| Vigra slo Valder 31-07-2004 13:24 -I ein treningskamp fredag kveld vann Vigra 4-1 over Valder. Så var draumen over -Skiold for sterke i semien 29-07-2004 16:37 -Norborg sitt 7'ar lag tapte 6-0 for Skiold i dagens semifinale. Skiold har gått frå storsiger til storsiger under årets Norway Cup og seiler no opp som den store favoritten i finalen. Uansett ein veldig sterk 3. plass til Norborg. Vi er stolte av dykk! På veg mot noko stort -Norborg i semifinalen! 29-07-2004 11:32 -Fredrik Holmeset vart tunga på vektskåla då han sendte Norborg til semifinalen av verdas største fot-ballturnering. Med 1-0 over Snarøen i dag tidleg ventar vinnaren av Vålerengen-Skiold i semien. Møter Snarøen 28-07-2004 21:58 -Snarøen vann 2-1 over Hauketo og blir Norborg sin motstandar i kvartfinalen. Kampen spelast i morgon kl. 1030. Treningskamp AVLYST! 28-07-2004 20:12 -Den planlagte treningskampen mellom FK Sykkylven og Norborg på fredag er avlyst. Begge lag har fleire spelarar borte grunna ferie og valde difor å droppe kampen. Banka Hareid -kvartfinalen ventar 28-07-2004 19:22 -Norborg 7'ar vann 4-0 over Hareid og avanserte dermed til kvartfinalen i A-sluttspelet. Fredrik Furnes 2, Ole Mathias Grytten og Thomas Ringstad scorte. Kristiansund vart for sterke 28-07-2004 18:25 -Kristiansund leia 3-0 allereie etter 10 minutt i 32-delsfinalen mot Norborg. Norborg kom seg litt til hektene etter denne opninga, men måtte sjå seg slått 5-2. Samir Sahman og Martinus Grytten putta for oransjetrøyene. Les meir.. Draumen lever for 7ar laget 28-07-2004 18:23 -7'ar laget vann 5-4 på straffer over Lensvik. Stillinga ved ordinær tid var 1-1. Kristoffer Engeset scorte Norborg sitt spelemål, medan Hans Jørgen Grytten redda det eine straffesparket. No ventar Hareid i 8-delsfinalen. Kampen startar kl. 1830. Skulle ein vinne den ventar Snarøen eller Hauketo 1 i kvartfinalen. Bilete frå nybana 28-07-2004 1:06 -Dugnadsgjengen er også svært ivrige bak kameraet og har sendt oss fleire bilete frå nybana. Sjå bilete 11'ar med walk-over -7'ar møter Lensvik 27-07-2004 19:26 -Som gruppevinnarar får gutar 11'ar walk-over i 64-delsfinalen, medan dei møter Kristiansund eller Diam-bars frå Senegal i 32-delsfinalen. 7'ar laget møter Lensvik i A-slutt-spelet kl. 1245 i morgon. Brattvåg vann 3-0 over Vedavåg i dag, og møter Namsos i 64-delsfinalen kl. 9 i morgon. Slo Mathare United 1-0 -Håbet avgjorde 27-07-2004 19:09 -Gutelaget fortsetter å imponere under årets Norway Cup. I dag var det 6-ganger Norway Cup vinnar Mathare United som vart slått 1-0. Adrian Håbet skårte målet midtvegs i andre omgang på straffe. Norborg imponerte nok ein gang med veldig bra forsvarsspel, og bakerst stod Bjørnar Engeset sikkert. Bjørnar som fortsatt var prega av sjukdom. Sjølv om han spydde åtte gongar i løpet av natta, og siste gong ti minutt før kampstart, så var han sikkerheita sjølv. Meir om dei første kampane, videoklipp og bilder kjem seinare i kveld. Gutar 7'ar til A-sluttspel 27-07-2004 16:16 -Gutar 7'ar vann 3-1 over Fyresdal etter mål av Jan Helge Uggedal (2) og Fredrik Furnes. Norborg kom på 2. plass i si gruppe og er dermed vidare til a-sluttspelet. Jentene tapte 27-07-2004 16:15 -Jentelaget tapte 0-3 for Florø i dag og har dermed tapt alle sine kampar under årets NC. Likevel ein bra innsats av laget. Sjukdom i Norborg-troppen 26-07-2004 20:56 -Oppkast og diare har gjort sitt inntog i Norborg sin NC-tropp. Først vart den dyktige keeperen Bjørnar Engeset råka av oppkast og no i kveld har goalgetter Samir Sahman også fått sjuka. Vonleg er dei klar til kampen mot Mathare i morgon kl. 16. Brattvåg med målskred 26-07-2004 20:53 -Brattvåg sitt gutelag fann i dag tilbake god forma og vann heile 8-0 over Skeid3. Brattvåg treng uavgjort mot Vedavåg for å gå vidare til A-sluttspelet. Kampoppsett Nytt eittmålstap 26-07-2004 20:49 -Jentelaget måtte i sin andre kamp også sjå seg slått med eitt mål då det vart 1-2 for Tvedestrand. Jannicke Gjerset scorte Norborg sitt mål, og vart dermed historisk som den første jenta som scorte eit Norborg-mål på NC. Kampoppsett Slo Oppsal 3-0 26-07-2004 15:05 -Gutar 7'ar vann 3-0 over Oppsal i ettermiddag. Norborg spelte ein veldig bra kamp og reiste seg etter gårsdagens tap. Kristoffer Engeset, Ole Mathias Grytten og Thomas Ringstad stod for måla. Kampoppsett Slo til med storsiger 26-07-2004 13:24 -Gute 11'ar vann heile 3-0 over Lindeberg i dag formiddag. Norborg styrte kampen frå start til slutt og vann fortent. Espen Solheim, Eivind Fjørtoft og Samir Sahman (straffe) scorte for oransjetrøyene. I ein annan kamp spelte Mathare og Kvik/Halden 1-1. Norborg leiar dermed gruppa med 6 poeng, Mathare har 4, Kvik 1 og Lindeberg står utan poeng. Mathare med storsiger 25-07-2004 20:09 -Mathare United vann 5-1 over Lindeberg og har dermed inntatt 1. plassen i Norborg si pulje. Norborg møter Mathare på tysdag. I ei anna pulje for gutar 16 tapte diverre Brattvåg 3-4 for Stjørdals/Blink. Resultater Jentene med knapt tap 25-07-2004 20:01 -Jentelaget tapte 1-0 for Bangsund i ein jamn kamp. Stillinga ved pause var 0-0. Surt tap for 7'ar laget 25-07-2004 16:15 -7'ar laget tapte 4-2 for Øksfjord. Norborg var det førande laget, men måtte altså sjå seg slått. Kristoffer Engeset scorte begge måla for oransjetrøyene. Avgjorde i siste minutt 25-07-2004 15:24 -Edward Laverton scora kampens einaste mål då Norborg slo Kvikk Halden i den første NC kampen. I ein jamn kamp fann Edward nett-maskene i siste speleminutt. Sinn-sjukt herleg, sa trenar Søviknes etter kampen. Alt berre bra... 25-07-2004 7:14 -Heile Norborgkontigenten på nær-mare 100 personer er på plass på hotellet. Ingen er sjuk, ingen er skada og forhåpentligvis vil folk få sove i løpet av natta også. 11.25 er første Norborgkamp, vi kjem med oppdateringar etter dette. I dag startar moroa ! 23-07-2004 13:17 -I dag samlast gutelaget på Vika Artium Hotel. Skadefri tropp, topp motiverte spelera og mykje humor er ballasten som skal prøve å senke sterke lag som Kvik Halden, Lindeberg og Mathare United på 11´er, og Øksfjord, Oppsal og Fyresdal på 7´er. Vi vil kome med hyppige rapporter på sletta etterkvart som kampane startar på søndag. Følg hos her og i Dagbladet eller dagbladet.no. Jentene er klare for cup 23-07-2004 13:22 -Jentelaget er klare for avreise til Norway Cup. Første motstander er Bangsund på søndag. Les meir.. Bra værmelding 22-07-2004 12:32 -Solkrem, partybriller og solhatt bør leitast fram. Det er bra værmelding for Norway Cup sine første dager. Les meir.. Bilete frå nybana 21-07-2004 19:16 -Her er mange bilete frå arbeidet på nybana. Les meir.. Tommy Johannessen ny quiz-meister 21-07-2004 18:27 -Tommy Johannessen frå Gryta-stranda, men busett i Molde, kan kalle seg Norborg's kloke hovud i tida framover. Han vann vårens quiz to poeng framføre Joakim Hurlen frå Hildre. Den tidlegare meister Eyvind York sprakk på oppløpet og enda på 3. plass. Stilling Kledd for suksess 21-07-2004 13:13 -I et flunkende nytt draktsett fra Dagbladet gleder gutta i Norborg IL seg til årets Norway Cup. Der skal de gjøre det bedre enn i generalprøven mandag kveld. Les meir.. Molde vann i god kamp 20-07-2004 0:03 -Molde var effektive, dyktige og temposterke då Norborg vitja gamle Molde stadion til siste test før Norway Cup. Til slutt vann heime-laget 5-2 etter 4-2 til pause. Adrian Håbet kvitterte til 1-1 etter fem minutt på straffespark og Asgeir Kalvø avslutta eit fint angrep til 2-2 etter tjue minutt. Både Knut Ivar Bjørlykhaug og Kristoffer Søviknes traff tverrliggeren i første omgang, medan Molde hadde eit langskudd på same plass i andre omgang. -Molde har høgare basisferdigheter og i tillegg svært mange dyktige spelera. Vi taper mot betre motstand, men for vår eigen del var dette ein svært god gjennomkøyring ei uke før vi opnar Norway Cup mot Kvikk Halden. Vi er i rute, og i bakholdsangrep har vi Kjell, Samir og Eivind, var trenar Kristian Søviknes sin kommentar etter kampen. Kampen vart dømt av nøytrale Øystein Haugan som holdt ei stabil høg og godt gjennomført linje med glimt i øye og dei rette kommentarane på plass i bryst-lomma. Meir om kampen kjem i Dagbladet på onsdag. Kapteinane er klare 18-07-2004 22:40 -Vi har sjekka ståda hjå kapteinane på Sunnmøre sine to beste lag per dags dato i guteklassen. Les meir.. Siste test før Norway Cup 18-07-2004 21:44 -Norborg sitt gutelag møtar Molde til siste test før Norway Cup på måndag. Kampen blir spelt på gamle Molde stadion kl. 19.30. Vi spår ein jamn kamp mellom eit formsterkt og svoltent Norborglag og eit alltid like sterkt heimelag. Nye Uggedal Stadion 18-07-2004 1:09 -Norborg si nye grasbane i Ugge-dalen er i løpet av få dagar klar til å bli sådd. Ivrige dugnadsfolk har den siste tida arbeidd hardt på bana. Les meir.. Jotun støttar Norborg 13-07-2004 0:09 -Søndag fekk vi i norborg.com ein svært hyggeleg mail ifrå web-masteren i Jotun-fotball.no der han gir Norborg full støtte i at vi vart hardt straffa i fotballen.no si kåring av dei beste heimesidene. Norborg blir til og med nemnt i ein liten epistel på Jotun si heimeside der det blant anna står; - "Som døme kan ein nemne at Stabæk har fått 8 poeng for si oppdatering av sida, medan Norborg i same vurdering fekk 7 poeng. Ein treng ikkje bruke mange minuttane på å finne ut at Norborg oppdaterer sida si kvar dag, medan Stabæk oppdaterer ein eller to gonger kvar veke". Vi i norborg.com er svært takknemleg for støtta ifrå ei av landets beste heimesider. Les meir.. Øyacup 2004 12-07-2004 15:22 -Lepsøy IL leverte eit godt Øyacup 2004 både sportsleg og som arrangørar. Norborg på si side varierte sterkt i prestasjonane. Her er litt om Norborg sine kampar. -Herrelaget -Damelaget Gratulerer Lepsøy! -slo Norborg i finalen 11-07-2004 20:15 -Arrangørlaget Lepsøy vann fortent 1-0 over Norborg i finalen på Øya-cup. Lepsøy tok fortent leiinga like før pause og hadde full kontroll på eit svakt Norborg-lag. Fjørtoft vann 3-1 over Harøy i bronsefinalen, medan HaNo vann på straffekonkur-ranse over Ravn i jumbofinalen etter 0-0 ved ord. tid. Vår eigen Kim Idar Krogsethagen vart toppscorar i turneringa med 3 mål. HaNo gjekk til topps i dameklassa framføre Fjørtoft, Brattvåg, Lepsøy og Norborg. Tok seg lett til finalen 11-07-2004 21:11 -Norborg vann laurdag 1-0 over HaNo og 2-1 over Harøy i gruppe-spelet på Øyacup. Damelaget skuffa med 1-9 tap for HaNo, 0-2 for Brattvåg, 2-4 for Lepsøy og 0-5 mot Fjørtoft. Jannike Ryssgård, Anne Marthe Søviknes og Henriette Johannessen scorte for Norborg. Norborg på plass 10-07-2004 0:17 -Norborg har inntok fredag kveld Lepsøy og er godt igong med for-beredinga til årets Øyacup. Lepsøy ILs Ivar Kjell Kjerstad har tatt dette biletet frå No-Camp. ![]() Sjå meir på Lepsøy si heimeside. Hoppar i havet for suksess! 9-07-2004 17:44 -Slik lyd overskrifta i Dagbladet om Norborg sitt gutelag. Les meir.. Til topps for 2. året på rad? 9-07-2004 0:45 -På laurdag er det igjen klart for Øyacup. Norborg og Brattvåg er tittelforsvarar, og med marginane på si side, vil nok fastlandsklubbane juble mest i år også. Les meir.. Sunnylven surfar vidare 8-07-2004 21:25 -Sunnylven vann i kveld 4-0 over Åram/VFK og har fått ei klar leiing i 4. divisjon, riktig nok med fleire kampar spelt enn dei andre laga. Likevel, ting ser lyst ut for hellesylt-ingane. Tabell Nytt oppsett på Øyacup 8-07-2004 14:57 -Ettersom Harøy sitt damelag trakk seg frå Øyacup vil det bli spelt enkel serie for dei 5 gjenståande laga. Det nye oppsettet er no klart. Les meir.. Spennande kamp torsdag 8-07-2004 1:21 -Sunnylven og ÅVK spelar torsdag den siste 4. divisjonskampen før ferien tek til. Dersom Sunnylven vinn kampen har dei på sine 12 første kampar skaffa seg 27 poeng. Truleg treng dei då berre 15 poeng på sine 8 siste kampar for å rykke opp. Noregs beste nettstad: fiskerstrandfotball.com!? 8-07-2004 1:12 -"Etter bare fem måneder på nettet, har fiskerstrandfotball.com allerede blitt kåret til beste fotball-nettsted for lag som spiller i 6.divisjon, har hvite drakter og hjemmebane på Sunnmøre, helst i Sula. Dette har en jury sammensatt av to fulle menn på hest, i dag avgjort." Slik lyder det frå FIL si nettside onsdag. Les meir.. Topplaga vann i 5. div. 7-07-2004 23:54 -Herd, Skodje og Rollon vann alle sine kampar i kveldens 5. divisjons-runde, medan Hovdebygda tok eit sterkt poeng mot FKS2. Tabell og resultat. Norborg avansera 7-07-2004 15:38 -Heimesida vår har sidan i går avansert frå 46. plass til 35. plass på fotballen.no si Topp100 kåring. Ekstra poeng for oppdatering og innhald gjer at sida passera blant anna MSIL og AaFK. Espen Wold til Norborg 7-07-2004 1:08 -Espen Wold skal spele for moder-klubben Norborg under årets Øyacup. Det var Wold sjøl som kontakta Norborg om å få spele ettersom Brattvåg ikkje makta å stille lag. Det er foreløpig ikkje snakk om ein permanent overgang. Harøy trekker seg 6-07-2004 23:53 -Harøy har trekt damelaget sitt frå årets Øyacup. I ein kommentar på haroyil.no sier Vegard Nås at dei kun hadde sju spelera som kunne delta. Dermed må klubben med gull under Norway Cup på jentesida i 2002 trekke seg. Einaste innverk-nad dette vil få for Norborg er at damene nok vil stå uten motstander i jumbofinalen på søndag. På 46. plass 6-07-2004 17:27 -norborg.com kom på 46. plass i fotballen.no si kåring av klubbsider. Dette er 34 plassar svakare enn sist. Vi har fått betre karakter på design (sjølv om vi ikkje har gjort forandringar), medan vi har fått klart svakare karakterar på innhald og oppdateringar, dette til tross for at sida aldri før har vore så bra oppdatert. MSIL si side fekk eitt poeng meir enn Norborg og kom på 43. plass. MSIL fekk høgare karakterar på både design, innhald og oppdateringsfrekvens. AaFK si side, som av oss blir rekna for ei av dei svakare sidene på Sunnmøre, heng stadig med i kampen om å bli kåra til Noregs beste side saman med Bergsøy. norborg.com sine EM kåringar! 6-07-2004 1:56 -Som normalt fotballinteresserte har vi i norborg.com følgt brukbart med på årets EM i fotball. Vi presenterar difor her ei lita liste med kåringar og kjem med meir eller mindre for-nuftige synspunkt. Les meir.. På lag med Dagbladet 5-07-2004 19:32 -Dagbladet har valgt ut Norborg sitt gutelag som årets Norway Cup klubb. Dagbladet vil følgje Norborg under heile turneringa, og vil også presentere laget i si avis i den nær-maste framtid. Dagbladet si Norway Cupdekning vil starte den 15.juli, og fram til Norway Cup vil dei ha ei brei dekning av det som skal skje på Ekebergssletta frå 25.juli. -Dette er ei stor utfordring for spelerane, og ein meget god motivasjonsfaktor å jobbe vidare med fram mot Norway Cup, heiter det frå Team Antonsen. Topp 100 presentasjonen igong 5-07-2004 18:01 -fotballen.no starta i dag presen-tasjonen av det dei meinar er dei 100 beste klubbsidene i Noreg. Hødd si heimeside vart plassert på ein 68. plass, medan Bergsøy, MSIL, Norborg og AaFK må vente på si plassering sidan alle fire er inne på topp 50. Hellas lurte alle 4-07-2004 22:56 -Hellas gjekk overraskande heilt til topps i årets EM etter at dei slo Portugal 1-0 i finalen. Vi får bare håpe at denne sigeren ikkje fører til at destruktiv fotball kjem i vinden. Stranda utklassa HaNo 4-07-2004 13:55 -Etter 0-0 ved pause sette Stranda opp tempoet og vann heile 4-0 over HaNo på Mona stadion. Stranda passerte dermed både Norborg og HaNo på tabellen og skulle nok gjerne utsett ferien som no kjem. Tabell Poengdeling på Eidså 4-07-2004 13:43 -Det vart 0-0 mellom ÅVK og Norborg på Eidsåvoll stadion laurdag ettermiddag. Begge lag hadde sine sjansar til å avgjere kampen. Øyvind Kvammen måtte sjå eit skot gå i tverrliggjaren, medan ÅVK hadde to skot på innsida av stolpen. Meir kjem seinare. Tabell Stadig 0-0 3-07-2004 16:18 -20 minutt ut i 2. omgang er det fortsatt 0-0 mellom ÅVK og Norborg. Norborg har dog hatt dei største sjansane. 0-0 like før pause 3-07-2004 15:44 -Stillinga mellom ÅVK og Norborg er 0-0 like før pause. Mellom Stranda og HaNo er stillinga 0-0 ved pause. Valder til topps! -Brattvåg slit fortsatt 2-07-2004 19:17 -Brattvåg fortsetter å slite i 3.divi-sjon. I kveld vart det 5-2 tap i borte-møtet med Hareid. Valder surfar derimot fortsatt på ei medgangs-bølge og toppar divisjonen etter ein 3-0 siger i Ørsta. Andre resultat: FK Sykkylven - Skarbøvik 1-1, Spjelkavik - Godøy 6-2, AaFK2 - Hødd2 7-1 og Bergsøy - Langevåg 4-2. Tabell Ute resten av sesongen 1-07-2004 23:50 -Kenneth Vegsund skada seg stygt på torsdagens trening og er mest truleg ute for resten av sesongen med ein kneskade. Tøff bortekamp ventar 1-07-2004 23:49 -Ein urutinert Norborg-tropp tek laurdag turen inn til Eidså for å møte formlaget ÅVK. Les meir.. Møter Molde 19.juli 1-07-2004 23:43 -Gutelaget møtar Molde til siste finpuss før Norway Cup på gamle Molde stadion måndag 19.juli. Kampen vil starte kl. 19.30. Norway Cup startar som kjent 25.juli. Vigra og Sunnylven vann 1-07-2004 20:33 -Vigra vann bortemøtet med Ellingsøy 2-0, medan Sunnylven sikra seg tre veldig viktige poeng i det vanskelege bortemøtet med MSIL/LIL2. Alf Ole Sundgot og Henning Nydahl sørga for at topplaget frå Hellesylt vann 2-1. Matchvinnarmålet kom 7 minutt før slutt, og sette verkeleg lag som Norborg, HaNo og Stranda under press før laurdagen. Tabell To mistet hat-trick 1-07-2004 20:11 -Terje Eldevik frå Ellingsøy og Kim Idar Krogsethagen måtte sjå at deira hat-trick mot Aksla vart fjerna frå listene. Her er ei liste over dei som fekk måla sine fjernet for alltid. Lurt av Aksla Total målscorarliste for 4. divisjon 1-07-2004 20:09 -Etter at Aksla trakk laget sitt vart det ein del forandringar på mål-scorarlista. Her er den totale lista for 4. divisjon. PS. Vi rettar ein stor takk til Sunnmørspostens Jarle Mordal som hjalp oss med å finne Ellingsøy og Stordal sine målscor-arar mot Aksla. Målscorarliste 4. divisjon Statistikk ved halvspelt serie 1-07-2004 20:08 -4. divisjon er halvspelt. Her er ein del tabellar etter vårsesongen etter at Aksla sine kampar er strøkne. Les meir.. Bilete frå Stordalscup 1-07-2004 19:36 -På søndag var jentelaget på Stordalscup. Trykk her, for å sjå bilete frå cupen. Engeset i a-troppen 1-07-2004 0:23 -Gutekeeper Bjørnar Engeset var sist tysdag på si første herre-trening. Her imponerte han så mykje at han vart utplukka i 4. divisjonstroppen mot ÅVK laurdag. Les meir.. |