Dagboka

Kampen med utur
29-02-2004 23:58
-Referatet frå juniorlaget sin uturka-mp mot Ørskog/Stordal er no klart.
Les meir..


Det utrulige målet !
29-02-2004 22:42
-Her er eit videoklipp av målet som beviste at det er mulige for alle å ein kvar å skåre. Det fantastiske gjennombruddet til Bjørnar.
Sjå meir..


Gutane avslutta med stor-siger!
29-02-2004 20:00
-Norborg sitt gutelag avslutta med 9-0 over Blindheim. Heile 8 ulike spelarar teikna seg på scorings-lista. Blant dei keeper Bjørnar Engeset, som i dag var utespelar. Les meir..

Stortap for damelaget
29-02-2004 15:19
-Norborg fekk det som venta tøft mot Vigra og tapte 14-3. Norborg sine tre mål vart scora av Linda Holmeset, Camilla Krogsethagen og eitt sjølmål av Vigra. Rapportane seie at Silje Nogva stod godt i mål og hindra ein større Vigra-siger. I den andre kampen i gruppa vann Ørskog 9-2 over Tjørvåg. Vigra vart dermed gruppevinnar farmfor Ørskog.
Tabell
Statistikk

ÅVK med storsiger
29-02-2004 12:57
-Åram/Van.kam vann heile 9-3 over Kvamsøy i ein treningskamp laur-dag ettermiddag. Ole Per Kragset viste solid scoringsform med 5 mål. Stig Ronny Kragset nøgde seg med eit hat-trick, medan Håvard Karlsen putta eitt, melder ÅVK si heime-side. I ein annan kamp har SIF vunne 4-3 over Træff.

Femte strake for Norborg
28-02-2004 18:43
-Norborg tok sin 5. strake siger då ein slo Vigra 2-1 i vinterserien på Herd kunstgras i dag. Norborg skapte klart mest før pause og leia fortent 1-0 etter at Tarjei Urkedal sette ballen i nota like før pause. I 2. omgang kom Vigra seg mykje høgare opp på bana og utlikna ved Håvard Nordstrand omlag 10 minutt før slutt. Men Norborg ga seg ikkje, og berre 3 minutt seinare ordna Øyvind Kvammen tre poeng for oransjetrøyene.
Les meir..
Tabell

0-0 mot Ørskog/Stordal
28-02-2004 13:52
-Juniorlaget spelte laurdag 0-0 mot Ørskog/Stordal. Norborg hadde tre stolpeskot og tre forsøk som vart redda på streken i 1. omgang. Etter pause greidde ikkje Norborg å halde trykke oppe og kampen ebba dermed ut med 0-0. Norborg enda sist i si kvalifiseringsgruppe med eitt poeng. Vi tek også med at Brattvåg kvalifiserte seg for 1. div. etter ein 3-1 siger over SIF/Hessa. Martin Sundnes (2) og optimisten Finn Alvestad stod for måla. Vi gratulerer.

Alex ute med skade
28-02-2004 0:37
-Alexander Gamlem er skada i anklane og blir ikkje å finne i troppen som møter Vigra.

Volda 2 inn i 6.divisjon
27-02-2004 16:02
-I dag kom den endelege stadfest-inga om at Volda 2. lag ikkje får spele i 4. divisjon, men må gå inn i 6. divisjon.
Les meir..

Blindheim på søndag
27-02-2004 12:31
-Gutelaget møter på søndag Blind-heim til siste kamp i Sunnmørshal-len. Kampen startar 18.15.
Les meir..


Are P. lagleiar for 7'ar laget
26-02-2004 21:53
-Are Pedersen takka torsdag kveld ja til å bli lagleiar for Norborg sitt 7'ar lag. Dermed var bitane på plass og laget vart påmeldt. Norborg meldte også på dame 7'ar og gutar 7'ar. Frå før er 2 stk småjente og eit jentelag påmeldt i 7´ar serien.

Damelaget møter Vigra
26-02-2004 21:45
-Det er ikkje berre herrelaget som møter Vigra, også damelaget spelar kamp mot gultrøyene denne helga. Kampen blir spelt i Sunnmørshallen søndag kl. 13.
Les meir..

Skogfelling i Uggedalen
26-02-2004 16:01
-No har alle som vil ha ved sjansen til å skaffe seg noko uti Uggedalen. Ein må nemleg felle eit belte på ca 7 meter i heile bana si lengde på sørsida mot fjorden. Vi må prioritere området mot grus-bana, og må difor starte i den end-en. Dette må gjøres før utløpet av førstkommende helg for at dei ikkje skal bli hemma i den videre fram-drifta. Dei er i ferd med å skulle flytte dei store jordhaugene ned til dette området for å få kome til å sprenge ut og planere området. Håper folk kan stille opp denne gangen også. Planen er å vere ferdig med sprenging og planering til påske. For nærmere info kan folk kontakte Per Gunnar Søvik eller Roar Korsnes. Ingen av oss har anledning å stille no i helga, men vi får prøve å organisere ein gjeng som stiller opp f.eks. laurdag.

Norborg trekk seg
25-02-2004 23:17
-På onsdagens trening bestemte spelarane på damelaget å trekke seg ifrå 2. divisjon, og spele i 7'ar serien denne sesongen. Laget hadde tidleg i vinter godt oppmøte på trening og bestemte seg difor for å satse på 11'ar lag denne sesong-en, men etterkvart har oppmøtet blitt dårlegare og ein velge no å trekke laget slik at ein iallfall får melde på eit 7'ar lag. - Vi er skuffa over at det gjekk slik, og beklagar ovanfor både krins og motstandarar at vi no må kaste inn handkledet, seier Norborg si sportslege leiing.

Gruppefinale mot Vigra
25-02-2004 23:13
-På laurdag kl. 1600 spelar Norborg og Vigra det som må reknast som finalen i pulje 4 i vinterserien. Vi trur Norborg fortsette den fine innleiinga på sesongen og tek med seg tre poeng.
Les meir..
.

Ørskogkampen flytta
25-02-2004 17:16
-Gutelaget sin kamp mot Ørskog på torsdag er flytta til neste onsdag grunna det vinterlige været vi har. Kampen vil starte etter damekam-pen same dag i Uggedalen.


Grande klar for Norborg
25-02-2004 16:53
-Geir Magne Grande sin overgang frå Hildre til Norborg vart onsdag fullført. Grande er dermed klar til dyst i vinterseriekampen mot Vigra på laurdag.

Årets første siger ?
25-02-2004 16:38
-Juniorlaget møter på laurdag Ørs-kog/Stordal til siste kamp i sunn-mørshallen. Vi venter oss her årets første siger av dei oransje.
Les meir..


Lesarinnlegg frå Kenneth Sporsheim
24-02-2004 23:24
-Dei som har besøkt MSIL sine nettsider har kanskje fått med seg at der raser ein debatt om samar-beidet mellom MSIL og Langevåg. Vi har mottatt eit lesarinnlegg som ex-Sulatrenar, Kenneth Sporsheim, hadde i Sulaposten. Vi trur alle har godt av å lese dette innlegget.
Les meir..

Volda tapte
24-02-2004 20:08
-Volda tapte 0-2 for Hødd i ein treningskamp. Andre Nevstad og Lars Roar Holstad scora for laget frå Ulsteinvik, melder Volda si heimeside.

Volda2 i 4.divisjon ?
24-02-2004 13:57
-Ja, du les riktig. Volda2 fekk av-slag om å spele i 5.divisjon av kre-tsstyret, og no kan dei ende opp med å spele i 4.divisjon. Dette vil kretsen gjere eit framstøt om å få gjennomført står det på Volda sine heimesider.
Les meir..

Lesarinnlegg frå Beadle
23-02-2004 22:48
-Brattvåg gutelag sin hardarbeidane og gode høgreback Alex Beadle har sine sterke meininger angåande eit spørsmål på spelarprofilane til gute-laget.
Les meir..


Breddeidrettens trenera, blir dei verdsett ?
23-02-2004 23:21
-Med tanke på det ansvar og press som hviler på dem som skal trene barn og ungdom, er det viktig for idretten at den sørger for å øke sta-tusen på den jobben som gjøres på disse nivåene. Denne er vel så vik-tig som den trenere på seniornivå får, skriver Sarpsborg Arbeiderblad.
Les meir..


Valder ikkje til 1.divisjon ?
23-02-2004 20:24
-Er Valder klar for 1.divisjon, eller er det Aksla som er klare ? Forvirringa er vertfall total om man sjekker ta-bellen til kretsen, som du finn her. På denne er Aksla på andreplass, medan sunn fornuft vil sende Valder til kretsens gjevaste divisjon.
Siste nytt: I følgje Valder si heime-side er det no bekrefta frå kretsen at Valder er klar for 1.divisjon.


Blindheim vann mot Rollon
-Blindheim vann 5-1 mot Rollon på Herdbana søndag kveld. Blindheim har levert mange gode resultat så langt i sesongen, og ser ut til å gå mot ein fin sesong.


Espelund til topps!
-Martin Espelund frå Stranda gjekk til vann Sunnmørskupongen. Espelund viste stabil tipping over dei tre rundene og vann to poeng framfor Steinar Hjelle. Espelund vil få ei Norborg t-skjorte i premie. Nye runder av Sunnmørskupongen vil kome når serien startar.
Resultatliste

Stranda slo Godøy
22-02-2004 17:26
-Stranda vann 3-1 over Godøy i Norborg si vinterseriegruppe. Godøy spelte også ein treningskamp mot Skarbøvik dagen før. Her vart det tap 2-7. I lokalderbyet mellom Vigra og Valder vann Valderøyingane 2-0. Vinterseriekampen mellom Volda og Hødd vart avlyst. Denne vart trekt til teikn B på Sunnmørskup-ongen. Vinterseriekampen mellom Brattvåg og FK Sykkylven endte 3-7.
Stilling vinterseriegruppe 4.

På venteliste til ObsCup!
21-02-2004 13:18
-Gutelaget står på venteliste til årets ObsCup! i Sunnmørshallen. Det er dermed liten sannsynlegheit for at man får delta.


Trenar Haugan godt nøgd så langt
20-02-2004 19:25
-Herretrenar Øystein Haugan er for-nøgd med laget sitt hittil i sesong-en. -Vi har tatt eit stort steg i riktig retning, seier han til norborg.com
Les meir..

Smågutelaget vann 2-0
20-02-2004 14:56
-I ein treningskamp i Sunnmørsha-llen i dag tidlig vann smågutelaget 2-0 mot Sykkylven. Mål av Sondre Korsnes tidlig i andre omgang, og av Skjalg Volstad seint i kampen sikra sigeren for eit nesten reint 91-lag. Fjorten spelarar var i aksjon, og la ned ein god innsats på bana.


Samir og Nils Edmund nye rekrutteringsdommarar
19-02-2004 21:57
-Samir Sahman og Nils Edmund Stråmyr har gjennomført teoridelen av rekrutteringsdommarkurset som vart gjennomført på Emblem.
Les meir..

Christopher med mål mot sine eigne...
19-02-2004 21:37
-Christopher Urkedal skreiv rundt årsskiftet 3 årskon-trakt med Norborg. I går var han tilbake i Ravn-trøya og med mål mot fjorårets lagkameratar. Elles vil rykta ha det til at overgangssummen er ein 6-pack cola.

Kampreferat Ravn-Norborg
19-02-2004 21:33
-Her er kampreferatet frå onsdag-ens kamp mellom Ravn og Norborg, samt ein kommentar frå Jan Vatne-hol.
Les meir..

Ørskog neste torsdag
19-02-2004 21:01
-Torsdag 26.februar har gutelaget avtalt kamp mot Ørskog i uggedal-en kl. 20.00. Ørskog vil stille eit lag beståande av spelarar fødd i 87-89.

Smågutelaget møter Sykk-ylven i Sunnmørshallen
19-02-2004 16:16
-Smågutelaget møter Sykkylven i treningskamp fredag 20. februar kl. 11.25 i Sunnmørshallen. Frammøte seinast kl 11.00. Det blir spelt 2x 35min med 10 min pause. Alle må ta med seg niste, drikkeflaske, leggskinn og drakt. Alle må også ta med kr 50 for leige av hall. Søvik-arane møter opp kl 10.00 på Joker. Transport: :Roar, Gunn og Inger kjøre fram og Inger, Gunn og Tor-bjørn kjøre heim ca kl 13.00.

Kamp mot Molde
19-02-2004 14:23
-Gutelaget avtalte i dag kamp mot Molde sitt gutelag på KGB i Molde den 20.mars kl. 12. Dette er same dag som herrelaget møter Træff2 på same bane kl. 14. Det ligg dermed an til ein stor dag i oransje farger på den utrulig bra bana i Molde.

Vann 4-2 i kveld
18-02-2004 20:05
-Etter tomålsleiing til pause auka man til 4-0 etter halvspelt andre omgang. Då gjekk lyset bokstave-leg talt for dei oransje som lot Ravn skåre to mål. Kim Idar Krogset-hagen og Øyvind Kvammen scora før pause, medan Geir Ove Grønli og Kim Idar putta i andre omgang. Kjartan Myklebust og Christopher Urkedal skåra for Ravn som ser ut til å ha eit meget bra 6.divisjonslag på gang.
Meir kjem torsdag.

Leder 2-0 til pause
18-02-2004 19:11
-Norborg har god kontroll på Ravn på KGB etter ein omgang. 5-1 står det i store sjansar, medan det i resultatprotokollen står 2-0 til dei oransje. Kim ordna 1-0 etter eit kvarter på eit frispark frå 30(!)meter. Etter dette serverte han ballen igje-nnom til Øyvind Kvammen som tok med seg ballen nydelig før han chippa den over keeper. Norborg har god kontroll, men spelet er variabelt er statusrapporten frå KGB etter ein omgang.


Knapp Hødd-siger over Hareid
17-02-2004 22:37
-Hødd greidde berre å vinne 3-1 over nabo Hareid. Begge lag stilte med toppa mannskap.
Les meir..

Damelaget til Vårcup
17-02-2004 21:54
-Damelaget er meldt på til HaNo sin Vårcup helga den 17. og 18. april. Norborg får her god kamptrening mot tøff motstand.

Store forandringar gjort på terminlistemøtet
17-02-2004 21:06
-Det var gjort store forandringar på terminlista for 2. divisjon kvinner avd. 5. Sunndal var ute etter å spe-le dobbeltkampar når dei først tok turen til Sunnmøre. Dette med-førte blant anna at kampen Norborg-Sunndal vart flytta frå 22. august til 2. mai. Norborg fekk sine forslag igjennom og er godt nøgd med oppsettet.
Terminlista

Sunndal mot jubelsesong?
16-02-2004 23:37
-Sunndal sitt nyopprykka damelag i 2. divisjon ser ut å bli ei hard nøtt å knekke. I ei turnering tapte laget berre 3-2 for Eliteserielaget Trond-heims/Ørn.
Les meir..

Jønsson ny Vigra-trenar
16-02-2004 22:41
-Bjørn Jønsson blir ny trenar for Vigra etter at Ola Skodje måtte gi seg pga jobb. Allereie på laurdag får Bjørn Jønsson si første oppgåve i kamp. Då står Valder for tur med ein målhungrig Jønsson-liga klare til å gi vigratrenaren ein tøff start.

Erkerivalar møtast
16-02-2004 22:25
-Dei gamle erkerivalane Norborg og Ravn møtast på nøytral grunn i Brattvåg onsdag kl. 1830. Vil Nor-borg ta sin tredje strake siger over Ravn, eller vil vatningane få revansj? Møt opp å sjå.
Les meir..

Ørskog/Stordal med skrell
16-02-2004 20:01
-Det nye juniorlaget til Ørskog/Stor-dal stod for helgas bombe i Sunn-mørshallen når dei spelte 2-2 mot eit nokså redusert Aafklag. Aafk er dermed avhengig av siger mot Berg-søy for å kvalifisere seg til årets NM for juniorlag.

Ravn slo Ellingsøy
16-02-2004 13:16
-Ravn har tydeleg alvorlige planer i år, medan Ellingsøy fortsetter å slite. I helga vart det 3-2 til Ravn etter at Vatningane leia 3-0 til pause. I andre omgang bytta dei 8 mann, men sigeren var aldri trua. Dette må vi si oss fornøgd med, uttalte Ravn sin tekniske playmaker Jan Vatnehol til norborg.com. I ein annan treningskamp vann Bergsøy 3-0 over Hareid.

Norborg Quiz!
-Joakim Hurlen og Bjørn Urkedal fekk full pott og dermed 11 poeng på 1. runde av Norborg quiz. Nye spørsmål er ute no.
Resultater 1. runde
2. runde


Resultater frå helga
15-02-2004 23:39
-Valder har hatt ei hard helg med to kampar på to dagar. I vinterserie-kampen mot Ørsta på søndag vart det 0-1 tap. Dermed gjekk Valder på sitt første tap for seson-gen. Skarbøvik fortsette å tape fot-ballkampar. Denne helga vart det 0-3 for Molde 2. lag. Skodje vann 3-1 over Ørskog i vinterserien. Dette var Skodje sin første siger for året etter tap for Herd og Norborg.

Brattvåg-Valder 2-2
14-02-2004 18:04
-Brattvåg låg under 0-2 ved pause i denne treningskampen mot Valder på Brattvåg kgb, men brattvågarane ga seg ikkje å fekk uavgjort. Ex-norborgspelarane Ståle Hurlen og Frank Dalhaug netta for Brattvåg, medan Tom-Gøran Jønsson og Geir Olav Kristiansen laga måla for Valder. I ein anna treningskamp vann Hødd 12-0 over Spjelkavik. På Godøy vann heimelaget 7-1 mot Giske på grusbana, medan Harøy fekk 1-6 med seg heim frå eit sprudlande Lepsøy på grusen der ute.

MSIL/LIL2-Sunnylven 2-2
14-02-2004 17:13
-Sunnylven spelte uavgjort 2-2 mot MSIL/LIL2 i dagens kamp i vinter-serien på Herdbana. Stillinga til pause var 0-0. Erlend Sunde og Karl Ludvig Holten skaffa to mål-sleiing til sulaværingane, men Olav Åge Åsen og Alf Ole Sundgot ga Sunnylven eitt poeng.

Tap for damene
14-02-2004 15:13
-Norborg tapte 4-5 (1-4) for Ørskog i dagens vinterseriekamp for damer 7'ar. Camilla Krogsethagen 2, Frida Ahrens og Ingrid Ahrens skorte for Norborg.
Les meir..

Treningskamp mot Ravn
13-02-2004 17:52
-Norborg avtalte fredag ettermiddag treningskamp mot Ravn sitt herre-lag. Kampen blir spelt på Brattvåg kunstgras onsdag 18. februar kl. 1830.

6. divisjon klar
13-02-2004 16:19
-6. divisjonsavdelingane for Sunn-møre er no klare. Haramslaga Brattvåg2, HaNo2, Lepsøy og Ravn spelar i avdeling A som inneheld 11 lag.
Les meir..

Damelaget møter Ørskog
12-02-2004 23:39
-Damelaget spelar laurdag kl 1310 sin andre kamp i årets vinterserie for 7'ar lag.Motstandar er Ørskog. Eit lag ein har hatt eit godt tak på.
Les meir..

Jente- og småjentelaget med ekstra trening i Sunn-mørshallen
12-02-2004 16:08
-Tysdag i vinterferien, 17/2, reiser jente- og småjentelaget til Sunn-mørshallen, og har ei langtrening frå kl. 1100-1400. Treningstida er sett opp slik at det passer å reise med hurtigbåten kl 1000, og retur kl. 1435 eller 1610. Garderober er inkludert i leige av hallen. Håper dei fleste kan bli med og at det blir ein flott dag, melder Per Ringstad.

Tre jenter uttatt
12-02-2004 12:16
-Tre jentespelarar er tatt ut til kamp i i Sunnmørshallen på søndag.
Les meir..


Adrian og Martinus
12-02-2004 12:16
-Martinus Grytten og Adrian Håbet er tatt ut til kamp i Sunnmørs-hallen på søndag.
Les meir..


Solheim og Sahman
12-02-2004 12:16
-Espen Solheim og Samir Sahman er tatt ut til samling i Sunnmørs-hallen på søndag.
Les meir..


Til ObsCup!
12-02-2004 11:22
-Gutelaget vart i dag påmeldt med to lag til ObsCup! i Sunnmørshallen 6-7.mars. Juniorlaget er også ak-tuell til denne cupen, men Kim øns-kjer tilbakemeldinger på om spel-arar stiller før det skal bli påmeldt lag, uttalte han til norborg.com.

Old-boystrim i dag
12-02-2004 7:10
-I dag torsdag er det klart for nok ei økt med oldboystrim på grusbana kl. 18.00. Alle som vil er hjartleg velkomen. I går hadde Stabæk Old Boys 6 stykke på trening, slår Nor-borg sine gamle ringrever dette ?

Bjørlykhaug signerte!
11-02-2004 22:42
-Denne veka signerte Knut Ivar Bjørlykhaug ei 3 årskontrakt med Norborg. - Vi er svært glade for at Knut Ivar skreiv under. Han er ein ung og svært talentfull spelar som vi håper å få glede av i mange år, seier Norborg si sportslege leiing.

Fotograferingstidspunkt
11-02-2004 22:13
-Dei aldersbestemte laga skal i morgon fotograferast. Vi har fått oppgitt følgjande tidspunkt for kvart lag.
Les meir..

AVLYST!!!
11-02-2004 16:35
-Det vart onsdag ettermiddag beslutta å avlyse treningskampen mellom dame- og smågutelaget.

Høve til å prøve klubb-genser
10-02-2004 20:30
-Det blir på Grytastranda skule den 12. februar høve til å prøve forskjell-ege størrelsar av Norborg sin klubb-gensar. Så dersom du er i tvil på kva størrelse som passar deg, møt opp på Grytaskulen i 18-20 tida.

Dame vs. smågute
10-02-2004 17:29
-Dersom veret tillet det vil det i morgon bli spelt kamp mellom damelaget og smågutelaget. Kampen vil gå i Uggedalen med start ca. kl. 1910.

Husk utpakking av klubb-utstyr og fotosession!
10-02-2004 17:28
-Torsdag 12. februar vil det bli ut-pakking av utstyr på Grytastranda skule. Det vil også bli tatt bilete av laga, tilbod ifrå Rongve, samt at gjengløymte klede vil bli lagt fram.
Les meir..

Vigra på trenerjakt
9-02-2004 23:54
-På grunn av ny jobb i Kristiansund sluttar Ola Skodje som Vigra-trenar, og det arbeidast no med å finne ein ny mann, melder Vigra si heimeside.

Gutelaget til 1.divisjon!
8-02-2004 18:06
-Ei Samir scoring fem minutt før pause ga Norborg sigeren over Hødd i søndagens vinterkvalifiser-ingskamp. Denne 1-0 sigeren var også nok til at Norborg spelar i 1. divisjon for gutelag sesongen 2004. dette vart klart etter at Blindheim og Sulalaget spelte 2-2 seinare søn-dags kveld. -Eg er imponert, var kommentaren frå Alstadsæter.
Les meir..

Resultater frå Sunnmørs-fotballen
8-02-2004 16:41
-Skarbøvik-Volda 2-3, FK Sykkyl-ven-Langevåg 1-1, Spjelkavik-Valder 3-3.

Godkjent av juniorane
7-02-2004 12:26
-Med stor innsats tapte Norborg sitt juniorlag berre 0-6 for AaFK. Still-inga ved pause var 0-2.
Les meir..

HaNo banka Brattvåg
7-02-2004 1:03
-I ein treningskamp på Brattvåg kunstgrasbane fredag kveld vann Norborg sin 4. divisjonskollega HaNo heile 4-1 over Brattvåg. Heimelaget mangla ein del mann, samtidig som Kjartan Myklebust og Eivind Grøtt Ulla har vendt heim til moderklubben Ravn.

Toppkamp på søndag
7-02-2004 0:09
-Søndag er de klart for vinterens kamp for gutelaget. Hødd står på andre sida av bana, i kampen som skal sende det eine laget til 1.divi-sjon, medan det andre må gå i uvisse nokre veke til.
Les meir..

Underhaldande spel då Norborg tok ein ny siger!
6-02-2004 21:01
-Norborg vann 3-1 over Skodje i ein treningskamp fredag kveld. Skodje sjokkopna med eit tidleg mål, men Norborg kom seg til hektene og utlikna ved Kim Idar Krogsethagen etter 25 minutt. Norborg viste godt spel og produserte mange sjansar, men fekk ikkje fleire mål før pause. Fem minutt etter pause ordna Geir Ove Grønli 2-1 leiing, medan Tarjei Urkedal auka til 3-1 ti minutt før slutt. Norborg var det klart beste laget, og burde ha vunne med større siffer.
Les meir..

Damelaget opnar mot Træff
6-02-2004 21:00
-Damelaget får ein tøff start på sin debut i 2. divisjon. Motstandar er nemleg avdelingsfavoritt Træff. Kampen er oppsett i Molde samme dag som herrene spelar mot ÅVK. Første heimekamp er mot FK Sykkylven søndag 2. mai. Første nabooppgjer mot Brattvåg er mån-dag 31. mai i Søvikdalen.
Terminlista.

Tildelt spelemidler til utstyr
6-02-2004 12:18
-Norborg har blitt tildelt midlar frå Norges Fotballforbund til utstyr. Midlane skal gå til anskaffelse av mål til den nye grasbana.
Les meir..

Rot i kontigentbetalinga
5-02-2004 22:19
-Svært mange har betalt inn feil beløp av årskontigenten. Vi ber dermed alle om å rekne over ein gong til, og at dei gir beskjed om dei skal ha tilbake pengar, eller skal betale meir. Vi håper at alle dere aldersbestemte spelarar i Norborg som les dette, kan høre med foreldra om dei har betalt rett beløp.
Les meir..

Første salva gjekk torsdag
5-02-2004 21:49
-Torsdag gjekk dei første skota på den nye grasbana i Uggedalen. Bana vil stå klar til sesongstarten i 2005.

Eldevik dømmer mot Skodje
5-02-2004 21:47
-Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) dømmer kampen mellom Norborg og Skodje i Uggedalen fredag kl. 19.

Møt opp å sjå nye Norborg
4-02-2004 23:35
-Norborg spelar fredag kl. 19 i Uggedalen treningskamp mot Skodje. Vil Skodje få revansje for
1-7 tapet sommaren 2002? Møt opp å sjå om nye Norborg nok ein gong tek skalpen på Skodje.
Les meir..

Skodjekampen flytta til fredag
3-02-2004 19:29
-Norborg sin kamp mot Skodje er flytta frå søndag til fredag. Kampen skulle eigentleg bli spelt på Bratt-våg KGB, men vil no istaden bli spelt på Uggedal grus med kamp-start kl. 19. Forutsetningane for at kampen blir gjennomført er at snøven smelta vekk.

Aafk på laurdag
3-02-2004 19:12
-På laurdagsmorgon er det Aafk som er motstandar for vårt juniorlag i Sunnmørshallen. Kampen startar kl. 10.30, og i fjor enda det med eit fryktelig 0-19 tap. Tid for revansje ?
Les meir..

"Neven" ute i fire veker
3-02-2004 18:22
-Den hardt-tacklande backen Jan Even Drønnesund vart tysdag ope-rert i foten og blir borte frå fotballen i ca. 1 månad. Jan Even fekk i fjor vinter sett inn to skruar etter at han knakk foten. Sidan han ikkje har blitt heilt bra igjen så måtte han i dag fjerne desse. Årsaka til at "Neven" har gått å kjent smerter dei siste ti månadene er at ei sen låg å knog borti eine skruen. "Neven" satsar på å starte med løpetrening om ei veke eller to, og vere i full trening igjen innan fire veker.

Treningsleiren avlyst!
2-02-2004 16:13
-På fredagens spelarmøte vart det bestemt at Norborg likevel ikkje reise på treningsleir til Nederland. Grunnen er at halvparten av spelar-ane ikkje hadde anledning til å bli med. Norborg vil difor prøve å få til noko anna moro istaden for Neder-land.

Juniorlaget tapte 4-0
1-02-2004 14:09
-Bergsøy vart for sterke for junior-laget i dagens kamp. Eit redusert juniorlag, som blant anna mangla årets spelar dei to siste åra Asgeir Kalvø, tapte til slutt 4-0. Neste helg er Aafk motstandera, då blir det vel siger tidlig laurdagsmorgon.

Aafk-Rollon 4-0
1-02-2004 13:42
-Aafk vann 4-0 mot Rollon i dagens juniorkamp i Norborg si pulje. Rol-lon stilte redusert, og mangla blant anna gode Erik Røsvik, melder Aafk sitt speakers corner.