2006
Juli

Dagboka
-Grei siger mot MSIL
31-07-2006 21:16
-Norborg vann 5-1 over MSIL i ein treningskamp på Uggedal stadion i kveld. Norborg styrte store delar av kampen og spesielt Tarjei Urkedal kom seg til svært mange sjansar. Tarjei stod også for oransjetrøyene sine to mål før pause. Etter kvila scora Stein Erik Mårstøl på straffe før Kim Idar Krogsethagen putta to gongar. Mellom Kim sine fulltreffarar putta MSIL på ein av sine få sjansar. Alt i alt ei grei gjennomkjøring før møtet med ÅVK laurdag.
Les meir..

Treningskamp mot MSIL
30-07-2006 21:55
-Herrelaget spelar måndag kl. 19 treningskamp mot MSIL på Uggedal stadion. Her vil blant anna vår nye keeper få sin debut. Gratis inngang.
Les meir..

Australia-fararane vél framme
30-07-2006 15:44
-Kurt Erik Grytten og Håvard Grytten melder at dei er trygt framme i Australia, og at dei har det bra. Keeper Kurt Erik og Bandits-vokalist Håvard reiste sist måndag fra Noreg og skal opphalde seg i Australia fram til påske neste år. I slutten av september tek også midtbanegeneral Eirik York turen til Australia. Han vil gå glipp av dei to siste kampane av årets sesong.

Siger i første kamp
30-07-2006 15:39
-Norborg sitt jentelag vann 2-0 over Varegg/Sandviken i første kamp på Norway Cup. Nina Witsø og Randi Urke scora måla. Sigeren blir feira med pizzafest i kveld.

Årets internasjonale happening i Søvikdalen
30-07-2006 15:22
-Eit samansett lag frå Norborg-land spelte i går kamp mot eit lag beståande av polske leigearbeidarar.
Les meir..

Norborg-jentene på plass i hovudstaden
30-07-2006 12:18
-Alle spelarane er no framme i Oslo og klare til kampane i dagane framover. Humøret er på topp og manager Lars er optimistisk. I den første kampen er det Varegg/ Sandviken som står for tur, kl. 13:30 på bane E13 oppe på Egebergsletta. Sportssjef Noralf Gamlem oppmodar alle i hovudstaden med ei eller anna slags tilknytning til Norborg-land stiller opp og støttar laget!

Lagoppstilling mot MSIL
29-07-2006 19:43
-Norborg stille med følgjande lag i treningskampen mot MSIL: Trond Elstad, Christian Søvik, Øyvind Farstad, Jan Even Drønnesund, Stein Erik Reitan, Asgeir Kalvø, Eirik York, Roger Grytten, Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal og Stig Wold. Innbyttarar: Kristian Furnes, Kjell Terje Brusdal, Bee, Adrian Håbet, Ole Johan Urke og Lennart Holmem. Oppmøte i Uggedalen måndag kl. 1755. Kampstart kl. 19.

Kamp mot Poland Workers
23-07-2006 22:23
-Det vil bli spelt ein uhøgtideleg fotballkamp mot Poland Workers i Søvikdalen laurdag 29. juli kl. 17. Dei som vil spele kampen møter i Søvikdalen ca. kl. 1630.

Storsiger til ÅVK
23-07-2006 14:02
-ÅVK har vore på treningsleir i Stryn dei siste dagane, og har også spelt ein treningskamp mot 4. div.-laget Loen. Her vart det 8-3 siger til Sunn-møringane. ÅVK er Norborg sin første motstandar etter sommerpausen i 4. divisjon.

Tre norborgarar til Hildre
18-07-2006 21:33
-Hildre har fått ein tøff start på livet i 6. divisjon, men satsar hardt fram mot hausten og har henta seg tre nye Norborg-spelarar i kveld. Dette er André Larsen, Alexander Gamlem og Øyvind Kvammen. Larsen spelte i vinter samtlege treningskampar for Norborg, men har berre fått 7 minutts 4. divisjonsfotball. Midtbanesjefen på Norborg sitt 7'ar lag seier i ein kommentar til norborg.com at grunnen til overgongen er at han ønsker å spele 11'ar fotball. Den andre spelaren som signerte for Hildre, lynvingen Alexander Gamlem, har ikkje spelt seriefotball sidan oktober 2004 grunna ein skade. Gamlem går på skule i Trondheim, men satsar på å få med seg fleire kampar. Spiss Øyvind Kvammen har også slitt med skader over fleire år, men vil prøve seg forsiktig fram i sin nye klubb. Vi ønsker samtlege lykke til med å skaffe Hildre sine første poeng i årets sesong. Første kamp etter ferien er heime mot Fisker-stranda 7. august.

Lenny sa ja til GBG
17-07-2006 23:51
-Lennart Holmem takka laurdag 8. juli ja til å spele for Grytastranda BG. - Ej e jo en Grytten, var Lenny sin korte kommentar til norborg.com. Debuten blir i bygdakampen mot Søvik 14. oktober.

Videoklipp Norborg-Brattvåg
17-07-2006 17:21
-Da har vi endeleg fått tid til å redigere videosnuttar av oppgjeret Norborg-Brattvåg (kan ta litt tid å laste ned). Takk til Kristian Furnes som filma kampen.
0-1 Kristoffer Grønmyr
0-2 Arnel Colic

1-2 Ståle Hurlen

1-3 Kristian Grønmyr

2-3 Lennart Holmem

Nesten Kim Idar Krogsethagen


Tine fotballskule
15-07-2006 13:29
-Både Brattvåg og Ravn arrangerar Tine fotballskule i august. Ravn er først ute med arrangementet 18.- 20. august, medan Brattvåg arrangerar helga etter. Born i Norborg-land er sjølvsagt velkomne hos begge klubbane. Sjekk dei respektive klubbane sine heimesider for påmeldingsinformasjon.
Brattvåg
Ravn

Tufta med siste trening før ferien
15-07-2006 13:14
-Tufta - siste tilskot i Norborgfamilien - hadde si siste trening før ferien 11.07. Ikkje så mange tilstades på siste treninga, men Ann Lise, Eli, Astrid, Marit, Else Karin og Birgit var der. Sist gong var 11 til stades. Dette var 3. trening på gras, den andre med eigen trenar! Elles har treningane vore innandørs, eller rundt på ulike skogsstiar - helst utan ball. Neste trening blir ca. 15.08. Og nye damer i passeleg alder er velkomne. Reknar med at ferien tar knekken på eventuell opparbeidd kondis!
Bilete

Liverpool slo Noreg
13-07-2006 21:16
-Liverpool sine legender viste seg som klart best og vann greitt 3-1 over Noreg Old Boy's på Color Line Stadion i kveld. Det var likevel Noreg som scora først ved "Mini" Jacobsen. Eit mål som for øvreg burde ha blitt avblåst for offside. Liverpool hadde i kjent stil svært mykje ballen og utlikna før pause ved Mark Walters. Etter pause ga samme mann LFC føringa før Ian Rush fastsette sluttresultatet til 3-1. 4. divisjon sitt innslag, Herd sin Lennart Clausen, greidde seg svært bra hos dei raude og noterte seg for ei målgivande. Rune Sunde stod for kampens høgdepunkt med eit nydeleg brassespark.

Hovdebygda utan trenar
11-07-2006 21:16
-hil-fotball.net melder i kveld at Hovdebygda sin trenar Knut Synnes har trekt seg frå stillinga. Kven som vil ta over 4. divisjon sitt botnlag er uvisst.

Referat Norborg-Brattvåg
10-07-2006 21:56
-Kampreferat frå lokalderbyet mellom Norborg og Brattvåg ligg no ute. Skal prøve å få redigert videoklipp frå kampen i morgon.
Les meir..

Nest best på Øyacup
-Snes toppscorar
9-07-2006 20:59
-Norborg sitt herrelag måtte sjå seg slått 2-3 av HaNo i finalen på Øyacup. Norborg starta kampen best, men trass gode sjansar det første kvarteret fekk ein ikkje mål. Så tok HaNo fullstendig over spelet og produserte ei rekke sjansar før målet kom etter 25 minutt (2x30 minutts omgangar). HaNo var også klart best i byrjinga av 2. omgang og scora to mål til før Norborg sette i gong ein sluttspurt med to mål av Kristian Søviknes. "Snesen" vart dermed delt toppscorar med Erik Åkre (HaNo). Begge med tre mål. I gruppespelet vann Norborg først 2-1 over Brattvåg før det vart 0-0 mot Fjørtoft. Damelaget tapte først 1-7 for HaNo før ein spelte 2-2 mot Fjørtoft. I kampen om 5. plassen vann ein 2-1 over Lepsøy. Meir kjem.

Millimetere frå poeng
-Brattvåg lurte Norborg igjen
7-07-2006 21:16
-Norborg måtte nok ein gong sjå seg slått av erkerival Brattvåg. Denne gong med 2-3. Gjestane frå Brattvåg opna klart best og leia 2-0 etter 16 minutt etter mål av Kristoffer Grønmyr og Arnel Colic. Etter denne voldsame opninga starta Norborg gradvis å ta over banespelet. Dryge fem minutt før slutt kom så reduseringa ved Ståle Hurlen. Norborg starta 2. omgang best og skapte eit par gode sjansar, men i staden for utlikning er det Brattvåg som aukar til 3-1 ved Kristian Grønmyr etter å ha utnytta slurv hjå heimelaget. Norborg sendte fleire mann i angrep og Kim Idar Krogsethagen hadde eit skot på innsida av stolpen knappe kvarteret før slutt. Reduseringa skulle like vel kome. Tre minutt før ordinær tid var slutt fyrte Lennart Holmem av eit praktfull skot oppe ved lengste kryss. Trass fleire dødballar frå god posisjon greidde ikkje Norborg å utlikne Brattvåg si leiing. Dermed kunne Brattvåg juble for nok ein skalp over Norborg. Meir kjem i løpet av helga.

Tropp mot Brattvåg
6-07-2006 23:25
-Norborg stille med følgjande mann-skap mot Brattvåg:
Kurt Erik Grytten, Bjørnar Engeset, Stein Erik Alvestad, Christian Søvik, Øyvind Farstad, Steffen Grytten, Stein Erik Retian, Knut Ivar Bjørlykhaug, Jan Even Drønnesund, Kim Idar Krogsethagen, Kristian Søviknes, Tarjeir Urkedal, Adrian Håbet, Eirik York, Stein Erik Mårstøl, Lennart Holmem, Ståle Hurlen og Edward Laverton. Oppmøte kl. 1725.
Les meir..

Damelaget sin tropp på Øyacup
6-07-2006 23:11
-Norborg stille med følgjande tropp på Øyacup: Sandra Larsen, Kristine Olsen, Jannicke Gjerset, Frida Ahrens, Camilla Krogsethagen, Marthe Mårstøl, Martine Gunnars-dottir, Henriette Johannesen, Tonje Fiskergård, Mona Kvammen, Ingrid Gamlem og Camilla Johansen. Første kamp er mot HaNo kl. 1500.

Stranda vann "toppkampen"
6-07-2006 21:22
-Stranda vann 3-2 over Godøy i det ein kan kalle rundas toppkamp. Stranda har dermed eit visst heng på opprykksplassane. Geir Magne Lied (2) og Ronnie Furset scora for heimelaget, medan Trond Valkvæ og Daniel Vartdal netta for Godøy. Blindheim tek ferie på tabelltopp etter ein 4-0 siger over Sunnylven i kveld. Herd vann 5-2 i bortemøtet med Hovdebygda og har kome seg over streken. Laga som kom opp frå 5. divisjon GuLars og Hovdebygda ligg under streken.
Tabell

Norborg knapp favoritt!
6-07-2006 16:22
-Nordicbet held Norborg som knapp favoritt i lokalderbyet mot Brattvåg. Norborg har fått 2.00 i odds, medan Brattvåg står på 2.30. Uavgjort gir 4.50 tilbake pengane om det skulle slå til. Du kan på denne kampen også spele på resultat. Bl. a. gir 2-1 og 1-2 9.00 i odds.

Jentelaget møter tøff motstand på Norway Cup
5-07-2006 18:06
-Jentelaget møter Varegg/Sandviken, Fart og Froland/Amazon i gruppespillet på NC! Dette er klubbar som har gode damelag. Sandviken og Amazon har begge damelag i Toppdivisjon, mens Fart har damelag i 1. div og møter Fortuna i seriespel. Amazon Jentelag vann vårserien med kun sigrar og 73-2 i målforskjell på 7 kampar. Sandviken jentelag har 3 lag, der 1. laget havna på 7. plass i serien. Fart ser ikke ut til å ha jentelag i seriespel i år, men kom til 2. runde påNC i fjor, fortel J16 sin manager Lars Ugedal.

Vil du ha VIP-billett til AaFK?
4-07-2006 16:31
-Alle som stille med orange effekter (skjerf, drakt etc.) og med hjerte for Norborg på kampen mot Brattvåg på fredag kl. 1830, er med i trekkinga av ein VIP-billett til toppkampen mellom AaFK og Bodø/Glimt søndag kl. 18. Dette er inklusiv mat og drikke.

Måtte farge håret grønt
4-07-2006 16:24
-MSIL vann i går kveld 7-2 over Volda2 og har dermed vunne sine fire siste kampar. Dette førte til at trenar Ronald Båtnes måtte farge håret sitt grønt. Biletet kan du sjå på MSIL.no. Vi synst imidlertid det var litt lite grønt, så vi vil ha ei målingsspann klar til MSIL og Båtnes skal til Uggedal for å spele treningskamp 31. juli. Resten av 5. divisjonsrunda spelast onsdag. Odds finn du hos Nordicbet.

ÅVK med årets første borte-siger
2-07-2006 17:44
-ÅVK vann idag 3-2 over SIF2, og klatra til 5. plass på tabellen.
Tabell

"Looney" øydela for England
1-07-2006 19:47
-Scum United spelarar har for vane å misse hovudet og øydelegge for England i sluttspel. Denne gong var det Wayne "Looney" Rooney som øydela alt med å bli utvist då han prøvde å gjere Ricardo Carvalho om til tante
eit kvarter ut i 2. omgang. Motstandar Portugal var trass jamt trykk ikkje stand til å score i sjølve spelet, og kampen gjekk til straffe-sparkkonkurranse. Ein konkurranse det er gitt på førehand at England taper. Dermed 3-1 på straffer til Portugal.

HaNo rykker ifrå
1-07-2006 17:50
-HaNo har fått seks poengs forsprang til 3. plassen etter 4-2 siger over GuLars i dag. Jan Egil Ulla scora 3 mål, medan Erik Åkre noterte seg for eitt, melder hanofk.no.
Tabell