|
1. Spelarane må fylle
16 år inneverande år.
2. Lagleiarane får nytte seg av folk som er busett i dei respektive bygdene
(Søvik skulekrins og Grytastranda skulekrins) pr. dags dato, samt folk
som tidlegare har vore busett i bygda over ein periode på minst 5 år.
3. Overgangar: Ein spelar kan melde overgong mellom laga dersom han har
flytta mellom dei respektive bygdene og såleis oppfyller paragraf
1. Spelaren som ønskjer overgang blir påført 1 kamps
karantene frå bygdekampen.
4. Kvart lag kan få ha med maksimum 2 "utlendingar" (les: spelarar som
ikkje oppfyller krav nr. 2) i troppen. Desse "utlendingane"
må ha spelt minst 5 kampar for Norborg sitt herrelag sidan 1968.
5. Spelartroppen på kampdagen skal bestå av maksimum 18 spelarar. Alle
spelarane kan nyttast i løpet av kampen. Namna på dei påmelde spelarane
skal leverast til norborg.com seinast torsdag kveld. Det er lov å endre/melde
på 1 spelar i troppen etter dette.
6. Lagoppstillinga må vere klar og leverast skriftleg til motstandars
lagleiar minst 20 minutt før kampstart.
Drakter:
Fjorårets vinnar får spele i Norborg sine oransje trøyer.
Speletid: 2x45 minutt
Dersom uavgjort etter ordinær tid blir kampen avgjort på straffespark.
Kampen spelast elles under reglementet som gjeld for 4. divisjon Sunnmøre.
Av: Frode Engeset
|