|
Godøy leiar 3. divisjon
30-04-2004 20:57
-Så er det bekrefta. Godøy knuste Skarbøvik 4-1 og
leiar 3. divisjon. På plassen bak finn vi Valder. Dermed er det
dei to nyopprykka Giske-laga som har tatt føringa i 3. div. I neste
runde møter Godøy Hødd2, medan Valder tek imot Hareid.
Det ligg dermed an til eit skikkeleg toppoppgjer når Godøy
og Valder møtast i 4. runde.
Valder herjar vidare
30-04-2004 20:42
-Valder tok nok ein skalp i 3. divi-sjon då dei vann heile 3-0 borte
mot FK Sykkylven. Brattvåg måtte nok ein gong gå av
bana med eit 1-0 tap, medan Hareid vann naboopp-gjeret mot Hødd2
med 3-1. Andre resultat: Ørsta-Bergsøy 2-1 og AaFK2-Langevåg
2-2. Resultatet mellom Godøy og SIF ventar vi i spaning på.
Rykta seie likevel 4-1 til Godøy. Vi håper dei stemme.
Tabell
Oransj maktdemonstrasjon
30-04-2004 20:12
-Norborg knuste Hødd 5-2 i 1. divi-sjon gutar fredag kveld. Samir
Sah-man (2), Adrian Håbet (2 - begge langskot i vinkelen) og Eivind
Fjør-toft scora for Norborg. Rapportane seie at Norborg burde vunne
med endå større siffer på Høddvoll ikveld.
Les
meir..
I leiinga på Høddvoll
30-04-2004 19:20
-I 1. divisjonskampen for gutar mellom Hødd og Norborg leiar oransjetrøyene
1-0 ved pause etter scoring av Samir Sahman. Norborg dominerar kampen
fullstendig og burde ha leia med minst 5 mål.
Tøff nøtt på laurdag
29-04-2004 23:06
-Norborg skal laurdag ut i ein svært vanskeleg bortekamp når
ein møter Stranda. Kampen spelast på Stranda stadion kl.
15. Vi håper mange norborgarar tek turen inn for å støtte
laget.
Les meir..
Slo Brattvåg
29-04-2004 23:04
-Norborg sitt småjentelag vann 2-1 over Brattvåg i ein treningskamp
på Hildre gras. Kampen var jamspelt og stillinga ved pause var 1-1.
Norborg scora vinnarmålet tidleg i andre og haldt Brattvågjentene såvidt
unna resten av kampen. Begge laga har stor spelerstall og stiller med
2 lag kvar i serien som starter opp til helga.
Vigra med full pott!
29-04-2004 22:56
-Vigra brann mange sjansar då dei berre vann 1-0 over Stordal i
kveld. Idar Molnes vart for andre gong matchvinnar for gultrøyene.
I den andre 4. divisjonskampen som vart spelt i kveld vann Ellingsøy
3-0 over Aksla.
Tabell
Kamp flytta 7´erserien
29-04-2004 15:15
-Gutelaget vart i dag enig med Nordal/Eidsdal/Geiranger om å flytte
kampen som var oppsatt 6.mai til 20.juni.
Historisk dag i dag
29-04-2004 14:57
-For første gang i historia vart gras-bana i dag klipt før
april månad er ferdig. Bana som på folkemunne på sunnmøre
betegnes som bana som ligg høgt oppe i fjellheimen er grøn
og med ein sterk grasvekst i år. Mykje av dette er det ildsjelen
Kenneth Vegsund si forteneste.
Hødd på fredag
29-04-2004 14:56
-Gutelaget møter fredag Hødd til seriekamp på Høddvoll
KGB.
Les
meir..
Ukens tippegjest !
28-04-2004 23:09
-I samarbeid med NordicBet
har norborg.com i år ei tippekonkur-ranse der den klubben som har
den beste tippegjesten vinn eit stipend på 2000,- NOK. Ukens tippegjest
er Godøy IL sin Kay Amund Vartdal.
Les meir..
Mølen vart pappa !
28-04-2004 22:30
-Norborg sin solide forsvarsspelar Christian Søvik vart i dag far
til ei datter. Ho var 3520 gram og målte 50cm då ho vart født
kl. 14.17. Vi gratulerer!
Lillejentene i målform
28-04-2004 22:28
-Lillejentelaget serieopna i dag med 14-5 siger over HaNo. Blant mål-skårerane
kan vi legge merke til Anette Vegsund med 8 mål og Guro Nyland med
5 mål. -Veldig bra spel av heile laget og innsatsen var der prima
kvalitet over av alle ni spelerane, kunne ein stolt trenar Alexander Gamlem
fortelle nor-borg.com etter kampen var slutt.
Hansmania!
- Hildre-Norborg 1-6
28-04-2004 20:51
-Hans Kristian Holmeset vart den store helten med tre mål då
Nor-borg sitt 7'ar lag banka Hildre 6-1 i seriepremiera. For utan Hans
så scorte Steffen Grytten, Skjalg Nogva og Daniel Brusdal for oransjetrøyene,
medan Bjarte Søviknes putta for Hildre.
Les meir..
Tap for damelaget
28-04-2004 20:50
-Damelaget tapte 6-2 i bortemøtet med Vigra. Linda Holmeset laga
1-0 til oransjetrøyene, mens Norborg sitt 2. mål kom på
sjølvmål etter godt forarbeid av Ingrid Ahrens.
Les meir..
Resultat 4. og 5. divisjon
28-04-2004 20:49
-MSIL/LIL2 vann 1-0 over SIF2 i dagens 4. divisjonskamp. I 5. div. vann
FKS2 litt overraskande 2-1 over Rollon. Ørskog-Hovdebygda 3-0,
Sæbø-Vartdal 2-2, Åmdal-Herd 1-3 og Skodje-Harøy
1-3.
Tabell 4. divisjon
Tabell
5. divisjon
Gutar 7´ar leika seg til 11-3
27-04-2004 21:31
-Norborg sitt 7´ar lag for gutar leika seg meir og meir med gjestane
frå FK Sykkylven utover i andre om-gang. Gjestane leia 2-0 etter
fem minutt spel, men etter dette var det heimelaget som produserte nær-mare
tredve 100% sjansar. Måla vart skårt av Thomas Ringstad 3,
Erlend York 2, Lars Petter Tenn-fjord 2, Martinus Grytten, Jan Helge Uggedal,
Stein Erik Alvestad og Kjell Terje Brusdal.
Juniorane med surt tap
27-04-2004 20:36
-Juniorlaget tapte 1-0 for FK Sykk-ylven tysdag kveld. Norborg skapte
dei fleste sjansane men var vaksi-nert mot å score. - Hadde vi trent
hadde vi slått dette laget, var junior-trenar Kim Idar Krogsethagen
sin kommentar.
Les meir..
Kiosk på alle kampar
27-04-2004 0:24
-I år som i fjor vil det vere kiosk på alle kampar i regi
av Norborg uan-sett alder eller klasse. Første an-ledning for publikum
til å sjå ung-dom i aksjon på bana, og samtidig kjøpe
seg ein kaffi og ei nysteikt vaffelplate er når gutelaget sitt 7´er
lag møter FK Sykkylven i kveld med avspark kl. 19.30 i Uggedalen.
Damene reiser til Vigra
26-04-2004 23:42
-Norborg sitt damelag serieopnar onsdag mot Vigra. Norborg møtte
dette laget i vinterserien og tapte då 14-3. No er det tid for revansje.
Kampen startar kl. 1830.
Serieopning mot Hildre
26-04-2004 23:40
-Norborg sitt herrer 7'er lag serieopnar onsdag mot Hildre. Kampen går
på Hildre gras kl. 1830.
Favorittsigrar i 6. divisjon
26-04-2004 22:02
-Fiskerstrand og Ravn er spådd til å kjempe om 1. plassen
i 6. divisjon avdeling B. Måndag kveld var det serieopning for desse
to laga, og begge innfridde med store sigrar. Fiskerstrand vann 8-1 over
Valldal, medan Ravn vann 6-0 over HaNo2.
Resultater
FK Sykkylven x2 tysdag
26-04-2004 15:11
-Både juniorlaget og guter 7´er møter FK Sykkylven
i seriekamp tysdag. Juniorlaget spelar borte på Slettegjerde gras
kl. 18.30, medan guter 7´er spelar heime på grus med avspark
kl. 19.30.
Småjentene vann!
25-04-2004 13:05
-Småjentelaget vann fredag 8-4 i ein treningskamp mot Ørskog.
Norborg gjennomførte ein bra kamp og vann fortent.
Stranda med solid opning
24-04-2004 17:21
-Stranda banka Hano 3-0 på Nordøy stadion. Dermed har dei
tre laga som kom ned frå 3. divisjon tatt 0 poeng og står
samla med 0-14 i målforskjell. Laga som gjekk opp frå 4. til
3. divisjon tok i helga 6 poeng.
Siger på dårleg dag
24-04-2004 17:10
-Norborg gjorde ingen god kamp mot Åram/Van.kam, men vann like-vel
3-2. Norborg leia 2-0 før 6 minutt var spelt etter mål av
Tarjei urkedal og Øyvind Kvammen. Tre minutt etter kvila scora
Ole Per Kragset på frispark, men dryge ti minutt sein-are auka Tarjei
for Norborg. ÅVK ga ikkje opp og Ole Per Kragset redu-serte nok
ein gong. ÅVK pressa på for utlikning, men Norborg haldt unna.
- Vi vann på ein dårleg dag, men all honnør til ÅVK
som var gode, uttalte Norborgtrenar Øystein Haugan etter kampen.
I overkant av 200 tilskodarar møtte opp i regn-veret.
Les meir..
Tabell
Spelte 2-2 mot Herd
23-04-2004 21:27
-Gutelaget spelte 2-2 mot Herd i dagens seriepremiera. Seriefavo-rittane
frå Moa tok leiinga etter 5 minutt, men to mål av Samir Sah-man
snudde kampen til pause. I andre omgang greidde Herd å ut-likne,
og kampen enda dermed 2-2. Herd viste seg som eit meget bra lag, men Norborggutane
var både innsatsfylte og farlige i kontringane. Les
meir..
13636!
23-04-2004 17:36
-13 636 er ikkje det forventa tilsko-dartalet i morgondagens kamp mot
ÅVK, men det IL Norborg fekk i kulturmidlar frå Haram kommune
for 2004.
Sjå
fordelinga
Melder fint ver til kampen
23-04-2004 12:28
-Siri Kalvig melder på sine internett-sider om fint ver til seriekampen
mot Åram/VanKam laurdag. Over-skya med solglimt og ca. 10 grader
er meldinga ho har til norborg.com sine lesera. Så då er det
berre å møte opp i Søvikdalen i god tid før
avspark kl. 15.00. Kiosken opnar 14.30, og det blir gratis is til barna
i pausa av kampen.
Herd i kveld på Moa KGB
23-04-2004 12:26
-Gutelaget spelar sin første serie-kamp for sesongen i kveld mot
Herd på Moa KGB kl. 18.30. Dette blir ein tøff og vanskelig
kamp for Norborg sine håpefulle mot serie-favoritten frå Moaområdet.
Valder stjal showet
-Brattvåg innfridde
22-04-2004 22:47
-Dei første kampane i 1.divisjon for gutar vart spelt i dag. Brattvåg
vann 6-3 heime mot Hareid og Hødd vann 6-2 mot dumpekandidat Hessa/Sif.
Den største overraskelsen var det Valder som stod for med 3-1 siger
heime mot sterke Stranda.
Favorittane innfridde
22-04-2004 20:45
-Vigra tok ein knapp 1-0 siger over Ellingsøy på Rota stadion
ikveld. Blindheim/Emblem innfridde med 5-0 over Aksla på grusen
i Ratvika. Sunnylven fekk også ein perfekt start på sesongen
med 4-0 siger over MSIL/LIL2 heime på Hellesylt. Tonny Åsen
stod for tre av måla.
Tabell
Flest trur på HaNo
22-04-2004 17:14
-Av dei 82 som leverte inn forslag på vår tabellkonkurranse
er det 29 som har HaNo som favoritt. Minst tru har tipparane på
Aksla og Stordal.
Les meir..
"Sumpen" tippa Norborg på 3. plass
22-04-2004 17:06
-Sunnmørsposten kom idag med sitt tabelltips for 4. divisjon. Dei
held HaNo som favoritt framføre Stranda, Norborg, Blindheim/ Emblem
og Vigra. Vidare er lista Sunnylven (6.), ÅVK (7.), SIF2 (8.), Stordal
(9.), Ellingsøy (10.), MSIL/ LIL2 (11.) og Aksla (12.). Sunn-mørsposten
vegjeng at dei er på tynn is når det gjeld kunnskap om 4.
divisjon, men tok altså likevel sjansen på å kome med
eit tips. Sporty gjort av Jarle Mordal og "sumpen". HaNo-trenar
Bjørn Nedreskodje uttalar i samme avisa at Norborg, Stranda og
Vigra vil vere tetlaga, med HaNo som out-sider. - Norborg har eit spennande
lag på gang, uttalar Grytastrand-rektoren.
Endeleg er seriestarten her
21-04-2004 23:51
-Etter mange veke og månader med hard trening står endeleg
serie-opninga for tur. Åram/Van.kam er årets første
gjestar i Søvikdalen. Vi vonar at mange tek turen opp for å
sjå nye Norborg, for her blir det både gratis is og anna moro.
Kampstart laurdag kl. 1500.
Les meir..
Stordal fekk bank!
21-04-2004 20:46
-Som venta fekk Stordal juling når dei gjesta Skarbøvika
i kveld. Heile 6-0 vann sebratrøyene sitt 2. lag. Dermed har Stordal
gått frå botn 3. til botn 4. divisjon.
Tabell
Strandafotball.no med vurdering av 4. divisjon
21-04-2004 17:50
-Stranda si heimeside har no kome med si vurdering av 4. divisjon. Her
blir Norborg tippa på ein 4. plass.
Les
meir..
Ny publikumsrekord ?
-gratis is til barna!
21-04-2004 12:11
`-Norborgtrenar Øystein Haugan har utfordra publikum i årets
program-blad som kjem neste uke. Han har eit sterkt ønskje om ny
publikums-rekord mot Åram/VanKam. Om dette blir tilfelle så
blir det allsang av herrelaget med Steffen som for-sanger skriv han. Norborg
sett alt inn på å få til dette, og det blir blant anna
gratis is til barna i pausa av kampen, og "Tare" frå sparebanken
møre vil kome på kampen.
Kjem du ?
SIF2-Stordal først ute
21-04-2004 0:00
-Idag går fløyta for seriestart i 4. divisjon. Første
kamp er mellom Skarbøvik2 og Stordal. Stordal kom ned ifrå
3. divisjon, men er spådd ein tøff sesong. SIF2 går
på sin 3. sesong på dette nivået. I denne kampen trur
vi sebratrøyene frå Ålesund tek ein solid siger.
Serieopninga flytta
20-04-2004 19:32
-Serieopninga mellom Hildre og Norborg i 7'ar serien for herrer er flytta
frå 5. mai til onsdag 28. april kl. 1830.
NordicBetstipendet 2004
20-04-2004 15:47
-I samarbeid med NordicBet lan-serar norborg.com i år ei tippekon-kurranse
som kan bidra til at din klubb vinn NordicBet sitt stipend på 2000,-
NOK ved sesongslutt.
Les meir..
Herretrening på Hildre
20-04-2004 15:08
-Herrelaget trenar på Øyvind Kvam-men sin tidligare heimebane
Hildre stadion gras i kveld kl. 19.00.
Gutelaget vann
19-04-2004 22:37
-Gutelaget vann 8-3 over Ørskog i ein 7'ar kamp måndag kveld.
Samir Sahman og Ole Johan Urke putta 3 kvar, medan Jan Helge Uggedal og
Espen Solheim scora eitt kvar. Hans Jørgen Grytten i Norborg målet
vart kåra til kampen sin beste spelar.
ÅVK med sterkt resultat
19-04-2004 22:35
-ÅVK startar å finne forma og greidde 1-1 mot gode Eid. Dette
var ÅVK si generalprøve før møtet med Norborg
på laurdag.
Knapt tap mot Harøy
19-04-2004 22:34
-Jentelaget tapte 2-3 for Harøy måndag kveld. Camilla Johansen
scorte begge måla for Norborg.
7´erkampar i dag
19-04-2004 13:10
-Jentelaget møter Harøy til trenings-kamp i Uggedalen kl.
17.00 i dag, medan gutelaget møter Ørskog på same
arena kl. 19.30. Samir Sah-man er satt opp som dommer i jentekampen, medan
Amund Terøy er fløytesjef på gutekampen.
Vårcup 2004
18-04-2004 23:30
-Referat frå årets Vårcup finn du på HaNo
sine heimesider.
Brattvåg vann 2-1
18-04-2004 23:15
-Kristoffer Grønmyr gav Brattvåg leiinga 2-0 til pause i
dagens gute-kamp. I andre omgang kom Nor-borg sterkare, men greidde kun
å kvittere med Martinus Grytten sitt mål eit kvarter før
pause. I tillegg skulle nok dei oransje hatt eit stra-ffespark noen minutt
før slutt. Dette var siste kamp for begge lag før se-rien
startar denne uka.
Les
meir..
Damelaget tapte
18-04-2004 18:54
-Damelaget tapte 5-0 for Brattvåg i søndagens kamp på
Vårcup. HaNo sitt herrelag vann 2-0 over MSIL, medan MSIL vann 1-0
over Rollon.
Tidenes snuoperasjon
-Hildre-Norborg 6-7
18-04-2004 18:45
-Norborg sitt 7'ar lag for herrer låg under 6-0 for heimelaget Hildre,
men oransjetrøyene ga seg ikkje å snudde kampen til 7-6 siger.
Tarjei Urkedal (3), Frode Urke (2) og Alexander Holmeset (2) stod for
måla.
Les meir..
Valder tukta Stranda
-Langevåg vidare i cupen
17-04-2004 18:44
-Valder vann 3-2 (3-0) over Stranda laurdag ettermiddag, medan Vest-nes
Varfjell tapte 1-7 for Dahle. I 2. divisjon opna Volda med 3-1 tap for
Løv-Ham. Langevåg slo SIF ut av NM med siger på straffekonkurran-se.
Stillinga ved ordinær tid var 1-1 og 2-2 e.e.o.
Stortap mot HaNo
17-04-2004 18:43
-Damelaget tapte heile 10-0 for arrangørklubben HaNo i 2. kamp
på årets Vårcup.
Utklassa Lepsøy
17-04-2004 16:18
-Norborg vann 5-0 over Lepsøy i generalprøva før
serien startar. Tarjei Urkedal (2), Øyvind Kvammen (2) og Edward
Laverton scora måla. Dette var årets første graskamp
for Norborg.
Oppdatering Lepsøy-NIL
-leiar 5-0!
17-04-2004 15:30
-To minutt etter pause ga Edward Laverton Norborg leiinga 5-0. Geir Roar
Gamlem har kome inn for Kurt Erik Grytten i mål, medan Stein Erik
Mårstøl har kome inn for ein småsjuk Kristian Søviknes.
Oppdatering Lepsøy-NIL
-leiar 4-0 ved pause
17-04-2004 15:11
-Tarjei Urkedal ga Norborg leiinga 1-0 etter 21 minutt. Assist: Asgeir
Kalvø. 2-0 Øyvind Kvammen (32), 3-0 Kvammen (37) assist:
Tarjei, 4-0 Tarjei (40). Laget: Kurt - Christian, Geir Ove, Knut Ivar,
Asgeir - Eirik, Roger, Kristian - Edward, Øyvind, Tarjei.
Tapte for Vestnes Varfjell
17-04-2004 15:18
-Norborg sitt damelag tapte 2-0 for Vestnes Varfjell i første kamp
på Vårcup.
Kveldskamp søndag
17-04-2004 12:14
-Haram sine to beste gutelag møtes til generalprøve
før seriestart på KGB søndag kl. 20.30. Vi opp-fordrar
folk om å ta turen til KGB denne dagen. Det blir sikkert god underholdning
frå to angrepsvillige lag. Vårt tips: 4-1 til Brattvåg
Brattvåg og Spjelkavik vidare i NM
17-04-2004 1:27
-Brattvåg-Hareid 3-0 og Spjelkavik-FK Sykkylven 1-1, SIL vidare
etter straffer.
Nybana tek form
16-04-2004 17:44
-Norborg si nye grasbane på Gryta-stranda skal vonleg stå
ferdig til seriestart i 2005. Her er litt info om korleis ståda
er.
Les meir..
Lepsøy i generalprøva
15-04-2004 23:18
-Så er det klart for den siste tren-ingskampen før 4. divisjon
sparkast i gong for Norborg. Motstandar er Lepsøy og kampen går
på Lepsøy gras laurdag kl. 1430.
Les meir..
Møter Hildre på søndag
15-04-2004 23:17
-Norborg sitt 7'ar lag spelar årets første treningskamp på
søndag. Motstandar er Hildre og kampen går på Hildre
stadion kl. 1630.
Samir sikra Norborg siger!
15-04-2004 20:15
-Samir Sahman banka inn 3 mål og sikra Norborg ein 3-2 siger over
Valder sitt gutelag torsdag kveld. Les
meir..
Sunnylven tapte
15-04-2004 10:28
-Sunnylven tapte 4-2 for 4.divisjons-laget Loen frå Sogn og Fjordane
i går. Kampen vart spelt på grusbana på Hellesylt, i
det som var Sunnyl-ven si generalprøve før seriestart.
Aksla til 5.divisjon
15-04-2004 0:21
-Harøyspelar Odd Einar Molnes sende Aksla rett til 5.divisjon på
sine tips om årets 4.divisjon.
Les meir..
Brattvågkampen flytta
15-04-2004 0:22
-Det er blitt endringer på kamp-tidspunktet for gutelaget sin tre-ningskamp
mot Brattvåg. Grunna konfirmasjonsaktivitet i begge byg-der vil
kampen bli spelt i flomlys kl. 20.30 på KGB. Vi gler oss !
Vårcup 2004
14-04-2004 22:49
-Damelaget er påmeldt HaNo sin Vårcup som går no i helga.
Her er kampoppsettet
og generell
info.
Valder i morgon
14-04-2004 15:56
-Gutelaget møter torsdag Valder til nest siste treningskamp før
serie-start neste uke mot Herd.
Les
meir..
Tett i toppen av 3.divisjon
13-04-2004 14:33
-norborg.com spår ein tett og spen-nande 3.divisjon på sunnmøre
i år. Les meir..
Herretrening i Uggedalen
13-04-2004 11:27
-Herrelaget trener i dag i Ugge-dalen kl. 19.00 istede for KGB. Dette
grunna ein misforståelse ved-rørande baneoppsettet i Brattvåg.
HaNo seiler opp....
13-04-2004 11:19
-HaNo seiler for tida opp som 4.div-isjons fremste favoritt. I går
vart fjorårets 3.divisjonsvinnera FK Syk-kylven sendt heim frå
øya med pinlige 6-0 i bagasjen.
Tabelltips for 4. divisjon
13-04-2004 0:13
-Seriestart i 4. divisjon nærmar seg med stormskritt. Onsdag 21.
april brakar det laust med SIF2-Stordal. Vi vil fram mot den tid kome
med våre tabelltips og presentere laga. Først ute er Åram/VFK
som vi tippar på 6. plass.
Les meir..
Jentelaget tapte
12-04-2004 23:39
-Jentelaget tapte idag 8-2 for Ørskog. Sandra Larsen og Kine Kvammen
scorte for oransjetrøy-ene. Dette var klar framgang frå tapet
i vinter.
Diverse treningsresultat
12-04-2004 23:30
-Brattvåg-Langevåg 1-2, MSIL-Hovdebygda 4-1 og Harøy-Midsund
3-1, Bergsøy-Eid 3-0 og ÅVK-Ørsta 1-2.
Graskamp på laurdag
12-04-2004 13:02
-Dersom veret ikkje blir forferdeleg denne veka får Norborg sin
første graskamp for året på Lepsøy laurdag kl.
1430. Vi har mottatt eit bilete av bana på Lepsøy.
Sjå bilete
Håbet uttatt til kretskamp
11-04-2004 14:16
-Gutespelar Adrian Håbet er uttatt til kretslagskamp mot Nordmøre/
Romsdal på KGB i Molde 17.april.
Les
meir..
Stranda til 3.divisjon
11-04-2004 13:56
-Høddtrener Harald Aasland Riise har trua på at Stranda tar
vegen til-bake til 3.divisjon i årets sesong. Les
meir..
Bilete frå MFK-Norborg
10-04-2004 17:27
-Her er eit knippe bilete frå kampen Molde jr.-Norborg.
Sjå bileta
Rapport frå treningsleien
10-04-2004 17:27
-Her er eit samandrag frå trenings-leiren.
Les meir..
Blindheim/Emblem viser musklar
8-04-2004 16:58
-Blindheim/Emblem har vist solide resultat i vinter, og i går slo
dei til igjen. Laget vann 3-1 over Vigra, og må no finne seg i å
vere ein av dei fremste favorittane i 4. divisjon.
Også Sunnylven tok ein sterk siger då dei vann 2-1 over FK
Sykkylven. MSIL spelte 6-6 mot Giske, medan ÅVK tapte 1-5 for eit
reserveprega Bergsøy.
Jentelaget møter Ørskog
8-04-2004 16:51
-Jentelaget skal måndag 12. april prøve å revansjere
tapet for Ørskog. Kampen spelast på Sjøholt med start
kl. 16. Avreise frå Hydro kl. 1430.
Jentelaget sigra!
8-04-2004 16:49
-Jentelaget vann 1-0 over nabo Ellingsøy i ein treningskamp 5.
april. Sandra Larsen var scora målet. Tidlegare har laget tapt 0-12
for Ørskog og spelt 2-2 mot Ravn. Sandra Larsen og Fride Ringstad
var målscorarar i den kampen.
8-1 over Molde juniorane.
7-04-2004
19:00
-Norborg
sitt A-lag slo i dag Molde sit juniorlag 8-1, i ein kamp der Norborg hadde
full kontroll mot eit svakt Moldelag. Målskårarane var: Eirik
York x2, Edward Laverton, Christian Søvik, Tarjei Urkedal, Espen
Solheim, Samir Sahman og Kristian Søviknes. Banens beste var Roger
Grytten.
Les meir..
Fortjent siger til Norborg
jentene
5-04-2004
20:00
-Norborg sitt jentelag slo i dag Ellingsøy 1-0.
Sandra Larsen satt ballen i mål på frispark frå 8 meters
hold 3 minutt på overtid.
Siger til Norborg guttelaget
5-04-2004
20:00
-I dag vann Norborg 3-0 over Harøy.
Målskorarane var Ole Johan U, Kristoffer E og Kristoffer S. Dette
var årets første sjuer kamp for Norborg gutane.
Melding til gutte og jentespelara!
5-04-2004
01:02
-For
sikkerhets skyld må dei gute og jentespelarane som skal spele kamp
i morga bytte om heime. Dette på grunn av at golvet i klubbhuset
i Uggedalen er blitt olja, å det er ikkje sikkert det har tørka.
Harøy vitjar Uggedalen
4-04-2004 23:04
-Alle må huske måndagens gute-kamp i Uggedalen. Harøytrener
Odd Einar Molnes sitt lag skal spele mot hans tidligare elevar på
BUSK kl. 17.00. I ein kamp der Kjell Terje Brusdal vil få sin debuet
som keeper, melder Jan Egil.
Alex midlertidig sjef
4-04-2004 22:49
-Sidan den vanlege norborg.com gjengen reise til Molde måndag morgon
vil Alexander Holmeset vere sjef over sida fram til torsdag.
Stranda slo HaNo
4-04-2004 13:50
-Stranda vann 5-3 over HaNo i ein treningskamp på Rogne stadion
laurdag. Begge desse laga spelar som kjent i 4. divisjon. Harøy
vann 4-1 over Lepsøy. Vigra-Skodje 4-1, Volda-SIF 0-1, Hareid-Ørsta
0-2 og Selje-ÅVK 4-4.
Møter Harøy/Fjørtoft på måndag kl. 17.00
3-04-2004 19:01
-Gutelaget sitt 7´erlag møter Harøy/ Fjørtoft
til treningskamp på grusen i Uggedalen på måndag kl.
17.00.
Klubbhuset stengt fram til måndag
3-04-2004 18:36
-Grunna oljing er klubbhuset stengt fram til måndag.
Stortap for damelaget
3-04-2004 18:29
-Trass framgang vart det 1-6 tap mot Midsund for damelaget. Camilla Krogsethagen
scora Norborg sitt mål på eit flott skot. Les
meir..
Storsiger for Brattvåg
3-04-2004 18:28
-Brattvåg vann sin første kamp i Danmark med 5-0 over Gjerdrum.
Martin Sundnes (2), Lennart Holm-em (2) og Azem scora måla.
Aprilspøkene!
2-04-2004 16:24
-Det er vel då på tide med ei for-klaring på dei litt
mystiske nyheit-ene som vart lagt ut i går.
Spøk 1: Ingen bøter for kort
Spøk 2: Kim ikkje til Wimbledon
Spøk 3: Ingen kamp mot Ravn
Åram/VanKam tap med 0-4
2-04-2004 15:29
-Åram/VanKam tapte tysdag 4-0 for Hødd2 på Høddvoll.
Møter Harøy/Fjørtoft
2-04-2004 15:01
-Gutelaget sitt 7´erlag møter Harøy/ Fjørtoft
til treningskamp på grusen i Uggedalen på søndag kl.
17.00.
Bytta heime/bortebane
2-04-2004 14:24
-Norborg sitt gutelag bytta i dag heime/bortebane med Hødd. Det
betyr at Norborg møter Hødd borte 30.april, medan Hødd
vitjar Søvik-dalen til kamp 13.august. I tillegg er treningskampen
mot Brattvåg 18.april flytta til 17.00 på KGB i Brattvåg.
Årsaka bak begge bytta er dei forekomande konfirma-sjonane på
sunnmøre.
Trenarforum på fredag
1-04-2004 23:07
-Det vil fredag kl. 20 på klubbhuset i Uggedalen bli haldt forum
for trenarane frå smågutar/-jenter og eldre.
Les meir..
Damelaget møter Midsund
1-04-2004 22:52
-Damelaget reiser laurdag til Otterøya for å møte
Midsund på Skeidvoll kunstgrasbane kl. 14. Fergeavgang frå
Brattvåg er 12.35.
Gutelaget vann enkelt
1-04-2004 9:41
-Under vanskelige forhold i Ugge-dalen vann gutelaget komfortabelt og
greitt 5-0 (3-0) mot Skodje. Samir skåra hat-trick i første
om-gang, medan Martinus og Espen skårte i andre omgang.
Les
meir..
Kim til Wimbledon!
1-04-2004 8:06
-Kim Idar Krogsethagen har takka ja til eit tilbod om prøvespel
i hardt prøva Wimbledon denne påska. Han reiser til England
på søndag og blir dermed ikkje med på Norborg sin treningsleir
i Molde.
Les meir..
Vil gi bøter for kort
1-04-2004 1:02
-Norborg vil gjerne halde fram som eit av dei mest fair-spelande laga
på Sunnmøre, og vil difor innføre bøter til
dame-, herre- og junior-spelarar som pådreg seg raude og gule kort.
Les meir..
Roger allereie heime
1-04-2004 00:00
-Måndag reiste Roger Grytten til militæret for andre gong
på litt over to år, men nok ein gong kom han heim etter få
dagar. Grunnen var den samme som sist: kneet held ikkje mål til
militærteneste. Dermed kan Norborg prise seg lykkelege over å
ha den rutinerte midtstopp-aren på plass denne sesongen også.
|