2005
Desember

Dagboka

Norborg-året frå A til Å
-Her er ein årskavalkade frå A til Å om kva som hendte i Norborg året 2005.
Les meir..


Skeiseis på Gamlem
31-12-2005 14:42
-Det er no fin is på skeisebana som Gamlem Vel har anlagt på Gamlem. Alle er velkomne til å bruke den. Bana er bygd for midlar som er sponsa for det meste av det lokale næringslivet og offentlege tilskot, samt dugnad. Det går også fint an å bruke den også på kveldstid ettersom det er oppsett 2 lysstolper (lysbryter på ein av stolpane). Bana ligg ca. 200 meter frå parkerings-plassen til turstien ved Bjørnøy-krysset.

Adelskalender herrer
30-12-2005 18:18
-Adelskalenderen for herrer er no oppdatert. Her ser vi at Stein Erik Reitan har passert Kenneth Gamlem og er oppe på 6. plass. Dersom "hummer'n" held seg skadefri komande sesong vil han i løpet av 2006 kapre 5. plassen frå Kåre Nogva. Kenneth Vegsund fekk ikkje mange kampane i år, men beheld stadig 10. plassen. Christian Søvik kjem derimot i raskt bakfrå og har i år passert både Øystein Grytten, Øyvind Grytten, Nils-Arve Engeseth og Helge Uggedal. Kim Idar Krogsethagen passerte 200 kampar i år og er oppe på 18. plass. Kim Idar blir hardt pressa av søskenbarna Tarjei Urkedal og Eirik York. Begge desse vil passere 200 kampar i løpet av vinteren. Sidan dei tre sistnemnde er i starten av 20-åra kan Svein Gjerset starte å uroe seg over klubbrekorden sin på 414 kampar.
Adelskalenderen


Negativ utvikling for seniorfotballen
29-12-2005 16:49
-SFK si nettside har i dag ein artikkel om at Sunnmøre har mista 29 herrelag og 21 damelag sidan 1991, og stille spørsmålet: kan vi klare å snu denne utviklinga? Norborg har i samme periode hatt ei heilt anna utvikling. Frå å ha eit svakt 6. divisjonslag og inget juniorlag. Har ein i dag eit brukbart 4. divisjonslag, eit 7-ar lag for både herrer og damer, samt eit godt juniorlag. Så vi kan stille spørs-målet: kva har vi gjort for å få til dette? Artikkelen til Geir Ringstad på SFK si nettside kan du lese her.

Norborg nær sluttspelet
29-12-2005 16:40
-Norborg sitt junior dame-lag var svært nær avansement til finale-spelet under dagens romjulstur-nering. Oransjetrøyene vann 3-1 over Lepsøy og tapte 1-2 for arrangørlaget HaNo i sine to første kampar. I siste kamp måtte ein slå Brattvåg for å avansere. Norborg gjekk respektlaust til verks og leia 2-1 til det gjenstod få minutt. Då utlikna Brattvåg og fekk med seg det nødvendige poenget. Norborg sine 6 mål vart scora av Camilla Johansen og Camilla Krogset-hagen. - Bittert å bli slått ut på målforskell, uttalte trenar Jan Egil Alstadsæter til norborg.com.

Mølen fekk ein gut
29-12-2005 16:37
-Christian Søvik fekk i dag kl. 1513 ein son på 51 cm og 4190g. Vi gratulerer!

Lukkast ikkje denne gongen heller..
28-12-2005 18:25
-Ettersom Arnel Colic ikkje deltok for Brattvåg, såg vi gull i augene på Norborg sine spelarar før Romjuls-turneringa, men nok ein gong feila ein i avgjerande augeblikk. Etter å ha vunne 3-1 over Brattvåg jr., 5-1 over Ravn og 3-2 over HaNo i det innleiande gruppespelet, stod Skodje for tur i kvartfinalen. Denne vart langt meir spanande enn oransjetrøyene hadde håpt på. Skodje laga 1-0 tidleg i kampen, men Tarjei Urkedal og Lennart Holmem snudde kampen for Norborg. Like før slutt utlikna Skodje, og ein måtte ut i ekstra-omgang. Her avgjorde Kim Idar Krogsethagen kampen med eit utsøkt skot. I semifinalen stod nok ein gong HaNo på motsett halvdel. Eit lag ein har slått to gongar inne før i år, men i ein spanande kamp som gjekk til ekstraomgangar, trakk HaNo det lengste strået og vann 5-4 på golden goal. Kim Idar og Tarjei scora to mål kvar. Eit svært skuffa Norborg-lag måtte sjå seg slått 2-3 fem sekund før slutt i bronsefinalen. Dermed måtte norborgarane reise tomhendte heim denne gongen. Midsund vann 4-3 over HaNo i ein spanande finale. Også her måtte det golden goal til. Even Heggdal frå Midsund vart toppscorar med 13 mål. Tarjei vart Norborg sin toppscorar med 8 mål. Resultater..
Referat Norborg-kampar

Junior dame på romjulsturnering

-Norborg sitt junior damelag skal delta på romjulsturneringa i Brattvåghallen torsdag 29. desember. Laget er Camilla Krogsethagen, Frida Ahrens, Camilla Johansen, Sandra Larsen, Mona Kvammen, Birgitte Ringstad, Jannicke Gjerset, Randi Urke, Marthe Vegsund og Ingrid Gamlem! Oppmøte seinast kl. 1130.
Kampar:
kl. 1200 Norborg-Lepsøy
kl. 1220 HaNo-Norborg
kl. 1400 Norborg-Brattvåg

God jul!
-Vi ønsker alle våre lesarar ei riktig god jul!

Vinterserien endeleg klar
24-12-2005 1:26
-Det endelege kampoppsettet i vinterserien er no klart.
Kampane blir slik:
05.02 kl. 16 Norborg-Vigra
19.02 kl. 16 Måndalen-Norborg
11.03 kl. 16 Larsnes-Norborg
Avdeling 1
Avdeling 2
Avdeling 3
Avdeling 4
Avdeling 5
Avdeling 6
Avdeling 7


Smånytt før julehøytida
23-12-2005 11:01
MSIL tapte 3-1 mot Idrettsklassa på Fagerlia VGS i ein trenings-kamp torsdag. Kampen vart spelt på Color Line Stadion. Herd sin førstekeeper Ole Kristian Rørvik er etter våre kilder klar for AaFK sitt juniorlag i 2006. Han går dermed i fotspora til sin tidligare klubb-kollega Andreas Lie, som i dag vart tatt ut på U21-landslaget. I 4.div. er det fortsatt to lag som står uten trener ei snau uke før nytt år. Dette er HaNo og Gursken/Larsnes. På Ravn er Erlend Fjørtoft utnemnt til ny assistenttrener i 2006, medan evigunge Jan Vatnehol har lagt fotballskoa på hylla (men kor lenge?). Harøy er også foreløpig trenerlaus til neste år, og har blant anna fått nei frå ein som var i Norborg sin a-stall i år, medan to andre personer frå Norborg har takka nei til henvendelser om trenarjobba i Hødd og AaFK.

Tropp til Romjulsturnering
22-12-2005 21:01
-Norborg stiller med følgjande tropp til romjulsturnering i Brattvåghallen onsdag 28. desember. Kurt Erik Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Eirik York, Asgeir Kalvø, Tarjei Urkedal, Adrian Håbet, Kristian Søviknes, Roger Grytten, Ståle Hurlen, Edward Laverton og Lennart Holmem. Oppmøte kl. 10.

Synnes trener HIL
22-12-2005 21:00
-Knut Synnes tek over trenar-ansvaret i Hovdebygda, melder hil-fotball.net. Synnes tek over ansvaret 18. januar.
Les meir på hil-fotball.net

Skørping årets destinasjon for treningsleir 2006
22-12-2005 18:33
-Skørping i Danmark er årets destinasjon for Norborg sin treningsleir i anledning oppkøyringa til årets 4.divisjon. Både a-stallen og juniorstallen vil reise nedover for fem dager med trening og kampar. Ca. 30 spelera vil dermed ta turen nedover. Det er lagt opp til 7 fellestreninger, 2 seniorkampar og ein juniorkamp i løpet av opphaldet, melder Norborg sitt sportslege utval. Norborg vil bli innkvartert på eit høgstandar hotell, med tilhøyrande velveresenter og andre fasiliteter. Norborg vil returnere frå Danmark to dager før generalprøva mot Godøy 2.påskedag. Tre dager seinare seriestartar man borte mot Brattvåg som også tar turen til Danmark i påska.

Skorpen til Spjelkavik
20-12-2005 18:33
-Spjelkavik har snappa til seg Bergsøy sin Frank Sverre Skorpen framfor nasen til Skarbøvik. Skorpen har bl. anna blitt kåra til årets spelar i 3. divisjon i 2001 og 2003, melder Spjelkavik si heime-side.

Søviknes held fram
21-07-2005 16:53
-Kristian Søviknes tar eit nytt år som trener for juniorlaget. Juniorlaget vil i år ha eit meget tett sportsleg opplegg i lag med herrelaget, og det sportslege trenings og kampopplegget vil bli gjennomført felles. Noe som både vil bli ei stor utfordring, og noe som kan ta juniorlaget eit steg vidare sportsleg.


Ugedal trener jentene
21-07-2005 16:53
-Lars Ugedal tar steget opp frå småjente til jentelaget neste år. Han vil dermed fortsette å følgje opp 1991-årgangen som i år spelte 1.divisjon for småjenter.


Larsen trener juniordamer
21-07-2005 16:53
-André Larsen blir hovedtrener for junior damelaget til Norborg neste år. Det jobbast i kulissane med å få på plass ein assistent/sidestilt trener i teamet.


Kampoppsettet er endå ikkje klart
18-12-2005 13:37
-Kampoppsettet for vinterserien som vi presenterte i går er no trekt tilbake av Sunnmøre fotballkrets. Dette var nemleg berre eit utkast som vart laga som Spkl. Herd skal redigere. Ved ein feil frå n3sport.no vart dette lagt ut. Så klubbane må altså smøre seg med tolmod. Vonleg blir kampoppsettet klart før sommarferien!

Trenarane på plass
-Ådal og Grytten tek over
17-12-2005 23:17
-Laurdag 17. desember fall den siste brikka i trenerkabalen for Norborg sitt herrelag på plass. Jan Egil Alstadsæter takka ja til å vere hovudtrenar for litt over ei veke sidan, medan Roger Grytten takka ja til assistentjobben i dag. Jan Egil Alstadsæter, eller Ådal, som han kallast, har dei siste åra hatt stor suksess med gute og småjente-laget i klubben. No tek han altså fatt på oppgåva som hovudtrenar for herrelaget. Med seg som assistent får han Roger Grytten. Roger måtte på grunn av ein kneskade legge opp som spelar i fjor vinter, men kjem no altså tilbake som trenar.
-Vi har her fått på plass ein spennande duo som vi trur kan løfte laget til nye høgder, seier Norborg si sportslege leiing. Vi ønsker duoen, som etter rykter har fått namnet "Jolly Roger", lykke til med jakta på poeng.

Badminton-trening tysdag
17-12-2005 22:50
-Vi minner om siste treningsøkta for badminton før jul på tysdag kl. 1830 til 2045. Leit fram racketen og still i Brattvåghallen!

Kollisjon 2!
17-12-2005 14:48
-Samtlege av Norborg a-lag sine vinterseriekampar er satt opp på G19 sine kampdagar i kvalifiseringa til 1. divisjon.
04.02 kl. 09 Norborg-Herd G19
04.02 kl. 14 Norborg-Vigra A
18.02 kl. 09 Emblem-Norborg G19
18.02 kl. 12 Måndalen-Norborg A
25.02 kl.1315 Norborg-Stranda G19
25.02 kl. 18 Larsnes-Norborg A
Med tanke på at fleire av juniorane er med å kjempar om ein plass i startoppstillinga på A-laget, så blir dette vanskeleg å gjennomføre.

Kollisjon!!
17-12-2005 13:49
-Det var vel nesten ikkje til å unngå at ein av vinterseriekampane ikkje skulle kollidere med ein av dei avtalte treningskampane. Vinter-seriekampen mot Larsnes er oppsett samme dag som Norborg og Stranda skal møtast på Brattvåg KGB. -Påmeldingsfristen til vinter-serien må vere langt tidlegare enn den er no, seier Norborg sin sportslege leiar Engeset. I år som tidlegare, er fristen for påmelding 2. veka i desember. Dette er minst ein månad for seint. Dei fleste laga i 3. og 4. divisjon startar å planlegge treningskampane sine i november. Når då vinterserieoppsettet først kjem nærmare jul seie det seg sjølv at mange kampar må avlysast eller flyttast. Dei fleste laga veit også tidleg at dei skal vere med i vinter-serien. Så ein påmeldingsfrist i starten av november bør ikkje vere noko problem. Kampoppsettet bør då vere klart i løpet av november, noko som fører til at det blir langt enklare for klubbane å planlegge treningskampar.

Endeleg er vinterserie-oppsettet klart
17-12-2005 13:44
-Så er endeleg kampdatoane for vinterserien klare. Norborg spelar som tidlegare nemnt i avdeling 5. Kampane blir slik:
04.02 kl. 14 Norborg-Vigra
18.02 kl. 12 Måndalen-Norborg
25.02 kl. 18 Larsnes-Norborg
Avdeling 1
Avdeling 2
Avdeling 3
Avdeling 4
Avdeling 5
Avdeling 6
Avdeling 7

SIF2 flyttar kampar
17-12-2005 13:25
-Skarbøvik2 har på terminlista for 4. divisjon blitt oppsett med torsdags-kampar. Dette vil ikkje klubben ha noko av og prøvar no å få flytta kampdato frå torsdag til onsdag. Til dette må dei derimot få velvilje av kollegaene sine. Norborg har allereie godtatt å flytte heime-kampen frå 22. juni til 21. juni. Fotballinteresserte norborgarar kan altså kose seg med heile tre gode kampar denne onsdagen. Opp-varmingskamp til Norborg-SIF2 blir VM-kampen Portugal-Mexico kl. 16, mens ein etter turen på Uggedal stadion kan kose seg med Nederland-Argentina kl. 21.

Kampoppsett vinterkvalik
17-12-2005 0:44
-Kampoppsettet for kvalifiseringa til 1. divisjon for G16 og G19 lag er no klart.
Kamoppsett G16
Kampoppsett G19

Kampoppsettet for romjulsturneringa klart
15-12-2005 21:46
-Norborg møter HaNo, Ravn og Brattvåg jr. under årets Romjuls-turnering som blir arrangert av Brattvåg IL i Brattvåghallen 28. desember. Kampane blir slik:
kl. 1034 Norborg-BIL jr.
kl. 1250 Ravn-Norborg
kl. 1449 Norborg-HaNo
Heile oppsettet

Kjerstad gir seg i Rollon
14-12-2005 23:07
-Suksess-trener Elling Kjerstad har etter eigen vilje blitt løyst frå kontrakta si med Rollon, melder Rollon si uoffisielle heimeside. Dermed står den nye 3. divisjons-klubben utan trener. Enkelte tunger i Rollon sitt supportermiljø vil ha det til at Kjerstad er aktuell for ei rolle i AaFK sitt trenermiljø. I så fall må han bite i seg desse orda; - "E forlanga at Norborg spilla med overtrekksvesta. Det e nemlig bevist at oransj har negativ innvirkning på folk..." Vi ønske Kjerstad lykke til med nye utfordringar.

Møter Fagermo & Co
13-12-2005 15:03
-Juniorlaget har hamna i ei tøff kvalifiseringsgruppe til Nordea-serien 2005. AaFK, Herd, Stranda og Emblem er motstanderane. Brattvåg er i pulje med Hødd, Valder, Volda og Blindheim. Gutelaget har hamna i pulje med Spjelkavik, Volda, Stranda og Ravn. Tøffe utfordringer for begge laga mot sterk motstand.


Romjulsturnering for damer
12-12-2005 21:52
-HaNo vil også i år arrangere romjulscup for damelag i Brattvåg-hallen 29. desember. Meir infor-masjon finn du på hanofk.no
Invitasjon

Tøffe treningskampar for Godøy
12-12-2005 21:42
-Godøy har sendt oss oversikta over foreløpig avtalte trenings-kampar. Laget satsar tøft med fleire 3. divisjonslag som motstandarar. Laget satsar også på å vere med i HaNo sin Vårcup og satsar også på ein treningsleir på sydlegare breiddegrader rundt påsketider. Vi opp-modar også andre 4. divisjons-lag å sende oss sitt kampprogram.
Treningskampoversikt

Måndalen i vinterserien
12-12-2005 14:59
-Kretsen har satt opp avdelings-oppsettet for vinterserien for herrer. Norborg har komt i pulje med Måndalen frå Romsdal, Vigra frå 5.divisjon og nyopprykka Gursken/ Larsnes. Spesielt artig skal det bli å møte Måndalen. Norborg og Mån-dalen var i kontakt med kvarandre også vinteren 2005, men lukkast då ikkje å finne ein passande dato for kamp. No møtast altså laga i vinterserien. Vinterkrig mot Vigra og kamp mot nykommar Gursken/ Larsnes blir også interessante møter. Haramslaga Brattvåg og HaNo er i same pulje i lag med Herd og Godøy.
Vinterserie gruppe 5
Oppsett

Prim vann CCC !
-Mathias skårte med støvler
11-12-2005 23:11
-Landslaget frå Haram "Prim" vann årets CocaColaCup i Brattvåghallen. Anført av Arnel Colic og Joakim Austnes var det ingen som stoppa landslaget av innespelera frå Haram under leiing av landslagsmanager Frank Dalhaug. I finalen vann dei 2-1 mot Svingens. Flest mål i turneringa vart satt inn av Ex.Brattvåg og Lepsøyspiss Rolv Seth på Svingens som storkoste seg med spel mot damer i det innledande spelet. Fjellbu sin Mathias "Jostein" Fjørtoft prøvde seg med gardsstøvler frå Fjørtofta i gruppekampen mot NilsPils. Dette endte med eit spektakulært 9-0 skårin. Sikkert første gang i CCC si historie at noen har skårt med Drillo-pæler.
Alle resultat


Vinterserien: Lokalderby mot Ellingsøy?
11-12-2005 15:49
-Sunnmøre fotballkrets melder i dag om at 27 lag er påmeldt til årets vinterserie for menn senior. Etter at fristen er utgått saknar ein lag som Volda, Hareid og Ørsta. Dersom desse laga ikkje melder seg på i ettertid ser det ut til at Norborg møter Vigra, Ellingsøy og Gursken/ Larsnes. Norborg har også meldt på lag i G19 og G16 klassene. Dette er kvalifisering til 1. divisjon.
Til kretsen si side

Brattvåg-Norborg i serie-opninga!
10-12-2005 22:22
-Det ligg an til eit durabeleg nabo-oppgjer i 4. divisjon si opnings-runde. Etter det vi har greidd å spore opp så vil Brattvåg og Norborg møtast på Brattvåg KGB 20. april. Norborg si sportslege leiing har følgjande kommentar: -Dersom dette stemme så har vi berre ein ting å seie, vi skal vere jæ.... godt førebudd. Visse endringar vil mogeleg skje på terminlistemøtet i starten av januar, men heimekampane vil truleg bli slik sesongen 2006:
29.04 ÅVK (runde 2)
11.05 Herd (runde 4)
25.05 Godøy (runde 6)
08.06 Hovdebygda (runde 8)
22.06 SIF2 (runde 10)
06.07 Brattvåg (runde 12)
10.08 Sunnylven (runde 14)
24.08 HaNo (runde 16)
07.09 Gursken (runde 18)
23.09 Blindheim (runde 20)
07.10 Stranda (runde 22)
Terminliste for 4. divisjon 2006
Terminliste for 3. divisjon 2006
Terminliste for 5. divisjon 2006

Desse er vidare i Coca-cola cup
10-12-2005 18:58
-Følgjande lag har gått vidare frå innleiande spel av Coca-Cola Cup. Ingen ting å frykte, Ekkel & Jævlig, C Ramp, Hynung IL og Englene. Dei to siste laga blir klare i morgon. Kvartfinalane er som følgjer:
kl. 1500 Ingenting å frykte-Ekkel & Jævlig
kl. 1515 FC Ramp-Hynung IL
kl. 1530 Nr. 1 avd. 1-Nr. 2 avd. 1
kl. 1545 Vinnar avd. 6-Englene

Vinnera skåringsklubben
8-12-2005 17:01
-Vinnera av hovedpremiane på skåringsklubben 2005 er no trekt. Førstepremien eit reisegavekort på 4000,- NOK vart vunnet av Jan Einar Søviknes, medan 2.premien på eit reisegavekort på 2000,- NOK vart vunnet av Camilla Johansen.


Fire på dommerkurs
5-12-2005 22:33
-Fire deltakera frå Norborg deltok i dag på rekrutteringsdommerkurs i Brattvåg. Totalt 12 deltakera deltok på den praktiske delen som vart gjennomført i kveld. Frå Norborg deltok Amund Terøy, Bjørnar Engeset, Erlend York og Ole Johan Urke.


Båtnes tek over MSIL
5-12-2005 21:42
-Ronald Båtnes tek over som hovedtrenar for MSIL, melder msil.no. Sjå får vi sjå om han greier å få MSIL tilbake til 4. divisjon.
Les meir på msil.no

Skilsmisse i indre Ålesund
5-12-2005 19:31
-Blindheim og Emblem skiller lag etter 6 års ekteskap. Blindheim tek plassen i 4. divisjon, mens Emblem prøver å starte på igjen i 6. divisjon. Dermed får vi sjå om Blindheim greier å kome seg oppigjen til 3. divisjon på egne bein. Rune Johan Skodje Olsen fortsette iallfall som trenar, så får vi sjå om alle spelarane gjer det.

Kårvatn trener Ellingsøy
5-12-2005 18:40
-Ellingsøy melder i kveld at dei har sikra seg Bjørn Høglo Kårvatn frå Vatne som ny hovudtrenar.

Prim, Fjellbu, NilsPils og GBG danner dødens pulje
5-12-2005 16:30
-Dødens pulje er klare for innledande spel på søndag morgonen. Dei forhåndsannonserte favorittane Prim og Fjellbu har hamna i pulje med outsider NilsPils og Øyvind Davik sine disipler på GBG.
Heile kampoppsettet


Godøy blir siste test
4-12-2005 23:00
-Norborg møter Godøy i generalprøva før 4. divisjon 2006 tek til. Kampen skal gå av stad måndag 17. april (2. påskedag). Dette med forbehald om at begge lag har kome seg heim frå sine respektive treningsleirar. Kampen skal etter planen gå på Uggedal gras.

Brattvåg til topps
3-12-2005 18:28
-Brattvåg vann finalen 4-3 over Volda, og kan dermed kalle seg Sunnmøre sitt beste innelag. Godøy vann 7-4 over Hareid i bronsefinalen. Vi gratulerer samtlege lag med innsatsen.

Colic lurte Norborg igjen
3-12-2005 18:16
-Norborg hadde som mål å vinne heile inne-KM i år, men nok ein gong var det Brattvåg og Arnel Colic som lurte oransjetrøyene. Norborg starta turneringa bra og leia 5-2 over Hareid før det starta å gå på tverke. Norborg miste hovudet totalt i sluttminutta og måtte gå skuffa av bana med 5-5. Med poengtap mot Hareid måtte Norborg ha siger mot Brattvåg. Kampen starta bra og Lennart Holmem laga 1-0 mot gamleklubben sin, men midtvegs i kampen rakna Norborg fullstendig i ein 5 minutts periode. Brattvåg med Arnel Colic i spissen fekk enkelt score heile 5 gongar før Norborg vakna på slutten, og reduserte tre gongar så stillinga vart 4-5. I kampen mot Hovdebygda måtte Norborg vinne stort for å ha sjanse til bronsefinale. Her leia Norborg 8-2 med over 5 minutt igjen å spele, men så var det stopp og Hovdebygda slapp unna med 3-8. Brattvåg måtte dermed vinne med minst to mål over Hareid for at Norborg skulle få spele bronsefinale. Brattvåg var det beste laget kampen igjennom, men sleit med å omsette sjansar i mål. Dermed enda kampen 3-3, og Hareid til bronsefinale. Norborg tok dermed 5. plassen for 3. året på rad. Ei god plassering, men likevel reiste gutane litt skuffa heim. Målscorarar for Norborg var: Adrian Håbet og Lennart Holmem 4 mål kvar, Kim Idar Krogsethagen og Tarjei Urkedal 3 mål kvar, Edward Laverton scora 2, mens Stein Erik Reitan noterte seg for eitt mål.
Les meir..

Sluttspel inne-KM for herrer
3-12-2005 2:16
-I dag er dagen då det endeleg skal bli avgjort kven som har Sunnmøre sitt beste innelag. Norborg er eit av åtte lag som kjempar om tittelen. Norborg sine kampar er som følgjer:
kl. 1130 Norborg-Hareid
kl. 1300 Brattvåg-Norborg
kl. 1500 Hovdebygda-Norborg
Tre vanskelege, men ikkje umogelege kampar for oransje-trøyene. Resultatservice får du på arrangør Valder si heimeside.
Resultater

Spelermøte herrer/junior
1-12-2005 16:42
-Det blir spelermøte for juniorspelera og dei herrespelerane som vil være med å kjempe om ein plass i neste års a-stall på klubbhuset søndag kl. 18.00. Spre dette videre til dei rette personane for eit slikt møte.