| Særs god helg for Haram 31-05-2004 22:18 -Dei fem Haramslaga hadde ei særs god pinsehelg. Brattvåg inn-leia helga med 2-0 over Langevåg på fredag. På laurdag vann Norborg 9-0 over Aksla, mens på måndag sigra HaNo 5-1 over ÅVK, Ravn 5-0 over Valldal og Lepsøy 2-0 over Fisker-strand. Dette gir 15 poeng og 23-1 i målforskjell. HaNo fann forma 31-05-2004 19:05 -HaNo banka ÅVK heile 5-1 på Eidså i dag. Dermed fekk også øyingane opp sjølvtilliten før lokal-derbyet mot Norborg. Tabell Lepsøy vann toppkampen 31-05-2004 17:26 -Lepsøy vann toppkampen i 6. divi-sjon avd. A mot Fiskerstranda med 2-0. Fiskerstranda leiar divisjonen eitt poeng framføre Lepsøy, men med ein kamp meir spelt. Lepsøy skal ut i ny toppkamp mot Giske neste helg. Bilete frå veka sine herre-kampar 31-05-2004 16:54 -Her er eit knippe bilete frå kam-pane Norborg-Aksla og Norborg-Ellingsøy. Sjå bilete Møter Mathare United !!! 29-05-2004 21:06 -Gruppene til Norway Cup er klare, og gutelaget 11´er har fått skikkelig attraktiv motstand. Laget møter nemlig uslåelige Mathare United i siste gruppekamp. Før dette speler laget mot Kvik Halden og Lindeberg. Gutt 7´er møter Oppsal, Fyresdal og Øksfjord, medan jente-laget møter Bangsund, Tvedestrand og Florø. Norborg har dermed alt å vinne, og særlig gutter 11´er bør være skikkelig motivert i ei knalltøff pulje. Vi kjem med meir søndag. Festfotball !!!!! 29-05-2004 17:18 -Norborg knuste Aksla 9-0 laurdag ettermiddag etter 3-0 ved pause. Kim Idar Krogsethagen (3), Tarjei Urkedal (2), Edward Laverton (2), Geir Ove Grønli og Roger Grytten scora måla. Norborg var klart best kampen igjennom og Aksla gjorde det ikkje enklare for seg sjølv ved å få ein mann utvist for å ha skubba Grønli i bakken fem minutt ut i 2. omgang. Gutespelar Espen Sol-heim fekk sin seriedebut og var nær ved å score ved eit par høve. Les meir.. Tabell Damene nær poeng 29-05-2004 0:30 -Damelaget tapte 2-4 for Skodje fredag kveld. Camilla Krogsethagen scora begge Norborg sine mål. Skodje hadde initiativet i 1. omgang og leia 3-1, men Norborg hadde også store sjansar til å score meir enn det eine. Etter pausen skapte Norborg bra med sjansar og hadde fortent poeng mot topplaget Skodje. Vann over Hareid 28-05-2004 21:57 -Samir Sahman og Martinus Grytten sørga for Norborg sine mål då Hareid vart slått 2-1 i 1. divisjon for gutar. Les meir.. Grusbana stengt 28.mai 28-05-2004 14:46 -Grusbana er stengt i dag 28.mai grunna grusing. Bana vil være opna igjen for all aktivitet laurdag. Vigra knuste Sunnylven 27-05-2004 21:14 -Etter å ha vore ubesigra i nesten 4 år på heimebane gjekk Sunnylven på eit stortap for 4. divisjon sitt topplag. Vigra vann nemleg heile 4-1 og tronar suverent på toppen. Andre resultat: MSIL/LIL2-Blindheim/Emblem 0-0 og Stordal-Ellingsøy 1-3. Tabell Tøff kamp ventar damene 27-05-2004 16:37 -Norborg sitt damelag møter fredag topplaget Skodje i Søvikdalen. Skodje har tre storsigrar bak seg, medan Norborg står med ein siger på tre kampar. Men Norborg viser stadig betre spel. Kan vi håpe på ein liten skrell i Søvikdalen i morgen? Kampstart kl. 1800. Giske for sterke for jentene 27-05-2004 15:55 -Norborg sitt jentelag måtte sjå seg slått 4-8 i heimekampen mot Giske. Camilla Johansen og Mona Æsøy Kvammen scora to mål kvar. Les meir.. Uavgjort for smågutane 27-05-2004 0:31 -Norborg sitt smågutelag spelte tysdag 5-5 mot HaNo/Lepsøy. Tabell Toppkamp fredag 27-05-2004 0:07 -Norborggutane møter fredag Hareid til toppoppgjør i 1.divisjon i ein kamp vi held Hareid som soleklare favoritter mot eit Norborglag som slit med skadeproblem og formsvikt på sentrale spelera. Les meir.. Farleg motstand på laurdag 27-05-2004 0:01 -Norborg møter Aksla i sin neste 4. divisjonskamp. Aksla står utan poeng så langt i år, men Norborg har dårleg erfaring mot poenglause lag så kampen kan bli langt jamnare enn forventa. Møt opp I Søvikdalen kl. 15 å sjå om Norborg kan få tre nye poeng. Les meir.. Ukens tippegjest 26-05-2004 23:21 -Ukens tippegjest er Ole Tommy Blomvik frå Fiskerstrand IL. Les meir.. Stranda slit stadig 26-05-2004 20:47 -Stranda måtte sjå seg slått 2-0 i kveldens 4. divisjonskamp mot Skarbøvik2. Det begynne dermed å sjå dystert ut for ein av opprykks-favorittane. Tabell Nytt heimetap for trimlaget 26-05-2004 20:45 -Norborg sitt 7'ar herrer tapte heile 2-7 for Ellingsøy. Stillinga ved pause var 1-3. Daniel Brusdal og Geir Magne Grande scora Norborg sine mål. Ellingsøy hadde eit rutinert og godt lag å tok ein fortent siger. Les meir.. Tabell Tek Haram utfordringa? 26-05-2004 17:12 -Sunnmøre fotballkrets har i høve sitt 90-års jubileum utfordra kvar kommune til å gi ein ball per lag som er påmeldt frå kommuna. I Haram er det 81 lag som er på-meldt, for øvreg nest mest på Sunnmøre. Vi ventar i spaning på å sjå om Brattvåg, Fjørtoft, HaNo, Hildre, Lepsøy, Norborg og Ravn får sine ballar. Les meir hos SFK. 2004 vs. 2003 25-05-2004 20:29 -Vi tek her ei lita statistisk saman-likning mellom 2004 og 2003 etter at 5 serierunder er gjennomført. Les meir.. HaNo-Norborg på Austnes 25-05-2004 13:20 -Neste ukes 4.divisjonskamp mellom HaNo og Norborg spelast på Austnes stadion, og dermed er det kun 5 minutt gange frå ferge-kaia for tilreisande Norborgsupport-era, melder HaNo til norborg.com. Tropp til 7'ar kamp 24-05-2004 23:58 -Det er svært mange som ønsker å spele 7'ar kamp for Norborg sitt herrelag. Dei ti som var med mot Fjørtoft, samt heimvendte Stig Wold og endeleg speleklare Ronnie Gamlem og Jan Egil Alstadsæter får sjansen i kampen mot Ellingsøy på onsdag. Troppen Haugan med 7 mål ! 24-05-2004 22:59 -Norborgtrenar Øystein Haugan har tydlig full kontroll på rekrutteringa til spissplassen om 15 år. I dag putta sonen hans Eirik Haugan 7 mål for Molde, som vann 7-1 i ein lillegutt-kamp, men dette må han vel ha lært av nokon andre enn av faren ? Lepsøy med sterk siger 24-05-2004 22:10 -I 6. divisjon avd. A vart Lepsøy det første laget til å slå Blindheim/ Emblem 2. lag då dei i kveld vann 4-3. Fiskerstrand slakta HaNo2 med 10-1 og har no scora 40 mål på 6 kampar. Imponerande! I avd. B fekk Gursken/Larsen sitt første tap då det vart 1-2 for Tjørvåg. G/L er likevel på tabelltopp. Elles pynta Hasundgot på målforskjellen sin då dei knuste BAUFIL/Haddal heile 14-0. Tabell 6. div. avd. A Tabell 6. div. avd. B Brukbar auke i Norborg 24-05-2004 17:01 -Norborg har i år 19 lag med i seriesystemet, noko som er ei auke på 3 lag sidan i fjor. Volda er største klubben på Sunnmøre framføre Stranda og Herd. Norborg kjem her på ein delt 17. plass, og er med det nest størst i Haram. Blindheim er den klubben som har hatt størst auke sidan ifjor. Les meir.. Sjå lista. (pdf-fil) Houllier fekk fyken! 24-05-2004 16:04 -Så har det endeleg skjedd. Gérard Houllier har fått sparken som man-ager i Liverpool. Jose Mourinho (Porto), Alan Curbishley (Charlton) og Rafael Benitez (Valencia) er dei heitaste namna til å overta. Men uansett kven som tek over, det kan berre bli betre enn det som var. Ligagull 2004/05: LIVERPOOL! Tippetipsa gjekk inn 24-05-2004 0:01 -Ukens tippegjest fekk alle sine tips rett, og dermed har Frode Engeset sendt Norborg i leiinga om stipen-det på 2000,- kroner som NordicBet deler ut ved sesongslutt. Herrer 7'ar spelar på grus 23-05-2004 22:40 -Herrar 7'ar sin heimekamp mot Ellingsøy blir spelt på grus onsdag kl. 1830. Troppen kjem måndag. Ravn ned på jorda 23-05-2004 22:24 -Ravn reknar seg sjøl som 6. divisjons beste lag, men søndag måtte dei sjå seg slått 2-1 av Stranda 2. Dermed eit lite tilbake-steg for ambisiøse ravningar. Tabell Seth scora for Ellingsøy 23-05-2004 21:04 -Like etter at vi etterlyste Ellingsøy sin målscorar mot Blindheim/ Emblem tikka det inn. Stian Seth fekk æra av å score det målet. Då manglar vi berre Aksla sine to mål mot ÅVK. Ta kontakt om du veit dei. HaNo på ny heimesmell 23-05-2004 18:46 -HaNo måtte for andre gong på tre kampar sjå seg slått på heime-bane. Søndag ettermiddag vart det eit 1-0 tap for MSIL/LIL2. Tabell Aleine på topp! 23-05-2004 15:56 -Norborg sitt gutar 7'ar lag vann toppkampen mot Harøy/Fjørtoft med heile 12-2. Dermed tronar laget aleine på topp. Heile åtte ulike målskårera noterte seg for mål, og dette var Samir Sahman 3, Eivind Fjørtoft 2, Espen Solheim 2, Be, Thomas Ringstad, Adrian Håbet, Ole Mathias Grytten og Erlend York. Les meir.. Journaliststreiken over 23-05-2004 14:46 -Journalistane har no blitt einige med sine arbeidsgivarar og streiken er dermed over. Dette fører til at vi igjen kan få skikkeleg oppdatert toppscorarliste og banens beste statistikk. Vi manglar Ellingsøy sin målscorar mot Blindheim og Aksla sine to målscorarar mot ÅVK. Dersom nokon veit dei, ta kontakt. Toppkamp søndag 14.15 22-05-2004 18:19 -Harøy/Fjørtoft vitjar søndag Ugge-dalen til toppkamp i 7´erserien for gutar. Begge lag er ubesigra så langt i sesongen, og det kan dermed bli ei interessant batalje som skal utspele seg i Uggedalen søndag kl. 14.15. Vårt tips: 5-5 Guter 7´er fosser videre 22-05-2004 18:17 -7´erlaget til guter vann i dag kom-fortabelt 10-3 mot Ørskog. Samir Sahman 5, Ole Mathias Grytten 2, Thomas Ringstad, Fredrik Holme-set og Kristoffer Søviknes skårte måla for den oransje horde. -Meget høg innsats og skikkelig bra spel, oppsummerte spelande trener Samir Sahman etter kampen. Bare nesten for Godøy 21-05-2004 21:46 -I 3. divisjon leia Godøy 2-1 over Langevåg like før slutt, men måtte til slutt ta til takke med 2-2. I dei andre kampane vann Valder 4-1 over Brattvåg, Hødd 2-SIF 0-2 og Bergsøy-Hareid 0-3. Tabell Gutelaget med sterk siger 21-05-2004 20:59 -Gutelaget leverte ein meget god kamp foran ein svært tallrikt publikum i Uggedalen fredag kveld. Stranda tok leiinga på straffe midtveis i første omgang, men Norborg kvitterte til pause med Samir Sahman. I andre omgang dominerte heimelaget spelemessig, og spelte seg fram til ei rekkje gode tilbud. Samir ordna 2-1, Martinus lurte offsidefella å satte inn 3-1 før Stranda utnytta ein glipp bake hos Norborg til å redusere til 3-2. Minuttet før slutt fastsatte Samir sluttresultatet til 4-2 på straffe. På Herd kunstgras vann Brattvåg 3-2 mot Herd i dagens toppkamp. Les meir.. Jentelaget med knepent tap 21-05-2004 16:09 -Norborg sitt jentelag mått sjå seg slått 3-2 for Harøy torsdag. Les meir.. Småjentene tapte 21-05-2004 16:06 -Norborg sitt J14-lag måtte sjå seg slått 4-1 av SIF på SIF-tun torsdag. Les meir.. Gutekamp fredag heime 21-05-2004 0:28 -Gutelaget spelar fredag mot Stranda på heimebane i Uggedalen kl. 18.30. Stranda vann sin siste kamp med 11-1 mot Hessa/Sif, medan Norborggutane tapte 3-2 for Aafk. Det er dermed to lag med motstridane formkurve som møtast i Uggedalen. Stranda er på veg opp-over på tabellen, medan Norborg er på veg nedover. Vårt tips: 3-3. Oppfordrar alle til å kome å sjå det lovande gutelaget i årets første heimekamp i Uggedalen. Resultat 4. divisjon 20-05-2004 18:22 -Aksla-ÅVK 2-5, Blindheim/ Emblem-Stordal 5-1 og SIF2-Sunnylven 3-5 Tabell Nytt bortetap 20-05-2004 18:12 -Norborg tapte 5-3 for heimelaget Vigra idag. Vigra var svært effektive å scora tre mål før 9 minutt var gått. Etter denne grusomme opninga kom Norborg gradvis til hektene og reduserte to gongar før pause ved Kenneth Gamlem og Tarjei Urkedal. I 2. omgang var det Norborg som skapte dei fleste sjansane, men Vigra var hypereffektive å laga både 4-2 og 5-2 før Kim Idar Krogsethag-en reduserte like før slutt. Alt i alt eit litt ufortent tap for Norborg som fekk kampen ødelagt av ein grusom start og ei forferdeleg dommarav-gjersle på 4-2 målet då Idar Molnes sparka ballen ut av hendene på keeper Geir Roar Gamlem å scorte. Les meir.. Liten interesse for talentleir 20-05-2004 0:07 -Dagen før påmeldingsfristen for sommerens talentleir går ut, så har bare litt over 30 ungdommer meldt seg på. - Dette er skuffende. Men heldigvis er det ikke for sent ennå, sier kretsleder Bjørn Ivar Rødal. Les meir.. Endeleg for Stranda 19-05-2004 23:02 -Alle gode ting er tre for Stranda. For på sin 3. heimekamp lykkast endeleg Stranda i å både score og vinne då det i kveld vart 6-0 over Ellingsøy. Tabell Ny bortesiger for 7'ar laget 19-05-2004 21:15 -Norborg sitt herrar 7'ar vann til slutt 6-5 over Fjørtoft. Geir Magne Grande (3), Torstein Volstad og to sjølmål av Fjørtoft sikra sigeren. Les meir.. Tabell Lilleguttkamper mot Brattvåg 19-05-2004 21:14 -Norborg sine to lilleguttlag spelte i dag jamne kamper mot Brattvåg på Brattvåg stadion. Norborg 1 klarte 6-6 mot Brattvåg 1 etter ei sterk opphenting i sluttminutta. Norborg 2 tapte til slutt 7-8 mot Brattvåg 2 etter ein jamn kamp der dei leia med 2 mål i to perioder. Ukens tippegjest 19-05-2004 16:53 -Vår eigen redaktør er ukens tippe-gjest denne uka. Tre uker uten gev-inst er fasit så langt. Kjem den første gevinsten denne uka ? Les meir.. Gutar-10 imponerte på miniturnering 18-05-2004 22:40 -Norborg sitt gutar 10 lag deltok laurdag på miniturnering i Brattvåg. Laget gjorde ein glimrande innasts med tre sigrar og ein uavgjort. Les meir.. Småjentene tapte 18-05-2004 22:44 -Norborg sitt småjentelag måtte tysdag sjå seg slått 8-2 av Ravn. Toppkamp på torsdag 18-05-2004 22:08 -Nummer 1 og 3 på 4. divisjons-tabellen brakar torsdag saman på Rota stadion kl. 15. Vil Vigra halde fram sigersrekka, eller vil Norborg gi dei årets første tap. Les meir.. Tropp mot Fjørtoft 17-05-2004 21:03 -Norborg sitt herrer 7'ar lag spelar onsdag bortekamp mot Fjørtoft. Her er troppen. Resultater 16-05-2004 18:59 -Fiskerstrand knuste MSIL2/LIL3 heile 7-0 i 6. divisjon avd. A. I 3. divisjon tok FK Sykkylven sitt første poeng då det var 3-3 mot Bergsøy. Godøy surfer vidare 15-05-2004 19:22 -Godøy vann idag 5-3 over nabo Valder, og er dermed aleine på toppen av 3. divisjon. I lokalderbyet mellom Skodje og Ørskog vann Skodje 5-3. Harøy gjekk på ein 7-1 smell for Åmdal. Sunnylven vann igjen 15-05-2004 18:16 -Sunnylven vann 3-1 over Stranda i dagens 4. divisjonskamp. Etter 0-0 ved pause tok Stranda føringa ved Thomas Melgårdsbakken, men Sunnylven utlikna berre minuttet seinare ved Alf Ole Sundgot. Fem minutt før slutt ordna Karl Magnus Hjelle 2-1 og på overtid putta Alf Ole Sundgot nok eit mål for heime-laget. Dermed gjekk Sunnylven opp på ein 2. plass på tabellen. Tabell Ny overrasking i 3. divisjon 15-05-2004 14:22 -Overraskingane kjem på løpande band i årets 3. divisjon. I går kveld var det Hareid sin tur. Dei vann nemleg 2-0 over ein av opprykks-favorittane Langevåg. Brattvåg leia 2-0 over Hødd2 og hadde full kontroll i 80 minutt, men då vakna Hødd2 og scora 2 mål. Dermed poengdeling. AaFK2 vann 3-2 over Ørsta. Irriterande tap mot Aafk 14-05-2004 21:29 -Gutelaget gjekk på eit svært irri-terande 3-2 tap for Aafk i kveld. Gutane leverte ein strålande første omgang med svært mykje bra offa-nsivt spel, men tre i stolpen og ein rekkje gode muligheter vart spolert. Ballen gjekk kun i mål frå straffe-merket signert Samir Sahman. I andre omgang jamna kampen seg litt ut, og Aafk fekk tre nokså billige mål, medan Norborg skårte ved Adrian Håbet. I tillegg spelte Aafk til tider svært stygt, og skulle blant anna ha utvist ein spelar i første omgangen som klipte ned Martinus Grytten som var åleine med keeperen til Aafk. Totalt fekk Aafk fem gule kort, men uttrulig nok ingen på grunn av stygge taklinger, men berre for munnbruk. Les meir.. Dårleg oppdatering grunna streik! 14-05-2004 16:00 -På grunn av streik hos Sunnmørs-posten får vi ikkje oppdatert banens beste statistikken. Vi manglar også målscoraren til Ellingsøy frå gårs-dagens kamp mot Ellingsøy. Elles ein stor takk til dei klubbane som har oppegåande heimesider. Til statistikksidene FIL vann toppkampen 13-05-2004 21:43 -Fiskerstrand, med nykomponert forsvarsrekke på grunn av skader, slo Giske 4-2 i toppkampen idag. Giske leia 2-0 etter ein halvtime, og hadde ein ball til i målet, som på utruleg nok blei annullert. Men FIL skårte rett før pause, derfor 2-1 istaden. I andre omgang hadde Giske omtrent ikkje sjansar, og FIL vann på en dårleg dag 4-2. FIL har no scora 23 mål på 4 kampar. Det er bra, melder Jostein Håland! Tabell Vigra imponerar! 13-05-2004 21:29 -HaNo vann 5-2 over Stordal, medan MSIL/LIL2 vann 3-0 over Aksla i dagens 4. divisjonsrunde. Ellingsøy og Blindheim/ Emblem spelte 1-1, medan Vigra styrka førsteplassen med ein sterk 3-0 siger borte mot heimesterke Åram/ VanKam på Eidsåvoll. Tabell Camilla i målform! 13-05-2004 21:17 -Camilla Krogsethagen scora heile 5 mål då Norborg sitt damelag vann 5-2 over Lepsøy/HaNo. Meir kjem. Gutelaget vann, lillegutane tapte 13-05-2004 21:16 -Norborg sitt 7'ar gutelag vann 4-3 over Stordal. Samir Sahman (2), Ole Mathias Grytten og Jan Helge Uggedal scorte for heimelaget som snudde 2-3 til 4-3 i slutten av andre omgang der Jan Helge satte inn den avgjørande skåringa. Lillegutane tapte 2-3 for HaNo. Tapte mot Harøy 13-05-2004 21:13 -Norborg sitt herrer 7'ar tpate 5-7 for Harøy. Eit godt Harøy-lag var best før pause og leia 3-0. Til 2. omgang skrapte Norborg saman det som var av a-lagsaktuelle spelarar på grusen i Uggedalen, men kom ikkje nærare enn 4-5 og 5-6. På overtid kontra Harøy inn 5-7. Målscorarar for Norborg var Kim Idar Krogset-hagen (3) og Geir Magne Grande (2). Meir kjem. Nytt frå England 13-05-2004 17:05 -Newcastle berga så vidt 3-3 mot Southampton i går kveld. Dette resultatet var perfekt for Liverpool som no har 4. plassen i sin hule hånd. Newcastle derimot får ikkje ein gong UEFA-cup plass neste år sidan dei kjem til å tape på Anfield, medan Bolton vinn over Fulham. Det går dermed mot ei svært dårleg veke for "babb". Elles har AFC Wimbledon gått gjennom sesongen utan tap. Laget vann 42 av sine 46 kampar og scora 180 mål. Det er dermed langt fram for "boring" Arsenal. Tippemidlar til Norborg 13-05-2004 16:16 -Norborg vart idag tildelt siste rest av tippemidlane på grasbana. Det vil seie 481 000 kr. Les meir.. Skåringsklubben ! 13-05-2004 14:57 -Det er trekt vinnera på skårings-klubben for dei to første heimekam-pane. Vinner mot Åram/VanKam vart Nickolai Ulvestad, medan Berit Gamlem vann mot Skarbøvik 2. Vi gratulerer begge to ! Ukens tippegjest ! 13-05-2004 10:09 -I samarbeid med NordicBet har norborg.com i år ei tippekonkur-ranse der den klubben som har den beste tippegjesten vinn eit stipend på 2000,- NOK. Ukens tippegjest er Blindheim IL sin sin guttetrener og websjef Knut Tore Otterlei. Les meir.. Resultater herrer 7'ar 12-05-2004 23:22 -Brattvåg-Fjørtoft 13-2 og Ravn-Ellingsøy 2-4. Tabell Storsiger til småjentene 12-05-2004 22:55 -Småjentelaget vann heile 8-0 over Harøy onsdag kveld. Les meir.. Kim fiksa sigeren 12-05-2004 21:21 -Kim Idar Krogsethagen scora begge måla til Norborg då oransje-trøyene vann 2-0 over Skarbøvik2 onsdag kveld. Kampen var spele-messig dårleg i den iskalde norda-vinden i Søvikdalen. Les meir.. Tabell Strålande ver i dag 12-05-2004 11:40 -Sola skin frå blå himmel, og alt ligg til rette for ein folkefest i Søvik-dalen i kveld kl. 19.00. Møt opp i god tid, og det er gratis is til barna. Stortap for smågutane 11-05-2004 22:54 -Norborg sitt smågutelag måtte tysdag sjå seg slått 10-1 av Valder. Ifølgje Valder si heimeside stilte Valder med eit litt meir rutinert lag enn våre håpefulle. 7'ar kamp mot Harøy 11-05-2004 21:46 -Norborg sitt herrar 7'ar spelar torsdag heimekamp mot Harøy. Kampen går i Uggedalen kl. 1910. Troppen Damene møter Lepsøy/ Hano 11-05-2004 21:44 -Damelaget spelar torsdag borte-kamp mot samarbeidslaget Leps-øy/Hano. Begge laga står utan poeng før lokaderbyet. Uavgjort mot Ellingsøy 11-05-2004 19:07 -Norborg sitt juniorlag spelte 2-2 i bortemøtet med Ellingsøy. Daniel Brusdal og Asgeir Kalvø scora måla i ein kamp der Knut Ivar Bjørlyk-haug vart vist det raude kortet. Les meir.. Viktig melding om NC 11-05-2004 18:27 -Alle gute- og jentespelarane må huske å betale inn for d-kort i dag, viss ikkje blir det ikkje Norway Cup i år. Spørsmål kan rettast til gerd Ringstad på tlf. 70 21 26 04. Lilleguttkamp i Uggedalen 11-05-2004 14:16 -Lilleguttlaget møter i dag Herd3 til kamp i Uggedalen kl. 17.30. Smågutelaget skal på Valderøya for å møte Valder til andre serierunde i småguteserien kl. 18.30. Volda2 i rett divisjon ? 10-05-2004 23:37 -Volda si sportslege leiing prote-sterte kraftig då dei i vinter ikkje fekk starte med eit andrelag i 5.divisjon. Dei meinte nemleg at 6.divisjon ville være eit for dårleg sportsleg tilbud for reservane for 2.divisjonslaget deira. Etter fire serierunder ligg Volda2 på 7.plass i 6.divisjonsavdelinga si med fire poeng. Det ser dermed ut til at kretsstyret gjorde ei rett beslutning med å plassere dei i den lavaste divisjonen i stede for 5.divisjon. Juniorkamp tysdag 10-05-2004 23:36 -Eit redusert juniorlag møter Elling-søy til seriekamp på Nes stadion tysdag kl. 18.30. Viktig kamp på onsdag 10-05-2004 22:20 -Norborg spelar onsdag ein særs viktig kamp mot Skarbøvik2. Skal laget unngå å kome bakpå er berre tre poeng godt nok mot sebra-trøyene. Møt opp i Søvikdalen kl. 1900. Les meir.. Fiskarstranda og Gursken/ Larsnes på toppen! 10-05-2004 21:54 -Fiskarstranda og Gursken/Larsen toppar kvar si 6. divisjonsavdeling etter å ha vunne stort i kveld. Fiskarstranda vann 8-1 over Vigra2, medan G/L vann 5-0 over Bergsøy2. Nesten ex-Norborg-spelar Lennart Fylling scora eitt av måla for Gursken/Larsnes. Tabell 6. divisjon avd. A Tabell 6. divisjon avd. B Ikkje grus likevel 10-05-2004 00:43 -Grusbana i Uggedalen er likevel ikkje stengt. Det kom nemleg melding frå sandskuta i siste liten at dei ikkje kan levere grus i dag likevel. Dermed vert dette arbeidet utsett inntil vidare. Vonleg til helga. Ekstra trimtrening 9-05-2004 22:42 -Det vil på tysdag kl. 1930 bli ei ekstra trimtrening i Uggedalen. Dette fordi Martin vil ha ei skikkeleg organisert økt før møtet med Harøy på torsdag. Møt opp dersom du har håp om å spele på torsdag, eller berre vil kome deg litt i form. Ravn med poengtap 9-05-2004 22:26 -Ravn leia 2-0 ved pause etter mål av Kjartan Myklebust i dagens kamp mot MSIL, men grøntrøyene kom sterkt i 2. omgang og to mål av Pål Alnes ga poengdeling. Også serieleiar Giske måtte tåle poeng-tap deå det vart 0-0 mot BE2. Tabell HaNo vann 9-05-2004 19:02 -I dagens 4. divisjonskamp vann HaNo 3-1 over Ellingsøy. Tabell Ny siger til gutelaget 7-05-2004 20:15 -Norborg sitt gutelag vann 4-1 (1-1) over Hessa/SIF i kveld. Eivind Fjørtoft, Lars Petter Tennfjord, Adrian Håbet og Be scora måla. Les meir.. Mannefall 6-05-2004 23:52 -Det vart mannefall for Norborg i kampen mot Sunnylven. Etter 5 minutt fekk Tarjei Urkedal eit spark i andletet og pådrog seg lettare hjernerystelse. Kenneth Vegsund forlot bana med ein strekk etter 25 minutt. Etter 35 minutt måtte Eirik York ut etter å ha trakka over og ti minutt før slutt måtte Asgeir Kalvø gi seg med skade. Det merkast å spele kamp mot Sunnylven. Lillejentene med uavgjort 6-05-2004 22:17 -Lillejentelaget spelte 1-1 mot Ellingsøy i dag. Anette Vegsund skåra Norborg sitt mål. Jentene vann 4-1 6-05-2004 21:17 -Jentelaget vann 4-1 (4-0) mot Ravn i dagens serieopning i Uggedalen. Måla vart skåra av Sandra Larsen 2 (1 og 2), Fride Ringstad og Kine Kvammen. Tøff start for lilleguttlaget 6-05-2004 22:16 -Lilleguttlaget Norborg 2 fekk ein tøff start i serieåpninga mot Hessa 2 i dag. Heile 13-1 vann bylaget til slutt. Dei møtte eit lag som var langt betre organisert og samspelt. Dette førte til mange mål for heime-laget, særleg i første omgangen. Innsatsen var det likevel ikkje noko å seie på, og med litt flaks hadde det blitt langt fleire mål enn det eine i sluttminutta også til Norborg, melde oppmann Wuttudal. Murphy's lov - Sunnylven-Norborg 6-1 6-05-2004 20:53 -Alt som kunne gå galt, gjekk galt for Norborg i kampen mot Sunn-ylven. Allereie før minuttet var spelt scora Alf Ole Sundgot for heime-laget. Ballen sneik seg så vidt over streken før Christian Søvik fekk beina den ut til inga nytte. Og det var Sundgot som terroriserte Nor-borg ikveld saman med angreps-makker Tonny Åsen. Sundgot scora hat-trick førpause, medan Aasen nøgde seg med eitt på straffe. Edward Laverton ga Norborg eit ørlite håp då han reduserte til 2-1 halvvegs i 1. omgang. Etter pause scora Tor Odd Kjellstadli og Olav Åge Åsen på straffe. Norborg var ein bleik kopi av seg sjølv og gjekk på sitt største tap på 4 år. Jan Even Drønnesund fekk raudt kort 10 minutt før slutt. Kampreferat Bileter Tabell Resultat 4.divisjon 6-05-2004 20:33 -Stordal tok sesongens første tre-poenger med siger 4-1 borte mot Aksla. På Vigra delte heimelaget og MSIL/LIL2 poenga med 3-3, medan Stranda tapte sin andre strake heimekamp med 0-4 mot Blindheim/Emblem som dermed leder 4.divisjon poenget foran eit rekkje lag i ein særdeles jamn divisjonsopning. Brattvåg vann 5-4 6-05-2004 20:46 -Brattvåg vann 5-4 mot Harøy i 7´er serien for menn i dag. Berre motgang på Hellesylt -Jan Even med raudt kort 6-05-2004 19:00 Kampen har starta. 1min. 1-0 til Sunnylven med Alf Ole Sundgot. 20min. 2-0 til Sunnylven 21min. Edward Laverton reduserar til 2-1. 23min. 3-1 Sunnylven auker på straffespark. 40min. 4-1 til Sunnylven, medan Norborg har mista Tarjei, Vegsund og York med skader. 53min. 5-1 til Sunnylven, og Norborg ligg an til sitt styggaste tap på fleire år. 82min. Raudt kort til Norborgspelar Jan Even Drønnesund. Dette er Norborg sitt første raude kort sidan hausten 2001. 90min. 6-1 til Sunnylven Andre resultat 6-05-2004 20:00 -Stranda ligg under med 3-0 for B/E, medan Vigra-MSIL/LIL2 er 2-2 midtveis i andre omgang. Hessa/Sif ei hard nøtt 6-05-2004 17:40 -Gutelaget spelar på fredag sesong-ens tredje strake bortekamp. Mot-stander på Hessa gras er sterke Hessa/Sif med avspark kl. 18.30. Les meir.. Ule mot månen ! 6-05-2004 17:32 -Sunnylven er klar for kamp i kveld, og resepten er klar. Laget må ule mot månen rett før kampstart om dette skal bli siger. Les meir på sunnylven.no Storsiger mot Brattvåg 6-05-2004 13:59 -Eit av Norborg sine småjentelag slo til med storsiger 7-2 mot Bratt-våg på onsdag. Les meir.. Ukens tippegjest ! 06-05-2004 13:09 -I samarbeid med NordicBet har norborg.com i år ei tippekonkur-ranse der den klubben som har den beste tippegjesten vinn eit stipend på 2000,- NOK. Ukens tippegjest er Brattvåg IL sin sin lovande spelar Sindre Dalhaug. Les meir.. Storsiger til SIF2 5-05-2004 21:47 -I kveldens kamp i 4. divisjon vann Skarbøvik2 heile 5-1 over ÅVK., og topper dermed tabellen fram til dei andre laga spelar i morgon. I 5. divisjon tek vi med at det endeleg lausna for Skodje då dei vann 4-2 over Hovdebygda og Harøy ligg på opprykksplass etter 3-0 over Spjel-kavik2. Elles er AaFK, Hødd og Volda vidare i cupen. Tabell 4. divisjon Tabell 5. divisjon Tapte i siste minutt 5-05-2004 20:31 -Damelaget leia 3-2 over Ørskog når 90 minutt var spelt, men laget frå Sjøholt ga seg ikkje å scora 2 mål på overtid. Dermed har Norborg fått ein dårleg start på sesongen med to tap. Ørskog tok leiinga i kampen etter 9 minutt ved Mali Rødset. I det siste kvarteret av 1. omgang snudde Norborg kampen ved Henriette Johannessen og Camilla Krogsethagen. Etter kvila auka Linda Holmeset til 3-1 før Ørskog starta sluttspurten. Cecilie Anderson scora to mål før Mali Rødset avgjorde kampen tre minutt på overtid med sitt 2. mål for dagen. Kampreferat Ny bortekamp på torsdag 4-05-2004 22:50 -Norborg sitt herrelag skal torsdag til Hellesylt for å jakte på nye poeng. Ein møter her eit svært godt heimelag. Sunnylven har nemleg ikkje tapt ein heimekamp sidan 29. august 2000. Les meir.. Smågutelaget tapte 3-0 4-05-2004 21:49 -Smågutelaget tapte fortent 3-0 mot Brattvåg i dagens serieopning i småguteklassen på Uggedal grus. Damekamp på onsdag 4-05-2004 18:16 -Damelaget spelar onsdag heime-kamp mot Ørskog. Norborg tapte i serieopninga 6-2 for Vigra, medan Ørskog kjem ifrå 6-1 siger over Valldal. Likevel har vi god tru på at Norborg sikrar seg årets første 3 poengar. Møt opp i Uggedalen kl. 18.30 å støtt laget. Lokalderby tysdag 3-05-2004 23:24 -Tysdag er det klart for lokalderby i småguteserien då Brattvåg vitjar grusbana i Uggedalen til første ser-iekamp for sesongen. Kampen har avspark kl. 18.30. Ravn måtte slite 3-05-2004 20:48 -I Haramsderbyet i 6. divisjon vann Ravn 2-1 over Lepsøy. Fisker-stranda greidde berre uavgjort mot Blindheim/Emblem2, medan Stranda sine nest beste knuste HaNo2 6-2. Tabell Stortap for juniorane 3-05-2004 20:46 -Juniorlaget tapte 0-5 for Hessa/ SIF. Norborg hadde fleire gode sjansar i ein kvarters periode i 2. omgang, men måtte for andre gong gå av bana utan mål. Juniorkampen på grus 3-05-2004 13:34 -Juniorkampen i dag er flytta frå gr-as til grus. Kampen startar 18.30. Smånytt 2-05-2004 23:25 -Knut Ivar seriedebuterte, langt betre enn ifjor og Kim Idar med 100-målsjubileum. Les meir.. Nesten for småjentene 2-05-2004 22:29 -Det holdt nesten for det unge små-jentelaget i kampen mot Aksla i dag. På stillinga 4-5 redda Norborg straffe, og sigeren var innen rekkevidde, kan trener Amund Terøy fortelle norborg.com. Les meir.. Juniorane møter Hessa/SIF 2-05-2004 20:59 -Juniorlaget spelar måndag serie-kamp mot Hessa/SIF. Kampen går i Søvikdalen kl. 1830. HaNo sitt første poeng 2-05-2004 17:36 -HaNo tok sitt første poeng for året då dei spelte 1-1 borte mot outsider Blindheim/Emblem i dag. Tabell Juniortrening avlyst 2-05-2004 15:10 -Dagens junirotrening er avlyst, melder trenar Kim Idar. Norborg siger i siste minutt 1-05-2004 18:38 -Norborg tok ein sterk og utruleg viktig siger over Stranda laurdag ettermiddag. Eit aggressivt og løps-villig Stranda dominerte 1. omgang stort, men Norborg haldt buret reint. Etter kvila jamna kampen seg ut og begge lag hadde gode sjansar til å score. Men dårlege avslutningar og to gode keeprar gjorde sitt til at det stod 0-0 når 90 minutt var passert. Fire minutt på overtid når Kim Idar Krogsethagen ei lang klarering frå Christian Søvik. Ballen sprett inn i 16 meteren der Kim Idar lobbar ballen over Strandakeeperen og i mål til ellevill jubel frå Norborg-gjengen. Dermed vann Norborg kampen og leiar 4. divisjon. Les meir.. Bilete Tabell |