2006
Januar
Juni
Juli
August

Dagboka


Passerte ein halv million
27-01-2006 17:55
-Besøksteljaren som har følgt heime-sida sidan starten 7. mars 2001 passerte fredag morgon 500 000. Ein aldri så liten merkedag altså.

Juniorkampen avlyst
-bana var ikkje lånt!
27-01-2006 16:33
-Juniorlaget skulle i dag innlede kvalifiseringa for 1.divisjon med kamp mot AaFK på Color Line Stadion. No er kampen avlyst da kretsen oppdaga at bana ikkje var booka for kamp i dag tidlig. -Det er berre å beklage, sa Geir Ringstad på telefon fredag morgon. Når kampen blir spelt er enda uvisst. Juniorane trener halv 7 i Uggedalen i stede. - Vi får sette opp 11 orange kjegler på eine halvdelen, og late som vi speler kamp, sier juniortreneren i ein kommentar.


Debutantenes aften
26-01-2006 23:33
-Norborg hadde tre debutantar i kveldens kamp mot MSIL. To av dei fann nettmaskene. Lennart Holmem spelte sin første kamp for Norborg etter overgangen frå Brattvåg, og gjorde ein sterk debut med god jobbing og til slutt sette han krona på verket med eit vakkert mål. Andre Larsen kom inn til 2. omgang og gjorde sine saker svært bra med stødig pasningsspel. På ein corner fullførte han den gode debuten ved å score. Øyvind Davik har trent godt den siste tida og vart vist tillit ved å få spele siste kvarteret. Det vart ikkje mål denne gongen på spissen, men fleire sjansar vil nok kome.

God start på året
- vann 5-2 over MSIL
26-01-2006 22:51
-Norborg vann 5-2 (1-1) over MSIL på Brattvåg KGB torsdag kveld. MSIL kom best i gong og tok føringa etter eit kvarters spel ved Vidar Røbekk. Tarjei Urkedal kvitterte imidlertid berre 4 minutt etter. Tross gode sjansar til begge lag stod resultatet seg til pause. Etter kvila kom divisjonsforskjellen litt meir til syne og Norborg scora fire mål frå det 61. til det 83. minutt, før MSIL reduserte like før slutt på eit vakkert skot av Hans Erik Verpeide. -Litt rust i starten, men mykje bra, spesielt etter pause, sa trenar Jan Egil Alstadsæter etter kampen. Følgjande scorte for Norborg. Tarjei Urkedal 2, Lennart Holmem, Kim Idar Krogset-hagen og Andre Larsen.
Les meir..
MSIL.no sitt referat

Endeleg snart kamp
24-01-2006 23:17
-Då er det ikkje lenge igjen til årets første treningskamp. Motstandar på Brattvåg kunstgras torsdag kl. 20 er MSIL.
Les meir..
Les kva MSIL.no meiner..


Larsnes/Gursken tapte
24-01-2006 22:45
-Eit noko redusert Larsnes/Gursken tapte i kveld 1-2 for Bergsøy jr, mens ÅVK vann 3-2 over Kvamsøy, melder gl-fotball.com.

Ny rekord!
23-01-2006 18:26
-norborg.com opplevde ny besøks-rekord sist veke. Heile 4903 treff og av desse 4352 unike besøkande viser at interessa framfor sesongen 2006 er skyhøg. I snitt var 621,7 forskjel-lege pc'er innom norborg.com pr. dag sist veke.

norborg.com på 14. plass
22-01-2006 21:22
-Ein fagjury beståande av personar med design og utviklingsbakgrunn har i samarbeid med sportsweb.as kåra norborg.com til landets 14. beste heimeside. Bergsøy (11), Hovdebygda (12) og MSIL (15) var andre sunnmørssider blant dei 20 nominerte. - Vi får vel vere nøgd med å vere blant landets beste sider, men desse kåringane tek vi uansett med ei stor klype salt. Det at juryen består av designere og utviklarar, så seie det seg vel sjøl at vi blir avslørt på manglande oppdatering av design dei siste 4 åra, kommenterar norborg.com.

Hødd tapte for Sogndal
22-01-2006 15:44
-Hødd tapte 1-5 for Sogndal i bronsefinalen av Color Line Cup for juniorar. Stillinga ved pause var 0-3. Adrian kom inn ved pause.

Gutelaget tapte
22-01-2006 15:41
-Martin Grytten ga Norborg leiinga i gutelaget sin kvalifiseringskamp mot Stranda. Men Stranda kom sterkt tilbake og snudde kampen til 3-1 siger etter 1-1 ved pause.

Populære midsundinger
22-01-2006 13:43
-Midsund sin offensive spelar Even Heggdal har fått tilbod om spel både i Brattvåg og Træff. Heggdal vart i fjor kåra til "Årets spelar" i Midsund. I tillegg har lagkamerat og toppscorar i Midsund Joakim Stormyr, også fått tilbod om spel for Molde-klubben Træff. Ellingsoyil.no melder at Kristoffer Dahle og Erlend Johansen har meldt overgong frå Ellingsøy til Rollon.

Hødd-Rosenborg LIVE
-Gruppefinale junior elite turnering
*Adrian Håbet startar på benken
3 min 0-1
23 min 1-1 Einar Kriken Fylling
1-1 Pause
* 60 min Adrian entrer bana
75 min 2-1 Eivind Myklebust
80 min 2-2
Slutt

AaFK med sterk 2. omgang
21-01-2006 16:44
-AaFK vann 4-0 over Hødd i ein treningskamp på CLS i dag. Etter 0-0 ved pause scora Eirik Hoset, Tor Hogne Aarøy, Trond Fredriksen og Herman Ekeberg scora for tango-trøyene framfor om lag 2500 tilskodarar.

Nytt trenarteam i Skodje
20-01-2006 19:43
-Frode Haukeberg og Ørjan Haram har tatt over som trenarar for Skodje sitt 5. divisjonslag etter Per Ivar Willumsen.

Hødd-Molde LIVE
-Håbet putta!!!!!!

-Junior Elite turnering
Norborgs Adrian Håbet på benken
20 min 0-1 Magnus Eikrem
46 min Adrian inn som spiss
52 min 1-1 Joackim Magnussen
70 min 2-1 Joackim Magnussen
*Håbet med assist på ein herlig flikk
90 min 3-1 Andreas Kurset
90 min 4-1 Adrian Håbet
Slutt

Eikrem ga MFK leiinga
- Håbet på benken
20-01-2006 18:28
-Adrian Håbet set på benken å ser eit tafatt Hødd-lag ligge under 1-0 for Molde når 20 minutt er spelt. Det var stortalentet Magnus Eikrem som ga Molde leiinga. Dette er samme Eikrem som bergtok Norborg-publikummet hausten 2003 då Norborg og Molde spelte gutekamp. 90-modellen fekk i 2005 fleire kampar på MFK sitt 2. lag i 2. divisjon og er utteken i Noregs U-16 tropp.

SIF eit nummer for stor
19-01-2006 22:27
-Skarbøvik vann 4-0 (3-0) over Godøy i ein treningskamp på Hessa KGB i kveld. Godøy skal allereie på søndag ut i vinterseriekamp mot Brattvåg.

Håbet starta på benken
19-01-2006 16:25
-Hødd spelte i dag ettermiddag kamp mot Vålerenga på Color Line Cup. Norborg sin hospitant hjå dei blå frå Ulsteinvik Adrian Håbet, starta kampen på benken, men kom inn dei siste 20 minutta i ein kamp som enda 1-1.


ÅVK forsterkar
-Men mister den beste?
18-01-2006 18:05
-ÅVK sin nettstad melder at laget frå Eidsåvoll har vore aktive på spelar-marknaden den siste tida. Hødd-spelarane Ole Andre Kragset, Martin Ekremsæther og Trod Helge Takset erpå veg til klubben. Men diverre for ÅVK så kjem truleg årets spelar i 2003, Ole Theodor Hovden, til å forlate skuta sidan han bur og arbeider i Ålesund. Truleg kjem han til å spele for Spjelkavik2 denne sesongen. Stig Ronny Kragseth er i samme situasjon, men har ikkje tatt ei endeleg avgjersle endå.

Solheim til Sunnylven
18-01-2006 16:10
-Lynvingen frå Gamlem Espen Solheim, har meldt overgong frå Stranda til Sunnylven. Den tidlegare Norborg-spelaren uttalar at årsaka til overgangen er at han er gira på a-lagsspel. Solheim spelte 6 a-kampar for Norborg og scora 1 mål. Målet kom i debutkampen mot Molde jr. 7. april 2004. Sist vår valgte han å melde overgong til Stranda der han har spelt for juniorlaget. Vi ønske han lykke til i årets sesong.

Diskusjon mellom himmel og jord på aafk.no
17-01-2006 22:05
-Aafk sitt forum er nokså rødglødane på dei fleste emna. Likevel er det noen emner det diskuterast ting som nokså sikkert ikkje er nærliggande med AaFK sitt 1.divisjonslag. Skrives Grytastranda med A eller E? Hvor er rasmusgarden og er Hamnsund-helleren verdt eit besøk ? Ja, dette set faktisk noen å diskutere på AaFK sitt forum.
Les meir..


Tilbake i manesjen
17-01-2006 22:05
-Helge Uggedal ga seg som assistent trenar for herrelaget før nyttår. Men heldigvis for Norborg er han tilbake i manesjen, og vil leie enkelte av treningane til juniorlaget.
Les meir..

Dalen vender heim
17-01-2006 19:27
-Håkon Mikal Dalen vender heim til Stranda etter eit år hos nabo Sunn-ylven, melder strandafotball.no. Dalen er spiss og scorte fem mål for Stranda i 2003, og var toppscorar for juniorlaget i 2004. I Sunnylven vart det derimot ingen seriemål.

Hardt å overleve i 3. divisjon
16-01-2006 20:11
-Vi har tidlegare sett på korleis nykomarane i 4. divisjon har gjort det. No tek vi for oss 3. divisjon. Her ser vi at det blir langt tøffare for nykomarane ifrå 4. divisjon å overleve. Dei siste sju åra har minst eit av laga gått rett ned igjen. Klarar Hødd2 og Rollon å snu trenden?
Les meir..

Sunnylven i yngre utgåve?
15-01-2006 17:24
-sunnylven.no melder at a-laget er i rute framføre sesongen 2006. Sindre Hjelle vil i år ha aleineansvaret for treningane. Spelarstallen meldast å vere i ei yngre utgåve sjølv om mange av "gamlekarane" også er med i år. Sunnylven startar opp felles-treningane på tysdag og vil trene tre gongar i veka.

Stranda vil opp!
15-01-2006 16:58
-Stranda-trenar Ronny Ødegård fortel til strandafotball.no i dag at laget siktar mot opprykk til 3. divisjon denne sesongen. Stranda kom som kjent ned framfor denne sesongen, og Ødegård meinar at Stranda vil kjempe ein tøff kamp mot 5 andre lag om dei to opprykksplassane. strandafotball.no melder også at Stordal sin Robin Aasen trenar med laget, og at Nils Petter Dyrkorn er usikker på om han blir med denne sesongen.

Tapte for Brattvåg
15-01-2006 15:29
-Haram sine to juniorlag spelte i dag årets første treningskamp. Norborg skapte flest sjansar, men det var heimelaget Brattvåg som fann vegen til nettmaskene ved Jan Tore Fjørtoft midtvegs i 1. omgang. For Norborg kom Skjalg Volstad nærmast med eit skot i tverrligger.

Brattvåg-Norborg LIVE
15-01-2006 13:57
-Treningskamp Brattvåg jr.-Norborg jr.
24 min 1-0 Jan Tore Fjørtoft
Pause
1-0 Slutt

AaFK og Spjelkavik vann!
14-01-2006 17:57
-Framfor 2000 tilskodarar på CLS vann AaFK 6-1 over Kristiansund i Per Joar Hansen sin debutkamp som trenar. Meir om kampen kan du lese på renac.org. I ein treningskamp mellom 3. divisjonskollegaene Spjelkavik og FK Sykkylven på Moa KGB i dag vann Spjelkavik 1-0 etter mål av Jan Magne Sollibakke eit kvarter før slutt. Nemnte Sollibakke misbrukte i tillegg eit straffespark. Meir om kampen kan du lese her.

Norborg 2006
14-01-2006 0:03
-Norborg sine trenarar tok fredag ut foreløpige troppar for a-lag og junior.
Les meir..

Ungt trenarteam for Volda
13-01-2006 23:14
-Kim Bjørge (31) og Arild Bakke (22) har sagt ja til å trene Volda, melder vti-fotball.no. Bjørge var i fjor kaptein på Volda, mens Bakke er 22 år og kjem frå Måløy.
Les meir her.

Dommaroppsettet klart
13-01-2006 19:26
-Dommaroppsettet for vinterserien er klart. Steinar Hjelle dømmer Norborg-Vigra, Tove Marie Tandstad leiar Måndalen-Norborg, mens Sigurd Smehus Kringstad styre fløyta når Larsnes/Gursken og Norborg brakar saman.

FK Sykkylven med ny heimeside
13-01-2006 19:04
-FK Sykkylven har fått seg ny heimeside. Vi gratulerer. Sjekk den ut her.

Kyvik til Rollon?
13-01-2006 17:13
-Ifølgje ryktebørsen trener keeper Arve Kyvik med Rollon. Kyvik har vore innom ei rekke klubbar som bl.a. Brann, Motherwell og no sist Vedavåg. Kyvik var i fjor hjelpetrenar for Norborg sitt småjentelag.

Rooneytabbe av Umbro
12-01-2006 12:53
-På denne linken kan du laste ned årets klubbkatalog frå Umbro. Ein katalog der dei har greidd å trykke bilde av Wayne Rooney i Nikesko på side 37. Fin gratisreklame for Nike, sier Adrian Håbet som oppdaga dette når han såg gjennom den nye katalogen frå Norborg sin uttsyrs-leverandør.


Juniorane deltar på Atlanterhavscup
11-01-2006 18:53
-Juniorlaget er påmeldt Atlanterhavs-cup på Averøya med to lag. I fjor tok Norborg 5.plass med junior og 3.plass med gutelaget på denne turneringa. Turneringa spelast 11-12.februar, og det sosiale er vel så viktig som det sportslige, melder KIB og LP til norborg.com.


Juniorkamp søndag
11-01-2006 16:53
-Søndag kl. 13.30 speler Haram sine to juniorlag treningskamp på Brattvåg KGB. Begge lag vil nok mønstre sine beste lag i ein siste test før juniorkvaliken. Norborg vann i fjor si 2.divisjonsavdeling, medan Brattvåg ikkje stilte juniorlag. Vi spår ein jamn og spennande kamp. Tips: 2-2


Juniordamene satsar
-Treningsleir til Danmark
11-01-2006 15:53
-Norborg satsar i år på eit junior damelag i stede for damer 7´er. Trener for laget blir André Larsen og Kristian Furnes, med Jan Larsen som oppmann. Laget satsar ambisiøst med tre treninger i uka + enkelte helgetreninger. I tillegg til dette så skal laget på treningsleir til Danmark samstundes med herre og juniorlaget til Norborg. Er det fleire juniordamer i nærleiken som vil være med på laget, så ta kontakt med trener eller oppmann.


Påmeldingsmøte guter
10-01-2006 17:53
-Gutelaget holder påmeldingsmøte for sesongen 2006 i Uggedalen onsdag kl. 20.45. Samtidig er det trening, og alle må møte.


Den tunge vegen tilbake
10-01-2006 17:53
-I går såg vi at laga som kjem opp i frå 5. divisjon ofte gjer det sterkt i sin første sesong i 4. divisjon. I dag tek vi for oss laga som har kome ned i frå 3. divisjon.
Les meir..

Mange nye til MSIL
9-01-2006 22:03
-MSIL.no melder om at laget har fått heile 6 spelarar den siste tida. Dette er Pål Alnes, Stian Gunnar Hellevik, Karl Ludvig Holten og Christian Furnes, Mads Urvik og Kenneth Weddegjerde. Dermed skal vår "erkerival" for nokre sesongar sidan vere godt rusta til å kjempe i toppen av 5. divisjon. Norborg møter MSIL i treningskamp 26. januar.
Les meir på msil.no

Treningskampar for 4. div.-laga
9-01-2006 21:45
-Vi har fått på plass treningskamp-oversikta for Brattvåg, Godøy, Norborg og Stranda, men ønsker at endå flerie gir lyd frå seg om kven dei møter i vinter. Send ein mail til Frode dersom du har kampar å melde om.
Oversikt

Nykomarane gjer det sterkt
9-01-2006 20:03
-Kvart år blir dei fleste laga som kjem opp ein divisjon spådd ein rask retur, men er det verkeleg slik at dei tek heisa ned igjen? Vi har sett på korleis nykommarane i 4. divisjon har gjort det sidan omlegginga av serien i 1991, og fann eit litt overraskande svar.
Les meir..

Endring av herre/juniortrening
12-08-2005 17:04
-Grunna ulike værmessige årsaker så blir det endring av dagens treningsopplegg som dermed vil i størsteparten bestå av spinning. Treningstidene er også endra, sjå under.
Les meir..


Håbet til Hødd!
9-01-2006 7:53
-Norborg si sportslege leiing har blitt enige med Hødd om å la Adrian Håbet få hospitere på deira Junior Elitelag under Color Line Cup 19.-22.januar i Ålesund. Dei to klubbane har lenge hatt ein dialog rundt den lovande 16-åringen etter at Hødd kontakta Norborg i haust. No ønskja spelarutviklar i Hødd Knut Ertresvåg at Håbet skulle få prøve seg under Eliteturneringa til Aalesund FK, og dette var både Norborg og spelaren positive til. -Vi ser det som ei tillitsærklering til både spelaren, hans medspelera og den jobben som blir lagt ned i vår aldersbestemte gruppe at Hødd fatter interesse i ein av våre sine spelarar. Dette bør være ein stor motivasjon både for den aktuelle spelaren og andre talent til å trene hardt framover, sier Norborg si sportslege leiing i ein kommentar. Hødd skal møte Vålerenga, Molde og Rosenborg før ein avsluttande plasseringskamp under Color Line Cup. Hødd har også henta inn ein hospitantspelar frå Bergsøy, Volda, Hareid og Larsnes til turneringa.


Foreldremøte JuniorHerrer
9-01-2006 1:51
-Juniorlaget avholder foreldremøte tysdag kl. 21.00 i Uggedalen. Svært viktig at alle foreldra møter då mykje viktig skal opp til diskusjon, melder den sportslege leiinga til juniorlaget.


Øystein Haugan takker for seg
8-01-2006 13:26
-Etter to år som trenar for Norborg sitt herrelag takka Øystein Haugan for seg i fjor haust. Vi har tatt oss ein liten prat med søvikaren busett på Molde
Les meir..

Herd slo MSIL
7-01-2006 18:19
-Herd vann 7-3 over MSIL i ein treningskamp på Moa KGB. MSIL haldt godt følge i 1. omgang og tok også leiinga 2-1 etter sidebytte, men så tok kreftene slutt og heimelaget scora 6 strake før Vegard Eikrem pynta på resultatet. Norborg skal møte MSIL 26. januar. Les meir på MSIL.no

Innbyttarregel i 3.divisjon
7-01-2006 17:45
-Laga i 3. divisjon diskuterte på terminlistemøtet i dag innbyttar-regelen for deira divisjon. Laga hadde i fjor ei prøveordning der ein fekk bytte 5 spelarar. No vil kretsen høre om dette var vellykka eller om ein skal ned igjen på 3. Antal innbyttarar i 3. divisjon påverkar også laga nedover divisjonane. Dersom det blir satt eit tak på 3 innbyttarar vil det bli vanskelegare for klubbane med 2. lag å la gode spelarar sete på benken dei første minutta på 1. laget, for så å bytte dei inn, slik at dei kan nyttast til å f.eks. berge 2. laget frå nedrykk.

It's hard to be a herdmann
7-01-2006 17:13
-Det er ikkje så lett å vere leiar i Herd om dagen. Staten vil ta frå dei midlane dei får inn på diverse spele-automater, mens enkelte naboar ser helst at klubben pakkar saman tinga sine å reise oppi Søvikdalen. For mens SFK oppfordrar klubbane til å skape blest om sine heimekampar slik at flest mogeleg kjem å ser på, må nærmast Herd håpe på at ingen møter opp og heier på laget. - Ja, det er nesten slik at vi må håpe på at det kjem minst mogeleg tilskodarar, og at dei som kjem er stille, seier leiar Steinar Pedersen til norborg.com. Klubben kan heller ikkje ha speaker-teneste på kampane sine, ei heller ha full lysstyrke. Det er altså ikkje alltid så lett å drive idrettslag i tett-bygde strøk.

Terminlistemøtet
- tendensar til dramatikk
7-01-2006 15:10
-11 av 12 lag møtte på terminliste-møtet for 4. divisjon på Rica Parken i dag. Berre Hovdebygda unnlot å møte. Møtet gjekk roleg for seg heilt til det nærma seg slutten. Då vart det sterk usemje mellom SIF og dei andre laga. SIF2 sine kampar mot Norborg og Brattvåg var satt opp på søndagar, medan resten av runda går laurdag. Dette meinte laga kunne føre til spekulasjonar rundt resultat. I tillegg sat laga med SIF2 sin oppførsel sist sesong friskt i minne då laget stilte mannsterke i dei siste rundene for å redde plassen. Det heile løyste seg med at samtlege kampar i runde 21 og 22 blir spelt søndag. Dette betyr for Norborg at heimekampen mot Stranda blir spelt søndag 8. oktober kl. 14. Laga som skal rykke opp får dermed ikkje nokon skikkeleg opprykksfest, i såfall må dei rykke opp i runde 20. Det beste hadde dermed vore om 3. divisjonsrundene vart flytta til søndag, medan 4. divisjon spelte laurdag. Dette sidan ingen av laga i 3. divisjon rykker opp likevel...

Terminlistemøtet
- fekk gjort det vi skulle
7-01-2006 15:03
-Norborg sine representantar på terminlistemøtet sportsleg leiar Frode Engeset og spelarrepresentant Kristian Søviknes fekk igjennom sine ønsker om forandringar. Kampane mot Brattvåg blir flytta frå torsdag til fredag. Dermed blir det serieopning på Brattvåg KGB 21. april kl. 1830, medan siste kamp før ferien blir 7. juli kl. 1830 på Uggedal stadion. Bortekampen mot HaNo vert flytta frå torsdag 18. mai til måndag 15. mai kl. 1830 på Nordøy stadion. Elles fekk ein flytta bortekampane mot Larsnes/Gursken, Stranda og Godøy frå kl. 1830 til kl. 19. Norborg takkar dei nemnte laga for god samarbeids-vilje.

Larsnes/Gursken forsterkar
7-01-2006 1:03
-gl-fotball.com melder om at tre kvamsøyingar har trent med Larsnes/ Gursken den første veka av året. Dette er Espen Kvamme, samt tvillingane Vegard og Henning Støylen. L/G håpar at desse tre kan vere med på å forsterke laget.

Aursnes til Hareid?
6-01-2006 21:09
-Det ryktast at Hødd sin dyktige stoppar Georg Aursnes er på veg til Hareid. Dette vil i såfall vere eit tap for Hødd, og eit løft for 3. divisjons-laget Hareid.

Kamp mot Rollon
6-01-2006 19:58
-Det har nærmast blitt tradisjon at Norborg og Stig Johansen sitt Valder har spelt treningskampar. No har Johansen tatt over Rollon, og det gjekk då ikkje lang tid før vår sportslege leiar fekk telefon frå den nye Rollon-trenaren. Dermed har det blitt avtalt kamp mellom Norborg og Rollon på Brattvåg KGB laurdag 18. mars kl. 12.

Vellukka årsmøte i Ravn
-men ingen leiar vald
6-01-2006 19:41
-Ravn sine nettsider melder om eit vellukka årsmøte i går kveld. Det mest imponerande kanskje er at laget har fått heile fire kvinner inn i styret.
Les meir..

Johansen tek over Rollon
6-01-2006 16:42
-Utan at vi har fått det endeleg bekrefta så skal ex-Valder-trener Stig Johansen trene Rollon sitt 3. div.-lag dei neste to åra. Johansen takka blant anna nei til Ellingsøy, men skal no altså ha godtatt Rollon sitt tilbod. Vi kjenner Johansen som ein svært dyktig trenar. Han var også ein av initiativtakarane til kommune-kampen mellom Haram og Giske for eit drygt år sidan.

Ellingsøy-nytt!
6-01-2006 16:31
-Ellingsøy trudde dei hadde tilsett Bjørn Kårvatn som trenar for sesongen 2006, men den gong ei. Kårvatn trakk seg raskt frå jobben og EIL måtte ut på ny jakt. Etter intensiv jakt er det no klart at dei lokale heltane Rolf Jarle Eldevik, Øyvind Standal og Roar Myklebust tek over skuta som sidestilte trenarar. Terje Slotsvik fortsette som lagleiar og har blant anna avtalt treningskamp mot Norborg torsdag 30. mars på Brattvåg KGB. Skulle Uggedal stadion vere spelbar blir kampen flytta til 1. april.

Tekniske problem
6-01-2006 16:28
-norborg.com har dei siste dagane hatt tekniske problemer. Intentus har no løyst desse slik at sida igjen kan oppdaterast.

Slik startar årets 4. divisjon
3-01-2006 21:33
-Laurdag er det terminlistemøte for laga i 3. til 5. divisjon. Normalt er det svært små forandringar av terminlista på desse møta. Vi har sett litt på dei første 5 rundene og vurdert litt kamp-programmet.
Les meir..

Volda Cup 2006
3-01-2006 16:19
-Volda arrangerer Volda Cup for 26. gong i Voldahallen 21. og 22. januar. Dette er ei kamerat-/venninde-turnering alle kan melde seg på i. Påmeldingsfrst er laurdag 14. januar hos stadion@vti-fotball.no
Les meir..

Seth tek over Lepsøy
2-01-2006 23:22
-Ifølge sikre kjelde har Roar Seth takka ja til trenarjobben i Lepsøy.

Første trening unnagjort
2-01-2006 22:54
-Årets første trening er unnagjort. 30 håpefulle møtte i Uggedalen måndag kveld for å få igong blodpumpa.
Sjå bileta her..

Hovdebygda forsterkar
2-01-2006 22:51
-hil-fotball.net melder i kveld om at Eivind Steinsvik har takka ja til spel for Hovdebygda. Steinsvik spelte for nokre år sidan for Spjelkavik, men har hatt pause frå fotballen den siste tida.

Tufta2 søker spenstig trener, og smidige damer
1-01-2005 16:50
-Else Karin Æsøy har planer om å starte damelag med eldre damer i sin beste alder. Dette kan gi publikum stor underhaldning på tribuna, damene god trim og ein trener ei stor utfordring. Heitaste kandidaten som trener er John York, men Else Karin Æsøy er også ute etter andre kandidater til denne krevande jobben. Om det finnes spenstige, smidige, utrente og meiningssterke damer der ute som vil delta så må desse også ta kontakt. Foreløpig spelarstall består av forsvarssjef Birgit Urkedal, playmaker Liv Gjerset, vingløper Æsøy og tanksenter Astrid Ahrens. Else Karin kan kontaktast på mail, og søknadsfristen er 5.januar på trenerjobben.


Gode besøkstal
1-01-2006 16:45
-norborg.com hadde også i 2005 eit bra auke i besøkstal. Totalt var 176541 innom sida mot 157298 i 2004 og 86781 i 2003.

Nominert til årets side!
1-01-2006 16:02
-norborg.com er for tredje året på rad nominert til årets side av Sportsweb. Du hadde tidlegare sjansen til å stemme Norborg si side fram i konkurransen, men serveren braut saman og kåringa vil no berre bli avgjort av ein fagjury.
Les meir her