2007
2006

Dagboka


Lepsøy knuste Harøy
31-03-2007 16:26
-Etter ein flott haustsesong ser Harøy på seg sjølve som ein av opprykks-favorittane i 6. divisjon, men i dag fekk dei stryk av Lepsøy. Heile 6-0 vann raudtrøyene. Hødd2 har slått Bergsøy 4-2.

To treningar gjennomført
31-03-2007 16:23
-Norborg sitt herrelag ankom Molde fredag kveld og har gjennomført to treningar i den glimrande Akerhallen, samt sett Liverpool knuse Arsenal. Humøret i leiren er dermed på topp i Molde by.

Til Molde på treningsleir
30-03-2007 16:45
-Om tre kvarter dreg Norborg sitt herrelag til Molde på treningsleir. Ca. 20 mann vil her få ypperlege trenings-tilhøve i Akerhallen, samt kamp mot 3. divisjonslaget Midsund på søndag.

7'ar lag etterpåmeldt
30-03-2007 16:01
-Norborg meldte idag på eit herrar 7'ar lag etter at det vart haldt eit vellykka møte om dette i går kveld. Alexander Holmeset blir lagleiar med Ronnie Gamlem som assistent. Laget opnar heime mot Ørskog tysdag 24. april kl. 19. Norborg stille dermed med herre-lag i 4. div., 6. div. og herrar 7'ar avd. 2.
Terminliste

Nytt HaNo-tap
-denne gong på gras
29-03-2007 21:34
-Ørskog fortsette å vinne, medan HaNo fortsette å tape for divisjons-kollegaer. Denne gong vart Ørskog for sterke for øyingane og vann 3-0 på Longva. Olav Ekornes, Bjørnar Kvamme og Raoul Lied scora, melde murerane.com.

Norborg2 best i lokalderby
28-03-2007 21:51
-Norborg2 vann i kveld 4-0 (1-0) over Ravn på Uggedal grus. Kenneth Vegsund, Skjalg Volstad, Tarjei Urkedal og Martin Grytten scora.
Les meir..

Spiss på prøvespel
28-03-2007 16:33
-Norborg2 vil ikveld teste ut ein ny spiss i kampen mot Ravn. Kven det er finn du ut ved å møte opp i Uggedalen kl. 20.

Møte om herrar 7'ar lag på torsdag

-Det blir møte om herrar 7'ar lag på klubbhuset i Uggedalen torsdag kl. 1830. Alle som er interessert i å spele på eit slik lag må møte.

Ny sterk Ørskog-siger
27-03-2007 21:45
-Ørskog vann i kveld 3-1 over Rollon på Ratvika KGB. Dermed tok Stig Johansen sine disiplar nok ein sterk siger. murerane.com har meir om kampen.
Les meir..

-Vi boikottar landslaget
27-03-2007 18:34
-Vi boikottar landslaget og vonar mange andre gjer det same, og møte opp i Uggedalen onsdag kl. 20 for å sjå ein langt meir underhaldande kamp mellom Norborg2 og Ravn, seie Norborg2-trenar Kristian Søviknes. -Vi garanterer mål, fleire enn tre pasningar innad i laget og nokre fikse tekniske detaljar. Dette vil du ikkje få sjå i Frankfurt, iallfall ikkje av det norske laget, fortsette han. Så vil du sjå skikkeleg fotball onsdagskvelden, er Uggedal grus plassen.

Knapt tap for juniorlaget
26-03-2007 20:25
-Norborg sitt juniorlag tapte 2-3 for Brattvåg jr. på Brattvåg KGB i kveld. Norborg tok leiinga 18 minutt ut i kampen, men Brattvåg snudde til siger. Kristoffer Søviknes og Skjalg Volstad scora for oransjetrøyene.

Keeper til Ørskog
26-03-2007 18:31
-Tidlegare Valder-keeper Hans Arne Hjeldnes har meldt overgong til Ørskog, og er dermed gjenforent med gamletrenaren Stig Johansen. Hjeldnes har vore skada dei siste to åra. Kjelde: murerane.com.

Helgas treningskampar
25-03-2007 22:23
Fredag:
Brattvåg-Skarbøvik 2-0
Spjelkavik2-Blidheim2 1-1
Vigra-Emblem 3-3
AaFK2-Herd 5-2
Laurdag:
Stranda-Blindheim 3-5
Bergsøy-Hareid 2-2</