2006

Dagboka

Slik blir 4. divisjon 2007
29-11-2006 20:25
-Etter at SIF2 trakk laget blir 4. div. Sunnmøre 2007 slik: Bergsøy, Godøy, HaNo, Herd, Larsnes/ Gursken, Norborg, Rollon, Stordal, Stranda, Sunnylven, Ørskog og ÅVK. På det noverande tidspunkt held vi Bergsøy og Stranda som opprykks-favorittar, med Rollon og Godøy som outsidere. Bak desse blir det nok svært jamnt utan klare nedrykks-kandidatar.

Norborg påmeldt Romjuls-turnering
29-11-2006 19:58
-Norborg har takka ja til invitasjonen frå Brattvåg IL om å vere med i den tradisjonelle Romjulsturneringa. Kampane vil i år bli spelt fredag 29. desember. Andre lag som er invitert er Fjørtoft, HaNo, Harøy, Helland Spesial, Hildre, Lepsøy, Midsund, Ravn, Team Rekdal og to lag frå Brattvåg.

SIF trekk 2. laget
-tidleg julegåve for GuLars
29-11-2006 11:58
-Skarbøvik trekk 2. laget sitt ifrå 4. divisjon, melder kretsen. Larsnes/ Gursken har allereie takka ja til den ledige plassen. SIF2 kom med i serien i 1997, då i samarbeid med Hessa i 5. divisjon. SIF2 spelte i 5. divisjon både i 1998 og 99, men valde før sesongen 2000 også å trekke. Over nyttår kom SIF si leiing på at dei trengte eit 2. lag likevel. Sidan krinsen allereie hadde tilbydd Åheim den ledige plassen i 5.div., måtte SIF2 spele i 6. divisjon. Dette vart sjølvsagt ein parademarsj tilbake til 5. divisjon. Men framgongen stoppa ikkje her. Laget gjekk strake vegen til 4. div. og tok ein 3. plass i 2002. Dette vart SIF2 si bestenotering. SIF2 var også i toppen av 4. div. i 2003, men har dei siste tre sesongane slete i botnen, og lagets redningsaksjon i 2005 vart heftig diskutert på termin-listemøtet framfor årets sesong. No er altså SIF2 ein saga blott, og for første gong sidan 1998 er 4. divisjon Sunn-møre utan 2. lag. Vi kan elles nemne at på 8 kampar i 4. divisjon har Norborg vunne 6 og spelt uavgjort 2 mot SIF2. Statistikken frå dei tidlege åra let vi vere å nemne...

Sportsweb kårer årets side
-norborg.com blant dei 20
28-11-2006 19:28
-norborg.com er blant dei 20 finalist-ane i sportsweb.as si kåring av "Årets side". Bergsøy og Hovdebygda er dei to andre sunnmørssidene som har kome igjennom nålauget. Nytt av året er at dei 20 heimesidene set i juryen sjølve. Kåringa vil starte i midten av januar.
Les meir..

Desse laga er i sluttspelet
26-11-2006 21:25
-Følgjande 9 lag er klare for slutt-spelet i Rica Parkett Cup for menn i Voldahallen laurdag 9. desember:
Hareid, Ørsta, Brattvåg, Blindheim, Norborg, Godøy, ÅVK, GuLars og arrangørlaget Volda. Norborg vil truleg bli 3. seeda i dette selskapet, som inneheld 6 lag frå årets 4. divisjon, og 3 frå 3. divisjon.

Brattvåg og Godøy vidare til sluttspel
26-11-2006 21:18
-Brattvåg leika seg i dag til sluttspelet i inne-KM for menn. 12-3 over Ørskog, 20-0 over Ellingsøy2, 8-4 over Stordal og 8-2 over Valder ga full pott og 48-9 i målforskjell. Godøy vann også alle sine kampar i ei litt jamnare og tøffare gruppe. Godøy vann først den venta gruppefinalen mot Stranda med 3-1, og fortsette med 7-2 over Ellingsøy1, 4-3 over FK Sykkylven og 11-4 over Brattvåg2. Alle resultata finn du på sunnylven.no

Norborg G15 slått ut av Ørsta
26-11-2006 21:10
-Norborg sitt G15 lag tapte 8-dels-finalen mot Ørsta med 0-3. Ørsta spelte seg heilt fram til finalen, men måtte her sjå seg slått av Emblem.

Referat frå inne-KM for menn
26-11-2006 16:01
-Her er ei oppsummering av Norborg sin innsats på Rica Parkett Cup for menn i Strandahallen.
Les meir..

Jentelaget kom seg ikkje til sluttspelet
26-11-2006 11:42
-To sigrar vart ikkje nok til avanse-ment for Norborg sitt J16 lag som deltok i RPC i Stordalshallen laurdag kveld. Norborgs jenter starta godt med 1-0 over Stordal 2, men gjekk så på ein 0-5 smell mot raske Skodje-jenter. I "revansjekampen" mot Blindheim såg det lenge bra ut, og Norborg førte kampen med mislukkast med å sette gode sjanser. Når Blindheim så sette inn første målet sitt, kjørte Norborg på: "alle i angrep" for å prøve og få siger, men det førte tvertom til at Blindheim scora 2 til. Men etter litt depping var jentene klar til siste kamp mot gruppefavoritten Herd. Full skjerping og innsats, og jammen førte Norborg kampen og jubelen var stor for 1-0 siger. Martine Gunnarsdottir og Birgitte Ringstad scora vinnermåla for Norborg. Det var flott å avslutte ein lang 2006-sesong med siger, seie lagleiar Per Ringstad.
Resultater

Gutar 15 vidare til finalespel
25-11-2006 19:48
-Norborg G15 gjekk vidare til 8-delsfinale på Rica Parkett Cup. Norborg tapte først 0-4 for SIF, men vann 6-0 over Ørsta2 og 6-2 AaFK2.
Resultat

Hildre audmjuka HaNo
25-11-2006 19:44
-Hildre vann 6-5 over HaNo i det inn-leiande gruppespelet i RPC for herrar. Alle måla til Hildre vart scora av eksil-norborgarane Amund Terøy 3, Geir Magne Grande 2 og André Larsen. Hildre enda dermed framføre HaNo på tabellen ettersom HaNo berre tok eitt heldig poeng mot Ravn.
Resultat

Norborg1 vidare til sluttspel
-god innsats av 2. laget
25-11-2006 18:49
-Norborg1 vann alle sine kampar og er for fjerde år på rad vidare til slutt-spelet i inne-KM for herrer. Norborg vann 10-0 over Hildre, 7-3 over Ravn, 5-3 over Skarbøvik og 4-3 over HaNo. Måla vart scora av Ståle Hurlen 5, Lennart Holmem 5, Steffen Grytten 5, Kim Idar Krogsethagen 4, Adrian Håbet 3, Tarjei Urkedal 2 og Kristian Søviknes. Det unge Norborg2 ytte god motstand og var nær ved å vinne over både Spjelkavik (4-5 tap 3 sek før slutt) og Sunnylven (3-5). Skodje vart slått 5-4, medan ein tapte 2-8 for Blindheim. Knut Ivar Bjørlykhaug 3, Edward Laverton 3, Kristian Furnes 3, Ole Johan Urke 2, Kjell Terje Brusdal 2 og Ellng Mikal Kalvø. Meir kjem.

Bot og bedring
24-11-2006 18:14
-SFK har no utarbeida oversikt over belønning og bøter for antall dommar-oppdrag opp mot antal påmeldte lag over 12 år pr. klubb. Valder er her mønsterklubben, medan Hødd er verst i kretsen. Valder får igjen 20850,- medan Hødd må ut med 13500,-. Norborg må som vanleg punge ut ein god slump pengar, men takka vere Arild Vegsund så er bota nokre tusen mindre i år enn ifjor. Totalt må Norborg ut med 8550,- Her finn du oversikta.
Belønning og bot

Vil jobbe for friplass på Søvik skule
24-11-2006 17:34
-Kommunen skal bygge ein friplass i Haram og ein håper no i Norborg-land at Søvik skule skal få denne. Med friplass forstår vi ein møteplass for barn og unge tilrettelagt for allsidig aktivitet i nærmiljøet. Friplassen er tilrettelagt for grunnleggande basis-øvelsar, men også planlagt for tradisjonelle friidrettsaktivitetar som hopp, løpsdistanser på 60m, 200m og 400m, kasteøvelsar, samt turn- og klatreaktivitetar. Norborg støtter dette prosjektet 100%. Her er brosjyre og plan over friplassen. (Kan ta noko tid å laste ned).

Volda får delta i sluttspelet
24-11-2006 17:04
-Kva Volda har på SFK veit vi ikkje, men dei har iallfall greidd å snakka seg til plass i sluttspelet i inne-KM for menn. SFK har nemleg vedtatt at arrangør av sluttspel i inne-KM for menn automatisk skal vere kvalifisert med eitt lag. Ordninga er innført frå 2006, melder SFK si heimeside. Dette er ei ordning som burde ha kome på plass for mange år sidan, men som nok no kjem på plass pga ei arrangørtabbe. SFK tilbakeviser dette og understrekar at det ikkje har noko med denne tabba. Vi tvilar likevel sterkt på at eit slikt vedtak hadde kome i år om det ikkje hadde vore for Åheim sine svake rekne-kunnskapar. Så gjenstår det å sjå om Volda gjer som Danmark i 1992, og vinn eit meisterskap dei i utgangs-punktet ikkje var kvalifisert for.

Inne-KM for Gutar 15
24-11-2006 16:55
-Norborg deltek med eitt lag på Rica Parkett Cup for Gutar 15, som blir arrangert av Austefjord IL i Volda-hallen. Norborg sine kampar blir spelt slik:
kl. 1450 mot SIF1
kl. 1640 mot Ørsta2
kl. 1805 mot AaFK2
Følgjande deltek for Norborg: Adrian Holmeset, Martin Grytten, Peter Elias Grytten, Sondre Nyland, Martin Morland, Robin Hånde, Skjalg Volstad, Jon Olav Gamlem, Johan Stavik og Jørn Håvar Varpe. Voldasupporter.com vil oppdatere frå dette krinsmeisterskapet.

Inne-KM for Jenter 16
24-11-2006 16:49
-Norborg sine jenter 16 skal i helga delta i Rica Parkett Cup i Stordals-hallen. Jentene skal spele 4 innleiande kampar laurdag kveld mot Stordal 2 kl. 1921, Skodje kl. 1955, Blindheim kl. 2029 og Herd1 kl. 2120. - Vi reiser inn med en tropp på 7 jenter, og satser på topp innsats og lurt spel. Sist onsdag kveld spelte laget 4 korte treningskamper i Brattvåghallen mot Brattvåg sine 2 lag som skal delta, og det vart fin oppladning for alle 3 laga. Herd og Skodje er favoritter til dei 2 plassane som gir mellomspel på søndag. Men både Stordal, Blindheim og Norborgs lag kan blande seg inn. Norborg-jentene må også prøve å ”hevne” Norway-cup tapet i den dramatiske uvers-kampen mot Blindheim i sommar, seie lagleiar Per Ringstad. Dei 7 som skal forsvare Norborgs ære er: Ida Holmeset, Albertine Reitan, Marthe Mårstøl, Catrine Flem, Birgitte Ringstad, Martine Gunnarsdottir og Randi Øster Urke. Vi anbefalar Stordal si heimeside for meir info.

Årsmøte utan dramatikk
23-11-2006 22:26
-Årsmøta for fotballgruppa og hovud-laget gjekk utan noko form for drama-tikk. Trond Magnussen tek over som fotballformann etter Nils Edmund Stråmyr, som ikkje tok gjenval. Per Gunnar Søvik held fram som leiar av hovudlaget. Vi kjem tilbake med meir om årsmøtet og styresamansetnaden i morgon.

Tropp på inne-KM
22-11-2006 22:37
-Følgjande er tatt ut på Norborg sine to lag som skal delta på inne-KM:
Keepere: Trond Elstad og Geir Roar Gamlem. 1. lag: Kristian Søviknes, Roger Grytten, Stein Erik Reitan, Kim Idar Krogsethagen, Tarjei Urkedal, Ståle Hurlen, Steffen Grytten, Lennart Holmem og Adrian Håbet. 2. lag: Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal, Edward Laverton, Kristian Furnes, Elling Mikal Kalvø og Ole Johan Urke. Forfall meldast ASAP! Alle må sørge for å finne nokon å sete på med. Avreise kl. 08 frå Søvik. Seinast kl. 0815 på Vatneeidet. Ferge frå Magerholm.

Bergsøy meistrar i junior-KM
19-11-2006 19:41
-Arrangørlaget Bergsøy vann tittelen i junior-KM for menn etter 4-2 siger over AaFK1. Hødd1 tok bronsen etter 3-2 siger over Stranda. Meir finn du på bergsoy.com.

Juniordamene på inne-KM
19-11-2006 15:57
Norborg-Hødd2 1-8
Juniordamene tapte første kamp på inne-KM med 1-8 for arrangørlaget Hødd2. Hødd2 bestod av mange krinsspelarar og Norborg-damene hadde lite å stille opp med. Randi Øster Urke scora for oransjetrøyene. I den andre kampen i gruppa vann Sykkylven 2-1 over Sande.

Norborg-Sykkylven 0-1

Solid keeperspel av Marte Mårstøl gjorde at Norborg berre tapte 0-1 for Sykkylven.

Norborg-Sande 1-1
Norborg spelte 1-1 mot Sande i siste kamp og endte dermed sist i pulja. Norborg hadde sine sjansar til å avgjere kampen, men lukkast ikkje framfor mål. Jannicke Gjerset scora målet direkte på corner.
Bileter frå juniordamenes KM

Haramslaga ute av inne-KM
18-11-2006 19:19
-Norborg var nær ved å få to lag vidare i inne-KM for juniorar, men Norborg1 vart slått ut pga dårleg målforskjell, medan Norborg2 måtte til slutt gi tapt for Spjelkavik i kampen om 2. plassen. Brattvåg stilte opp med tre lag, men gjekk på tap etter tap. Ikkje før i siste kamp mot Ørsta greidde 3. laget å redde noko av Brattvåg si ære med å vinne 3-2.
Les meir..
Bergsøy sine KM-sider

Norborg mest pop i Haram
18-11-2006 10:34
-Norborg kom på 13. plass i kåringa av "klubben i mitt hjerte" med 387 stemmer, og er med det Harams mest populære klubb. Norborg deltok i klassa fleridrettslag under 500 medlemmer. Ravn er Harams nest mest populære lag med 232 stemmer og 32. plass i klassa for fleridrettslag over 500 medlemmer. Brattvåg tok 41. plassen i samme klasse med 192 stemmer. Elles er AaFK Sunnmøres mest populære lag ifølge denne kåringa. Dei fekk 1351 stemmer. Rangeringa bak AaFK er:
2. Valldal 796 stemmer
3. Hovdebygda 442
4. Norborg 387
5. Rollon 370
6. Ørskog 301
7. Herd 292
8. Ravn 232
9. Hødd 216
10. Brattvåg 192
Sjå dagbladet.no for meir.

Banka Brattvåg i 1. kamp
18-11-2006 10:26
-Juniorane vann som venta over Brattvåg sine nest beste i 1. kamp på inne-KM i Fosnavågen. Norborg vann til slutt heile 7-1 etter mål av Adrian Håbet 2, Edward Laverton 2, Asgeir Kalvø, Knut Ivar Bjørlykhaug og Kristoffer Søviknes. Neste kamp er kl. 1110 mot AaFK2, som tapte første kamp med 1-7 for Hødd2.
Sjå bergsoy.com for live oppdatering.

KM-helg for juniorane
17-11-2006 18:26
-Både juniordamene og juniorherrene tek denne helga ture til ytre-søre for å spele Rica Parkett Cup, populært kalla inne-KM. Norborg stille med to jr.-herrelag i Fosnavågen på laurdag og eitt jr.- damelag i Ulsteinvik på søndag. Juniorherrane har omtrent samme 1. oppstilling frå ifjor, men fjorårets store KM-spelar Lennart Holmem er borte. Nye på laget er Samir Sahman, Edward Laverton og Kristoffer Søviknes. Hos junior-damene har Camilla Krogsethagen og Frida Ahrens blitt for gamle, medan keeper Ida Holmeset ikkje har høve til å bli med.
Les meir..

Påmeldt vinterserien
17-11-2006 17:53
-Norborg sitt herrelag er påmeldt vinterserien som skal gå på Herd si kunstgrasbane. Kampane til Norborg vil foregå i siste del av februar og mars.

Dei eldste er best!
16-11-2006 21:33
-I kveldens internkamp mellom senior-laget og juniorlaget vann dei eldste først 10-6 og så 11-4. Kampane gjekk over 30 minutt i Brattvåghallen. For seniorane scora følgjande: Tarjei Urkedal 6, Ståle Hurlen 5, Vebjørn Grytten 3, Jan Even Drønnesund 2, Stein Erik Reitan 2, Christian Søvik 2, samt eit sjølvmål av Ole Johan Urke. For juniorane scora Adrian Håbet 4, Samir Sahman 2, Ole Johan Urke 2
, Asgeir Kalvø og Knut Ivar Bjørlyk-haug. Juniorane skal spele KM på laurdag, medan herrane skal i aksjon 25. november.

Volda trugar med å trekke seg
16-11-2006 16:51
-Volda er like sure som dei var hausten 2000, og trugar no med å trekke seg som arrangør av Rica Parkett Cup for seniorlag, dette fordi dei vart utsett for ei arrangørtabbe i det innleiande spelet på Åheim. Sportsleg leiar i Volda, mannen som fråtok Norborg sluttspelplass på junior-KM i 2002 fordi Kim Idar Krogsethagen visstnok skaut for hardt!!, Magne J. Krumsvik, stadfestar i dagens Sunnmørspost at dei vurderer å trekke seg som arrangør.
- Eit KM i Volda utan Volda på bana vert totalt utan tilskodarappell. Ein skulle tru at krinsen hadde lært av skandalen i Stordal ifjor då det berre var eit par tilskodarar på sluttspelet der Stordal ikkje deltok, seie Krums-vik. Krumsvik kjem her med riv ruskande gale opplysningar om KM i Stordal, som var eit junior-KM. Vi huskar ikkje når Volda måtte reise heim, men Norborg tok seg til bronsefinale og Stordalshallen var stappfull!! Dersom Krumsvik møtte opp i Stordalshallen istaden for Giskehallen den helga senior-KM vart spelt, så forstår vi godt at hallen var tom... :-) Skulle Volda velge å trekke seg som arrangør, håper vi at nokon av laga i fotballens vugge på Sunn-møre, nemleg Haram, kan ta over.

Hentar to spelarar før helga
15-11-2006 17:14
-Norborg har sikra seg to lovande spissar denne veka. Dette er Edward Laverton frå Molde FK og Samir Sahman på lån frå Sarpsborg. Begge vil re-debutere i den oransje trøya under komande helgs Rica Parkett Cup for juniorar. Laverton har scora 31 mål på 81 A-kampar for Norborg. Han var Norborg sin toppscorar i 2005 med 15 mål. Sahman står med 1 mål på 2 A-kampar for Norborg i 2004 før han flytta til Østfold. Vi ønsker begge lykke til i Norborg-trøya igjen.

Stormyr klar for Brattvåg
14-11-2006 22:29
-Joakim Stormyr frå Midsund har signert for Brattvåg. Stormyr har det siste året spelt for Træff, men vel no å gå til hardtsatsande Brattvåg. Det er også venta at Brattvåg vil signere 2-3 midtbane/spissar før jul. Det blir altså hard kamp om å kome med på laget i den nye 3. divisjonsklubben.

Volda utsett for arrangør-tabbe!
14-11-2006 19:59
-Volda rauk ut av Rica Parkett Cup for herrer etter å ha blitt knust 10-1 av Hareid i play-off finalen, men i ettertid har det kome fram at denne kampen aldri burde ha vore spelt. Volda skulle nemleg ha møtt ÅVK, ikkje Hareid. Volda la ikkje inn protest rett etter kampen, og får dermed ikkje ein ny sjanse. Voldasupporter.com har meir om fadesen på Åheim.
Les meir..

Søndagskampar for junior-damene
13-11-2006 20:00
-Norborg sitt juniordamelag har kome i pulje med Sande, Sykkylven og Hødd2 på årets Rica Parkett Cup som blir arrangert i Ulsteinhallen. Norborg spelar på følgjande tidspunkt:
kl. 11:10 Norborg-Hødd2
kl. 13:20 Sykkylven-Norborg
kl. 15:56 Norborg-Sande
Alle kampane går søndag.

Fire lag klare for sluttsspel i RPC for menn
12-11-2006 22:56
-Gulars, Ørsta, Hareid og ÅVK er klare for sluttspelet i Rica Parkett Cup for menn etter at søre-laga gjennomførte innleiande spel i Olivinhallen denne helga. Arrangør-klubb Åheim har meir om kampane. Norborg og dei andre laga på Nordre- og Austre-Sunnmøre spelar om to veker.

Spjelkavik vann Rica Parkett Cup for jenter 14 år
12-11-2006 21:44
-Spjelkavik vann årets RPC-finale for jenter 14 år med 1-0 over Hødd. VRF2 tok bronsen etter 3-0 over nabo Sykkylven. Toppscorar turneringa vart Hødds Kristin Haddal med 10 mål. Årets spelar vart Amanda Sellereite frå Spjelkavik. Grunngjevinga var; viktig brikke på laget, god til å bryte spelet og med mange viktige inngrepen i finalen. Blant anna to redninger på strek. Ho haldt eit høgt nivå i heile turneringa. Elles vil arrangørane takke dommarane Geir Ove Grønli, Arild Vegsund, Odd Arne Grande og Fredrik Løken for innsatsen, samt alle som bidrog til gjennomføringa.
Resultater

Spjelkavik og Hødd til finalen
12-11-2006 18:41
-Spjelkavik og Hødd har imponert under dagens inne-KM og møtast i finalen.
Resultater

Slo Rollon
12-11-2006 18:28
-Haram HK sitt damelag vann 22-21 i bortmøtet med Rollon i 4. divisjon idag. Dette var lagets 2. siger på 3 kampar.
Tabell

Semifinaleoppsettet
12-11-2006 18:22
-VRF2, Spjelkavik, Sykkylven og Hødd er vidare til semifinalane. Den mest spennande kampen i kvart-finalane var internkampen mellom VRF. Etter 1-1 ved ord. tid og ekstraomganger vann VRF2 7-0 på cornere.
Resultater

Kvartfinalane klare
12-11-2006 16:34
-Kvartfinalane er no klare i årets RPC for Jenter 14. Stranda og VRF har to lag med vidare For VRF blir det internoppgjer om plass i semifinal-ane. Dei øvrige kvartfinalane er Spjelkavik-Stranda2, Sykkylven IL-Sunnylven og Hødd-Stranda1. Topp-scorarar etter gruppespelet er Spjelkaviks Iseling Vestnes og Kristin Haddal frå Hødd. Begge med 5 mål.
Resultater
Tabeller

3 x tap for småjentene
12-11-2006 12:13
-Småjentene viste stor gjestfriheit i sitt eige inne-KM og lot Sykkylven, Sunnylven og VRF1 få tre poeng kvar.
Resultater

Inne-KM Gutar 16
12-11-2006 11:30
-Norborg tapte sine tre kampar på inne-KM. Først vart det eit knepent 2-3 tap for Emblem. Seinare på kvelden vart det 1-6 for grppevinnar AaFK og 0-2 for Sande. Skjalg Volstad (2) og Martin Grytten scora for oransje-trøyene.
RPC G16

Stem på Norborg som klubben i ditt hjerte

-No kan du stemme på Norborg som klubben i ditt hjerte. Får Norborg flest stemmer så får klubben 50 000 kroner i premie frå Norsk Tipping. (Du kan stemme ein gong om dagen)
Stem her


Gutelaget med solid siger
7-11-2006 20:25
-Så har gutelaget sin siste seriekamp blitt gjennomført, og den enda med solid 4-1 siger over HaNo/Lepsøy på Brattvåg KGB i kveld. Martin Grytten (2), Bee og Kristoffer Engeset scora for oransjetrøyene.

Brattvåg påmeldt RPC J14
- nytt oppsett
7-11-2006 19:35
-Brattvåg er etterpåmeldt Inne-KM for jenter 14. Nytt oppsett finn du på linken under.
Kampoppsett RPC J14

Johansen trekk seg som Rollon-trenar
7-11-2006 18:06
-Rollon står utan trenar etter at Stig Johansen har sagt opp stillinga si, melde rollon.info. Johansen tok over Rollon i vinter etter at Elling Kjærstad måtte gi seg. Rollon rykte som kjent ned frå 3. divisjon etter årets sesong, og vil møte Norborg neste år.

Inne-KM for juniorar
5-11-2006 17:23
-Bergsøy skal om to veker arrangere Rica Parkett Cup for junior herrer, og bergsoy.com har i det høve laga eigen KM-side. Her finn vi blant anna ein liten artikkel om Norborg.
Les meir..

Smågutane slo Brattvåg
5-11-2006 11:38
-Norborg sitt G14 lag fekk det tøft på Rica Parkett Cup som blir arrangert i Sykkylven denne helga. Oransje-trøyene tapte 8-1 for Herd, 7-2 for Blindheim og 6-0 for Volda, men gjorde det viktigaste, nemleg å slå Brattvåg 4-2.
Resultat

Stem på Norborg som klubben i ditt hjerte
4-11-2006 19:28
-No kan du stemme på Norborg som klubben i ditt hjerte. Får Norborg flest stemmer så får klubben 50 000 kroner i premie frå Norsk Tipping.
Stem her

Revidert kampoppsett Rica Parkett Cup Jenter 14
3-11-2006 19:18
-Ettersom Valder trakk laget har det blitt forandringar på oppsettet for Rica Parkett Cup Jenter 14.
Les meir..

Inne-KM Jenter 16
2-11-2006 22:23
-Gruppene til Rica Parkett Cup for jenter 16, som Stordal arrangerar 25. november er klare. Norborg har kome i gruppe E saman med Herd1, Blind-heim, Skodje og Stordal2.

Rundskue
2-11-2006 20:57
-Vår nye divisjonskollega Bergsøy jaktar ny trenar etter at Svein Haukås ga seg etter ein sesong. Ein trenar som er ledig på markedet er Kenneth Moldskred. Han ga seg i Hareid etter årets sesong. Det er endå usikkert kven som tek over både Bergsøy og Hareid. Hos våre naboar i sør har Jonny Dyb tatt over som trenar. Dyb er utdanna C-trenar og skal prøve å få Ellingsøy tilbake til 4. divisjon. Årets Herd-trenar Jan Ove Lange har teke over neste års 3. divisjonslag Blindheim. Årets Blindheim-trenar Rune Johan Skodje Olsen blir ass. trenar. Træff-spelar og midsunding Joakim Stormyr er observert på Brattvåg-trening. Om det blir over-gong for årets spelar og toppscorar på Midsund i 2005 er uvisst. Norborg-keeper og militærist Bjørnar Engeset har fått turnusordning med ei veke på og ei av. Han blir dermed vonleg ofte å sjå på Norborg sitt treningsfelt dei neste månadane.

Inne-KM Gutar 14
2-11-2006 20:29
-Sykkylven IL arrangerar i samarbeid med FK Sykkylven Rica Parkett Cup for gutar 14 i helga. Norborg har kome i pulje E saman med Herd1, Volda1, Brattvåg og Blindheim2. Meir om KM finn du på fksykkylven.no.