| 3. divisjon: Brattvåg
tapte 31-08-2004 20:52 -Brattvåg tapte 2-4 for Bergsøy i kveld. Brattvåg spelte lenge jamt med laget frå Fosnavågen, men i 2. omgang vart det for tøft. Ex-nor-borgar Andre Larsen spelte dei siste 20 minutta. Hødd2 spelte 2-2 mot Valder, og auka avstanden ned til Brattvåg til 3 poeng. Skarbøvik vann heile 4-0 over Langevåg og leiar no med 6 poeng på Hareid som berre spelte 2-2 mot AaFK2. Godøy har rota seg inn i botn-striden og tapte i dag heile 5-0 heime for Ørsta. FK Sykkylven og Spjelkavik spelte 1-1. Tabell Transferstopp i kveld - panikkjøp av Norborg! 31-08-2004 17:33 -I all hast heiv Norborg seg rundt å kjøpte Jan Vatnehol (32) frå Ravn. Overgangssummen er på to kasse brus og ei kanne kaffi, samt nokre småkaker utgått på dato. Alt i alt må dette betegnes som eit panikk-kjøp av Norborg i eit desperat for-søk på å rykke opp. - Jan er godt kjend og populær i Norborg-miljøet, samt han har rutina som skal til for å få oss opp ein divisjon, kjem det i ei pressemelding frå Norborg. Mange norborgarar på sonesamling for G/J 13 31-08-2004 17:22 -Martin Andreas Grytten, Adrian Holmeset, Sondre Emil Korsnes, Johan Stavik, Skjalg H. Vostad, Nina Maria Witsø, Ida Marie Holme-set og Martine Søvik Gunnarsdottir skal alle møte på sonesamling på Aksla stadion den 4. september. Norborg er med dette den klubben som har flest deltakarar. Les meir.. Statistikk småjentelaget 31-08-2004 17:20 -Ei fullstendig målscorarliste for småjentelaget er no på plass. Takk til trenar Amund Terøy for jobben. Statistikk Slik blir haustinnspurten 30-08-2004 17:40 -Fem kampar gjenstår for dei fleste laga i 4. divisjon. Vi har sett på kamp-programmet og kome med eit tips på korleis det heile endar. Les meir.. (realistisk versjon) Les meir.. (optimistisk versjon) Valderkampen flytta 30-08-2004 17:17 -Gutelaget sin siste seriekamp mot Valder er flytta til søndag 3.oktober. Kampreferat frå Aafk-kampen Kampreferat 7´erkampen 4. divisjon: HaNo slo MSIL 29-08-2004 23:16 -HaNo vann 3-1 i bortemøtet med MSIL/LIL2. Jan Egil Ulla, Kenneth Ulla og Stian Haram scora for blåtrøyene, medan Endre Åkernes scora for heimelaget. Tabell Sesongen i gang 29-08-2004 19:41 -I England er fotballsesongen i full gang. Etter fire serierunder har Arsenal allereie vist at dei kjem til å ta gull, medan Chelsea har tatt over "boring" stempelet. På tredjeplass ligg Bolton, som i dag kan takke ein assistendommar med skeive hornhinne for sigeren over Liverpool. Årets første poengtap 29-08-2004 19:39 -Guter 7´er gjekk på sesongens første poengtap da man spelte 3-3 borte mot Harøy/Fjørtoft søndag. -Bra innsats, men spelemessig så var dette lilleguttnivå, var kaptein Lars Petter Tennfjord sin kom-mentar etter kampens slutt. Les meir.. Juniorkamp flytta 29-08-2004 13:59 -Juniorkampen mot Aksla som skulle ha vore spelt måndag, er flytta til onsdag 6. oktober. 6. divisjon: Giske vann toppkampen 28-08-2004 18:59 -Giske vann toppkampen i avdeling A med 2-0 over Fiskerstrand. Sam-tidig vann Lepsøy 7-2 på heime mot Valldal. Avdelinga fortsette dermed å vere jamn, men no med Giske i førarsetet framføre Lepsøy og Fiskerstrand. I avdeling B endte toppoppgjeren mellom Flø og Gjerdsvika 2-2. Tabell A Tabell B Grasbana stengt !!!!! 28-08-2004 8:59 -Grasbana i Søvikdalen er stengt for all aktivitet fram til onsdag, med unntak av jentekampen tysdag. Dette skjer for å gi bana noen dager kvile etter nokså hard belastning dei siste to månadane. Sjekk baneplan for meir info. 3. divisjon: Uavgjort på Valdervoll 27-08-2004 21:00 -Toppkampen mellom Valder og SIF endte 2-2, medan Hareid vann 3-1 over Ørsta og er dermed 4 poeng bak leiarlaget SIF. Brattvåg måtte sjå seg slått 4-1 av Lange-våg, medan deira botnrival Hødd2 greidde 1-1 mot Spjelkavik. Godøy nærmar seg botnstriden etter at det vart 2-1 tap for Bergsøy. AaFK2-FK Sykkylven endte 3-2. Tabell Jentelaget vann 27-08-2004 20:54 -Jentelaget vann 2-0 i bortemøtet med Harøy. Ingrid Gamlem og Tonje Fiskergaard scora. Les meir.. Ellingsøy for sterke 27-08-2004 20:50 -Ellingsøy vann 6-1 (2-1) over Nor-borg sitt smågutelag. Norborg sitt mål vart scora av Kristoffer Enge-set. Ellingsøy mønstra både eit eldre og fysisk sterkare lag enn oransjetrøyene. Keeper Joakim Kjerstad hindra eit større tap. Målshow av Norborg 27-08-2004 20:33 -Herrer 7'ar har verkeleg funne storforma og vann 13-4 over Fjørtoft. Norborg hadde som vanleg start-problem og låg under både 0-2 og 1-3. Men gutane stod på å snudde kampen til 6-3 ved pause. Etter kvila punkterte Norborg kampen med 5 mål dei første 10 minutta. Etter denne voldsame opninga roa Norborg seg ned og Fjørtoft fekk kome til nokre sjansar, men for utan eit straffemål haldt Bjørn Tore Selbervik stand i Norborg-målet. I løpet av det siste kvarter putta Nor-borg yttarleg to mål. Med denne sigeren kan laget dårlegast bli nummer 3 på tabellen. Målscorarar: Geir Roar Gamlem 3, Biarte Hånes 3, Amund Terøy 2, Kenneth Gam-lem 2, Jan Even Drønnesund, Geir Magne Grande og Stein Erik Reitan. Les meir.. Tabell Gutelaget utklassa AaFK 27-08-2004 20:32 -Gutelaget rundspelte AaFK og vann 4-0 (3-0) etter scoringar av Kristoffer Søviknes, Lars Petter Tennfjord, Espen Solheim og Adrian Håbet. -Dette var ikkje langt frå det perfekte. Enorm vilje, trøkk og entusiasme frå første spark med kjærleik på ballen, var kommen-taren frå Team Antonsen etter kampen. Meir kjem. Vanskelig gutekamp -Aafk liker å øydelegge 27-08-2004 0:00 -Gutelaget møter Aafk til ein veldig viktig og vrien kamp fredag på heimebane. Kampen går i Søvik-dalen med avspark kl. 18.30. Aafk slo Norborg i vår, og har i løpet av den siste veka slått både Brattvåg og Herd, samt vunne Hessa Cup. Det er altså ingen enkel nøtt den oransje horden står ovanfor. Vi tippar ein jamn batalje, som ender med ein 1-0 siger til Aafk. Brattvåg-Ellingsøy avlyst 26-08-2004 23:21 -Den viktige toppkampen i 7'ar avdeling 2 for menn mellom Bratt-våg og Ellingsøy er utsett. Gjestane klarte ikkje å stille lag. Dersom Ellingsøy må trekke laget sitt mister Brattvåg 3 poeng, medan Norborg beheld alle sine. Kampen om 1. plassen er då vid open. 7'ar kamp mot Fjørtoft 26-08-2004 23:18 -Norborg sitt herre 7'ar spelar fredag kl. 1830 ein viktig seriekamp mot Fjørtoft på Uggedal grus. Norborg har stadig ikkje gitt opp håpet om avdelingssiger og treng tre poeng mot fjørtoftingar på jakt etter 3. plassen. Tropp 4. divisjon: Stranda vann stort - B/E med ny siger 26-08-2004 21:09 -Stranda utklassa Ellingsøy heile 6-0 på Nes stadion og har med denne sigeren stadig eit ørlite håp om opprykk. Blindheim/Emblem vann med minste margin i bortemøtet med botnlaget Stordal. 3-2 vart stillinga her. Tabell Nok ei poengdeling 26-08-2004 21:00 -Norborg og Vigra spelte 2-2 i Søvikdalen torsdag kveld. Etter ein første halvtime der Norborg har ballen mest men Vigra skaper like mykje ga Amund Hjelle gjestane då han fekk stå fritt inne i 16 meteren. Aleine med keeper Kurt Erik Grytten lobba han ballen iskaldt i mål. Tre minutt før pause er det Kim Idar Krogsethagen som kjem aleine med keeper og scorar sikkert. Etter kvila har Norborg ballen mykje, men slit med å skape dei store sjansane. Mot spelets gang gir så Stian Blindheim gultrøy-ene 2-1 etter 65 minutt. Norborg satsar no knallhardt på ei utlikning å sender fram mykje folk. Offen-siven gir resultat 5 minutt før slutt då Edward Laverton header inn utlikninga. Eit vakkert angrep med Kim Idar Krogsethagen. Alexander Gamlem og Edward i hovudrollene. Meir kjem i løpet av veka. Les meir.. Tabell Historisk sko funne! 26-08-2004 17:10 -Under
utgrav-inga av nybana i Uggedalen vart ein histo-risk fotballsko funne.
Ekspertar hevdar at det er restar av Norborg-helt Svein Gjerset sitt første
skopar.Les meir.. Hildre gjekk på eit stortap 26-08-2004 15:25 -Harøy sitt 7'ar herrelag gjekk sist veke på eit 8-11 tap for Norborg, i går tok dei skikkeleg revansje mot vår nabo Hildre. Heile 14-1 vann harøyingane på Hildre gras. I kveld spelast den viktige toppkampen mellom Brattvåg og Ellingsøy. Skal Norborg gå til topps i avdelinga må Ellingsøy ta poeng mot laget nårom fjellet. Tabell Surt tap for småjentene 26-08-2004 15:16 -Småjentene spelte på Lepsøy-graset onsdag kveld, og Norborg opna kampen med eit flott angrep og Martine Gunnarsdottir sette ballen kontant i nota etter 30 sek-und. Laget fortsette med mange flotte angrep, men dette vart kveld-en då ballen ikkje ville i nettmask-ane. Lepsøy var sterke i kontring-ane, og putta på 1 mål i kvar omgang, og vann dermed kampen. Vekas tippegjest 26-08-2004 0:54 -Fiskerstrand IL er ein liten klubb frå Sula som har Eliteserien som mål om noen år. Ukens tippegjest fann vi i denne klubben. Les meir.. Sunnylven trygga opp-rykksplassen 25-08-2004 23:53 -Sunnylven vann 5-3 over SIF2 og leiar framleis 4. divisjon. Laget treng truleg 9 poeng på sine 5 siste kampar for å rykke opp. Tabell Damelaget tapte 25-08-2004 23:53 -Damelaget leia både 1-0 og 2-1, men nok ein gong kom manglande kondisjon til syne og ein tapte 2-3 for Valldal onsdag kveld. Kine Kvammen og Jannicke Gjerset scora. Norborg fekk i tillegg eitt mål annullert ved Silje Mathisen, samt ein hadde 3 treff i aluminiumet. - Vi burde ha vunne, var trenar Kenneth Vegsund sin korte kommentar til norborg.com. Tabell Møter Vigra på torsdag 25-08-2004 15:58 -Norborg møter Vigra i Søvikdalen kl. 1830 på torsdag. Vigra må vinne for å henge med i opprykksstriden, medan Norborg treng siger for å ha heng på HaNo i kampen om å bli Harams beste 4. divisjonslag. Les meir.. Informasjon til jentelaget 24-08-2004 22:36 -Neste trening for J-17 flyttast frå torsdag til onsdag 25.8. kl 1945-2100 i Uggedalen. Kamp mot Harøy fredag 27.8. kl 1900 på Harøy, gamlebana, gras. Avreise Hydro kl 1710. Ferge kl 1730. Garderobe på Harøy-skulen. (vi har tid til Pizza e.l. etter kampen, før ferga innatt) Tirsdag 31.8. kl 1830 blir det heimekamp i Søvikdalen, mot Valldal. (kampen flytta frå torsdag 2.9.) Obs.. Ravn stiller likevel med jentelag, og kampen vi skulle ha mot dei den 18.8. skal spelast seinare. Tapte for Ellingsøy 24-08-2004 21:06 -Juniorane tapte 3-1 for Ellingsøy i Søvikdalen i kveld. Knut Ivar Bjørlykhaug ga Norborg leiinga etter vel ein halvtime. Ellingsøy utlikna like før pause og fann nettmaskene to ganger i 2. omgang. Les meir.. Tabell Juniorane møter Ellingsøy 24-08-2004 0:48 -Juniorlaget møter Ellingsøy til heimekamp tysdag. Kampen startar 18.30 i Søvikdalen. I sist møte mellom desse vart Knut Ivar Bjørlykhaug utvist i ein kamp som enda 2-2. Revansje i dag ? Småjentene utklassa SIF2 23-08-2004 23:01 -Norborg2 vann 9-1 over Skarbøvik2 i kveld, medan smågutelaget tapte 5-0 heime for Emblem. 6. divisjon: Valldal med årets første siger! 23-08-2004 22:38 -Vi gratulerer Valldal med årets første siger i 6. divisjon. Laget vann i kveld 2-1 over HaNo sitt 2. lag. Fiskerstranda vann 4-1 over Vigra2/ Godøy2 og tok tilbake tabelltoppen, medan Ravn tetta igjen bakover og vann 2-0 over MSIL2/LIL3. I avdeling B tapte BAUFIL/Haddal 0-20 for Tjørvåg og har ein målforskjell på 7-166. Volda2 nærmar seg toppen av avdelinga og vann 4-1 over Moldtu-stranda. Topplaget Gjerdsvika skal tysdag spelte mot oransjetrøyene frå Kvamsøy. Tabell avd. A Tabell avd. B Sunnmørsnytt! 23-08-2004 0:37 -Her er ei kort nyheitsoversikt frå Sunnmørsfotballen. Les meir.. Aafk vann Hessa Cup 22-08-2004 23:55 -Aafk sitt gutelag viser gryande form fem dager før møtet med Nor-borg i Søvikdalen. På torsdag slo dei Brattvåg 1-0. Søndag vann dei Hessa Cup etter 1-0 mot Herd i finalen på Norges nest største fotballturnering. Aafk er ei hard nøtt å knekke i fredagens kamp. Møter Emblem måndag 22-08-2004 23:44 -Smågutelaget møter Emblem i Uggedalen måndag kl. 18.00. Også småjentelaget har heimekamp, dei spelar i Søvikdalen 18.30. Samir markerte seg -debuterte for Sarpsborg 22-08-2004 19:27 -Gutelaget sin solide spiss frå vår-sesongen Samir Sahman markerte seg i sin debut for Sarpsborg laur-dag. I ein juniorkamp mot Vestby som Samir sitt lag tapte 7-6 skåra Sahman to mål i ein kamp han spelte 85 minutt av. -Eg er kjempefornøyd, sa Samir til norborg.com etter kampen. Kamp mot Fjørtoft flyttet 22-08-2004 16:27 -Herrar 7'ar kampen mellon Norborg og Fjørtoft er flytta frå onsdag til fredag. Kampen vil gå på Uggedal grus kl. 1830. Småjentene utslått 22-08-2004 16:14 -Norborgs småjenter rauk ut søn-dag morgon etter knepent 1-2 tap mot Sykkylven på Hessa si grus-bane. Kampen var jamn og Norborg hadde ein sterk 2 omg., men klarte ikkje å ta igjen Sykkylven si 2-0 leiing. På laurdag i dei innleiande kampane vart det 2. plass i gruppe- spelet etter siger mot Rollon og Skavøypoll og tap for Herd. Fin innsats av Norborgs småjenter. Måndag byrjar serien igjen, og Norborg 2 har heimekamp mot SIF, mens Norborg 1 har bortekamp mot Lepsøy på onsdag. Har N/E/G trekt laget sitt ? 22-08-2004 13:08 -Uten å ha skapt særlig store overskrifter har N/E/G sitt gutelag i Norborg sin 7´erserie blitt fjerna frå tabellen. Det meste tyder derfor på at dei har trekt laget sitt. Dermed er Norborg sitt ubesigra lag berre ein siger unna avdelingssiger når fem av sesongens tolv kampar gjenstår. Skadenytt 21-08-2004 18:35 -Christian Søvik er ute med brest i ribbeinet. Skaden fekk han på trening før møtet med Skarbøvik2. Kenneth Vegsund vart skada i arma/skuldra i Norborg sin 7'ar kamp mot Harøy og må halde seg i ro i 4-5 dagar. Roger Grytten er tilbake i trening etter å ha blitt skada i ankelen mot Stranda 5. august. 4. divisjon: Vigra vann 21-08-2004 18:27 -Vigra vann 4-3 over ÅVK i dag og gjekk dermed opp på 2. plass. Tabell God start på Hessa Cup 21-08-2004 18:24 -Småjentelaget vann 4-0 over Rollon i sin første kamp på Hessa Cup. Laget skal spele to kampar til i kveld. Bronselaget med storsiger! 20-08-2004 21:01 -Gutar 7'ar vann heile 13-3 (5-1) over Ørskog i kveld. Målscorarar: Stein Erik Alvestad 2, Ole Mathias Grytten 2, Espen Solheim 2, Erlend York, Fredrik Holmeset, Elling Mikal Kalvø, Be, Bjørnar Engeset, Ole Johan Urke, Thomas Ringstad. Nils Edmund Stråmyr dømte og ga Ørskog 5 gule og 1 raudt. 3. divisjon: Brattvåg vann! 20-08-2004 20:29 -Brattvåg vann 1-0 over Valder i kveld og har dermed eit ørlite håp om å stå i divisjonen dersom berre eitt lag rykker ned. Noko som må seiast å vere lite truleg. Hareid gjekk på sitt andre strake tap når det vart 0-3 for Bergsøy. Ørsta har vakna opp og tok ein sterk 4-2 siger borte mot FK Sykkylven. AaFK2 vann 2-1 over Spjelkavik. SIF vann 3-2 over Hødd2 og har no fått ei luke på 6 poeng ned til Hareid på 2. plass. Godøy-Langevåg 1-3. Tabell Taper terreng mot topp-laga 20-08-2004 17:14 -Norborg slit med å få nok poeng i kampane mot laga på øvre halvdel, samt i bortekampane mot dei antatt svakare laga, viser ein undersøkel-se av norborg.com. Les meir.. Storbesøk torsdag 23. september 20-08-2004 14:14 -Vi ber ALLE trenarar og lagleiarar i Norborg om å sette av ettermiddag-en 23. september. Då besøker nemleg spelarutviklar Geir Hansen klubben. Han vil frå kl. 17 ha ein teoridel på klubbhuset i Uggedalen, mens ein frå kl. 19 vil ha ein prak-sisdel med fokus på ferdighets-utvikling. Vi kjem tilbake med meir når tida nærmar seg, samt at alle trenarar vil få mail om besøket. Guter 7´er møter Ørskog 20-08-2004 1:08 -Første seriekamp for sjuerlaget etter ein strålande tredjeplass på Norway Cup er mot Ørskog. Ørskog imponerte med ein sterk siger mot Harøy/Fjørtoft onsdag. Skal Norborg være ubesigra etter denne kampen også ? Kampen går i Søvikdalen kl. 18.30, om ikkje forholda gjer det slik kampen flyttast til Uggedalen. Birkhol på Sunnylven 20-08-2004 0:05 -Etter ein tur innom sunnylven.no fann vi ut at ex-norborgspelar Karl Andre "Kalle" Birkhol var innbyttar for Sunnylven i kampen mot Stranda. "Kalle" fekk 9 minutt i nabooppgjeret. 4. divisjon: Topplaga vann! 19-08-2004 23:48 -Både Blindheim/Emblem og Sunn-ylven vann sine kampar i kveld. B/E vann oppskriftsmessig 3-1 over Ellingsøy, medan Sunnylven tok ein overraskane 2-0 siger over Stranda. HaNo vann 3-0 over Stordal. Tabell Vann i svak forestilling -vågen med tap 19-08-2004 20:56 -Gutelaget tok ein oppskriftsmessig siger mot botnlaget Hessa/Sif. Etter leiing 2-1 til pause, vann man til slutt 4-2 etter mål av Ole Johan Urke, Adrian Håbet, Espen Solheim og eit sjølvmål. Sigeren kunne vore større på ein dag der spelet ikkje var opp mot sitt beste. På nørve-bana gjekk serieleiar Brattvåg på ein skrell, da Aafk vann 1-0. Brattvåg brente i tillegg ei straffe i denne kampen. Dermed tetnar det litt til i toppen, og på 3.plass kjem Herd i tempo-fart. Dei vann i dag 2-1 borte mot Hareid. Les meir.. Trimlaget i skåringsform 19-08-2004 20:54 -Trimlaget tok hevn for vårens tap for Harøy, då dei vann 11-8 (5-6) på Harøya i dag. Biarte Hånes og Geir Magne Grande skåra tre mål, Stein Erik Reitan 2 og juniortrioen Daniel Brusdal, Kristian Furnes og Aleksander Holmeset eitt kvar. Les meir.. Ukens tippegjest 19-08-2004 16:10 -Litt seint grunna linjetrøbbel, men desto meir gledelig er Jan Vatne-hol på plass som ukens tippegjest. Les meir.. 5. divisjon: Skodje vann toppkamp 19-08-2004 1:47 -Skodje vann toppoppgjeret mot Hovdebygda 4-3, men gjekk likevel ned frå 2. til 3. plass sidan Rollon vann heile 4-0 over Vartdal. Leiar-laget Herd vann 3-1 borte mot Sæbø. Harøy greidde berre 2-2 borte mot Spjelkavik2, Ørskog vann 4-1 over FKS2, medan Åheim og Åmdal spelte 3-3. Tabell Bittert poengtap på siffen 19-08-2004 1:12 -Norborg leia 3-2 og hadde full kontroll på Skarbøvik 2. lag, men så 3 minutt på overtid får SIF2 eit billeg frispark på midtbana. Hany Suleiman sende ballen i ei fin boge mot mål. Keeper Kurt Erik Grytten gjer seg klar til å plukke ned ballen, men blir skubba vekk og ballen går i mål. Den elles veldig gode dom-maren dømmer mål i staden for frispark og Norborg taper to poeng. I løpet av dei første 90 minutta ga Alexander Gamlem Norborg leiinga etter 3 minutt. 20 minutt seinare utlikna Trond Iversen for heime-laget. Fire minutt etter pause gir Joachim Olsvik SIF2 leiinga. Men Norborg gir ikkje opp og snur kam-pen med to raske scoringar av Eirik York og Kim Idar Krogsethagen. Norborg har fleire sjansar til å punktere kampen, men er ikkje kald nok framfor mål og altså tre minutt på overtid kjem den fatale utlikninga. Les meir.. Tabell Ravn på spelarjakt 19-08-2004 1:09 -Frå IL Ravn-Fotball har vi fått melding om at dei har store problem med spelarar til sitt 7-ar lag for jente 14-17 år. Dersom dei ikkje får tilgong på spelarar må dei trekke laget frå serien. Det vil bli eit tilbakesteg etter den gode utviklin-ga vi har hatt på jentesida i denne sona. Vi henvender oss dirfor til Skodje, Norborg og Brattvåg for å høyre om dei har spelarar i den aktuelle årsklassa som kan tenke seg å melde overgong/gå på utlån til Ravn ut sesongen. Avgjerdsle på dette må skje raskt i det haust-seriane alt er i gong, seier Geir Ringstad i Sunnmøre fotballkrets. Smågutane med uavgjort 19-08-2004 0:40 -Smågutelaget spelte 3-3 i borte-møtet med Sykkylven 4. Alle måla til Norborg kom på langskot. Kristoffer Engeset laga 2 mål, medan Johan Stavik scora eitt. Les meir.. KA-spelarutviklar Geir Hansen vil møte Norborg 18-08-2004 14:27 -KA-spelarutviklar Geir Hansen kontakta i dag Norborg sin sports-lege leiar Frode Engeset for å få til eit besøk i klubben. Hansen vil halde ein teori og praksisdel for våre trenarar om spelarutvikling. Alle trenarane i klubben skal møte. Tidspunktet blir endten i veke 37 eller 39, men det kjem vi tilbake til innan få dagar. 7'ar herrer møter Harøy 18-08-2004 1:23 -Norborg sitt herrer 7'ar lag spelar torsdag kl. 19 bortekamp mot Harøy. Ferga frå Brattvåg går kl. 1730. retur frå Harøy kl. 2155. Tropp Ballar forsvinn - politimelding aktuelt 18-08-2004 1:13 -Det forsvinn stadig ballar i Søvik-dalen. Dei ulike laga må bli flinkare til å samle inn ballane etter trening. Sidan mai har det forsvunne 13 adidasballar. Er det nokon som har tatt med seg slike ballar heim, venlegst returner dei til Søvikdalen snarast. Viss ikkje blir forholda meldt til politiet, då vi veit kven det gjeld, seier ein arg materialforvaltar Tarjei Urkedal på 22-årsdagen sin. Krinslaget G-88 berre for Søre-Sunnmøre? 18-08-2004 1:08 -Måndag kom 20 mannstroppen som skal på gute-88 samling på Høddvoll. Trass i at dei tre beste laga finn seg nord for Storfjorden, er 14 av spelarane frå søre. Les meir.. Hessa/Sif ei vanskeleg nøtt 18-08-2004 0:49 -Gutelaget møtar på torsdag by-laget Hessa/Sif til årets vanskeleg-aste heimekamp. Alt anna enn topp skjerpings mot dette laget er bra nok. Med tankar om at dette blir lett, og man kan vinne 15-0 så vil bylaget ta med seg alle poenga heim frå Søvikdalen. Les meir.. Valder vann lokaloppgjeret 17-08-2004 22:23 -Valder vann 3-1 over Godøy i kveldens 3. divisjonsrunde og knappa dermed inn på topplaga Skarbøvik og Hareid. SIF makta berre 3-3 mot Spjelkavik, medan Hareid tapte 1-0 for Langevåg. FK Sykkylven vann 3-1 borte mot Bergsøy, medan Brattvåg greidde berre eitt poeng i Ulsteinvik mot Hødd2. Tabell HaNo toppar fair-play 17-08-2004 13:51 -HaNo har hittil i år vore 4. divisjon sitt mest fair-spelande lag. Berre 6 gule kort har blåtrøyene fått på dei første 13 kampane. Vårt eige lag har dei siste åra toppa denne lista, men dagens mannskap har fått heile 17 gule og 1 raudt. Dette er nest verst. På botn finn vi ÅVK. Sjå statistikken Hessa/Sif med sterk siger 17-08-2004 0:18 -Norborg sin neste motstandar Hessa/Sif tok ein sterk siger med 3-1 borte mot Aafk fredag kveld. Dette var deira første siger for året, og det ser ut som Norborg kan få tøff motstand på torsdag. Larsen med 4 mål 16-08-2004 23:41 -Ex-norborgspelar Andre Larsen scora heile 4 mål då Brattvåg sitt trimlag vann 10-5 over Fjørtoft. Brattvåg la med denne sigeren press på Ellingsøy og Norborg i kampen om avdelingssigeren. Tabell Møter formsterke SIF2 på onsdag 16-08-2004 23:34 -Norborg sitt herrelag møter Skar-bøvik sine nest beste på siffen onsdag kl. 1830. Les meir.. Kreftane haldt ikkje for juniorane 16-08-2004 20:39 -Juniorlaget leia 2-0 over SIF/Hessa litt ut i 2. omgang, men måtte likevel sjå seg slått 4-2. Amund Terøya ga Norborg 1-0 ti minutt ut i kampen, medan Knut Ivar Bjørlyk-haug dobla leiinga dryge ti minutt ut i 2. omgang. I løpet av den siste halvtimen gjekk Norborg tom for krefter og heimelaget snudde kam-pen i sin favør. Norborg vart snytt for straffe på stillinga 2-1 då Edward Laverton vart ulovleg hindra. Tapte for Skodje 16-08-2004 20:34 -Damelaget tapte 7-2 for Skodje på Skodje gras i kveld. Norborg leia både 1-0 og 2-1 etter scoringer av Sandra Larsen og Silje Mathisen. Skodje utlikna til 2-2 i siste spele-sekund av 1. omgang, og kom sterkt utover i 2. omgang. Heile fem ballar måtte keeper Terese Brusdal plukke ut av nettet etter pause. - Vi var fullt på høgde i 1. omgang, men når kreftene tok slutt etter pause vart det overkjørsel, seier trenar Kenneth Vegsund til norborg.com. Juniorane møter SIF/Hessa 16-08-2004 15:41 -Juniorlaget spelar i kveld mot SIF/ Hessa på Skarbøvik stadion kl. 1830. Norborg tapte heimekampen heile 0-5 mot dette laget, men har etter den tid fått sving på sakene og vil med siger i kveld ha gode medaljesjansar. HaNo med storsiger 15-08-2004 22:26 -HaNo hadde som venta få problem med å slå Ellingsøy i dagens 4. divisjonskamp. Blåtrøyene ga seg ikkje før det stod 5-1 på resultat-tavla. Tabell Sunnmørsnytt 15-08-2004 15:13 -Her er nokre nyheiter frå sunn-mørsfotballen i helga. Les meir.. Dommarkort 15-08-2004 13:19 -Dommarkort for laga G14 (små- gutar), J14.07 (småjenter) og J17.07 (jente) kan oppmennene hente heime hos Roar Korsnes. Melgårdsbakken til Ran-heim 15-08-2004 13:13 -Stranda sin dyktige Thomas Melgårdsbakken melder overgong til 3. divisjonsklubben Ranheim, melder strandafotball.no. Melgårds-bakken har i årets 4. divisjon scora 4 mål og blitt kåra til banens beste i 3 kampar. Hødd sendt heim med tap 13-08-2004 20:46 -Under vanskelige forhold takla heimelaget vinden best. I motvinden i første omgang fann man vegen til nettmaskene tre ganger, medan Hødd skapte ingen reell trussel for Bjørnar. I andre omgang skårte Hødd på eit hjørnespark, medan deira eigen keeper framstod som kampens store spelar med fleire klasseredninger på gode forsøk frå Norborgspelerane. Alt i alt ein fortent 3-1 siger etter mål av Eivind Fjørtoft, Erlend York og Espen Solheim. Les meir.. Poengtap for Vigra 12-08-2004 21:41 -MSIL/LIL2 og Vigra spelte 0-0 i Mauseidvågen, medan Blindheim/ Emblem vann 4-3 over Stranda. Dermed vart det poengtap for begge topplaga i denne serierunda, medan B/E har skaffa seg eit godt utgangspunkt framfor møta med botnlaga Ellingsøy og Stordal. Tabell Trivst i vinden -slo topplaget! 12-08-2004 21:31 -I ein iskald nordavind vann Norborg 3-2 over topplaget Sunnylven, og tok dermed hevn frå 6-1 tapet i vår. Etter ein mållaus 1. omgang heada ein SIL-spelar ballen i eige mål etter eit godt innlegg frå Steffen Grytten. 3 minutt var då gått av 2. omgang. Dryge ti minutt seinare utliknar SIL ved Alf Ole Sundgot. Men Norborg ville vinne denne kampen og frå det 27. til det 29. minutt scora oransjetrøyene to gongar. Først klinka Kristian Søvik-nes ballen i krysset frå 30 meter, så utnyttar Kim Idar Krogsethagen ei keepertabbe. På overtid scora Norborg sjølvmål. Les meir.. Siste nytt frå sunnmøre 12-08-2004 16:24 -I morgon sparkast haustsesongen i gang for 1.divisjon guter. Vi bringer siste nytt på overgangsfronten og ellers om laga. Les meir.. Hødd kjem fredag 12-08-2004 1:48 -Gutelaget møter Hødd på heime-bane når haustsesongen sparkes i gang på fredag. Vi håper på mykje publikum, og same gode stemninga som under Norway Cup. Les meir.. Ukens tippegjest 11-08-2004 22:27 -Ukens tippegjest er tilbake for hausten. Kampane er henta frå NordicBet sitt utvalg. Les meir.. ÅVK og SIF2 delte poenga 11-08-2004 21:57 -Åram/VFK og Skarbøvik2 spelte 2-2 på Eidså stadion i kveld. Tabell Ny heimekamp på torsdag 11-08-2004 0:15 -Norborg møter Sunnylven i Søvik-dalen torsdag kl. 1900. Møt opp å støtt laget til siger. Les meir.. Det gror på nybana 9-08-2004 15:02 -Dei som tittar ned på nybana når dei kjører forbi i Uggedalen kan sjå ei stadig grønare bane. Her er ferske bilete frå Nye Uggedal stadion. Bileter Poengdeling på Nordøy 8-08-2004 20:27 -HaNo og Blindheim/Emblem spelte 2-2 i varmen søndag ettermiddag. Tabell Klar for Sarpsborg 7-08-2004 15:14 -Gutelaget sin suverene toppskårar Samir Sahman har skrevet kontrakt med Sarpsborg. Han spelte sin siste kamp i den oransje drakta i møtet mot KFK under Norway Cup, og avslutta i vant stil med mål. Norborg har mista eit stort talent, gutelaget har blitt betydlig svekka og Sarpsborg har gjort eit kupp. Vi ønskjer Samir lykke til, og ønskjer han velkomen tilbake om fire år. Samir har stått for over halvparten av gutelaget sine mål i år og i fjor. Gutelaget vil også bli ytterlige svekka av at Espen Solheim tar til på skule i Stranda frå neste uke av. SIF tok hevn - gras hjalp ikkje Brattvåg 6-08-2004 22:39 -Skarbøvik vann 4-0 over Godøy og tok med det revansje for 1-4 neder-laget i vår. Brattvåg spelte for første gong på 2 år kamp på Brattvåg stadion, men måtte nok ein gong sjå seg slått. Denne gong 1-2 for Spjelkavik. Bergsøy-Ørsta endte 4-4, Hareid banka Hødd sine neste beste 5-1, FK Sykkylven vann 1-0 borte mot Valder, medan Langevåg vann 4-2 over AaFK. Skarbøvik klatra til topps på tabellen framføre Hareid og Valder. I andre enden finn vi Ørsta, Hødd2 og Brattvåg. Vigra slo Stordal 5-08-2004 21:27 -Vigra vart som venta for sterke for Stordal og vann 4-0 i kveld. I går vann SIF2 heile 7-3 over MSIL/LIL2. Tabell Det vil seg ikkje.. - 0-2 for Stranda 5-08-2004 21:22 -Stranda var dyktigast framføre mål og vann 2-0 over Norborg i Søvik-dalen. Espen Hove ga Stranda leiinga på eit frispark i vinkelen 5 minutt før pause. I 2. omgang pressar Norborg på for å utlikne, men i staden er det Frode Fausa som doblar gjestane si leiing 10 minutt før full tid. Norborg derimot mått nøye seg med to annullerte mål og eit skot i stolpen. Les meir.. Tidenes Norway Cup 2-08-2004 23:31 -Masse mål, 3.plass, Mathare United og masse mediedekning. Årets Norway Cup er historie. Her følgjer ei oppsummering for den som ikkje fekk oppleve denne festen i oransje farger. Les meir.. |