2006
April
Juni
Juli
August

Dagboka

AaFK flyr høgt
- flott fotballhelg for M & R
30-04-2006 20:12
-Aalesunds FK smadra Moss 5-0 på Melløs i dag. Trond Fredriksen (2), Tor Hogne Aarøy (2) og Joackim Austnes scora for tangotrøyene. AaFK leiar Adeccoligaen med to poeng på Bryne og Strømsgodset. Molde fekk med seg alle poenga i møtet med Rosenborg på Lerkendal etter ei scoring av Petter Rudi på straffe etter 12 minutt. Kristiansund vann 3-1 over Korsvoll, medan Hødd skuffa med 0-0 mot Kongsvinger.

Juniorkamp på måndag
30-04-2006 17:59
-Norborg sitt juniorlag møter Spjelkavik på Uggedal grus måndag kl. 20. Alle som har junioralder + 4 frå gutelaget møter kl. 1850.

Odds på Tippeligaen
30-04-2006 13:25
-Nordicbet gir 7.20 i odds på Molde siger over Rosenborg. Kanskje verdt ein innsats...
Les meir..

Odds på Adeccoligaen
30-04-2006 13:23
-Vi har no lagt ut odds og tips på 1. divisjon.
Les meir..

Tafjord signerte for HIL
29-04-2006 18:32
-Hovdebygda har signert midtstoppar Henning Tafjord, melde hil-fotball.net. Tafjord (ex-Skarbøvik) har ikkje spelt fotball på ei stund grunna beinbrot. Tafjord var før beinbrotet ein svært lovande spelar og scora bl. a. 11 mål i 4. divisjon 2003 for SIF2.

Stilling tabellkonk'en
29-04-2006 18:27
-Øyvind Kåre Kjerstad har tatt leiinga i tabellkonkurransen etter at 2 serie-runder er gjennomført.
Stilling

Hovdebygda banka HaNo
29-04-2006 18:12
-Hovdebygda vann heile 5-0 over HaNo i dag. Ifølgje hil-fotball.net la heimelaget ned ein fantastisk lag-innsats. Bjørnar Ingebrigtsen og Eivind Solevågseide scora før pause, medan Espen Viddal (2) og Jo Martin Aasen auka leiinga etter kvilen.
Tabell

Sterk siger over ÅVK
29-04-2006 17:54
-Norborg vann 4-1 (2-1) over ÅVK i strålande solskin på Uggedal stadion. Det var likevel gjestane som kom best i gong då Ole Andre Kragset ordna 1-0 leiing på eit skot frå 16 etter 4 min. Norborg kom seg likevel til hektene og tok over spelet. Ved halvspelt omgang vidareformidla Steinar Lade eit hardt Lennart Holmem skot i mål, medan Ståle Hurlen sendte vertane i leiing 15 minutt før pause då han var vaken frampå etter ein retur frå keeper Storgjerde. Knappe 2 minutt ut etter pause auka Kristian Søviknes til 3-1 før Tarjei Urkedal trygga leiinga med 4-1 i siste ordinære speleminutt. Flott at 180 tok turen innom stadion i dag. Les meir..

Larsen og Brusdal ute
29-04-2006 11:26
-Forfalla til kampen mot ÅVK fortsette å strøyme på. Andre Larsen er småskadd og er ikkje med i troppen, medan Kjell Terje Brusdal har tatt seg langweekend i Bergen.

Ny siger til gutelaget
28-04-2006 21:43
-Gutelaget slo i kveld Giske 4-1 (3-0) på Uggedal grus. Robin Hånde, Johan Stavik, Skjalg Volstad og Martin Grytten putta for oransjetrøyene.
Statistikk

AaFK2 vann lokalderbyet
28-04-2006 20:48
-AaFK2 vann den historiske (pga politiet) kampen mot Rollon med 3-0 etter mål av Bjørn Erik Melland (2) og Sigve Rørstad. Valder haldt på å ta årets første skrell då dei leia 2-1 over Volda til det gjenstod to minutt. Då redda imidlertid Christian Malmo poenget for vertane. Langevåg vann 3-2 over Bergsøy og har full pott. Spjelkavik vann greitt 3-0 over Hødd2 etter bl. a. to mål av Frank Sverre Skorpen. Skarbøvik putta fire gongar etter pause og vann 4-0 over Ørsta, medan Hareid vann 4-2 over FK Sykkylven.
Tabell

Odds på Norborg-ÅVK klart
28-04-2006 18:39
-Nordicbet har no lagt ut odds på laurdagens kampar i 4. divisjon.
Les meir..

Henting av sesongkort og stolkort
27-04-2006 23:01
-Dei som har kjøpt sesongkort og stolkort får henta desse før kampen i Uggedalen laurdag kl. 1500. (Med forbehold om trykkeriet blir ferdig med dei. Den som møte får sjå.)

Seriekamp i Uggedalen
27-04-2006 22:55
-Norborg spelar sin første heimekamp for sesongen mot ÅVK på Uggedal stadion laurdag kl. 1500. Kampane mot ÅVK er alltid jamne og spennande så her må folk møte opp å støtte heimelaget.
Les meir..

Blindheim tukta Herd
27-04-2006 22:53
-Blindheim vann 1-0 over Herd på CLS i kveld.
Tabell

Sunnmøringane ivrige oddspelarar
27-04-2006 22:28
-Oddsnet.com tok tempen på odds-interessen og sendte to av book-makerne som har odds på 3. divisjon dei siste åra nokren spørsmål omkring interessa for spel. Utifrå svara ser det ut som folk i Møre og Romsdal, og då spesielt på Sunnmøre, er ivrige på å sette pengar på lokale lag.
Les meir..

Brattvåg med ny slitesiger
27-04-2006 20:43
-Brattvåg-keeper Espen Wold melde om 3-2 siger til Brattvåg i bortmøtet med Stranda. Stranda leia 1-0 ved pause, og leia også 2-1, men Brattvåg kom nok ein gong sterkt og snudde kampen. Martin Sundnes (str.), Azem Maksumic og Kristoffer Grønmyr scora for gultrøyene. Ronny Furset og Steffen Lilleås scora for heimelaget. -Steike god arbeidssiger, seie Espen.
Kampen Blindheim-Herd blir spelt på CLS i dette augenblink.
Tabell

Storsiger til Godøy
27-04-2006 20:37
-5-1 til Godøy, melde spelande assistent trenar Svein-Arve Alnes til norborg.com. Svein-Arve Alnes, Kristian Alnes, Leif Hausken, Erik Dyb og Daniel Vartdal scora. Dermed er Godøy i rute, medan motstandar Larsnes/Gursken som venta har fått ein tøff start på 4. divisjonslivet med to strake tap.

Fredagens 3. divisjonsrunde
27-04-2006 19:52
-Nordicbet har lagt ut odds på fire kampar i fredagens 3. divisjonsrunde.
Les meir..

Tre lag med full pott
26-04-2006 22:50
-MSIL, Spjelkavik2 og Ørskog vann sine kampar i kveldens 5. divisjons-runde og står med full pott etter to kampar. MSIL kom under 1-0 for Skodje, men snudde til ein komfor-tabel 4-1 siger. Laga som kom ned i frå 4. divisjon slit, og tapte i dag sine kampar. Ellingsøy måtte tåle 1-3 heime for Ørskog, mens Vigra måtte sjå seg slått 2-1 for Ravn på borte-bane. Nykomar Vartdal vann heile 7-0over FKSykkylven2, medan Brandal-Spjelkavik2 endte 1-2.
Tabell

Sunnylven redda uavgjort
26-04-2006 22:01
-Skarbøvik2 og Sunnylven spelte i kveld 2-2 (1-1) etter at Ole A. Ringdal utlikna fire minutt før slutt. Meir på Sunnylven si heimeside.
Tabell

4. divisjonsoddsen ute
26-04-2006 18:03
-Nordicbet har no lagt ut oddsen for torsdagens kampar i 4. divisjon.
Les meir..

Vatner bana i stand
25-04-2006 13:51
-Uggedal stadion ser ut til å bli klar til laurdagens seriekamp i 4.divisjon mot Åram/Vankam. Kontinuerlig vatning på bana er det som skal gjere underverka som får gjødselen til å virke på rekordtid. I tilfelle noen er redd for overvatn, så er det null og niks å bekymre seg for. Bana er likevel tørrere enn Kråmyra var på sitt tørraste grunna den gode dreneringa.


Sparebanken Møre kårer dagens heimespelar
25-04-2006 22:49
-Sparebanken Møre vil i år kåre dagens heimespelar på herrelaget sine kampar i 4.divisjon. Kåringa vil bli foretatt av ein lokal jury som blir nedsatt i nær framtid.


Vanskeleg 5. divsjonsrunde
25-04-2006 22:01
-Nordicbet sine utvalde kampar frå onsdagens 5. divisjon blir ei hard nøtt å tippe rett.
Les meir..

Storsiger i sesongopninga for juniordamene
25-04-2006 20:02
-Norborg sitt junior damelag fekk ein strålande start på sesongen då Rollon vart banka med heile 9-2 (5-1) i Larsgården. Camilla Krogsethagen scora 6 mål, medan Ingrid Gamlem, Maria Korsnes og Nina Witsø (straffe) putta eitt kvar. - Vi dominerte frå start til mål, einaste problemet var at vi hadde med for mykje folk, sa trenar Kristian Furnes til norborg.com.
Juniordamer
Sjå bilete

Junior damer leiar stort
25-04-2006 19:10
-Norborg sine juniordamer leiar heile 5-1 over Rollon når 1. omgang er unnagjort. Camilla Krogsethagen har banka inn 4 av måla, medan Ingrid Gamlem har foreløpig notert seg for eitt. Vi kjem tilbake med sluttresultat.

Tøff opning for Hildre
24-04-2006 21:25
-Hildre fekk ein tøff debut i 6. divisjon då det vart 7-0 tap for Fiskerstranda på Lømyra i kveld. FIL si heimeside har meir om kampen.
Les meir..

Knakande gode besøkstal
24-04-2006 18:07
-Serieopning og kamp mot Brattvåg ga ny besøksrekord på norborg.com. Heile 7526 treff vart registrert sist veke, av desse 5725 unike. Beste dag var fredag då det vart registret 1212 treff og 911 unike.

Aktivitetsleiarkurs

-Aktivitetsleiarkurset blir først-komande måndag kl. 18-21. Det blir 1,5 time med teori og 1,5 time med praksis. Ta med penn og papir til teoridelen og utekle for praksis-delen. Tysdag vil kurset også gå kl. 18-21, mens siste del av kurset vil gå laurdag 6. mai. Tidspunkt blir bestemt tysdag. Vel møtt! (19 stk er påmeldt)

Vann 5-2 til slutt
23-04-2006 18:16
-Juniorlaget hadde ikkje dei heilt store problema med å vinne 5-2 borte mot Ørstalaget i dag. Asgeir Kalvø noterte seg for eit hat-trick, og Eivind Fjørtoft og Martinus Grytten stod for dei to siste måla. Godkjent første omgang, og ein andre omgang litt under par, i ein kamp man burde skårt langt fleire mål.


Juniorane leiar stort ved pause
23-04-2006 14:53
-Norborg sitt juniorlag er i dag i Ørsta for å møte samarbeidslaget Ørsta-laget (Ørsta og Hovdebygda). Det er no pause og Norborg leiar 3-0 etter mål av Asgeir Kalvø (2) og Eivind Davik Fjørtoft.

Tips Tippeligaen
23-04-2006 13:45
-3. runde av tippeligaen spelast i dag. Vil Lillestrøm endeleg vinne, fortsette Molde den gode trenden? Den som tør og tippe kan vinne. Her er odds og tips.
Les meir..

Tips Adeccoligaen
23-04-2006 13:43
-I dag går 3. runde av 1. divisjon, eller Adeccoligaen som den heite, av stabelen. Vi kjem med odds frå Nordicbet og tips.
Les meir..

Stilling tabellkonken
22-04-2006 22:25
-1. runde av årets 4. divisjon er gjennomført. Her er stillinga i tabell-konkurransen.
Stilling

HaNo med knapp siger
22-04-2006 16:43
-HaNo drog i land ein 1-0 siger over nykommar Larsnes/Gursken i etter-middag. Stig Frode Longva scora for blåtrøyene like før pause, melde hanofk.no - referat
Tabell

Uggedalen eller Søvikdalen?
22-04-2006 14:37
-Sjølv om Norborg spelte trenings-kamp på Uggedal stadion 2. påske-dag er det framleis usikkert om det er her seriekampen mot ÅVK går. Alternativ stadion er grasbana i Søvikdalen, som var overraskande tørr nå vi var der i dag.
Les meir..

Juniorane møter Ørstalaget
22-04-2006 4:23
-Juniorlaget tar søndag turen til Ørsta KGB for første serierunde i juniorserien. Norborg reiser med ein god tropp, men lar ein skada Adrian Håbet og forsvarsduoen frå a-kampen i går Knut Ivar Bjørlykhaug og Stein Erik Alvestad kvile. Krenges, Skjalg og Martin blir med frå gutelaget. Avreise 11.00, kampstart 14.00.


Nykommarane med poeng i 3. divisjon
21-04-2006 21:43
-Spjelkavik og Skarbøvik innfridde i kveldens 3. divisjonsrunde då dei vann henhaldsvis 4-2 over Bergsøy og 3-0 over Valder. Nykommarane Rollon og Hødd2 hadde oppløftande resultat med 1-1 mot FK Sykkylven og 3-2 siger over Hareid. Ørsta skuffa med 1-2 tap for Langevåg, medan AaFK2 og Volda spelte 2-2.
Tabell

Fantastiske Martin!
21-04-2006 21:24
-Martin Grytten og resten av gutelaget gjorde ein svært god innsats mot Godøy i kveld og vann 4-2 på Godøy-bana gras. Norborg leia 2-1 ved pause etter to scoringar av Martin. Etter pause utlikna Godøy og pressa på, men Norborg kontra inn 3-2 ved Johan Stavik før Martin Grytten fullførte hat-tricket med si 4-2 scoring. Samtlege mål av Martin kom på utsøkte skot frå 20 meter. Elles flott kamp av keeper Joackim Kjærstad som hadde fleire flotte redningar då Godøy pressa på som verst. - Dette var stort, sa ein glad trenar Kjetil Holmeset til norborg.com.

So nær - so bittert!
21-04-2006 21:10
-Norborg var svært nær poeng på Brattvåg KGB i kveld, men i det uret bikka 90 minutt fekk Martin Sundnes ballen fint tilrettelagt på 13 meter og plasserte den kaldt i mål til 2-1 siger for gultrøyene. Kampen var elles tett med få sjansar. Etter 0-0 ved pause tok Brattvåg føringa ved Stian Hatlehol då han sette eit frispark ute ved sidelinja, omrent 30 meter frå corner-flagget, i fin boge over keeper og i nota. Dryge timen var då spelt. Fem minutt etter utlikna Ståle Hurlen med ei heading over keeper etter eit godt slått frispark av Knut Ivar Bjørlykhaug. Trass tap var det likevel ein bra defensiv kamp av Norborg, men ein må bli meir presis i pasningsspelet. Elles takk til dei mange norborgarane som var blant dei 350 betalande tilskodarane.
Les meir..
Tabell

To timar til kampstart
21-04-2006 16:21
-Det er berre to timar til kampstart, men du har stadig tid til å levere inn spel på Brattvåg-Norborg hos Nordicbet. Der kan du bl.a. tippe på resultat. Våre venner i MSIL.no har god tru og tippar 3-2 til Norborg. Det bør du også gjere.

HIL-keeper skada
21-04-2006 16:13
-Hovdebygda sin keeper Kristoffer Nilsen fekk brot i kneskåla i kampen mot Herd i går. Nilsen blir ute frå fotballen i 4-6 veker, melder hil-fotball.

Blindheim svikta ikkje
20-04-2006 21:13
-Blindheim innfridde favorittstempelet sitt og vann 4-1 i bortemøtet med Sunnylven.
Tabell

Uavgjort i toppkampen
20-04-2006 20:54
-Godøy og Stranda spelte 3-3 i det som må reknast for kveldens topp-kamp.

Herd opna som i fjor
20-04-2006 20:47
-Herd gorde som i fjor, nemleg vann opningskampen sin med 4-0. Denne gongen var ikkje motstandar Norborg, men nykommar Hovdebygda. Ifølghe HIL sine nettsider scora Herd på sine sjansar, medan Hovdebygda missa.

Tippetips 3. divisjon
20-04-2006 20:37
-Tippetips med odds frå Nordicbet finn du her.

Søviknes til Hildre
20-04-2006 17:20
-Bjarte Søviknes meldte i går over-gong frå Norborg til Hildre. Søviknes splte i fjor på oransjetrøyene sitt 7'ar lag, men vil no prøve lykken i 6. div. Utlånsskjemaet for Amund Terøy vart også skrive under i går. Han går på utlån til Hildre fram til 1. august. Vi ønske dei begge lykke til.

Kan noen ta med ein kalkulator i morgen ?
20-04-2006 16:33
-Viss noen har ein kalkulator til overs, så har dei behov for eit slikt type redskap i Brattvågen. 2+5+1 = 8 kjære Brattvågera, ikkje 13 slik dere har regna dere fram til på heimesida dykkar. Skal tru om det er mangel på kalkulator som også er årsaken til at dere tok ein billettpris som er høgare enn det som er vedtatt for 4.divisjon i fjor. Vi minner herved om at billettprisane i 4.divisjon på Sunnmøre skal være maks 40,- for vaksne og 20,- for barn i henhold til vedtak på terminlistemøtet i januar. Ellers regner vi med at dere speler Norborgsangen under oppvarminga, sidan dere meinte på vi skulle spele Brattvågsangen i fjor........


Skal banke Brattvåg gule og blå på fredag
19-04-2006 23:21
-Norborg skal fredag dra over fjellet for å sikre sin første trepoengar i år. Trenar Jan Egil Alstadsæter har ein stor og skadefri tropp å ta av. Brattvåg slitt imidlertid med skader på enkelte spelarar.
Les meir..

Ravn tapte - MSIL innfridde
19-04-2006 21:40
-Ravn tapte sin første seriekamp på over eit år då det vart 3-1 tap for nabo Ørskog. MSIL inntok tabelltopp med 6-2 over Volda2.
Tabell

ÅVK tok årets første
19-04-2006 21:39
-ÅVK tok årets første siger i 4. divisjon då dei vann 1-0 over SIF2 på Åram stadion. Odd Steinar Husevåg vart matchvinnar tre minutt før slutt, melder ÅVK.
Tabell

Treningskampstatistikk
19-04-2006 20:04
-Norborg har deltatt i 12 trenings-kampar denne vinteren. Her er spelar-statistikken frå desse kampane.
Les meir..

Tippetips
19-04-2006 19:58
-Vi bringar deg oddsa på 4. divisjons-runda og kjem med eit lite tips.
Les meir..

Folket trur på Brattvåg
19-04-2006 19:37
-Av dei 183 som har levert inn sitt tabellforslag trur heile 109 av dei at Brattvåg blir krinsmeistrar i 4.divisjon. På ein klar 2. plass kjem Blindheim. Her er folket sin tabell.
Les meir..

Rekordstor deltaking i
tabellkonkurransen!
18-04-2006 21:12
-Heile 183 personar sendte inn forslag på korleis tabellen i 4. divisjon endar. Interessa for 4. divisjon ser dermed ut til å vere skyhøg.

Deltakarliste

I morgon brakar det laust!
18-04-2006 17:47
-Onsdag kveld er det endeleg serie-start i dei lågare divisjonane her på Sunnmøre med ein kamp i 4. divisjon og fire i 5. divisjon. Hos NordicBet kan du tippe på kampane i 5. divisjon. Vi kjem her med eit lite tippetips.
Les meir..

Ei gladnyheit!!!
-ladden er tilbake
18-04-2006 17:01
-Etter at Norborg slikkar sine sår etter gårsdagens stortap for Godøy kom det i dag ei skikkeleg glad-melding. Steffen Grytten er nemleg kampklar igjen etter hovudskaden han drog på seg i haust. - Beste nyheita vi har fått på lang tid, seie Norborg si sportslege leiing. Steffen har dei siste vekene vore i trening, og var også med på treningsleiren i Danmark, men han har heile tida passa på å ta det med ro. No har han altså fått klarsignal til å satse for fullt igjen.

Dugnad 1. påskedag
17-04-2006 21:18
-Norborg var tvungen til å ha ein liten dugnad på Uggedal stadion 1. påske-dag. Bana vart raka og merka til dagens kamp mot Godøy. Her er nokre bilete frå dugnaden.

NM-fotball
-Ørsta vann nabokrigen
17-04-2006 21:12
-1. kvalifiseringsrunde i NM vart spelt i dag. Her tok Ørsta ein fin skalp over nabo Volda med 1-0, Spjelkavik vann 4-1 over Hareid, medan Valder måtte sjå seg slått 1-3 av SIF. Frå før har FK Sykkylven vunne 2-1 over Langevåg.

NordicBet kjem med utfordring!
17-04-2006 17:39
-NordicBet ved Geir Erstad har kome med ei utfordring til alle som er med på norborg.com sin tabellkonkur-ranse. Alle som slår han i konkur-ransen,
og som har satt minst eit veddemål hos Nordicbet på 4. divisjon Sunnmøre før 20. april kl. 1830, får 100,- NOK inn på sin spelekonto hos NordicBet i slutten av oktober. Hittil har 135 forslag blitt godkjent. Innleveringsfrist er 19. april kl. 1830. Er du usikker på om ditt forslag har blitt godkjent eller ikkje, sjekk deltakarlista her. Står ikkje namnet ditt her må du tippe ein gong til.
Deltakarliste pr. 17. april.


Tafatt generalprøve
17-04-2006 17:05
-Eit skremmande tafatt Norborg-lag tapte 3-5 (2-3) for Godøy i general-prøva på Uggedal stadion. Bortsett frå det første kvarteret var Godøy klart betre enn heimelaget og tok ein fortent siger. Eirik York, Ståle Hurlen og Martinus Grytten scora for oransjetrøyene.
Les meir..

Fotball-quiz
17-04-2006 16:57
-fotballquiz.com kjører no ein konkurranse om kva klubb som har mest peiling på fotball. Kvar dag kjem det tre nye spørsmål frå norsk og internasjonal fotball. Spørsmåla må besvares innen 45 sekund. Konkurr-ansen varer til 30. november.
Til quiz

Cup i dag
17-04-2006 1:53
-Det spelast i dag tre kvalifiserings-kampar for NM på Sunnmøre. Mest spenning er det nok om lokaloppgjøret i Volda mellom heimelaget og Ørsta. Ein kamp der Volda er knappe favoritter hjå NordicBet, men som norborg.com anser Ørsta som favoritt til å ta vegen eit steg nærmare Ullevål.


Årets 4. divisjon
16-04-2006 22:33
-Onsdag brakar det laust i årets 4. divisjon når SIF2 gjestar ÅVK. Vi har gjennom dei siste vekene kome med vårt tabelltips, men fasiten får vi først 8. oktober.
Les meir..

Generalprøve mot Godøy
16-04-2006 20:37
-Norborg spelar måndag sin siste kamp før seriestart mot Brattvåg fredag. Motstandar i Uggedalen kl. 1430 er divisjonskollega Godøy.
Les meir..

Godøy sin tropp
16-04-2006 15:18
-Godøy sin tropp i generalprøven mot Norborg er som følgjer: Kåre Sindre Nyvoll, Kay Amund Vartdal, Svein Erik Waagan, Trond Valkvæ, Svein-Arve Alnes, Dagfinn Godø, Andreas Austnes, Pål Alnes, Leif Hausken, Sven Harald Nyvoll, Daniel Vartdal, Erik Dyb, Trond Brynestad, Eldar Godø, Jøgvan Valkvæ, Kristian Alnes, Erlend Holmen. Trener Gudjon er på Island og blir ikkje med for å leie laget.

Tropp mot Godøy
16-04-2006 13:53
-Følgjande spelarar er tatt ut i troppen mot Godøy: Kurt Erik Grytten, Bjørnar Engeset, Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen, Jan Even Drønnesund, Kjell Terje Brusdal, Asgeir Kalvø, Stein Erik Reitan, Kristian Furnes, Andre Larsen, Kristian Søviknes, Eirik York, Tarjei Urkedal, Adrian Håbet, Kristoffer Søviknes, Martinus Grytten, Eivind Fjørtoft, Lennart Holmem, Ståle Hurlen, Geir Ove Grønli og Roger Grytten. Oppmøte seinast kl. 1330 på klubbhuset i Uggedalen. Forfall meldast Roger.

Dugnad søndag
15-04-2006 18:11
-Samtlege som var med på trenings-leiren tek med seg ei rive og møter i Uggedalen kl. 1800 søndag. Bana skal klargjerast til sesongstart. Dei som ikkje møter vil få hittil sensurerte bilete lagt ut på nett..

Dugnad trengs på stadion
15-04-2006 16:03
-Kulde og snøv i mars og april gjer at grasbana i Uggedalen ikkje er i så bra stand som vi hadde håpt på, men kamp mot Godøy 2. påskedag blir det.
Bilete

Bilete frå dag torsdag
15-04-2006 16:01
-Her er nokre bilete frå torsdag ettermiddag.
Sjå meir..

Bittert tap mot IFK Hjo
13-04-2006 17:24
-Norborg gjekk på eit bittert 1-2 tap for det svenske laget IFK Hjo. Svenskane scorte på sine to sjansar før pause, medan Norborg bomma og bomma. Etter pause får oransje-trøyene ei rask redusering på straffe ved Kim Idar Krogsethagen. Men trass store sjansar greidde ein ikkje å score fleire mål. Dette var siste økta på dansk jord. Laget reiser frå Løgstør fredag morgon kl. 07 og ventast å vere heime ca. kl. 04 laurdags morgon.

Nokre bilete frå torsdag
13-04-2006 13:12
-Her er nokre bilete frå torsdag for-middag. No stikk vi på kamp for å møte IFK Hjo (Sverige).
Bilete

ÅVK banka Hovdebygda
-berre uavgjort for Godøy
12-04-2006 22:44
-ÅVK vann heile 4-1 over Hovdebygda i kveld, medan Godøy spelte 1-1 mot Vigra i går.

Norborg-oddsen går opp
12-04-2006 22:27
-Oddsen på Norborg som vinnar av 4. divisjon hos NordicBet har gått opp frå 5.00 til 5.50.

Tabelltips: Sunnylven
12-04-2006 22:19
-Sunnylven har vore eit friskt innslag i 4. divisjon dei to siste sesongane. Med Alf Ole Sundgot på topp får dei fleste laga problem, men vi trur Sunnylven vil kjempe på nedre halvdel i år.
Les meir..

Bilete frå onsdag
12-04-2006 20:56
-Norborg har gjennomført ei morgon-trening, samt ein tur til Ålborg i dag. Veret har i dag vore brukbart, men ein sur og kald vind går stadig over Danmark.
Bilete

Bilete frå tysdag
12-04-2006 0:11
-Her er eit knippe bilete frå tysdag.
Les meir..

Brattvåg banka Sørumsand
11-04-2006 23:23
-Brattvåg vann heile 6-1 over Sørum-sand i dag. Brattvåg leia 3-0 til pause og auka leiinga etter pause då Sørumsand måtte spele med ti mann. Heime i gamlelandet har vann Sunnylven 3-1 over Hornindal (4.div).

Juniorlaget slo Lillestrøm
11-04-2006 23:17
-Norborg sitt juniorlag vann 1-0 over eit sterkt Lillestrøm-lag i ettermiddag. Lars Petter Tennfjord vart match-vinnar i det 20. minutt. Ti minutt seinare måtte den dyktige forsvararen bli bært av bana då han fekk kneet ut av ledd. LP vart henta av ambulanse og undersøkt på sjukehus. Han har no fått på ei skinne som han skal gå med i 5 veker før det blir avgjort om han skal opererast. I kampen så spelte Norborg disiplinert og aggressivt. LSK fekk dermed ikkje dei heilt store sjansane.

Formiddagsøkta over
11-04-2006 12:48
-Vel gjennomført morgenøkt av Norborgkolonien i Danmark i dag. I overskya vær gjennomførte juniordamene ei god økt under leiing av Frank Robert Grytten. Herre/jr.laget gjennomførte ei meget prestisjetung fotballtennisturnering med seks lag der det florerte med brassespark og uenigheter med dommerane. Dagens konkurranse var triksing der Lennart Holmem vann med få millimetera på Snesen etter ein spennande finale der Kim og Martinus også var innslag. Juniorlag spelar seinare i ettermiddag mot Lillestrøm. Bilete frå morgenøkta og juniorkampen med meir kjem seinare i dag.


Mureren banka Davik!
11-04-2006 12:54
-Ein av tidenes største sensasjoner utspant seg i Løgstør i går kveld. Uten kjennskap til spelets regler, kjennskap til utstyret eller tidligare erfaring så knuste Bjørn Reitan til med ein suveren siger mot rutinerte Øyvind Davik i biljard. Vi vart vitne til ein meg et stor Davik-klikk etter dette....., til Bjørn si store glede.


Stranda slo MSIL
10-04-2006 23:27
-Stranda vann i kveld 3-1 over MSIL. Ronnie Furset, Espen Hove og Thomas Roset scora for Stranda.

Rota bort sigeren, del 2
-uavgjort mot Hildre
10-04-2006 23:06
-Norborg sitt heimeverande herrelag spelte i kveld 3-3 (2-1) mot Hildre på Uggedal grus. Norborg styrte 1. omg og burde ha leia langt meir enn 2-1 ved pause. Kampen jamna seg meir ut etter pausen, og Hildre fekk med seg eit uavgjort-resultat med ei scoring 6 minutt før slutt. Kenneth Vegsund ga Norborg-føringa i kampen, medan talentfulle Martin Grytten fiksa 2-1 leiing til pause. Alexander Holmeset scora sitt første mål i 11'ar fotball då han auka til 3-1 etter kvilen, men Hildre kom sterkt tilbake og greidde til slutt uavgjort med to mål, det eine på straffe. Følgjande spelte: Terje Tellefsen (stod i mål 1. omgong), Kenneth Vegsund (keeper i 2. omg), Øystein Grytten, Øyvind Farstad, Alexander Gamlem, Alexander Holmeset, Biarte Hånes, Ronnie Gamlem, Roger Grytten, Stig Wold, Martin Grytten, Noralf Gamlem og Geir Ove Grønli. Norborg sitt lag vart litt redusert ettersom Christian Søvik og Ståle Hurlen ikkje kunne vere med. Rapportane seie elles at Øyvind, Stig og Geir Ove var best hjå heimelaget. Nils Søvik var dommar.

Bileter frå treningsleiren
10-04-2006 22:56
-Eit knippe bilete frå treningsleiren.
Sjå meir..

Rota bort sigeren mot Sørumsand
10-04-2006 21:03
-Norborg spelte 2-2 mot Sørumsand i sin første kamp under årets trenings-leir i Danmark. Sørumsand kom best i gong, men etterkvart tok Norborg over og tok fortent leiinga 1-0 på eit frispark av Lennart Holmem i det 21. minutt. Norborg skapte store sjansar, men etter 27 minutt kontrar SIF inn utlikninga. Norborg styrte i slutten av omgangen utan å ta leiinga. 2. omg starta på verst tenkelege måte for oransjetrøyene då Kim Idar Krogset-hagen vart utvist då dommaren ikkje godtok at han sa eit mindre kulturelt ord til seg sjølv. SIF sine spelarar var i harnisk etter dommeravgjersla, og krevde til ingen nytte at dommaren skulle trekke tilbake kortet. SIF tok då over kampen, men det var Norborg som scora ti minutt før slutt då Eirik York heada inn eit innlegg frå Stein Erik Reitan. SIF trykte på i slutt-minutta og tre minutt på overtid fekk dei utlikninga si etter corner. Bra gjennomført kamp av Norborg mot eit lag ein hadde slått med 11 mann på bana. Meir kjem.
Kampbilete

Tabelltips: Godøy
9-04-2006 23:16
-Trass svake resultat i vinterens treningskampar, med berre ein siger på elleve kampar, trur vi Godøy kjem i form utover året og knip 3. plassen.
Les meir..

Tropp mot Hildre
9-04-2006 22:14
-Roger Grytten, Vebjørn Grytten, Øyvind Farstad, Christian Søvik, Stig Wold, Kenneth Vegsund, Alexander Gamlem, Ståle Hurlen, Geir Ove Grønli, Øystein Grytten, Noralf Gamlem, Martin Grytten, Biarte Hånes, Alexander Holmeset. Oppmøte på klubbhuset i Uggedalen kl. 1915. Forfall meldast Stig Wold på tlf. 977 66 833. Visst det er andre aktuelle fotballspelarar som er heime i Norborgland i morgen og er lyst på kamp, kan dei kontakte Stig.

Treningskamp mot Hildre
9-04-2006 22:07
-Norborg herrer spelar måndag treningskamp i to forskellege land. 1. laget spelar kamp mot Sørumsand i Danmark, medan 2. laget møter Hildre på Uggedal grus kl. 20. Dette er første gong i historia at Norborg spelar 11'ar kamp på samme tid i to ulike land.

Vel framme i Danmark
9-04-2006 14:59
-Norborg sin tropp kom søndag kl. 1030 velberga fram til Løgstør i Danmark. Første treningsøkt tok til berre ein halvtime seinare. Norborg disponerer her 3 baner av god standard. Veret er litt surt, men vi satsar på at det blir betre utover veka. Vi kjem tilbake med meir etter at andre økt er unnagjort i ettermiddag.

Dalhaug ute i 12 veke
9-04-2006 14:53
-brattvag-il.no melde om at Roger Dalhaug blir ute i 12 veker grunna eit revet sidefeste.

Målrikt mellom Hovdebygda og Larsnes/Gursken
9-04-2006 14:46
-Hovdebygda vann 6-5 over 4. div.-kollega Larsnes/Gursken på Ørsta KGB i går. Espen Viddal markerte seg med å score 4 mål for HIL. For meir info sjekk hil-fotball.net og gl-fotball.com.

Bare uavgjort for HaNo
9-04-2006 14:43
-HaNo klarte berre 4-4 mot 5. div.-laget Vigra i går. Måla til HaNo vart skora av Stig Frode Longva (2), Erik Åkre og Per Jarle Fjørtoft, melde HaNo si heimeside.

Brattvåg banket gule og blå
9-04-2006 14:37
.Brattvåg tapte sin første kamp på treningsleiren sin i Danmark med heil 0-5 for det svenske 4. divisjonslaget Lundens AIS, melde brattvag-il.no.