.

Dagboka
Skodje slo topplaget
30-06-2004 22:50
-Skodje vann toppkampen i 5. div med 3-1 over Herd. Samtidig vann Åmdal 3-1 over Rollon.
Tabell

SIF2 med leikestove
30-06-2004 22:45
-Skarbøvik2 vann i kveld 10-0 over Stordal på Kirkebø stadion. Etter at Aksla trakk laget er Stordal det desiderte botnlaget i 4. divisjon.
Tabell

Vekas tippegjest:
Steinar Hjelle
30-06-2004 20:38
-Vekas tippegjest er Sunnylven sin sportslege leiar Steinar Hjelle. Han gjekk sist veke til topps i vår eigen tippekonkurranse Sunnmørs-kupongen så det kan vere verdt å få med seg tipsa.
Les meir..

Ny heimesiger for juniorane
30-06-2004 20:13
-Juniorlaget vann 4-3 over Aksla i ein spennande kamp. Daniel Brus-dal (2), Ole Jonny Gamlem og ein uheldig Aksla-spelar scora Norborg sine mål. Meir kjem seinare.

Aksla har trekt laget
30-06-2004 13:19
-I dag kom meldinga om at Aksla har trekt laget sitt frå 4.divisjon. Alle lag utenom HaNo vil dermed misse tre poeng. Vi kjem med meir seinare, men syns det er merkeligt at Aksla trekke laget sitt grunna mannskapsmangel, då dei har eit heilt juniorlag med disponible spelera dei ikkje bruker.
Les meir..

Juniorkamp onsdag
30-06-2004 0:01
-Juniorlaget spelar siste kamp før ferien onsdag i Søvikdalen. Motsta-ndar er Aksla, og kampen startar klokka 18.00.


Ravn med fotballskule!
29-06-2004 16:09
-Ravn har gleda av å invitere til Tine fotballskule 06.08.04 - 08.08.04 på Ravn Stadion. Dette er eit svært omfattande og godt planlagt pro-sjekt som alle spelarane i Norborg under 16 år vil få tilbod om å vere med på. - Dette blir kjempekjekt, seier Ravn sin sportslege leiar Jan Vatnehol. Og med "onkel" Jan bak spakane er vi ikkje i tvil om det. Bli med på moroa då vel!
Opplegg

Avdelingsoppsett hausten
29-06-2004 1:55
-SFK har no utarbeida avdelings-oppsettet for haustsesongen i dei aldersbestemte klassane. Fyl-gjande klassar har nytt oppsett haust: G14 1. div. og 2. div. avde-ling 1 og 2, J17.07, J14.07 og G14.07. Dersom du har merknad til oppsettet må du kontakte oss om-gåande. Kampopsettet kjem om kort tid, melder SFK.
Les meir..


Gerrard blir i Liverpool
28-06-2004 23:33
-Så kan alle Liverpool-supporterane puste letta ut. Steven Gerrard har valt å følgje sitt hjarte og spele for Liverpool også sesongen 04/05.
Les meir..

Gratulere med dagen !
28-06-2004 13:14
-Det er i dag 90 år sidan SFK vart stifta. I løpet av desse 90 åra har kretsen auka frå to til 71 klubber.
Les meir..


Fekk ei jente
28-06-2004 13:15
-Norborgspelar Geir Magne Grande vart søndag kveld far til ei jente. Vi gratulerar så mykje !


Utsett igjen
27-06-2004 20:37
-Kampen HaNo-Aksla vart nok ein gong utsett. Kampen skulle opp-rinneleg vore spelt torsdag, men sidan Aksla ikkje greidde å stille lag den dagen vart det avtalt kamp idag. No har altså Aksla for 2. gong på ei veke kasta inn handkledet.

Damene tapte
26-06-2004 14:34
-Damelaget tapte 1-3 for Lepsøy/ HaNo. L/H tok tidleg føringa å leia 2-0 før Norborg scora ved Silje Nogva.

Vann sikkert 4-0 mot Herd
25-06-2004 20:48
-Norborggutane leverte ein stor kamp i Søvikdalen i kveld. Topp-laget Herd vart sendt heim med 4-0 i bagasjen etter mål av Espen Sol-heim 2, Adrian Håbet og Eivind Fjø-rtoft. I tillegg brente heimelaget straffe, traff stolpen og heada over på opent mål. Herd greidde aldri å trur Norborg sin utespelar Erlend York som vokta målet i keeperane sitt fråvær.
Les meir..


Damene ligg under
25-06-2004 19:30
-damelaget ligg under 1-2 for Lepsøy/HaNo ved pause. Silje Nogva scora.

Leiar 2-0 over Herd
25-06-2004 19:29
-Gutelaget leiar 2-0 ved pause i toppoppgjeret mot Herd. Norborg har i tillegg brent ei straffe.

Øyacup puljene klare!
25-06-2004 15:51
-Så har vi fått tilsendt puljene og kampoppsettet til Øyacup 2004. Damelaget spelar i gruppe med HaNo og Lepsøy, mens herrelaget møter HaNo og Harøy. Dei på papiret tre sterkaste laga har altså kome i samme gruppe.
Les meir..

Damekamp i dag
25-06-2004 15:48
-Damelaget møter i dag botnlaget Lepsøy/HaNo på Uggedal grus. Kampen startar kl. 1830.

Siste før ferien mot Herd
25-06-2004 1:05
-Gutelaget spelar sin siste kamp før ferien mot Herd i Søvikdalen fredag. Dette er eit oppgjør mellom nr. 2 og nr. 3 på tabellen. Herd ligg eit po-eng foran Norborg før kampen. Vi kan vente oss ein tett og tøff kamp i Søvikdalen denne kvelden trur vi. Kan våre oransje gutter heve seg frå sist kamp, og levere ein god prestasjon mot sterke Herd ? Kampen startar 18.30, vél møtt !


Game over for Aksla?
25-06-2004 0:33
-Har ti strake tap ført til at Aksla gir seg i 4. divisjon? Kampen dei skulle ha mot HaNo torsdag vart iallfall utsett på ubestemt tid fordi dei ikkje greidde å stille lag.

Ny serieleiar!
24-06-2004 21:45
-Blindheim/Emblem vann som venta toppkampen mot Vigra og er ny serieleiar. 1-0 vart resultatet i den kampen. Hano-Aksla vart utsett.
Tabell

Uavgjort i Mauseidvågen
24-06-2004 21:40
-Norborg spelte 2-2 i bortemøtet med MSIL/LIL2. Tarjei Urkedal ga Norborg leiinga etter 17 minutt, mens Roar Eikrem utlikna like før pause. 6 minutt ut i 2. omgang ga Kim Idar Krogsethagen Norborg leiinga på ny. Men nok ein gong kom heimelaget tilbake og utlikna. denne gong på straffe ved Roger Sandvik etter 65 minutt. Norborg hadde fortent meir enn to poeng og hadde blant anna 3 avslutningar i aluminiumet.
Les meir..

Mølen speler ikkje i dag
24-06-2004 2:09
-Norborg sin viktige forsvarsspelar Christian "Mølen" Søvik spelar ikkje kveldens seriekamp mot Msil/Lil2. Nasebruddet har endå ikkje grodd, og han har fått speleforbud frå legen. Han får dermed nøye seg med triksering i pausene av EM-kampen i Søvika, om Bjørnar Han-sen ikkje skyt ballen opp på taket. Midtbaneslitaren Eirik York er også nokså uaktuell. Han tråkka over på trening tysdag, og er venta borte i ei til to uker, i følgje han sjølv i går.


Kampoppsett Stordalscup!
24-06-2004 2:09
-Småjente- og jentelaget skal på laurdag delta på Stordalscup i fotball.
Kampoppsett


Veggen kjem heim laurdag
23-06-2004 23:11
-Kenneth Vegsund blir raskare ferdig med jobben på Stafjord A enn planlagt og kjem heim komande laurdag. Han rekk dermed kampen mot ÅVK veka etter.

Ellingsøy vann over SIF2
23-06-2004 22:44
-Ellingsøy vann 4-2 over Skarbøvik2 i kveld.
Tabell

Lykkast til slutt
23-06-2004 20:38
-Norborg vann til slutt 5-3 over Hil-dre i 7'ar serien for menn. Norborg tok leiinga ved Bjørn Urkedal allereie etter 4 minutt. Jan Egil Alstadsæter og Øyvind Davik auka leiinga for heimelaget, men så starta problema. Hans Kristian Mikkelsen reduserte før pause, medan Helge Amdam putta to gongar i løpet av det første kvarteret av 2. omgang. Norborg pressa på i store delar av 2. omgang, men nye mål lot vente på seg. Ikkje før i løpet av dei siste fem minutta avgjorde oransjetrøyene kampen etter scoringar av Øyvind Davik og Bjørn Urkedal.
Les meir..

Volda-supporterane med heimeside
23-06-2004 16:35
-Volda har fått si heimeside nr. 2. Du finn den her.

Sjokkerande avsløring !
23-06-2004 0:48
-norborg.com hadde tysdag kveld ein reporter ute i feltet for å filme MSIL/LIL2 si siste trening før kampen på torsdag. Det var sjokkerande bilder han hadde med seg heim frå Allheim.
Sjå meir..


Så er det klart for MSIL..
23-06-2004 0:05
-På torsdag brakar Norborg og MSIL/LIL2 saman for 9. gong på 3 år. Kampane mot sulaværingane brukar å vere svært vanskelege, og var det einaste laget Norborg ikkje slo i serien i fjor. Møt opp på Mauseidvåg gras torsdag kl. 1830 og støtt oransjetrøyene til siger!
Les meir..

Smågutane tapte
22-06-2004 22:51
-Smågutelaget tapte overraskande 5-2 for Ellingsøy. Vegard Johansen og Kristoffer Engeset scora for oransjetrøyene.

Tropp herrar 7'ar mot Hildre
22-06-2004 20:36
-Følgjande spelarar er utplukka til å representere Norborg i naboopp-gjeret mot Hildre i Søvikdalen onsdag kl. 1830.
Tropp

Juniorane knuste FKS
22-06-2004 20:33
-Juniorlaget vann heile 5-1 over FK Sykkylven i Søvikdalen i kveld. Ole Johnny Gamlem
(2), Edward Laver-ton og Amund Terøy sørga for 4-0 til pause, mens Fredrik Furnes heada inn 5-0 til Norborg om lag midtvegs i 2. omgang. Minuttet før slutt sprakk likevel nullen for Norborg då ein FKS spelar scora på frispark. Meir kjem.

Juniorkamp tysdag
22-06-2004 1:02
-Juniorlaget møter tysdag FK Sykk-ylven til kamp i Søvikdalen. Kam-pen startar 18.30, og vi forventar siger til heimelaget. Vårt tips: 4-1


5-2 mot Ellingsøy
22-06-2004 1:00
-Småjentelaget slo Ellingsøy 5-2 måndag kveld. Første omgang var jamnspelt og begge laga hadde mange sjansar. Etter mål av Marthe Vegsund og Ida Marie Holmeset leda Norborg 2-1 til pause. I andre omgang tok Norborg meir over kampen, men solid forsvarspel frå Ellingsøy hindra at Norborg vann meir enn 5-2. I andre omgang scorte Randi Urke, Marthe Veg-sund og Silje Søvik.


Lillejentene vann 7-1
22-06-2004 0:58
-Lillejentelaget vann i dag 7-1 mot HaNo i Uggedalen. Tre mål av Anette Vegsund og to av Guro Nyland var noen av målskårerane, kunne ein kjempeglad trener Alex-ander Gamlem meddele nor-borg.com etter kampen.


Knepent tap for damelaget
21-06-2004 22:42
-Damelaget tapte 3-2 for Ørskog på Sjøholt i kveld. Monica Alvestad og Anne Marthe Søviknes scora. Norborg gjorde ein bra kamp, men måtte altså nok ein gong tåle eit eitt målstap for Ørskog.

Stranda på formtoppen!
21-06-2004 20:06
-Stranda er formlaget i 4. divisjon dei siste 5 rundene. Laget har sanka 12 poeng på desse rundene, noko som er to meir enn B/E, Norborg og HaNo.
Les meir..

InneKM G16 på heimebane
21-06-2004 15:59
-Sunnmøres to beste gutelag i følgje tabellen per dags dato spelar på heimebane under InneKM for G16 den første helga i november. Norborg er tildelt arrangementet som vil gå i Brattvåghallen. Nytt i år er at klassene småguter og guter er oppdelt i to årsklasser.
Les meir..


Sterk pulje på øyacup
21-06-2004 0:55
-I følgje våre kilder er puljene på øyacup følgjande: Pulje A: Norborg, HaNo og Fjørtoft, medan dei to sjettedivisjonslaga, Lepøsy og Ravn og femtedivisjonslaget Harøy er i den andre pulja. Styrkemessige svært ulike puljer på papiret.


Vellykka "Fotballens dag"
21-06-2004 0:57
-Det vart ein triveleg dag i strålande vær, men med ein kald vind i Søvik-dalen laurdag for dei 100 ungane som deltok. Fotballskule med fem poster, tre instruktørar frå Aafk og mange engasjerte unger. Etterpå var det grendakampar der dei ulike laga hadde herrespelera som lag-ledera. Dagens mest populære lagleder vart Stig Wold i følgje ungane, medan ungane sjølv viste mykje positivt spel, oppførsel og engasjement på bana. - Veldig fint arrangement av herrelaget, var fotballleder Roar Korsnes sin kommentar.


Norborg-Hildre går onsdag
20-06-2004 23:08
-Herrar 7ar kampen mellom Norborg og Hildre går som oppsatt på jonsokaftan. Einaste forandringa er at kampen startar kl. 1830 istaden for 1910. Kampen går på Norborg gras. Dommar er Kim Idar Krogset-hagen. Troppen kjem seinare.

Damene til Sjøholt på poengjakt
20-06-2004 23:05
-Damelaget reiser måndag til Sjø-holt for å møte Ørskog. Norborg er svært redusert i denne kampen og reiser innover med ein liten tropp. Til og med trenar Kenneth Vegsund er borte.

Poengdeling på Eidså
20-06-2004 19:01
-ÅVK og MSIL/LIL2 spelte idag 1-1 på Eidså stadion. Ole Per Kragset scora for heimelaget, mens Endre Åkernes putta for gjestane.
Tabell

Ravn vann toppkampen
20-06-2004 14:49
-Ravn vann laurdag 3-1 over Giske og har igjen fått konktakt med toppen av 6. divisjon avd. A.

Utruleg jamn 3. divisjon
18-06-2004 23:33
-Etter 10 serierunder i 3. divisjon Sunnmøre er det bare to poeng som skil lag nr. 1 Skarbøvik og nr. 5 Godøy. Kveldens resultat: Skarbøvik-AaFK2 0-3,
Godøy-Hareid 0-0,
Brattvåg-FKS 0-2,
Hødd2-Ørsta 1-0,
Langevåg-Spjelkavik 5-2,
Valder-Bergsøy 4-0.
Brattvåg gjekk altså på eit nytt tap og har 7 poeng opp til ståplass.
Tabell

Haram kommune tok imot utfordringa
18-06-2004 20:07
-Formannskapet i Haram kommune tok imot utfordringa frå SFK, og har vedtatt å gi alle fotballaga i kom-muna ein ball kvar. Totalt blir dette 81 ballar. Bra gjort Haram!

"Mølen" brutt på plass
18-06-2004 16:15
-Christian Søvik fekk ein smell i nasen under hjørnesparket som gav Blindheim/Emblem 2-1 ledelse sist uke. I dag var han på sjukehuset for å knekke nasen på plass igjen. -Alt er berre bra, melde Mølen til nor-borg.com.


Aafk på besøk laurdag !
17-06-2004 23:31
-Under "Fotballens Dag" på laurdag vil Norborg få vitjing av tre Aafk-spelera på laurdag. Desse vil være med som instruktørar på fotball-skulen. Dermed har dei yngste, samt Steffen Grytten, noe å glede seg til.


Trimkampen avlyst
17-06-2004 23:30
-Trimkampen som det stod annonsert for på flygebladet angåande laurdagen blir ikkje spelt laurdag. Sportsleg leder Frode Engeset beklager overfor norborg.com at dei ikkje har fått kontakt med Hildre for å flytte kampen. Norborg ønskjer å flytte kampen som er oppsatt på jonsokaftan, vekk frå denne dagen.


Brattvåg slo Hildre
17-06-2004 22:43
-I 7'ar serien for herrer vann Brattvåg 11-2 over Hildre. I går vann Ravn 6-3 over Harøy, medan Ellingsøy vann 10-8 over Fjørtoft. Ved halvspelt serie leiar Brattvåg framføre Ellingsøy og Norborg.
Tabell

Stranda og Sunnylven vann
17-06-2004 20:55
-Stranda vann til slutt 4-1 i borte-møtet med Aksla etter 1-1 ved pause. Sunnylven vann 7-3 over Ellingsøy.
Tabell

Sjansesløsing i særklasse!
17-06-2004 20:49
-Norborg vann 3-0 over Stordal i ein sjanserik kamp. Stordal var bra med dei første 25 minutta, men etter at Tarjei Urkedal heada inn 1-0 var det nærast berre eitt lag på bana. Kim Idar Krogsethagen kjem-pa inn 2-0 før pause, mens Øyvind Kvammen auka til 3-0 aleine med keeper eit kvarter ut i 2. omgang. Norborg skapte sjanse på sjanse mot eit Stordal lag som stod høgt, men ballen ville ikkje i mål, og når den først gjekk inn vart det dømt offside. Sjansar: 24-3 til Norborg.
Les meir..

Husk kampen i dag !
17-06-2004 13:46
-Strålande vær for fotballkamp i dag. Klokka 18.30 blåsast 4.divi-sjonskampen mellom Norborg og Stordal i gang i Søvikdalen. Bana er strøken, heimelaget er tent, sola skinner og det er gratis is til barna. Vil vi oppleve ny publikumsrekord ?
Møt opp i god tid i oransje effekter.


Ukens tippegjest
17-06-2004 13:45
-Norborgsupporter Robert Granum er ukens tippegjest hjå oss.
Les meir..


Tok ein Frankrikekopi
16-06-2004 23:42
-Guter 7´er er fortsatt ubesigra etter ein trasig kamp i Stordalen i kveld. På ei svært lite bane forsvarte heimelaget seg med nebb og klø mot eit ballbesittane, men svært lite oppfinnsamt bortelag. Stordal leda 2-0 til pause, men Norborg kvitterte til 2-2 etter tjuefem minutt etter mål av Eivind Fjørtoft og Adrian Håbet. Tre og eit halvt minutt før slutt tok heimelaget på nytt leiinga etter svakt keeperspel, men så stoppa det heilt opp for dei gule stordalingane. Eivind Fjørtoft utlikna etter 37.20 i andre omgang, og etter 38.13 satte Be ballen i mål. Begge måla etter raskt og presist pasningsspel av dei oransje.


Småjentene tapte gjørme-kampen
16-06-2004 23:05
-Småjentene tapte 3-5 for Hessa i kveld. Kampen gjekk på ei svært vanskeleg bane i Uggedalen. Dei store nedbørsmengene i kombi-nasjon med nylagt grus gjorde at bana var forferdeleg.

Hovdebygda tukta Herd
16-06-2004 22:51
-5. divisjonslaget Herd var det einaste laget på Sunnmøre som ikkje hadde tapt i årets sesong, men i kveld vart Hovdebygda for sterke for spjelkavikarane og vann 3-1. I toppkampen mellom Skodje og Rollon vann Rollon 3-0.
Tabell

Vigra med nytt heimetap
16-06-2004 22:44
-Vigra gjekk på sin 2. strake heime-tap då det i kveld vart 1-2 for HaNo. Blindheim/Emblem fortsette sigers-rekka med 5-1 over SIF2. Sunnyl-ven, Norborg og Stranda møter kvar sine botnlag i morgen og har difor gode sjansar til å krabbe heilt opp i ryggen på tetlaga.
Tabell

Nye tre poeng på torsdag?
15-06-2004 23:29
-Norborg spelar torsdag heimekamp mot Stordal. Stordal har fått ein vanskeleg start på sesongen, men greidde sist helg uavgjort mot ÅVK. Skal dei greie å ta poeng frå Norborg også? Møt opp i Søvik-dalen kl. 1830 for å sjå.
Les meir..

Smågutelaget vann 8-1
15-06-2004 23:13
-Det var skikkelig målfest for små-gutelaget når dei møtte Skarbøvik på ei søkkvåt grusbane i dag. Heile 8-1 vann dei oransje etter fem mål av Martin Grytten og tre av Johan Stavik sier rapportene vi har fått.

Norborg Quiz - utsett frist
15-06-2004 16:10
-På grunn av problemer hos Brave-net har vi nesten ikkje mottat svar på Norborg quiz. Vi har kun mot-teke svar frå Martine Gunnarsdottir, Lasse Hildre og Tommy Johann-essen. Vi vil difor utsette fristen for levering til 20. juni. Send då inn svara til norborgquiz@hotmail.com
Runde 5

Fiskerstranda vann topp-kampen!
14-06-2004 23:22
-Fiskerstrand vann 3-1 i toppopp-gjeret mot Ravn, mens Lepsøy gjekk på ei blemme mot HaNo2. Dermed har Fiskerstrand og Giske fått ei lita luke i 6. divisjon avd. A.
Tabell

3-1 tap for juniorane
14-06-2004 22:55
-Juniorlaget tapte 3-1 (3-0) for Ørskog/Stordal i dagens kamp. Heimelaget var mest effektive foran kassa i ein uryddig kamp. Edward Laverton skårte for dei oransje som stilte med 5 første års gutespelera i 15-mannstroppen.
Les meir..

Blindheim/Emblem knuste Sunnylven
13-06-2004 17:44
-Blindheim/Emblem bygde vidare på den fine bortesigeren sin over Norborg med å knuse Sunnylven 9-1. Stranda vann 4-2 over MSIL/LIL2 og nærmar seg gradvis toppen. Stordal greidde overraskande å få poeng mot ÅVK. 3-3 endte den kampen, medan Vigra som venta vann 3-1 over Aksla.
Tabell

Norborg løfta seg
13-06-2004 17:37
-Norborg påførte Ellingsøy sitt første heimetap for sesongen ved å vinne 4-1. Norborg tok leiinga ved Christian Søvik etter 11 minutt og hadde deretter god kontroll på heimelaget. Øyvind Kvammen la på til 2-0 like før pasue, medan Kim Idar Krogsethagen auka til 3-0 40 sekund ut i 2. omgang. Kenneth Bjørge ga Ellingsøy eit lite håp med si redusering eit kvarter før slutt, men Øyvind ødela den med si andre scoring for dagen ti minutt før slutt. "Artig å sjå at vi heva oss og starta å spele fotball igjen", var trenar Haugan sin kommentar etter kampen. Meir kjem seinare.

Valder vart for sterke!
12-06-2004 23:46
-Norborg sitt jentelag måtte sjå seg slått 4-0 i bortemøtet med topp-laget Valder. Norborg var bra med første halvtimen, men i resten av kampen var Valder det førande laget. Keeper Vibecke Gamlem hindra eit større tap.
Les meir..

HaNo utklassa SIF2
12-06-2004 17:54
-HaNo fekk spelet til å gli idag og knuste Skarbøvik2 heile 6-0. HaNo passerte dermed Norborg på tabellen, men har ein kamp meir spelt.
Tabell

Ellingsøy på søndag!
-Herrelaget spelar søndag viktig bortekamp mot Ellingsøy på Nes Stadion. Vi håper flest mogeleg tek søndagsturen til Ellingsøya for å støtte dei oransje. Kampen startar 15.00. Vél møtt!
Les meir..

Hareid overraskar
11-06-2004 20:51
-Hareid sneik seg oppå ein 2. plass i 3. divisjon etter kveldens 3-2 siger over Spjelkavik. Skarbøvik måtte for 2. gong på rad nøye seg med po-engdeling etter 2-2 borte mot Ørsta. FK Sykkylven påførte Godøy deira 2. strake tap då dei vann 2-1, mens Langevåg vann 2-1 over Valder. Brattvåg finn seg sjølve stadig på botnen av tabellen etter at dei tapte 4-1 for AaFK2.
Tabell

Damelaget heva seg
11-06-2004 20:47
-Norborg sitt damelag heva seg etter den slette forestillinga sist helg og tapte bare 2-3 for gode Vigra. Linda Holmeset ga Norborg leiinga, men Vigra snudde kampen og leia 3-1 før Ingrid Ahrens dunka ballen i mål frå 20 meter.
Tabell

Brattvåg for sterke
11-06-2004 20:46
-Brattvåg vann 2-0 over Norborg i kveldens toppkamp i 1. divisjon for gutar. Etter 0-0 ved pause scora Arild Vågnes og Kristoffer Grønmyr for heimelaget etter kvila.
Les meir..

Internasjonal dommer
11-06-2004 14:19
-Sunnmøre Fotballkrets har satt opp ein internasjonal dommer til dagens kamp. David Hellsten som er divisjonsdommer i Sverige er satt opp som dommer i dagens kamp.


Innbrudd i Uggedalen
11-06-2004 13:57
-Natt til onsdag var kiosken i Ugge-dalen utsatt for eit åtak frå noen innbruddstjuvar. Norborg oppbevarar ikkje verdisaker på klubbhuset, og dermed vart utbytte også magert.
Les meir..


Stranda tukta Vigra
10-06-2004 21:04
-Stranda vann 2-0 i bortemøtet med Vigra og påførte dermed vigringane sitt første tap for sesongen. MSIL/ LIL2 vann som venta 4-0 over Stordal.
Tabell

Marginane mot Norborg
10-06-2004 20:55
-Norborg tapte 3-5 for Blindheim/ Emblem etter 1-1 ved pause. Nor-borg var klart best det første kvar-teret å skapte fleire gode sjansar, men fekk berre eit mål ved Kristian Søviknes. Etterkvart dabba Norborg av og Terje Ottersen utlikna like før pause. Etter pausen tok gjestane føringa ved ei ny scoring av Otter-sen, men scoringar av Geir Ove Grønli og Øyvind Kvammen snudde kampen. Sju minutt før slutt utnytta Henning Hareide ei forsvarstabbe av Norborg å utlikna til 3-3. I siste ordinære speleminutt klinka Otter-sen inn sitt 3. mål for dagen på frispark, medan Kristoffer Morterud fullførte audmjukinga av Norborg med eit overtidsmål.
Les meir..

Kampen om Sunnmøre
10-06-2004 2:15
-Sindre Dalhaug, Arild Vågnes, Sverre U. Fjørtoft, Vegard Otterlei, Martin Roald, Kristoffer Grønmyr, Brattvåg, Kunstgrasbana, Martinus Løken og alle andre. Pass dere !! For på fredag kjem den oransje horde for å lage fotballshow.
Les meir..

Jentene med 3-3
10-06-2004 2:20
-Jentelaget spelte 3-3 mot Ørskog på grasbana onsdag. Sandra Larsen 2 og Camilla Johansen scora for heimelaget.
Les meir..

Akslas 8. tap
9-06-2004 23:24
-Skarbøvik 2. lag vann 5-0 over Aksla i onsdagens 4. divisjons-kamp.
Tabell

Tok skalpen på Brattvåg
9-06-2004 21:38
-Norborg herrer 7'ar vann 6-5 over Brattvåg i kveld. Kenneth Gamlem 3, Alexander Gamlem 2 og Stein Erik Reitan scora heimelaget sine mål, medan Rolf Seth 3 og Tor Stian Hauge 2 putta for Brattvåg. Dette var Brattvåg sitt første tap for sesongen, medan Norborg tok sin første heimesiger. Brattvåg toppar tabellen framføre Ellingsøy og Norborg. Alle laga har 12 poeng, men Norborg har ein kamp meir spelt enn dei andre.
Les meir..
Tabell

Toppkamp mot B/E på torsdag
8-06-2004 23:58
-Norborg sitt herrelag skal på torsdag ut ein ny vanskeleg kamp. Motstandar er fremadstormande Blindheim/Emblem. Møt opp å støtt oransjetrøyene i denne svært viktige toppkampen. Kampen går i Søvikdalen kl. 1830.
Les meir..

Sjå måla frå HaNo-Norborg
8-06-2004 21:56
-Torstein Volstad sendte oss video-klipp av måla frå HaNo-Norborg. Ein stor takk til han.
1-0 Lars Petter Haram
1-1 Kim Idar Krogsethagen

Topplaga feila i 3. divisjon
8-06-2004 21:07
-Så måtte også Godøy bite i graset i årets 3. divisjon. Etter 7 kampar utan tap vart det i kveld stjerne-smell mot AaFK 2. lag. Heile 5-0 måtte raudtrøyene sjå seg slått i eiga hule. Skarbøvik vart haldt til 1-1 mot Bergsøy, medan Valder tapte 1-4 for Spjelkavik. Dermed var det ingen av dei tre øvste laga som vann i denne runda. Øvrige resultat: Hareid-FK Sykkylven 4-2,
Hødd2-Langevåg 0-2 og Brattvåg-Ørsta 1-4. Brattvåg har med dette tapet 4 poeng opp til ståplass.
Tabell

Tropp til herre 7ar kamp
8-06-2004 21:00
-Her er troppen til herre 7'ar sitt møte med Brattvåg på Uggedal grus onsdag kl. 1930.
Tropp

Kalassiger for gutane
8-06-2004 20:47
-Norborg sitt gutar 7'ar vann heile 13-1 over Norddal/Eidsdal/Geir-anger i kveld. Fredrik Holmeset 3, Ole Mathias Grytten 3, Elling-Mikal Kalvø 2, Be 2, Thomas Ringstad, Ole Johan Urke og Erlend York scora.

Årets første juniorsiger
8-06-2004 20:43
-Norborg sitt juniorlag vann 4-0 over Rollon i kveld. I motvinden brukte Edward Laverton berre 4 minutt på å lage 1-0 etter ein fin stikker frå Alexander Holmeset. Seks minutt seinare sette Asgeir Kalvø ballen i vinkelen, medan Amund Terøy sprang frå alle å sette ballen sikkert i lengste til 3-0 leiing etter ein halv-time. Etter pausen sakk kvaliteten men fem minutt før slutt scora Asgeir på eit frispark frå langt hald. Dermed ein fortent 4-0 siger til oransjetrøyene.
Les meir..

Trim/B-kampen på grus
8-06-2004 18:02
-Norborg sin herrer 7'ar kamp mot Brattvåg går på Uggedal grus ons-dag kl. 1930.

Kampoppsett Norway Cup
8-06-2004 14:54
-Norway Cup oppsettet er no ende-lig, og vi har komplettert oversikta over Haramslaga sine kampar, med Hano sine to lags kampar.
Les meir..


Junior og gutekamp i dag
8-06-2004 13:52
-Juniorlaget møter Rollon på gras i Søvikdalen i kveld kl. 18.30. Ein kamp der dei oransje har gode muligheter for siger. Gutelaget 7´er møter Nordal/Eidsdal/Geiranger på grusbana kl. 19.00, og alt anna enn siger i denne kampen vil ryste fotballnorge, då gutelaget har vunnet alle sine kampar så langt i år, medan NEG har eit poeng.


Ravn på ny smell
7-06-2004 21:49
-Ravn slit med å kome seg opp på opprykksplass i 6. divisjon avd. A. I kveld tapte laget 3-5 for Blindheim/ Emblem2. I avd. B tok Gursken/ Larsnes seg til topps på tabellen etter ein skikkeleg storsiger. Laget vann heile 12-2 i bortmøtet med Hasundgot. Samtidig tapte Gjerds-vika 2-3 for Volda 2. lag
Tabell avd. A
Tabell avd. B


Norborg DVD på veg
7-06-2004 21:42
-Roger vil innan kort tid komme med ein DVD frå jubelsesongen 2002. Vi ventar i spaning!

Slo Valder
-pustar Brattvåg i nakken
7-06-2004 20:56
-Norborg sitt gutelag vann 3-2 over valder i kveld. Espen Solheim (2) og Samir Sahman scora for heime-laget. Norborg har no samme poengsum som Brattvåg, men med ein kamp meir spelt. Laga skal for øvreg møtast på fredag.
Les meir..

Misser Vegsund
7-06-2004 20:48
-Norborg sin høgreiste midtstoppar Kenneth Vegsund skal på jobb-oppdrag i Nordsjøen og misse kampane mot Stordal, MSIL og ÅVK. - Heldigvis rekk eg Øyacup, er "Veggen" sin kommentar.

Viktig toppoppgjør måndag for gutelaget
6-06-2004 21:06
-Gutelaget møter måndag Valder til viktig oppgjør i toppen av 1.divisjon på graset oppe i fjellheimen. Kam-pen har avspark 19.00, vél møtt !
Les meir..


Overtidsmål sikra tre poeng til Sunnylven
6-06-2004 18:59
-Sunnylven vann 3-2 over HaNo i dag. Sunnylven leia 2-0 ved pause, men HaNo kom tilbake å scora to gongar. På overtid sikra likevel Sunnylven seg tre poeng.
Tabell

Kampoppsett Norway Cup
6-06-2004 2:31
-Det har komt eit foreløpig kamp-oppsett for Norway Cup. Det kan bli endringer på oppsettet, men det er lite trolig, meldes det frå Oslo.
Les meir..


Gutar 7'ar med ny siger
5-06-2004 16:35
-Norborg sitt gutar 7'ar lag vann 4-3 over Sykkylven. Samir Sahman (2), Elling Mikal Kalvø og Ole Mathias Grytten scora for oransjetrøyene.
Les meir..

Slett innsats av damelaget
5-06-2004 16:12
-Damelaget har vist bra takter den siste tida, men i dag vart det stor-tap for Valldal. Heimelaget domi-nerte stort før pause å leia 4-0 før Camilla Krogsethagen reduserte. Etter pausen var Norborg langt meir med, men to mål på slutten av heimalget gjorde at resultatet vart 6-1. "Slett innsats over heile linja", uttalte trenar Kenneth Vegsund til norborg.com etter kampen.

Damelaget ligg under
5-06-2004 14:55
-Damelaget ligg under 4-1 ved pause i bortemøtet med Valldal.

Dårleg dag for Brattvåg
4-06-2004 21:52
-Ikkje nok med at Brattvåg sitt 3. divisjonslag tapte 3-0 for Bergsøy, men det suverene gutelaget deira måtte også avgje poeng i dag. I bortekampen mot tabelljumbo Hessa/SIF vart det nemleg berre 0-0.

Storsiger til småjentene
4-06-2004 21:51
-Norborg sitt småjentelag vann heile 6-1 over Lepsøy fredag kveld.

Sjansefattig Haramsderby
4-06-2004 21:34
-Det vart 1-1 I ein sjansefattig, men fartsfyllt og spennande kamp mel-lom 4. divisjonsrivalane frå Haram. HaNo tok leiinga etter 26 minutt ved Lars Petter Haram. Norborg tok over kampen etter målet og fekk si fortente utlikning ved Kim Idar Krogsethagen knappe ti minutt før pause. I 2. omgang vart det mest kriging på midtbana og oppjaga spel. Dermed ebba kampen ut med 1-1. Noko som var eit greitt resultat.
Les meir..
Tabell

Strålande vær til kampen !
4-06-2004 11:06
-Strålande vær til dagens lokalopp-gjør i 4.divisjon. Det same kan vi si om bana, som det finnes bilder av på hano si heimeside. Den vart klipt kl. 09.00 i dag tidlig, og er dermed klar for hurtig og angrepsvillig fotball frå begge lag. Eit lite historisk minne frå Austnesbana er at den første kampen etter at den vart nyopna i 1995 var at Norborg sitt smågutelag vann 8-0 mot HaNo i den første kampen. Får vi reprise i dag ? Ferga går 17.10 frå Skjelten, så møt opp å støtt laget !


Gutelaget med siger
3-06-2004 21:48
-Norborg sitt gutelag vann 2-0 over Bergsøy torsdag kveld. Sigeren sat likevel langt inne. Først fire minutt før slutt fekk Eivind Fjørtoft ballen i mål for heimelaget. Like før slutt dobla Ole Johan Urke leiinga med eit flott langskot.
Les meir..

Fortent siger over erke-rivalen
3-06-2004 21:44
-Norborg sitt herrer 7'ar greidde til slutt å vinne over nabo Ravn. Ravn tok tidleg leiinga, men Bjørn Urke-dal kvitterte raskt. Like før pause ordna samme mann 2-1 til oransje-trøyene. Tidleg i 2. omgang hadde Norborg store sjansar til å punktere kampen, men i staden er det Ravn som scorar to kjappe dryge kvart-eret før slutt. Norbrog kjem seg så til hektene igjen og utliknar først ved Jan Even Drønnesund før Vebjørn Grytten avgjer kampen fire minutt før slutt. Dermed 4-3 til Norborg.
Les meir..

Årets første tap for B/E
3-06-2004 21:41
-Blindheim/Emblem gjekk på årets første tap då det vart 2-3 for ÅVK, medan MSIL/LIL2 vart haldt til 0-0 av Ellingsøy. Sunnylven vann opp-skriftsmessig 4-1 borte over Aksla, medan Stranda vann 4-0 over Stor-dal.
Tabell

Sjå video av dommeren
3-06-2004 9:43
-Tor Bjermeland skal dømme kampen mot HaNo, men i utgangs-punktet så hadde SFK satt opp denne dommeren her til kampen. Han måtte desverre melde forfall grunna personlige årsaker.


Alt klart for lokalderby
2-06-2004 22:33
-På fredag er det klart for årets store lokalderby i Haram då HaNo og Norborg brakar saman på Har-amsøy gras. Kampstart kl. 1830.
Les meir..

Ukens test: Softis i Oslo
2-06-2004 21:59
-I tida fram mot Norway Cup kjem oss til å sette søkelyset på ulike mattilbud i Oslo etter ønskje frå Kjell Terje. I dag sett vi fokus på softisen som er i hovedstaden.
Les meir..


Juniorane tapte 3-1
2-06-2004 20:56
-Eit redusert juniorlag tapte 3-1 borte for Stranda i dag. I ein jamn-spelt kamp var heimelaget mest effektive, melder Kim. Superinn-bytterane på gutelaget Erlend York og Elling Mikal Kalvø spelte begge ein god kamp. Førstnemnte like-godt som keeper i sin juniordebuet.
Asgeir Kalvø skårte for dei oransje, og fekk etter kampen 3 stjerner av Kim. ** Erlend York og * Adrian Volstad var dei andre.

Småjentene vann 7-2
2-06-2004 20:56
-Småjentelaget fortsette sigers-rekka og vann i dag 7-2 mot HaNo i Uggedalen. Måndag vart det 6-0 over Hessa.
Referat HaNo
Referat Hessa

Nok ein 1-0 siger til Vigra
2-06-2004 20:41
-Vigra greidde for tredje gong i år å vinne 1-0. Denne gongen var det Skarbøvik2 som var motstandar, som for øvreg har til gode å score på bortebane denne sesongen. Vigra har no 19 poeng og legg press på laga bak.
Tabell

Brannbil i Uggedalen
2-06-2004 16:53
-Grusbana vart sist uke grusa. Dette i samarbeid med fineværet har gjort bana svært tørr. Dermed vil brannbilen i dag vatne bana slik den blir fin å spele på. Stor takk til brannvesenet som her viser sitt mangfold av muligheter.


Tett kampprogram i fjerde
- viktige to veker
2-06-2004 16:44
-I løpet av dei neste to vekene skal det avviklast 4 serierunder i 4. divi-sjon. Det går altså mot viktige dager for dei ulike laga. Vi har sett på kampprogrammet.
Les meir..

Har eit tap å revansjere
2-06-2004 16:00
-Gutelaget har ikkje berre tre poeng å kjempe om mot Bergsøy. Dei har også eit 8-1 tap på heimebane mot desse på smågute for to år sidan å rette opp. -Ein meget vanskelig kamp dette, og vi må prestere over evne for å vinne, uttaler Samir Sah-man til norborg.com onsdag.


Presisering til alle oppmenn og andre !
2-06-2004 16:00
-Eg vil med dette presisere at alt innkjøp av varer til kiosken skal skje av undertegnande og ikkje av kvar enkelt som skal stå i kiosken. Det har ved fleire høve i år skjedd feilinnkjøp av varer vi ikkje skal ha i vår kiosk, då personer har tatt seg til rette. Blant anna gjeld dette innkjøp av brænnebrus som vi ikkje skal ha i vårt sortiment. Frå no av vil alle innkjøp foretatt av andre enn undertegnande bli fakturert den som tar ut varene. I tillegg vil eg presisere at dommerhonnorar for 5´erfotball er 60,-, for 7´er fotball 100,- og ved bruk av rekruttering-sdommera er satsen 150,-. Dette melde Nils Edmund til norborg.com

Ukens tippegjest
2-06-2004 15:05
-Ukens tippegjest har spelt kampar for både Gjerdrum2 og Skodje. Han har i tillegg over 500 kampar for sin eigen klubb, og forventar på fredag siger i deira neste seriekamp.
Les meir..


HaNo favoritt på oddsen
2-06-2004 13:26
-HaNo er favoritt til å vinne stor-kampen på fredag mot Norborg. NordicBet gir 1.90 for heimesiger, medan bortesiger blir betalt med 2.40. Uavgjort gir gode 4.20 tilbake. I denne kampen er det også mu-ligheter for å tippe over eller under 3,5 mål i kampen. Alle odds for sunnmøre finnes på NordicBet si heimeside som du finn her.


Bergsøy på torsdag
2-06-2004 0:02
-Gutelaget spelar torsdag sin andre heimekamp for sesongen mot Bergsøy i Søvikdalen kl. 19.00. Vi forventar oss tøff motstand frå sam-baspelande Bergsøy, som dei skriv på si eiga heimeside.
Les meir..


Juniorkamp onsdag
1-06-2004 22:58
-Juniorlaget spelar onsdag borte-kamp mot Stranda. Det er eit svært redusert juniorlag som tar turen til grandiosabygda. Kaptein Knut Ivar har karantene og Volstadkarane har meldt forfall. Totalt har Kim 10 jun-iorspelera disponible og har i tillegg ikkje tilgang på gutespelera i denne kampen, med unntak av Elling Mik-al Kalvø som vil få sin juniordebuet.


Smågute vann mot Godøy
1-06-2004 22:36
-Smågutelaget tok sesongens første siger med 3-2 mot Godøy i kveld. Måla vart skåra av Martin Andreas Grytten og eit sjølvmål.


Herre 7'ar tropp mot Ravn
1-06-2004 21:47
-Norborg sitt herrer 7'ar lag møter torsdag kl. 1910 Ravn på Ravn gras. Her er troppen.

Alle tiders start
1-06-2004 21:22
-Etter 6. serierunde har Norborg 8 poeng meir enn i fjor. Det samme har Vigra. Sjekk årets og fjorårets tabell her.