|
Retting
på adelskalender
30-12-2004 18:22
-Amund Terøy spelte ein kamp for a-laget i 2004, mot Lepsøy.
Denne hadde ikkje komt med på adels-kalenderen som vi la ut for
ei veke sidan.
Adelskalender
Oppsummering romjuls-turnering
30-12-2004 18:19
-Her er ei lita oppsummering av det som skjedde på romjulsturneringa
2. juledag.
Les meir..
Bra innsats av Norborg-damene
30-12-2004 1:39
-Norborg sitt damelag deltok tysdag på HaNo si romjulsturnering
i Brattvåghallen. Norborg vann 3-0 over Kongo, medan det vart 2-4
tap for HaNo og 0-1 for Skodje. Alt i alt ei bra turnering av Norborg
som stilte med berre 6 spelarar. Helland gjekk til topps i cupen.
Tiltrer som assistent
30-12-2004 0:56
-Jan Even Drønnesund takka seint onsdag kveld ja til å bli
assistenttrener på gute/juniorlaget sesongen 2005. Norborg si sportslege
leiing er svært godt fornøyd med å få på
plass denne brikken i puslespelet rundt gute/ juniorlaget for sesongen
2005. Dei siste brikkene vil falle på plass i løpet av noen
dager.
Småjentene med sesongavslutning
27-12-2004 17:37
-Då årets småjente-lag hadde siste treninga for sesongen vart
det markert med fotball-turnering, pepperkaker og brus.
Les meir..
Møter Brattvåg til siste test
27-12-2004 16:06
-Haram sine to juniorlag møtast til treningskamp på Brattvåg
KGB 16.januar. Dette blir einaste kampgjennomkøyringa desse laga
får før vinterkvaliken startar i Sunn-mørshallen helga
etter.
Vann sølv!
26-12-2004 18:27
-Norborg tok til slutt 2. plassen på årets romjulsturnering
i Brattvåg-hallen. Norborg vann dei 5 første kampane men
måtte til slutt sjå seg slått 3-2 for Prim, som er eit
slaga Haramslandslag, i finalen. Eirik York ga Norborg leiinga på
eit hardt frispark, men Frank Dalhaug og Arnel Colic snudde kampen. Heilt
på tampen reduserte Roger Grytten for Norborg. Vi gratulerer Prim
med gullet, Norborg med sølvet og Skodje med bronsja.
Slo Skodje i semien
26-12-2004 18:24
-Norborg venta tøff motstand i semifinalen då Skodje var
motstandar. Norborg var i ein god driv og Eirik York dunka inn 1-0 på
frispark. Ikkje lenge etter ordna Roger Grytten 2-0 før Kristian
Bakkeli reduserte. Jan Even Drønnesund roa nervane til Norborg
med å lage 3-1. Dermed var Norborg i finalen.
Roger helten mot HaNo
26-12-2004 18:22
-I kvartfinalen stod HaNo på motsett halvdel. Håkon Sæterøy
ga blåtrøyene leiinga etter ca. 4 minutt, men Roger Grytten
og Norborg kom sterkt tilbake å snudde kampen til 2-1.
Vann gruppa
26-12-2004 18:19
-Norborg vann 3-2 over Midsund i gruppefinalen. Tarjei Urkedal ga oransjetrøyene
leiinga før Midsund i det heile hadde fått toucha ballen.
Omtrent halvvegs i kampen utlikna Øien for Midsund før Stian
Blø ga romsdalingane leiinga. Men Norborg hadde mest krefter å
snudde kampen til sin favør etter mål av Tarjei Urkedal og
Edward Laverton.
God start på romjuls-turneringa
26-12-2004 13:13
-Norborg har vunne 4-1 over Brattvåg2 og 6-0 over Harøy på
sine to første kampar i Brattvåg ILs romjulsturnering. Norborg
starta famlande mot Brattvåg2 og kom under 0-1 etter mål av
Arild Vågnes. Etterkvart kom så oransjetrøyene seg
til hektene. Kristian Søviknes putta først to kjappe før
Stein Erik reitan og Edward Laverton auka leiinga yttarlegare. Mot Harøy
tok ein tidleg leiinga å auka jamt å trutt. Roger Grytten
scora 2 mål, medan Eirik York, Edward Laverton, Tarjei Urkedal og
Morten Kalvø scora eitt kvar. Morten sitt mål kom på
pasning av trenar Haugan! Norborg møter Midsund kl. 1449 i siste
gruppekamp.
Nytt på norborg.com
25-12-2004 19:10
-I dag har vi fått inn eit par nye ting på norborg.com. Under
pop-up menyen på Historie i venstre marg er det lagt inn ei sak
vi kallar "motstandarar".
Her finn du resultat Norborg har fått mot alle laga på Sunnmøre.
Lenger ned på menyen finn du "Skjemaer".
Denne er til hjelp for alle som leitar etter f.eks. skadeskjema. Her ligg
også reiserekningsskjema som skal nyttast av alle spelarane som
skal ha tilbakebetalt kjørepengar.
Møter Midsund og Ørskog i vinterserien
24-12-2004 3:44
-Norborg sitt damelag møter Midsund og Ørskog i vinterserien.
Kampen mot Ørskog spelast søndag 23. januar, medan ein møter
Midsund søndagen etter.
Trenerkandidater i tenkeboksen
22-12-2004 0:40
-Det arbeidast i desse dager med å få på plass eit trenerteam
rundt gute og juniorlaget til neste år. 2/3 av fjorårets guteteam
tar ei pause, og nye trenera vil tiltre. Noen kandidater er i desse dager
i tenkeboksen, og mest sannsynleg så vil eit opplegg bli presentert
i løpet av romjula. Kandidatane er både interne og eksterne,
og ein av dei har også ein høg formell utdannelse innen treneryrket.
Adelskalender 2004
- foreldre i fare!
21-12-2004 19:44
-Adelskalenderen er no oppdatert, og her finn vi fleire interessante ting.
Blant anna står Arild Vegsund og Per Ove Urkedal i fare for å
bli forbigått av sine soner. Kenneth Vegsund er 12 kampar bak sin
far Arild (totalt 257 kampar), medan Tarjei er 5 kampar bak pappa Per
Ove (170 kampar). Elles er Kim Idar Krogsethagen berre 3 kampar bak sin
arbeidsgivar Arthur Enge-set (185 kampar). Trass sin unge alder er Kim
Idar oppe på ein 23. plass på adelskalenderen, og er den som
har størst sjanse til å vippe Svein Gjerset av pinnen. Held
Kim fram i samme tempo som til no, treng han 8 skadefrie sesongar til
i den oransje trøya for å bli nr. 1.
Adelskalender
Kampoppsett romjulscup
21-12-2004 19:00
-Kampoppsettet til HaNo si rom-julsturnering for damer er klart. Norborg
er i gruppe med Kongo, Skodje2 og Hano, og spelar kampar kl. 1220, 1400
og 1440.
Kampoppsett
på HaNo si nettside
Fræning ny spelarutviklar
20-12-2004 17:11
-Kjell Inge Vågen frå Bud IL er tilsett som ny spelarutviklar
i Møre og Romsdal etter at Geir Hansen sa takk for seg.
Les
meir..
Avdelingsoppsettet for kvalifisering 1.divisjon
20-12-2004 12:57
-Avdelingsoppsettet for kvalifisering til 1.divisjon er klar, og Norborg
kan si seg godt fornøyd med to interessante og sportslege gode
grupper. Juniorlaget skal møte Hødd, Spjelkavik, Emblem/
Blindheim og Volda2. Gutelaget er toppseeda og skal ut i kvalik mot Aafk,
Sykkylven, Emblem og Volda2. Vår gode nabo Brattvåg har på
papiret fått tøffare motstand. Juniorane der inne skal møte
Herd, Hareid, Volda1 og Rollon, medan gutelaget skal møte seriefavoritt
Aksla, Sandegutt og Rollon. To beste laga i kvar gruppe går til
1.divisjon 2005.
Alle
avdelingane
Storskårar ute med skade
19-12-2004 2:22
-Toppskårar
på guter 7´er Thomas Ringstad (bilete) er ute av spel etter
å ha skada fingeren. Det var ei ikkje namngitt Brattvågjente
som skapte skaden under sukkerkoking på BUSK sist uke. Vi ønskjer
han god betring og ei lykkelig jul.
Ravn på nett
19-12-2004 1:11
-Så har også våre naboar i aust, IL Ravn, kome seg på
nett. Sida finn du her.
Spjelkavik i juleform
19-12-2004 0:55
-I ein treningskamp vann Spjelkavik heile 7-0 over 3. divisjonskollega
Bergsøy.
Vinterserieoppsett
16-12-2004 17:39
-Gruppene og kampoppsettet for vinterserien er no klart.
Gruppe
1: AaFK, Hødd, SIF og Valder. Gruppe
2: Langevåg, FK Sykkylven, Bergsøy og Spjelkavik.
Gruppe
3: Blindheim/Emblem, Godøy, Stranda og Ørsta. Gruppe
4: Brattvåg, Vestnes Varfjell, Vigra og Ellingsøy.
Gruppe
5: Rollon, Herd, MSIL og Stordal. Gruppe
6: Giske, Harøy, Ørskog og Skodje. Gruppe
7: Vartdal, Lepsøy, Ravn og Kvamsøy.
Dommarkurs!!
16-12-2004 16:42
-Dersom du vil bli fotballdommar har du no sjansen til å melde deg
på rekrutteringskurset som går på Emblem i januar-februar.
Kurset er gratis!!
Les
meir..
Takker for seg !
16-12-2004 13:17
-Stig Antonsen og Jan Egil Alstad-sæter takker for seg etter to
år i trenerteama rundt gute og junior i fjor. Begge har ein jobbsituasjon
som gjer det vanskelig å kombinere med eit trenarverv neste år.
Kva som skjer vidare med resten av årets støtteapperat og
trenerteam rundt gute og junior er fortsatt uvisst. Styret jobber med
alternativ, og håper at noe er på plass i løpet av
få dager. Vi takker begge to for ein strålande innsats dei
siste to åra !
Norborg sine kampar på romjulsturneringa
15-12-2004 22:10
-Kampoppsettet for romjulstur-neringa som Brattvåg arrangerar 2.
juledag har kome.
Norborg-Brattvåg2 startar kl. 1051, Harøy-Norborg går
kl. 1159, Norborg-Midsund er kl. 1449. Kampane varer i 15 minutt.
Gamlem inn i trenerteamet
14-12-2004 22:24
-Norborg sitt herrelag hadde tysdag kveld spelarmøte. Her vart
blant anna Noralf Gamlem presentert som ny mann i trenarteamet. Noralf
skal jobbe med fysisk fostring og skadeforebygging fram til påske.
Les meir..
Romjulsgruppene klare
14-12-2004 22:22
-Norborg møter Brattvåg2, Midsund og Harøy på
romjulscupen 2005. Sjå Brattvåg si nettside
for full-stendig gruppeoppsett.
Opner borte mot Herd
14-12-2004 16:32
-Utkast til kampplan for 4. divisjon har no blitt lagt fram. Norborg opner
med bortekamp mot Herd torsdag 21. april. Veka etter er det duka for lokaloppgjer
mot Brattvåg.
Sjå
terminlista
Damelaget på romjulscup
13-12-2004 22:54
-Damelaget sin lagleiar Terese Brusdal fortel i kveld at Norborg deltek
med eitt lag på HaNo si romjulsturnering 28. desember.
Sesongavslutning for gutelaget
13-12-2004 22:22
-Gutelaget hadde i kveld avslutning etter ein lang og innholdsrik sesong
med mange høydepunkt.
Les meir..
Påmelding vinteraktivitet
13-12-2004 18:18
-Etter at påmeldingsfristen til vinteraktivitet 2005 gjekk ut den søndag
Sunnmøre fotballkrets fått følgjande antall lag påmeldt til dei
forskjellege aktivitetane. Kvalifisering til 1.div. junior 19 lag. Kvalifisering
til 1. div. gutt 22 lag. Vinterserien for kvinner 11-er og 7-er totalt
11 lag.
Les
meir..
Slutt for suksesspar?
11-12-2004 18:37
-Sunnylven står i fare for å miste sin målfarlege angrepsduo
Alf Ole Sungot og Tonny Åsen. Sundgot bor i Ålesund, medan
Åsen truar med å legge opp. Tida får vise om det er
slutt for 4. divisjons fremste angrepspar etter berre ein sesong i lag.
Hjelle ny fotballformann i Sunnylven
11-12-2004 1:18
-På ekstra årsmøte i Sunnylven IL vart Steinar Hjelle vald til ny leiar
i fotballgruppa. Hjelle seier i ein kommentar til sunnylven.no
at han er viss på at laget vil gjere det skarpt også i komande sesong
i ein knallhard divisjon.
Terminliste for 3. divisjon 11-12-2004 0:33
-Terminlista for 3. divisjon har kome på nett. Klubbane får
no studere denne før det blir termin-listemøte en eller
anna gong i januar. Kampoppsettet for 4. divisjon er venta å kome
over helga.
3.
divisjon 2005
Sporsheim ny FIL-trener
11-12-2004 0:14
-Kenneth Sporsheim er tilsett som ny trenar i Fiskerstrand etter at Per
Magne Juliebø tidlegare i haust takka nei. Les meir på FIL
sine nettsider.
ADSL på Grytastranda
9-12-2004 0:26
-Vi har venta i ei lita evigheit no, men endeleg ser det ut til at Grytastranda
også skal få ADSL.
Les meir..
Herrelaget deltek ikkje på vinterserien
8-12-2004 15:54
-Når påmeldingsfristen for vinter-serien for menn er utløpt,
har 24 lag meldt seg på. Norborg er derimot ikkje eitt av desse
laga. Lagleiinga i Norborg har følgjande kommentar til dette; -
vi fann sist vinters turnering for lite interessant og meir som eit kostnadssluk.
Sidan arrangørane har vald å halde fram med serie i staden
for cup-spel, ei form vi fann svært moro i 2003, vil vi ikkje delta.
Vi har også fått på plass sterk motstand i treningskampar,
og skal blant anna møte seks 3. div.-lag.
Gute, junior og dame påmeldt vinterkvalik/serie
8-12-2004 15:30
-Gute og juniorlaget er påmeldt kvalifisering for 1.divisjon, mens
damelaget er påmeldt vinterserien.
Dalen til Sunnylven
7-12-2004 18:23
-Angrepsspelaren Håkon Mikal Dalen melder overgong frå Stranda
til Sunnylven.
Franck trener SIF2
6-12-2004 0:25
-Tor Andre Franck tek over som trener for Skarbøvik2, melder skarbovikif.no.
Franck som har ei rekke kampar for HaNo har dei siste sesongane vore trener
i Aksla.
Eikrem og Bjørdal tek over MSIL
6-12-2004 0:14
-Roar Eikrem og Stian Bjørdal tek over som spelande trenarar for
MSIL etter at Andre Fylling valde å gi seg, melder msil.no.
Målet for det nye trenarteamet er å få MSIL opp i 4.
divisjon. MSIL skal møte Norborg i treningskamp 19. februar.
"Mølen" og "Bonden" historiske!
4-12-2004 22:47
-Tarjei Urkedal vart den første Norborg-spelaren som har scora
på eit lag som er klar for Eliteserien. Dette skjedde 1.40 minutt
ut i kampen mot AaFK. Christian Søvik vart ein god nummer to då
han ga Norborg leiinga 2-1. Noko vi fekk høre svært ofte
på den 3 timar lange turen heim frå Åheim.
Best i Haram!
4-12-2004 22:45
-Etter ønske frå grytastrandar og Brattvågkeeper Espen
Wold tek vi med at Norborg vart det beste Harams-laget under årets
inne-KM.
Volda tok gullet!
4-12-2004 22:43
-Volda vann 3-1 over AaFK i finalen av RPC, og tok med det eit høgst
overraskande gull. Vi gratulerer! Hareid vann 4-1 over Langevåg
i bronsefinalen. Gratulerer også til dei.
Strålande innsats i inneKM
- eitt mål ifrå bronsefinale!
4-12-2004 22:36
-Norborg sitt herrelag gjorde ein glimrande innsats i sluttspelet av Rica
Parkett Cup, og var berre eitt fattig mål i frå å møte
Hareid i bronsefinalen. Norborg tapte første kamp med 2-5 for AaFK
før ein spelte 1-1 mot Langevåg og vann 3-0 over Spjelkavik.
For at Norborg skulle nå bronsefinalen måtte AaFK vinne med
fem mål, eller 4-0. Hadde det blitt 4-0 hadde både Norborg
og Langevåg enda opp med 4 poeng og 6-6 i målforskjell. Diverre
for Norborg så makta berre AaFK å vinne 3-0.
Les meir..
Åheim
sine nettsider
HaNo med romjulstur-nering for damer
2-12-2004 19:43
-HaNo vil også i år invitere til rom-julsturnering for damer
i Brattvåg-hallen. Datoen for arrangementet er 28. desember, medan
fristen for påmelding er sett til 15. desember.
Les
meir..
Krise i Sunnylven
- kan trekke A-laget
2-12-2004 15:40
-Sunnmørsposten melder i dag om bråk i Sunnylven IL. SIL
står utan både fotballformann og hovudleiar. Fotballformann
Erling Hauge trakk seg sist torsdag og kjem med følgjande uttalelse
til Sunnmørs-posten; "- Dersom vi ikkje har råd til
å engasjere brødrene Kalle og Sindre Hjelle som A-lagstrenarar
neste år, trur eg ikkje det blir A-lag her inne." Skulle Sunnylven
gå til den dramatiske handlinga å trekke laget sitt i frå
4. divisjon, vil plassen gå til MSIL.
Kven skal tukte AaFK?
2-12-2004 0:24
-Laurdag 4. desember blir slutt-spelet i Rica Parkett Cup for seniorar
spelt. AaFK blir soleklar favoritt, men i innefotball kan alt skje.
Les meir..
|