

Dagboka
Opnar
mot Hildre
31-03-2004 16:49
-Norborg sitt herrar 7'ar lag møter Hildre i opningskampen.
Kampen er oppsett på Hildre gras onsdag 5. mai. Norborg vil
nok prøve å få flytta denne kampen sidan damelaget
spelar samme dag.
Terminlista
Valldal inn i 7'ar serien
-ny terminliste klar
31-03-2004 16:42
-Valldal har meldt på eit 7'ar lag for damer og terminlista
har difor fått nokre forandringar.
Terminlista
Fire guter på sonesamling
31-03-2004 15:50
-Samir, Espen, Adrian og Martinus er tatt ut på sonesamling
på Valdervoll på laurdag kl. 10-12.
Les meir her
og der.
Møter Harøy/Fjørtoft
31-03-2004 0:44
-Gutelaget har avtalt 7´er kamp mot Harøy/Fjørtoft
på søndag kl. 17.00 i Uggedalen. Treningskamp blir
det også mot Ørskog 19.mars kl. 20.
I bakrommet tipper 4.div.
30-03-2004 15:13
-I tida fram mot seriestart vil vi presentere sesongtipsa til ein
del fotballkjennera frå Norges vidstrakte land. Først
ute er Dagbladet sin Tom Stalsberg frå "I bakrommet".
Les meir..
Skodje på torsdag
30-03-2004 13:58
-Gutelaget møter på torsdag Skodje til siste treningskamp
før påske.
Les
meir..
Fiskerstranda på veg opp?
29-03-2004 18:04
-For nokre dagar siden prøvde "Snesen" seg med
tabelltips for Sunnmørslaga her på norborg.com. I tipset
for 6. divisjon haldt han Ravn som klar favoritt, noko fisker-strandingane
reagerer på. Foreslår at norborg.com tek ein titt på www.fiskerstrandfotball.com,
og deretter revurdera tabelltipset for 6. divisjon, lyd det fra
den leiren. FIL har i år fått fleire forsterkningar,
blant anna Oddgeir Valen og Kjetil Saugestad frå Langevåg.
Dette gjer at dei har 15-16 gode spelarar, noko Ravn smerteleg fekk
erfare. Vi minner elles alle lag på at sigrar i treningskampar
gir svært få poeng.
Bilete frå helga
29-03-2004 17:34
-Her er nokre bilete frå helgas a-kamper.
Damer
Herrer
Avdelingsoppsett mini-klassene 2004
29-03-2004 15:13
-Kretsen har satt opp avdelingane til årets minifotball.
Les
meir..
Klubbgenseren har komt
29-03-2004 8:06
-Norborg sin offisielle klubbgenser har no ankommet. For å
lette ar-beidet med å distrubere desse for vår matriellforvalter
Tarjei Urkedal oppfordrar oss flest mulig om å ta turen innom
klubbhuset i Ugge-dalen på torsdag mellom 19.30-21.00. Han
vil då være tilstede å dele ut bestilte gensera,
samt det vil være muligheit for alle som ikkje har bestilt
til å prøve og kjøpe gen-ser då vi har
bestilt inn eit ekstra lager. folk vil få utdelt giro for
be-taling av genserane.
Les
meir..
Ravn gjekk på ein smell
28-03-2004 23:02
-Ravn fekk i helga noko å tenke på når dei gjekk
på eit 1-7 nederlag for divisjonskollega Fiskerstrand. Elles
har Hareid og Valder spelt 3-3.
Frå 3-0 til 3-4 for gutane
28-03-2004 22:26
-Gutelaget leda 2-0 til pause, og auka til 3-0 tidlig i andre omgang.
Derifrå og inn leverte man årets svakaste omgang. Hareid
snudde til 4-3, medan Norborg toppa det heile med å brenne
eit straffespark. Adrian Håbet 2 og smågutespelar Kristoffer
Engeset skåra måla.
Godkjent av damene
28-03-2004 16:32
-Norborg tapte 0-5 for Brattvåg på kgb søndag
ettermiddag. Cathrine Vatle Rita Austnes og Stine Otterlei ordna
3-0 til Brattvåg før pause, medan Ingrid Silseth og
Stine Otterlei auka etter pause.
Les
meir..
Vigra slo MSIL/LIL2
28-03-2004 13:02
-I ein treningskamp mellom 4. divisjonskollegane Vigra og MSIL/
LIL2 vann førstnemnte 2-1. Andre resultat: Bergsøy-Langevåg
3-4, Volda-Førde 3-2.
Møter Brattvåg på søndag
27-03-2004 15:33
-Damelaget spelar i morgon 11'ar kamp mot Brattvåg. Kampen
går på Brattvåg kunstgras med start kl. 1400.
Harøy fekk sin revansj
27-03-2004 15:23
-Norborg gjekk i dag på eit 1-2 tap for Harøy. Steffen
Grytten ga Nor-borg leiinga etter eit kvarter då han sette
eit frispark frå langt hald direkte i mål. Norborg hadde
ballen mykje i medvinden i 1. omgang, men skapte lite. Etter kvila
ville Harøy mest og fekk to mål i det 77. og 78. minutt
ved Stig Sandøy og Stian Harnes. Norborg fekk lite til offensivt
og Harøy var nærmare 3 enn Norborg utlikning. Vi må
elles ta med at Norborg mangla nokre sentrale spelarar på
laget.
Les
meir..
Kampen flytta til Uggedal stadion
27-03-2004 11:41
-På grunn av overvatn på Harøy si grasbane er
kampen Harøy-Norborg flytta til Uggedal stadion kl. 1330.
Arild Vegsund stille sporty opp som dommar.
Samir frå start
27-03-2004 1:05
-Norborg vil dra til Harøya med berre 13 spelarar, inkludert
her er trenar Øystein Haugan. Det ligg også i korta
at gutespelar Samir Sahman får sin a-lagsdebut frå start
av mot Harøy. Han er elles den einaste frå gutelaget
som blir med utover.
Kretssamling i morgo
26-03-2004 17:46
-Gutelagspelerane Adrian Håbet og Martinus Grytten skal i
morgo på kretslagssamling på Høddvoll.
Les
meir..
Brattvåg og Fjørtoft like gode
26-03-2004 16:51
-I ein 7'ar kamp på Brattvåg kunst-gras spelte Brattvåg
og Fjørtoft 2-2 (0-2), melder Fjørtoft sin lagleiar
Egil Davik.
Uavgjort mot Ravn
25-03-2004 19:57
-Jentelaget spelte uavgjort 2-2 mot Ravn i ein treningskamp i dag.
Sandra Larsen og Fride Ringstad skårte for dei oransje jentene.
Ravn sigra igjen
25-03-2004 17:33
-Ravn vann onsdag kveld 5-0 over 4. divisjonslaget TIL/F/R. Ørskog
vann 4-2 over Norborg sin divisjons-kollega Stordal. Det er varfjell.no
som melder dette.
Ungdomen får sjansen
25-03-2004 17:00
-Norborg spelar sin første graskamp for året når
ein laurdag tek turen til Harøy. Oransjetrøyene har
spelt mange kampar i vinter, og vil spare ein del faste spelarar.
Det vil der-med bli eit ungt lag som skal bryne seg mot Harøy.
Les
meir..
Hareid på søndag
25-03-2004 7:11
-Gutelaget møter på søndag Hareid til treningskamp
på Høddvoll KGB.
Les
meir..
Tipp gute og juniortabellen
25-03-2004 7:02
-Du har i år også muligheten til å tippe sluttabellen
i 1.divisjon for guter og 2.divisjon avd.2 for junior. Tipp og vær
med i kampen om heder og ære i tillegg til ein liten premie.
Vi kjem også med nærmare presentasjon av laga når
seriestart nærmar seg.
Tipp gutetabellen
Tipp juniortabellen
Ein månad igjen
24-03-2004 14:37
-Det er i dag ein månad igjen til seriestart i 4.divisjon.
Les meir..
Kjøp klubbgenser no !
23-03-2004 7:09
-Klubbgenseren kjem neste uke for dei som her bestilt. Har du endå
ikkje bestilt er det endå mulig. Gjør som over hundre
andre, bestill no, og få klubbgenseren neste uke du også
! Spre dette vidare.
Les meir..
Resultater
21-03-2004 15:11
-Blindheim/Emblem-MSIL/LIL2 5-1, Ravn-Midsund 2-2, MSIL/LIL3-Giske
3-2, Tornado-ÅVK 3-0, Ellingsøy-Sunnylven 1-2, Valder-FKS
0-0, Skodje-Tomrefjord 2-1 og Tjørvåg-Rollon 0-9.
Stranda til topps!
20-03-2004 18:24
-Medan Norborg jubla for siger over Træff2 kunne Stranda juble
for siger i vinterpulje 4. Laget vann nemleg 3-2 over Vigra i den
siste kampen. Stranda gjekk dermed til topps på grunn av fleire
scorede mål enn Norborg. Andre kampresultat: Volda-Brattvåg
1-1 (Martin Sund-nes), Hildre-Fjørtoft 14-1 (7'ar).
Vinterseriepulje 4.
Reprise frå sist
- Norborg slo Træff2
20-03-2004 18:14
-For andre gong i vinter vann Nor-borg 2-1 over Træff sitt
2. lag. Norborg dominerte 1. omgang men leia likevel berre 1-0 etter
ei scoring av Eirik York. Etter kvila kom Træff meir med i
kampen og utlikna eitt minutt før slutt. Men Norborg og Kenneth
Gamlem vile ha med seg siger frå Molde. Den tidlegare stor-scoraren
viste fram skotfoten og dunka ballen stolpe inn til ein fortent
siger.
Les
meir..
Molde vart for sterke
20-03-2004 18:06
-Gutelaget tapte 7-4 for Molde laurdag ettermiddag. Norborg tok
leiinga både 1-0 og 2-1 ved Samir Sahman, men MFK kom tilbake
og var i føringa 4-2 til pause. Etter kvila gjekk Norborg
hardt ut og Espen Solheim og Adrian Håbet fiksa utlinking.
Så måtte Espen av bana med pustevanskar, medan Samir
vart utvist. Noko både heime og bortelaget var ueinige i.
Norborg fekk fortsette med fullt lag, men utan Samir på bana.
MFK tok over kampen og vann til slutt komfortab-elt 7-4. Likevel
ein absolutt godkjent kamp frå oransjetrøyene. Les
meir..
Til Molde for å vinne
- del 2
19-03-2004 20:11
-Norborg sitt herrelag reiser også til Molde på laurdag.
Motstandar er nok ein gong Træff sitt 2. lag. Kampen går
på Lubbenes kgb kl. 14.
Les
meir..
Brattvåg måtte slite
18-03-2004 22:51
-Norborg Jr. leverte ein meget bra første omgang på
KGB i dag, og etter å ha dominert heilt omgangen kunne man
gå til pause med 3-0 leiing, medan Brattvåg kunne prise
seg for at stillinga ikkje var 6-0. I andre omgang sette Brattvåg
innpå litt sterke skyts, men dei kan takke eit litt gavmildt
forsvar for at dei greidde å snu kampen til 5-4 etter at Henning
Koppen vart match-vinnar to minutt før slutt. Norborg sine
mål vart skåra av Samir Sahman 2, Edward Laverton og
Adrian Volstad.
Les
meir..
Til Molde for å vinne
18-03-2004 18:23
-Gutelaget reise på laurdag til Molde for å møte
deira gutelag. Laget deira består av spelarar frå dei
to fylkesmesterlaga til Molde i fjor på smågute og gutenivå.
Nor-borggutane reise innover med eit mål for auge, og det
er å vinne. Kampen startar kl. 12.00.
Les
meir..
Siger og tap for Stranda
16-03-2004 22:30
-Stranda leverte to variable kampar på sin treningsleir i
Årdal. Fredag vart det 6-0 siger over Årdalstang-en/Lærdal/Jotun2,
laurdag vart det 0-4 for Kaupanger. Meir finn du på Stranda
sine nettsider.
Statistikkhjørnet
15-03-2004 22:33
-Norborg har gjennomført sju tren-ingskampar i vinter og
står med 5 sigrar 1 uavgjort 1 tap og 14-8 i målfjorskjell.
Her er litt statistikk
av ymse slag.
Les
meir..
Juniorduell på torsdag
15-03-2004 17:19
-Harams to beste juniorlag møtes på torsdag til treningskamp
på KGB i Brattvåg. Kampen er ein skikkelig kveldskamp
med avspark klokka 20.30 i flomlyset på KGB.
Les
meir..
Reitan til USA
-mister vårsesongen
15-03-2004 15:13
-Norborg sin playmaker Stein Erik Reitan vil miste heile vårsesongen.
Han reiser i løpet av ei ukes tid på jobboppdrag i
USA, og der vil han opphalde seg til midten av juli.
Andre resultat
14-03-2004 22:08
-MSIL/LIL2-Ellingsøy 3-3, Stryn-Volda 2-1, Spjelkavik-Skarbøvik
1-1, Tomrefjord/Fiks/Rek-Stordal 6-2 og Langevåg-Brattvåg
4-2.
Midsund audmjuka HaNo !
14-03-2004 20:44
-HaNo gjekk på tidenes tredje stør-ste tap i sitt tjuande
år som klubb då Midsund vann 10-1 mot dei i ein treningskamp.
Dette er nok eit skikkelig feilskjær av øyingane, men
dei kjem nok sterkt tilbake, og i våre auge er dei fortsatt
ein av dei største opprykksfavorittane i årets 4.divisjon.
To jentetap i dag
14-03-2004 20:31
-Både jente og småjentelaget tapte sine treningskampar
i dag. Jente-laget tapte 12-0 mot Ørskog, med-an småjentelaget
tapte 9-3 for Sko-dje. -Vi møtte to gode lag i dag, ut-talte
Per Ringstad til norborg.com.
Brattvåg vann igjen
14-03-2004 14:38
-Brattvåg vann som spådd på forhånd også
dagens gutekamp mot Norborg. Etter 4-3 leiing til dei oransje ved
pause snudde Brattvåg kampen til 5-4. Brattvåg er per
dags dato eit hakk kvassere enn dei oransje som tapte for tredje
gang i år i ein kamp som svinga mykje. Målskårera
vart Martinus Grytten 2, Erlend York og Samir Sahman.
Les meir..
Andre resultat
13-03-2004 18:55
-Valder-Bergsøy 2-3, Sunnylven-Sæbø 4-1.
Fekk som fortent
-tapte 1-3 for Godøy
13-03-2004 18:37
-Norborg leverte ein skuffande kamp og gjekk på eit fortent
1-3 tap for Godøy. Trond Valkvæ ga Godøy leiinga
på eit frispark før ti minutt var spelt. Ti minutt
seinare utlikna Kim dar Krogsethagen på straffe. Kim måtte
like etterpå gå av bana med skade. Like før pause
ordnar Vidar Westad ny Godøy-leiing. Etter kvila hadde Norborg
to forsøk i tverrliggjaren før Jan Arild Austnes punktera
kampen oml lag ti minutt for slutt. Norborg er dermed avhen-gig
av uavgjort mellom Stranda og Vigra for å gå til topps
i gruppa.
Les
meir..
Tabell
Jannicke på samling
12-03-2004 15:17
-Jentespelar Jannicke Gjerset er tatt ut til sonesamling på
laurdag.
Les
meir..
Martinus og Adrian uttatt
12-03-2004 14:32
-Martinus Grytten og Adrian Håbet er uttatt frå Norborg
til kretslags-samling for 89-årgangen på Hødd-voll
27.mars med oppmøte 11.15.
Les
meir..
Avdelingsoppsett klart
12-03-2004 14:30
-Avdelingsoppsettet for 7´er fotball-en er no klart. Mykje
lokaloppgjør blir det i løpet av sesongen for alle
laga Norborg har påmeldt i desse klassene. Oppsett for menn
7´er kjem seinare.
Les
meir..
Sikrar puljesigeren på laurdag?
11-03-2004 23:13
-Norborg spelar laurdag kl. 16 sin siste kamp i årets vinterserie.
Mot-standar er pulja sitt botnlag og einaste 3. divisjonslag, Godøy.
Norborg vil med poeng i denne kampen vinne gruppa.
Les
meir..
Midsund tur på damene
11-03-2004 23:12
-Norborg avtalte torsdag kveld å spele 11'ar kamp mot Midsund
på Skeidvoll kunstgrasbane den 3. april kl. 1400.
Møter Molde jr.
11-03-2004 21:19
-Norborg møter juniorlaget til Molde den 7. april inne på
Molde. På grunn av stor kamp om tidspunkt på kunstgraset
der inne så kan kampen kome til å gå så
tidleg som kl. 10. Norborg håper likevel at MFK greie å
forhandle seg fram til eit seinare tidspunkt. Kampen er eit ledd
i treningsleiren herrelaget har der inne.
Ravn slo Ørskog
11-03-2004 21:17
-I ein treningskamp har Ravn vunne 4-2 over Ørskog.
Samir satser på junior
11-03-2004 20:37
-Gutespeler Samir Sahman har valgt å satse
kun på juniorlaget framover. Han vil dermed ikkje være
å finne på gutetreninger og kampar på uviss tid
framover.
Lokalderby søndag
11-03-2004 0:32
-Harams to beste gutelag møtes søndag til tredje innbyrdes
trenings-kamp for sesongen. Kampen har avspark kl. 12.15 på
KGB.
Les
meir..
Jente og småjentekampar
10-03-2004 23:37
-Jentelaget møter Ørskog til trenin-gskamp på
søndag kl. 15.30, med-an småjentelaget møter
Skodje til treningskamp kl. 17.00. Begge kampane i Uggedalen.
Endeleg vann Brattvåg
10-03-2004 22:46
-Brattvåg kunne endeleg juble for årets første
siger då det ikveld vart 7-2 over Harøy på kgb
i Brattvåg.
Rota bort sigeren
10-03-2004 21:43
-Juniorlaget gjekk opp til 4-0 i andre omgang etter to mål
av Edward Laverton, men så gjekk lyset. Sulalaget skårte
fire mål, sikra uavgjort og utsatte feiringa av årets
første siger. Uansett framgang å spore for vårt
unge lag.
Les meir..
Leder til pause
10-03-2004 20:57
-Juniorlaget leder 2-0 til pause mot Sulalaget i dagens juniorkamp.
André Larsen og Adrian Volstad er målskårera
for dei oransje.
Hareid og Valder er klar
10-03-2004 15:16
-Hareid 28.mars på Høddvoll KGB med kampstart kl. 17.00,
og Valder enten heime eller borte 15.april er no booka for gutelaget.
-Vi har vore bevist på å skaffe oss kvalitets-motstand
fram mot seriestart, og gjennom 5 kampar mot Molde, Hareid, Valder
og Brattvåg har vi her utfordrande motstandera som skal hjelpe
til å heve og utvikle oss eit nivå vidare, heiter det
i ein kom-mentar frå trenarteamet.
Møter FK Sykkylven
9-03-2004 20:28
-Norborg og FK Sykkylven avtalte tysdag kveld å møte
kvarandre den 30. juli. Kampen blir eit ledd i opp-kjøringa
mot haustsesongen som tek til med kamp mot Stranda 5. august.
Knetrøbbel for gutelaget
9-03-2004 18:28
-Tre spelera på gutelaget er per dags dato plaga med kneskader.
Samir Sahman fekk ein smell i internkampen til herrelaget laurdag,
Lars Petter har pådratt seg ei vridning, medan Stein Erik
skada seg på snøfjøl i helga. I tillegg slit
Adrian Håbet med ein vond muskel på baksida av leggen.
Om speler-ane spares i søndagens kamp er fortsatt uvisst,
men LP og Stein Erik er nok ute av spel i nokre veke.
Skodjekamp avtalt
9-03-2004 18:27
-Gutelaget har avtalt å møte Skodje til treningskamp
1. april i Uggeda-len. Det jobbes også med å få
av-klart kampar mot Hareid og Valder.
Fjørtoft stiller også lag
9-03-2004 13:42
-Fjørtoft stiller også lag i årets 7´er
serie for menn. Dette kan oppmann Egil Davik bekrefte overnfor nor-borg.com.
Grunnen til den seine påmeldinga er visstnok grunna misforståelse
mellom styre og legleiinga i Fjørtoft. Dermed er det heile
fem lag frå Haram i 7´er serien, og vi vil få
ei rekkje lokal-oppgjør som vil fenge publikum og medier.
I tillegg stilles det 7 senior 11´er herrelag frå Haram
kommune, som dermed må være den kom-muna med størst
tetthet av senior-lag for herrer. I følgje våre rykter
vurderer også Vestrefjorden å stille lag uten at dette
er bekrefta.
Har du bestilt genser ?
8-03-2004 22:11
-Bestillinger på ca. 100 gensera har komt inn så langt.
På torsdag sen-des første bestilling til trykkeriet,
og viss du endå ikkje har bestilt så må dette
gjerast no. Spre dette vidare til alle kjente og ukjente.
Bestill
her..
Serieavslutning i badmin-ton
8-03-2004 21:46
-I helga var Norborg i Trondheim og spelte dei siste kampane for
sesongen i 1. divisjon avdeling Midt-Noreg.
Les meir..
Tapte for Ålesund
8-03-2004 21:45
-Sist torsdag møttest Norborg og Ålesund for å
avgjere kven som har det beste badmintonlaget i fylket.
Les meir..
Sulalaget på onsdag
8-03-2004 20:44
-Juniorlaget møter på onsdag Sula-laget til årets
første treningskamp på heimebane. Kampen startar kl.
20.00, og vi spår ein jamne kamp.
Les
meir..
Siger og tap for ÅVK
8-03-2004 18:27
-Norborg sin motstandar i serie-opninga, Åram/Van.kam,
har spelt to kampar den siste veka. Først vart det 2-4 tap
for 5. divisjonslaget Selje, medan ein vann 1-0 over 6. divisjonslaget
Tjørvåg.
Oversikt over 7'ar lag
8-03-2004 17:32
-Norborg er godt representert i 7'ar fotballen denne sesongen. SFK
har no lagt ut ei oversikt over dei påmeldte laga.
Les
meir..
Laga i 7'ar serien for damer
8-03-2004 17:29
-Dei påmeldte laga i 7'ar serien for damer er: Skodje - Tjørvåg
- Ørskog - Norborg - Gjerdsvika - Larsnes/ Gursken - Lepsøy/HaNo
- Sæbø/ Åmdal - Vartdal - Vigra. Vi reknar med at Norborg her kjem
i avdeling med Lepsøy/HaNo, Skodje, Vigra og Ørskog.
Laga i 7'ar serien for herrar
8-03-2004 17:22
-Dei påmeldte laga i 7'ar serien for menn er: Brandal - Ellingsøy
- Herd - Tjørvåg - Norborg - Blindheim sju stjerner - Brattvåg -
Giske - Hildre - Ravn - Sæbø. Totalt har altså 11 lag meldt
seg på, og 4 av desse kjem ifrå fotballkommuna Haram.
SFK melder elles at dei saknar lag frå ytre søre, samt lag som Auste-fjord,
Folkestad, Fjørtoft, osv. i denne klassa. Dei har difor utvida
påmeldingsfristen til 15. mars.
Sunnmøre stadig med eigen 3. divisjon
7-03-2004 17:41
-Det vart på fotballtinget i helga avgjort at 3. divisjon
held fram som før. Dermed fortsette Sunnmøre med eiga
avdeling, og vi unngår eit nedrykksras denne sesongen.
Uavgjort for Brattvåg
7-03-2004 17:34
-Brattvåg og Stranda spelte søndag 2-2 på Brattvåg
kgb. Valder banka Vestnes Varfjell 8-1, Godøy vann 3-2 over
Vigra, Midsund-Harøy 4-1, medan Skarbøvik har spelt
2-2 mot Volda og vunne 3-2 over AaFK.
Herd første utfordring
7-03-2004 17:14
-Herd er første utfordring for gute-laget i årets 1.divisjon.
Etter dette ventar nok ein forhåndsfavoritt i Hødd
i Søvikdalen 30.april.
Les
meir..
Edward fiksa siger for "Bompi"
6-03-2004 14:29
-Mykje takka vere ein Edward Lav-erton i scoringsform vann dei kvit-kledde
4-3 over dei oransje i dag-ens internkamp. Edward scorte alle fire
måla for sitt lag, medan Kim
Idar Krogsethagen (2) og Geir Ove Grønli
putta for oransjetrøyene. Kampen var av god standard og spesielt
imponerte dei gutespelar-ane som slapp til.
Les meir..
Overraskande MSIL tap
6-03-2004 0:07
-MSIL gjekk på eit 2-5 tap for nabo Fiskerstrand. Nå
stilte nok ikkje MSIL med eit toppa mannskap, men likevel ein sterk
prestasjon av 6. divisjonslaget.
Tropp til internoppgjer
5-03-2004 18:12
-Her er troppen i kampen Norborg mot Norborg på Uggedal stadion
laurdag kl. 12. Oppmøte 11.30.
Tropp
Ingen gutekamp i helga
5-03-2004 16:41
-Det blir ikkje gutekamp denne helga. Kombinasjonen av ønskje
frå spelargruppa om spelefri, og prob-lemer med å skaffe
motstand er årsaka til at man velge å gi speler-ane
fri denne helga. Det blir vanleg trening på måndag.
Neste helg er det kamp mot Brattvåg på KGB.
Fotballsko etterlyses
5-03-2004 0:24
-Norborg sin gode keeper Geir Roar Gamlem etterlyser sine fotballsko.
Skoa er av merket Umbro, er blå og var sist observert i Uggedalen
ons-dag denne uka. Gamlem lover ein god dusør til den som
kan kome med tips som kan føre til at skoa finn sin rettmessige
eigar. Tips kan sendes på sms til: 92654874.
Bygdekamp avlyst
-Norborg mot Norborg istaden
4-03-2004 23:24
-Den planlagte bygdakampen på laurdag er avlyst. Fleire av
Gryta-stranda sine spelarar var imot ein treningskamp mot Søvik
sidan dei meinte at dette ville øydelegge mykje av sjarmen
rundt sesong-avslutningskampen i oktober. Det vil difor i staden
verte spelt ein intern kamp i Norborg. Tidspunktet er laurdag kl.
12. Troppen blir klar fredag.
Serieavdelingane er klare
4-03-2004 14:19
-Kretsen har no satt opp dei ulike avdelingane for 11´er fotballen
for sesongen 2004.
Les
meir..
Gutane med solid innsats
3-03-2004 23:03
-Gutelaget vann onsdag kveld 7-0 mot Ørskog i ein treningskamp.
Dei oransje viste nok ein gang solid laginnsats og stor bredde i
måls-skårerane.
Les
meir..
Ellingsøy i støtet
3-03-2004 22:50
-Etter eit par audmjukande tap slo Ellingsøy til med ein
3-1 siger over Vigra. Treningskampen vart spelt på Godøya.
Bygdakamp på laurdag
3-03-2004 22:43
-Fiskarstranda takka onsdag kveld nei til tilbodet om kamp. Dermed
er det duka for ein skikkeleg bygda-kamp mellom Grytastranda og
Søvik i Uggedalen laurdag kl. 1200.
Hederlig av damene
3-03-2004 21:38
-Norborg sitt damelag tapte 0-6 for HaNo onsdag kveld. Tatt i betrakt-ing
at dette var den første 11'ar kampen for dei aller fleste,
så er det eit oppløftande resultat. HaNo pressa på
i store delar av kampen og leia 4-0 til pause. I 2. omgang kom Norborg
seg lengre opp på bana og spelte seg til nokre avslutningar.
Les meir..
Kampen mot FK Sykkylven avlyst!
3-03-2004 17:23
-Den planlagte damekampen mot FK Sykkylven som skulle bli spelt
søndag er avlyst. Det var FKS som melde avbod.
Fjørtoft til Ullern
3-03-2004 15:00
-Tore Fjørtoft har bestemt seg for å melde overgang
frå moderklubben HaNo til Osloklubben Ullern. Fjør-toft
var regna som ein av 4.divisjon sine beste spelera, og vil nok bli
savna på eit HaNo-lag som har opprykk som målsettning
i år.
Norborg vs. HaNo
2-03-2004 18:44
-Norborg sitt damelag møter onsdag kveld kl. 1830 HaNo på
Ugge-dal stadion. Vi håpar mange tek turen for å sjå
vårt unge damelag måle krefter mot meir meritterte HaNo.
Les
meir..
Lepsøy/HaNo2 inn i 7'ar serien
2-03-2004 18:43
-HaNo og Lepsøy vil stille felles 7'ar lag på damesida, melder hanofk.no.
Det er Lepsøy som skal administre-re laget, samt stille med trenarar
og oppmann. Dermed har Norborg fått endå ein tøff
konkurrent i 7'ar serien.
Norborg på Team Anton-sen!
2-03-2004 18:02
-Dei
fleste norborgarane fekk seg ein støkk då Nor-borg
plutseleg dukka opp på det populære TV-programmet "Team
Antonsen".
Les meir..
Mini 94/95 startar 14.april
2-03-2004 11:08
-Mini 94/95 startar med treninger etter at håndballen er ferdig.
Det vil si at første trening blir 14.april i Uggedalen kl.
17.30-18.30, melder oppmann Siv Kjærstad.
Håpar på Fiskarstranda
1-03-2004 22:15
-3,5 år etter at Fiskarstranda hjalp Norborg til opprykk med
2-2 mot Rollon i siste serierunde, håpar Norborg på
Fiskarstranda igjen. Denne gong som motstandar i ein treningskamp
på Uggedal grus laurdag kl. 12. Om raudtrøyene har
høve til å spele kamp denne dagen får vi vite
på onsdag.
Info om småjentelaget
1-03-2004 15:52
-Treningane for småjenter fortsetter som før og med Amund Terøy
som trener. Neste trening er onsdag 3.mars kl 1700 (grunna damekamp
kl. 18.30 den dagen). Det har vore litt uklart om 11-er eller 7-er
lag, men no er det heilt klart at det blir to 7-er lag.
Gutane mot Ørskog
1-03-2004 15:20
-Gutelaget møter onsdag Ørskog til treningskamp i
Uggedalen. Kampen skulle egentlig bli spelt sist uke, men vart då
utsatt grunna været.
Les
meir.. |
|