2006
Mai

Dagboka
Tour de France startar i morgon
30-06-2006 20:39
-Tour de France opnar i morgon med prolog i Strasbourg. Nordicbet held David Zabriskie (2.25) som favoritt i den no som Jan Ullrich og Ivan Basso har blitt kasta ut. Vårt tips er imidler-tid George Hincapie med 3.50 i odds.

Rollon og SIF med årets første
30-06-2006 20:22
-Ei scoring av Alf Petter Årdal i sluttsekunda gjorde at Rollon tok årets første siger då Hødd2 vart slått 3-2. I andre enden av tabellen tapte SIF for første gong då Volda vart for sterke og vann 3-2. Langevåg vann 4-1 over Valder. Hareid måtte nøye seg med 1-1 mot Bergsøy. Ørsta tok ein sterk bortesiger med 3-2 over Spjelkavik. AaFK2 vann heile 5-0 over FK Sykkylven.
Tabell

Valldalskampen spelast i august
30-06-2006 20:03
-Herrar 7'ar sin kamp mot Valldal er utsett til måndag 14. august kl. 19.

Blindheim på stø kurs mot tredje
29-06-2006 23:05
-Blindheim er på stø kurs mot 3. divisjon etter sin 4. strake siger. I kveld var det ÅVK som måtte gå av bana med 4-2 tap. Brattvåg slit kraftig for tida og berga så vidt poenget mot SIF2 etter at sebratrøyene brente eit straffespark på stillinga 3-3. Arnel Colic, Azem Maksumic og Kristoffer Grønmyr scora for Brattvåg. Tom Erik Olsbø (2) og Kay O. Hafsås scora for SIF2. Sunnylven tok ein særs viktig 3-1 siger borte mot Hovdebygda, og har dermed fått luke ned til nedrykks-plassane. Herd tok ein etterlengta siger då det vart 2-1 borte mot GuLars.
Tabell

Stygg bortesmell igjen
29-06-2006 22:57
-Norborg gjekk på nok ein stygg smell på bortebane då det vart 5-0 tap for Stranda på Dalemyra i kveld. Det tok berre 6 minutt før Stranda sin Steffen Lilleås utnytta nølande forsvarsspel hos Norborg og laga enkelt 1-0. Etter dette tek Norborg over banespelet og pressar vertane, men kom ikkje nærmare enn Tarjei Urkedal sitt skot i tverrliggar. Etter kvilen får vi sjå eit langt meir aggres-sivt heimelag som umiddelbart tok tak i kampen. Ronnie Furset scora tre mål på 26 minutt, medan Tonny Åsen fastsette resultatet til 5-0. Norborg hadde også sine sjansar i denne omgangen, men må tydeleg jobbe langt hardare enn motstandar for å få mål.
Les meir..

Følg Stranda-Norborg LIVE
29-06-2006 11:33
-Vi minner om at du kan følge kampen mellom Stranda og Norborg live hjå Nordicbet - Livebetting. (Du må vere kunde hjå Nordicbet for å følge kampen). Kampen startar i kveld kl. 1900.

GuLars forsterker
28-06-2006 21:33
-Thomas Sætre Hauge vart i dag klar for Larsnes/Gursken, melder gl-fotball.com. Sætre Hauge scora i fjor 17 mål for Hødd2.


Uavgjort i nabodysten på Ravn stadion
28-06-2006 20:47
-Naboane Ravn og Skodje spelte 1-1 på Ravn stadion i kveldens 5. div.-runde. Vigra vann 4-2 i bortemøtet med Vartdal og er oppe på 3. plass sidan Spjelkavik2 tapte med samme siffer for FK Sykkylven2. Ørskog fortsette marsjen mot 4. divisjon med 1-0 siger over Brandal på Hareid stadion. Ellingsøy vann det viktige botnoppgjeret mot Volda2 med heile 5-1. Stordal og MSIL spelar i morgon.
Tabell

Viktig kamp mot Stranda på torsdag
27-06-2006 22:10
-Norborg møter torsdag tabellnabo Stranda på Dalemyra stadion. Her er tropp og omtale. Oppmøte kl. 1620 på Mix Søvik. Ferge kl. 1720 frå Magerholm.
Les meir..

Litt statistikk
26-06-2006 21:00
-Vi tek ein rask titt på korleis årets 4. divisjonslag har gjort det i forhald til tidlegare år i divisjonen.
Les meir..

Stranda-Norborg blir historisk
26-06-2006 19:32
-For første gong i historia vil det bli mogeleg å satse på ein 4. divisjons-kamp i Noreg, medan kampen pågår. Det er Nordicbet som vil ha såkalla "livebetting" på kampen mellom Stranda og Norborg på Dalemyra torsdag. Du kan her tippe på alt frå kven som vinn, til under/over antal mål og f. eks. om Ståle Hurlen scorar for Norborg. For Norborg-fans som ikkje reiser til Dalemyra vil dette vere ein perfekt måte å følgje kampen, då alle mål vil bli oppdatert på Nordicbet si heimeside like etter at det kjem.
Les meir..

Valldal-kamp utsatt på nytt
25-06-2006 20:11
-Herrene sin 7'ar kamp mot Valldal er på nytt utsatt. Denne gong er det heimelaget som slit med mange forfall. Truleg blir torsdag 6. juli kl. 19 ny dato.

Juniordamenes kamp utsatt
25-06-2006 20:01
-Morgondagens oppsatte juniorkamp mot Rollon er utsatt til over ferien. Dette på grunn av fleire forfall hjå begge lag.

Tapte for Ørstalaget
25-06-2006 19:02
-Norborg sitt juniorlag tapte 1-3 for Ørstalaget på Uggedal stadion i dag. Norborg styrte banespelet og hadde feite målsjansar, men berre Bee fekk ballen over streken. Ti minutt før slutt tok Ørstalaget føringa i kampen då ein Norborg-forsvarar sklir. På overtid kontra gjestane inn nok eit mål og Norborg går på eit overraskande tap. - Vi burde ha leia 5-1 når dei scora sitt andre mål, kommenterar trenar Kristian Søviknes.

Stillling tabellkonkurransen
25-06-2006 18:03
-Rasmus Rønneberg har teke over føringa av tabellkonkurransen når 10 runder er spelt.
Stilling

Samir på landslaget?
24-06-2006 22:55
-Samir Sahman skal 6.-13. august på samling i Bosnia for U-18-årslag. Bosnia har fleire speidarar i Noreg og Samir er altså ein som speidarane finn interessant. Vi ønsker ex-Norborg-spelaren lykke til.

HaNo snudde mot Stranda
-Sunnylven banka GuLars
24-06-2006 16:57
-HaNo låg under 0-2 for Stranda, men snudde til siger 3-2 og behaldt dermed tabelltoppen. Sunnylven vann den viktige botnkampen mot GuLars med heile 5-1. Dette var Sunnylven sin første siger sidan 4. mai.
Tabell

VM tek til for alvor
24-06-2006 16:51
-Kl. 17 tek VM sitt finalespel til med kampen Tyskland-Sverige. Vi har satt opp ei oversikt over finalespelet og med tips på kven som møtast i finalen. Nordicbet har oddsen på kampane.
Les meir..

Juniorkamp søndag
- Tini sin avskjedskamp
24-06-2006 16:41
-Juniorlaget spelar søndag sin siste kamp før ferien. Motstandar på Uggedal stadion kl. 17 er Ørstalaget. Dette er samstundes stortalentet Martinus Grytten sin avskjedskamp før han reise til USA.

To 4. divisjonskampar i dag
24-06-2006 0:19
-Det spelast i dag to interessante 4. divisjonskampar. HaNo tek i mot Stranda, medan Larsnes/Gursken tek turen til Hellesylt for å møte Sunn-ylven. Begge kampane er viktige med tanke på topp- og botnstrid. HaNo vil med sin 6 strake heimesiger få luke ned til Brattvåg på 3. plass, medan Stranda må ha poeng for ikkje å miste kontakta med opprykks-plassane. Kampen på Hellesylt er særs viktig for GuLars. Laget vil med siger halde følge med midtlaga og få luke ned til botntrioen. Med tap står dei med begge beina planta i botn-strid. Nordicbet har mest tru på det siste og at Sunnylven vil ta årets 2. siger å kome seg over nedrykk-streken. Samme tippeselskap held også HaNo for favoritt mot Stranda.

Skarbøvik vann topp-kampen
23-06-2006 23:21
-Ex-Norborg-keeper Geir Roar Gamlem måtte sjå heile fem ballar bak seg då Langevåg tapte topp-kampen mot SIF med 0-5. SIF har ei luke på 7 poeng til Spjelkavik, Hødd2 og Langevåg. Spjelkavik vann sin kamp 3-0 over Valder, medan Hødd2 møter AaFK2 over helga. Ørsta tok eit viktig steg bort frå botnstriden med sin 4-2 siger over Hareid. Bergsøy og Rollon spelte 1-1. Eit resultat som ikkje gagna nokon av laga. Dette var Rollon sin 10. kamp utan siger.
Tabell

Odds på 3. divisjonsrunda
23-06-2006 16:22
-Nordicbet har i kveld odds på fire 3. divisjonskampar. Bergsøy er knapp favoritt mot Rollon, SIF er klar favoritt mot Langevåg, medan Spjelkavik og Hareid har fått favorittstempel mot Valder og Ørsta.

Møter Stranda på Dalemyra
23-06-2006 16:05
-4. divisjonskampen mellom Stranda og Norborg neste torsdag er flytta frå Stranda stadion til Dalemyra stadion. Grunnen til dette er at Stranda si grasbane for tida er eit anleggs-område grunna omlegging til kunst-gras.

Jentelaget tapte
- men kan feire opprykk
22-06-2006 22:48
-Jentelaget spilte vårsesongens siste kamp i dag og tapte 4-1 borte mot Stordal.. Snytt for 2 straffer og minst 2 skudd i stanga og ett i tverliggeren, vant stordal helt mot spillets gang. Selv med en svak dommer gav aldri norborg jentene opp og kjempet helt til dommeren blåste.. Til høsten blir det første div på jentelaget...c",), skriv manager Lars Ugedal.

Flott siger over Rollon
22-06-2006 21:02
-Norborg junior vann i kveld sin bortekamp med 4-1 over Rollon2. Heimelaget, som var eit toppa 1. lag, tok leiinga, men Asgeir Kalvø utlikna like før pause. I 2. omgang sørga Fredrik Furnes, Eivind Fjørtoft og nok eit Asgeir mål for ein komfortabel 4-1 siger. Rollon2 fekk i tillegg ein mann utvist på stillinga 3-1.
Statistikk

Bittert Brattvåg-tap på overtid
22-06-2006 20:45
-Brattvåg måtte sjå seg slått 3-4 i toppkampen mot Blindheim i kveld. Blindheim var det førande laget før pause og leia greitt 3-1. Frank Dalhaug var målscorar for heimelaget. I 2. omgang pressa eit offensivt og godt Brattvåg-lag Blindheim bakpå, og mål av Arnel Colic og Kristian Grønmyr gjorde at det stod 3-3. På slutten tok kreftene slutt og Blind-heim kom tilbake å scora vinnarmålet på overtid. Espen Wold vart kåra til heimelaget sin beste spelar. Han hadde fleire gode redningar, bl. a. ei straffe frå Terje Ottersen fem minutt før slutt. Andre resultat: Herd-Godøy 2-8 og ÅVK-Hovdebygda 6-0.
Tabell

Utruleg jamt i 5. divisjon
-Men ingen tukter Ørskog
21-06-2006 22:01
-Ørskog seiler i frå i 5. divisjon, men bak laget frå Sjøholt er det særs jamt. Etter kveldens runde er det berre tre poeng som skil MSIL på 2. plass og Vigra på 7. Ørskog vann heile 7-0 over Vartdal og har 8 poengs leiing på MSIL, som på si side tok årets første heimesiger med 4-0 over Ellingsøy. Spjelkavik2 tapte 0-3 for Stordal og gjekk ein plass ned til 3. Ravn heng stadig med på øvre halvel med sin 3-2 siger i bortemøtet med Volda2. Vigra vann 3-2 over FKS2.
Tabell

Henta heim Eddie
21-06-2006 21:52
-Edward Laverton signerte i kveld overgongspapira som gjer han til Norborg-spelar igjen. Fjorårets topp-scorar har denne våren spelt for Molde FK. Eddie vil truleg bli klar til torsdagens bortekamp mot Stranda. Noko som trengst sidan Norborg i denne kampen vil mangle Lennart Holmem og Eirik York pga karantene, og Kim Idar Krogsethagen og Stein Erik Mårstøl grunna reise.

Jentelaget sigra over Ørskog
21-06-2006 21:46
-Norborg sitt jentelag vann 7-4 over Ørskog på Uggedal grus i kveld. Nina Witsø scora heile 4 mål, Martine Søvik Gunnarsdottir 2 og Birgitte Ringstad eitt. Marte Nogva Mårstøl var banens beste. - Vi tok dei på innsatsen, sa manager Lars Ugedal etter kampen.
Statistikk

Sleit seg til siger!
21-06-2006 20:57
-Norborg vann 2-0 over Skarbøvik2 i kveldens 4. divisjonskamp etter mål av Adrian Håbet og Ståle Hurlen. Adrian scora 5 minutt før pause etter flott gjennomspel av Stein Erik Mår-støl, medan Ståle scora frå kloss hald tjue minutt ut i 2. omgang. SIF2 hadde sine sjansar, men fann ikkje nettmaskene denne gong. Ei heller på straffespark ti minutt før slutt. - Vi spelar på halv maskin i dag, men godt å få poeng i slike kampar, sa Norborg-stoppar Steffen Grytten etter kampen. - Fortent heimesiger sjølv om vi hadde våre sjansar. Vi stille med årets sterkaste mann-skap, men fleire av spelarane yte ikkje sitt beste, sa SIF2-trenar Thor Klokk. Meir kjem.
Tabell
Les meir..

5. divisjonsrunde onsdag
20-06-2006 20:00
-Onsdag er det full runde i 5. divisjon og Nordicbet har odds på tre av kampane. Opprykksfavorittane Ørskog og MSIL er soleklare favorittar mot henhaldsvis Ellingsøy og Vartdal,
medan Skodje er knapp favoritt heime mot Brandal.

Tropp mot SIF2
20-06-2006 17:00
-Norborg stille med følgjande tropp mot SIF2 onsdag:
Kurt Erik Grytten, Bjørnar Engeset, Knut Ivar Bjørlyk-haug, Stein Erik Alvestad, Stein Erik Reitan, Jan Even Drønnesund, Øyvind Farstad, Steffen Grytten, Kristian Furnes, Roger Grytten, Stein Erik Mårstøl, Eirik York, Asgeir Kalvø, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal, Stig Wold, Adrian Håbet og Ståle Hurlen. Oppmøte seinast kl. 1725. Kampstart kl. 1830.


Tapte bronsefinalen
18-06-2006 18:48
-Juniordamene tapte bronsefinalen på Jentecup med 2-3 e.e.o mot Lange-våg. Norborg såg ut til å gå mot siger då ein scora 2-1 på straffe og Langevåg fekk ein spelar utvist. Men svært lite fungerte for oransjetrøyene og Langevåg utlikna før ordinær tid var ute. I ekstraomgangane avgjorde LIL kampen. Jannicke Gjerseth og Sandra Larsen scora for Norborg.

Stilling tabellkonkurransen
18-06-2006 17:58
-Godøyingane dominerar stort tabell-konkurransen her på norborg.com når alle laga har spelt 9 kampar. Trine Ulla leiar konkurransen framfor sambygdingane Jøgvan Valkvæ og Kristian Alnes.
Stilling


Juniordamene tapte for Herd
18-06-2006 17:53
-Juniordamene tapte 4-2 for Herd på Jentecup. Camilla Johansen og Sandra Larsen scora for Norborg.


Poengdeling på Hellesylt
18-06-2006 16:53
-Den utsatte kampen mellom Sunn-ylven og Hano enda 2-2. HaNo tok dermed over tabelltoppen frå Brattvåg.
Tabell


Referat frå Blindheim-kampen
18-06-2006 15:08
-Her er referat frå kampen Blindheim-Norborg.
Les meir..


-Tapte bronsefinalen
18-06-2006 18:48
-Juniordamene tapte bronsefinalen på Jentecup med 2-3 e.e.o mot Lange-våg. Norborg såg ut til å gå mot siger då ein scora 2-1 på straffe og Langevåg fekk ein spelar utvist. Men svært lite fungerte for oransjetrøyene og Langevåg utlikna før ordinær tid var ute. I ekstraomgangane avgjorde LIL kampen.

Stilling tabellkonkurransen
18-06-2006 17:58
-Godøyingane dominerar stort tabell-konkurransen her på norborg.com når alle laga har spelt 9 kampar. Trine Ulla leiar konkurransen framfor sambygdingane Jøgvan Valkvæ og Kristian Alnes.
Stilling


Juniordamene tapte for Herd
18-06-2006 17:53
-Juniordamene tapte 4-2 for Herd på Jentecup. Camilla Johansen og Sandra Larsen scora for Norborg.


Poengdeling på Hellesylt
18-06-2006 16:53
-Den utsatte kampen mellom Sunn-ylven og Hano enda 2-2. HaNo tok dermed over tabelltoppen frå Brattvåg.
Tabell


Referat frå Blindheim-kampen
18-06-2006 15:08
-Her er referat frå kampen Blindheim-Norborg.
Les meir..


Tapte for overmakta