøte vart det klart at Rolf Borgan og Morten Liabø
legg opp, Erlend Fjørtoft går til Ravn, mens Odd Einar Molnes
som nemnt går til HaNo. Sverre G. Finnøy går andre
vegen. Han kjem heim etter eitt år på Hødd jr, melder
haroyil.no.
Molnes klar for HaNo
29-11-2004 1:18
-Odd Einar Molnes går frå Harøy til HaNo, melder hanofk.no.
HaNo ser dermed ut til å bli den store over-gangsvinnaren i Haramsfotballen.
Stranda vann jente-KM
29-11-2004 1:11
-Stranda vann Rica Parkett Cup for J17 etter at dei vann 2-1 over Brattvåg
i finalen. Vi gratulerer Stranda med gullet! Norborg tapte 0-5 for herd,
1-3 for Stordal, medan ein spelte 0-0 mot Åram.
Les
meir på aaheim.no
Valder vann junior-KM
29-11-2004 1:07
-Valder1 vann Rica Parkett Cup for G19. I finalen vann dei 3-2 over Hødd1.
Vi gratulerer Valder med gullet!
Les meir på
MSIL.no
Fekk berre to kampar
27-11-2004 12:37
-Norborg2 fekk berre to kampar på årets Rica Parkett Cup ettersom
Ellingsøy trakk laget. I reglane står det at kvart lag skal
få minimum 3 kampar. Om Norborg får refundert pengar sidan
ein fekk ein kamp for lite vitast ikkje. 800 kr for 48 minutt fotball
må seiast å vere dyrt.
Hederlig mot AaFK
- stortap mot Hødd
27-11-2004 12:34
-Norborg2 tapte sine to kampar på RPC G19 i dag. I første
kamp var Hødd motstandar. Her måtte ein gå av bana
med 2-16. Ole Johnny Gamlem og Amund Terøy scora for oransjetrøyene.
Mot AaFK2 viste ein solid innsats, men måtte til slutt sjå
seg slått 3-6. Gutespelar-ane Kjell Terje Brusdal (2) og Martinus
Grytten scora.
Sendt heim med tre tap
27-11-2004 1:03
-Norborg1 gjekk hodestups ut av inne-KM med tre strake tap. I siste kamp
mot Blindheim/Emblem vart det 9-0 tap.
Tap nr. 2
26-11-2004 19:42
-Norborg1 tapte også sin 2. kamp på RPC. Denne gong 2-5 for
Spjelkavik. Adrian Håbet og Asgeir Kalvø scora for Norborg.
Følg junior-KM her.
Tapte "gutekampen" mot Brattvåg2
26-11-2004 18:24
-Norborg1 tapte sin første kamp på Rica Parkett Cup for G19
med 0-1 for Brattvåg2. Kampen var jamspelt mellom dei to yngste
laga på årets KM. Kristoffer Grønmyr vart match-vinnar.
Norborg1 sine kampar på junior-KM
26-11-2004 18:20
-Norborg deltek med to lag på RPC G19 som MSIL arrangerar. Norborg
sitt 1. lag spelar sine kampar fredag kveld:
kl. 17.56 Norborg1-Brattvåg2 0-1
kl. 19.14 Spjelkavik-Norborg1
kl. 20.58 Emlem-Norborg1
Påmelding vinteraktivitet
26-11-2004 14:39
-Det vil også i år bli spelt kvalifisering for 1. divisjon
for gutar og junior. Påmeldingsfristen er 10. desember. Damer senior
og junor vil spele vinterserie i Sunnmørs-hallen, medan vinterserien
for menn vil også i år gå på Herdbana.
Les
meir..
Fordeling dommarutgifter
26-11-2004 0:08
-Oversikta over fordelinga av dommerutgifter har kome ut. Norborg får
igjen 2165 kr, mens ein klubb som Langevåg er skyldig 9996 kr pluss
3000,- i gebyr fordi dei ikkje sende inn dommar-rekningane sine.
Oversikt
Årsmøte i hovudlaget
25-11-2004 0:52
-Hovudlaget hadde onsdag kveld årsmøte. Her vart blant anna
treningsavgifta diskutert.
Les meir..
Årsmøte i fotballgruppa
25-11-2004 0:49
-Det var lite dramatikk då fotball-gruppa haldt årsmøte
onsdag kveld. Ein del utskiftningar i styret vart det dog.
Les meir..
Stråmyr ny fotballformann
25-11-2004 0:16
-Nils
Edmund Stråmyr vart vald til ny fotballfor-mann på års-møtet
onsdag kveld. Han over-tek etter Roar Korsnes som har vore formann i 2
år. Vi takkar Roar for innsatsen, og ønskjer Nils Edmund
lykke til med vervet.
Castrol cup 2004
24-11-2004 0:02
-Åram/Vankam FK arrangerer i romjula si årlege fotballturnering i Olivinhallen
på Åheim. Her kan alle delta. Påmeldingsfrist 1. des.
Les meir..
Rundskue
23-11-2004 18:32
-Her er nokre nyheiter frå Sunn-mørsfotballen denne veka.
Les meir..
Husk årsmøte onsdag
-alle styreverv på plass
23-11-2004 17:09
-IL Norborg arrangerar årsmøte for både fotballgruppa
og hovedlaget på onsdag. Valgkomiteane har gjort ein kjempejobb,
og alle verv i styra er oppfylte med kandidater før årsmøtet.
Det blir vanlege årsmøtesaker, samt det på hovedlagsmøtet
skal opp ein eigen post rundt "Prosjekt Tribune" på nybana.
Vi oppfordrar alle som har meininger om dette om å stille på
årsmøtet til hovedlaget. Årsmøte i fotballgruppa
startar kl. 18.00, hovedlaget kl. 20.00. Det blir vel enkel bevertning
som før om åra.
77 kampar utan tap
22-11-2004 15:43
-Etter at eit par romsdalinga skakkjørte Wimbledon vart ein ny
klubb danna, nemleg AFC Wimble-don. Suksessen for laget har vore enorm.
Sidan dei tapte 2-0 for Withdean 22. februar 2003 har laget spelt 77 kampar
utan tap. Imponerande!
Hødd
vann smjKM J14
21-11-2004 22:56
-Hødd sine gullvinnera frå Norway Cup vann småjenteKM
etter siger mot Valder2 i finalen. Volda tok bronsje etter siger mot Valder1.
Meir om dette vil kome på Valder si heimeside så snart dei
har fått serveren opp i drift igjen, melder Arild Smestad til norborg.com.
Vi gratulerar Hødd med gullet !
Sandegutt vann gull !
21-11-2004 20:15
-Sandegutt vant 4-3 mot Brattvåg, og tok dermed gull i G15klassen.
Aksla tok bronsje etter siger mot Hødd i kampen om tredjeplassen.
Som tidligare spådd så vil det alltid kome eit overraskelseslag.
Denne gangen vart det altså Sandegutt frå årets fotballkommune
Sande. Vi gratulerar alle pallaga, og Stranda med eit flott gjennomført
arrangement !
Aksla vart for sterke
21-11-2004 17:32
-Norborg tapte kvartfinalen mot Aksla med 4-1. Elling Mikal Kalvø
stod for Norborg sitt mål då han reduserte til 1-3.
Norborg vidare som beste 2'ar
21-11-2004 16:33
-Norborg vann til slutt heile 10-2 over Valder i den siste mellom-spelskampen.
Elling Mikal Kalvø (3), Adrian Håbet (2), Bee (2), Eivind
Fjørtoft og ErlendYork scora måla. Norborg møter Aksla
i kvartfinalen kl. 1710.
Norborg leiar 1-0
21-11-2004 16:22
-Adrian Håbet har gitt Norborg leiinga 1-0 over Valder i den viktige
mellomspelkampen.
Nei til Brattvåg
21-11-2004 16:12
-Lepsøy
si nettside melder at Geir Seth har sagt nei til spel i Brattvåg.
Mange vart imponert over Seth sitt spel i kommunekampen mot Giske, men
han velge altså å halde fram i den raude Lepsøy-trøya
trass tilbod om spel i litt høgare divisjonar.
Tapte for Hareid
21-11-2004 16:04
-Norborg G15 tapte 3-4 for Hareid i sin første mellomspelkamp.
Hareid tok leiinga 3-0 før oransjetrøyene reduserte ved
Erlend York. Hareid auka på nytt før Adrian Håbet og
Eivind Fjørtoft reduserte to gongar. Norborg må no vinne
over Valder for å gå vidare. Hareid slo tidligare i dag Valder
6-3.
Hovden ny ÅVK trenar
21-11-2004 0:32
-Ole Theodor Hovden (25) blir ny ÅVK-trenar, melde ÅVK
si nett-side. Han får med seg Ole Per Kragset som hjelpetrenar og Oddvin
Kragset som oppmann. Sistnemnde har i ei årrekke vore hovudtrenar.
Tøff motstand i mellom-spelet
20-11-2004 22:10
-Norborg1 har kome i pulje med Hareid og Valder i mellomspelet av RPC
G15. Norborg-Hareid går søndag kl. 1418, mens kampen mot
Valder går kl. 1608.
Norborg1 vann gruppa
20-11-2004 22:07
-Norborg1 vann sin siste kamp med 3-0 over Rollon1. Ellin Mikal Kalvø
(2) og Adrian Håbet scora.
Steffen vart noregsmeister
20-11-2004 21:42
-Norborgs Steffen Grytten vart laurdag noregsmeister i bilopp-retting.
Vi gratulerer!!
Les
meir..
Sande -
årets fotballkommune!
20-11-2004 21:41
-Sande vart kåra til årets fotball-kommune av SFK fredag kveld.
Haram var ei av dei tre nominerte kommunene til denne tittelen men nådde
altså ikkje heilt opp. SFK skriv blant anna dette om Haram: Gode
og mange anlegg. Flest fotballspillere i forhold til inn-byggere. Kommunen
har støttet godt opp om frivillig aktivitet i form av driftsstøtte og
ved å gi midler til ny bane på Grytastranda.
Les
meir..
Rica Parkett Cup J14
20-11-2004 21:25
-Norborg deltek med to lag på RPC for småjenter. Norborg1
har tapt sine tre kampar med 9-0 for Valder1, 9-0 for Hødd1, 5-1
for Herd4 og 6-1 for Volda3. Norborg2 tapte først 4-0 for Herd2
før ein vann 3-0 over Sykkylven3. I siste kamp vart det 0-9 for
Volda1.
Følg KM her.
Norborg1 reiste seg
20-11-2004 21:18
-Norborg1 tapte sin første kamp på G15 inne-KM med 2-3 for
Vigra, men har på sine to neste kampar tatt full pott. Herd2 vart
slått 6-0 før ein sigra 3-2 over Hødd. I den kampen
låg ein for øvreg under 0-2, men Adrian Håbet (2) og
Erlend York snudde kampen. Norborg1 spelar sin siste kamp mot Rollon2
seinare i kveld.
Norborg2 slått ut
20-11-2004 21:15
-Norborg sitt 2. lag på Rica Parkett Cup G15 er slått ut etter
tap mot Volda (0-4), Bergsøy (0-6) og AaFK (3-4) og Rollon1 (3-4).
Martin Grytten vart laget sin toppscorar med 3 mål, Kristoffer Engeset
scora 2, medan Jan Helge Uggedal fekk notert eitt mål.
Skodje imponerar stort !
20-11-2004 12:05
-Skodje imponerar stort under innledande spel på G15 på Stranda.
Tre strake sigera, deriblant mot forhåndsfavorittane Aksla og Hareid
viser at fjorårets gull på G14 var ingen tilfeldighet. Som
spådd på forhånd er Eivind Erstad sentral hjå
Skodje, medan Marius Slettebakk skårer nesten alle Hareid sine mål.
Noe han også gjorde på G14 i fjor.
Valder og Hødd i ei eiga klasse
20-11-2004 12:04
-Hødd og Valder er i ei eiga klasse i Norborg1 si pulje i InneKM
for småjente. 8 og 9-0 har dei oransje jentene fått i sekken.
Vi håper det går likare seinare i dag.
Møter AaFK i inne-KM
20-11-2004 0:43
-Så er puljene for Rica Parkett Cup for seniorar klare. Norborg
får ei tøff nøtt med å kome til finalen sidan
ein har kome i gruppe med AaFK. Dei andre i gruppa er Langevåg og
Spjelkavik.
Les meir..
Brattvåg1 fosser fram
20-11-2004 0:05
-Brattvåg1 gjer våre spådommer til sanne. Til tross
for eit lite feilskjær mot Spjelkavik, så dominerer dei KM
etter første dag. 26-0 i mål-forskjell på dei to siste
kampane sier alt om nivåforskjellen som Brattvåg1 innehar
på resten av laga. Vil dette ta stopp før gullet er utdelt
?????
Lite nøgd med inne-KM
19-11-2004 15:19
-Årets spelar i 4. divisjon i 2003, Ole Theodor Hovden frå
ÅVK, er ikkje nøgd med opplegget rundt Rica Parkett Cup for
seniorar. Dette skriv han i ein kommentar på ÅVK sin nettside.
Les kommentaren
her..
Helgas godbit startar i dag
-G15km på Stranda !
19-11-2004 14:30
-I kveld innleder gruppe 1 med kampen Stranda2-Sykkylven årets mest
spennande og interessante Rica Parkett Cup i klassen G15. Mange gode lag,
imponerande arrangørar, god oppfølgjing på nettet
og med Brattvåg1, Herd1, Hareid og Aksla som favorittane.
Sjå vår vurdering
av laga
Strandafotball
si offisielle side
Romjulsturnering 2004!
19-11-2004 0:14
-Brattvåg IL vil som vanleg arran-gere fotballturnering i romjula.
Tidspunkt er søndag 26. desem-ber i Brattvåghallen. Norborg
er eitt av laga som er invitert til å melde seg på. Noko ein
sjølvsagt takkar ja til.
Forandringar på RPC J14
19-11-2004 0:11
-Vartdal har trekt laget sitt i frå Rica Parkett Cup jenter 14,
som Valder arrangerer i helga. Kamp-oppsett finn du her.
Norborg sine to lag spelar kampar på følgande tidspunkt:
Lør 09.30 Valder-Norborg1
Lør 11.20 Norborg1-Hødd1
Lør 13.32 Norborg1-Herd4
Lør 15.00 Norborg1-Volda3
Lør 16.06 Herd2-Norborg2
Lør 17.56 Norborg2-Sykkylven3
Lør 20.08 Norborg2-Volda1
MSIL sine KM sider
18-11-2004 15:21
-MSIL.no har starta vurderinga av årets junior-KM. Sjekk KM sidene
deira her.
Eid sa ja til Langevåg
18-11-2004 15:14
-Sindre Eid sa torsdag eit endeleg ja til å ta over som spelande
trenar i Langevåg, melder vikebladet.no
Les
meir..
Gjennomgang internt i Hødd etter fire raude kort
18-11-2004 14:18
-Hødd vil ta ein gjennomgang internt for å rydde opp i eventuelle
problem etter at gutelaget pådrog seg fire raude kort på seks
kampar under Rica Parkett Cup G16 i Brattvåghallen. Dette melder
kretsen si beste lokalavis på nettet Vikebladet i dag.
Les
meir..
Statistikk rundt årets sesong er ute
18-11-2004 0:24
-Her er litt statistikk etter sesongen 2004.
Maratontabellen
2000-04
Scoringsstatistikk
2004
Kameratcup i Aukrahallen
18-11-2004 0:16
-Gossen IL sitt herrelag inviterer til kameratcup i Aukrahallen 2. janu-ar.
Les meir..
Sunnmørsrankinga 2004
17-11-2004 22:25
-Norborg er med sin 5. plass i 4. divisjon for første gong inne
blant dei 20 beste laga på Sunnmøre. Her er rankinglista
for sunnmørs-fotballen 2004.
Les meir..
Vil redusere 5. divisjon
16-11-2004 13:54
-Styret i SFK vil redusere antal lag i 5. divisjon frå 12 til 10
lag frå sesongen 2006.
Les
meir..
Nils Edmund blir krets-dommar
16-11-2004 13:52
-Nils Edmund Stråmyr vart på dommarsamlinga sist helg autorisert
til kretsdommar frå sesongen 2005.
Les
meir..
I det gode selskap!
15-11-2004 00:36
-AaFK, Norborg, Godøy, Brattvåg, Volda, Spjelkavik, Langevåg
og Hareid er klare for sluttspelet i inne-KM 4. desember i Olivin-hallen.
Les meir..
Ytre-Hauge til Hareid
14-11-2004 23:58
-Tore Ytre-Hauge, som vart kåra til "Årets spelar"
i Åram/VFK denne sesongen skal spele for Hareid neste år,
melde ÅVK
si nettside.
Norborg2 slått ut
14-11-2004 20:18
-Norborg2 fekk det som venta tøft i si pulje og rauk ut etter ein
siger og tre tap. I første kamp vann ein 10-1 over Hildre, medan
ein tapte 1-5 for Brattvåg1, 6-9 for Lepsøy og 4-11 for Vigra.
Asgeir Kalvø vart lagets toppscorar med 7 mål.
Les
meir..
Tre tap for damene
14-11-2004 13:41
-Norborg sitt damelag gjekk på 3 tap under Rica Parkett Cup i Bratt-våghallen
søndag. Laget tapte 5-1 for Brattvåg1, 3-1 for Sykkylven
og 7-0 for Fortuna2. Alt i alt eit god-kjent meisterskap av damene mot
tøff motstand. Sykkylven treng poeng mot Brattvåg1 for å
vinne pulja framføre Fortuna2.
Norborg betre enn Hødd !
13-11-2004 19:31
-Dei siste års kretsmester i innan-dørsfotball Hødd,
er sensasjonelt slått ut av RPC av Spjelkavik. Dermed ligg alt til
rette for Aafk gull i Olivinhallen om tre veker. Godøy er vidare
frå Brattvåghallen på bekostning av HaNo etter siger
i gruppefinalen med 4-3. Bergsøy eller Volda er siste laget vidare
frå Herøyllaget av dagens kampar.
Tre tap for G-14
13-11-2004 15:27
-Norborg G14 som deltek på Rica parkett Cup inni Sykkylven har tapt
sine to første kampar med 4-2 for Stranda1 og 4-0 for Volda. Martin
Grytten har scora begge Norborg sine mål. I siste gruppekamp tapte
man 2-5 for Aafk2. Skjalg Volstad skårte begge måla.
Norborg til sluttspelet
- vann dødens gruppe!
13-11-2004 14:46
-For andre året på rad har Norborg kvalifisert seg til sluttspelet
i inne-KM for seniorar. I dei innleiande kampane i Brattvåghallen
i dag slo ein ut Valder på målforskjell.
Les meir..
AaFK til sluttspelet
12-11-2004 22:24
-Den første gruppa i det innleiande spelet av Rica Parkett Cup
for seniorar i Brattvåghallen er ferdig. Ikkje overraskande har
AaFK gått vidare til sluttspelet etter store sigrar. Stordal gjorde
ein svært positiv figur og var nær ved å ta 2. plassen
i pulja, men vart slått på målforskjell av Stranda.
Valder 2 kom på 4. plass, mens Ellingsøy1 opplevde store
tap i kveld og kom sist. Ellingsøyarane kjem nok sterkare tilbake
med sitt "2." lag i morgon. For tabeller og resultat henviser
vi til arrangørklubben Brattvåg
sine KM sider.
Norborg glimrer med sitt fråver!
12-11-2004 16:43
-Fristen for å melde seg på neste helgs kretsting har gått
ut og Norborg er ikkje på lista over dei 26 klubbane som har meldt
seg på. Norborg skal blant anna få utdelt diplom for KM-tittelen
for gute 7'ar på dette tinget, men når Norborg blir ropt opp
vil det vere knyst i salen.
Les
meir..
Valen til Langevåg
12-11-2004 15:47
-Fiskerstranda sin Oddgeir Valen melder overgang til Langevåg, dette
ifølgje FIL
sine nettsider. LIL satsar hardt komande sesong og får truleg
på plass Sindre Eid som spelande trenar over helga.
Kampoppsett G14
11-11-2004 23:01
-Etter ein tur innom HaNo sine nettsider fann vi kampoppsettet for Rica
Parkett Cup G14.
Les
meir..
Rica Parkett Cup G-14
- det gløymte inne-KM
11-11-2004 15:58
-Komande helg skal Sykkylven IL arrangere Rica Parkett Cup for gutar 14.
Problemet er at "ingen" veit når kampane skal spelast
og kven ein skal møte. Medan dei andre arrangørane Stranda,
Nor-borg, Brattvåg, MSIL, Bergsøy Åheim og Valder presenterer
alt på Internett godt tilgjengeleg for alle interesserte finn vi
ingenting på Sykkylven sine nettsider. Dette er svakt! Til neste
år bør Sunnmøre fotball-krets stille som krav at arrangørane
skal ha oppegåande websider. Dette er nemleg med på å
skape entusiasme rundt meister-skapa. Vi ønsker Sykkylven lykke
til med arrangementet og er sikker på at alle som er i Storhallen
får det kjekt. Synd at vi som ikkje kan dra dit ikkje får
følgje med på kva som skjer.
Kortstokken vart større!
11-11-2004 15:49
-Sunnmøre fotballkrets sine nettsider presenterer ei oversikt over
gule og raude kort.
Les
meir..
Eitt år sidan første spade-tak!
11-11-2004 15:42
-I dag 11. november, er det eitt år sidan første spadetak
på grasbana i Uggedalen vart tatt.
Les meir..
Sluttspelet - ein fjern draum for Norborg?
11-11-2004 0:14
-I helga går det innleiande spelet av Rica Parkett Cup for seniorar.
Vi har sett litt nærmare på gruppene som blir spelt i Brattvåghallen.
Les meir..
Vi ser nærmare på G15
10-11-2004 15:30
-Vi har sett nærmar på neste helgs G15km i Strandahallen.
Eit KM der pokalen må ta vegen heim til Haram slik vi ser det.
Les meir..
Hansen slutter som spelarutviklar
10-11-2004 13:31
-Geir Hansen gir seg som spelar-utviklar i Møre og Romsdal og går
over i ei nyoppretta stilling som toppfotballutviklar i Aalesunds FK.
Vi ønskjer han lykke til med den nye jobben. NFF er no på
jakt etter ny spelarutviklar for vår region.
Les
meir..
Oksnes fekk frivilligheits prisen
8-11-2004 18:28
-Valder sin gutetrenar Frode Oks-nes fekk Rica Parken Hotel sin frivilligheitspris.
Dette er ein premie som det vinnande laget på inne-KM gir til ein
person innan støtteappa-ratet. Oksnes får ein weekend for
to personar på eit fritt vald Rica hotel. Vi gratulerer!
Vinnarlaget!
8-11-2004 16:19
-Her er eit bilete av Valder!
Sjå meir..
Bra interesse rundt KM
8-11-2004 15:54
-norborg.com opplevde gode besøkstal under årets inne-KM
med 3428 unike treff. Totalt antal treff var 4784 på ein teljar
og 8107 på ein annan.
Fakta rundt inne-KM G16
8-11-2004 15:51
-Her er litt fakta kring årets gute KM.
Les meir..
Valder vann inne-KM for Gutar-16
7-11-2004 23:54
-Valder var ikkje rekna blant dei største favorittane før
årets inne-KM for gutar 16, men lurte alle og gjekk til topps. I
finalen slo dei Herd1 med 4-1. Vi gratulerer!
Alt om KM..
Rauk ut mot vinnarane
7-11-2004 23:53
-Norborg1 måtte bite i graset for Valder i kvartfinalen under prets
inne-KM for G16. Norborg1 hadde sine sjansar, men tapte alt i alt fortent
mot eit aggressivt Valder-lag.
Lillegutlaget på Tare-cup
7-11-2004 23:19
-Lillegutlaget Norborg 2 var det einaste Norborglaget på Tare-cupen i
Sunnmørshallen denne helga. Det vart 3 jamne kamper som desverre alle
enda med tap trass i god innsats. Motstandarar var MSIL, Bergsøy og Hødd.
Målscorarar for Norborg med 1 mål kvar var: Nikolai M. Solbakken, Kristoffer
Søvik, Johann Fisker-gaard og Bjørn Urke.
Norborg gjer det bra på KM
7-11-2004 15:15
-Norborg1 gjer ein bra figur på inne-KM i Brattvåghallen.
Laget har vunne samtlege 5 kampar med imponerande 41-6 i målforskjell.
Mykje skal til for at ein ikkje skal nå kvartfinale.
Førjulsturneringa 2004
6-11-2004 13:57
-Det nærmer seg Førjulsturneringa i innendørsfotball på Godøya. Helt siden
1998 har turneringa hatt en stigende popularitetskurve. Vi har plass til
32 guttelag og 8 jentelag og hvert år har det blitt fullt, i tillegg har
publikumsantallet steget.
Les meir..
Kamp mot Valder avtalt
6-11-2004 9:41
-Norborg har avtalt treningskamp mot Valder 5. mars kl. 12 på Brattvåg
KGB. - Vi er svært glade for å få til ein kamp mot eit
av Sunnmøre sine 5 beste lag, seie den sportslege leiinga i Norborg.
Forandringar på J14 KM
5-11-2004 14:25
-Herd har etteranmeldt to lag på inne-KM for jenter 14. Det har
dermed kome nokre forandringar på oppsettet.
Les
meir..
KM startar i dag
-følg alt på nettet !
5-11-2004 9:43
-I dag klokka 17.30 vil Aafk sin fremste angripar sparke igang KM sin
gode Umbroball. Alt om dette, resultat, bilder, videosnutter, webkamera.
Ja, det meste kan du følgje via våre nettsider, og med Brattvåg
som leserane og sine eigne nettsider som sjølvutnemnt favoritt
til 1.plassen.
Følg KM her i helga
!
Remme blir HaNo-trenar
4-11-2004 23:44
-Bjørn Nedreskodje tek ein ny sesong som hovudtrenar i HaNo. Nytt er det
at han får med seg Hallgeir Remme som hjelpetrenar, melder hanofk.no.
HaNo er også i samtaler med Erik Åkre og Jan Ove Austnes om
ein overgang.
Oppsett for RPC J14
4-11-2004 22:11
-Valder IL er arrangør for Rica Parkett Cup for jenter 14. Kamp-oppsettet
er no klart. Norborg har med to lag på denne turneringa.
Les meir..
Tøffe puljer på G15km
3-11-2004 22:16
-Vi har fått tilgang på pulje og kampoppsett til Rica Parkett
Cup G15 som arrangeres på Stranda 19-21.november. Norborg møter
tøff motstand som Hødd, Volda, Aafk og Bergsøy.
Les meir..
BIL sine KM-sider klare
3-11-2004 15:18
-Brattvåg IL skal arrangere Rica Parket Cup for seniorar. No er
nettsidene deira klare.
Les
meir..
Eid
til Langevåg?
2-11-2004 19:02
-Langevåg sin trenar Stig Monsen vart tidlegare i haust klar som ny
Hødd-trenar. No ser Hødd-spelar Sindre Eid ut til å
erstatte Monsen som Langevåg-trenar.
Remme gir seg
1-11-2004 23:57
-Lepsøy sin dyktige trenar, Hallgeir Remme, gir seg i klubben. Lepsøy
må dermed ut på trenarjakt.
Fokus på 4. divisjon
1-11-2004 23:17
-Årets 4. divisjon er som alle veit ferdig. Vi har sett litt nærmare
på det som skjedde.
Les meir..
MSIL på eigne bein
1-11-2004 0:01
-Mauseidvåg & Solevåg IL beslutta fredag å avslutte
samarbeidet med Langevåg. -Dette er utifra ei heil-heitsvurdering
av både spelarar og klubben sjølv, sier sportsleg leiar Øyvind Verpeide
til MSIL.no. MSIL skal
neste år spele i 5. divisjon. |