|
Inntek
Color Line Stadion
28-02-2006 16:59
-Laurdagens kamp mellom Norborg og Valder er flytta frå Brattvåg
KGB til Color Line Stadion i Ålesund. Kampstart er kl. 1815.
Trening tysdag!
27-02-2006 22:33
-Herre/juniorlaget gjennomførar spinningstrening tysdag på
treninga. Fire puljer, med start kl. 18.00.
Les
meir..
Sunnmørskupongen!
27-02-2006 18:31
-Odd Einar Molnes held stadig unna på toppen av Sunnmørskupongen
før siste runde går av stabelen komande helg. Stilling og
runde 5 er ute no.
Stilling
Runde 5
Stortap for redusert G16
27-02-2006 18:25
-Norborg greidde berre å stille med 10 spelarar i kvalifiseringskampen
mot Volda. Norborg kjempa godt og gjekk til pause med berre 0-2, men etter
kvilen tok kreftene slutt og Volda vann 10-0.
Les
meir..
ÅVK oppsummerer vinteren
26-02-2006 21:01
-Venner av ÅVK, som dei kallar seg, har sett på vinterens
treningskampar. Om Norborg så skriv dei; "Norborg har vunnet
alle sine fire kamper, men tre av dem er fra lag fra lavere divi-sjoner,
og en mot et svaktinnledende Stranda. De må nok bevise mer før vi hever
øyebrynene."
Les
meir..
Lokaloppgjer i herrar 7'ar
26-02-2006 20:53
-Norborg sitt herrar 7'ar lag har kome i avdeling 3 saman med Brattvåg,
Fjørtoft, Skodje, Valldal og Ørskog. Det blir dermed mange
spennande lokaloppgjer.
Trening måndag!
26-02-2006 11:25
-Herre/juniorlaget trenar måndag kl. 20.00 i Uggedalen. Alle må
ta med seg joggesko og refleksvest i tillegg til fotballkleda. Bana blir
brøyta til treninga. Møt i god tid, sier Ådal.
Varfjell-Brattvåg avlyst
26-02-2006 11:29
-Treningskampen mellom Vestnes Varfjell og Brattvåg er avlyst grunna
snøv. Dermed må Espen Wold og dei andre brattvågarane
vente endå ei veke på kamp.
Grei skuring mot Vigra
25-02-2006 17:28
-Norborg har alltid hatt problem mot Vigra, men i dag var det ingen tvil
kvar sigeren skulle hamne. Norborg tok tak i kampen frå første
spark og leia 4-0 etter 32 minutt. Etter dette fall kvaliteten noko og
Vigra fekk vere litt meir med, spesielt i første kvar-teret av
2. omgang. Men Norborg var klart betre i denne kampen og fekk seg to mål
etter pause slik at slutt-resultatet vart 6-0. Ståle Hurlen 3, Lennart
Holmem, Tarjei Urkedal og Geir Ove Grønli scora for oransje-trøyene.
Les
meir..
Juniorane feila
25-02-2006 17:23
-Norborg tapte 1-2 for Stranda i den viktige kvalifiseringskampen for
1. divisjon junior. Stranda var best i 1. omgang, men Norborg haldt unna
til 0-0. Etter pause var Norborg langt meir med, men Stranda utnytta svakt
forsvarsspel av oransjetrøyene å laga to mål ved Kato
Vangen før Elling Mikal Kalvø reduserte. Norborg hadde eit
par farlege sjansar til å utlikne, men utan hell. Dermed er det
Stranda som får spele i 1. divisjon denne sesongen.
Tropp mot Vigra
24-02-2006 17:05
-Følgjande er med i troppen mot Vigra laurdag. Kurt Erik Grytten,
Vebjørn Grytten, Stein Erik Reitan, Kim Idar Krogsethagen (1. omg),
Jan Even Drønnesund, Kristian Furnes, Kenneth Vegsund, Roger Grytten,
Andre Larsen, Kristian Søviknes (2. omg), Eirik York, Tarjei Urkedal,
Geir Ove Grønli, Lennart Holmem, Ståle Hurlen, Amund Terøy
og Øyvind Davik. Oppmøte på Moa KGB laurdag kl. 1300.
Les
meir..
Herd svekkast
24-02-2006 17:03
-Ifølgje anonyme kjelde på vår gjeste-bok har Aleksander
Ervik meldt over-gang frå Herd til Rollon. Den talent-fulle Ervik
scora i fjor 10 mål for Herd, 2 av dei kom på Uggedal stadion.
Norborg sleit seg til siger
23-02-2006 22:49
-Norborg drog i land ein 3-2 (2-1) siger over Stranda på Brattvåg
KGB torsdag kveld. Oransjetrøyene styrte dei første 25 minutta
og leia 2-0 etter scoring av Lennart Holmem og Kim Idar Krogsethagen (str.).
Stranda tok over dei siste tjue og fekk reduser-inga si ved Thomas Roset
etter corner. Tidleg i 2. omgang utnytta Espen Hove ei tabbe av Norborg
å utlikna, men Stranda si glede varte ikkje lenge. Tre minutt seinare
putta nemleg Kim Idar sitt 2. mål for dagen. Stranda var det førande
laget etter dette, men greidde ikkje å score. Faktisk var Norborg
nær ved å auke leiinga ved Kim Idar i slutt-minutta. Alt i
alt ein fysisk kamp med høgt tempo. Ein småsjuk Geir Ove
Grønli hadde følgjande kommentar etter kampen: - vi spelte
god fotball i 25 minutt, deretter vart vi med på krigen.
Les
meir..
Strandafotball.no
sitt syn på saka..
Kamp mot Vigra laurdag
22-02-2006 18:02
-Norborg takka i dag ja til å steppe inn for Måndalen og spele
kamp mot Vigra laurdag kl. 14 på Herd KGB. Dette blir da ein vanleg
trenings-kamp, ikkje vinterserie. Sidan juniorlaget spelar kamp mot Stranda
omtrent samtidig, er det viktig at samtlege herrespelarar ryddar plass
i planane sine så ein kan delta på denne kampen.
Neste kamp: Stranda
22-02-2006 19:42
-Norborg spelar den første av to kampar denne veka torsdag kl.
20 på Brattvåg KGB. Motstandar er divisjonskollega Stranda
Les
meir..
Kamp avlyst grunna tragisk ulykke
19-02-2006 17:58
-Vinterseriekampen mellom Norborg og Måndalen vart stoppa etter
25 minutt. Det vart då klart at nokre Måndal-supportarar på
veg til kamp var innblanda i ei tragisk bilulykke på Daugstad. Dommar
og lag gjorde då det einaste riktige i å avbryte kampen. Vi
sender våre tankar og kondolanser til dei etterlatte. Meir om ulykka
kan du lese på romsdals-budstikke.no
og vg.no.
Flott innsats av Nina og Ida
19-02-2006 12:09
-Nina Witsø scora 2-1 målet, medan Ida Holmeset haldt buret
reint då dei to talentfulle Norborg-jentene fekk sleppe til etter
pause i Sunnmøre J15 sin 3-1 siger over Sogn og Fjordane i går.
Larsnes/Gursken slo Vigra
18-02-2006 19:05
-I Norborg si vinterseriegruppe har Larsnes/Gursken i dag vunne 3-2 over
Vigra. Vigra leia 1-0 ved pause og auka til 2-0 tidleg i 2. omgang, men
etter dette dominerte laget frå Sande stort og snudde til siger.
Les meir på gl-fotball.com
Knapp siger til juniorane
18-02-2006 10:58
-Norborg vann 2-1 over Emblem i kvalik.kampen for 1. divisjon i dag tidleg.
Adrian Håbet og Ole Johan Urke scora for oransjetrøyene som
styrte heile kampen og burde ha vunne med langt fleire mål.
Gruppefinale (?) på søndag
18-02-2006 2:39
-Norborg og Måndalen møtast i vinterserien søndag
kl. 16 på Herd KGB. Begge laga vann kvar sin kamp i første
runde, så vinnaren i denne kampen har gode sjansar for å vinne
gruppe 5. Her er litt om kampen, samt oransjetrøyene sin tropp,
som blant anna innheld eit litt overraskane namn..
Les
meir..
Lillestøl til Hildre
18-02-2006 2:37
-Sindre Lillestøl har meldt overgong til Hildre og hadde si første
trening med nykommaren i 6. divisjon fredag. Wolves-supportar Lillestøl
har dei siste sesongane spelt 7'ar fotball for Fjørtoft.
To nye til Hovdebygda
16-02-2006 18:24
-Frank Rune Sellevoll (Dale) og Eivind Steinsvik (ex-Spjelkavik) har signert
for Hovdebygda, melder hil-fotball.net
Herrekamp flytta
16-02-2006 18:15
-Grunna kollisjon med både Alperitt og kvalifiseringskamp for juniorar,
satsar Norborg og Stranda på å gjennomføre treningskamp
torsdag 23. februar kl. 20 på Brattvåg KGB, ikkje laurdag
25. februar som først fastsett.
Ådal har blitt pappa
16-02-2006 18:13
-Onsdag 15. februar kl. 21.53 kom lille Martin til verda, kunne ein stolt
Jan Egil fortelle. Den lille høgrevingen er 3190 gram og 47 cm
lang. Vi gratulerer!
Nye spelarar til Sunnylven
14-02-2006 23:02
-Sunnylven.no
melder at Ole Petter Stenberg frå Averøy og Arnfinn Lødemel,
keeper frå FK Sykkylven har meldt overgong til Sunnylven. Stenberg
har tidlegare spelt for Kårvåg/Havørn.
Uavgjort på Vestnes
14-02-2006 22:05
-Stranda
spelte i kveld 2-2 mot Vestnes
Varfjell.
Nina og Ida på kretslaget
13-02-2006 16:34
-Nina Witsø og Ida Holmeset har blitt tatt ut på Sunnmøre
sitt kretslag for 1991 modellar, som drar på samling til Selje komande
helg. Vi gratulerer!
Tropp
Blindheim fortsette å imponere
12-02-2006 21:37
-Blindheim
fortsette å imponere i treningskampane. I ettermiddag vart det 1-0
siger over Rollon i vinter-serien. Blindheim står med tre strake
sigrar etter at dei "kvitta" seg med Emblem. To av sigrane er
over 3. div.-lag.
Treningskamptabell
Sølv og bronse på Atlanter-havscup
12-02-2006 20:01
-Norborg1 tapte 8-4 for Averøykam. i juniorfinalen på Atlanterhavscup.
- Vi taper på 5 gedigne personlege feil, sa trenar Snes etter kampen.
Asgeir Kalvø 2, Kristoffer Søviknes og Knut Ivar Bjørlykhaug
scorte for oransje-trøyene. Norborg2 sikra seg bronsje-medaljer
etter 3-1 siger over AK1. Bee 2 og Fredrik Furnes scora.
Les meir..
Overraskande resultat
11-02-2006 20:45
-Ifølgje ei anonym kjelde har HaNo noko overraskande vunne 3-1
over Godøy i vinterseriepulje 4. Godøy har dermed gått
på to tap i vinterserien. Heldigvis for Godøy viser kalenderen
berre februar. Ellingsøy sin lagleiar Terje Slotsvik melder at
Ellingsøy har tapt 1-2 for Ørskog i pulje 6.
Jentene får prøve seg
11-02-2006 12:48
-I kveld skal trioen Nina Witsø, Martine Gunnarsdottir og Ida Holmeset
på kretsgruppesamling i Sunnmørshallen. I morgon skal i tillegg
Nina og Martine få prøve seg i gutelaget sin kvalifiseringskamp
for spel i 1. divisjon. Dette er svært lovande jenter som Norborg
kan få svært god bruk for i åra som kjem. Norborg har
i år valt å ikkje stille med damelag, då man gjennom
å satse på eit junior damelag, jentelag og småjentelag
håper at man i løpet av ei 3-5 år kan stille med ei
solid og slagkraftig damelags-gruppe i klubben. Juniordamene som har hatt
eit imponerande oppmøte på dei tre fellestreningane i uka
sidan nyttår, spelar forøvrig treningskamp mot Brattvåg
i morgen.
Juniorane på cup i helga
11-02-2006 11:52
-Juniorlaget reisar i ettermiddag til Averøya på Atlanterhavscup.
Norborg deltok i fjor også, då gutelaget vart nr. 3 i si klasse.
I år er det diverre kun fem juniorlag påmeldt, men man får
godt sportsleg utbytte av 6 kampar på 18 minutt. -Turen er svært
viktig sosialt, og i tillegg så får vi kose oss på bana.
Vi satsar på to lag blant dei fire beste, heiter det frå juniorlaget
si sportslege leiing. norborg.com kjem med resultat frå cupen fortløpande
ettersom Norborglaga har vore i ilden.
Kor er varmen då AaFK ?
9-02-2006
20:59
-Om undervarmesystemet kun er til pynt på Color Line Stadion kan
man undrast over. Til dagens kvalikkamp til 1.divisjon var ikkje systemet
i drift, og når kampen skulle starte var banedekket fortsatt dekt
av eit lag snø. Då starta man å måke bana med
traktor med brøyteskjær, og bana vart grønn i løpet
av 20 minutter. 20 minutt man plutslig fekk til overs, då kretsen
hadde satt opp ein dommer som ikkje har meldt seg som aktiv i år.
Det heile virka ei stund som ein stor komitragisk parodi. Når forholda
skal være like for alle parter som deltar i kvaliken, så bør
også alle kampane gå på same arena under same tilhøve
(les: Sunnmørshallen). I løpet av kampen sine siste minutt
la det seg eit nytt lag med snø på bana, og vi kan no undrast
kva beløp Blindheim som trente etterpå må ut med i
baneleie for ei snødekt bane? Har ikkje utleigerane av CLS eit
visst krav å etterheve når dei reklamerer med kunstgras med
undervarme ? Til slutt bør man vel gi honnør til spelerane
på begge lag som lot det sportslege på bana være det
viktige, og leverte ein juniorkamp med høg intensitet og innsats.
Juniorane tapte for AaFK
9-02-2006 20:59
-Juniorlaget tapte i kveld den viktige kvailifiseringskampen for 1. divisjon
med 0-3 for AaFK på eit snødekt CLS. Norborg spelte bra før
pause, men etter kvilen viste AaFK seg som eit betre lag å scora
3 gongar. Måla kom etter 14 minutt og 22 minutt, før siste
målet kom to minutt på overtid. Oddbjørn Lie spelte
strålande bakerst hjår AaFK, og redda laget i noen svært
farlige situasjoner. Viktigaste inngrepen var vel når han blokka
Martinus Grytten si avslutning etter 10 minutt i andre omgang som hadde
retning nettmaskene. PÅ stillinga 1-0 så hadde Norborg ein
stor sjanse etter hjørnespark, men diverre så gjekk Ole Johan
Urke sitt knallharde skot frå seksten meter på feil side av
krysset. Norborgstopper Kjell Terje Brusdal viste prov på eminent
duellstyrke, og var ein av bortelaget sine beste spelera på eit
lag som leverte ein solid laginnsats.
Blindheim girer opp
9-02-2006 19:54
-Blindheim si heimeside melder at dei har tenkt å auke nivået
i årets 4. divisjon og legg difor inn ei ekstra økt. Laget
trenar no måndag, tysdag, onsdag og torsdag, i tillegg til ein kamp
per helg.
Les meir hos bilfot.tk
Treningskamp mot Brattvåg
8-02-2006 20:34
-Norborg sitt junior damelag spelar treningskamp mot Brattvåg 7'ar
søndag kl. 16 på Brattvåg KGB.
Rosenborg blir med på treningsleir
8-02-2006 20:33
-Frank Robert Rosenborg Grytten blir med som trenar på junior damenes
treningsleir i Danmark. Dette sidan dei vanlege trenarane Andre Larsen
og Kristian Furnes er oppteken med herrelaget sin treningsleir på
samme plass.
Tufta2 har starta opp
7-02-2006
22:12
-Som tidligare meldt på norborg.com så har ein gjeng ivrige
Norborg-supportera av den kvinnelige sorten bestemt seg for å starte
eit trimlag for damer. Tufta2 som dei kaller seg hadde i dag si første
trening på Søvik Skule. Åtte ivrige damer møtte
opp på trening der alderen var godt innafor regelverket for Old
Girl-fotball. Vi satsar på at desse damen kan stille opp å
spele oppvisningskampar før noen av årets 4.divisjonskampar.
Vi kjem tilbake med nærmare prestasjon av dette unike tiltaket ved
ei seinare anledning. Laget trenar fast kvar tysdag kl. 20.30 i Søvikhallen,
og alle damer med den rette alderen som vil delta er hjartleg velkomen.
Meir informasjon kan man få med å ta kontakt med kaptein,
initiativtaker, trener, lagleder og president i Tufta2 Else Karin Æsøy.
Det kjem til å bli jamnleg gjennomført spelarmøter
i hennar sin utandørse boblebad for dei som deltar.....
ÅVK keeper til Giske
7-02-2006 21:12
-ÅVK sin keeper Ottar Inge Rusten skreve under for Giske, melder
giskeil.no.
Nytt på nytt!
6-02-2006 18:06
-Etter at Stranda2
har etteranmeldt eit 2. lag i 6. divisjon har SFK kome med forslag på
avdelingsoppsett. Dette finn du her.
Volda er ute etter Hovdebygda sin midtstoppar Stian Nedrelid,
melder hil-fotball.net.
Tarjei Gjerset Urkedal spelte i helga sin kamp nummer 200 for Norborg.
Vi gratulerer 23-åringen. ÅVK har fått seg eiga
supportarside. Her kan du blant anna lese om Oddvin Kragset, som er ein
av dei verkelege fotball-heltane på Sunnmøre. Sida finn du
her.
Molnes og Hjelle i føringa
5-02-2006 23:21
-Odd Einar Molnes og Sindre Hjelle har tatt over føringa i Sunnmørs-kupongen
når 2 av 5 runder er gjennomført.
Stilling
Runde 3
Fekk revansje mot Vigra
-men mykje rusk i maskina
5-02-2006 19:16
-Norborg vann 2-1 over Vigra i vinter-seriekampen på Herd KGB søndag
ettermiddag. Lennart Holmem ga Norborg leiinga allereie i det 8. minutt,
men Vigra var fullt på høgde i denne omgangen og produserte
fleire gode sjansar. Like før pausen kom også utlikninga
ved Kristian Leon Roald på corner. I 2. omgang dominerte Norborg
og hadde fleire store sjansar før Ståle Hurlen fann nettmaskene
etter 66 minutt. Etter målet fekk Vigra eit par store sjansar utan
resultat. På slutten hadde oransjetrøyene kontroll og burde
ha
auka leiinga.
Les
meir..
Måndalen slo L/G
5-02-2006 2:02
-Den første kampen i Norborg si vinterseriegruppe vart spelt laurdag.
Her tok 4. divisjonslaget frå Roms-dalen Måndalen, med seg
alle poenga då dei vann 3-2 over Larsnes/ Gursken. Referat finn
du her.
Avreise til Vigra-kampen
-Oppmøte på Mix Søvik kl. 1405.
AaFK viser gode takter
4-02-2006 17:24
-AaFK vann 2-1 over Molde på CLS i dag. AaFK dominerte 1. omgang
og leia 2-0 ved pause etter mål av Karl Oscar Fjørtoft og
Erlend Holm. Etter pause redusert John Andreas Husøy for blåtrøyene.
Kampreferat finn du på
renac.org.
Juniorane tapte for Herd
4-02-2006 11:37
-Eit Herd-mål ti minutt før slutt gjorde at Norborg 1-0 i
kvalifiseringskampen for spel i 1. divisjon for juniorar. Norborg var
best i 1. omgang, mens ein starta å stresse etter pause og fekk
ikkje til det spelet ein kan.
Forum på norborg.com
3-02-2006 20:15
-Vi har lenge hatt ei innleggsside meint for korte beskjedar, men noko
slags forum har mangla på norborg.com sidan starten for snart 5
år sidan. No har vi imidlertid oppretta dette. Du finn det i margen
til venstre. Diskuter i veg.
Millionærar hjelper Brattvåg
3-02-2006 18:23
-Arne Harnes og Leif Arne Langøy har etablert selskapet Brattvåg
Invest AS. Gjennom dette selskapet vil dei mellom anna støtte opp
om fotballen i Brattvåg IL. Så då gjenstår det
å sjå om pengar kan få Brattvåg opp frå
4. divisjon, og om Chelsea-supportar Bjarte Steinsbu blir lokalfotballens
José Mourinho...
Vinterseriekamp mot Vigra på søndag
2-02-2006 22:59
-Norborg og Vigra spelar søndag kl. 16 vinterseriekamp på
Moa KGB. Her er tropp og litt andre opplysningar rundt kampen.
Les
meir..
Kva skjer på Godøya?
2-02-2006 22:11
-Godøy sitt trenarteam talar til folket på Godøy si
heimeside. Dei som er interesserte i å lese om kva som har skjedd
utpå "Gøyna" kan trykke her.
Norborg med herrar 7'ar
2-02-2006 17:49
-Styret i Norborg valde å melde på 7'ar lag for herrar denne
sesongen også til trass for at berre 2 stk møtte på
trening sist søndag. - Folket dukka opp til våren likevel,
seier leiinga i Norborg.
Hildre tilbake på fotball-kartet
2-02-2006 17:42
-Hildre er tilbake med 11'ar lag for første gong sidan 1993. Laget
har hatt oppimot 22 spelarar på trening og bestemte seg difor å
prøve på nytt i 6. divisjon etter nokre år med 7'ar
fotball.
Påmeldte
lag 2006
God treningskultur!
5-09-2005 18:13
-Spelerane på herre/juniorlaget til Norborg har vist ein god trenings-kultur
så langt i år. Det vart i januar gjennomført 17 treninger
og ein kamp på senior og junior. Treningane har i snitt samla 26
spelera, og det er heile 16 av spelerane som har eit oppmøte på
meir enn 80%. Av desse kan seks spelera skrive på cv´en at
dei har vore på alle treningane.
Heggdal har signert for vågen
1-02-2006 22:42
-brattvag-il.no
melder at Even Heggdal signerte for Brattvåg no i kveld. Den offensive
midtbane-spelaren valde Brattvåg framføre Træff og
vidare spel i Midsund. Brattvåg har dermed styrka sine opprykkssjansar
i kveld.
Eldsjelpris til Grande
1-02-2006 21:51
-Bygdebladet skriv i dag at Skodje formannskap har avgjort at årets
eldskjelspris skal tildelast Odd Arne Grande. Han får prisen for
mangeårig innsats som leiar og pådrivar i Skodje idrettsråd.
Dei fleste kjenne nok Grande som ein myndig dommar med glimt i auget.
Vi gratulerer med velfortent pris.
Stranda får kunstgras
1-02-2006 21:47
-strandafotball.no
melde i kveld at Stranda kommunestyre har vedtatt å finansiere ny
kunstgrasbane på Stranda stadion. Bana skal etter planen stå
ferdig 1. mai. Norborg møter Stranda 29. juni.
Fantastisk besøksrekord
1-02-2006 20:37
-norborg.com oppnådde for første gong i historia å
passere 20000 besøkande på ein månad. I januar vart
det nemleg telt 20303 besøk-ande. Av desse var 17775 unike. Dette
er ei auke på 77% sidan januar 2005. I veke 4 opplevde nettsida
også å passere 5000 besøkande på ei veke for
første gong. Teljaren stoppa til slutt på 5044. Av desse
var 4352 unike. - Besøkstala er utrulege. Då vi starta å
halde eit auge med besøkstala vinteren 2002 hadde vi som mål
å få ca. 700 besøkande i veka. Dette greidde vi imidlertid
ikkje å oppnå før på slutten av 2002. No har
vi altså nær 700 om dagen og 5000 i veka, og det i januar
månad når det spelast yttarst få kampar. Nei, det er
rett og slett utruleg, seier norborg.com redaktøren.
|