2007
2006

Dagboka

Gutane vann 25-1
31-05-2007 23:31
-Norborg sitt G16 lag fortsette å imponere. I kveld vart det 25-1 siger over Valldal.
Rapport

Godøy vann toppoppgjeret
31-05-2007 21:32
-Godøy vann 3-2 over Rollon i kveld, og startar å få ei lita luke ned til Stranda på 3. plass, som spelar sin kamp fredag. Ørskog vann 2-1 over Sunnylven, medan HaNo tok tre særs viktige poeng då dei vann 1-0 over Stordal. ÅVK og Bergsøy spelte 2-2.
Tabell

Brutal start for Norborg
31-05-2007 21:27
Herd-Norborg 3-0 (2-0)
Det vart ein tung start for Norborg på Moa KGB mot Herd. Allereie før ti minutt var spelt leia heimelaget 2-0 etter mål av Gunnar Nordli og Andreas Ulvestad. Norborg kom seg etterkvart inn i kampen, men greidde ikkje å score på sine to sjansar før pausen. Også etter kvila var Herd mest vaken å scora ved Michael Drengubiak etter corner før minuttet var spelt. Norborg kom nærast mål då Kim Idar Krogsethagen traff tverr-liggjar på eit frispark. Totalt ein fortent siger til lettbeinte og innsatsfyllte Herd-spelarar. Norborg opptrådde uvanleg passivt i dag og må heve seg til neste kamp.
Kampreferat

Poeng-shopping på Moa
30-05-2007 22:45
-Norborg spelar torsdag kl. 1830 viktig bortekamp mot Herd. Norborg slo dette laget 8-1 og 4-0 i fjor, og satsar hardt på å bli det første laget som vinn over Herd i år. Norborg stille med omtrent same mannskap som sist, men fekk klar ein ny spelar i dag. Kven denne forsterkinga er finn du ut når du møter opp på Moa KGB kl. 1830. Shopping og kamp passar vel bra? Andre kampar i 4. divisjon:
Godøy-Rollon
Ørskog-Sunnylven
HaNo-Stordal
ÅVK-Bergsøy
Stranda-GuLars (fredag)
Ei runde som ligg an til mange jamne kampar. Rollon må vinne for å ha heng på Godøy, medan HaNo treng poeng heime mot Stordal. Interessant oppgjer også på Stranda KGB. Vil Stranda slå tilbake, eller vil divisjonens mest tekniske og leikne lag fortsette å vinne.

Sjansesløsing då 7'ar laget tapte
30-05-2007 22:30
-Det rutinerte laget frå Ørskog vann 5-1 over Norborg sitt herrar 7'ar i kveld. Norborg tok leiinga på eit utsøkt skot i vinkelen av Bjørnar Engeset. Stillinga haldt seg ei god stund, men på slutten av omgangen scora heime-laget to raske. I 2. omgang hadde Norborg store sjansar, men enten stod stolpane i vegen eller ein dyktig Ørskog-keeper. Der Norborg bomma, scora Ørskog, dermed 5-1. Noko som var ein litt i overkant stor siger etter spel og sjansar.

MSIL og Vartdal held stand
30-05-2007 22:26
-Ingen store overraskingar i dagens 5. divisjonsrunde. MSIL tok sin 6. siger då dei vann 3-0 over Ravn på Vatne-eidet. Vartdal, som fekk gratisplass i årets 5. divisjon, fortsette å vinne. I kveld vart det 4-0 borte mot Spjelka-vik2. Vigra held følgje med topplaga MSIL og Vartdal då dei slo Emblem 2-0. Andre resultat: Hovdebygda-Skodje 7-0 og Åmdal-Ellingsøy 1-1.
Tabell

7'ar laget møter Ørskog
29-05-2007 20:48
-Norborg herrar 7'ar møter Ørskog i morgon. Følgjande er med i troppen: BT, Mølen, Bøg, Krenges, Kalle, Fredrik H., Ole M., Alex, Ronnie, Johan, Froffen og Vebben. Kampstart kl. 19 på Ørskog gras.

Hødd2 vann lokalderby
28-05-2007 21:35
-Hødd2 vann 3. divisjonsderbiet mot Hareid med 5-4 i dag. Stillinga ved pausen var 4-3. Hareid utlikna dryge fem minutt før slutt, men heimelaget kom tilbake å scora i siste minutt.
Les meir på Hareid sine nettsider.
Tabell

Trygga tabelltopp trass sjansesløsing
27-05-2007 18:11
Norborg2-Giske 3-0 (2-0)
Mål: Christian Søvik (40), Geir Ove Grønli (42), Edward Laverton (90).
Norborg2 var det førande laget i mesteparten av denne kampen, og burde ha vunne med langt større siffer. Sjansestatistikken viser 19-3, og då er tre mål for svak utteljing.
Kampreferat
Tabell
Statistikk

Viktig 2. lags kamp søndag
26-05-2007 14:47
-Norborg2 spelar søndag kl. 16 viktig heimekamp mot Giske. Med siger vil laget ha fått ei luke på fem poeng ned til 3. plassen, men Giske blir ingen kasteball sjøl om dei har gått på to strake tap. Giske har nemleg stukke kjeppar i Norborg-hjula før. Vi huskar endå det bitre poengtapet på Giske stadion ein junidag for 6 år sidan. Det einaste poenget Giske tok dette året. Norborg2 stille eit godt mannskap, men som alltid er det innsats som legg grunnlag for siger. Truleg er dette troppen:
Trond Elstad, Jan Even Drønnesund, Kjell Terje Brusdal, Kristian Furnes, Kristoffer Engeset, Roger Grytten, Bee, Eivind Fjørtoft, Geir Ove Grønli, Ole Johan Urke, Skjalg Volstad, Kenneth Vegsund, Edward Laverton, Amund Terøy, Espen Solheim og Adrian Holmeset. Møt opp på Uggedal stadion kl. 16 å støtt laget!

SIF og Brattvåg vann
25-05-2007 20:42
-Brattvåg fortsette si gode borteform då Ørsta i kveld vart slått 3-0. SIF vann 2-0 over Volda og tok dermed over 1. plassen, i allefall fram til måndag då Hareid møter Hødd2. Langevåg tok sin første siger då det vart 6-2 over Spjelkavik. Valder vann 4-3 over Blindheim, medan AaFK2 snudde 0-1 til 3-1 i sluttminutta over FK Sykkylven. Dagens resultat gjer at ein SIF, Brattvåg og Hareid, med siger måndag, har skaffa seg ei luke til resten av laga.
Tabell

Ny målorgie av Norborg
- vann 5-2 over HaNo
24-05-2007 21:10
Norborg-HaNo 5-2 (5-1)
Mål N: Kristoffer Søviknes (2), Asgeir Kalvø, Martin Grytten og Tarjei Urkedal.
Mål HaNo: Ove Otterlei og Stig Frode Longva.
Norborg fortsetter å pøse inn mål og for tredje gong på rad vart det 5 stk. Alle før pause. Kampen var jamspelt, men Norborg var klart best innafor kvar 16 meter og tok dermed ein fortent siger.
Les meir..

Godøy vann toppoppgjeret
24-05-2007 21:08
-Godøy vann heile 3-0 i toppoppgjeret mot Stranda. Daniel Vartdal, Trond Brynestad og Kristian Alnes scora for raudtrøyene, kan ein glad trenar Svein Arve Alnes berette til norborg.com. Andre resultat: Stordal-Gulars 2-4, Rollon-ÅVK 1-1, Bergsøy-Ørskog 1-1, Sunnylven-Herd 0-2.
Tabell

Lokalderby mot HaNo
23-05-2007 22:56
-Norborg spelar torsdag kl. 1830 i Uggedalen lokalderby mot HaNo. Ein kamp begge lag bør ha tre poeng i. Spesielt HaNo vil kome på etterskot med tap. Norborg sine spelarar må møte kl. 1645 med rive. Bana skal rakast før kamp.

Langevåg2 med storsiger
22-05-2007 21:08
-Langevåg2 vann heile 7-0 over Giske i kveld. LIL2 passerte dermed Harøy på tabellen. Stranda2 tok årets første siger då det vart 3-1 i bortemøtet med Valder2.
Tabell

Krogsethagen scora i debuten
22-05-2007 21:02
-Camilla Krogsethagen meldte sist veke overgong frå Norborg sitt nedlagte damelag til Harøy/Fjørtoft. I kveld debuterte ho med scoring i 4-2 sigeren over Ravn. Dette var H/F sin første siger i år, medan Ravn framleis er poenglause. Brattvåg vann topp-kampen mot Herd med 3-2.
Tabell

Kalvø-straffe ga slitesiger i toppoppgjer
21-05-2007 21:08
-Ei straffe av Elling Mikal Kalvø 20 minutt før slutt førte til at Norborg2 vann 1-0 i 6. divisjon avd. 1 sitt topp-oppgjer. Harøy kom best i gong, men greidde ikkje å overliste keeper Kenneth Vegsund. Etterkvart tok Norborg2 over banespelet og trykte gjestane bakpå i store delar av 2. omgang. Det var dermed totalt sett greitt at poenga vart verande i Ugge-dalen.
Les meir..
Tabell

Godøy på tabelltopp
19-05-2007 17:35
-Godøy vann 4-1 over ÅVK i dag. Etter 0-0 ved pause sette øyingane inn eit ekstra gir å scora fire mål. Raudtrøyene har dermed fått ein god start på sesongen med 13 poeng på 5 kampar. Herd vann med same siffra mot Bergsøy, medan Sunnylven fekk med seg sine første bortepoeng etter å ha slått HaNo 1-0.
Tabell

Brattvåg2 sitt første poeng
19-05-2007 17:29
-Eit straffespark i sluttsekunda førte til at Brattvåg2 greidde 3-3 mot Lepsøy og fekk sitt første poeng. Geir Seth, Marius Eide og Aleksander Eide scora for heimelaget Lepsøy, medan Arild Vågnes 2 og Kristian Grønmyr scora for BIL2.
Tabell

Sundnes sikra Brattvåg poeng
18-05-2007 20:25
-Fem minutt på overtid sikra innbyttar Martin Sundnes eitt poeng for Brattvåg i møtet med Valder. Erik Åkre ga heimelaget leiinga dryge ti minutt ut i kampen, men Henrik og Anders, begge med etternamn Hole Oksnes sikra Valder leiing til pause. Leiinga haldt altså til siste sekund då Brattvåg utlikna. I følgje vår mann på Brattvåg KGB spelte heimelaget ein særs svak kamp.
Tabell

Gutelaget trygga tabelltopp
18-05-2007 20:10
-Gutelaget vann sin fjerde strake kamp då ein i kveld vann 5-0 i borte-møtet med Valder. Samtlege mål kom i 1. omgang. Norborg stilte berre med 7 spelarar til denne kampen, og vart sletne etter pausen, men hadde god kontroll på kampen. Måla kom slik:
0-1 Johan Stavik putta frå kloss hald etter kontring av Adrian Holmeset.
0-2 Skjalg Volstad kontra og putta åleine med keeper.
0-3 Johan Stavik heada inn ein corner
0-4 Skjalg Volstad får ballen med keeper på eigen 5 meter, sprang over heile bana og scora.
0-5 Martin Grytten vil ikkje vere noko dårlegare enn Skjalg og tek kopi av 4-0 målet.
Lagbilete

Storsiger til jentelaget
18-05-2007 20:05
-Norborg sitt J16 lag vann heile 8-0 over Giske i Søvikdalen i dag. Etter 1-0 ved pause lausna det skikkeleg i 2. omgang. Natalie Dale, Birgitte Ring-stad og Anette Vegsund scora to kvar, medan Randi Urke og Camilla Mikalsen scora eitt kvar.

Toppkamp mot Harøy måndag kl. 1830
18-05-2007 19:17
-Norborg sitt 2. lag møter måndag kl. 1830 Harøy på Uggedal stadion. Desse to laga ligg på 1. og 2. plass i 6. divisjon avd. 1. Norborg står med to strake bortesigrar før toppmøtet med Harøy, som har to sigrar og ein uavgjort. Vi oppmodar alle til å ta turen til Uggedalen for å sjå Norborg2 spele tidenes første heimekamp. Vél møtt!

Tap nr. 300 i kamp nr. 700
18-05-2007 19:14
-Norborg gjekk onsdag på serietap nr. 300 i historia. Kampen mot Gulars var også kamp nr. 700 sidan starten i 1968. Total kampstatistikk er 280 sigrar, 120 uavgjort og altså 300 tap. Målforskjell 1524-1461.

Norborg tapte thriller
16-05-2007 21:03
-Norborg måtte bite i graset på nytt då det vart 6-5 tap i bortemøtet med GuLars. Heimelaget leia ei stund 5-2, men Norborg kom sterkt og utlikna like før slutt. Diverre dukka Tor Arne Dyrhol opp på overtid og vart dagens helt på Larsnes.
Les meir..

Norborg-Brattvåg onsdag
15-05-2007 21:23
-Norborg og Brattvåg sine herrar 7'ar lag møtast onsdag kl. 19 på Uggedal grus.

Valder2 vann lokalderby
15-05-2007 21:12
-To kampar i 6. divisjon avd. 1 i kveld. Valder2 vann 3-0 over nabo Giske, medan Brattvåg2 stadig står poeng-lause etter 0-2 for Langevåg2.
Tabell

Ny langtur på onsdag
15-05-2007 18:02
-Norborg skal nok ein gong sør for Storfjorden for å spele kamp. Onsdag går turen til Larsnes. Eit heimelag som er omtrent i same posisjon som Norborg. Kampstart kl. 19 på Larsnes stadion. Avreise frå Søvik kl. 16. Ferge frå Sulesund kl. 17.

Vann trass startproblem
14-05-2007 21:03
Stranda2-Norborg2 2-4 (2-1)
Heimelaget starta best å leia 2-0 før kvarteret var spelt i denne 6. div.-kampen. Håkon Mikal Dalen og Ronny Ødegård stod for måla. Norborg2 heva seg etterkvart og ti minutt før pause reduserte Bee på ein utsøkt volley. Etter pausen var Norborg2 best og snudde kampen til siger etter mål av Geir Ove Grønli (2) og Edward Laverton. Norborg2 har dermed fått ein god start på sesongen med to sigrar. Norborg2 stilte med dette laget: Kenneth Vegsund - Adrian Holmeset, Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Engeset - Kristian Furnes, Bee, Asgeir Kalvø - Ole Johan Urke, Geir Ove Grønli, Edward Laverton. Einaste innbyttar var Amund Terøy.
Tabell
Statistikk

Brattvåg på tabelltopp
- poengdeling for Ravn
14-05-2007 21:22
-Erik Åkre vart matchvinnar for Bratt-våg allereie i det første speleminuttet i bortekampen mot AaFK2. Brattvåg har dermed inntatt tabelltoppen i 3. divisjon. I 5. divisjon greidde Ravn berre 1-1 i bortemøtet med Spjelkavik 2. lag.

Harøy på tabelltopp
- banka Lepsøy i dag
13-05-2007 18:30
-Harøy vann i dag heile 4-0 over Lepsøy. Stian Harnes scora hat-trick medan Stian Myklebust noterte seg for eitt mål. Harøy ligg dermed i rute, medan Lepsøy har kome på etterskot med to tap på tre kampar. Norborg spelar sin 2. kamp for året måndag mot Stranda2. Tre veke har gått sidan den første kampen, og fleire av dei som spelte då tek ikkje turen til Stranda.
Målscorerliste 6. divisjon avd. 1

ÅVK senka Stranda
Skorpen senka HaNo
12-05-2007 16:28
-Frank Sverre Skorpen vart dagens mann i Fosnavåg då han scora alle tre måla til Bergsøy då det vart 3-1 siger over HaNo. Sunnylven slo til med nok ein heimesiger då det i dag vart 3-1 over GuLars. ÅVK påførte Stranda sitt første tap då dei vann 4-3 på Eidså. Stranda leia 2-0 til pause, men ÅVK ga ikkje opp og behaldt poenga.
Tabell

Godøy vann - Rollon tapte
10-05-2007 21:24
-Godøy vann 2-1 over Ørskog, medan Rollon tapte noko overraskande 1-2 heime for Herd.
Tabell

Målorgie i Uggedalen
10-05-2007 21:11
Norborg-Stordal 5-4 (4-2)
To lag som var langt betre offensivt enn defensivt laga god underhaldning for dei vel 100 frammøtte på Uggedal stadion. Etter ei bra opning av heime-laget er det Stordal sin Jahn Morten Overå som scorer på sin første sjanse 12 minutt ut i kampen. Same mann aukar til 2-0 ca. ti minutt seinare. Norborg-trenar Jan Egil Alstadsæter truar då med å sette inn Kristian Søviknes. Dette sette fart på oransjetrøyene. Først reduserar Tarjei Urkedal før 4. div.-debutant Martin Grytten utliknar. Alt dette skjedde innan tre minutt etter Stordal sitt 2-0 mål. Norborg ga seg ikkje, og før pause laga Martin og Tarjei kvar sine mål. I 2. omgang stod Stordal høgt på bana og Petter Aksel Kirkebøe brukte berre to minutt på å redusere. Kampen bølgja fram og tilbake før Steffen Grytten sette inn 5-3 på straffe. Norborg såg ut til å ha god kontroll og skapte fleire sjansar, men fire minutt på overtid så reduserar Petter A. Kirkebøe nok ein gong. Stordal pressa kraftig for ei utlikning, men kom ikkje nærare enn eit skot utafor av Jon Espen Joranger. Mange personlege feil hos begge lag, men totalt sett var Norborg minst svak og behaldt tre fortente poeng.

Heimekamp mot Stordal på torsdag
9-05-2007 22:47
-Norborg tek torsdag kl. 1830 i mot Stordal på Uggedal stadion. Vel møtt!

Storsiger til Ravn
9-05-2007 22:39
-Ravn tok i kveld sesongens første siger då dei sendte Blindheim2 heim med 5-0 tap i bagasjen. Sverre Flem, Christopher Urkedal, Eivind Erstad, Stian Eik og Knut Egil Lid scora. Så får vi håpe Norborg kan følge opp sin nabo i morgon. Andre resultat frå 5. divisjon:
Vigra-MSIL 1-1
Åmdal-Hovdebygda 2-1
Skodje-Emblem 0-6
Ellingsøy-Spjelkavik2 4-2
Vartdal-FK Sykkylven2 3-2

Lepsøy gjekk på smell
8-05-2007 22:52
-Lepsøy tapte i kveld 3-2 i bortemøtet med Langevåg2. Martin Farstad scora Lepsøy sine mål. Valder2 vann 2-1 over Brattvåg2.

Smågutane slo Brattvåg
7-05-2007 21:08
-Norborg sitt G14 lag vann i kveld 4-3 over naboane frå Brattvåg, og står dermed med fire poeng på to kampar.
Les meir..

Martin med sju mål då gute-laget vann
6-05-2007 21:57
-Gutelaget vann 7-1 over Harøy på Uggedal grus torsdag kveld. Ein kamp Harøy trudde skulle gå på gras. Lagleiinga i Norborg beklagar dette. Norborg tok føringa i kampen og klarte å halde godt tempo heile kampen. Norborg var sterke i duell-spelet og vann komfortabelt. Kaptein Martin Grytten viste ansvar scora 7 mål og jobba hardt kampen igjennom. Eine målet må han dele med Peter Elias Grytten då hans skot gjekk via leggen til Martin og i mål. Bra jobba av heile laget, seie trenar Geir Magne Grande.

Berre uavgjort for Harøy
6-05-2007 21:53
-I 6. divisjon avd. 1 måtte Harøy nøye seg med 0-0 i bortemøtet med Stranda2. strandafotball.no har meir om kampen.
Tabell

Frå himmel til helvete
3-05-2007 22:42
-Stranda-Norborg 4-2 (3-2)
Norborg fekk ein pangstart på kampen å leia 2-0 før ti minutt var spelt. Steffen Grytten ordna leiing på straffe, medan Tarjei Urkedal utnytta feil i Stranda-forsvaret, runda keeper og auka til 2-0. Gleda varte ikkje lenge for oransjetrøyene. Sju minutt seinare stod det 2-2 etter mål av Ronnie Furset og Bjørnar Aure. Like før halvtimen sette Furset inn 3-2 på straffe. Noko som varte til sidebytte. 2. omgang var forhaldsvis jamn, men like før slutt fekk Stranda straffe på nytt. Denne sette Aure sikkert i mål. Dermed ein fortent 4-2 siger til Stranda.
Les meir..

Storsiger til 7'ar laget
1-05-2007 23:46
-Norborg herrar 7'ar vann heile 13-2 i bortemøtet med Skodje. Vi kjem tilbake med målscorarar.

Liverpool til CL-finalen
1-05-2007 23:28
-Liverpool viste seg nok ein gong som eit utmerket europacuplag og slo fortent ut Chelsea etter straffespark-konkurranse. Sjølve kampen enda 1-0 til Liverpool etter scoring av Daniel Agger. Dermed går ca. 40% av Norborg-stallen lykkelege veke i møte. Onsdag vert det klart om det blir heil-engelsk i finalen eller reprise frå 2005, då Milan tek i mot Man U. Ken det blir, drit e i, seie John Arne Riise til TV3.

Ny bortekamp på torsdag
1-05-2007 19:59
-Norborg skal ut i nok ein tøff borte-kamp. Denne gong mot Stranda. Eit lag ein har overraskande god borte-statistikk mot. Kampen går på Stranda KGB torsdag kl. 1900.
Les meir..

Harøy og Lepsøy med storsigrar