Dagboka |
| Storsiger
til jentelaget 31-05-2006 22:42 -Jentelaget storspelte i Søvikdalen i kveld mot Lepsøya, og vann til slutt 9 -1 etter 4 mål av Nina Witsø, 2 mål av Birgitte Ringstad og eitt mål kvar av Catrine Flem Mork, Malene Bjørdal Solheim og Randi Øster Urke. Lepsøy spelte ein bra kamp, og putta ei nydeleg kontring utakbart for keeper. Kampens høgdepunkt kom då Catrine hadde eit langt innlegg, som Nina "Charlie Miller" klinka i mål på heil volley.. Statistikk Berga viktig poeng i vågen 31-05-2006 22:34 -Norborg sitt herrer 7'ar fekk med seg eit særs viktig poeng i bortemøtet med Brattvåg. Heimelaget var i føringa omtrent heile kampen, men Norborg ga ikkje opp og scora to raske mål i sluttminutta som ga 5-5. Norborg skapte dei fleste sjansane i kampen, men endten stod ein glimrande keeper i vegen, eller så gjekk ballen i stolpen. Likevel, slik kampen utvikla seg bør oransjetrøyene vere godt nøgd med poeng. Brattvåg misbrukte nemleg to straffespark i sluttminutta. For Norborg scora Kim Idar Krogset-hagen 3 mål, medan Biarte Hånes og Kristian Furnes putta eitt kvar. -Makan til sjansesløsing he ej aldri vore med på, var Kim Idar sin kommentar etter kampen. Statistikk Uavgjort i toppkampen 31-05-2006 22:28 -Vigra og Ørskog delte poenga i topp-kampen i 5. divisjon. Resultatet vart 2-2. Spjelkavik2 vann heile 6-2 over Skodje og ligg på 2. plass bak Ørskog. MSIL vann endeleg ein kamp igjen då det vart 4-2 siger i bortemøtet med Vartdal. Tabell SIF2 på tabelltopp 31-05-2006 22:25 -Skarbøvik2 vann 2- over Hovdebygda og tok over tabelltoppen i 4. divisjon fram til resten av runda spelast torsdag og laurdag. hil-fotball.net har sikkert meir om saka, for dei som er interesserte og greier å kome seg inn på den websida. Trenar og leiar hos Fisker-stranda trekker seg 31-05-2006 16:53 -Fotball-leiar Ole Tommy Blomvik og trenar Per Magne Mosti Juliebø trekker seg frå sine oppgåve i Fisker-stranda, melder FIL si heimeside. Knapp favoritt hos Nordicbet 31-05-2006 16:47 -Trass skuffande borteform er Norborg igjen favoritt hos Nordicbet. Medan motstandar Larsnes/Gursken har fått 2.35 i odds, får Norborg 2.00. Uavgjort er satt opp med 4.50. Odds på kveldens 5. divisjonskampar og torsdagens 4. divisjon finn du på Nordicbet sine websider. Tropp til kampen mot Larsnes/Gursken 30-05-2006 22:38 -Norborg spelar torsdag bortekamp mot Larsnes/Gursken og stille med følgjande tropp: Kurt Erik Grytten, Christian Søvik, Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Kjell Terje Brusdal, Stein Erik Reitan, Asgeir Kalvø, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal, Martinus Grytten, Adrian Håbet, Kristoffer Søviknes, Lennart Holmem og Ståle Hurlen. Kampstart kl. 19. Ferge frå Sulesund kl. 1700. Avreise frå Søvika seinast kl. 1610. Les meir.. Tropp herrar 7'ar mot Brattvåg 30-05-2006 19:32 -Følgjande er uttatt til 7'ar kamp mot Brattvåg onsdag kl. 1900. Kristian Furnes, André Larsen, Øyvind Davik, Noralf Gamlem, Vebjørn Grytten, Jan Even Drønnesund, Biarte Hånes, Ronnie Gamlem, Martin Holmeset og Terje Tellefsen. Kampen er satt opp på Brattvåg stadion (gras), men ta med sko for KGB likevel. Oppmøte kl. 1830 i vågen. Forfall meldast Frode. Ny siger til småjentene 29-05-2006 22:04 -Småjentene tok i kveld sin andre siger då det vart 5-2 over Giske. Guro Nyland 2, Martine Engeseth, Anette Vegsund og Anne Marthe Aarseth scora for oransjetrøyene. Vann over Emblem jr. 29-05-2006 19:56 -Norborg sitt juniorlag vann 3-0 over Emblem. Norborg dominerte stort og berre ein dyktig Emblem-keeper hindra at det vart med Knut Ivar Bjørlykhaug, Bee og Fredrik Furnes sine mål. Sunnmørsposten - Lite om 4. divisjon 29-05-2006 16:28 - At Sunnmørsposten brukar to-tre sider på AaFK er greitt. Men seks korte linjer på kvar 4. divisjonskamp det er <hol i haudet>. Det er trass alt folk det også, meiner Trygve Rogne. Dette stod på Åpen linje i dagens Sunnmørspost, og vi kan ikkje anna enn å seie oss einig. Sunnmørposten lanserte si nye avis i tabloid form med pomp og prakt, men for oss som held med lag i 4. divisjon, vart fredagens avis skuffande. Det stod endå mindre om 4. divisjonskampane enn før. Ja, faktisk var Hovdebygda sin målscorar utelatt. Vi forventar ikkje at Sunn-mørsposten skal bruke så mykje ressursar på 4. divisjon, men med dei mange oppdaterte heimesidene så er det lettare tilgong på informasjon enn nokon gong. I fjor var spalteplassen tilfredsstillande der spesielt Rollon og Norborg fekk bra med spalteplass. Då opplevde vi reportasjar både før og etter kamp. Ja, vi kom faktisk på TV nokre gongar også. Dette var med på å auke interessa for divisjonen. Det er ikkje så mykje som skal til for å gjere oss nøgde. Eit bilete i ny og ned, eller ein hovudkamp i kvar runde hadde vore flott. Klubbane sjølve kunne nok ha ordna tekst og bilete om dei fekk beskjed om det i tide. På torsdag er det to svært interessante kampar: Godøy-Brattvåg og Stranda-Blindheim. Spennande å sjå om nokon av desse kampane blir gitt meir enn nokre millimeter spalteplass. Målrik Hildrekamp 28-05-2006 21:01 -Hildre hadde stort håp om å ta sin første siger i dag då Stranda2 var på besøk, men trass 3 mål av Terje Gangstø og eitt av Joackim Hurlen, måtte ein sjå seg slått. Stranda2 scora nemleg 6 gongar og tok årets første siger. Tabell Odds på dagens kampar 28-05-2006 17:45 -Nordicbet har sjølvsagt odds på dagens kampar i Tippeligaen og Adeccoligaen. Hødd møter Sparta, mens Molde møter Vålerenga borte. AaFK spelar mot M/S i morgen. Hødd til 3.runde 28-05-2006 14:54 -Hødd er klare for 3.runde i NM for junior etter å ha vunnet på straffe mot Brattvåg i dag, meldes det frå Høddleiren til norborg.com. Juniorkamp mandag 28-05-2006 14:06 -Juniorlaget møter mandag Emblem til juniorkamp i Søvikdalen. Kampstart er 18.30, og juniorane skal gjere sitt ytterste for å gi publikum ein artig og sjåverdig forestilling. I Emblemsleiren går dei for siger, og meinar dette er ein kamp dei bør vinne sjølv om dei kjem til å gå ut i ein defansiv formasjon. Norborg stiller med same tropp som mot Vigra/Godøy og oppmøte er 17.20. OBS! Treninga blir kl. 17 -Herre-/juniortreninga blir søndag kl. 17 i Søvikdalen. Smågutelaget tapte 26-05-2006 23:37 -Smågutelaget møtte SIF i Skarbøvika tysdag kveld. Banespel og målsjansar fordelte seg nokså likt på begge laga, men resultatet vart likevel tap 5-1 (1-0 etter 1. omgang). SIF var langt meir effektive framfor mål enn Norborg, og hadde ein god keeper. Målscorar for Norborg var Peter Elias Grytten. Juniorane tapte 26-05-2006 18:36 -ViGo leiar 1-0 over Norborg jr. etter 1 minutt. Målet kom på ei keepertabbe. For øvreg samme keeper som stod i mål i gårsdagens A-kamp. -Adrian Håbet har utlikna for Norborg når det har gått 24 minutt. Norborg styre kampen. -Pause -2-1 til ViGo etter 60 min -2-1 Slutt Tre juniordamer debuterte for juniorherrene. Jannicke starter for junior-herrene 26-05-2006 18:10 -Jannicke
S. Gjerseth går rett inn på laget i kveldens junior-kamp mot
ViGo. Det vart klart då Kjell Terje Brusdal måtte kaste inn
handkledet grunna ei lårhøne han fekk på overtid i gårsdagens
kamp mot Godøy. Stilling tabellkonkurransen 26-05-2006 16:57 -Rasmus Rønneberg og Stein Erik Mårstøl har tatt føringa i tabellkonken. Stilling Kampreferat 26-05-2006 0:32 -Kampreferat mellom Norborg og Godøy ligg no ute. Les meir.. Poengdeling på Hellesylt 25-05-2006 21:19 -Sunnylven og Stranda spelte 2-2 i lokaloppgjeret på Hellesylt i kveld. Tabell Norborg sine mål 25-05-2006 18:42 -Videosnuttar av Norborg sine mål mot Godøy: 1-0 Kim Idar Krogsethagen 2-0 Eirik York HaNo best i Haram 25-05-2006 17:48 -HaNo vann i dag 4-3 over Brattvåg og kan dermed skryte av å vere Haram sitt beste fotballag etter at dei også slo Norborg sist. Brattvåg ligg likevel føre HaNo på tabellen grunna betre målforskjell. Blindheim vann 5-1 over Hovdebygda og er på 2. plass. ÅVK vann 3-0 over Herd. Lokalderbyet mello Sunnylven og Stranda går seinare i kveld. Tabell Stor dramatikk og poeng-deling i Uggedalen 25-05-2006 17:29 -Norborg såg ut til å gå mot ein 2-1 siger over Godøy, men på overtid av overtida scora Svein-Arve Alnes å sikra Godøy eit alt i alt fortent poeng. Norborg kom best i gong og rysta Godøy allereie før minuttet var spelt. Men Tarjei Urkedal sitt forsøk small i stolpen. Det skulle likevel ikkje gå meir enn ti minutt før Norborg tok ei fortent leiing på straffe av Kim Idar Krogsethagen. Ti minutt seinare auka Eirik York leiinga då han fekk stå aleine framfor mål. Stillinga haldt seg til pause. I 2. omgang pressa Godøy kraftig og 20 minutt ut i omgangen sette Trond Brynestad inn redusering på straffe. Norborg heva seg etter reduseringa og to minutt før full tid skaffa Kim Idar Krogsethagen heimelaget straffe. Diverre sette Lennart Holmem denne rett på keeper Akerø. Dommaren sa han la til fire minutt, men klokka gjekk og dryge fem minutt på overtid utlikna altså nemnte Alnes på eit lurt frispark til stor jubel frå Godøy-leiren. Bittert for Norborg som verkeleg heva seg frå HaNo-kampen. Les meir.. Tabell Tropp mot Godøy 24-05-2006 20:42 -Norborg stille med følgjande tropp i kampen mot Godøy torsdag kl. 15: Bjørnar Engeset, Stein Erik Reitan, Stein Erik Alvestad, Kjell Terje Brusdal, Jan Even Drønnesund, Christian Søvik, Steffen Grytten, Asgeir Kalvø, Tarjei Urkedal, Eirik York, Kim Idar Krogsethagen, Adrian Håbet, Martinus Grytten, Ståle Hurlen og Lennart Holmem. Oppmøte seinast kl. 1355. Ny siger til Larsnes/Gursken 24-05-2006 20:40 -Larsnes/Gursken viste at sigeren over Blindheim ikkje berre var eit blaff og vann i kveld heile 4-0 i bortemøtet med SIF2. I 3. divisjon delte Langevåg og Rollon poenga. Kampen enda 1-1. Tabell 4. divisjon Storsiger til småjentene 24-05-2006 20:39 -Jenter 14 vann heile 8-0 over HaNo i kveld. Kamilla Mikalsen 3, Anette Vegsund 2, Elise Reitan, Anne Marthe Aarset (banens beste) putta for oransjetrøyene i tillegg til at ein HaNo-spelar satte ballen i eige mål. Juniordamene redder juniorherrene på fredag 24-05-2006 19:26 -Juniorlaget
skal på fredag spele toppkamp borte mot Vigra/ Godøy på
Rota gras kl. 18.30. Samstundes spelar gutelaget kamp mot Ravn, og dermed
er dei fire gutespelerane indisponible for juniorlaget. I tillegg så
er alle siste årsjuniorane borte på weekendtur i anledning langfri,
og Lars Petter og Jan Helge er fortsatt skada. For dermed i det heile tatt
greie å stille eit lag på bana som kan møte Vigra/Godøy
i denne serie-finalen så må har man blitt nødt til å
ta med seg tre spelera frå junior-damelaget. Jannicke Gjerset, Sandra
Larsen og Mona Kvammen er dermed utatt i troppen som reiser til flyplassøya
på fredag for å møte Erlend Holm sine disipler!
Tarjei har blitt pappa 24-05-2006 17:17 -I dag tidleg tikka følgjande melding inn frå erkenorborgar Tarjei Urkedal;- No he arvingen komt! Det vart ei frisk fin lita jente på 3450 gram og 50 cm lang :-) Ho kom til verda kl. 0506 i dag.. Vi gratulerer Camilla og Tarjei so mykje! Odds 5. divisjon -spesial på Ørskog-Stordal 23-05-2006 22:56 -På torsdag er det lokalderby i 5. divisjon mellom Ørskog og Stordal. Topplaget Ørskog er naturleg favoritt hos Nordicbet med 1.35 i odds. Du kan også spele på om Ørskog sin Kjell Tangen vil score eller ikkje. Det samme gjeld Stordals Petter Aksel Kirkebøe. Dei øvrige kampane i 5. divisjon spelast onsdag. Nordicbet held Norborg for knapp favoritt 23-05-2006 22:21 -Nordicbet har satt opp odds for torsdagens 4. divisjonsrunde, og held Norborg som knapp favoritt mot Godøy. Norborg har 1.90 i odds, medan Godøy har fått 2.35. Uavgjort gir 4.70 tilbake pengane om det skulle slå inn. Sjå Nordicbet sine sider for odds på dei andre kampane. Vann 7-5 mot Langevåg 23-05-2006 19:57 -Juniordamene vann til slutt 7-5 borte mot Langevåg. Dermed befesta dei sin posisjon som nr. 2 på tabellen. Ojee!!, var Jannicke Gjerset sin kommentar til norborg.com etter kampen. Kine Kvammen og Camilla Krogsethagen putta etter pause. Tabell Statistikk Snudde 2-1 til 2-5 23-05-2006 18:57 -Om ikkje alle juniordamene viste kor Langevågen var, så veit dei vertfall kor målet står. Norborg tok leiinga 0-1 før heimelaget snudde til 2-1. Så bestemte trenerane seg for at laget skulle skru opp tempoet, og plutslig var pauseresultatet 2-5. Målskårera så langt Sandra Larsen 2, Camilla Johansen, Camilla Krogsethagen og Mona Kvammen. Gratulere med overstått til dei to sistnemnte også frå norborg.com. Juniordamene møter Langevåg 22-05-2006 22:25 -Ingrid
Gamlem og dei andre junior-damene reiser tysdag til Langevågen for å spele
sin 4. kamp for sesongen. Oransjetrøyene er revansjelystne etter
tapet mot naborival Brattvåg i sist kamp og satsar på tre poeng. Norborg
stille med følgjande tropp: Jannicke Gjerset, Sandra Larsen, Kine
Kvammen, Mona Kvammen, Ingrid Gamlem, Camilla Johansen, Camilla Krogsethagen,
Frida Ahrens, Ida Holmeset, Nina Witsø, Fride Ringstad, Kristine Olsen og
Tonje Fiskergård.Sjansesløsing og tap for Hildre 22-05-2006 21:40 -Lite vennlege stolpar og sjanse-sløsing gjorde at Hildre måtte sjå seg slått 3-1 i bortemøtet med HaNo2 i kveld. Egil Fiksdal scora for Hildre. Dermed ventar Hildre stadig på sine første poeng i comeback sesongen. Neste kamp er heime mot botn-kollega Stranda2 på søndag kl. 15. Den kampen blir leia av Norborg-dommar Arild Vegsund. Tabell Ny utklassingssiger for herrer 7'ar 22-05-2006 21:16 -Norborg
vann heile 16-4 (5-3) over Skodje i kveldens 7'ar kamp. Skodje tok leiinga
i kampen før Norborg snudde til 3-1. Skodje kom likevel tilbake og
utlikna ti 3-3 dryge ti minutt før pause. Men derifrå var det
Norborg for alle penga. Det enda altså på 16-4. Tidlegare midtstoppar
Audun Mikalsen (biletet) viste skikkelege goalgetteregenskaper ved å
putte fem gongar. André Larsen og Biarte Hånes scora 4 kvar,
Kristian Furnes 2 og Kristian Søviknes eitt mål.Statistikk Tabell Tropp herrar 7'ar 22-05-2006 16:25 -Følgjande spelarar er tatt ut til 7'ar kampen mot Skodje måndag kl. 19 på Uggedal grus. Martin Holmeset, Ronnie Gamlem, Kristian Søviknes, André Larsen, Kristian Furnes, Jan Even Drønnesund, Audun Mikalsen, Biarte Hånes, Vebjørn Grytten og keeper Knut Ivar Bjørlykhaug. Forfall meldast Frode. Oppmøte kl. 1830. Kunstgras opning på Blind-heim 21-05-2006 22:08 -Laurdag var det opning av Blindheim si nye kunstgrasbane. Spjelkavika.no har meir om saka. Les meir.. Sette AaFK rekord? 21-05-2006 13:20 -AaFK har vunne sine 7 første serie-kampar og vil sette rekord dersom dei vinn bortemøtet med Hønefoss i dag. Nordicbet har satt 1.95 i odds på at tangotrøyene greier dette. Hødd venter framleis på sin første og det er vel heller tvilsamt at den kjem i dag når Sogndal gjestar Høddvoll. Hødd siger gir 3.25 i odds. Nordicbet har oddsen til Tippe- og Adeccoligaen, medan fxt.no har alt du treng å vete om divisjonane. Videosnuttar av måla Norborg jr. -Brattvåg jr. 20-05-2006 18:46 1-0 Erlend York 3-0 Asgeir Kalvø 2-0 målet var for vakkert til at det lot seg feste til film. Vann lett mot Brattvåg 20-05-2006 18:22 -Juniorlaget måtte ikkje bruke for mykje krefter på å slå Brattvåg2 med 3-0 (2-0) i Uggedalen i dag. Erlend York gav heimelaget leiinga 1-0 etter 13 minutt då han stod på lengste på eit innoverskrudd frispark. Minuttet etter auka Adrian Håbet til 2-0 etter eit vakkert angrep. Adrian og Skjalg Volstad brukte få touch og mange veggspel på å tre seg gjennom gjesteforsvaret. I andre omgang auka Asgeir Kalvø til 3-0 på eit vakkert hodestøt etter eit utsøkt innlegg frå Eivind Fjørtoft då Martin Grytten frispelte han på kanten med eit hælspark. Norborg produserte ei rekkje sjansar, deriblant eit frispark frå KIB i kryss-stolpen og ut. Brattvåg på si side produserte ingenting. Sverre Ulstein Fjørtoft var tilbake hjå Brattvåg etter langt skadeavbrekk, og den profilerte speleren fekk køyrt seg skikkelig, og det var tydlig han mangler ein del på det fysiske enda. Best hjå heimelaget var stødige Kjell Terje Brusdal, solid Asgeir Kalvø i andre omgang og ein meget positiv Martin Grytten den omgangen han spelte. Berre synd at den unge gutespeleren ikkje fekk seg eit mål etter to meget gode sjansar åleine med Brattvågmålvaktene. Juniorkamp i dag 20-05-2006 10:34 -Juniorlaget spelar i dag laurdag heimekamp mot Brattvåg2 i Uggedalen kl. 16.00. Ein spennande kamp på papiret, og vi håper på at mange tar turen til stadion i fineværet! Jentelaget sigra over HaNo 19-05-2006 23:54 -Jentelaget vann i kveld 3-2 over HaNo. Martine Søvik Gunnarsdottir, Randi Urke og Birgitte Ringstad scora for oransjetrøyene. Les meir.. Gutelaget tapte 19-05-2006 23:35 -Gutelaget tapte 3-1 borte mot Valder i kveld. Stillinga til pause var 2-1, og Skjalg Volstad skårte Norborg sitt mål på ein ufattelig enkeltmanns-prestasjon. -Meget god innsats, men marginane bikka i vår disfavør, melder trener Brusdal. |