|
Godøy-tap
i Spania
31-03-2006 19:28
-A-laget til Godøy er for tida på treningsleir tett utanfor Barcelona.
Fredag spelte dei treningskamp mot tredjedivisjonslaget Charlottenlund
frå Trondheim - i særdeles usunnmørske forhold med 25 varmegrader. Godøy
leia 3-1 til pause, men tapte til slutt 4-5 etter å ha hatt kontrollen
med 4-2 berre eit kvarter før slutt. Trenar Gudjon Gudmundsson var likevel
godt fornøgd med kampen, sjølv om det vart kollaps på slutten. Målscorarar
for Godøy var Kristian Alnes (2), Daniel Vartdal og Trond Brynestad. Henta
frå Godøy sitt forum.
Fotballfilm og festivalopning
30-03-2006 23:03
-Norborg sitt jentelag skal søndag vere ansvarleg for kiosk og
show framføre filmen "Lange flate ballær" på
den nyopna kinoen i Brattvåg.
Les
meir..
Komfortabel siger
- men vart rysta før pause
30-03-2006 22:39
-Løpsvillege og hardtkjempande ellingsøyarar rysta Norborg
i 1. om-gang, men det var likevel oransje-trøyene som gjekk til
pause med 1-0 leiing etter scoring av Lennart Holmem i det 43. minutt.
Før den tid hadde Ellingsøy brent straffe og hatt fleire
gode sjansar. I 2. omgang skrudde Norborg opp tempoet og skapte sjanse
på sjanse. Dette resulterte i fire nye mål. To av Ståle
Hurlen og eitt kvar av Asgeir Kalvø og Christian Søvik.
Sistnemnde scora på eit skot/innlegg frå 40 meter. Terje Eldevik
scora Ellingsøy sitt trøstemål på stillinga
3-0. Dermed enda kampen 5-1.
Les
meir..
Heggdal skada
- ute i 6 veke!
29-03-2006 23:16
-Det kom i kveld fram at Brattvåg-spelaren Even Heggdal har skada
seg på ei Midsund-trening måndag kveld. Det skal vere eit
bein i foten som har blitt knekt. Heggdal vil då vere på sidelinja
i 6 veke, og blant anna gå glipp av lokalderbyet mot Norborg.
Uavgjort i Uggedalen
29-03-2006 22:23
-Norborg og Spjelkavik sine juniorlag spelte 1-1 på Uggedal grus
i kveld. Bee scorte for heimelaget.
Nabodyst på torsdag
29-03-2006 19:14
-Norborg sitt herrelag møter torsdag nabo Ellingsøy. Kampstart
på Uggedal grus er kl. 20.
Les
meir..
Juniorkamp onsdag
28-03-2006 21:22
-Norborg og Spjelkavik sine juniorar møtast til dyst på Uggedal
grus onsdag kl. 20.
Rollon-kampen avlyst
27-03-2006 16:23
-Herrelaget sin planlagte kamp mot Rollon på tysdag er avlyst grunna
hardpakka snøv på Ratvika KGB. Norborg sin kamp mot Ellingsøy
på Uggedal grus på torsdag vil å som planlagt. Det samme
vil juniorane sin kamp mot Spjelkavik onsdag.
Trening og kampvisning
26-03-2006 22:18
-Det blir herre-/juniortrening på Uggedal grus måndag kl.
1700. Etter trening blir det vist klipp frå kampen Norborg-Blindheim.
Alle skal vere med å sjå dette. Treninga vil dermed vere ferdig
sånn ca. kl. 1930.
Reading klar for PL
26-03-2006 4:26
-Reading vart laurdag klar for Premier League for første gong i
klubbens 135 årige historie. Laget var nær opprykk i 1994/95
sesongen, men tross 2. plass fekk dei den gong ikkje rykke opp på
grunn av reduksjon av antal lag i Premier League. Vi gratulerer med opprykket!
Stranda tapte i Kristiansund
24-03-2006 22:52
-Stranda
er på sosial-/treningstur i Kristiansund denne helga, og spelte
i kveld kamp mot 3. divisjonslaget Dahle.
Nordmøringane viste seg her som det beste laget, og avgjorde kampen
med tre scoringar før pause. Etter pause var det ingen av laga
som scora og kampen enda dermed 3-0. I morgon møter Stranda 4.
divisjons-laget Frei.
Topp forhold for langrenn
24-03-2006 19:47
-Det er topp forhold for langrenn i Søvikdalen. "Løypegjengen"
har gått opp løype frå Vete-garasja til enden av Skogsvegen
(Pensjonisvegen). Det er også løype frå Vetevegen,
bort til klubbhuset, vidare opp til skytter-huset og nedigjen til Vete-garasja.
Masse flott snøv, flott natur. Det kan ikkje bli betre!
Blindheim best på CLS
23-03-2006 23:35
-Norborg gjekk på sitt første tap for året då
det vart 2-3 for Blindheim på Color Line Stadion torsdag kveld.
Ståle Hurlen ga Norborg leiinga 10 minutt ut i kampen, men gleda
varte ikkje lenge for oransjetrøyene. Ti minutt seinare hadde nemleg
Blind-heim snudd kampen. Norborg var imidlertid på høgde
med kvittrøyene og like før pause fekk Eirik York krangla
inn ei fortent utlikning. Avgjersla i kampen kom allereie fire minutt
ut i 2. omgang då ein Blind-heim-spelar scora etter ein corner.
Sjølv om Blindheim vann så var det ikkje fullstendig mørkt
for Norborg. Ein skapte fleire store sjansar og kunne ha fått med
seg eit uavgjort- resultat i sluttminutta. Men det var også tydeleg
at det har blitt mest spinning og lite balltrening dei siste vekene.
Les
meir..
Møter Blindheim ikveld
23-03-2006 16:41
-Norborg og Blindheim møtast på Color Line Stadion ikveld
kl. 2030.
Tekniske problem
23-03-2006 16:39
-Vi hadde onsdag kveld tekniske problemer og fekk dermed ikkje oppdatert
sida slik vi ville. Disse er no løyst.
Lillestrøm neste nøtt
21-03-2006 22:48
-Juniorlaget har fått ei vanskelig nøtt å knekke under
årets treningsleir i Danmark. Lillestrøm sitt juniorlag er
satt opp som motstander i treningskampen der nede. -Dette blir gøy,
sier Tini i ein kommentar.
Stordals-kampen avlyst
21-03-2006 16:41
-Det kjem sikkert ikkje som noka bombe, men kampen Norborg-Stordal som
skulle gå på Uggedal grus onsdag, er avlyst. Kampen vil mogeleg
bli spelt 4. eller 5. april.
Badminton-trening avlyst
20-03-2006 21:12
-På grunn av BUSK - GRAND PRIX er badminton treninga torsdag 23. mars
i Brattvåghallen avlyst, melder Jørgen Ove Havnsund.
Rollon-kampen utsatt
20-03-2006 19:02
-Tysdagens treningskamp mot Rollon på Ratvika KGB er avlyst pga
snøv. Laga prøvar å spele kampen tysdag 28. mars i
staden. Åstad Ratvika KGB. Norborg prøvar alt dei kan for
at onsdagens kamp mot Stordal skal gå som planlagt på Uggedal
grus. Men sjølv om bana vart brøyta i kveld, og ein satsar
på å gjere det samme imorgon, må vi vere så ærlege
å seie at det er svært liten sjanse for at bana blir i bra
nok stand.
Får stadionur
20-03-2006 16:55
-Uggedal stadion vil før seriestart få på plass eit
stadionur. Uret blir sponsa av International Mailing.
Herre/Juniortrening spinning
19-03-2006 22:58
-Herre/juniorlaget si 37 trening i 2006 vil bli spinning på Grytastranda
fiske-industri. Sjå innleggssida for når dykk skal møte.
Brattvåg vann vinterserie- gruppe 4
19-03-2006 16:07
-Brattvåg sigra i dag 3-1 (2-1) over Herd i vinterseriegruppe 4.
Brattvåg vann dermed si vinterseriegruppe med full pott. Frank Dalhaug,
Even Heggdal og Arnel Colic scora for gultrøyene, melde Brattvåg-keeper
Espen Wold til norborg.com.
2xUavgjort for smågutane
19-03-2006 15:40
-Smågutelaget har vore aktive på kampfronten denne uka. På
torsdag spelte dei uavgjort 1-1 mot Skodje i Uggedalen i ein kamp dei
etter sjansestatistikken burde vunnet. I dag vart det 2-2 mot Herd på
kunstgrasbana på Moa.
HaNo med storsiger!
19-03-2006 14:41
-HaNo har vore blant opprykks-favorittane i 4. divisjon dei to siste sesongane,
men i vinter har ikkje laget blitt nemnt i samme andedrag som Brattvåg,
Blindheim, Godøy og Stranda. Laget har imidlertid gjort det brukbart
i treningskampane, og i går slo dei til med heile 6-0 over 3. div.-laget
Midsund. Stig Frode Longva 2, Jan Egil Ulla, Stian Haram, Mikal Austnes
og Cato Longva scora. Resultatet var kanskje litt i overkant, men ein
fortjent siger, meldast det frå HaNo-leiren.
Brattvåg utklassa Varfjell
- uavgjort i øy-derby
18-03-2006 18:06
-Brattvåg vann den første av to treningskampar i helga med
6-0 over Vestnes Varfjell. Kristoffer Grønmyr 2, Frank Dalhaug,
Even Heggdal, Hazhin Hassan og Lars Martin Vestre scora, melde Espen Wold
til norborg.com. Hovdebygda har også vore i aksjon i dag. Dei tapte
2-4 for storebror Ørsta. Godøy og Valder spelte 1-1. Daniel
Vartdal scora for Godøy, som mangla 5 faste spelarar, melder Godøy-trenar
Svein-Arve Alnes til norborg.com.
Tini senka Brattvåg
18-03-2006 16:17
-Martinus Grytten vart den store helten då han scora samtlege mål
i Norborg jr. sin 3-0 siger over Brattvåg jr. Måla var av
høg klasse, ikkje minst det siste som var ei perle i krysset. Norborg
dominerte etter pause og var nær fleire mål.
Les meir..
Grande til Hildre
18-03-2006 12:28
-Geir Magne Grande har meldt over-gong frå Norborg til Hildre. Grande
har spelt 50 a-kampar for Norborg sidan debuten i 1995. Ifjor var han
lagleiar og spelar på 7'ar laget. Vi ønske han lykke til
i 6. divisjon sin comeback-klubb. Hildre ønske også Norborg
sin ving Amund Terøy. Klubb og spelar avgjer over helga utgongen
av denne saka.
NM menn 2006
- kampoppsett 1. kval.runde
15-03-2006 17:24
-NFF presenterte i dag 1. kvalik. runde av NM 2006. Her får blant
anna dei 8 beste laga (minus AaFK2) i 3. divisjon Sunnmøre sjansen
til å spele seg fram til Ullevaal. Kampar med Sunnmørslag:
Volda-Ørsta, Valder-Skarbøvik,
Langevåg-FK Sykkylven, og Spjelkavik-Hareid. Kampdato
er 2. påskedag (17. april).
Heile
oppsettet
Sunnylven fekk stryk av Stordal
14-03-2006 23:05
-Stordal vann i kveld heile 3-0
over 4. divisjonslaget Sunnylven. Etter 0-0 ved pause scora Jon Espen
Jord-anger (2) og Andreas Kirkebøe for 5. divisjonslaget. Alle
måla kom i løpet av kampen sine 20 siste minutt. Stordal
skal møte Ørskog på fredag før dei blir å
finne uti Uggedalen i kamp mot Norborg på onsdag.
Rollon-kampen utsatt
14-03-2006 18:06
-Norborg og Rollon vart tysdag morgon einige om å flytte laurdagens
planlagte treningskamp til Ratvika
KGB tysdag 21. mars kl. 20. Norborg skulle i utgangspunktet møte
Stordal denne dagen, men fekk flytta denne kampen til onsdag 22. mars
kl. 20 i Uggedalen.
Aktivitetsplan
Forandring i sonings-reglane
13-03-2006 23:05
-Det vart på NFF sitt fotballting vedtatt endring på soningsreglane
for gule kort. Før har spelarar måttet ut i karantene etter
3, 5 og for kvart gult kort etter dette. No er reglane for-andra til 3
kort og deretter for anna-kvar kort. Dette vil nok glede mang ein spelar
og trenar.
Les
meir..
Liten nivåforskjell?
13-03-2006 22:16
-I helga vart det spelt 5 kampar mellom lag frå 3. og 4. divisjon.
Tre av kampane vart vunne klart av laga frå lågaste nivå.
Vi har sett litt på resultata mellom laga i frå 3. og 4. div.
denne vinteren. Tendensen er klar. Topplaga i 4. div. vinn dei fleste
kampane.
Les meir..
Vil fjerne snøven
13-03-2006 21:28
-Brattvåg tek tysdag fatt på oppgåva med å fjerne
snøven på kunstgras-bana si. Laget oppmodar til å møte
på dugnad kl. 17 for å strø granulat på bana
for å få fortgang på snø-smeltinga. Norborg skal
etter planen møte Rollon på KGB laurdag.
Ny storsiger til Brattvåg
-Godøy imponerte
12-03-2006 16:52
-Brattvåg vann i dag 5-2 (1-1) over 3. div.-laget Langevåg
på Color Line Stadion. Arnel Colic , Azem Maksumic og Even Heggdal
scora for Brattvåg, melder Espen Wold til norborg.com. Godøy
imponerte med å ta årets første siger over sjølvaste
Spjelkavik. 4-2 vann øyingane over vikagutta.Trond Edvard Brynestad
skora to vakre mål for dei raude, medan Erlend Holmen og Erik Daniel Dyb
sørga for dei to andre måla, melde godoyil.no.
Spelarmøte måndag
12-03-2006 13:11
-Det blir haldt eit kort spelarmøte før treninga måndag
for herre/juniorlaget. Viktig info ang. treningsleiren kjem. Alle må
vere ferdig ombytt kl. 1940. Om du er frisk, skada eller sjuk så
er det obligatorisk oppmøte! Treninga startar som vanleg kl. 20.
3. divisjon fortsette som før
12-03-2006 13:03
-Eidsvoll IF la fram forslag på NFF sitt ting om å halvere
antal avdelingar i 3. divisjon. Eit forslag som ville ha betydd at Møre
og Romsdal vart samla til ei avdeling. Dette kata-strofalt dårlege
forslaget vart i dag ikkje vedtatt og ein fortsette som før med
24 avdelingar.
Les
meir..
Terminlista for J16 klar
11-03-2006 21:30
-Terminlista for Norborg sitt J16 lag er no klart. Jentene opnar serien
heime mot Skodje 5. mai. Lagleiar Noralf Gamlem seier følgjande
før seriestart. - Målsettinga til jentene er heilt klar: Her skal
dei kvalifisere seg til 1. divisjon i haustsesongen! Og dette målet er
høgst realistisk, ikkje minst etter den gode innsatsen i Møre-cup med
2. plass forrige helg. Dei 14 jentene har elles Norway-cup som det andre
store målet denne sesongen.
Terminliste
Vann gruppefinalen!
11-03-2006 18:56
-Norborg gjekk til topps i vinterserie-gruppe 5 etter dagens 4-0 siger
over Larsnes/Gursken. Norborg dominerte store delar av kampen og burde
ha scora langt fleire enn dei fire ein fekk. Dagens målscorarar
var Lennart Holmem (31 og 45) og Tarjei Urkedal (90 og 90+1) med kvar
sine to.
Les
meir..
Stordalskampen utsatt
11-03-2006 13:35
-Norborg sin kamp mot Stordal som skulle spelast søndag er utsett
til tysdag 21. mars kl. 20 på Uggedal grus. Norborg hadde eit håp
om at bana i Uggedalen skulle bli klar til i morgon, men måtte i
dag innsjå at kampen mot snøven/isen var tapt.
ÅVK med knepent tap
10-03-2006 19:52
-Trass eit hat-trick av Ole Per Kragset måtte ÅVK sjå
seg slått 4-3 av Hødd2 i kveld. Stillinga med pause var 2-2,
melde "Venner av Åram/ VanKam".
Tropp mot Larsnes/Gursken
10-03-2006 18:50
-Norborg stiller med følgjande tropp i vinterseriekampen mot Larsnes/
Gursken laurdag. Kurt Erik Grytten, Stein Erik Alvestad, Roger Grytten,
Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal, Kristian Furnes, Kim
Idar Krogsethagen, Tarjei Urkedal, Eirik York, Adrian Håbet, Ståle
Hurlen, Eivind Fjørtoft, Andre Larsen, Lennart Holmem og Kristian
Søviknes. Oppmøte seinast kl. 1500 på Herd KGB. Kampstart
kl. 1600.
Les
meir..
Her skal vi trene!
9-03-2006 17:14
-Viss noen lure på korleis det ser ut der vi skal trene så
kan det sjåast her. Norborg vil ha god plass å boltre seg
på her.
Sjå bilde her
Trening fredag istede for torsdag for herre/junior
8-03-2006 13:53
-Herre/juniorlaget trenar fredag istede for torsdag, melder Ådal
i kveld. Treninga blir enten på ei strøka grusbane i Uggedalen
eller i Brattvåghallen. Bestemmelse på dette blir tatt torsdag
kveld. Treninga blir 17.00, men kan bli tidligare for juniorane om det
blir i Brattvåghallen.
Det blir ikkje Skørping!
8-03-2006 16:01
-Det blir ikkje treningsleir til Skørping for herre, junior og
juniordamelaget. Skørping hadde ikkje internet-tmuligheter for
vår medreisande nettredaksjon, så viss vi skulle få
muligheten til å oppdatere våre lesera med nyttig info frå
Danmark så er vi nødt til å endre tilholdsted. Det
nye stedet er eit 4stjernes hotell med spa, treningssenter, svømme-basseng,
biljard/dart, større værelser og har eit av Danmark sitt
beste kjøkken. I tillegg til internetttilgang sjølvsagt!
Les meir om hotellet her
Sunnylven-Stordal avlyst
7-03-2006 21:23
-Treningskampen mellom Sunnylven
og Stordal,
som skulle spelast i kveld, er utsatt på ubestemt tid. Stordal skal
som kjent møte Norborg på KGB i Brattvågen på
søndag. Også denne kampen er i fare, men Norborg vil prøve
å få klar grusbana i Uggedalen som alternativ bane. Treningskampen
mellom 3. divisjons-laga Rollon
og FK
Sykkylven går imidlertid som planlagt på kunsten i Ratvika
i kveld. (Resultat: 2-2)
Heimesida 5 år
7-03-2006 19:00
-Det er i dag 5 år sidan Roger Grytten lanserte Norborg si heime-side
www.norborg.com. Websida har sidan starten utvikla seg mykje, og fekk
blant anna nytt design i januar 2002, medan sida vart meir omfatt-ande
våren 2002 då dei alders-bestemte laga fekk plass på
sida. Mest imponerande er kanskje utviklinga av antall besøkande.
Frå eit snitt på 150 i veka i starten, til ca. 5000 no. Her
er nokre av milepelane.
Treningsleirkampane klare
7-03-2006 18:51
-Norborg sitt herrelag skal møte Sørumsand
IF og IFK Hjo under treningsleiren i Danmark. Sørumsand spelar
til dagleg i 4. divisjon, mens IFK Hjo høyrer heime i svensk 5.
divisjon.
Trening tysdag!
6-03-2006 13:14
-Treninga tysdag blir som følgjer: Juniorane trener i Grytahallen
kl. 20.00. Five a side fotball. Unntaket er Asgeir som må trenast
i form igjen etter Bergensturen sin. Følgjande a-spelera har spinning
kl. 19.00: Kurt, Snes, Asgeir, Amund, Larsen, K.Furnes, Ståle, Davik.
Skulle noen av dei sjuke/skada finne ut dei vil på trening, er det
ledig på spinning kl. 20.00. God gjennomføring på treninga
i dag av samtlige! Vél møtt!
Resyme over J16 sin 2. plass
6-03-2006 18:44
-Her er litt om Norborg J16 sin flotte innsats på Mørecup.
Les meir..
Trening i dag måndag!
6-03-2006 7:26
-Herre/juniorlage trenar i dag kl. 20.00 på Grytastranda Fiskeindustri.
Samtlige møter i god tid før kl. 20.00. Det blir ei spennande
økt med fokus på styrketrening for bein og overkropp, og
ei lita kort men meget intensiv spinningsøkt :)
Tapte bronsjefinalen
5-03-2006 12:48
-Gutelaget tapte bronsjefinalen mot Blindheim med 2-1 i klassen G15 på
MøreCup i kveld. God innsats av laget i denne turneringa der det
deltok 16 lag.
Dalhaug til topps på Sunn-mørskupongen
5-03-2006 21:07
-Når Odd Einar Molnes feila på siste runde av Sunnmørskupongen
stod Frank Dalhaug klar til å ta over 1. plassen. Vi gratulerer!
Sluttstilling
Jentene tapte finalen på straffespark
5-03-2006 20:20
-Jentelaget tapte finalen på MøreCup på straffesparkkonkurranse
mot Valder. Stillinga ved full tid var 0-0, og vi gratulerer Valder med
sigeren. I tillegg til stor honnør til jentene for ei flott turnering.
Meir kjem seinare, melder oppmann Noralf Gamlem.
Vinterseriekampar avlyst
5-03-2006 18:56
-Alle vinterseriekampane som skulle spelast på Herd KGB søndag
vart avlyst grunna det kraftige snøfallet i natt.
Herrer 7'ar opnar heime
5-03-2006 18:37
-Norborg sitt herrar 7'ar lag opnar heime mot Valldal onsdag 3. mai kl.
19. Det første lokalderbyet mot Brattvåg går på
Brattvåg stadion onsag 31. mai kl. 19.
Speleplan
Gutelaget rauk i semien
5-03-2006 18:13
-Norborg G15 tapte 1-2 for Langevåg i semifinalen på Mørecup.
Likevel flott innsats av gutane.
Jentene er i finalen!!
5-03-2006 18:02
-Norborg sitt J16 lag vann semifinalen mot Herd på straffesparkkonkurranse
etter 1-1 ved ordinær tid. Martine Søvik Gunnarsdottir, Randi
Øster Urke og Nina Witsø sette inn straffene, mens Catrine
Flem Mork putta i ordinær tid.
Gutelaget i semifinale etter straffedrama
5-03-2006 16:38
-Gutelaget (G15) er klare for semifinalen på MøreCup etter
siger på straffekonk i kvartfinalen mot Hessa. Hessa bomma på
eit skot, då Norborg sin keeperkjempe Rolf Espen Furnes skapte full
forvirring med ablegøyefakter på mållinja i forkant
av skotet. No venter Langevåg i semifinalen 17.50.
Jentelaget vann pulja
-småjentelaget utslått
5-03-2006 14:27
-Jentelaget vann pulja si på Mørecup, og speler dermed semifinale
kl. 17.10 mot Herd2, melder trener Lars Ugedal. småjentelaget gjekk
det desverre litt dårligare med, og dei er utslått etter tre
tap. Gutelaget speler kvartfinale no kl. 14.30.
Lenny saved the day
4-03-2006 21:53
-To mål av Lennart Holmem gjorde at Norborg vann 2-1 over Valder
i ein treningskamp på Color Line Stadion i kveld. Norborg var det
førande laget i ein mållaus 1. omgang. Etter pause var Valder
best i 25 minutt og tok også leiinga ved Bjarte Tomren på
corner i det 63. minutt. Men Norborg ga ikkje opp og 10 minutt seinare
utlikna Lennart etter at Valder ikkje får klarert skikkeleg etter
eit av Norborg sine mange hjørnespark. To minutt på overtid
avgjer samme mann kampen på eit velplassert frispark i frå
20 meter. Dette var Norborg sin 5. strake siger i vinter.
Les
meir..
Gutane med puljesiger
4-03-2006 21:51
-Norborg G16 vann pulja si på Mørecup etter 3-0 over Vestnes,
2-0 over Aksla og 1-1 mot Emblem.
Tøft for smågutane
4-03-2006 21:47
-Norborg sitt G14 lag måtte gå av bana med tap i alle dei
tre kampane sine på Mørecup i dag.
Les meir..
Babb og Neven ut
-Campo inn
4-03-2006 15:15
-Eirik York og Jan Even Drønnesund har meldt forfall til dagens
kamp mot Valder. Dei blir dermed nr. 6 og 7 i rekka av dei som ikkje kan
bli med. Ny mann i 14 mannstroppen er junior Kjell-Terje Brusdal.
.
Solid av Brattvåg
4-03-2006 14:35
-Brattvåg vann 4-1 (1-1) over HaNo i vinterseriegruppe 4. Arnel
Colic, Azem Maksumic, Even Heggdal og Frank Dalhaug scora for vinnarane,
medan Stig Frode Longva putta øyingane sitt mål. Nykommar
Even Heggdal fekk dermed notert seg for eit mål i sin debut for
Brattvåg, melde Espen Wold til norborg.com.
Eddie til Molde FK
3-03-2006 20:41
-Fjorårets toppscorar i Norborg Edward Laverton har endeleg fått
overgongen sin til MFK i orden. Edward blir dermed foreløpig ståande
med 18 mål på 74 kampar for Norborg. Vi ønsker han
lykke til vidare.
Fazza til NTNUI
3-03-2006 20:35
-Trondheimsstudenten Øyvind Farstad har meldt overgong frå
Norborg til NTNUI. Vi takkar Fazza for at han var med på å
hjelpe Norborg til fornya kontrakt i 4. div. i fjor, og ønske han
lykke til med årets sesong.
Norborg sin tropp
3-03-2006 19:42
-Norborg stille med følgjande tropp mot Valder på CLS laurdag:
Kurt
Erik Grytten, Stein Erik Alvestad, Jan Even Drønnesund, Knut Ivar
Bjørlykhaug, Kim Idar Krogset-hagen, Stein Erik Reitan, Andre Larsen,
Kristian Søviknes, Eirik York, Eivind Fjørtoft, Tarjei Urkedal,
Kristoffer Søviknes, Martinus Grytten og Lennart Holmem. På
grunn av Møre Cup i Sunnmørshallen og AaFK kamp på
CLS før vår kamp MÅ alle kjøre i god tid ut
til bya. Vi vart heller ikkje garantert parkeringsplassar ved stadion.
Oppmøte seinast kl. 17. Andre tek med seg Eivind, Kriss, Tini og
Alvestad. Resten ordna seg sjølve.
Skeiseis på Gamlem
2-03-2006 21:02
-Det har no blitt skeiseis på bana på Gamlem. Det er ikkje så fin stålis
som det var i romjula, men den er likevel ok å gå på.
Norborg favoritt hjå NordicBet på laurdag
2-03-2006 20:28
-På laurdag har du muligheten til å kombinere ein oddskupong
med kampar frå england med trenings-kampen Norborg-Valder på
CLS med avspark 18.15. NordicBet
holder Norborg som knapp favoritt med 1.95 i odds. Uavgjort går
for 4.10, medan man får 2.30 igjen for å satse Valder.
Neste kamp: Valder
2-03-2006 19:05
-Norborg og Valder møtast til treningskamp på Color Line
Stadion laurdag kl. 1815.
Les
meir..
Trening fredag!
2-03-2006 7:19
-Som bestemt på treninga måndag så vart treninga torsdag
flytta til fredag i Brattvåghallen. Alle juniorar + Amund trenar
15.30-17.00. Resten + Elling og Fredrik Furnes trener 17.00-18.30. BigBog
kan gjerne trene ute på første økta, og i mål
på andre økta. Spre det glade budskap videre!
Vinnarar lynutlodding
1-03-2006 18:40
-Økonomigruppa i Norborg - fotball melde om følgjande vinnarar
på lynutloddinga:
1. 6 kg klippfisk frå Grytastranda fiskeindustri: Sigmund Gjerset.
2. 6 kg klippfisk frå Grytastranda fiskeindustri: Bernard Laverton
3. Bag frå Coop Søvik: Lars Ivar Gjeset
4. Gåvekort frå Valaker: Frode Osvik
5. Flytevest frå Mørenot: Fredrik Furnes
6. Glaskunst (bilete) frå Gunvor Stene Søvik: Lars Erik og
Tore Uggedal Kleiva.
Loddsalet var denne gong utført av junior dame og jentelag.
Rundskue
1-03-2006 18:15
-Hovden til Rollon, svenske til Stranda, ÅVK måtte avlyse
kamp, og Lepsøy slo Harøy. Dette kan du lese meir om i Rundskue.
Les meir..
|