2006
August

Dagboka
Poenglause heim frå Godøy
31-08-2006 22:33
-Norborg reiste i kveld frå Godøya med null poeng, 5 baklengs og ein stor porsjon frustrasjon. Norborg kom tidleg bakpå i denne kampen, og låg under 3-0 før halvtimen var spelt mot eit langt meir aggressivt heimelag. Etterkvart starta ein å kome meir og meir inn i kampen, og dryge ti minutt før slutt hadde Asgeir Kalvø og Lennart Holmem redusert forspranget til eitt mål. Med ni minutt igjen å spele putta så Tarjei Urkedal ballen i nota, men målet vart annullert. Etter dette annullerte målet gjekk lufta ut av Norborg, og Godøy putta to gongar på slutten av kampen. Trond Brynestad opna scoringsballet for Godøy, medan Erlend Holmen avslutta det med 4 mål. Meir kjem når vi har fått sove litt på saka.
Tabell

NY KAMPSTART!!!
31-08-2006 14:03
-Godøy-Norborg er flytta til kl. 1830.

Godøy er favorittar
30-08-2006 22:43
-Godøy er hos Nordicbet favorittar mot Norborg. Heimesiger gir 1.85 i odds, medan Norborg-siger gir 2.45. Uavgjort er satt til 4.70. Du kan på denne kampen også tippe på resultat. Nordicbet kjører i august også ein kampanje der dei tilbyr ekstra god odds på enkelte kampar. Torsdag er Stranda-Sunnylven denne kampen. Nordicbet sin odds er no 1,85 for Stranda siger, uavgjort gir 5 gangar pengene og bortesiger er 3.8 i odds. Nordicbet har også mange spesialpel som for eksempel kva blir resultatet og om Sundgot eller Furset skorer.

Nytt keeperkjøp av Norborg
30-08-2006 22:19
-Norborg skaffa seg onsdag kveld Langevåg-keeper Geir Roar Gamlem. Gamlem ga seg etter vårsesongen i Langevåg, og skreiv under for Norborg på søndag. Norborg si sportsleg leiing tok onsdag kveld turen til Langevåg for å få underskrifta på del 3. Denne må som kjent vere inne hos kretsen seinast 31. august. - Vi takkar Langevåg og Bjørn Erik Mork for imøtekommenheit, og alt ligg no i hendene til Kenneth Vegsund for at papiret skal bli levert hos SFK i morgon, seie sportsleg leiar. Vi ønsker Geir Roar velkomen tilbake til klubben og håpar han har lagt skadeproblema bak seg. Norborg har no tre dyktige keeperar i stallen. Noko som er nødvendig sidan ein har både A-lag, B-lag og juniorlag.

Ørskog med årets første tap
30-08-2006 22:10
-Skodje vart laget som påførte 5. divisjons suverene serieleiar årets første tap då dei vann 3-2 heime på Skodje gras. MSIL har heng på 2. plassen etter 3-1 siger over Spjelka-vik. Ravn vann den svært viktige botn-kampen mot Vartdal med 2-1, og er no oppe på 7. plass i den jamne divisjonen. Ellingsøy og FKS2 spelte 2-2, medan Vigra kunste Volda2 5-2.
Tabell

GuLars med storsiger
30-08-2006 22:00
-GuLars vann i kveld 6-3 over SIF2, og legg dermed press på dei andre laga i botnstriden.
Tabell

Viktig kamp mot Godøy
29-08-2006 22:34
-Norborg tek torsdag turen til Godøy for å spele ein såkalla 6-poengs-kamp. Vi vonar at mange av våre supportarar også tek turen til Godøya denne kvelden slik som i fjor. Norborg stille med følgjande tropp: Trond Elstad, Bjørnar Engeset, Stein Erik Reitan, Stein Erik Alvestad, Roger Grytten, Steffen Grytten, Vebjørn Grytten, Jan Even Drønnesund, Knut Ivar Bjørlykhaug, Asgeir Kalvø, Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal, Kristian Søviknes, Eirik York, Lennart Holmem, Ståle Hurlen og Kim Idar Krogsethagen. Avreise kl. 17 frå Mix Søvik.
Les meir..

Juniorane banka Brattvåg2
29-08-2006 21:39
-Norborg sine juniorherrer vann heile 8-1 (4-0) i bortemøtet med Brattvåg2. - Ein elendig fotballkamp med mykje kriging og lite spel, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen. Sidan gutelaget spelte kamp samtidig hadde Norborg svært få folk. Andreas Holmeset stilte då sporty opp som einaste innbyttar og spelte siste halvtimen. Måla vart scora av Eivind Fjørtoft (3), Ole Johan Urke (2), Kristoffer Søviknes, Fredrik Furnes og sjølvsagt Asgeir Kalvø.
Statstikk

Blindheim2 slo Norborg
29-08-2006 21:38
-Gutelaget til Norborg tapte i kveld 4-1 (1-1) for Blindheim2 på Blindheim kunstgras. Blindheim2 tok leiinga midt i første omgang etter litt klabb og babb i feltet. Nokre minutt seinere scora Martin Morland på ei flott kontring. I andre omgang gjekk Blindheim opp i 2-1, men like etter hadde Johan Stavik en kjempesjanse men ballen gikk like utanfor. Blindheim pressa godt men gutane holdt unna, men to raske mål på slutten av andre omgang førte til en komfortabel seier til Blindheim Flott innsatts til alle gutane, med et ekstra pluss til keeper Joakim Kjærstad som lenge hold laget inne i kampen.

Tapte for overmakta etter heroisk innsats
29-08-2006 21:29
-Norborg sine juniordamer haldt lenge følge med langt meir rutinerte Bratt-våg, men måtte til slutt sjå seg slått 5-8 (0-2). Ti minutt før slutt var stillinga 4-5, men Brattvåg hadde meir krefter og drog i land sigeren. -Damene heva seg kraftig frå sist kamp mot Valder og hadde fortent poeng. Vi sløste bort mange sjansar, sa trenar André Larsen etter kampen. Camilla Krogsethagen viste solid form og scora tre mål, medan Frida Ahrens og Birgitte Ringstad putta eitt kvar. Jentespelar Nina Witsø var banens gigant på defensiv midtbane. Camilla K. var aktiv og god på topp, medan Ida Holmeset som vanleg var solid bakerst.
Bilete
Statistikk

Taper for topplaga
29-08-2006 18:55
-Norborg og Godøy møter kvarandre i seriekamp på torsdag. To lag som på førehand vart spådd i opprykksstri-den, men som no kjempar om 5. plassen. Etter ein titt på dei inn-byrdes oppgjera mellom laga på øvre halvdel i 4. divisjon. Ser vi at grunnen til at Norborg og Godøy ikkje er med i den absolutte toppstriden er at ein tek svært få poeng mot dei andre laga på øvre halvdel. Godøy har på sju kampar ikkje vunne ein einaste toppkamp.
Les meir..

Ny storsiger til herrar 7'ar
28-08-2006 21:53
-Norborg 7'ar vann i kveld heile 13-2 over Skodje, og det skal no eit mirakel til for at avdelingssigeren skal glippe. Norborg styrte det meste av spelet både før og etter pause, men uttellinga var heller svak i dei 38 (!) minutta 1. omgangen varte. To mål av Julius Cesar og eitt av Steffen Grytten gjorde sitt til at det stod 3-0. I 2. omg fekk vi ei kjapp redusering av Skodje før Norborg auka jamt og trutt. Måla vart scora av: Julius Cesar (5), Geir Ove Grønli (3), Steffen Grytten (2), Biarte Hånes (2) og eitt av Frode Stormyr Engeset.
Kampreferat
Statistikk
Tabell

Bruland frå Herd til SIF
27-08-2006 16:36
-Talentet Vegard Bruland (18) har meldt overgong frå Herd til Skarbøvik. Angriperen har i år scora 5 mål for Herd i 4. divisjon. I fjor var han Herd sin toppscorar med 13 mål.

Tropp herrar 7'ar mot Skodje
26-08-2006 18:44
-Følgjande spelarar er plukka ut til å vere med i herrar 7'ar kampen mot Skodje måndag 28. august kl. 1900;
Kenneth Vegsund, Martin Holmeset, Vebjørn Grytten, Jan Even Drønne-sund, Geir Ove Grønli, Julius Cesar, Biarte Hånes, Noralf Gamlem, Alexander Holmeset og Bjørn Urkedal. Oppmøte på Skodje gras seinast kl. 1830. Forfall meldast Frode.

Uggedal stadion stengt grunna vedlikehald
26-08-2006 17:47
-Uggedal stadion er stengt for all bruk til og med torsdag fordi anleggs-gruppa skal ha utover alginat. Dette gjer at bana treng full kvile. Alle kampane i resten av august går i Søvikdalen. Dei laga som har trening torsdag i Uggedalen kan trene i Søvikdalen. Dei laga som har trening måndag, tysdag og onsdag i Ugge-dalen må trene på Uggedal grus, då bana i Søvikdalen er opptatt med kampar.

Stordal på opprykksplass
26-08-2006 17:45
-Stordal vann i dag 4-3 over Skodje og er no på 2. plass i 5. divisjon, to år etter at dei rykte ned i frå fjerde med to fattige poeng.
Tabell

Norborg vann toppkampen mot Ørskog
25-08-2006 20:15
-Norborg sitt herrar 7'ar vann i kveld 10-6 over Ørskog. Sigersvande oransjetrøyer fekk seg likevel ei overrasking då Ørskog leia 3-1 tjue minutt ut i kampen. Men så fekk Norborg opp tempoet og snudde til 4-3. Stillinga ved pause var 5-4. I 2. omgang hadde Norborg rimeleg kontroll i ei amper forestilling. Måla vart scora av Geir Ove Grønli (3), Julius Cesar (2), Noralf Gamlem (2), Bjørn Urkedal, Vebjørn Grytten og Kristian Søviknes.
Les meir..
Statistikk
Tabell

Interessant 3. divisjons-runde
25-08-2006 15:57
-Det er i kveld fleire interesante kampar i 3. divisjon Sunnmøre. Tet-laga Hødd2 og Skarbøvik møtast på Høddvoll, naboane Volda og Ørsta møtast på Volda stadion, medan botnlaga Bergsøy og Valder møtast i Fosnavågen. I tillegg møtast FK Sykkylven-Langevåg, Rollon-Hareid og AaFK2-Spjelkavik. Hødd2 må vinne over SIF om der skal vere eit snev av håp om å ta igjen sebra-trøyene. Valder er tilbake etter legionellasmitten og vil med siger skaffe seg ei luke ned til Bergsøy. Nordicbet har spår ein jamn kamp og har satt oddsen til 2.05 på Bergsøy, 4.40 for uavgjort og 2.35 for Valder-siger. For meir odds sjekk Nordicbet sine sider.

Stilling tabellkonkurransen
25-08-2006 0:05
-André Lima og Steinar Hjelle leiar framleis tabellkonkurransen når 6 runder gjenstår.
Stilling

Kriga HaNo i senk
24-08-2006 21:18
-Norborg sendte i kveld topplaget HaNo heim med 4-1 i sekken. I ein jamn 1. omgang gjekk Norborg av bana med 2-0 leiing etter mål av Steffen Grytten og Tarjei Urkedal. Like etter kvila heada Steffen inn sitt andre mål for kvelden etter eit flott innlegg av Tarjei. Fem minutt før slutt sette Eirik York inn siste spikeren i HaNo-kista då han lobba over keeper Ole Morten Farstad. På overtid pynta Kenneth Ulla på resultatet då han parkerte (!?) Norborg-forsvaret å scora aleine med Norborg sin dyktige siste-skanse Trond Elstad. Over 200 tilskodarar tok turen til Uggedalen. Les meir..
Tabell

Kalassiger til Brattvåg
24-08-2006 21:28
-Brattvåg vann heile 11-0 over Herd i kveld, og har no vunne tilsaman 22-1 over dette laget. Blindheim vart lenge haldt av GuLars, men vann til slutt 5-3. Stranda vann 2-1 i bortemøtet med Hovdebygda, medan ÅVK vann 4-3 over Sunnylven.
Tabell

Farstad erstattar Myklebust
24-08-2006 16:55
-Ole Morten Farstad frå Lepsøy blir HaNo sin nye keeper i tida Arve Myklebust er på sjøen. Farstad vil få sin debut mot Norborg i kveld.

Resultater 5. divisjon
23-08-2006 20:52
Ørskog-Volda2 6-2, Vigra-MSIL 3-2, FK Sykkylven2-Ravn 1-1, Vartdal-Brandal 2-2 og Spjelkavik2-Ellingsøy 1-2.
Tabell

Godøy vann på Siffen
23-08-2006 20:48
-Godøy vann i kveld 3-1 over SIF2 på Skarbøvik stadion.
Tabell

Tropp 7'ar kamp mot Ørskog
23-08-2006 17:28
-Følgjande spelarar er tatt ut til 7'ar kampen mot Ørskog fredag kl. 1800 i Søvikdalen. Kenneth Vegsund, Martin Holmeset, Jan Even Drønnesund, Vebjørn Grytten, Kristian Søviknes, Julius Cesar, Biarte Hånes, Geir Ove Grønli og Noralf Gamlem. 1-2 spelarar til vil bli tatt ut torsdag. Oppmøte i Søvikdalen kl. 1730.

Holmem tvilsam framfor lokalderbyet
23-08-2006 17:20
-Lennart Holmem er sjuk og var ikkje til stades på tysdagens trening. Det er dermed lite truleg vi finn han i morgondagens startoppstilling.

Norborg knapp favoritt hos Nordicbet
23-08-2006 17:15
-Nordicbet held Norborg som knapp favoritt i lokalderbyet mot HaNo. Oddsen på heimesiger er 2.05, uavgjort 4.50 og bortesiger 2.20. Du kan også tippe på resultat i denne kampen. Odds på dei andre 4. divisjonskampane finn du på Nordicbet sine nettsider.

Lokalderby mot HaNo på torsdag

22-08-2006 22:30
-Norborg spelar torsdag kl. 1830 viktig lokalderby mot HaNo. Følgjande spelarar er uttatt: Trond Elstad, Bjørnar Engeset, Stein Erik Reitan, Stein Erik Alvestad, Roger Grytten, Steffen Grytten, Vebjørn Grytten, Jan Even Drønnesund, Kenneth Vegsund, Kjell Terje Brusdal, Asgeir Kalvø, Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal, Kristian Søviknes, Eirik York, Bee, Ole Johan Urke, Lennart Holmem, Ståle Hurlen, Geir Ove Grønli og Kim Idar Krogsethagen. Oppmøte i Uggedalen kl. 1725.
Les meir..

Juniordamene med svak start på hausten
22-08-2006 20:31
-Norborg sine juniordamer tapte 6-3 (1-1) for Valder på Valdervoll i kveld. Etter ein tidvis bra 1. omgang tok kreftene slutt for oransjetrøyene i 2. omgang. Camilla Krogsethagen (2) og Frida Ahrens scora. Norborg sine beste var keeper Ida Holmeset, Marthe Mårstøl, Nina Witsø og Frida Ahrens. Dei tre førstenemte er for øvreg jentespelarar. - Det vart meir eller mindre ei grei treningsøkt fram mot Brattvåg-kampen, sa trenar Kristian Furnes til norborg.com etter kampen. - Sidan vi tapte blir det for øvreg trening kvar dag kl. 1830 resten av veka. Vi var i skammeleg dårleg form.

Rollon sendt heim med halen mellom beina
21-08-2006 21:39
-Eit svekka juniorlag vann i kveld lett 6-2 (5-0) over Rollon i Uggedalen. Etter ein siste halvtime av første omgang der Rollon vart parkert leia ein 5-0 til pause. Toppskårar Asgeir Kalvø gjorde 1-0 når han tok vare på returen etter Bee sin fantastisk skrudde frispark i vinkelen og ut igjen på bana. Den nye superspissen Fredrik Furnes gjorde 2-0 etter Bee-frispark før eit Rollonhovud heada ein Bee-corner i eige mål. Omgangen sine to siste mål satte Martin Grytten inn frå bakerste etter herlege angrep langs Norborg si høgreside med ditto kvalitetsinnlegg. I andre omgang daffa Norborg kraftig av på kvaliteten, og Rollon fekk skåre to billige mål. Kristoffer Søviknes satte inn heime-laget sitt mål etter framspel frå Fredrik Furnes. Norborgspelerane var kollektive gode i første, medan dei var desto meir kollektiv dårleg i andre. Likevel fin trygging av tabelltoppen.
Statistikk


Stilling tabellkonkurransen
20-08-2006 17:11
-André Lima og Steinar Hjelle deler 1. plassen i norborg.com sin tabell-konkurranse for 4. divisjon.
Stilling

Poengdeling på Godøya
20-08-2006 15:50
-Godøy og HaNo spelte i dag 2-2 på Godøybana gras. Blindheim behaldt dermed tabelltoppen no når alle laga har spelt 15 kampar.
Tabell

Harøy tukta serieleiaren
20-08-2006 15:46
-Emblem måtte for første gong i år gå av bana utan siger då det vart 2-3 tap for Harøy i 6. divisjon avd. 1.

Juniorkamp mot Rollon
20-08-2006 15:34
-Juniorlaget møter måndag kl. 1830 Rollon1 til viktig toppoppgjer i junior-serien på Uggedal stadion. Dei oransje krigarane leiar serien, men til måndagens kamp manglar ein fleire sentrale spelarar. Eivind er sjuk, KIB har tatt vegen til Bergen, Eddie lever livet i Molde, Adri er skada, Krenges er borte, LP har starta opptreninga etter kneoperasjonen og Asgeir slit med skadeproblem. Vi lover likevel eit angrepsvillig heimelag, som vil prøve å gi publikum valuta for oppmøte med offansiv fotball, seie juniortrenar Søviknes. Vårt tips: 4-4

Fleire forsvinn frå Norborg
20-08-2006 13:57
-Sommaren er over og fleire av spelarane som har vore i stallen den siste tida reise sin veg. Her er ei lita oversikt.
Les meir..

Utsatt kamp spelast i dag
20-08-2006 11:27
-Den utsatte kampen frå siste runde av vårsesongen mellom Godøy og HaNo spelast i dag kl. 1430. Nordicbet har HaNo som favoritt med 1.90 i odds. Heimesiger er satt til 2.35, mens uavgjort gir 4.70 tilbake pengane om det skulle slå inn.

Sjå måla frå Herd-Norborg
19-08-2006 13:03
0-1 Lennart Holmem (42)
0-2 Lennart Holmem (61)
0-3 Lennart Holmem (77)
0-4 Tarjei Gjerset Urkedal (88)
Takk til Ole Johan Urke, Stein Erik Alvestad og Asgeir Kalvø for filming.

Raudt eller blått?
18-08-2006 16:13
-Endeleg startar Premier League igjen, og to lag skil seg ut som favorittar. Chelsea og Liverpool. For eit par veke sidan så syntes vi Nordicbet ga god "rente" for pengane då dei satte oddsen på Chelsea til 1.51, men etterkvart som opninga har nærma seg har vi fått meir og meir tru på Liverpool. Kanskje er det hjartet som har tatt meir og meir over etterkvart som timane til sesongstart blir færre og færre, men faktumet er at Liverpool har vore Englands beste lag sidan oktober i fjor. Diverre var sesongstarten altfor svak til at det vart ligagull då. I tillegg har Liverpool styrka laget betrakteleg sidan i fjor, noko vi igrunn meinar Chelsea ikkje har gjort. Riktignok har Shevchenko og Ballack kome inn, men sist-nemnde er halvskada og vil bruke tid på å finne forma. Gode spelarar har også reist ut dørene på Stamford bridge. Alt i alt så blir dette ein langt meir spennande sesong enn i fjor. 1.51 i odds på Chelsea, 7.50 på Liverpool. Vi sette pengane på dei raude frå Merseyside.

Topplaga vann
17-08-2006 22:27
-Blindheim tok ein sterk 3-2 siger borte mot Godøy og er igjen tilbake på tabelltopp. Stranda vann heile 5-1 over ÅVK, medan Brattvåg utklassa Sunnylven 5-0 på Hellesylt. Den viktige botnkampen mellom GuLars og Hovdebygda enda med 4-1 til heimelaget frå Sande.
Tabell

Årets første bortesiger i boks
17-08-2006 21:45
-Norborg tok sin første bortesiger sidan 4. september i fjor då det i kveld vart 4-0 over Herd. Lennart Holmem (3) og Tarjei Urkedal scora i ein godt gjennomført kamp av oransjetrøyene.
Les meir..

Juniorreferat
16-08-2006 22:09
-Sidan mandagens juniorkamp var ein slags toppoppgjør, så er det vel verdt eit kampreferat meinte BigBog.
Les meir..


Norborg i finalen
16-08-2006 21:59
-Fotballen.eu skal i desse dager starte si kåring av Noregs beste nettsider. norborg.com er presentert i den uoffisielle lista som har kome på ut. Fredag 18. august kjem den endelege lista, mens rangeringa startar 25. august. Andre lag i 4. divisjon som er presentert er HaNo, Stranda, Hovdebygda og Gursken. Dei to sistnemnde blir riktignok presentert som 5. divisjonsklubbar...
Les meir..

Valder-spelarar legionella-smitta
16-08-2006 21:53
-Rundt 20 spelarar på Valder sitt A-lag og juniorlag har blitt smitta av legionellabakterien. Valder håpar å få utsatt fredagens 3. divisjonskamp mot Ørsta.
Les meir..

Nordicbet utan favoritt i Herd-Norborg
16-08-2006 21:43
-Nordicbet har problem med å peike ut nokon favoritt i torsdagens serie-kamp mellom Herd og Norborg på Herd KGB. 2.15 for heimesiger, 4.30 for uavgjor og 2.15 for bortesiger er oddsen som er satt opp. Du kan også tippe på resultat i denne kampen. Odds på alle kampane i 4. divisjon Sunnmøre finn du hos Nordicbet. Vårt tips på Herd-Norborg finn du her.

HaNo tilbake på topp
16-08-2006 21:06
-HaNo vann i kveld 2-1 over SIF2 på Nordøy stadion, og la med det press på Stranda, Brattvåg og Godøy.
Tabell

Velkomen til fjerde Ørskog
- knuste MSIL i toppkamp
16-08-2006 20:58
-I 5. divisjon sin toppkamp tok Ørskog ein overlegen 4-0 siger over MSIL på Mauseidvåg gras. Laget har på 14 runder tatt heile 38 poeng. Eit under skal til om Ørskog ikkje spelar i etagen over neste år. Ellingsøy tok ein viktig 5-2 siger over Vigra, og har no kontakt med laga på trygg grunn. Ravn gjekk på sitt 3. strake tapt då det vart 3-4 heime mot Spjelkavik2, medan Brandal vann 4-2 over FK Sykkylven2.
Tabell

Tropp mot Herd
15-08-2006 22:57
-Tropp mot Herd torsdag på Moa KGB. Trond Elstad, Bjørnar Engeset, Christian Søvik, Stein Erik Alvestad, Jan Even Drønnesund, Kjell Terje Brusdal, Øyvind Farstad, Roger Grytten, Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal, Asgeir Kalvø, Eirik York, Kristian Søviknes, Eivind Fjørtoft, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke, Lennart Holmem, Ståle Hurlen og Edward Laverton. Avreise frå Mix Søvik kl. 1640. Kampstart kl. 1830.

Toppkamp i 5. divisjon
15-08-2006 22:48
-I morgon er det klart for toppkamp i 5. divisjon mellom MSIL og Ørskog. Nordicbet held MSIL som favoritt med 1.90 i odds. Ørskog, som stadig er utan tap, står på 2.35. Uavgjort gir 4.35. MSIL.no har meir framfor kampen. Ellingsøy-Vigra og Vartdal-Stordal er dei to andre kampane ein kan tippe på hos Nordicbet.

Spennande veke i 4. divisjon
15-08-2006 22:05
-Fleire av laga går nokre spennande dagar i møte. Fleire av laga har kampar som nærmast avgjer om sesongen er mislykka eller ikkje. GuLars og Hovdebygda møtast i ein særs viktig botnkamp, Godøy skal møte begge topplaga og må vinne for å få kontakt, medan Brattvåg må ha full pott mot Sunnylven for å henge med.
Les meir..

Tur til Gamlemsveten
15-08-2006 11:39
-Trimgruppa i Norborg arrangerar søndag 20. august tur til Gamlems-veten. Det vert registrering på toppen mellom kl. 13 og 15. Premiering på registrering. Kåring av Vetemester i hesteskokasting.

Juniorane vann toppkamp
14-08-2006 23:11
-Juniorane vann den viktige borte-kampen mot Spjelkavik med 2-1. Asgeir Kalvø og Ole Johan Urke stod for måla i ein kamp Norborg domi-nerte. Norborg er dermed igjen på topp i divisjonen.
Tabell

Ny storsiger for 7'er gutta
14-08-2006 22:51
-Norborg 7'ar hadde få problem med å ta tre nye poeng då dei i kveld møtte Valldal på bortebane. Etter mållause 23 minutt gjorde Norborg nokre bytte og vips stod det 4-0 når halvtimen var nådd. Etter pausen fortsette oransje-trøyene og ga seg ikkje før det stod 11-1. Biarte Hånes og Vebjørn Grytten scora 3 mål kvar, medan Kristian Furnes, Steffen Grytten, Jan Even Drønnesund, Noralf Gamlem og Terje Tellefsen scora eitt kvar. Flott innsats av samtlege spelarar bidrog til denne storsigeren. Neste kamp for herrar 7'ar er toppoppgjer mot Ørskog fredag 25. august.
Tabell
Statistikk

HaNo banka Hovdebygda
13-08-2006 17:50
-HaNo vann heile 8-0 over Hovde-bygda og avanserte til 2. plass på tabellen. Målskorarane til HaNo var Stian Andre Haram (3), Stig Erik Nogva, Ove Otterlei, Erik Åkre, Lars Petter Haram og Håkon Sæterøy, melde hanofk.no.
Tabell

HaNo under med fire mål
13-08-2006 13:31
-HaNo og Hovdebygda avsluttar i dag runde 13, og heimelaget er sjølvsagt storfavorittar mot botnlaget. Hos Nordicbet har Hovdebygda fått fire mål å gå på. Oddsen blir då 1.90 for HaNo-siger, 6.25 for uavgjort og 2.10 på Hovdebygda.

Videosnuttar av målorgien i Uggedalen
12-08-2006 19:09
Her er videosnuttar frå Norborg-Sunnylven:
1-0 Kim Idar Krogsethagen
1-1 Jan Ove Aslaksen str.
2-1 Eirik York
2-2 Arne Storstein
3-2 Kim Idar Krogsethagen str.
4-2 Sjølmål
5-2 Kim Idar Krogsethagen str.
5-3 Alf Ole Sundgot

Arnel avgjorde for Brattvåg
12-08-2006 17:17
-Brattvåg har stadig heng på topplaga etter at eit mål av Arnel Colic ga dei tre poeng mot ÅVK på Brattvåg KGB i dag. Kampen var temmeleg jamspelt med 10-9 i sjansar til heimelaget. Ein lite underhaldande 1. omgang vart etterfølgt av ein langt friskare 2. omgang. Brattvåg hadde eit spele-messig overtak etter pausen fram til Colic elegant lobba over ÅVK sin keeper ca. 20 minutt ut i omgangen. Kampen opna seg opp etter målet, og ÅVK var nær ved å utlikne berre eit par minutt etter, då Ole Per Kragset avslutta i stolpen. ÅVK stod stadig høgare på bana, noko som ga Brattvåg store sjansar på kontringar, men Martin Sundnes er ikkje i toppslag og kom ikkje nærmare enn eit stolpeskot. På overtid pressa ÅVK kraftig, men greidde ikkje å finne nettmaskene bak keeper Espen Wold.
Tabell

Tropp til herrar 7'ar sin kamp mot Valldal
11-08-2006 18:07
-Følgjande spelarar er tatt ut i 7'ar laget sin bortekamp mot Valldal måndag kl. 19: Jan Even Drønne-sund, Kristian Furnes, Martin Holme-set, Biarte Hånes, Julio Cesar, Vebjørn Grytten, Terje Tellefsen, Kenneth Vegsund og Noralf Gamlem. 1 til 2 spelarar kan bli tatt ut i løpet av helga. Forfall, eller ønske om å bli med, meldast Frode. Oppmøte på Valldal stadion kl. 1830.

Stilling tabellkonkurransen
11-08-2006 18:04
-Sunnylven sin sportslege leiar Steinar Hjelle leiar tabellkonkurransen etter at 13 runder er gjennomført.
Stilling

Tini erobrer Arkansas
11-08-2006 16:46
-Martinus Grytten drog tidleg i august til Arkansas, USA, for å gå på skule, og det tok ikkje mange dagane før han fekk avisoppslag. Tini prøver seg nemleg som kicker hos Gravette Lion. Hos The Benton County Daily Record skriv dei dette: "Only minutes earlier, the Gravette Lions saw what foreign exchange student Martinus Grytten can do with a football. Grytten, who arrived here Thursday from Norway, booted field goals 47-, 40- and 35-yards. The shorter one sailed over the locker room. About 30 Gravette fans watched from the shade here Saturday morning. They were all smiles." Og coach Bill Harrelson seie dette om norborgaren: "“ That was a huge, huge pickup for us, ” said Harrelson of his move-in. “ He’s going to get some live action before long; he’s going to be important to us.”
Heile artikkelen finn du her.

Botnlaga tapte
-Blindheim slo tilbake
10-08-2006 22:37
-Botnlaga Hovdebygda og Larsnes/ Gursken tapte kvar sine heime-kampar i kveldens 4. divisjonsrunde. Hovdebygda fekk stryk av Godøy med 0-4, medan GuLars måtte sjå seg slått 1-7 av Stranda. Toppkampen mellom Blindheim og HaNo enda med 1-0 til laget frå indre Ålesund. I 5. divisjon vann Stordal 4-2 borte mot Volda2, og er oppe på 3. plass. Harøy vann 2-1 over Hildre i 6. divison.
Tabell 4. divisjon
Tabell 5. divisjon
Tabell 6. divisjon avd. 1

Endeleg jubel igjen
10-08-2006 22:32
-115 betalande tilskodarar fekk sjå ein særs underhaldande kamp i Uggedalen mellom Norborg og Sunnylven i kveld. Til slutt vann heimelaget 5-3 over gjestane frå Hellesylt. Kim Idar Krogsethagen scora 3, Eirik York eitt, samt at ein Sunnylvsspelar sette ballen i eige mål. Jan Ove Akslaksen, Arne Storstein og Alf Ole Sundgot scora for Sunnylven.
Les meir..

Ørskog og MSIL auka for-spranget
9-08-2006 21:08
-Ørskog og MSIL auka forspranget i kveldens 5. divisjonsrunde. Ørskog vann 4-0 over Ellingsøy, som no har har fire poeng opp til trygg grunn. MSIL vann 3-0 over Skodje, som måtte sjå Vigra ta over 3. plassen ette 4-1 over Ravn. Vartdal vann den viktige kampen over FK Sykkylven2 med 3-2. Brandal kom seg bort frå botnstriden etter 4-3 over Spjelkavik2.
Tabell

Nedtur for Herd
9-08-2006 20:45
-For nokre dagar sidan vann Herd 3-1 over topplaget Blindheim. I dag inntok kvardagen Herd då det vart 7-1 tap for SIF2 på Skarbøvik stadion.
Tabell

7'ar kamp flytta
9-08-2006 20:05
-Herrelaget sin 7'ar kamp mot Ørskog er flytta frå 23. august til fredag 25. august kl. 18. Kampen vil bli spelt i Søvikdalen. Grunn til flyttinga er at Ørskog sitt 5. divisjonslag skal spele kamp den 23.

Heimekamp mot Sunnylven
8-08-2006 22:42
-Norborg tek torsdag kl. 19 imot Sunnylven. Følgjande er tatt ut i troppen:
Trond Elstad, Bjørnar Engeset, Stein Erik Alvestad, Christian Søvik, Øyvind Farstad, Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten, Jan Even Drønnesund, Stein Erik Reitan, Kristian Furnes, Tarjei Urkedal, Eirik York, Adrian Håbet, Roger Grytten, Asgeir Kalvø, Kristian Søviknes, Lennart Holmem, Ståle Hurlen og Edward Laverton.
Les meir..

Hildre stadig poenglause
7-08-2006 20:54
-Hildre jakta i kveld sine første poeng, men måtte sjå seg slått 3-5 av botnkollega Fiskerstrand. Emblem fortsette si ferd mot 5. divisjon med 5-1 over Langevåg2. Lepsøy kom litt på etterskot i opprykksstriden etter 5-2 tap for Blindheim2. Stranda2 fortsette framgongen med 1-0 over Aksla på den nye kunstgrasbana si.
Tabell

Godøy gjorde jobben
7-08-2006 20:50
-Godøy vann 3-2 over Larsnes/ Gursken i kveldens 4. divisjonskamp, og hjalp dermed Norborg i nedrykk-striden.
Tabell

Alt klart for Hildre sine første poeng?
6-08-2006 20:35
-Hildre står stadig utan poeng i årets serie, men med sommarens forsterk-ingar satsar laget på at den første sigeren skal kome heime mot Fisker-strand i morgon. Fiskerstrand sin nettstad gjorde i vår narr av både laget og enkeltspelarar, så at dei første poenga skal kome no vil nok smake ekstra godt for laget som har ca. 10 ex-norborg-spelarar i stallen. Kampstart kl. 1830 på Hildre gras.

Stranda vann toppkampen i Brattvåg
6-08-2006 20:16
-Kent Runar Vad var den einaste som kom på scoringslista i dagens kamp mellom Brattvåg og Stranda. Dermed vann Stranda den viktige kampen og har heng på topplaga Blindheim og HaNo. Kampen var spelemessig svak med mykje kjemping og lite fint spel. Brattvåg sakna stort Arnel Colic og spelte ei stund med forsvarar Jan Tore Fjørtoft som spiss. Han fann vegen til nettmaskene like før pause, men assistentdommar vinka for offside.
Tabell

Herd tukta serieleiaren
6-08-2006 13:02
-Herd vann noko overraskande 3-1 over serieleiar Blindheim. Sunnylven vann 3-1 over SIF2 og har no fått luke ned til nedrykksplassane. Gårs-dagens resultater førte Norborg ned på ein 10. plass på tabellen.
Tabell

Fleire bilete frå Norway Cup
6-08-2006 12:50
-Vi har fått tilsendt fleire bilete frå jentelaget si deltaking på Norway Cup.
Bileter

Svak kamp ga nytt bortetap
5-08-2006 20:30
-ÅVK varta opp med god fotball og scora to mål før Norborg kom på at sommarferien var over. Trass nokre store sjansar siste kvarteret greidde ikkje oransjetrøyene å finne vegen til nettmaskene i dag. Dermed ein fullt fortent heimesiger til ÅVK.
Les meir..

Ståle med i troppen
5-08-2006 10:30
-Norborg sin toppscorar Ståle Hurlen har meldt sin teneste og blir med til Eidsåvoll stadion i dag.

Godøy vs. Norborg
4-08-2006 19:55
-Nordicbet har lagt ut såkala head-to-head odds på Godøy-Norborg. Du tippar då på det laget du trur kjem høgst på tabellen. At Godøy endar framføre Norborg på tabellen gir 1.50 i odds, medan Norborg står med 2.30.

Kim Idar ikkje med mot ÅVK
4-08-2006 19:31
-Etter ein tur hos kiropraktor idag så vart det klart at Kim Idar Krogset-hagen ikkje blir med mot ÅVK i morgen.

Fair-Play: Bergsøy og Bratt-våg snillast
4-08-2006 15:31
-Sunnmøre fotballkrets sine nettsider presenterte i dag ei oversikt over gule og raude kort hittil i 3. divisjon. Denne viser at Bergsøy er snillast med totalt 10 gule kort og ingen raude. På norborg.com sin uoffisielle fair-play tabell for 4. divisjon så toppar Bratt-våg meg 3 gule og 1 raudt kort. Totalt er det delt ut 172 gule og 8 raude i 3. divisjon, medan det er delt ut 157 gule og 13 raude kort i 4. divisjon. Brukar vi SFK sin poengskala der raudt kort settast til 3 gule, så ser vi at 3. og 4. divisjon er like "fair" med 196 poeng.
Kortstatistikk 3. divisjon
Uoffisiell kortstatistikk 4. divisjon

Tropp til seriekamp mot ÅVK
4-08-2006 13:23
-Norborg stille med følgjande tropp i laurdagens kamp mot ÅVK: Trond Elstad, Christian Søvik, Jan Even Drønnesund, Øyvind Farstad, Steffen Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Stein Erik Reitan, Kristian Søviknes, Eirik York, Roger Grytten, Tarjei Urkedal, Asgeir Kalvø, Adrian Håbet, Lennart Holmem, Edward Laverton og Ole Johan Urke. Vi kjører privatbilar til Eidsåvoll denne gong. Avreise seinast kl. 11 frå Søvik.
Les meir..

Bileter frå Norway Cup
4-08-2006 1:37
-Her er bileter frå Jenter 16 si deltaking på Norway Cup.
Bileter

75 i odds på at Norborg vinn 4. divisjon
4-08-2006 0:48
-Fram til 5. august kan du tippe på kven som blir vinnar av årets 4. divisjon Sunnmøre. Norborg er eit av 8 lag Nordicbet har lagt ut odds på. Favoritt til å stikke av med KM-tittelen er sjølvsagt Blindheim med 1.70 i odds.

Nordicbet held ÅVK som favorittar
4-08-2006 0:45
-Bettingselskapet Nordicbet held ÅVK som favorittar når dei tek imot Norborg på Eidsåvoll stadion laurdag. ÅVK siger til 1.70 tilbake pengane, medan Norborg-siger gir 2.70. Nordicbet har også resultatodds på kampen.

Forsenka referat frå Øyacup
3-08-2006 0:02
-Her er ei oppsummering av innsatsen på Øyacupen som vart arrangert på Harøya 8. og 9. juli.
Les meir..

Jentene utslått etter straffer
2-08-2006 16:03
-Norborg sitt J16 lag er slått ut av Norway Cup etter tap på straffekonk. for Blindheim. Sjølve kampen enda 2-2.
Les meir..

Rundskue
2-08-2006 12:28
-Her er litt stort og smått rundt laga i 4. divisjon den siste tida.
Les meir..

Oppsummering frå NC
2-08-2006 12:19
-Norborg-jentene har gjort sine saker bra på Norway Cup og spelar om ein times tid A-sluttspelskamp mot Blind-heim. Her er ei lita oppsummering så langt.
Les meir..

Sunnmørsderby for jentene
2-08-2006 1:01
-Jentene møter Blindheim i A-sluttspelet i onsdag kl. 13:30 på bane E14 oppe på Ekebergsletta. Alle som er i Oslo og har tilknytning til Norborg-land blir bedt om å kome for å heie fram jentene (ja, gjerne andre også)! Kjem dei oransjekledde seg gjennom denne første cup-kampen venter nok eit sunnmørslag, Guard. Den kampen går kl. 19:00 på bane E19 oppe på Ekebergsletta.

Ferien snart over
-laurdag brakar det laust
1-08-2006 13:54
-Laurdag er ferien over for halvparten av laga i 4. divisjon. Enkelte vil nok hevde at start 5. august er nokre dagar for tidleg, for fleire 4. divisjons-spelarar oppheld seg nok stadig på andre breiddegrader. Kampane vil uansett gå sin gong og her er kamp-oppsettet for runde 13:
Herd-Blindheim, Sunnylven-SIF2 og ÅVK-Norborg spelast laurdag. Toppoppgjeret Brattvåg-Stranda spelast søndag og Godøy-GuLars måndag. Siste kamp i denne runda mellom HaNo og Hovdebygda spelast ikkje før 13. aug.
Toppscorarliste 4. divisjon
Diverse tabellar for 4. divisjon

Jentene vidare til A-sluttspel
1-08-2006 12:53
-Norborg sitt J16 lag leverte ein særs god kamp mot Froland/Amazon i dag, men måtte sjå seg slått 2-0 av laget som har vunne sine to første kampar med siffera 14-0 og 11-0. Norborg endte på 2. plass i puljespelet og er klare for A-sluttspel.

Uavgjort for jentene
1-08-2006 2:11
-Jentelaget spelte 1-1 mot Fart i sin 2. kamp på Norway Cup. Norborg sitt mål kom på eit sjølmål. Norborg styrte 1. omgangen og hadde brente 3 store sjansar. Etter kvilen jamna kampen seg ut. Norborg må gå på stortap mot Froland om det ikkje skal bli A-sluttspel.