2007
2006

Dagboka

Dag og natt for Norborg
27-02-2007 23:00
-Norborg starta forrykande i trenings-kampen mot Vestnes Varfjell i kveld, og leia fortent 1-0 ved pause etter mål av Edward Laverton. Oransjetrøyene spelte verkeleg god fotball dei første 20-25 minutta og skapte 6 store sjansar på denne tida. Etterkvart kom heimelaget meir inn i kampen, og i 2. omgang hadde dei full kontroll på frustrerte norborgarar. 0-1 vart snudd til 4-1, og ein klar og fortent siger til dei mørkeblå. Meir kjem onsdag 7. mars.

Tøff kamp mot Varfjell tysdag
26-02-2007 18:02
-Kort kvile for Norborg sitt herrelag som skal ut i sin andre kamp på tre dagar. Denne gong går turen over fjellet til Romsdal og møte med 3. divisjonslaget Vestnes Varfjell.
Les meir..

Grei siger i Haramsderbyet
25-02-2007 16:34
-Norborg vann 4-0 over HaNo i dagens vinterseriekamp på Moa KGB. Etter å ha mistbrukt nokre store sjansar tok endeleg Norborg leiinga like før ein halvtimes spel ved Geir Ove Grønli. Ti minutt seinare la Steffen Grytten fortent på til 2-0. Norborg styrte også etter pause og innbyttar Ole Johan Urke auka til 3-0 tjue minutt ut i omgangen. Like før slutt fastsette Kristian Søviknes til 4-0. Norborg var best i ein lite underholdande kamp med svakt tempo.
Les meir..
Tabell

Helgas treningskampar
25-02-2007 18:30
Fredag:
FK Sykkylven-Hødd 0-2
Laurdag:
MSIL-Vigra 3-1
Volda-Langevåg 3-2
Ellingsøy-Ravn 1-2
(Bent Erik Nedrevold og Christopher Urkedal scora for Ravn).
GuLars-Herd 2-7
Molde-AaFK 0-2
Bergsøy-Hareid uts.
Søndag:
HaNo-Norborg 0-4
FK Sykkylven2-Sunnylven 5-2
Skavøypoll-ÅVK 2-1

Harøy-Giske 2-0
Stordal-Ørskog 1-4

Nordicbet held Norborg som favoritt
23-02-2007 17:18
-Nordicbet gir odds på Norborg denne helga også. I søndagens kamp mot HaNo blir oransjetrøyene rekna som klar favoritt. Norborg-siger gir tilbake 1.45 av innsatsen. Uavgjort 5.00 og HaNo-siger 3.50.
Les meir..

Sæterøy reddande engel
22-02-2007 22:32
-Då Norborg sitt B-lag kom til Bratt-våghallen i kveld møtte ein stengt dør og mørk hall. Stor takk til Håkon Sæterøy som heiv seg i bilen og kom å låste opp.

Nytt lokalderby på søndag
22-02-2007 22:23
-Norborg spelar søndag kl. 14 vinter-seriekamp mot HaNo på Moa KGB. Norborg får tilbake Stein Erik Alve-stad frå sist kamp, og har ein stor stall å ta av.
Les meir..

Hødd2 vann over Bergsøy
21-02-2007 22:51
-Medan golfkompisane Bellamy og Riise fiksa 2-1 siger til Liverpool over Barcelona, vann Hødd2 3-2 over Bergsøy.

Karneval i Søvik
21-02-2007 18:03
-Norborg arrangerar karneval og discotek i gymsalen ved Søvik skule 1. mars.
Kl. 18-20: 1.-4. klasse
Kl. 20-22: 5. klasse og oppover.
Premie for beste kostyme. Inng. bill kr. 50,-. Kiosk.

Positive takter av Norborg
20-02-2007 20:48
-Norborg tapte i kveld 2-5 for Brattvåg på iskalde Brattvåg KGB. Heimelaget tok leiinga allereie etter 50 sekund ved Joakim Stormyr då han enkelt putta aleine med keeper etter at Norborg bygde opp eit angrep mot eige mål... Norborg viste likevel positive takter og skapte eit par store sjansar i eit opningskvarter med forrykande tempo. Men frå det 24. til det 32. minutt seie gultrøyene takk for følget og scorar tre mål. Først sette Adrian Håbet inn 2-0 mot sine gamle lagkameratar før trenaren sjølv, Frank Dalhaug, sette eit frispark frå 22 meter i mål. Joakim Stormyr lagar 4-0 då han nok ein gong får ei gåve-pakke frå Norborg-forsvaret. Etter pausen løfta Norborg seg kraftig, og to minutt ut i omgangen reduserar Steffen Grytten då han stusser inn eit legg frå Kristoffer Søviknes. Nokre minutt seinare får Tarjei Urkedal straffe, men Geir Ove Grønli sette den langt utafor stolpane. I staden for ny redusering er det Erik Åkre som lagar 5-1 ein time ut i kampen. Tjue minutt før slutt pyntar Kenneth Vegsund på resultatet då han styrer inn ein corner frå Kristian Søviknes. Ei god gjennomkjøring der Norborg-spelarane fekk ei positiv oppleving med siger i 2. omgang. Returmøtet mellom laga går vonleg på Uggedal stadion 9. april. Les meir..

Lokalderby på tysdag
19-02-2007 22:25
-Tysdag kl. 18 er det klart for lokal-derby på Brattvåg KGB mellom heimelaget og Norborg. Oransje-trøyene stille med følgjande lag: Geir Roar Gamlem - Stein Erik Reitan, Kjell Terje Brusdal, Knut Ivar Bjørlyk-haug -
André Larsen, Kristian Søvik-nes, Steffen Grytten, Tarjei Urkedal - Kristoffer Søviknes, Geir Ove Grønli og Asgeir Kalvø. Innb. Jan Even Drønnesund, Kenneth Vegsund, Ole Johan Urke, Bee, Edward Laverton og Elling Mikal Kalvø. Norborg har god tru på eigne ferdigheiter og går ut i den gamle Ajax-formasjonen; 3-4-3. Eit spennande val av trenarteamet. -Vi har nokre usikre moment, men gleder oss til å møte Sunnmøre sitt svar på Chelsea, seie trenar Kristian Søviknes. Sterk dommartrio i denne kampen. Fredrik Løken er hovud-dommar, medan Bjarte Steinsbu og Oddbjørn Hatlehol er assistent-dommarar. Oppmøte kl. 17.

Nivåheving, men tap!
18-02-2007 19:03
-Godøy vann 2-0 over Norborg i vinter-serien på Moa KGB søndag. Etter 0-0 ved pause tok Godøy leiinga ti minutt ut i 2. omgang. Norborg hevdar målet burde ha blitt annullert fordi Svein-Arve Alnes tok ulovlege middel i bruk for å vinne duellen med Knut Ivar Bjørlykhaug. Alnes sjølv seier at han var oppe med arma, men at han ikkje skubba nokon. Trond Brynestad snappa ballen og laga 1-0. Eitt minutt på overtid scorar Sven Harald Nyvoll Godøy sitt andre mål. Også dette vart tvilsamt godkjent. Ballen var ifølgje keeper Geir Roar Gamlem ein halv meter over kortlinja før legget kom. Sjølv om måla var av den tvilsame karakteren, så var sigeren fortent. Norborg løfta seg frå sist kamp, men har mykje å jobbe med offensivt.
Les meir..

Brattvåg leika seg mot Rollon
18-02-2007 19:12
-Brattvåg vann heile 7-1 over Rollon i sin siste vinterseriekamp. Frank Dalhaug og Joakim Stormyr scora før pause, medan
Erik Åkre (2), Martin Sundnes, Sindre Dalhaug scora etter pause, samt eit sjølvmål av Rollon. Brattvåg skifta omtrent heile laget i pausen. I ein anna kamp vann Langevåg 5-2 over Tornado Måløy, medan Vigra vann 6-0 over Giske.

Påmeldte lag 2007
18-02-2007 12:25
-Etter at påmeldingsfristen i ung-domsklassene 13-19 år gjekk ut 15. februar har Norborg meldt på 4 lag. Dette er Jenter 16 7'ar, Jenter 14 7'ar, Gutar 16 7'ar og Gutar 14. Fullstendig oversikt finn du her.

Smånytt frå Sunnmøre
17-02-2007 22:45
-1. divisjon for G16 er klar, Giske med tru på Norborg2, Stordal til Nederland, ny mann til HaNo og Lom på treningsleir til Ålesund er nokre av nyheitene du finn her.
Les meir..

Tapte årets siste damekamp
17-02-2007 19:05
-Det vart 5-9 tap for Ellingsøy i det som var Norborg-damenes siste kamp for denne gong. Norborg hang godt med i starten og haldt gul-trøyene til 2-2 ved pause. I minutta etter pause førte dårleg konsentrasjon til at Ellingsøy scora to gongar på eitt minutt. Elles var 2. omgang prega av Hawaii-fotball med stor strekk i laga og store sjansar. Camilla Johansen (3), Nina Witsø og Linda Flem Stavik scora for oransjetrøyene. - Vi hadde berre 8 spelarar tilgjengeleg og vart særs sliten i 2. omgang. Elles bra innsats på dei som møtte. Nyttar høve til å sende helsing til spelarane som er i USA, Brasil, Trondheim, Grytastranda og Søvika, sa trenar Kristian Furnes etter kamen. Norborg har mista mange spelarar sidan desember, og kjem ikkje til å melde på laget til serien. Dermed er Norborg borte frå kartet i damefotball.


Kunstgrasbaner rundt Grytafjorden
17-02-2007 18:10
-To av dei tre klubbane rundt Gryta-fjorden skal i løpet av året få seg kunstgrasbane. Ellingsøy er i full sving med gravearbeid og sprenging på Nes stadion, og vedtok denne veka kva type kunstgras ein skal legge. Etter å ha synfart fleire baner vart leverandøren Sport Surface frå Haugesund valgt. Graset heiter Soccer Pro Extreme og graslengda blir 55mm. Ellingsøy håper å få lagt graset i løpet av april. Norborgarane hjå Aker Yards Electro har den siste veka blitt "mobba" av Ravn sin benke-slitar Bent Erik Nedrevold. Ravn vedtok nemleg sist søndag å bygge både 11'ar og 7'ar bane med kunst-gras. Eit mindretal på årsmøtet meinte at ein burde vente med 7'ar bana, men fleirtalet vil at ein skal gjennomføre alt dette i år. Totalt vil dette koste ca. 6 mill. Norborg blir dermed einaste klubben rundt Gryta-fjorden utan kunstgrasbane, og sidan ein mistar bruksretten på Brattvåg KGB neste år, bør nok prosjekt Uggedal KGB snarast kome på plass.

Stranda sitt fjerde strake tap
17-02-2007 15:37
-Stranda slit med skadar og sjukdom og gjekk i dag på sitt fjerde strake tap denne vinteren. På Moa KGB vart Valder for sterke og vann heile 5-1. Tom Gøran Jønsson (2) og Kenneth Kjevik (2) og unge Ole Johan Synnes Skjong scora måla for Valder.

Storsiger til Herd
16-02-2007 20:22
-Herd vann heile 5-0 over Stordal i vinterserien. Herd leia 2-0 ved pause, melde stordal.nu. MSIL vann 6-3 over Emblem.

Terminlistemøte 27. februar
16-02-2007 17:26
-Det blir terminlistemøte for 6. divisjon avd. 1 på Skodje klubbhus tysdag 27. februar kl. 18. Det som er sikkert er at Norborg2 sin opningskamp blir flytta etter ønske frå Brattvåg2, medan siste seriekamp mot Lepsøy er oppsett samtidig som 1. laget møter ÅVK, og må flyttast.

Odds på Norborg-Godøy
16-02-2007 17:10
-Nordicbet tilbyr odds på to lokale vinterseriekampar. Dette er FK Sykkylven-Tornado Måløy på laurdag og Norborg-Godøy på søndag. Oddsen finn du her.

Vinterseriekamp mot Godøy
15-02-2007 22:44
-Norborg spelar søndag kl. 16 sin første vinterseriekamp. Motstandar er ingen ringare enn Godøy. Eit lag ein tradisjonelt har hatt problem med å slå. Oppmøte kl. 14 på Mix Søvik.
Les meir..

Bergsøy slo ÅVK
15-02-2007 16:40
-Bergsøy vann igår kveld 2-0 over ÅVK på Høddvoll KGB.
Les meir..

Ufortent tap mot Tomrefjord
14-02-2007 22:30
-Norborg2 tapte 4-3 for Tomrefjord på Vestnes KGB i onsdag kveld. Norborg2 sleit med posisjonane og gjorde ein del feil val i 1. omgang. Sjansemessig var ein likevel fullt på høgde med Tomrefjord, men effektiviteten var langt høgare hos romsdalingane. Dermed låg ein under 4-2 ved pause. I 2. omgang la ein om formasjonen og starta å kjøre over Tomrefjord, men trass 7-8 store sjansar var det berre Kristoffer Søvik-nes som fann vegen til nettmaskene. Dermed vart det eit ufortent 4-3 tap i debutkampen for Norborg2. - Ein kamp vi heilt klart burde ha vunne, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen. Laget: Trond Elstad - Kenneth Vegsund, Elling Mikal Kalvø, Kristian Furnes (Bee, 46), Kristoffer Engeset (Geir Magne Grande, 72) - Martin Grytten (Skjalg Volstad, 46), Eivind Fjørtoft, Erlend York, Asgeir Kalvø - Ole Johan Urke, Kristoffer Søviknes.

Resultatservice Tomrefjord-Norborg2
1-0 (4)
1-1 Sjølmål (25)
2-1 (27)
3-1 (33)
3-2 Asgeir Kalvø (38)
4-2 (42)
4-3 Kristoffer Søviknes (59)

*Norborg2 fekk tre forfall til denne kampen. Jan Even Drønnesund, Amund Terøy og Christian Søvik måtte melde avbod.
**Jamn 1. halvtime, men TIL mest effektiv.
***4-2 til Tomrefjord ved pause.
****Norborg2 har lagt om formasjonen og pressar kraftig etter pause. Kristoffer Søviknes har redusert.

Varfjell slo Stranda
13-02-2007 20:47
-Vestnes Varfjell vann i kveld 4-2 over Stranda på Vestnes KGB.

Treningskampar for 6. divi-sjonslag
12-02-2007 22:37
-Vi vil prøve å oppdatere trenings-kampane som laga i 6. divisjon avdeling 1 spelar.
Dersom du veit om kampar som ikkje står på vår oversikt, venlegst send oss ein mail om det, eller skriv i gjesteboka vår. I helga vann for øvreg Harøy 2-1 over Fiksdal/Rekdal.
Kampoversikt
Treningskamptabell


Lokalderby opnar 6. divisjon
12-02-2007 20:17
-Det ligg an til eit durabeleg nabo-oppgjer i opningsrunda av 6. divisjon avdeling 1. Brattvåg2-Norborg2 står nemleg på tapeten måndag 30. april kl. 1830 på Brattvåg KGB. Norborg2 sin første heimekamp er veka etter mot Giske. Vi legg til at dette er eit forslag til terminlista. Den endelege terminlista blir bestemt på termin-listemøtet i løpet av ei veke eller to.
Terminliste 6. divisjon avd. 1

Kamp mot Tomrefjord
11-02-2007 21:43
-Onsdag kl. 20 er det 2. lagskamp mot Tomrefjord. Norborg stille med følgjande lag: Kristoffer Engeset, Elling Mikal Kalvø, Jan Even Drønne-sund, Kenneth Vegsund - Asgeir Kalvø, Erlend York, Eivind Fjørtoft, Amund Terøy - Kristoffer Søviknes, Kristian Furnes. Innb.: Ole Johan Urke, Martin Grytten, Bee, Skjalg Volstad, Edward Laverton, Geir Magne Grande og Christian Søvik. Keeper blir tatt ut seinare. Alle møte ferdig ombytt på Mix Søvik kl. 18.

Rollon og Sunnylven tapte
11-02-2007 21:43
-Rollon tapte vinterseriekampen mot Valder med 2-4, medan Sunnylven tapte ein treningskamp mot Vigra med 2-3. Herd låg under 1-5 for Hareid ved pause, men kom tilbake og greidde 5-5. Harøy vann 2-1 over Fiksdal/Rekdal.

Divisjonsforskjell mellom Godøy og HaNo
11-02-2007 16:05
-Godøy vann heile 11-2 over HaNo i vinterseriepulje 4 idag. Godøy tok leiinga allereie etter 20 sekund og leia 3-0 ved pause. I 2. omgang vart det scora heile 10 mål derav 8 til Godøy og 2 til HaNo. Norborg møter Godøy neste søndag og HaNo om 2 veker. Hødd vann 4-0 over Skarbøvik. Storsigeren til Godøy er etter det vi veit, den 3. største sigeren i vinter-serien sidan starten i januar 2000. Her ser du dei ti største sigrane.


Mange 4. divisjonslag i aksjon
11-02-2007 11:15
-Mange av 4. divisjonslaga skal i aksjon i dag. I vinterserien spelar Godøy-HaNo (12) og Rollon-Valder (16), medan Herd-Hareid (18) og Sunnylven-Vigra (18) på CLS spelar vanlege treningskampar. SIF og Hødd møtast i vinterseriekamp kl. 14.

Brattvåg slo Stranda
10-02-2007 18:32
-Brattvåg vann 3-1 over Stranda i vinterserien idag. Kristian Grønmyr ga Brattvåg leiinga til pause, medan Eivind Grøtt Ulla scora to etter kvila. I ein anna kamp vann Langevåg heile 6-3 over Spjelkavik. Stryn vann 5-0 over AaFK2.

Ekornes-dobbel senka Norborg
9-02-2007 22:46
-To mål med 6 minutts mellomrom av Olav Georg Ekornes ga Ørskog ein fortent siger over Norborg på Herd KGB fredag kveld. Oransjetrøyene starta kampen best og var særs nær to mål det første kvarteret, men etter dette var det Ørskog som stod for sjansane. I løpet av 1. omgangens siste halvtime kom blåtrøyene seg til fire gode sjansar der Ekornes sette inn to av dei. Ørskog skapte det meste også etter pause, men trass nokre store sjansar vart det ikkje mål. Dermed enda kampen med 2-0 til laget frå Sjøholt.
Les meir..

AaFK stakk av med dommaren!
9-02-2007 17:10
-Fredrik Løken skulle i utgongs-punktet dømme treningskampen mellom Norborg og Ørskog i kveld, men ettersom dommaren i oppgjeret mellom AaFK og Viking ikkje rakk flyet sitt, måtte unge Løken steppe inn som ass. dommar på "danske-båten". Even Myrheim frå Herd stille opp på kort varsel på Moa KGB.

Smånytt frå Sunnmøre
9-02-2007 16:53
-Det blir stadig større aktivitet i sunnmørsfotballen etterkvart som vekene går. Her er eit knippe nyheiter frå veka som har gått.
Les meir..

Flott skeiseis på Gamlem
8-02-2007 22:58
-Det er for tida flott skeiseis på Gamlem. Bana ligg ved turstien Gamlem – Hurla, ca. 200 meter å gå frå parkeringsplassen ved Bjørnøykrysset. Det er oppsett lysstolper slik at bana også kan nyttast etter at det har blitt mørkt. Bana er finansiert av lokalt næringsliv, private og offentlege midlar, samt dugnadsarbeid, og er open for alle.

Nye Norborg mot Ørskog
8-02-2007 22:38
-Norborg møter Ørskog på Herdbana fredag kl. 20. Med ein snittalder på dryge 20 år stille oransjetrøyene til start med eit purungt lag i denne kampen.
Les meir..

Mange på B-lagstrening
8-02-2007 21:49
-Heile 21 stk møtte på Norborg si B-lagstrening i Brattvåghallen torsdag kveld. Vi håper alle tek turen neste torsdag til samme tid.

Ørskog-kampen flytta til Herdbana

8-02-2007 11:41
-Treningskampen mot Ørskog er flytta frå Brattvåg KGB til Herd KGB. Kampstart fredag kl. 20. Stor takk til Ellingsøy som har godteke å trene utanfor 11'ar bana på Moa denne kvelden.

Blir i Ravn
8-02-2007 06:41
-Christopher Urkedal og Jørn Hegge-lund, som har trent og spelt kampar med Norborg denne vinteren, tok denne veka avgjersla om å bli i Ravn. -Veldig synd for oss. Dette er to gode spelarar som kunne ha gjort det bra i 4. divisjon. Vi ønskjer dei lykke til vidare, seie Norborg si leiing.

Laget og tropp til Ørskog-kampen fredag
7-02-2007 21:41
-Desse startar: Geir Roar Gamlem, Stein Erik Alvestad, Kjell Terje Brusdal, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kristian Furnes - Andre Larsen, Eivind Fjørtoft, Kristian Søviknes, Kristoffer Søviknes - Asgeir Kalvø, Ole Johan Urke Innbyttera: Kristoffer Engeset, Erlend York, Elling Mikal Kalvø, Amund Terøy, Edward Laverton, Kenneth Vegsund Avreise 18.00 på Mix, kampen startar 20.00 på Herd KGB.