2007
2006

Dagboka


Øy-laga klar for kamp
30-04-2007 20:33
-Dei to siste kampane av 1. runde i 6. divisjon spelast i morgon. Dei venta topplaga Harøy og Lepsøy møter henhaldsvis Langevåg2 og Valder2. Vi trur Harøy får det enklast og tek storsiger over LIL2, medan Lepsøy nok må slite litt meir for poenga mot Valder2. Ein 4. divisjonskamp spelast også i morgen. Dette er mellom Ørskog og ÅVK. ÅVK har kome best i gong av desse to laga, men vi trur likevel laget frå Sjøholt tek sin første siger i 4. divisjon sidan 1993.

7'ar tropp mot Skodje
30-04-2007 20:25
-Følgjande er teken ut til 7'ar kampen mot Skodje tysdag kl. 1800 på Skodje gras: Bjørn Tore Selbervik, Ronnie Gamlem, Kristoffer Engeset, Karl Inge Krogsethagen, Fredrik Holmeset, Martin Holmeset, Biarte Hånes, Ole Mathias Grytten, Christian Søvik, Geir Magne Grande og Alexander Holmeset. Forfall meldast snarast til Alex på tlf. 995 47 951. Oppmøte kl. 1715.

Godøy sikra tabelltoppen
29-04-2007 17:42
-Godøy drog i land ein 4-3 siger i bortemøtet med GuLars i dag. Godøy har dermed fått ein fin start på sesongen med to sigrar og tabelltopp.
Tabell

Kampreferat frå Hellesylt
28-04-2007 13:32
-Då har vi fått tårene ut av augene og greidd å fått i stand eit kampreferat frå Sunnylven-Norborg.
Referat
4. divisjonsstatistikk

Norborg2-Giske går 27. mai
28-04-2007 11:48
-På grunn av konfirmasjon på Giske har Norborg og Giske kome til einig-heit om å flytte 6. divisjonskampen frå 6. mai til søndag 27. mai kl. 16.

Overtidsmål sikra Giske-siger
28-04-2007 0:22
-Eit overtidsmål sikra Giske ein 4-3 siger over Stranda2 i fredagens 6. divisjonskamp. For heimelaget scora Ole Herman Eliassen 2, Stian Giske og Jim André Dyb. Frode Fausa 2 og Martin Espelund scora for Stranda2.
Tabell
Statistikk

Rollon drog i land sigeren
27-04-2007 21:12
-Rollon vann 2-1 over GuLars i kveld. Richard Ytterlid og Mats Ivar Legrovik ga heimelaget 2-0 før GuLars reduserte på straffe på overtid, melder rollon.info.

Favorittane vann i 3. divisjon
27-04-2007 20:33
-Dei to venta topplaga Brattvåg og SIF vann begge stort i kveld. Brattvåg vann heile 7-2 mot ustabile Spjelka-vik. Erik Åkre netta heile fire gongar, midtstoppar Henning Koppen to, medan Kristoffer Hildrestrand scora eitt. For heimelaget scora veteranane Kai Birger Myrold og Johnny Vattøy. Skarbøvik sette høgtflygande Blindheim på plass med 7-0 heime på siffen. FK Sykkylven var store favorittar mot Langevåg, men måtte ente til det 87. minutt før scoringa kom då Hans Furnes avgjorde kampen. Volda har kome i same situasjon som Norborg med to knappe tap. I kveld vart det 0-1 borte mot Hareid. Even Hansrud vart match-vinnar for hareidingane like før pause. Meir fakta finn du på smp.no.

Gutelaget med storsiger
26-04-2007 23:02
-Norborg sitt gutelag slo til med ein knusande 16-2 (12-1) siger over HaNo på Haramsøy gras. Martin Grytten 8, Martin Morland 4, John Olav Gamlem, Johan Stavik, Adrian Holmeset og Skjalg Volstad 1 mål kvar. Berre keeper Joakim Kjærstad som ikkje scora. Dermed ein flott start på serien for gutane, melder trenar Geir Magne Grande. Onsdag tapte jentelaget 3-1 for Lepsøy. Anette Vegsund scora oransjetrøyene sitt mål.

Flåm hindra Norborg-glede
26-04-2007 21:47
-Norborg gjekk på eit forsmedeleg 3-2 tap for Sunnylven på Hellesylt gras. Norborg hadde ballen klart mest mot eit defensivt heimelag, og tok fortent leiinga ved Tarjei Urkedal tre minutt før pause. Men gleda varer ikkje lenge, for like før pause sette Olav Åge Åsen inn utlikninga. Etter kvila fortsette Norborg å ha ballen mykje, men det er raudtrøyene sin Terje Flåm som er kvassast framføre mål og scorar to gongar. Like før slutt gir Steffen Grytten oransjetrøyene nytt håp då han sette ballen i nota. Men trass kraftig press greier ikkje Norborg å få med seg poeng i ein kamp ein absolutt burde ha vunne. Elles kan vi ta med at Norborg fekk to annullerte mål. Det første for offside på stillinga 1-1. I den andre situa-sjonen på stillinga 2-1 får først Edward Laverton godkjend si scoring av dommar, men assistentdommar har sett noko vi andre ikkje såg, og dermed undergodkjent. Meir kjem.
Tabell og resultat

Vanskeleg bortekamp
25-04-2007 19:57
-Norborg sitt 4.divisjonlag skal ut i ein vanskeleg bortekamp mot Sunnylven torsdag kl. 19. Skal det endeleg vere duka for Norborg-siger på Hellesylt? Laget er iallfall godt førebudd og har nesten fulltaleg tropp. Andre kampar i 4. divisjon denne veka:
Torsdag:
Godøy-HaNo (H)
Ørskog-Stranda (U)
Bergsøy-Stordal (H)
ÅVK-Herd (H)
Fredag:
Rollon-GuLars (H)
Søndag:
GuLars-Godøy (U)

Tøff start for Norborg 7'ar
24-04-2007 20:19
-Norborg sitt 7'ar lag tapte i kveld 2-5 for Ørskog. Bjørnar Engeset scora begge måla til oransjetrøyene.

Kampen mot Sunnylven går som planlagt
23-04-2007 23:09
-Kampen mellom Sunnylven og Norborg går som først planlagt torsdag 26. april kl. 19. Heimelaget ville flytte kampen til laurdag pga dårleg grasbane, men sidan eit par av Norborg-spelarane hadde andre planar laurdag, så var ikkje dette mogeleg. Kampen går då truleg på grus.

Herleg start på sesongen av Norborg2
23-04-2007 20:50
-Norborg2 slo til med 5-0 siger over Brattvåg2 i serieopninga av 6. divisjon avd. 1. Oransjetrøyene tok komman-doen frå start og ein opplagt Edward Laverton scora hat-trick før 25 minutt var gått. Etter dette kom Brattvåg2 meir med i ei rotete avslutning av omgangen. Etter pausen hadde begge lag store sjansar, men det var berre Norborg2 som fann vegen til nettmaskene. Skjalg Volstad punkterar kampen for godt to minutt ut i omgangen, medan Elling Mikal Kalvø fastsette resultatet til 5-0 tre minutt på overtid. Ein flott start på sesongen av oransjetrøyene. Keeper Trond Elstad, midtstopparane Jan Even Drønnesund og Elling Mikal Kalvø var dei beste saman med hat-trick Eddie.
Les meir..
Statistikk
Tabell

Tabelltips 6. divisjon avd. 1
- Brattvåg2 til topps
23-04-2007 16:34
-Brattvåg sitt 2. lag trur vi blir årets vinnarar av 6. divisjon avd. 1. Held Brattvåg-stallen seg skadefri så kan ein stille to 3. divisjonslag, og då bør 6. divisjon vere "a walk in the park" visst ein toppar laget. Bak Brattvåg2 vil Lepsøy og Harøy kjempe ein hard kamp om kvalifi-seringsplassen.
1. plass Brattvåg2
2. plass Lepsøy
3. plass Harøy
4. plass Valder2
5. plass Giske
6. plass Norborg2
7. plass Stranda2
8. plass Langevåg2
Vi ønsker alle laga lykke til med sesongen.

Lokalderby mot Brattvåg2
22-04-2007 21:06
-Norborg 2. lag spelar sin første serie-kamp i historia måndag kl. 1830. Mot-standar er ingen ringare enn Brattvåg sitt 2. lag. Vi håper mange Norborg-supportarar tek turen til Brattvåg KGB denne måndagskvelden.

Stranda snudde mot Sunn-ylven
22-04-2007 20:32
-Terje Flåm opna målkontoen då han ga Sunnylven leiinga framføre 210 tilskodarar på Stranda KGB. Stranda kom imidlertid tilbake, og etter pausen sørga mål av Tonny Åsen og Kato Vagen for at alle poenga vart verande hos dei blå. Dermed 2-1 i lokaloppgjeret. Sunnylven er Norborg sin neste motstandar. Grunna dårleg grasbane har Sunnylven bedt om å få kampen utsett frå torsdag til laurdag. Norborg tek ei avgjersle måndag om dette let seg gjere.
Tabell

Vurdering 6. divisjon avd. 1
22-04-2007 14:59
-Turen er komen til å vurdere den lågaste divisjonen på Sunnmøre. Det byrjar å bli ein del år sidan vi såg 6. divisjonsfotball kvar veke, men i år er det ein god grunn til å starte igjen. Norborg stille nemleg 2. lag i 6. div. avd. 1 og skal ut i interessante opp-gjer mot blant anna Brattvåg2, Harøy og Lepsøy. Vi presenterar her laga vi trur kjem på dei fire lågaste plassane.
og kjem tilbake med toppen av tabellen måndag.
5. plass Giske
6. plass Norborg2
7. plass Stranda2
8. plass Langevåg2

HaNo nær poeng
21-04-2007 16:51
-ÅVK vann 4-3 over HaNo i dagens 4. divisjonskamp.
Tabell

Myklebust forlet ÅVK
21-04-2007 16:16
-Øyvind Myklebust har meldt overgang til eit lag i Trondheims-området, og er dermed ikkje aktuell for ÅVK i starten på sesongen. Det er fortsatt ikkje klart om han returnerer til ÅVK etter at studiet er ferdig, melde ÅVK sin nettstad.

Gåvmilde Boltholm Invest
21-04-2007 13:02
-IL Norborg, HaNo, Lepsøy IL, IL Ravn, Brattvåg IL og Brattvåg Skulekorps får 17500,- kr kvar av Boltholm Invest AS. Eigarane av investeringsselskapet er Arne Gunnar Harnes og Sindre Longva. Midlane vert gitt fordi Boltholm Invest meiner dei frivillege laga og organsisasjonane er svært viktige for bygginga av lokalsamfunna. Totalt gir altså Boltholm Invest AS bort 105 000,- kroner. Ein imponerande sum som vert sett stor pris på i dei ulike laga.
Les meir..

Brattvåg ga bort poeng på overtid
20-04-2007 20:50
Resultat 3. divisjon:
Brattvåg-Skarbøvik 2-2 (2-0)
Heimelaget leia fortent 2-0 ved pause etter mål av Kristoffer Hildrestrand og Frank Dalhaug. Brattvåg hadde kontroll dei første ti minutta av 2. omgang, men så redusera Gud-mundur Gudjohnson etter corner. Brattvåg sluttar då å spele fotballen ein kan, og SIF styrer kampen. På overtid utliknar så Tom Erik Olsbø for bortelaget. Espen Wold vart kåra til banens beste.
Blindheim-Langevåg 10-2 (7-2)
Utruleg start i 3. divisjon for nykomar Blindheim. 7-2 leiing ved pause er imponerande sjølv om Langevåg har store skadeproblem. Kristoffer Morterud scora fire av måla.
FK Sykkylven-Hareid 0-1 (0-1)
Hareid tok ein litt overraskande siger på Sykkylven, og fekk dermed hevn for cup-tapet tidlegare i veka.
Ørsta-Spjelkavik 3-6 (1-1)
Grusom start på 2. omg. av Ørsta då Spjelkavik gjekk frå 1-1 til 1-4 på 8 minutt. Spelande trenar Johnny Vattøy scora to av måla til Spjelkavik.
5. divisjon
Emblem-Åmdal 3-1

Heimelaget var best av dei to nykomarane i 5. divisjon og vann som forventa.
Sunnmørsposten

Norborg - lovbrytarar?
20-04-2007 16:24
-Fleire fotballklubbar i fylket bryt lova, seier Rune Timberlid i Lotteritilsynet til NRK Møre og Romsdal. Saka det dreiar seg om er reklame for utan-landske speleselskap. Dersom vi finn ut at klubbar reklamerar for ulovlege speleselskap vil vi melde det til politiet, seie Timberlid. Norborg har reklamert for eit slikt tippeselskap dei to siste åra, men avtalen er no utgått seier leiar Per Gunnar Søvik til NRK. -At det ikkje er lovleg å ha lenke til desse speleselskapa ein gong er nytt for meg, seier dagleg leiar i SFK Bjørn Oskar Haukeberg. SFK vil no informere sine klubbar om at dette er forbode. Norborg visste lite om dette og var også i går nære ved å bryte lova. Eit speleselskap ville då ha live-oppdatering av kampen Norborg-Bergsøy. Norborg takka først ja til dette, men då ein fekk beskjed om at dette kan vere ulovleg, takka ein nei.
Du finn meir om denne saka på nrk.no.

To avlyste kampar i 4. div.
-Rollon til topps
19-04-2007 22:00
-Rollon vann oppskriftsmessig 4-0 over Stordal på Ratvika KGB i kveld. Johan Strand, Alex Löwensprung, Kristian Tafjord og Mats Ivar Legrovik scora mål, melder rollon.info. Herd og Ørskog delte poenga etter 3-3 på Moa KGB. Kampane Stranda-Sunnylven og GuLars-Godøy vart utsett på grunn av dårleg ver.

Berre nesten for Norborg
19-04-2007 21:49
-Bergsøy vart eit nummer for sterke for Norborg og vann 3-2 på Uggedal grus under vanskelege speleforhald. Bergsøy vann den første duellen, nemleg myntkastet, og fekk dermed velge å spele i medvind før pause. Kvittrøyene trykte då på og fekk to raske mål. Begge på dødball. Først header Frank Sverre Skorpen inn ein corner, så Anders Hoff inn eit frispark. Etter pause spakna vinden for ei stund, og Bergsøy utnytta feil i Norborg-forsvaret og auka til 3-0 ved Daniel Hatløy. I det siste kvarteret fekk Norborg kraftig medvind og produserte eit par store sjansar før Steffen Grytten reduserte 12 minutt før slutt. Åtte minutt seinare ga Geir Ove Grønli heimelaget håp om poeng då han heada inn eit innlegg frå Stein Erik Reitan. Nærmare kom likevel ikkje Norborg, og Bergsøy kunne juble for årets første trepoengar. Noko som var fortent.
Les meir..

Harøy banka Brattvåg2
18-04-2007 23:41
-Harøy vann 4-0 over Brattvåg2 i kveld. Brattvåg2 møter Norborg2 i 6. divisjon si serieopning på måndag, men då er det nok eit litt anna Brattvåg-lag som går på bana.

Hellem til Brattvåg
18-04-2007 23:18
-Sveinung Hellem har meldt overgong frå Norborg til Brattvåg. Hellem var med på Norborg sitt lag som tok KM-tittel i 6. divisjon i 1996, men har dei site ti åra fått lite speletid. No prøvar han lykka i Brattvåg, ein klubb han også er sportsleg leiar for. Dermed ligg vel alt til rette for fast plass...

5. divisjon er i gong
-Heggelund som keeper
18-04-2007 19:34
-Resultat frå opningsrunda i 5. divisjon.
Blindheim2-MSIL 1-4
Spjelkavik2-Hovdebygda 0-3
FK Sykkylven2-Ellingsøy 2-2
Vartdal-Ravn 4-1
Vigra-Skodje 5-0
Emblem-Åmdal spelast fredag. Ravn gjekk på ein liten smell på Vartdal i kveld, men skal ha vore det førande laget. På grunn av store keeper-problem måtte spiss Jørn Heggelund ta på seg keeperhandskane. Vigra og MSIL vann som venta, medan Hovde-bygda tok ein overraksande komfortabel siger mot Spjelkavik2. Ellingsøy tok med seg eit poeng i den vanskelege bortekampen mot FK Sykkylven2.

Serieopning torsdag
Norborg-Bergsøy kl. 19
17-04-2007 23:22
-Torsdag kl. 19 brakar det laust for Norborg sitt 4. divisjonslag. Motstandar er ingen ringare enn Bergsøy. Eit tradisjonssterkt lag på Sunnmøre. Det var tysdag kveld bestemt at kampen går på grus då grasmatta ikkje har kome så langt som ønska. Vi håper likevel at så mange som mogeleg møter opp for å støtte laget. Så sett av torsdag kl. 19.

MSIL favoritt i 5. divisjon
17-04-2007 23:15
-Vi fortsette vår vurdering av divisjonane på Sunnmøre. Denne gong har vi kome fram til 5. divisjon. MSIL er og blir den store favoritten, medan det er mange om beinet om den andre opprykksplassen.
Les meir..

Godøy vann generalprøven
16-04-2007 23:08
-Godøy vann 5-1 over Giske på Giske gras i kveld. I NM vann Spjelkavik 2-0 over Midsund.

Tabelltips: 1. plass
- opprykksspesialistane
16-04-2007 18:53
-Laget vi held som favoritt til å vinne 4. divisjon har blitt ganske vande med opprykksfeiringar. Heile tre opprykk på dei fem siste sesongane har dette laget.
Les meir..

Tabelltips: 12. plass
- rask retur
16-04-2007 17:35
-Laget vi trur kjem på 12. og dermed sisteplass i 4. divisjon rykte mot alle odds opp frå 5. divisjon i fjor. Laget er ikkje forsterka sidan då, og vi trur det blir rask retur.
Les meir..

Tabelltips for 3. divisjon
15-04-2007 23:08
-Komande fredag startar 3. divisjon Sunnmøre med blant anna Brattvåg-SIF. Mange trur at dette vil vere eit toppoppgjer. Vi har sett litt på 3. divisjon og kome med vårt tabelltips.
Les meir..

Norborg2 dømt nord og ned
15-04-2007 22:43
-strandafotball.no levnar ikkje Norborg2 store sjansane i 6. divisjon avd. 1. Av dei 8 laga er Norborg2 tippa på ein sisteplass. Skulle det slå til er Norborg på sisteplass i sunn-mørsfotballen for første gong sidan debuten i 1968.

HaNo vann Vårcup
15-04-2007 18:03
-HaNo tok storeslem i si eiga turnering og vann både i dame- og herreklassa. Ravn hadde ei hand på pokalen i herreklassa etter å ha vunne 1-0 over HaNo, men Ravn rota det heile bort då dei tapte 1-2 for Harøy. I siste kamp vart det då rein finale mellom Ellingsøy og HaNo. Den kampen vann heimelaget med heile 5-1. I dameklassa vann i dag HaNo 2-0 over Herd, medan ein spelte 0-0 mot Brattvåg. Ein fin opptur for Brattvåg som hadde gått på tre strake tap. I ein treningskamp mellom Lepsøy og Tomrefjord vann sunnmøringane 3-2 etter mål av Alexander Eide, Frank Gjerde og Nickolas Hawkes. I NM sendte Volda noko overraskande SIF ut av med 3-1.

Tabelltips: 2. plass
- ferdig med å tape?
15-04-2007 17:06
-Laget vi trur tek 2. plass i årets 4. divisjon har gått på tap etter tap i sesongoppkjøringa. Likevel har vi ikkje mista trua på dette laget.
Les meir..

Dommaroppsettet har kome
15-04-2007 13:51
-Dommaroppsettet i 4. og 6. divisjon har kome. Vi har oversikta over kven som dømme Norborg sine to lag.
Les meir..

Snes til Ravn
15-04-2007 3:10
-Anne Marte Søviknes har meldt over-gong frå Norborg til Ravn. Søviknes spelte på Norborg sitt damelag, men har hatt pause dei siste åra. Vi ønsker ho lykke til hos dei kvite og raude.

Stordal spelar på Sjøholt
15-04-2007 3:07
-Stordal har kome til einigheit med Ørskog om å spele sine heime-kampar på Sjøholt medan ein legg kunstgras på Stordal si heimebane Kirkebø, melder stordal.nu. Heime-kampane det er snakk om er mot Sunnylven, GuLars, Herd og ÅVK.

Rollon i vårform
14-04-2007 19:22
-Rollon vann 4-0 over Herd på Moa KGB i dag. Sunnylven møtte det nye 5. divisjonslaget Emblem og vann 6-2. Hovdebygda og Vartdal spelte 3-3. HaNo arrangerar denne helga Vårcup for herrer og kvinner. I herreklassa spelte Ellingsøy og Ravn 1-1, Harøy-HaNo 0-2 og Harøy-Ellingsøy 0-2. I dameklassa har HaNo vist seg som det beste laget med 3-0 over Brattvåg og 2-0 over Herd. Herd vann 1-0 over Brattvåg. Cupen fortsette i morgon. Fredag tapte Ørsta 3-5 for Tornado Måløy (resultat henta frå stordal.nu), medan på torsdag vann Ravn damer 7'ar 1-0 over SIF.

Godt oppmøte på stor-dugnad
14-04-2007 17:07
-Det vart i dag haldt dugnad på anlegget i Uggedalen. Rundt 50 personar møtte opp for å klargjere anlegget til sesongstart.
Les meir..

Tabelltips: 11. plass
- nedtur på øyane
14-04-2007 15:09
-Laget vi trur kjem på 11. plass i årets 4. divisjon låg lenge an til opprykk i fjor, men sidan den tid har mange viktige spelarar gått ut døra.
Les meir..

Brattvåg med storsiger
14-04-2007 0:54
-Brattvåg vann i kveld heile 5-0 over Vestnes Varfjell. Etter eit mål av Frank Dalhaug like før pause, la Lennart Holmem på til 2-0 midtvegs i 2. omg. I løpet av kampen sine siste minutt putta Erik Åkre to mål og Arild Vågnes eitt. Brattvåg sine spelarar hadde dermed tydeleg unngått fysisk arbeid før på dagen. I Haramsnytt står det nemleg at ei stund med snørydding rundt kunstgrasbana hadde skuld i det lite venta "poengtapet" mot Norborg. Slutt med fysisk fostring om du vil bli god i fotball, heiter det altså i Brattvåg.


Stranda slo Stordal
14-04-2007 0:45
-Stranda vann endeleg ein fotball-kamp igjen då 0-1 vart snudd til 4-1 siger over Stordal. Etter ein mållaus 1. omgang tok gjestane leiinga ved Jahn Morten Overå tidleg i 2. omg. Gleda vart ikkje lenge for gultrøyene for eit kvarter seinare hadde Ronnie Furset og Kim Vangen snudd kampen for vertane. I løpet av dei siste ti minutta var det ingen tvila kvar sigeren skulle hamne. Då scora rutinerte Tonny Åsen to mål for Stranda og fastsette sluttresultatet til 4-1.
Stranda sitt syn på kampen
Stordal sitt syn på kampen

Tabelltips: 3. plass
-Opprykksjakt i havgapet
13-04-2007 17:47
-Laget vi trur kjem på den bitre 3. plassen i 4. divisjon har levert høgst varierande prestasjonar dei siste åra. Frå å leie 3. divisjon til middelhavs-farar i 4. divisjon. I år trur vi på ein liten opptur, men ikkje nok til å spele i 3. divisjon sesongen 2008.
Les meir..

Godøy-kampen avlyst
12-04-2007 22:39
-Godøy meldte i kveld at dei ikkje stille til kamp på laurdag.
.

Cup-håpet lever for Valder
12-04-2007 22:38
-Valder vann heile 4-0 over Langevåg i 1. kvalik.runde i NM. Tom Gøran Jønsson (2), Henrik Hole Oksnes og Adrobita Klauseth scora.

Tabelltips: 10. plass
- Bulldoserlaget
12-04-2007 16:42
-Laget vi trur tek 10. plassen i årets 4. divisjon er eit fysisk sterkt og rutinert lag ifrå fjordane.
Les meir..

Rollon favoritt i 4. divisjon
12-04-2007 16:25
-Nordicbet held Rollon som favoritt til å vinne 4. divisjon Sunnmøre framføre Godøy og Bergsøy. Desse tre skil seg ut med klart lågast odds. Norborg får 25 i odds, noko som er 7. lågast. Nordicbet har minst tru på Stordal med 150 i odds. Sunnylven og HaNo blir heller ikkje levna store sjansane til å vinne divisjonen.

Godøy-kampen går i vågen
11-04-2007 21:38
-Generalprøva mellom Norborg og Godøy blir spelt på Brattvåg KGB laurdag kl. 1430.

MSIL vs. Rosenborg
11-04-2007 20:40
-Kva har 5. divisjonsfavoritt MSIL og Tippeligafavoritt Rosenborg til felles? Jau, begge har same slagord, og MSIL var først ute, les vi på na24.no. Slagordet det dreie seg om er "Stolt fortid - Stor fremtid".
Les meir..

Generalprøva går ikkje i Uggedalen
11-04-2007 20:24
-Den siste test før seriestart mellom Norborg og Godøy blir ikkje spelt på Uggedal stadion som først avtalt. Norborg vil ikkje risikere å ødelegge grasmatta like før seriestart. Norborg har reservert plass på Brattvåg KGB laurdag kl. 1430, men Godøy vil helst sleppe å spele på kunstgras og vil høyre om det er ledig tid på Giske gras. Går kampen utafor Haram kommune, blir kampen spelt fredag kveld.

Tabelltips: 4. plass
- det store spørsmålsteiknet
11-04-2007 18:14
-Laget vi tippar på 4. plass i årets 4. divisjon har mista halve laget og spelt få treningskampar, men dei har fått tilbake kanskje lokalfotballen sin beste spiss. Kor godt er då verkeleg dette laget?
Les meir..

Tabelltips: 9. plass
- Ny sjanse
10-04-2007 20:52
-Laget vi trur tek 9. plassen i årets 4. divisjon rykte eigentleg ned i fjor, men takka vere SIF har laget fått ein ny sjanse.
Les meir..

Tabelltips: 5. plass
- Stabilt ustabile
9-04-2007 23:37
-Laget vi trur tek 5. plassen i årets 4. divisjon har plassert seg på 5., 5., 7. og 5. plass i sine fire år i divisjonen. Stabile tabellplasseringar, men i resultat er laget særs ustabilt der ein kan gå frå siger over topplag til tap for dumpekandidatar.
Les meir..

Snytt for sigeren i Brattvåg
9-04-2007 20:52
-Norborg leia 1-0 over Brattvåg etter scoring av Tarjei Urkedal tjue minutt før slutt og gjekk mot siger. Men i det 86. minutt får vi ein svært merkeleg situasjon. Linjedommar vinka for offside og Norborg gjer seg klar til å ta frispark utafor 16 meteren. Då dukkar Martin Sundnes opp, tek ballen framføre keeper Geir Roar Gamlem og sette den i mål. Til Norborg si store undring dømmast det mål av dommar Per Willy Otterlei. Han hadde nemleg aldri blåst av for offside... Dermed 1-1 på Brattvåg KGB, og vonleg har Norborg lært at ein skal spele til fløyta går.
Les meir..

Andre resultat måndag: ÅVK-Bergsøy 4-1, Ørskog-MSIL 1-2, Tomrefjord-Ravn 2-6, HaNo-Valder 1-3, Blindheim-Vestnes V. 4-0, Spjelkavik-Elnesvågen 1-1, FK Sykkylven-Stryn 2-3 og Eid-Volda 2-0.

Tøff motstand idag
9-04-2007 12:31
-Norborg skal idag ut i sin nest siste kamp før serieopninga mot Bergsøy 19. april. Motstandar på Brattvåg KGB kl. 14 er ingen ringare enn Brattvåg. Laga møttast også 6 veke sidan. Då vann Brattvåg 5-2 etter ein sterk første halvtime. Vi håper og trur Norborg er litt nærmare denne gong.

Tabelltips: 8. plass
- FK Sunnmøre
8-04-2007 14:36
-Laget vi trur kjem på 8. plass i årets 4. divisjon trenar i Ålesund, Ulsteinvik og på Åram. Vi kan med rette kalle dette laget for FK Sunnmøre sjølv om laget ligg vel nær Sogn & Fjordane.
Les meir..

Tabelltips: 6. plass
- Best om vinteren
7-04-2007 14:07
-Laget vi trur kjem på 6. plass i årets 4. divisjon leverar ofte sterke resultat om vinteren, men når det går mot sommar fell laget i verdi.
Les meir..

Tropp til Brattvåg-kampen
7-04-2007 0:43
-Følgjande er teken ut til kampen mot Brattvåg på Brattvåg KGB måndag kl. 14: Geir Roar, Ellling, KIB, Kjell, Reitan, Larsen, Bee, Snes, Steffen, Tarjei, Kim, Eddie, Kriss, Skjalg, Martin Neven og Urke. Oppmøte i vågen kl. 12.50.

Tabelltips! 7. plass
- Nykomar med svung
6-04-2007 14:17
-Vi startar idag vår presentasjon av 4. divisjon. Først ut er ein nykomar i divisjonen. Eit lag som for nokre månadar sidan vart spådd ein tøff kvardag i divisjonen, men som vi har fått meir tru på den siste tida.
Les meir..

Ny Godøy-siger på Malta
6-04-2007 2:01
-Godøy vann også sin andre kamp på Malta. Denne gong vart det 2-1 siger over Melita. Svein-Arve Alnes og Kristian Alnes scora.

Uggedal stadion stengt
5-04-2007 19:01
-Uggedal stadion er sten