2005

Dagboka

28 lag påmeldt CCC
-fire ledige plasser igjen
29-11-2005 17:54
-Det er per tysdag ettermiddag påmeldt 28 lag til CocaColaCup i Brattvåghallen neste helg. Det siste laget som har meldt seg på er Svingens under leiing av Hans Martin Otterlei. Fire ledige plasser gjenstår, så her kan det bli fullt. Vi mangler lag frå Valderøya, Godøya, Vigra og Strandaområde. Noen som tar utfordringa derifrå ?


Bronsjelaget på juniorKM
28-11-2005 13:40
Følgjande spelarar deltok på juniorlaget som tok 3.plass på Rica Parkett Cup i helga: Gutespelerande Adrian Håbet, Stein Erik Alvestad og Elling Mikal Kalvø, første års juniorane Ole Johan Urke, Bjørnar Engeset og Kjell Terje Brusdal, andre års juniorane Asgeir Kalvø og Knut Ivar Bjørlylhaug og siste års junior Lennart Holmem.
Bilete


Sunnylven forsterkar
27-11-2005 20:25
-Sunnylven har vore på spelarjakt den siste tida og har fått napp med Anders Tomren frå Tomrefjord og Espen Magerøy frå Åndalsnes. I tillegg vil Kjell Olav Hauge, Thord Are Stølen, Tore Rusten og ikkje minst den gamle Norborg-stopparen Karl Andre "Kalle" Birkhol vere med i a-stallen, melder sunnylven.no

Hareid tok gullet!
27-11-2005 20:15
-Vi gratulerer Hareid som vinnarar av årets inne-KM. I finalen levna dei Stranda få sjansar og vann heile 6-2. i Ola Marius Grønmyr Rise scora tre av måla og vart dermed turneringas toppscorar med 20 mål. Vår eigen Lennart Holmem kom med sine 18 mål på 2. plassen.

Bronse til Norborg!
27-11-2005 19:28
-Norborg tok ei fantastisk bronse-medalje under årets Rica Parkett Cup for juniorar. I bronsefinalen ga Asgeir Kalvø oransjetrøyene leiinga før Herd snudde kampen. Men med blikket på toppscorarpokalen vakna Lennart Holmem og putta tre gongar. Dermed 4-3 til Norborg. Vi gratulerer så mykje med bornsemedalja. Den første i Norborg si historie.

Finaledraumen knust
- Hareid vart for gode
27-11-2005 18:54
-Så vart det stopp for Norborg si ferd mot gull i juniorKM. Hareid viste seg som eit betre lag og vann heile 7-2 over våre spelarar. Kjell Terje Brusdal og Adrian Håbet sine mål ga håp om finaleplass, men på stillinga 2-3 sa Hareid takk for seg og vann 2-7. Norborg møter Herd i bronsefinalen. Uansett resultat her har Norborg gjort ei turnering over all forventing.

Norborg er i semi'n
-fantastisk kamp mot Hødd
27-11-2005 17:20
-Norborg vann 6-5 over Hødd i kvartfinalen. Joachim Magnussen ga storfavorittane frå Hødd tidleg leiinga, men Norborg utlikna ved Adrian Håbet. Men få sekund gjekk før Magnussen ga Hødd føringa igjen, men no vakna Norborg og snudde kampen etter mål av Asgeir Kalvø og Lennart Holmem. Hødd ga seg imidlertid ikkje og på eitt minutt scora dei både 3-3 og 4-3 ved Eivind Mikal Myklebust og Magnussen. Men då sette Norborg inn høg-giret og scora tre gongar ved Lennart, Adrian og Asgeir. Like før slutt pynta Hødd på resultatet ved Leiv Sindre Muren. Alt i alt heilt fantastisk av Norborg som no er sikra to kampar til i turneringa. Lennart Holmem er for øvreg toppscorar i turneringa saman med Ola Marius Grønmyr Rise (Hareid). I semifinalen møtest nettopp Norborg og Hareid.

AaFK2 for sterke
27-11-2005 15:58
-Norborg1 tapte 3-5 for AaFK2 i siste kamp av mellomspelet. Lennart Holmem fortsette å bøtte inn mål for Norborg. I denne kampen vart det tre nye. Norborg møter favorittane Hødd i kvartfinalen.

Norborg2 tapte for Brattvåg
27-11-2005 12:59
-Norborg2 hang bra med Brattvåg sitt beste lag dei første 10 minutta. Men på stillinga 2-3 var det slutt og BIL1 auka jamnt og trutt til 2-7. Likevel ei flott turnering av Norborg2. Erlend York og Martinus Grytten scora for oransjetrøyene.

Klar for kvartfinale
27-11-2005 12:29
-I Norborg1 si mellomspelsgruppe spelte Hødd2 og AaFK2 6-6. Dette resultat fører til at Norborg1 er klare for kvartfinale.

Siger etter visse start-problem
27-11-2005 12:01
-Norborg1 hadde visse startproblem i sin første kamp mot Herd2, men snudde 3-5 til siger 6-5. Adrian Håbet og Lennart Holmem scora tre mål kvar.

Godøy/Vigra1 for sterke
27-11-2005 11:56
-Norborg2 tapte 2-8 for Godøy/Vigra1 i første mellomspelskamp i dag tidleg. Martinus Grytten scora begge Norborg2 sine mål. Laget skal om ein halvtime spele mot Brattvåg1.

Norborg1 vidare
26-11-2005 15:45
-Norborg1 vann si gruppe etter 6-4 siger over Emblem/Blindheim. Norborg1 tok leiinga på sjølmål før minuttet var gått, men Emblem/ Blindheim kvitterte raskt. Etter dette hadde oransjetrøyene full kontroll på kampen og leia 6-1 før E/B fekk redusere tre gongar på slutten. Lennart Holmem (3) og Adrian Håbet (2) scora. Nysignerte Holmem er for øvreg førebels toppscorar i turneringa saman med Kristoffer Morterund (E/B) og Thomas Pedersen (AaFK). Alle har 7 mål. Norborg1 møter Herd2 og Aalesund2 i morgon.

Norborg1 med to strake sigrar
26-11-2005 13:29
-Norborg1 har fått ein god start på inne-KM for juniorar med to sigrar i dag formiddag. Visse startproblem var det likevel. Oransjetrøyene låg under 0-2 for Hødd2 allereie etter to minutt i den første kampen, men så kom maskina i gong og laget snudde til kampen til 5-3 siger. Lennart Holmem (2), Adrian Håbet, Stein Erik Alvestad og Knut Ivar Bjørlyk-haug scora. I kampen mot Stranda2 hadde laget bra kontroll og vann 5-2 etter mål av Lennart Holmem (2), Asgeir Kalvø, Ole Johan Urke og Adrian Håbet. Lennart har altså kome godt i gong i den oransje trøya med 4 mål på to kampar. Norborg1 spelar sin siste kamp i gruppespelet mot Emblem/Blindheim kl. 1504.
Sjå Stordal sine KM-sider.

Norborg2 til sluttspel
-dramatisk avslutning!
26-11-2005 1:38
-Norborg2 har satt press på Norborg1 då dei kvalifiserte seg til sluttspelet på JuniorKM Inne etter siger 5-4 mot Ørskog/Stordal2 i playoffkampen. Kristoffer Engeset vart matchvinnar i ein kamp der arrangørklubben missa åleine med Norborgkeeper Kristoffer Søviknes sju sekund før slutt. Norborg sine mål vart satt inn av Fredrik Furnes2, Kristoffer Engeset2 og Erlend York. Dei vil møte Brattvåg1 og Godøy/Vigra i mellomspelet på søndag.


Klart tap mot Herd
25-11-2005 21:46
-Norborg2 måtte sjå seg slått 12-2 av Herd1 i 2. kamp. Med fleire 4. divisjonsspelarar på laget var det aldri tvil kvar sigeren skulle hamne, men likevel god innsats av Norborg2. Fredrik Furnes og Eivind Fjørtoft scorte for oransjetrøyene.

Krogsethagen helt då Norborg vann
25-11-2005 20:38
-Karl Inge Krogsethagen vart matchvinnar då han 20 sekund før slutt putta sitt andre mål i Norborg2 sin 5-4 siger over Ørskog/Stordal2 i første kamp på junior KM. Norborg2 tok leiinga i kampen, men heime-laget scora 3 mål før oransjetrøyene vakna til liv og til slutt tok alle poenga. For utan Karl Inge sine to mål scora Bee, Martinus Grytten og Fredrik Furnes. Vi henviser elles til Stordal sine KM-sider som er til ein kvar tid oppdatert.

2*gjenvalg på Årsmøte
24-11-2005 23:46
-Det var to udramatiske årsmøter som vart gjennomført i Norborg i kveld. Per Gunnar Søvik tok gjenvalg i hovedlaget, medan Nils Edmund Stråmyr tok gjenvalg i fotballstyret. Fyldige årsmeldinger vart godkjente på begge årsmøta, og dei synte stor aktivitet i idrettslaget. Økonomisk sett så vart det lagt fram to sterke resultat. Hovedlaget gjekk med eit resultat som viser sterk økonomistyring, og gir klubben ei solid plattform på høgaste organisatoriske nivå. Når dei i tillegg kunne legge fram eit regnskap for nybana så viser eit minimalt lån som er mindre enn årsresultatet. God støtte frå næringslivet, kommune og tippemidler er årsaka til dette. Årsmøte fann heller ingen grunn til å auke medlems og treningskontigentene som dermed blir uendra. Medlemskontigent 50,-, treningsavgift aldersbestemt opp til 18 år 300,-, senior damer 600,-, senior herrer 700,-. Regnskapet til fotballgruppa viste eit solid overskudd etter høge billettinntekte, dugnadsinntekte og sponsorstøtte i året som har forløpt. Når kostnadene i tillegg er under kontroll så gir dette fotballstyret ei solid plattform å starte det nye året på. På hovedlagsmøte vart det i tillegg vedtatt at fotballstyret han mandat til å sette ned ei prosjektgruppe som skal jobbe videre med utvikling av ein "fremtidsvisjon for Uggedal idrettspark". I første omgang med hovedfokus på utvidelse av klubbhuset. Årsmeldinger med meir kjem seinare.


Norborg-Brattvåg på KM!
22-11-2005 18:29
-Valder har sluppet oppsettet for sluttspelet til seniorKM for menn inne. Norborg har hamna i gruppe med Brattvåg, Hovdebygda og Hareid. Den andre gruppa består av Volda, Ørsta, Godøy og Stordal. -Ei knallhard gruppe. Brattvåg med sunnmøre sin kanskje beste inneduo i Arnel Colic og Frank Dalhaug, Hovdebygda som har hatt ein knallsterk sesong og Hareid som alltid har gjort ein sterk figur innendørs. Her må det krigast om poeng skal vinnast, sier Norborg si sportslege leiing i ein kommentar.
Heile oppsettet..


CocaColaCup!
22-11-2005 14:58
-Det nærmar seg CocaColaCup i Brattvåghallen 10. og 11.desember med Norborg som arrangør. Det var på mandag påmeldt 17 lag, men det er fortsatt plass til mange fleire. Så oppfordringa går til samtliga om å samle saman ein venneflokk, og melde dere på. Ei særlig oppfordring går til jentene i distrikte! Vi vil ha med dere også, og melder det seg på nok lag så kan vi sette opp ein eigen jentecup med finale! Det er då viktig dere har med ein stor "D" eller merker namnet dere med dame i påmeldinga slik vi får skilt laga. Vi har i tillegg ein overraskelse på lur til ei heldig jente som deltar. Alle jentene som deltar vil være med i trekninga av ein meget fin premie. Offentliggjørelsen av kva denne premier er vil vi kome tilbake med neste uke. Så meld dere på på CocaColaCup sidene snarast!


The rise and shine of Fiskerstrand
20-11-2005 18:32
-Etter ein flott 2004 sesong vart årets sesong ein gedigen nedtur for Fiskerstrand Fotball. Spelarflukt, lite poeng og lite peng var melodien, men nu går alt så meget bedre, som Kåre Willoch ville ha sagt det. Etter at Per Magne Mosti Juliebø kom inn igjen på trenarsida etter ein kvikk opptreden i Langevåg, har fleire spelarar meldt sin ankomst. I tillegg har Jostein Håland funne start-knappen på PC'n sin og teke til å oppdatere heimesida igjen. Dermed ser FIL ut til å igjen ta opp kampen med Giske om å rykke opp til 5. divisjon. Sjå fiskerstrandfotball.com for meir info.

Berre nesten for jentene i KM
20-11-2005 18:25
-Det vart 1 poeng, og godt spel i 1-1 kampen mot Valder, unødvendig tap 2-3 og litt dårleg spel mot Sulalaget, 1-4 mot Brattvåg, men god kamp der Norborg leia 1-0 og kampen bikka på 1-1 før Brattvågs gode Vibecke Krogseter avgjorde med 3 scoringer. Siste kampen tapte vi litt uinspirert 0-2 mot Sande. Likevel godkjendt for Norborg jentene som med litt meir tur og tæl kunne gått til semifinalen. Camilla Krogsethagen (2), Camilla Johansen og Jannicke S. Gjerseth scorte for oransjetrøyene.
Meir på Brattvåg sine KM sider.

Norborg på 5. plass
19-11-2005 18:23
-I konkurransen "Klubben i mitt hjerte" kom Norborg på 5. plass med 290 stemmer. Norborg låg ei stund på pallplass, men i løpet av den siste veka sanka vinnarane Dalselv IL, NTNUI Dragvoll og Hemnes svært mange stemmer og tok dei tre første plassane. Av andre lokale lag så kom Rollon på 7., Ravn på 10., Valldal på 11. og Hovdebygda på 13. plass.
Liste

Norborg vann fair-play pris
19-11-2005 18:14
-Norborg mottok på SFK sitt leiar-møte fair-play prisen i guteklassa. Premien er 2500,- og t-skjorter. Åram mottok prisen i jenteklassa, medan Stordal vart kåra til årets jenteklubb.

Haram vart årets fotball-kommune
19-11-2005 18:12
-Haram vart på dagens leiarmøte hos SFK kåra til årets fotballkommune på Sunnmøre. SFK seie dette om Haram: "Også i år er aktiviteten stor i denne kommunen, spesielt på jentesida. Nokre av klubbane i Haram er mellom dei mest førande i kretsen både på jenterekruttering og nyskapande tiltak for å få fleire til å spele fotball. Mange klubbar fører til sunn konkurranse mellom loka-lsamfunna og kommunen kryr av dyktige leiarar. To nye anlegg er åpna i Haram i år, ein ballbinge på Vatne som er gjeven av Haram kommune i samband med NFFs 100 års jubileum og ny grasbane i Uggedal, bygd med stor dugnads-innsats av medlemmane i Norborg. Kulturprosjektet "Sjå og bli sett!" er eit døme på kreativ nytenking mellom ulike kulturinstitusjonar og kommunen. Bidraget til anleggs-utbygging kunne vore sterkare frå kommunen si side."

Molde tok hevn
19-11-2005 18:00
-18 år etter at Moss frårøva Molde for seriegullet, fekk blåtrøyene hevnen sin i kvalifiseringskampen om den siste plassen i neste sesongs tippeliga. Molde var suverent best og vann 2-0 etter mål av Friend og Mavric.

Norborg - Hovdebygda på Ona neste år?
17-11-2005 20:31
-På Hovdebygda si heimeside står følgjande å lese i dag: "Bjørnar, Bjørn Ove og Jan Egil har alle sagt at det blir for langt å reise til Valderøya og blir mest sansynlig ikke med. Dette går ikke. Da har vi jo ikke noen grunn til å reise."
Norborg si sportslege leiing ser her ei god mulighet til å kunne få møte eit svekka Hovdebygda til seriekamp neste år. I følgje den sportslege leiinga er allerede banekontaktene vore på synfaring ute i havgapet på Ona. Mulighetene for å omlegge ei beitemark til godkjent arena for 4.divisjon på rekordtid skal vist la seg gjøre. Vi får håpe SFK godkjenne planane, og Hovdebygda finn elleve menn som kan ta turen til Ona.


Norborgs Junior jenter klar for Rica Parkett Cup J19
17-11-2005 20:30
-På søndag stiller vi til Junior-KM i Brattvåghallen med ein ung tropp på 10 jenter. Etter 3 gode treningsøkter i hallen på Eidet, har gruppa fått lagt om stilen til rask innefotball, og på siste økta vart det ”bøtta inn” mål i haugevis. Så det blir spennande å sjå om dette kan fortsette mot dei heilt sikkert gode laga vi skal møte på søndag: Sulalaget. Brattvåg, Valder og Sande. Første kampen er kl 1100. Jan Egil og Aleksander blir lagets ”innpiskarar” Lykke til, jenter frå Per Ringstad.


Hovdebygda med ny keeper
15-11-2005 22:22
-Hovdebygda har sikra seg ny keeper, melder hil-fotball.net. Det er Morten Andre Hagen som har takka ja til spel for HIL. Hagen studerer i Volda og har tidlegare spelt for Tromsø.

Truleg seeding
14-11-2005 23:36
-Åtte lag skal kjempe om å bli krinsmeister i innandørsfotball for herrar i Giskehallen 3. desember. Basert på tidlegare sluttspel og laga sin innsats hittil i sesongen trur vi laga blir seeda slik.
Nivå 1: Volda og Hareid
Nivå 2: Ørsta og Godøy
Nivå 3: Brattvåg og Norborg
Nivå 4: Hovdebygda og Stordal
Kan vi håpe på finale mellom Brattvåg og Norborg... Steffen "No-goal" Grytten har følgjande kommentar på dette: "vinn vi KM så skal ej kappe av meg tissen og ete han". Bon appétit, ladden.

Haram nominert til årets fotballkommune
14-11-2005 23:32
-Haram er saman med Stranda og Stordal nomiert til årets fotball-kommune på Sunnmøre. Kven som stikk av med prisen blir klart på laurdag.
Les meir..

Norborg3 til sluttspel
13-11-2005 21:05
-Norborg3 gjorde ein glimrande innsats på Rica Parkett Cup søndag. Vigra vart slått 5-2, HaNo 4-3, Rollon 8-4 og Ravn 8-3. Dermed er laget vidare til sluttspelet der ein også finn Brattvåg, Godøy, Stordal, Hareid, Hovdebygda, Ørsta og Volda. Stordal imponerte ved å slå ut SIF og Spjelkavik. Elles skryt til arrangørlaget Godøy IL for eit flott arrangement.
Les meir..

Ørsta og Volda til sluttspel
13-11-2005 22:20
-Ørsta og Volda gjekk vidare til sluttspelet frå gruppespelet i Voldahallen. Ørsta slo ut AaFK sine juniorspelarar, medan Volda fekk god hjelp av Flø2 til å gå vidare på bekostning av Langevåg.
Tabell
Resultat (frå VTI-fotball.no)

Inne-KM søndag
13-11-2005 12:24
-Norborg3 skal i dag i aksjon på inne-KM. Dette er Norborg si 1. og 2. rekke og live oppdatering finn du på Godøy sine nettsider.

Rundskue
12-11-2005 23:27
-Erling Ytterland har vore i søke-lyset til fleire klubbar etter at han ikkje fekk fornya tillit som junior-trenar i AaFK. "Yttis" har no tenkt seg om og bestemt seg for at FK Sykkylven skal bli hans nye klubb. Med seg får han Roger Furnes og Robert Sogge. Stranda har mista to spelarar etter nedrykket frå 3. divisjon. Det er Jesper Petersen og Kieran Danagher som reiser heim til Sverige, melder strandafotball.no. Spjelkavik har vore å fiska etter to Norborg-spelarar, men har fått svaret uaktuelt. Klubben vil ikkje gå ut med namnet på spelarane. Også Brattvåg har vore ute etter ein Norborg-spelar, men har fått nei.

Velkomen Blindheim
-på gjensyn Vigra
12-11-2005 23:18
-I kvalifiseringa om spel i 2. divisjon fekk Volda det som venta tøft i bortemøtet med Kristiansund BK og tapte 3-0. Samanlagt vart det då 4-2 til nordmøringane. Dermed er Blindheim/Emblem tilbake i 4. divisjon, medan Vigra må ta den tunge turen ned til 5. divisjon og Giske til 6. divisjon.

Hovdebygda og Hareid vidare
12-11-2005 23:07
-Hovdebygda2 stod for dagens overrasking då dei slo ut Hødd av årets inne-KM. Hovdebygda vann 6-4 over Hødd i sin første kamp, og med sigrar over Hareid2 og Herd var laget allereie klare for sluttspelet før siste kamp mot Vartdal, som enda med 8-12 tap. Hareid1 vann 5-3 over FK Sykkylven og gjekk dermed vidare på betre målforskjell enn FKS.
Tabellar
Resultat (Volda sine nettsider)

Vonleg betre enn Tufte
12-11-2005 21:53
-Norborg hadde to lag med i dagens inne-KM på Godøya. Det endte med 8 tap og 19-80 i målforskjell. Kanskje vi hadde slått Tufte, sa Norborg1 sin Vebjørn Grytten etter kampen mot Skodje.
Les meir..

Norborg1 neste ut
12-11-2005 11:14
-Norborg1 startar å spele sine kampar kl. 1315. Vi oppmodar alle til å følgje utviklinga på Godøy sine særs gode KM-sider.

Norborg2 i vanskar
12-11-2005 11:05
-Norborg2 har tapt sine 3 første kampar på inne-KM. Trimgutta vart først senka av Even Otterlei og Hildre med 3-5. Bjarte Søviknes, Biarte Hånes og Andre Larsen scora for Norborg, medan altså Otterlei vart kampen sin store spelar med 4 mål. I tillegg scora Egil Fiksdal for hildringane. I andre kamp stod Brattvåg på andre halvdelen. Etter å ha haldt nullen i nesten 3 minutt starta dalhaug-karane målshowet for BIL. Det heile enda med 16-0. Roger Dalhaug scora 5 mål, Arnel Colic 5, Frank Dalhaug 3, medan Sverre Ulstein Fjørtoft, Azem Maksumic og Mathias Fjørtoft putta eitt kvar. Den tredje kampen er akkurat ferdigspelt. Her vart det 14-2 tap for SIF. Geir Magne Grande og Øyvind Davik scora for oransjetrøyene. Siste kamp går mot Fjørtoft kl. 1140. Brattvåg går imidlertid mot puljesiger sidan di vann opningskampen mot SIF med 6-2. Arnel Colic leika med sebratrøyene og putta 4 mål. To av dei kom i løpet av kampens første to minutt. Følg live oppdateringa på Godøy sine nettsider.

Smågutane på inne-KM
11-11-2005 18:20
-Smågutane er akkurat ferdig med sin første kamp på inne-KM som blir arrangert av Ravn. Motstandar var Skodje og resultatet vart 2-2. Adrian Holmeset og Johan Stavik sørga for Norborg sine mål. Kampprogram:
kl. 1851 Norborg-AaFK1
kl. 1942 Norborg-Stordal
kl. 2033 Norborg-Ørsta1
Les meir på Ravn sine nettsider.

Selbervik inn i troppen
11-11-2005 18:06
-Keeper Bjørn Tore Selbervik er heime og styrkar Norborg2 sin tropp. Norborg2 håpar også å få med Øyvind Kvammen til inne-KM.
Troppane

Troppar til inne-KM
8-11-2005 18:35
-Norborg sine 3 lag til Rica Parkett Cup på Godøya 12. og 13. november er klare.
Les meir..

Holmem signerte for Norborg
8-11-2005 16:57
-Lennart Holmem signerte i ettermiddag overgangspapira som gjer han til Norborg-spelar sesongen 2006. Norborg har over lang tid prøvd å sikra seg Brattvåg-angriparen utan hell før altså i dag, då Knut Ivar "Shittu" Bjørlykhaug såg seg lei, tok saka i eigne hender og sendte Holmem på døra til sportsleg leiar. Lennart blir venteleg klar til junior-KM om nokre veker. Norborg si sportslege leiing er svært glade for å endeleg få Lennart i spelarstallen.
-Vi får her teknikk, fart og aggress-ivitet. Utan tvil at vi no har fått ein av dei mest talentfulle spelarane i kommuna i stallen vår, og som vil utfylle dei andre spelarane godt, heiter det i ei pressemelding. Vi ønske Lennart hjarteleg velkomen til klubben.

Småjentelaget tok 2.plass
-smågutane ut på corner!
6-11-2005 21:10
-Småjentelaget tok ein sterk 2.plass på TareCup i helga. Vi kjem tilbake med meir om dette seinare. Smågutelaget vann 2-0 mot Fiskerstranda etter mål av Martin Morland og Skjalg Volstad i 16-delsfinalen. I neste kamp rauk man ut på verst mulig måte. Etter fulltid var stillinga mot årets suverene mestera frå AaFK1 0-0. Dermed gjekk AaFK1 vidare på flest hjørnespark.
Les meir om småjentene..


Hødd vann G16 KM
6-11-2005 19:57
-Det måtte sudden death til for å kåre ein vinnar i gute 16 KM mellom Hødd og Brattvåg etter at det stod 1-1 ved ordinær tid. Her viste Hødd seg som det beste laget og vann 2-1 etter litt over to minutt spel. Stranda tok bronse etter 4-1 over Herd i bronsefinalen.

På hovudet ut av KM
6-11-2005 19:52
-Norborg tapte for Herd (2-5) i siste mellomspelskamp. Norborg vart dermed nr . 2 i gruppa og møtte Stranda i kvartfinalen. Eit lag ein vann 8-4 over i innleiande spel. Norborg styrte banespelet, men sleit med å sette sjansane. I stede gav man bort noen feite sjansar til Stranda på eigne feil. Dermed vann Stranda 3-1 over oransjetrøyene og gjekk vidare til semifinalen, medan Norborg sat igjen med ein delt 5.plass. Adrian Håbet som vart skada i andre mellomspelskamp vart Norborg sin toppscorar med 9 mål.

God innsats, men tre tap
6-11-2005 16:21
-Det andre smågutelaget på Tarecup viste floott innsats, men måtte sjå seg slått i alle dei 3 kampane. Laget som bestod av berre 13-åringar tapte 0-4 for Aksla4, 0-4 for Ørskog og 0-2 for Sykkylven2.

Fossar vidare i inne-KM
6-11-2005 16:15
-Norborg sitt vann 4-3 over Volda og 3-1 over Langevåg i inne-KM for gutar 16 år. Martinus Grytten 2, Adrian og Eivind scora mot Volda, mens Bee, Adrian Håbet og Martinus Grytten scora mot Langevåg.

Gratulerer Molde FK!
6-11-2005 16:03
-Molde FK vann til slutt 4-2 over Lillestrøm i årets cupfinale på Ullevaal stadion. Rob Friend og Madiou Konate ga MFK 1-0 og 2-1 i ordinær tid. Ei dommertabbe 30 sekund før slutt førte til at LSK fekk straffe og Arild Sundgot sørga for ekstraomgangar. Men i ekstra-omgangane var det ingen tvil kvar sigeren skulle hamne. Løpsvillige Molde-spelarar audmjuka kanari-fuglar med eit snev av fugle-influensa med mål av Daniel Berg Hestad og ikkje minst John Andreas Husøy, harøyingen med ein kamp eitt mål for Norborg. Vi gratulerer!

Avslutta med to sigera
5-11-2005 23:51
-Gutelaget avslutta med å vinne også dei to siste kampane i gruppespelet. Stranda vart besigra 8-4 i den andre kampen. Mål-skårera var Adrian Håbet 4, Stein Erik Alvestad 2 og Martinus Grytten 2. I den siste mot Åheim kampen vart det eit tallrikt antall treff i stolpane, deriblant ein i begge stolpane på same skudd frå Adrian. Likevel fann fire baller vegen til nettmaskene og sørga for 4-0 siger. Stein Erik Alvestad, Adrian Håbet, Martinus Grytten og Kristoffer Søviknes skåra dei fire fine måla. I morgon møtar man Volda, Langevåg og Herd i mellomspel. Første kamp mot Volda er 10.44. Følg med her på sida for morgodagens resultat.


Norborg opna med siger
5-11-2005 18:29
-Norborg sitt G16 lag vann 3-0 over Brattvåg2 i sin første kamp på inne-KM. Erlend York, Stein Erik Alvestad og Eivind Fjørtoft scora.

Smågutane med topp innsats på Tare Cup
5-11-2005 13:58
-Eit av Norborg sine smågutelag er videre på TareCup etter to sigera og ein uavgjort i puljespelet. Det andre laget spelar sine kampar i kveld, då også småjentelaget spelar sine kampar. I første kamp vann man 2-1 mot Sykkylven. Målskårera var Martin Grytten og matchvinnar Marius Hatlehol. I den andre kampen vart Bergsøy grusa med 5-0 etter mål av Martin Morland 2, Martin Grytten, Robin Hånde og Johan Stavik. I siste kampen som var puljefinale vart det 3-3 mot sterke Hessa. Johan Stavik2 og Martin Grytten ordna nettsusen i den kampen. Hessa vart dermed puljevinnera på eit plussmål meir.


Brattvåg og Hødd videre med full pott
5-11-2005 13:56
-Brattvåg og Hødd er begge videre med full pott frå innledande spel på Rica Parkett Cup G16 i Sykkylven. Volda og Langevåg er videre som toerlag, medan Ravn endte på tredjeplass i si pulje med siger mot Rollon2 i siste kamp. Norborg spelar sine kampar i kveld. Følg med her for oppdateringer etterkvart.


Solid bot til Norborg
3-11-2005 23:23
-Norborg får heile 14250,- kroner i dommerbot denne sesongen. Dette er eit resultat av at klubben har svært få aktive dommarar (0 i haust), men mange lag med i systemet. Berre Hødd overgår Norborg på dette punktet. Blå-trøyene må sjå 16050,- sure kroner forsvinne frå klubbkassa. Oversikt over kven som må gi og kven som får finn du på SFK sine nettsider.

Tøffe grupper for Norborg
3-11-2005 23:14
-Det blir svært tøft å gå vidare for Norborg sine tre lag på Rica Parkett Cup. Norborg1 har hamna i "dødens" pulje med Valder, arrangørklubb Godøy, Brattvåg2 og Skodje. Valder, Norborg og Skodje utkjempa i fjor ein svært tøff og jamn kamp om å gå vidare til sluttspelet på Åheim. Då trakk Norborg det lengste strået. I år blir det endå tøffare med Godøy også i pulja. Norborg2 har kome i pulje med Skarbøvik1, Brattvåg1, Hildre og Fjørtoft. Her blir sjølvsagt SIF1 den store favoritten, men må passe seg for Brattvåg1, som var i sluttspelet i fjor. Norborg3 har kome i gruppe med Rollon, HaNo, Vigra og Ravn. Tilsynelatande skal Rollon ha størst sjanse til å gå vidare frå denne gruppa. I den einaste gruppa Norborg ikkje stille lag spelar Spjelkavik, Ellingsøy, SIF2, Stordal og Lepsøy. Her skal Spjelkavik kunne spasere seg til sluttspel. Info og kamptider finn du på Godøy sine nettsider.

Bonden og Fazza til Vigra?
2-11-2005 22:52
-Sunnmøre fotballkrets presenterte i dag si oversikt over kven som har fått gule og raude kort i 4. divisjon. Her står Norborg oppført med 26 gule og 1 raudt. Altså eit gult kort mindre enn det vi presenterte i går, men faktum er at Norborg skal ha heile 28 gule kort. Årsaka finn vi i siste serierunde. Tarjei Urkedal og Øyvind Farstad står nemleg registrerte som Vigra-spelarar. Tarjei spelte kanskje ikkje sin beste kamp i den oransje trøya, men at han bidrog så mykje meir til Vigra enn til Norborg at han skal reknast som vigring kan diskuterast.

Oppkjøring til inne-KM for Norborg J-19
2-11-2005 22:45
-Før Rica Parkett cup for Damer Junior/Senior (J-19) i Brattvåg Hallen 19-20. november, har det blitt avtalt 3 ekstra treningsøkter i Eidet Kulturhall (i samarbeid med Ravns jentelag)
Tysdag 8/11 kl 2100-2230
Tysdag 15/11 kl 2100-2230
Onsdag 16/11 kl 2000-2130 Komtaktperson: Per Ringstad

Rica Parkett Cup puljene klare for søre-avdelinga
2-11-2005 22:38
-Oppsettet for innleiande spel i inne-KM har kome for laga som skal spele i Volda. Her får vi blant anna spennande kampar som Volda - Langevåg og Bergsøy - AaFK. Oppsettet for Nordre-Sunnmøre der Haram sine 10 lag deltek kjem snart. Sjå Volda si heimeside for fullstendig oppsett for inne-KM i Voldahallen.

KIB ute med alvorlig kneskade på trening
1-11-2005 22:58
-Det går tydligvis hardt føre seg på treningane til gutelaget før helgas Rica Parkett Cup G16. På dagens trening måtte juniorkaptein KIB kaste inn håndkledet tidlig etter ei kraftig vridning i kneet. Etter noen isposer, kvile og ein heil del smerte er det fortsatt uvisst kor alvorlig skaden er. Skaden oppstod då KIB skulle blokkere eit skudd frå Adrian Håbet. Skuddet til unge Håbet var så kraftig i avsparket at kneet til KIB fekk ei svært kraftig vridning, og han falt om i smerte medan ballen fauk himmelhøyt over mål. Vi kjem tilbake med meir om KIB sin status i morgen.


Drastisk auke i raude kort
1-11-2005 20:01
-Det vart i årets 4. divisjon delt ut heile 30 raude kort. Dette er meir enn ei fordobling sidan fjoråret. Faktisk er Vigra det einaste laget som ikkje har fått raudt kort denne sesongen, medan Sunnylven har fått flest med 7. Også når det gjeld gule kort har det vore ei markant auke. Medan fjorårets 4. divisjons-klubbar slapp unna med 215 gule kort, fekk årets 355. Hødd2 fekk minst gule med sine 20, mens Herd fekk flest med 43.
Sjå statistikk for kvar divisjon her
Sjå fordelinga i 4. divisjon her