2007
2006

Dagboka

Krenges debuterte
31-01-2007 23:32
-Fotballbocciakongen Kristoffer Engeset (16) fekk sin A-lagsdebut i kveldens kamp mot MSIL. Krenges svarte med stødig spel på høgre-backen. Vi gratulerer!

Siger og ny rekord
- slo MSIL 4-0
31-01-2007 23:02
-Norborg vann i kveld 4-0 over MSIL på Moa KGB. Mot spelets gong var det oransjetrøyene og Christopher Urkedal som fann vegen til nett-maskene på eit knallhardt skot i det 17. minutt. MSIL var det beste laget den første halvtimen, men måtte sjå to avslutningar bli redda på strek. Etter kvila tok Norborg over og scora tre mål. Steffen Grytten heada inn 2-0 på retur etter at eit skot/innlegg frå Stein Erik Alvestad gjekk i tverrliggjar. André Larsen ordna 3-0 på eit, ifølgje han sjølv, sleivspark i frå 12 meter. Like før slutt dunka Kenneth Vegsund inn 4-0. Grei gjennomkjøring av Norborg mot eit aggressivt og godt 5. divisjonslag. Etter to veker med spinning og særs lite fotball var det tydeleg at mange trengte denne kampen. - Uvant å spele fotball, og uvant underlag første delen av første omgang, seie spelande trenar Kristian Søviknes. Etter at oss tek leiinga har oss god kontroll. Første perioden av andre omgang er vi gode. Bra defansiv jobbing, og det skal legge grunnlaget for det offensive. Fire mål mot ein antatt opprykksfavoritt frå 5.divisjon er også akseptabelt. Godt nøgd med samtlege 19 som spelte i dag, seie Søviknes. Norborg sette for øvreg ny rekord i kveld med sin 7. strake siger. Elles takk til dommar Jan Lund som stilte opp på kort varsel.
Les meir..

Fannemel trenar Ellingsøy
31-01-2007 22:59
-Ellingsøy har tilsett Per Ivar Fanne-mel som ny hovudtrenar, melder manager Terje Slotsvik til norborg.com i kveld.

Brattvåg styrkar laget
31-01-2007 22:55
-Erik Åkre signerte onsdag kveld 2- årskontrakt med Brattvåg. Åkre var ifjor ei særs viktig brikke på HaNo før han meldte overgong til Volda på hausten.

Hildre ut av 6. divisjon
31-01-2007 17:17
-Hildre blir diverre ikkje å finne i 6. divisjon i år. Det har den siste tida vore særs dårleg oppmøte på treningane, og med berre 7-9 spelarar finnst det ikkje grunnlag til å melde på eit 11'ar lag.

Norborg i 6. divisjon
30-01-2007 17:18
-Norborg er igjen tilbake i 6. divisjon, men denne gong er det snakk om eit 2. lag. Påmelding av eit lag i 6. div. gjer at det ikkje blir stilt juniorlag denne sesongen. - Det er beklageleg at vi ikkje stille juniorlag i år, men med berre 12-13 spelarar i junioralder blir det vanskeleg. Ikkje minst sidan desse er så gode at halvparten vil delta fast på A-laget. Vi trur også at 6. divisjon vil vere ei meir passande utfordring enn f. eks. 2. divisjon junior, som var særs lite motiverande for mange ifjor. I tillegg får dei som er over junioralder, men som ikkje er fast på A-laget, eit betre tilbod enn 7'ar fotball, heiter det frå styret. Norborg har hatt 35 forskjellege spelarar på trening hittil i år, og over 50 ulike spelarar spelte seniorfotball i fjor. I 6. divisjon kan laget sjå fram til lokaloppgjer mot Brattvåg2 og Lepsøy. Hildre avgjer i kveld om laget skal melde seg på.

På førebels 7. plass
- tysdag gir vi poeng
29-01-2007 22:29
-norborg.com ligg med sine 173 poeng på ein førebels 7. plass i Sportsweb si kåring av beste web-side. Mandalskameratene leiar med sine 374 poeng, og har på det nærmaste vunne konkurransen. Av dei andre sunnmørssidene har Bergsøy 147 poeng og Hovdebygda 144. Tysdag blir Norborg sine poeng lagt ut på Sportsweb, men vil du vete kven vi har gitt poeng kan du sjå det her.

Møte damelag torsdag
-pliktig oppmøte!
-Det blir møte for damelag torsdag kl. 1730 på klubbhuset i Uggedalen. Tema: Framtida. Dei som møtte på møtet vi hadde i desember, og sa dei skulle vere med på vinterserien har pliktig oppmøte. Kr. 500,- i bot til dei som ikkje møter. Dersom du aksepterar 500,- i bot, kan du melde forfall til Kristian Furnes. Møtet vil ta ca. 20 minutt.

Samir & Sarpsborg vann Lillehammer Cup
28-01-2007 18:36
-Medan Norborg-laget var stad å kjørte bobsleigh, gjekk Samir Sahman sitt Sarpsborg til topps i Lillehammer Cup etter å ha slått heimelaget i finalen. Vi gratulerar Samir og laget hans.

Rollon slo Stranda i jamn kamp
28-01-2007 18:27
-Rollon vann 3-1 over Stranda i den andre vinterseriekampen i gruppe 3 idag. Rollon leia 1-0 ved pause, men Stranda kom tilbake og utlikna ti minutt etter sidebytte. Kvit-trøyene avgjorde kampen til sin fordel då dei først utnytta ei keepertabbe, og så laga 3-1 fem minutt før slutt. Kampen var alt i alt jamspelt og lite velspelt med mange lange ballar. Langevåg og FK Sykkylven spelte 1-1 i gruppe 2.

Grei siger til Brattvåg
28-01-2007 15:54
-Brattvåg hadde små problem med å vinne 4-1 over Valder på Moa KGB søndag ettermiddag. Frank Dalhaug 2, Sindre Dalhaug og Martin Sundnes scora måla. Dette var første kamp i vinterseriepulje 3. Stranda-Rollon startar kl. 16.

Avslutta laurdagen sterkt
28-01-2007 1:08
-Norborg sine to lag avslutta laur-dagen med to sigrar og eitt tap på Lillehammer cup. Først vann Norborg1 5-4 over Frisk Asker, medan Norborg2 tapte 3-6. Norborg2 avslutta likevel kvelden sterkt og vann heile 7-0. Skjalg Volstad 4, Stein Erik Alvestad 3, Martin Grytten 2, Ole Johan Urke, Knut Ivar Bjørlykhaug, Eivind Fjørtoft og Kristoffer Søviknes scora i dei tre kampane.

Norborg på Lillehammer-cup
27-01-2007 20:23
-Norborg sine to lag har tapt sine kampar på Noregs største innetur-nering. Norborg1 viste slett innsats og tapte 3-6 for Follo i sin første kamp. Ole Johan Urke, Elling Mikal Kalvø og keeper Erlend York scora. Erlend har blitt ein publikumsfavoritt i Lille-hammer med sin særs offensive spelestil og fenomenale redningar. Ikkje verst av midtbanespelaren. I den andre kampen var innsatsen langt betre, men ein måtte likevel sjå seg slått 2-3 for Lillehammer. Bee scora begge måla. Norborg2 tapte 2-4 for Sarpsborg. Det var først i sluttminutta at Sarpsborg med tre landslags-spelarar og Samir avgjorde kampen.
Elles kan vi nemne at Snesen og Jan Even vart kraftig slått i curling.

ÅVK slo redusert HaNo
27-01-2007 19:24
-I vinterseriepulje 4 vann ÅVK 4-0 over eit redusert HaNo-lag. Ole Per Kragset (2), Erlend Larsen og superveteran Oddvin Kragset scora. I ein anna kamp vann SIF 4-1 over Stryn.

Lillehammer neste!

25-01-2007 22:54
-Norborg stiller i helga med to G19-lag i norges største inneturnering i Lillehammer. Ein tropp på 20 mann setter seg fredag i minibussen med retning 10 minusgrader i OL-bygda. Laga skal først spele sine kampar laurdag ettermiddag, men allerede laurdag morgen står den viktigaste kampen på programmet. Nemleg tre timer med curling, og det interne Norborg-mesterskapet på tapeten. Søndag venter bobkøyring med firerbob om det går skeis sportsleg. Vi vil kome tilbake med oppdateringer i løpet av helga.

Vinterseriekampar i helga
25-01-2007 17:47
-Fire 4. divisjonslag skal komande helg spele kamp i vinterserien. På laurdag møtast ÅVK og HaNo. ÅVK satsar på ein plass i toppen denne sesongen, medan HaNo har sett litt mørkt på det denne vinteren ettersom laget har mista nokre sentrale brikke. Ikkje minst mangel på ein rutinert keeper skapar hovudbry på øyane. I fjorårets sesong vann HaNo begge kampane over ÅVK. Så får vi sjå kven som er best når laga måler krefter på laurdag. Dette er for øvreg første kamp i Norborg si pulje. På søndag er det duka for Stranda-Rollon. Mange ventar at desse to laga skal kjempe heilt i toppen av årets 4. divisjon. Stranda var nær ved å rykke opp ifjor, medan Rollon kom ned frå 3. divisjon og er ein naturleg opprykkskandidat når vi ser kva laget har fått inn i vinter.
Vinterseriekampar:
27.01 kl. 14 ÅVK-HaNo
27.01 kl. 16 Skarbøvik-Stryn
28.01 kl. 12 FK Sykkylven-Langevåg
28.01 kl. 14 Valder-Brattvåg
28.01 kl. 16 Stranda-Rollon

Kim Idar på veg til Nordnes
23-01-2007 20:07
-Tidenes toppscorar i Norborg, Kim Idar Krogsethagen, er på veg til 5. div.-klubben Nordnes i Bergen. Nordnes rykte ifjor ned frå 4. divisjon og satsar hardt på å rykke opp på første forsøk. -Kim Idar er under kontrakt med oss, og vi kunne ha valgt å hente han heim til ein del kampar, men totalt sett trur vi ein overgong til Nordnes er til det beste for både Kim Idar og Norborg. Det at han får trene og spele regelmessig i Bergen gjer at vi dreg nytte av ein Kim i form når han kjem heim på ferie, seie Norborg si sportslege leiing. Planen er å låne Kim frå Nordnes i perioden juni-august. Truleg kjem han då til å vere aktuell for Norborg i 6-7 seriekampar. Norborg håper på fleire slike mål når Kim kjem heim til sommaren. norborg.com vil kome tilbake med meir seinare.

Inne blant topp 5
23-01-2007 18:47
-Etter at Hovdebygda sine poeng vart delt ut i dag, er norborg.com stadig inne på topp 5 i Sportsweb si web-sidekåring. Hovdebygda ga oss 12 poeng i oppdatering og 10 poeng for innhald.
Topp 5:
1. Mandalskam. 244 poeng
2. Eidsvold Turn 188 poeng
3. IL Brodd 130 poeng
4. Norborg 120 poeng
4. Fyllingen 120 poeng
Scoreboard

Rundskue
21-01-2007 22:00
-Her er nokre små nyheiter frå Sunnmøre.
Les meir..

Hovden tilbake til ÅVK
21-01-2007 19:51
-Ole Theodor Hovden vender tilbake til ÅVK etter ein sesong i 3. divisjon hos Rollon og Spjelkavik. ÅVK si auka satsing gjer at han reiser tilbake til ÅVK. Hovden vart i 2003 årets spelar i 4. divisjon.
Les meir..

GuLars med god start på vinterserien
21-01-2007 19:27
-Larsnes/Gursken ønskte Ørskog velkomen til 4. divisjon med ein 4-0 siger i vinterserien i dag. Andre kampar: Spjelkavik-Tornado 2-2 og Skarbøvik-Valder 6-2.

Poncho Villa til topps i quiz
21-01-2007 12:00
-Eit blandalag av Tottenham- og Villa-supportarar gjekk til topps i A-laget sin fotballquiz fredag kveld. På ca. 50 spørsmål var dei eitt poeng framføre Liverpool-laget Reds U30. Stor takk til Espen Wold som var dyktig quiz-master.
Les meir..

GBG-spelar ny fotball-formann i Ravn
20-01-2007 12:40
-GBG- og ex-Norborg-spelar Øystein Grytten har blitt vald til ny fotball-formann i Ravn, melde il-ravn.no.

Dårleg poengfangst for Sunnmøre - del 2
19-01-2007 10:33
-Jadda jadda jadda, idag var det dags for poenga frå Fjellhammer i Sportsweb si websidekåring. Og her har tydeleg nokon fått hammeren i hovudet. Norborg får 5 poeng for oppdatering og også 5 totalt. Av dei andre sunnmørssidene så får ikkje Bergsøy eit steike poeng, medan Hovdebygda får 0 (?!) for oppdatering og 11 totalt. Stilling:
1. Mandalskam. 130 poeng
2. Eidsvold Turn 97 poeng
3. Fyllingen 85 poeng
4. Hovdebygda 72 poeng
5. Frogner 71 poeng
6. Norborg 68 poeng
Scoreboard

Storsiger i første kamp
18-01-2007 22:45
-Det vart målrikt på Hildre si grus-bane då Norborg og Ellingsøy spelte årets første treningskamp. Heile 8-3 vart resultatet i favør Norborg. Ellingsøy viste stor effektvitet i 1. omgang og tok leiinga både 1-0 og 2-1, men Norborg utlikna og laga gjekk til pause med 2-2. I 2. omgang kom divisjonsforskjellen til syne og det var ingen tvil kvar sigeren skulle hamne. Målscorarar for Norborg var Steffen Grytten (2), Tarjei Urkedal (2), Christopher Urkedal (2), Amund Terøy og Ole Johan Urke. Jørn Heggelund og Elling Mikal Kalvø fekk sine debutar.
Les meir..

Skorpen tilbake til Bergsøy
18-01-2007 17:27
-Nok eingod 3. divisjonsspelar har valgt å satse i 4. divisjon denne sesongen. Denne gong er det Spjelkavik sin Frank Sverre Skorpen som melder overgong Bergsøy. Skorpen var ifjor toppscorar i 3. div. med 16 mål. Han har lenge ymta frampå at han vil tilbake til Bergsøy, men Spjelkavik var ikkje villeg til å løyse han frå kontrakta før no.
Les meir..

Treningskampen flytta til Hildre
18-01-2007 16:30
-Kveldens treningskamp mot Ellings-øy er flytta til Hildre grus. Kampstart kl. 20. Oppmøte kl. 19 i garderobene på Hildre skule.
Les meir..

Dårleg poengfangst for Sunnmøre
18-01-2007 22:33
-Elverum ga idag sine poeng i Sportsweb si kåring av årets webside, og vi må seie at det var høgst overraskande poeng som vart gitt. Vår eiga side låg før dagens poeng-utgiving på 2. plass med 60 poeng, men Elverum var ikkje nådig mot vår side og ga den 2 poeng for innhald, 0 poeng for oppdatering og 1 poeng for designet. Dermed er vi ute av pallplassen. Dei to andre sunnmørs-sidene i konkurransen fekk også særs dårleg med poeng. Hovdebygda fekk 4 poeng for oppdatering, medan Bergsøy fekk 2 poeng for designet sitt. Dersom vi skal kome med ein kort kommentar om Elverum si poenggiving så må det bli; håplaust! Websider som knappast har vore oppdatert sidan Elverum vart bomba 11. april 1940, har fått fleire poeng på denne biten enn Norborg. Topp fem etter dagens tvilsame poenggiving er slik:
1. Mandalskam. 98 poeng
2. Eidsvold Turn 74 poeng
3. Fyllingen 70 poeng
4. Norborg 63 poeng
5. Hovdebygda 61 poeng
Scoreboard

Bilete frå trening
17-01-2007 22:33
-Herrelaget si niande utviklingsøkt vart gjennomført på tysdag.
Bilete


Veddegjerde til Godøy
17-01-2007 18:05
-Godøy har sikra seg Anders Vedde-gjerde frå nabo Giske. Ved sidan av 204 kampar for Giske har han også kampar for Vigra i 3. divisjon. Les meir på Godøy si heimeside.

Tre nye treningskampar på plass
17-01-2007 17:00
-Norborg har i løpet av dagen avtalt tre treningskampar. Dette er mot Ravn, Midsund og Brattvåg. Kampen mot Ravn går eit par dagar før trenings-leiren på Molde/Eide. Kampen mot Midsund er første kamp på trenings-leiren. Den går endten på Midsund gras eller KGB. Kampen mot Brattvåg går 2. påskedag. Vonleg på Uggedal stadion. Norborg har no fått på plass 15 treningskampar.

Oppe på 2. plass i webkåring
17-01-2007 10:05
-Etter at Eidsvold Turn har gitt sine poeng har Norborg berre Mandals-kameratene framføre seg i konkur-ransen om å bli årets webside. Norborg fekk 9 poeng i kategorien innhald og full pott (12) på oppdater-ing. Topp 5 ser no slik ut:
1. Mandalskam. 68 poeng
2. Norborg 60 poeng
3. Hovdebygda 57 poeng
4. Eidsvold Turn 46 poeng
4. Fyllingen 46 poeng
Scoreboard

Årets første treningskamp
- lokalderby mot Ellingsøy
16-01-2007 20:14
-Torsdag er det endeleg klart for årets første treningskamp. Iallfall visst vergudane vil det. Motstandar for Norborg er naboen i sør, Ellingsøy. Norborg stille i denne kampen med ei heilt ny sentrallinje. Det kan altså vere verdt å trasse kulda å ta turen til Brattvåg KGB torsdag kl. 20 når "nye" Norborg skal i aksjon.
Les meir..

Seminar om idrett og miljø
16-01-2007 16:52
-Måndag 5. februar vert det seminar om idrett og miljø på Ingebrigt Davik-huset. Dette er eit opent seminar.
Les meir..

Veggen i 250!
- to debutantar?
16-01-2007 16:51
-Kenneth Vegsund startar som midt-stoppar i treningskampen mot Ellingsøy på torsdag, og vil dermed få sin kamp nr. 250 for Norborg. "Veggen" fekk sin A-debut så tidleg som i 1995. Det ligg også an til to debutantar i denne kampen. Ravn sin Jørn Heggelund, som har trent med Norborg dei to siste månadane, startar på topp saman med Tarjei Urkedal, medan junior Elling Mikal Kalvø er å finne på benken.

Ned frå pallplassen
16-01-2007 16:50
-norborg.com fall ut av pallen etter at Eidsvold IF har gitt sine poeng i Sportsweb si kåring av årets nettside. Norborg fekk toalt 17 poeng med EIF. 10 poeng for innhald og 7 poeng for oppdateringsfrekvens. Eidsvold IF sendte sine sambygdingar Eidsvold Turn opp i leiinga av konkurransen. Her er topp 5:
1. Eidsvold Turn 46 poeng
2. Mandalskameratene 44 poeng
3. Hovdebygda 43 poeng
4. Norborg 39 poeng
5. Fyllingen 29 poeng.
Scoreboard

Flaskeinnsamling!
-Herrelaget hadde måndag kveld flaskeinnsamling. Dette ga 6875 kr inn i klubbkassa. Norborg takkar for støtta.

Bergsøy har gitt sine poeng
-dobbelt sunnmørsk!
14-01-2007 19:45
-Sportsweb.as driv i desse dagar å kårar "Årets webside 2006". Det nye av året er at dei 20 kandidatane gir poeng i rein Eurosong stil til sine konkurrentar innan innhald, oppdater-ing og design. Først ut med å gi poeng var idag Bergsøy. Dei har gitt flest poeng til Hovdebygda (23 p), framføre Norborg, Mandalskam. og Brodd (alle 22 poeng). Norborg har med Bergsøy fått full pott og 12 poeng i oppdatering, medan ein har fått nest mest og 10 poeng på innhald. Her fekk Mandalskam. 12 poeng med fosnavågarane. På design har ikkje Bergsøy funne Norborg verdig ein plass blant dei 11 beste og får så 0 poeng på denne biten. Vi takkar Bergsøy for 22 poeng. norborg.com sine poeng blir presen-tert om eit par veker.
Scoreboard

Kan bli livescore i 4. divisjon
14-01-2007 16:58
-Nordicbet har kome med eit nytt produkt som heiter "LiveScore". Her tilbyr Nordicbet resultatoppdateringar og masse statistikk frå blant anna fotball, handball og ishockey. Nordicbet ser heller ikkje bort ifrå at dei kjem med livescore på alle kampar i sunnmørsk 4. divisjon.

Rollon på topp etter 5 runder
14-01-2007 16:29
-Vi har tatt ein titt på opningspro-grammet i 4. divisjon, og kome med tips på korleis tabellen ser ut når 5 runder er gjennomført.
Les meir..

Terminlista for 4. divisjon
14-01-2007 14:21
-Etter terminlistemøtet i går så ser terminlista for 4. divisjon slik ut.
Terminliste

Vika slo Godøy i trenings-kamp
13-01-2007 17:23
-Spjelkavik vann 4-2 (0-0) over Godøy i ein treningskamp på Spjelkavik KGB.

Overgongsbombe!
- Sunde frå LIL til Rollon
13-01-2007 17:08
-Kenneth Ove Sunde har bestemt seg for å melde overgong frå Langevåg til Rollon, melde liltun.no. Sunde har i ei årrekke vore stødig midtstoppar for Langevåg, og overgongen kjem nok som eit sjokk på mange.

Stor samarbeidsvilje i 4. div.
- lengre sommarferie
13-01-2007 16:36
-4. og 5. divisjonslaga avhaldt laurdag terminlistemøte på Rica Parken. Det første 4. divisjonslaga gjorde var å flytte runde 13 frå 2. august til 13. oktober. Dette fordi krinsen nok ein gong sette opp første runde etter ferien midt i Norway Cup veka. Flyttinga fører til at Norborg avsluttar årets sesong med to heimekampar. Første kamp etter ferien er heime mot Stranda 10. august. Denne kampen vart etter ønske frå Stranda flytta frå torsdag 9. aug. Elles tok Norborg initiativ til å flytte borte-kampen mot ÅVK frå torsdag 14. juni til laurdag 16. juni. Ein fekk også forskyvd bortekampane mot Sunnylven, Stranda, GuLars og Bergsøy ein halvtime. Kampstart blir 1900 i dei to første, og 1930 mot GuLars og Bergsøy. Heimekampen mot Herd er flytta ein halvtime tilbake til kl. 1800. I nest siste runde vart alle kampane flytta frå kl. 15 til 1430. Elles fekk Norborg mykje skryt av Sunnmøre fotballkrets for sine kamp-arrangement. - Når eg kjørte heim frå Uggedalen etter kampen hadde eg eit stort glis, var noko av det krins-sekretær og fotballguru Geir Ringstad sa framføre 4. og 5. divisjonslaga. Krinsen legg altså merke til det gode engasjementet blant foreldre, aktive og leiarar i Norborg. Klubben vil til neste sesong prøve å få på plass ein betre kiosk, som vil gjere tilhøva betre for både dei kioskansvarlege og tilskodarar.

Ulla tek over HaNo
11-01-2007 22:20
-Mangeårig HaNo-spelar Kenneth Ulla tek over som trenar for HaNo, melde hanofk.no. Ulla sa i oktober nei til å ta over skuta, men har no forandra meining.
Les meir..

Erstad til Ørskog
11-01-2007 20:18
-Ifølgje forumet på murerane.com, Ørskog sin supportarklubb, så skal Skodje sin Joakim Erstad spele for Ørskog denne sesongen. Erstad er ein rutinert midtstoppar med auge for mål. Også Spjelkavik sin midtbane-spelar Carlos Mora har meldt over-gong til Ørskog.

Hildre satsar på 11'ar lag
10-01-2007 22:47
-Hildre hadde tysdag kveld spelar-møte, og vart der einige at ein også i år skal satse på 11'ar lag i 6. divisjon. Det ligg dermed an til fleire lokalopp-gjer i 6. divisjon denne sesongen. Rykter vil nemleg ha det til at også to andre lag på Haram fastland vil stille lag i denne divisjonen. Påmeldings-fristen er 1. februar.

Hjørungavåg tilbake i det gode selskap
10-01-2007 20:29
-Hjørungavåg er tilbake i serie-systemet for første gong sidan år 2000. Hjørungavåg stilte i fjor med eit 7'ar lag som hevda seg godt i si avdeling, og det er spelarane på dette laget som blir ryggrada i "nye Hjørungavåg", skriv Vikebladet.
Les meir..

Kim Idar toppscorar då Prim vann Nattcup'07
6-01-2007 20:29
-Vår eigen Kim Idar Krogsethagen vart toppscorar med 13 mål på årets Nattcup i Strandahallen. Kim Idar spelar på Prim, som gjekk til topps i den prestisjetunge turneringa i inne-fotball. Norborg-keeper Geir Roar Gamlem deltok også på det sigrande laget. Les meir på strandafotball.no. Nattcup si offisielle side finn du her.

SFK søkjer ny klubbutviklar
6-01-2007 14:31
-Klubbutviklar Einar Heimdal har sagt opp si stilling hos Sunnmøre Fotball-krins og krinsen søkjer no hans etter-følgjar. -Vi er ute etter ein person med god kjennskap til fotball-organisasjonen og som er flink til å bygge relasjonar, seie dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre Fotballkrins. Søknadsfristen er sett til måndag 15. januar.
Les meir..

Skodje-spelar til Stranda
5-01-2007 20:11
-I Sunnmørsposten las vi at Skodje slit med å stille lag i årets 5. divisjon, no har kaptein Bjørnar Aure valgt å forlate skuta til fordel Stranda, melde strandafotball.no. 18-åringen spelte i fjor midtstoppar, men kan også nyttast på midtbana.

Kamp mot Ørskog flytta
- kamp mot MSIL avtalt
5-01-2007 16:45
-Den planlagte treningskampen mot Ørskog 1. februar er flytta til torsdag 8. februar på Brattvåg KGB. Det blir uansett ikkje spelefri i veke 5. Norborg avtalte nemleg seinare på dagen kamp mot MSIL onsdag 31. januar. Kampen vil vonleg gå på fenomenale speleforhald på Moa KGB. Torsdag kveld vart det avtalt kamp mot Stordal på Brattvåg KGB laurdag 17. mars kl. 1200.

Søvik trenar juniordamene
4-01-2007 18:08
-Nils Søvik har tatt på seg ansvaret som hovudtrenar for Norborg sitt juniordamelag. Nils er godt kjend i Norborg som både spelar og dommar, og klubben er no godt nøgd med at han tek på seg trenarvervet igjen etter nokre års pause.

MSIL valgte ungt
3-01-2007 17:19
-MSIL har tilsett Vegard Eikrem som ny hovudtrenar, melde MSIL.no. 1984-modell Eikrem har erfaring som gute- og juniortrenar på Sula, i tillegg til at han er trenar for Jenter 15 krinslaget. Eikrem tek over etter Ronald Båtnes, som ga seg då opprykket glapp i siste seriekamp.

Beddari trenar Bergsøy
2-01-2007 21:38
-Tom Beddari tek over som Bergsøy trenar, melde bergsoy.com. Beddari har tidlegare trent Bergsøy i fleire sesongar, sist i 2005. Dermed ser det ut til å vere berre HaNo som manglar trenar av laga i 4. divisjon.

Herd og Volda størst i 2006
2-01-2007 18:26
-Herd og Volda hadde begge 40 lag med i sesongen 2006, og er dermed Sunnmøre sine to største klubbar. Norborg hadde 17 påmeldte lag, noko som gir ein 19. plass av totalt 70 klubbar. Elles kan vi nemne at det er berre Ålesund som har fleire spelarar enn Haram kommune, uansett årskull.
Antall lag
Antall lag i forhald til folketal

Relling frå Stranda til Spjelkavik
2-01-2007 17:58
-Joakim Relling har bestemt seg for å melde overgong frå Stranda til Spjelkavik, melde strandafotball.no. Relling har dei siste månadane trena med Skarbøvik, men valde likevel å skrive under for divisjonsrival Spjelkavik.

Damene sitt vinterserie-oppsett klart
1-01-2007 21:08
-Norborg sitt damelag skal møte Ellingsøy og Bergsøy jr. i vinterserien for damer 7'ar. Norborg møter Bergsøy jr. søndag 4. februar kl. 1820 og Ellingsøy laurdag 17. februar kl. 1700. Kampane blir spelt i Sunnmørshallen.

Monsen ny Rollon-trenar
1-01-2007 20:56
-Stig Monsen har takka ja til å føre Rollon-skuta i 4. divisjon denne sesongen. Monsen har blant anna trent Langevåg og Hødd, samt vore assistent trenar under Ivar Morten Normark i AaFK. Monsen er utdanna D-trenar, og føyer seg inn i rekka av godt skolerte trenarar i årets 4. div. Elles meldast det frå Larsgården at Bjørnar Hoel har lagt keeperhanskane på hylla, og at Markku Reinikainen har reist tilbake til Sverige. Les meir på Rollon si heimeside.