2006

Dagboka

Norborg-året 2006 - del 2
31-12-2006 15:55
-Norborg gjorde ein sterk haust der bl. a. A-laget tukta topplaga i 4. divisjon og kvalifiserte seg til sluttspelet i inne-KM.
Les meir..

Same gamle leksa
-Colic hindra Norborg-suksess
29-12-2006 18:58
-Norborg vann gruppa si på Romjuls-turneringa etter tre strake sigrar over Fjørtoft (3-0), Ravn (3-2) og Helland Spesial (2-1). Tre kampar der ein sleit med å få utteljing på sjansane. Spesielt mot Helland var sløsinga stor. I kvartfinalen vann ein greitt 5-1 over Hildre. I semifinalen stod KM-vinnarane frå Brattvåg på motsatt halvdel. Brattvåg tok føringa på eit svært billeg idømt straffespark, men Norborg kom seg til hektene, og ved hjelp av Brattvåg-keeper Espen Wold kvitterte Ståle Hurlen raskt. Norborg var det førande laget, og få minutt etter utlikninga scora Ståle igjen. Men så kom samme gamle visa igjen. Arnel Colic får to sjansar, og sette begge i nota. 3-2 til Brattvåg, noko som stod seg trass fleire gode Norborg-sjansar i sluttminutta. I bronsefinalen mot Brattvåg jr. fekk vi sjå eit svært stilleståande Norborg-lag tape 2-1 på sudden death. Brattvåg vann finalen 3-2 over Kjetil Rekdal sitt Team Rekdal.

Julecup i Sykkylven
29-12-2006 0:21
-Fem spelarar frå Norborg var med på den tradisjonelle julecupen i Sykkylven i dag og tok med seg nokre premiar heim igjen.
Les meir..

.

Norborg-året 2006 - del 1
26-12-2006 13:43
-Året 2006 har vore eit hendelsesrikt år i Norborg. Her er ei lita oppsum-mering av det som skjedde i løpet av vinteren og våren.
Les meir..

Julehelsing frå fotball-formannen
26-12-2006 13:14
-Trond Magnussen vart valgt som fotballformann i Norborg på årsmøtet i november. Her er nokre av tankane hans rundt Norborg i året 2007.
Les meir..

God jul!
-Vi ønsker alle våre lesarar ei riktig god jul!

Tropp til Romjulsturneringa
23-12-2006 19:41
-Følgjande er tatt ut i Norborg sin romjulstropp: Geir Roar Gamlem, Kim Idar Krogsethagen, Kristian Søviknes, Stein Erik Reitan, Steffen Grytten, Ståle Hurlen, Tarjei Urkedal og Roger Grytten. Oppmøte i Brattvåghallen 29. desember kl. 0945.

Hødd slo Hareid i årets siste kamp
21-12-2006 21:06
-Hødd vann 3-1 over Hareid etter ein sterk sluttspurt. Etter ein times spel stod det nemleg 0-0. Då vakna Oddmund Vågsholm og scora tre mål frå dei blåkvite. Hareid sitt mål kom på sjølvmål. 70 tilskodarar overvar kampen på Høddvol KGB, melde Hareid si heimeside.
Les meir..

Snesen signerte
20-12-2006 21:46

-Kristian Søviknes signerte onsdag kveld under 1-årskontrakt som ass. trenar for Norborg sitt herrelag. Søviknes har dei siste åra vore trenar for Norborg sine gode gute- og juniorlag. - Vi er svært glade for å få på plass ein så engasjert trenar som Kristian. Han har trass sine unge år fått god erfaring som trenar for alders-bestemte lag, og vi føler no det er naturleg at han tek steget opp som ein del av apparatet rundt A-laget, seie Norborg si sportslege leiing.

Terminlisteforslag 5. divisjon
20-12-2006 19:07
-SFK har no kome med forslag til terminliste for 5. divisjon. I 1. runde må Ravn ta turen Hareid for å møte Brandal, medan MSIL tek turen til Blindheim. Lokaloppgjera mellom Ellingsøy, Ravn og Skodje går av stabelen i dei tre siste rundene.
Terminlisteforslag 5. div.

Dilemma for Stordal
20-12-2006 18:56
-Stordal har vedtatt å bygge kunst-grasbane komande vår. Bana skal venteleg stå klar i juni 2007. I denne perioden kan ikkje Kirkebø stadion nyttast verken til kamp eller trening. Det store spørsmålet stordalingane då stille seg er; kvar skal Stordal spele sine heimekampar? Sjøholt, Stranda, Valldal og Liabygda er stadane stordal.nu nemner. Norborg sin bortekamp mot Stordal går 16. august, og då er kunstgrasbana onleg opna.
Les meir..

Hjelvik tek over Ravn
17-12-2006 14:16
-Odd Hjelvik frå Skodje tek over som trenar for Ravn sitt 5. divisjonslag, melde il-ravn.no. Hjelvik har tidlegare blant anna trent Tomrefjord, Vestnes Varfjell, Brattvåg og Skodje.

Sæterøy til Brattvåg
17-12-2006 13:59
-Håkon Sæterøy kjem til å melde overgong frå HaNo til Brattvåg. Etter det vi veit kjem han til å skrive under på tysdag. Sæterøy har i år vore spelande trenar for øy-klubben, men vel no å satse i 3. divisjon. Harøy-ingen får truleg sin debut i Brattvåg-trøya på Romjuls-turneringa 29. des. i Brattvåghallen. Elles blir det meldt frå vågen at endå eit par spelarar skal vere på trappene...

Kampoppsett vinterserien
15-12-2006 18:07
-Kampoppsettet for vinterserien avd. 4 er klart. Norborg spelar sine kampar i perioden 18.02 til 04.03. Kamp-program:
27.01 ÅVK-HaNo kl. 1400 (laurdag)
03.02 Godøy-ÅVK kl. 1600 (laurdag)
11.02 Godøy-HaNo kl. 1200 (søndag)
18.02 Norborg-Godøy kl. 1600 (søn)
25.02 HaNo-Norborg kl. 1400 (søn)
04.03 Norborg-ÅVK kl. 1600 (søn)
Her er kampoppsettet for avdeling 1-5.

Alnes og Valkvæ trenar Godøy
15-12-2006 18:04
-Svein-Arve Alnes og Jøgvan Valkvæ blir den nye trenarduoen til Godøy. Alnes var spelande assistenttrenar i 2006, medan Valkvæ gjorde come-back som spelar sist vår. Godøy jobbar også med å få på plass ein treningsleir på Kypros eller Malta.
Les meir..

Rykke Norborg opp?
14-12-2006 21:24
-Nordicbet har ymse odds, og midt imellom odds som til dømes på om Noreg vil kvalifisere seg for EM i fotball 2008, at Nils Arne Eggen vil trene eit tippeliglag i løpet av 2007 og om Ole Gunnar Solskjær vil score i Champions League finalen, finn ein odds på om Norborg vil rykke opp til 3. div. Ja gir 7 tilbake innsatsen, medan nei gir 1.05. Dei ulike oddsa finn du her.

Opnar heime mot Bergsøy
14-12-2006 18:19
-Norborg opnar neste års 4. divisjon med heimekamp mot Bergsøy torsdag 19. april kl. 1900. - Det er vel første gong vi spelar seriekamp mot Bergsøy, så dette er ei serieopning vi verkeleg ser fram til, seie Norborg si sportslege leiing til norborg.com. Heimekamp i 1. runde passar også Norborg særs godt. I løpet av dei ti siste åra har ein opna heime 7 gongar med statistikken 6-1-0 og 21-8 i målscore. Dei tre sesongane ein har starta på bortebane i same periode, har for øvreg enda med tap. I 2. serie-runde reiser ein til Hellesylt for å møte Sunnylven (26.04) før ein på ny må reise over Storfjorden for å møte Stranda (03.05). Av andre kampar så reiser ein til Larsnes 16. mai, nabo-oppgjera mot HaNo går 24. mai (heime) og 2. september (borte), medan siste serierunde går heime mot Rollon laurdag 6. oktober. Vi minner om at dette er eit utkast, men store forandringar blir det truleg ikkje.
Terminliste 4. divisjon

Toppoppgjer i første 3. div.-runde
14-12-2006 18:10
-SFK har kome med forslag til termin-list for 3. divisjon Sunnmøre. Allereie i 1. serierunde blir det toppkamp mellom "nye" Brattvåg og Skarbøvik, samt mellom nr. 2 og 3 i årets 3. div. FK Sykkylven og Hareid.
3. div. avd. 17

Stordal etteranmeldt i vinter-serien
13-12-2006 19:16
-Stordal har etteranmeldt eit lag i vinterserien for menn. Dermed deltek 28 lag fordelt på 7 avdelingar. Norborg har kome i avdeling D saman med Godøy, ÅVK og HaNo.
Les meir..

Romjulsgruppene klare
13-12-2006 18:49
-Norborg har kome i gruppe med Helland Spesial, Ravn og Fjørtoft på Romjulsturneringa i Brattvåghallen 29. desember. Ei gruppe ein absolutt bør ha gode sjansar til å vinne. Norborg sine kampar går slik:
kl. 1017 Fjørtoft
kl. 1159 Ravn
kl. 1415 Helland Spesial
Kvartfinalane startar kl. 1510.
Kampoppsett

Adrian til Brattvåg
12-12-2006 22:33
-Adrian Håbet meldte i kveld overgong frå Norborg til Brattvåg. Den offensive spelaren fekk totalt 50 A-kampar og scora 6 mål for Norborg. Leiinga i Norborg ønsker Adrian lykke til vidare og håper overgongen kan gi han eit løft etter skader i haust.

Harøy vil opp!
12-12-2006 22:24
-Harøy satsar friskt i komande års 6. divisjon og satsar på opprykk etter ein god haustsesong i år. Laget har fått tilbake keeper Arve Myklebust frå HaNo, og fleire andre spelarar skal også vere på veg inn. Einaste skår i gleda er at laget framleis manglar hovudtrenar.
Les meir..

Sju treningskampar avtalt
12-12-2006 22:03
-Norborg sitt herrelag har førebels sju treningskampar klare. Dette er:
18. januar mot Ellingsøy (5. div.)
1. februar mot Ørskog (4. div.)
12. februar mot Brattvåg (3. div.)
21. februar mot Vestnes V. (3. div.)
6. mars mot Stranda (4. div.)
22. mars mot Langevåg (3. div.)
14. april mot Godøy (4. div.)
I tillegg vil det bli spelt 3 vinterserie-kampar i februar/mars og to kampar på treningsleiren like før påske.

Vinterfotballen
12-12-2006 21:50
-Norborg er eitt av 27 lag som er påmeldt til vinterserien for menn, som blir spelt på Moa KGB. Dersom ingen lag blir etteranmeldt vil ein kome i pulje med HaNo, Godøy og ÅVK. Noko som vil bety tøffare motstand enn ein fekk ifjor. Norborg har også meldt på lag i klassa kvinner 7'ar, men her er det berre vår nabo i sør, Ellingsøy, som har gjort det same. I klassa juniordamer 7'ar er det berre Bergsøy som har meldt på lag. Dersom ingen etteranmelder seg, så vil mogeleg Norborg, Ellingsøy og Bergsøy jr. utgjere serien.
Påmeldte lag

Johansen tek over Ørskog
-Moldskred trenar Herd
11-12-2006 18:20
-Stig Johansen har tatt over som trenar for 4. divisjonslaget Ørskog, melder murerane.com. Johansen tok seinast i år over som trenar for Rollon, men ga seg etter sesongslutt då laget ikkje redda plassen i 3. div. Han har tidlegare trent Valder med stor suksess. Sist veke verserte det rykter om at tidlegare Hareid-trenar Kenneth Moldskred var aktuell som Herd-trenar. No melder strandafotball at Moldskred har takk ja til Herd sitt tilbod.

Brattvåg vann inne-KM
9-12-2006 20:09
-Brattvåg vann KM-finalen med 4-3 over Volda. Brattvåg gjekk opp i ei 3-0 leiing etter mål av Kristian Grønmyr og Martin Sundnes (2). Men Volda kom tilbake og sikra seg ekstra omgangar. Her avgjorde Sundnes med si tredje scoring. Dermed gratulerer vi Brattvåg som verdige vinnarar av årets Rica Parkett Cup for menn.
Les meir om KM

Bronse til Godøy
9-12-2006 19:40
-Godøy vann 9-6 over Ørsta og tok dermed 3. plassen for andre år på rad.

Volda-Brattvåg i finalen som spådd
9-12-2006 18:52
-Volda og Brattvåg møtast i finalen kl. 1930. I semifinalane vann Volda 8-4 over Godøy, medan Brattvåg tukta Ørsta med 7-3. Vi får krysse fingrane for at pokalen også i år kjem til Haram.

Volda sitt inntog øydela
9-12-2006 18:38
-Krinsen sin heilomvending som gjorde at Volda fekk delta i inne-KM sjølv om dei var utslått, gjorde sitt til at Blindheim og Norborg ikkje kom til semifinalen. Her er den moralske tabellen frå pulje A:
1. Blindheim 3 2-0-1 16-12 6
2. Norborg 3 1-1-1 21-16 4
3. Ørsta 3 1-1-1 17-13 4
4. ÅVK 3 1-0-2 13-26 3

Svak start - grei avslutning
9-12-2006 18:11
-To svake kampar mot Volda og Blindheim øydela Norborg sine sjansar til å nå semifinalen på årets inne-KM i Voldahallen. Heldigvis retta ein opp inntrykket med ein solid 12-3 siger over ÅVK og 5-5 mot Ørsta. I første kamp mot Volda var ein med til 4-4 halvvegs i kampen, men det var noko tamt over oransjetrøyene og frå det 13. til det 19. minutt avgjorde Volda med fire mål. Til slutt enda kampen 9-5. Kim Idar Krogsethagen (2), Tarjei Urkedal og Kristian Søvik-nes scora. I kampen mot Blindheim hadde ein fleire store sjansar på stillinga 1-1, men så kom ein igjen inn i ein svært svak periode og BIL scora 5 mål på 7 minutt. Kampen enda til slutt med 4-8 tap. Kim Idar Krogsethagen (2), Tarjei Urkedal og Kristian Søviknes scora. Det var no berre små teoretiske sjansar for at Norborg skulle gå vidare. Ein hadde dermed ingenting å tape og valde ny taktikk med å presse høgt frå starten av. Dette fungerte svært bra og før 8 minutt var spelt leia ein 6-0. Sluttres-ultatet vart 12-3. André Larsen (3), Kristian Søviknes (3), Adrian Håbet (3), Kim Idar Krogsethagen, Tarjei Urkedal og Knut Ivar Bjørlykhaug scora måla. I siste kamp måtte ein vinne med fem mål over Ørsta for å nå semifinalen. Ørsta starta best og leia 2-0 og 3-1, men Norborg ga ikkje opp og var det førande laget i banespel. Ørsta si leiing vart innhenta og kampen enda til slutt 5-5. Tarjei Urkedal (2), Kim Idar Krogsethagen (2) og Adrian Håbet scora. Norborg endte dermed på 4. plass på tabellen med 4 poeng. Eit greitt KM med tanke på at dei tre toppscorarane frå det innleiande spelet ikkje var med.

Kven kan stoppe Brattvåg?
8-12-2006 19:25
-Laurdag er det klart for sluttspelet av Rica Parkett Cup for menn. Ni lag skal kjempe om tittelen som Brattvåg sikra seg i fjor. Gultrøyene frå Haram er også i år favoritt, saman med gratispassasjerane frå Volda.
Les meir..